Prop. 37 L (2022–2023)

Endringar i vassdragsreguleringsloven, energiloven og vannressursloven (kostnadsdekning for tilsyn og kontroll)

Til innhaldsliste

3 Endringar i vassdragsreguleringsloven, energiloven og vannressursloven

3.1 Gjeldande rett

3.1.1 Vannressursloven § 58

Vannressursloven § 58 gjev vassdragsmyndigheita heimel til å vedta forskrift om gebyr for kontroll med vassdragstiltak. Gebyrsatsane skal setjast slik at gebyra samla ikkje overskrid kostnadene vassdragsmyndigheita har til kontrollen. Det same gjeld ved gebyr for tiltak etter vannressursloven § 40 første ledd andre punktum, som gjeld dersom vassdragsmyndigheita må sørgje for nødvendig vedlikehald eller nedlegging av eit vassdragstiltak dersom den ansvarlege openbert er ute av stand til å rette seg etter vedlikehaldsplikta.

Av forarbeida til føresegna i Ot.prp. nr. 39 (1998–99), på side 364, går det fram at vannressursloven § 58 første punktum gjev heimel for å gje forskrift om gebyr for kontrollen vassdragsmyndigheita har med vassdragstiltak, og for tiltak etter § 40 første ledd andre punktum. Gebyra kan standardiserast og treng ikkje fastsetjast ut frå utgiftene knytte til den enkelte kontrollen. Gebyrplikta vil som utgangspunkt falle på konsesjonshavaren, men dette kan det gjevast nærmare reglar om i forskrifta.

Det går vidare fram at § 58 andre punktum set ei ramme for gebyrsatsane, som må setjast slik at gebyra samla ikkje overskrid kostnadene vassdragsmyndigheita har til kontrollen, og dei vedlikehaldstiltaka som vassdragsmyndigheita er pålagd å utføre i medhald av § 40 første ledd andre punktum. Som kostnader med kontrollen er det ikkje berre dei direkte utgiftene som blir rekna, men også indirekte administrative kostnader.

I medhald av vannressursloven § 58 er det gjeve føresegner om gebyr til dekning av kostnader for tilsyn etter forskrift om internkontroll etter vassdragslovgjevinga i forskrifta § 12 og om gebyr til dekning av kostnader ved tilsyn, kontroll og godkjenning frå NVE etter damtryggleiksforskrifta § 8-3.

Etter delegering frå departementet fører NVE miljøtilsyn med vassdragstiltak og damtilsyn. Kostnadene med miljøtilsynet er det konsesjonærane som dekkjer, med heimel i vassdragsreguleringsloven § 31 og IK-vassdrag § 12, jf. vannressursloven § 58. Kostnadsdekninga skjer gjennom ei sektoravgiftsordning der kostnadene blir fordelte på dei med konsesjon til kraftproduksjon på grunnlag av den årlege middelproduksjonen i kraftverket, jf. IK-vassdrag § 12 tredje ledd. Kostnadene med damtilsynet blir dekte gjennom sektoravgifter som blir fastsette basert på dambrotskonsekvens, høgd og oppdemt magasinvolum, jf. damtryggleiksforskrifta § 8-3 og IK-vassdrag § 12 andre ledd.

3.1.2 Vassdragsreguleringsloven § 31

Det følgjer av vassdragsreguleringsloven § 31 andre punktum at utgiftene til kontroll med etterleving av vilkåra fastsette i eller i medhald av konsesjon etter lova kan krevjast dekte av konsesjonæren. Etter føresegnene må konsesjonæren tole den kontrollen med etterleving av dei fastsette vilkåra i konsesjonen eller i medhald av denne som departementet finn nødvendig. Utgifter med kontrollen kan krevjast dekte av konsesjonæren. Saman med vannressursloven § 58 gjev føresegna heimel for at NVE kan krevje å få dekt kostnadene knytte til miljøtilsyn med vassdragstiltak.

3.1.3 Energiloven § 10-1 og § 9-6

Etter energiloven § 10-1 fører departementet kontroll med at føresegner gjevne i eller i medhald av energiloven blir følgde. I energiloven § 10-1 første ledd er det fastsett at utgiftene til kontroll knytte til energiloven kapittel 3 og kapittel 5 skal betalast av konsesjonæren. Departementet kan gje dei pålegga som er nødvendige for gjennomføringa av føresegner i eller i medhald av energiloven, og fører kontroll med at føresegner gjevne i eller i medhald av lova blir følgde. Dette gjeld tilsvarande for reguleringsmyndigheita for energi, der ho er gjeven myndigheit etter denne lova. Utgiftene til kontroll knytte til kapittel 3 og 5 og § 4-2 skal betalast av konsesjonæren. Myndigheita til å føre kontroll etter energiloven § 10-1 er delegert til NVE.

Dei noverande tilsynsordningane er miljøtilsyn med elektriske anlegg, tilsyn med vedlikehald og modernisering av elektriske anlegg og tilsyn med fjernvarmeanlegg. Kostnadene med miljøtilsyn med elektriske anlegg blir dekte av den enkelte konsesjonæren som har fått tilsyn. I praksis er utmålinga av gebyr basert på timeføringa frå saksbehandlaren. Kostnadene med tilsyn med vedlikehald og modernisering av elektriske anlegg blir dekte av nettselskap med inntektsramme, gjennom sektoravgift som er fastsett på grunnlag av storleiken på inntektsramma. Kostnadene med tilsyn med fjernvarme blir dekte gjennom ei sektoravgift som er fastsett på grunnlag av varmesalet til konsesjonærane, i tillegg til ein fast del.

Etter energiloven § 9-6 kan beredskapsmyndigheita krevje gebyr frå einingar i Kraftforsyningens beredskapsorganisasjon (KBO) til dekning av utgifter ved arbeidet som beredskapsmyndigheita gjer med kraftforsyningsberedskap. Utgiftene blir utlikna på eigarar og brukarar av dei anlegga som dette kapittelet omfattar. Som beredskapsmyndigheit krev NVE inn kostnadene med arbeidet med kraftforsyningsberedskap gjennom sektoravgifter som blir fastsette for den enkelte KBO-eininga på grunnlag av installert yting i klassifiserte anlegg og nettstasjonar, jf. kraftberedskapsforskrifta § 8-7.

3.2 Høyringsforslaget frå departementet

3.2.1 Endringar i vannressursloven

Departementet foreslo at vannressursloven § 58 blir endra ved at omgrepet «sektoravgift» blir teke inn i lovteksten. Kostnader til miljøtilsyn med vassdragstiltak og kostnader til tilsyn med damtryggleik blir i dag dekte gjennom sektoravgiftsordningar. Endringa vil klargjere at vassdragsmyndigheita har heimel til å krevje inn sektoravgift til dekning av kostnadene med tilsyns- og kontrollarbeidet. Endringa vil gje ein klarare samanheng mellom lovtekst og gjeldande praksis for dekning av kostnader. Det vart foreslått å halde på ordet «gebyr» i lovteksten som eit alternativ til sektoravgift.

For å gjere det tydeleg at gebyret eller sektoravgifta ikkje treng å knyte seg til kontroll i snevraste meining, foreslo departementet at omgrepet «kontroll» i første punktum blir erstatta med «tilsyn- og kontrollarbeid». Det er kostnadene vassdragsmyndigheita har med tilsyns- og kontrollarbeid i vid forstand, som skal dekkjast gjennom sektoravgifta eller gebyret. Under dette kjem mellom anna kostnader til oppgåver og aktivitetar knytte til kontroll, reaksjonsbruk, arbeid med rettleiingar, saksbehandling i samband med godkjenning av detaljplanane til konsesjonæren og regelverksutvikling. Kostnader knytte til NVE si behandling av konsesjonssøknader fell utanfor det som kan krevjast inn gjennom gebyr eller sektoravgift etter vannressursloven § 58.

Det vart også foreslått at departementet får heimel til å gje forskriftsføresegn om innrapportering av opplysningar som er nødvendige for å berekne gebyret eller sektoravgifta. NVE sine gjeldande ordningar for kostnadsdekning knytte til arbeid med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap, med unntak av dekning av kostnader til miljøtilsyn med elektriske anlegg, byggjer på anleggsdata og andre former for opplysningar som konsesjonæren kan ha. Til dømes blir sektoravgift for miljøtilsyn med vassdragsanlegg berekna ut frå årleg middelproduksjon i anlegg for kraftproduksjon, medan sektoravgift for tilsyn med fjernvarmeanlegg mellom anna blir berekna ut frå varmesalet til det enkelte selskapet. Det er viktig at gjeldande og eventuelle framtidige modellar for berekning av gebyr og sektoravgift byggjer på data som NVE har enkel tilgang til, og som er oppdaterte. Eit høve til å vedta forskriftsføresegn om innrapportering av opplysningar vil sørgje for det. Ei innrapporteringsplikt for konsesjonærane vil kunne vere aktuelt dersom gebyret eller sektoravgifta byggjer på data som ikkje allereie er tilgjengelege og oppdaterte i NVE sine databasar.

3.2.2 Endringar i vassdragsreguleringsloven

Departementet foreslo endringar i vassdragsreguleringsloven § 31 ved at omgrepa «sektoravgift» og «gebyr» blir tekne inn som alternative moglegheiter for kostnadsdekning. Vidare foreslo departementet at omgrepet «kontroll» i andre punktum i føresegna skulle erstattast med «tilsyns- og kontrollarbeid». Grunngjevinga er den same som for dei foreslåtte endringane i vannressursloven § 58.

Departementet foreslo i høyringa at omgrepet «utgifter» blir erstatta med «kostnader». Utgift er eit uttrykk for utbetalingar for ytingar, medan kostnad er eit uttrykk for bruken av ressursar. Det som blir kravd dekt, er ressursforbruken til NVE knytt til tilsyns- og kontrollarbeid, inkludert kalkulatoriske kostnader. Slik departementet ser det, reflekterte omgrepet «kostnader» dette best. Omgrepet «kostnader» er også brukt i vannressursloven § 58. NVE fører miljøtilsyn med vassdragstiltak, som omfattar tilsyns- og kontrollarbeid med etterleving av reglar gjevne i eller i medhald av både vannressursloven og vassdragsreguleringsloven. Det er ønskjeleg med einskapleg omgrepsbruk i føresegnene som gjev heimel for kostnadsdekning for miljøtilsyn.

Vidare foreslo departementet å ta inn ein heimel til å vedta forskrift om gebyr eller sektoravgift til dekning av tilsyns- og kontrollarbeid med etterleving av dei fastsette vilkåra i konsesjonen eller i medhald av denne. Forslaget legg til rette for at sektoravgifta eller gebyret kan regulerast nærmare i forskrift. Dette vil vere i tråd med føringane i Finansdepartementets rundskriv R-112/15 om at utfyllande føresegner om gebyr og sektoravgifter skal gjevast i forskrift.

I tillegg foreslo departementet heimel til å gje forskriftsføresegn om innrapportering av opplysningar som er nødvendige for å berekne gebyret eller sektoravgifta. Vi viser til den same grunngjevinga som i forslaget til endringar i vannressursloven § 58.

Departementet foreslo at gebyret eller sektoravgifta blir gjorde til tvangsgrunnlag for utlegg, og at det skal svarast rente som fastsett i forseinkingsrentelova dersom gebyret eller sektoravgifta ikkje blir betalte til forfallstid, slik gjeldande vassressurslov § 58 legg opp til.

3.2.3 Endringar i energiloven

Departementet foreslo i høyringa at energiloven § 10-1 blir endra ved at heimelen for dekning av kostnader til tilsyns- og kontrollarbeidet knytte til energiloven kapittel 3 og 5 blir skilde ut i eit eige ledd, og at omgrepa «gebyr» og «sektoravgift» blir tekne inn som alternative middel for kostnadsdekning. For tilsyn og kontroll med konsesjonærar for utanlandssamband etter energiloven § 4-2 vart det foreslått å halde på gjeldande lovtekst. Endringa vil innebere at miljøtilsyn med elektriske anlegg, tilsyn med vedlikehald og modernisering og tilsyn med fjernvarmeanlegg får ein klar heimel for ei sektoravgiftsordning, i tråd med føringane i Finansdepartementets rundskriv R-112/15.

Gebyret eller sektoravgifta skal knyte seg til kostnader med NVE sitt «tilsyns- og kontrollarbeid». Det treng ikkje å knyte seg til kontroll i snevraste meining. Det er kostnadene NVE har med tilsyns- og kontrollarbeid i vid forstand, som skal dekkjast gjennom sektoravgifta eller gebyret. Under dette kjem mellom anna kostnader til oppgåver og aktivitetar knytte til kontroll, reaksjonsbruk, arbeid med rettleiingar, saksbehandling i samband med godkjenning av detaljplanane til konsesjonæren og regelverksutvikling. Kostnader knytte til NVE si behandling av konsesjonssøknader fell utanfor det som kan krevjast inn gjennom gebyr eller sektoravgift etter energiloven § 10-1.

Departementet foreslo at omgrepet «sektoravgift» blir innført som alternativ til gebyr i føresegna om dekning av kostnader til arbeidet beredskapsmyndigheita har til kraftforsyningsberedskap etter energiloven § 9-6. Det går fram av gjeldande § 9-6 andre punktum at «utgiftene utlignes på eiere og brukere av de anlegg dette kapittelet omfatter». Departementet foreslo å ta inn omgrepet «sektoravgift» slik at heimelsgrunnlaget blir klarare.

Det vart foreslått at omgrepet «utgifter» blir erstatta med «kostnader» i §§ 9-6 og 10-1. Utgift er eit uttrykk for utbetalingar for ytingar, medan kostnad er eit uttrykk for forbruk av ressursar. Det som blir kravd dekt, er ressursforbruken til NVE knytt til arbeid med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap, inkludert kalkulatoriske kostnader. Det er omgrepet «kostnader» som best reflekterer dette. Omgrepet «kostnader» er dessutan nytta i gjeldande vassressurslov § 58 og foreslått nytta i vassdragsreguleringsloven § 31 i dette lovforslaget. Departementet kan ikkje sjå at det er grunn til at føresegnene om kostnadsdekning etter energiloven, vannressursloven og vassdragsreguleringsloven skal vere ulike på dette punktet.

Vidare foreslo departementet å ta inn ein heimel til å vedta forskrift om sektoravgift til dekning av kostnader med tilsyns- og kontrollarbeidet knytte til energiloven kapittel 3 og 5. Tilsvarande forskriftsheimel vart foreslått for § 9-6. Energiloven § 10-6 inneheld allereie ein generell forskriftsheimel, men ved å vedta ei føresegn som uttrykkjeleg fastslår at gebyr eller sektoravgift kan regulerast nærmare i forskrift, understrekar ein at det blir lagt opp til ei regulering som er i tråd med føringane i R-112/15, om at utfyllande føresegner om gebyr og sektoravgifter skal gjevast i forskrift.

I tillegg foreslo departementet heimel til å gje forskriftsføresegn om innrapportering av opplysningar som er nødvendige for berekninga av gebyret eller sektoravgifta. Det vart vist til grunngjevinga som gjeld tilsvarande endringsforslag til vannressursloven § 58, i punkt 3.1.2 i høyringsnotatet.

Det vart foreslått at gebyret eller sektoravgifta etter § 10-1 for tilsyns- og kontrollarbeidet knytt til energiloven kapittel 3 og 5, og etter § 9-6 for arbeid med kraftforsyningsberedskap, blir gjorde til tvangsgrunnlag for utlegg. Det vart vidare foreslått at det skal svarast rente som fastsett i forseinkingsrentelova dersom gebyret eller sektoravgifta ikkje blir betalt til forfallstid, slik gjeldande vassressurslov § 58 legg opp til.

I energiloven § 9-6 annet punktum heiter det at «utgiftene utlignes på eiere og brukere av de anlegg dette kapittelet omfatter». KBO-einingane omfattar ikkje berre «anlegg», men også system og anna som har vesentleg betydning for drift eller gjenoppretting av eller tryggleiken i produksjon, omforming, overføring, omsetning eller fordeling av elektrisk energi eller fjernvarme, jf. energiloven § 9-1 og kraftberedskapsforskrifta § 2-1. Departementet foreslo derfor ei endring i ordlyden ved at kostnadene skal utliknast på «de enheter som omfattes av energiloven § 9-1 første ledd, eller som er utpekt som KBO-enhet i medhold av kraftberedskapsforskriften § 3-1 annet ledd», i staden for «eiere og brukere av de anlegg dette kapittelet omfatter». Endringa gjev betre samsvar med første punktumet i føresegna om at det kan krevjast gebyr frå «enheter i KBO», og ho medfører at lovteksten betre speglar av verkeområdet til kapittelet.

3.3 Innspela frå høyringsinstansane

Distriktsenergi støttar endringsforslaget og meiner det er fornuftig at omgrepsbruken i regelverket som gjeld dekning av kostnader for NVE sitt arbeid med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap, samsvarer med føresegnene i Finansdepartementets rundskriv R-112/15 og NVE sin praksis for kostnadsdekning. Distriktsenergi går ut frå at endringsforslaga vil kunne gjere saksbehandlinga knytt til innkrevjinga av kostnader til NVE sitt tilsyns- og kontrollarbeid lettare. Distriktsenergi håper at det at endringsforslaget ikkje inneber nokre økonomiske eller administrative konsekvensar av betydning på myndigheitsnivå, blir overhalde i praksis. Distriktsenergi ser det som svært viktig at ein ny berekningsmodell for kostnadsdekning på tilsynsområdet ikkje resulterer i auka kostnadsdekning for NVE sitt arbeid med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap. Distriktsenergi oppmodar OED og NVE om å sjå på moglegheitene for å effektivisere arbeidet med tilsyn og kontrollarbeid.

Energi Norge viser til beskrivinga av gebyr i rundskriv R-112/15 om statleg gebyr- og avgiftsfinansiering frå Finansdepartementet og i høyringsnotatet. Energi Norge saknar ei utgreiing for det endra grunnlaget for at gebyret eller sektoravgifta skal dekkje NVE sine kostnader med tilsyns- og kontrollarbeid i vid forstand, irekna ei grunngjeving for ei slik endring. Energi Norge saknar vidare ei utgreiing om kva for eventuelle økonomiske og administrative konsekvensar endringa vil ha, og den praksisen som NVE har i dag med tanke på dekning av kostnader til arbeid med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap. Energi Norge etterlyser også ei klargjering av om endringsforslaget berre gjeld dekning av NVE sine kostnader, eller om det også omfattar kostnadene andre myndigheiter har i samband med tilsyn og kontroll etter same lovverket. Dette gjeld særleg Miljødirektoratet og statsforvaltaren. I fråsegna ser Energi Norge fram til å få forslag til ny berekningsmodell for tilsynsområdet på høyring når denne ligg føre.

Samfunnsbedriftene Energi meiner at det kan vere ei fornuftig endring frå omgrepet «gebyr» til omgrepet «sektoravgift». Det blir peikt på at endringane vil utvide omfanget av omgrepa til å kunne inkludere fleire element som subjekta må betale for. Samfunnsbedriftene Energi har forståing for ønsket om ein samordna heimla omgrepsbruk i regelverket, men er skeptisk til formuleringane i høyringsnotatet om at kostnadene for tilsyn og kontroll skal tolkast i vid forstand, ettersom dei er opptekne av at samordninga i omgrepsbruken ikkje skal resultere i større kostnader for debitorane. Det vart i denne samanhengen vist til utsegna i kapittel 4 i høyringsnotatet om at «forslaget innebærer ingen endringer med tanke på omfanget av hvilke kostnader som kreves inn til dekning for NVEs arbeid med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap». Samfunnsbedriftene Energi uttaler at unødvendig rapportering bør unngåast, og at dei forventar at data som allereie er tilgjengelege for myndigheitene gjennom eksisterande rapporteringar frå selskapa, blir nytta også til dette formålet.

Statkraft Energi AS viser til at dekning av kostnader til tilsynsverksemd gjennom gebyr synest klart føresett av lovgjevar i samband med vedtakinga av vannressursloven i 2000. Det blir vist til at oppgåvene miljø- og damtilsynet har, er klart definerte tenester som det er naturleg å dekkje gjennom ei gebyrløysing. Statkraft Energi AS meiner at det ikkje grunnlag for å endre frå gebyr til sektoravgift. Slik dei oppfattar det, kan opplysninga om at NVE delvis har administrert gjeldande gebyrordning som ei sektoravgiftsordning, vere ein del av forklaringa på at det ikkje har vore samsvar mellom dei gebyra som bransjen betaler for damtilsyn, og dei kostnadene ein reknar med at NVE har i samband med tilsyna. Statkraft Energi AS meiner at det ikkje er tilfredsstillande at konsekvensane ein ny berekningsmodell får for aktørane, først skal greiast ut i neste omgang. Den primære bekymringa for Statkraft Energi AS er ikkje storleiken på gebyret, men at NVE sitt tilsynsarbeid er tilstrekkeleg finansiert.

Miljødirektoratet støttar forslaget om endringar i lov- og forskriftsføresegner om kostnadsdekning til arbeid med tilsyn og kontroll. Det blir likevel bede om at det blir gjort ei ytterlegare endring som inneber at oppfølging av alle konsesjonsvilkåra, inklusive dei som omfattar naturforvaltning der myndigheita er delegert til miljøforvaltninga, inngår i forslaget til lovendringar. Miljødirektoratet meiner at ei slik endring ville gje grunnlag for meir føreseielege vilkår for konsesjonær og arbeidet til miljøforvaltninga. Direktoratet meiner at innføring av ei sektoravgift som også omfattar tilsyns- og kontrollarbeidet til miljømyndigheitene innanfor delegert ansvarsområde og same lovgrunnlag, er ei svært godt eigna og konsistent løysing, som også vil kunne gje ein betydeleg effektiviseringsvinst.

3.4 Vurderinga til departementet

Departementet viser til at dei foreslåtte endringane skal bidra til auka effektivitet i NVE sitt tilsyns- og kontrollarbeid, irekna i samband med innkrevjing av ei sektoravgift. Departementet held ved lag forslaget i tråd med det som var sendt på høyring.

Fleire av høyringsinstansane har innspel til det varsla arbeidet med ny berekningsmodell for kostnadsdekning på tilsynsområdet. På vegner av departementet har NVE i august 2022 sendt på høyring forslag til ny forskrift om sektoravgifter for dekning av kostnader til tilsyns- og kontrollarbeidet til direktoratet (høyringsdokumentnr. 2/2022). Innspel til den nye berekningsmodellen vil handterast i denne høyringsprosessen, og departementet går derfor ikkje nærmare inn på desse vurderingane her i proposisjonen.

Departementet foreslår ikkje at det blir gjort endringar av kva for kostnader som blir foreslått dekte gjennom ei sektoravgift, samanlikna med det som er praktiseringa av ordninga i dag. Departementet legg til grunn at ei sektoravgiftsordning kan dekkje inn eit breitt spekter av kostnadstypar i tilknyting til NVE sitt tilsyns- og kontrollarbeid og arbeid med kraftforsyningsberedskap. Dette tilsyns- og kontrollarbeidet omfattar mellom anna kostnader til oppgåver og aktivitetar knytte til kontroll, reaksjonsbruk, arbeid med rettleiingar, saksbehandling i samband med godkjenning av detaljplanane til konsesjonæren og regelverksutvikling.

Energi Norge etterlyser i høyringsinnspelet sitt at det blir greidd ut om den praksisen som NVE gjennomfører i dag når det gjeld dekning av kostnader til tilsyns- og kontrollarbeidet, og arbeidet med kraftforsyningsberedskap som direktoratet gjer. Kort samanfatta fører NVE i dag miljøtilsyn med vassdragstiltak, miljøtilsyn med energianlegg, tilsyn med drift, vedlikehald og modernisering av elektriske anlegg i tillegg til tilsyn med fjernvarmeanlegg. Kostnadene med desse tilsynsordningane er det konsesjonærane som dekkjer. Sett bort frå dekning av kostnader til miljøtilsyn med energianlegg som i dag skjer gjennom ei gebyrordning, praktiserer NVE sektoravgiftsordningar for dekning av kostnader knytte til det nemnde arbeidet med tilsyn og kontroll. Gjeldande praksis er nærmare omtala i høyringsdokumentet (nr. 2/2022).

Departementet understrekar at endringsforslaget ikkje inneber endringar med tanke på kva for myndigheiter som skal kunne dekkje kostnader gjennom gebyr eller sektoravgifter med heimel i til dømes vannressursloven § 58 eller vassdragsreguleringsloven § 31. Forslaget legg opp til ei vidareføring av gjeldande ordning, altså slik at det er kostnader med NVE sitt tilsyns- og kontrollarbeid som vil vere omfatta av desse føresegnene.

Statkraft viser til at dei ikkje kan sjå at det er grunnlag for å gjennomføre ei endring frå gebyr til sektoravgift. Departementet viser til at NVEs tilsyns- og kontrollarbeid etter damtryggleiksforskrifta, damtilsynet og NVEs miljøtilsyn med vassdragstiltak allereie i dag blir praktisert som ei sektoravgiftsordning. Ordninga for damtilsynet er mellom anna omtala slik i Prop. 1 S (2021–2022) for Olje- og energidepartementet, side 82:

Gebyrene beregnes og innkreves av NVE en gang i året. Det skrives ut en faktura til alle aktørene som omfattes av tilsynsvirksomheten uavhengig om det faktisk er gjennomført tilsynsaktivitet hos den enkelte aktør. Utformingen og innkrevingen av finansieringen av tilsynsutgiftene fra aktørene i sektoren er å betrakte som en sektoravgift i tråd med bestemmelser om statlig gebyr- og avgiftsfinansiering.

Når det gjeld kostnader til NVE sitt tilsyns- og kontrollarbeid, er desse finansierte over dei årlege budsjettløyvingane til direktoratet. Ei endring frå ei gebyrordning til ei sektoravgiftsordning vil følgjeleg ikkje påverke omfanget av NVE sitt arbeid med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap direkte. Departementet meiner at ei sektoravgiftsordning er ei meir robust og fleksibel ordning for dekning av NVE sine kostnader innanfor tilsyns- og kontrollarbeid og arbeid med kraftforsyningsberedskap. Ei sektoravgiftsordning er meint å dekkje kostnader til fleire typar aktivitetar enn det ei gebyrordning gjer. I rundskriv R-112/15 Bestemmelser om statlig gebyr- og avgiftsfinansiering frå Finansdepartementet går det fram at sektoravgifter kan nyttast for å dekkje kostnader til «fellestiltak overfor en næring eller sektor dersom avgiften betales av aktører som tilhører eller har en nær tilknytning til sektoren (for eksempel i forbindelse med virksomheten til tilsynsorganer).»

Departementet viser til at det ikkje er tale om noka endring av kva for kostnader som blir foreslått dekte gjennom ei sektoravgift, samanlikna med måten noverande ordning på området blir praktisert. Departementet viser til at ei sektoravgiftsordning er meint å fange opp fleire typar kostnader enn berre kostnader til klassiske kontrollaktivitetar som revisjon og inspeksjon. Samanlikna med ei gebyrordning vil ei sektoravgiftsordning også kunne dekkje kostnader til tilsyns- og kontrollarbeid i vid forstand, til dømes også kostnader til arbeid med rettleiingar og regelverksarbeid.

Departementet gjer merksam på at NVE i samband med arbeidet med forslag til ny forskrift om sektoravgift for tilsyns- og kontrollarbeidet til direktoratet har gjennomført nye berekningar av kostnadene for tilsyns- og kontrollarbeidet til direktoratet, der også indirekte kostnader er medrekna. Konsesjonærar vil derfor kunne oppleve ein auke i sektoravgifta, sjølv om dei etter det framlagde forslaget til ny forskrift skulle ha bore ein mindre del av NVE sine kostnader med tilsyns- og kontrollarbeidet. Departementet presiserer at dette er endringar som ikkje følgjer verken av dette lovforslaget eller forskriftsforslaget som NVE har sendt ut på høyring, men som vil bli gjennomførte uavhengig av desse.

I høyringsdokument 2/2022 er det gjort nærmare greie for ny berekningsmodell og dei økonomiske og administrative konsekvensane av dette forslaget. Departementet viser til at innspel til den nye berekningsmodellen blir handterte vidare i høyringsprosessen for den nye forskrifta.

Når det gjeld høyringsfråsegna frå Miljødirektoratet, viser departementet til at Miljødirektoratet og statsforvaltaren er ansvarlege for oppfølginga av naturforvaltningsvilkår som er sette i vassdragskonsesjonar i medhald av vassdragslovgjevinga. Myndigheita for dette går direkte frå konsesjonsvilkåret. Det er i dag ikkje delegert myndigheit etter tilsyns- og kontrollføresegnene i vannressursloven eller vassdragsreguleringsloven.

Departementet meiner at noverande situasjon der Miljødirektoratet og statsforvaltaren fakturerer for tilsynsaktivitetane sine med heimel i naturforvaltningsvilkåret, bør førast vidare slik dette er i dag. Departementet viser til at innspelet frå Miljødirektoratet om at tilsyns- og kontrollaktiviteten deira også skal omfattast av sektoravgiftsordninga i vassdragslovgjevinga, vil krevje ei større vurdering og eventuell delegering av myndigheit etter dei aktuelle føresegnene i vassdragslovgjevinga. Departementet understrekar at endringsforslaga i denne høyringa ikkje grip inn i høvet til dekning av kostnader ved tilsyn og kontroll når dette er heimla i vilkåra i ein konsesjon.