Prop. 37 L (2022–2023)

Endringar i vassdragsreguleringsloven, energiloven og vannressursloven (kostnadsdekning for tilsyn og kontroll)

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte føresegnene

Endringar i vassdragsreguleringsloven § 31

Det blir foreslått at omgrepa «gebyr» og «sektoravgift» blir tekne inn i første ledd andre punktum i føresegna som alternative moglegheiter for kostnadsdekning. Dette inneber ei presisering med tanke på korleis kostnadsdekninga skal skje, samanlikna med gjeldande lovtekst som berre fastslår at utgifter med kontrollen kan krevjast dekte av konsesjonæren. For å reflektere betre at det er ressursforbruken til NVE, ikkje berre utbetalingar for ytingar, som kan krevjast dekte av konsesjonærane, blir det foreslått at omgrepet «utgifter» blir erstatta med «kostnader». Vidare blir det foreslått at kostnadene skal knyte seg til «tilsyns- og kontrollarbeid». Dette er tilsvarande formuleringa som er foreslått i vannressursloven § 58.

Det er kostnadene vassdragsmyndigheita har med tilsyns- og kontrollarbeid i vid forstand, som kan krevjast dekte, irekna kostnader til oppgåver og aktivitetar knytte til kontroll, reaksjonsbruk, arbeid med rettleiingar, saksbehandling i samband med godkjenning av detaljplanane til konsesjonæren og regelverksutvikling. Kostnader som vassdragsmyndigheita har pådrege seg før konsesjon er gjeven, fell utanfor.

Det blir foreslått eit nytt andre ledd som gjev departementet heimel til å nærmare regulere innkrevjing av gebyr eller sektoravgift i forskrift. For å sikre NVE tilgang til oppdaterte opplysningar som er nødvendige for berekninga av gebyret eller sektoravgifta, blir det foreslått at forskriftsheimelen også skal omfatte innrapportering av opplysningar som er nødvendige for denne berekninga.

Til sist blir det foreslått eit nytt tredje ledd om at gebyret eller sektoravgifta skal vere tvangsgrunnlag for utlegg, og at det skal svarast forseinkingsrente dersom det ikkje er betalt ved forfall, slik det følgjer av gjeldande vannressursloven § 58 tredje og fjerde punktum.

Endringar i vannressursloven § 58

Det blir foreslått at omgrepet «sektoravgift» blir teke inn i lovteksten, som alternativ til «gebyr». Dette gjev vassdragsmyndigheita ein klar heimel til å vedta forskrift om sektoravgift til dekning av kostnadene med tilsyns- og kontrollarbeidet. Vidare blir det foreslått at omgrepet «kontroll» blir erstatta med «tilsyns- og kontrollarbeid». Endringane vil klargjere at kostnadene ikkje treng å knyte seg til kontroll i snevraste meining.

Det er kostnadene vassdragsmyndigheita har med tilsyns- og kontrollarbeid i vid forstand, som kan krevjast dekte, irekna kostnader til oppgåver og aktivitetar knytte til kontroll, reaksjonsbruk, arbeid med rettleiingar, saksbehandling i samband med godkjenning av detaljplanane til konsesjonæren og regelverksutvikling. Kostnader som vassdragsmyndigheita har pådrege seg før konsesjon er gjeven, vil falle utanfor.

For å sikre NVE tilgang til oppdaterte opplysningar som er nødvendige for berekninga av gebyret eller sektoravgifta, blir det foreslått at forskriftsheimelen også skal omfatte innrapportering av opplysningar som er nødvendige for denne berekninga.

Endringar i energiloven § 9-6

Departementet foreslår at omgrepet «sektoravgift» blir teke inn som alternativ til ordet «gebyr». Endringa vil gje beredskapsmyndigheita tydelegare heimel for innkrevjing av sektoravgift til dekning av kostnadene med arbeid med kraftforsyningsberedskap. Det blir også foreslått at omgrepet «utgifter» blir erstatta med «kostnader» for å betre reflektere at det er ressursbruken til beredskapsmyndigheita, og ikkje berre utbetalingar for ytingar, som kan krevjast dekte av KBO-einingane.

For å spegle av verkeområdet til kapittel 9 i energiloven betre, og for å skape betre samanheng med første punktum i føresegna blir det foreslått at gjeldande andre punktum blir endra slik at kostnadene blir utlikna på «de enhetene som omfattes av energiloven § 9-1 første ledd, eller som er utpekt som KBO-enheter i medhold av denne loven», i staden for «eiere og brukere av de anlegg dette kapittelet omfatter».

Vidare blir det foreslått eit nytt andre ledd som gjev departementet heimel til å nærmare regulere innkrevjing av gebyr eller sektoravgift i forskrift. For å sikre NVE tilgang til oppdaterte opplysningar som er nødvendige for berekninga av gebyret eller sektoravgifta, blir det foreslått at forskriftsheimelen også skal omfatte innrapportering av opplysningar som er nødvendige for denne berekninga.

Det blir foreslått eit nytt tredje ledd om at gebyret eller sektoravgifta skal vere tvangsgrunnlag for utlegg, og at det skal svarast forseinkingsrente ved for sein betaling, slik det følgjer av gjeldande vannressursloven § 58 tredje og fjerde punktum.

Endringar i energiloven § 10-1

Departementet foreslår at energiloven § 10-1 blir endra ved at heimelen for dekning av kostnader til tilsyns- og kontrollarbeidet knytte til energiloven kapittel 3 og 5 blir skilde ut i eit nytt sjuande ledd, og at det blir presisert at kostnadene kan krevjast dekte anten gjennom gebyr eller sektoravgift. Det blir foreslått at departementet kan gje nærmare føresegner om gebyret eller sektoravgifta. For å sikre NVE tilgang til oppdaterte opplysningar som er nødvendige for berekninga av gebyret eller sektoravgifta, blir det foreslått at forskriftsheimelen også skal omfatte innrapportering av opplysningar som er nødvendige for denne berekninga.

For å reflektere betre at det er ressursforbruken til NVE, og ikkje berre utbetalingar for ytingar, som kan krevjast dekte av konsesjonærane, blir det foreslått at omgrepet «utgifter» blir erstatta med «kostnader» når det gjeld tilsyns- og kontrollarbeid knytt til energiloven kapittel 3 og 5.

Gebyret eller sektoravgifta skal gå til dekning av kostnadene med «tilsyns- og kontrollarbeid». Det er kostnadene NVE har med tilsyns- og kontrollarbeid i vid forstand, som kan krevjast dekte. Under dette kjem mellom anna kostnader til oppgåver og aktivitetar knytte til kontroll, reaksjonsbruk, arbeid med rettleiingar, saksbehandling i samband med godkjenning av detaljplanane til konsesjonæren og regelverksutvikling. Kostnader som NVE har pådrege seg før konsesjon er gjeven, fell utanfor.

Det blir foreslått eit nytt åttande ledd om at gebyret eller sektoravgifta skal vere tvangsgrunnlag for utlegg, og at det skal svarast forseinkingsrente ved for sein betaling, slik det følgjer av gjeldande vannressursloven § 58 tredje og fjerde punktum.