Prop. 37 L (2022–2023)

Endringar i vassdragsreguleringsloven, energiloven og vannressursloven (kostnadsdekning for tilsyn og kontroll)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovendringsforslaget består i hovudsak av endringar og presiseringar av eksisterande føresegner om kostnadsdekning for NVE sitt arbeid med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap for at omgrepsbruken i regelverket skal samsvare med føresegnene i Finansdepartementets rundskriv R-112/15 og NVE sin praksis for kostnadsdekning.

Forslaget inneber ingen endringar med tanke på omfanget av kva for kostnader som krevst inn til dekning for NVE sitt arbeid med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap.

Endringsforslaga som går ut på at gebyr og sektoravgift etter energiloven og vassdragsreguleringsloven skal vere tvangsgrunnlag for utlegg, vil kunne gjere saksbehandlinga knytt til innkrevjing lettare dersom det oppstår ein situasjon der konsesjonæren ikkje vil betale gebyret eller avgifta. Utover dette har ikkje forslaget økonomiske eller administrative konsekvensar av betydning på myndigheitsnivå.

Forslaget til ny forskrift om sektoravgifter for dekning av kostnader til tilsyns- og kontrollarbeidet til direktoratet (høyringsdokumentet (nr. 2/2022)) vil kunne resultere i endringar med tanke på fordelinga av kostnader mellom konsesjonærane, men det vil ikkje resultere i auka kostnadsdekning for NVE sitt arbeid med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap. Dei økonomiske og administrative konsekvensane av ein endra berekningsmodell er belyste i høyringsdokument (nr. 2/2022). Departementet viser til at innspel til den nye berekningsmodellen vil handterast i denne høyringsprosessen.