Prop. 38 L (2018–2019)

Endringar i sjølova (tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

2 Departementet sine vurderingar og forslag

Lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering tok til å gjelde 1. oktober 2017. Med den nye lova må heimel for utlevering av opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, stå i regelverket som gjeld for dei ulike saksområda. Dette er omtalt i Prop. 164 L (2015–2016) Lov om folkeregistrering. Naudsynte endringar i ei rekkje særlover vart gjort samstundes med at folkeregisterlova vart vedteken. I Prop. 86 LS (2017–2018) og Prop. 112 L (2017–2018) vart det òg fremja endringar i fleire særlover.

I førearbeida til folkeregisterlova av 2016 vert det halde fram at etatar eller verksemder som treng informasjon frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, sjølv er nærast til å grunngje kvifor dei treng dette. Forslaget i denne proposisjonen skal sikre at Sjøfartsdirektoratet får naudsynt heimel i eiga lov.

Skipsregistra NIS/NOR er underlagd Sjøfartsdirektoratet og er eit realregister for skip og rettar i skip, tilsvarande tinglysing av fast eigedom hos Statens Kartverk. Reglane i sjølova om skipsregistrering svarar i all hovudsak til reglane for tinglysing av fast eigedom i tinglysingslova, men medan heimel til opplysningar omfatta av teieplikt vart vedtekne samstundes som ny folkeregisterlov, jf. tinglysinglova § 38d, vart det ikkje gjort tilsvarande endring for sjølova.

For å kunne utføre lovpålagde plikter etter sjølova, treng Skipsregistra opplysningar frå Folkeregisteret. Dette gjeld både opplysningar som er omfatta av teieplikt og opplysningar som ikkje er omfatta av teieplikt. Sjølova har til dømes reglar om eigars nasjonalitet og bustad i § 1, og for å kunne fange opp om registrerte eigarar er utvandra frå Noreg, treng Skipsregistra tilgang til informasjon om registreringsstatus. Vidare treng Skipsregistra informasjon om familieforhold, det vil seie ektefelle, barn, foreldre og søsken, blant anna for å følge opp saker der registrert eigar er død, og ved saksbehandling for å undersøke om vitne er nærståande til den som får ein rett ved eit dokument til registrering, jf. sjølova § 15 og forskrift 30. juli 1992 nr. 593 om registrering av skip i NOR § 18 femte ledd.