Prop. 38 L (2018–2019)

Endringar i sjølova (tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

5 Merknad til endringa i sjølova

Tilføyinga av eit nytt fjerde ledd i sjølova § 13 sikrar at Sjøfartsdirektoratet framleis kan hente inn opplysningar frå Folkeregisteret, utan hinder av teieplikt, i saker etter sjølova. Opplysningar som er underlagd teieplikt skal berre hentast inn når det er naudsynt for å løyse direktoratet sine lovpålagde oppgåver etter sjølova.