Prop. 38 L (2018–2019)

Endringar i sjølova (tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

3 Handsaminga av lovforslaget

Den føreslåtte lovendringa fører vidare rettstilstanden etter folkeregisterlova av 16. januar 1970 nr. 1 og er ei tilpassing i samsvar med den nye folkeregisterlova av 9. desember 2016 nr. 88. Departementet la difor til grunn at det openbert ikkje var naudsynt å sende forslaget om endringa i sjølova på allmenn høyring, jf. punkt 3-3 i utgreiingsinstruksen. Dei tilsvarande forslaga i Prop. 86 LS (2017–2018) og Prop. 112 L (2017–2018) har heller ikkje vore på allmenn høyring.