Prop. 50 L (2016–2017)

Endringar i yrkestransportlova (gebyr for løyveeksamen og utferding av kompetansebevis)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn og høyring

2.1 Bakgrunnen for lovframlegget

Bakgrunnen for framlegget til lovendring er implementeringa av Europaparlamentets og Rådets forordning (EF) nr. 1071/2009 om innføring av felles regler med hensyn til vilkårene som må oppfylles for å utøve yrket som transportør på vei og om oppheving av rådsdirektiv 96/26/EF (forordninga) fastsett i forskrift av 26. mars 2003 nr. 401 om yrkestransport innenlands med motorvogn og fartøy (yrkestransportforskriften) med heimel i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova). Etter forordninga er det lagt opp til at dei faglege kompetansekrava skal dokumenterast gjennom eksamen som Statens vegvesen (SVV) skal ha ansvaret for. Kostnadene for eksamensordninga skal finansierast gjennom gebyr som skal krevjast inn frå dei som skal ta slik eksamen. Det er behov for heimel i yrkestransportlova for ei slik gebyrordning.

Behovet for lovendringar vart varsla i Samferdselsdepartementet sitt høyringsnotat 9. juli 2014 om endringar av yrkestransportforskrifta ved gjennomføringa av vegpakka i norsk rett, og endringar i løyveordninga og løyveperioden. I høyringsnotatet vart det lagt til grunn at det var hensiktsmessig at SVV, som einaste instans, skulle arrangere eksamen knytt til dei faglege krava for tildeling av løyve for godstransport, turvogn, drosje, selskapsvogn og løyve for transport for funksjonshemma. I dag gjennomfører kandidatane løyveeksamen og opplæring i dei vidaregåande skulane og hos private utdanningsinstitusjonar som er godkjende av Samferdselsdepartementet. Som det vart vist til i høyringsnotatet, kan ikkje dei vidaregåande skulane og dei private utdanningsinstitusjonane lenger tilby eksamen eller utstede realkompetansebevis for løyve etter at SVV overtek ansvaret for eksamensordninga. Endringa vart gjennomført i yrkestransportforskriften. Den vedtekne føresegna i § 9 om at SVV skal gjennomføre eksamen knytt til dei faglege krava for tildeling av løyve etter yrkestransportregelverket er ikkje sett i verk.

Bakgrunnen for at eksamensordninga hos SVV ikkje er sett i gang, er dels at det har vore ein del faglege og tekniske løysingar som måtte kome på plass først og dels at det må etablerast lovheimel for gebyr som kan finansiere ordninga. Departementet presiserer at endringane i eksamensordninga ikkje vil få følgjer for dei som allereie har løyve. Departementet vil vurdere overgangsordningar for dei som i dag følgjer undervisning hos dei vidaregåande skulane og andre undervisningsinstitusjonar.

Dei som har bestått eksamen for gods- og turvognløyve har etter artikkel 21 i forordninga krav på å få utstedt ein attest som bevis på faglig dyktigheit (kompetansebevis). Det vart i høyringsnotatet av 9. juli 2014 lagt til grunn at SVV òg får ansvaret for å utferde kompetansebevis etter forordninga. Det er difor naudsynt med lovheimel for å ta gebyr for å utferde kompetansebevis.

Departementet tek sikte på at SVV vil gjennomføre eksamen frå og med 1. januar 2017 eller så tidleg som mogleg etter dette.

2.2 Høyring

Samferdselsdepartementet sitt framlegg til lovendring vart sendt på høyring den 10. juni 2016 med tre månaders høyringsfrist. Framlegg til endringar i yrkestransportforskrifta vart sendt på høyring samstundes med forslag til lovendringar. Høyringsbrevet med utkast til lovendring vart sendt til følgjande instansar:

  • SMK

  • Alle departementa

  • Datatilsynet

  • Direktoratet for forvaltning og IKT

  • Forbrukerombudet

  • Forbrukerrådet

  • Utdanningsdirektoratet

  • Vegdirektoratet

  • Alle fylkeskommunar og Oslo kommune

  • Alle fylkesmenn

  • Akademikerne

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Fagforbundet

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Kollektivtrafikkforeningen

  • Kompetanseteam Vest AS

  • KS – Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon

  • KS Bedrift

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • NHO Logistikk og Transport

  • NHO Reiseliv

  • NHO Transport

  • NKI Nettstudier

  • Norges Lastebileier-Forbund

  • Norges Taxiforbund

  • Norges Turbileierforbund

  • Norsk Jernbaneforbund

  • Norsk Transportarbeiderforbund

  • Ruter AS

  • Transportbrukernes Fellesorganisasjon

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

  • Yrkestrafikkforbundet

Høyringsbrevet med utkast til lov- og forskriftsendringar vart òg lagt ut på departementet sine heimesider på nettet.

18 av høyringsinstansane har gjeve fråsegn i saka. Av desse hadde 7 realitetsmerknadar til høyringsframlegget. Dette inkluderer Norges Lastebileier-forbund, Rogaland fylkeskommune, Norges Taxiforbund, Landsorganisasjonen i Norge, Yrkestrafikkforbundet og Statens vegvesen.

Merknadane frå høyringsinstansane vert omtalt under punkt 3.