Prop. 50 L (2016–2017)

Endringar i yrkestransportlova (gebyr for løyveeksamen og utferding av kompetansebevis)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det er departementet si vurdering at endringane som vert lagt fram ikkje vil få vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar for det offentlege ettersom ordninga er gebyrfinansiert basert på sjølvkost.

For dei kandidatane som skal ta eksamen vil ein heimel for å krevje gebyr innebere ein kostnad. Samanlikna med gjeldande ordning går det her eit skilje mellom dei som tek utdanninga på vidaregåande skule og dei som tek opplæring hos dei private utdanningsinstitusjonane. Førstnemnde vil få ein ekstrakostnad med den nye ordninga gjennom å måtte ta eksamen hos SVV og dermed måtte betale eksamensgebyret. Kandidatane som følgjer undervisninga hos dei private undervisningsinstitusjonane vil òg måtte betale eit eksamensgebyr, men vil om ønskjeleg kunne lese til eksamen på eiga hand og dermed unngå kostnadene til opplæring før eksamen. Eksamensgebyret er ein eingongskostnad for dei som vil etablere seg i transportnæringa, og vil samla sett difor ikkje vere ein stor kostnad for næringa.