Prop. 50 L (2016–2017)

Endringar i yrkestransportlova (gebyr for løyveeksamen og utferding av kompetansebevis)

Til innhaldsliste

3 Gebyr for løyveeksamen og utferding av kompetansebevis

3.1 Gjeldande rett

Det følgjer av yrkestransportlova § 4 at den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal persontransport med motorvogn, må ha løyve. Etter § 5 krevst det særskilt løyve for den som vil drive godstransport med motorvogn mot vederlag.

Eit av krava som må verte oppfylt for å få tildelt løyve er tilstrekkeleg fagleg kompetanse, jf. yrkestransportlova § 4 andre ledd bokstav d. Dette gjeld tilsvarande for tildeling av løyve for godstransport, jf. § 5 første ledd siste setning. Dei nærare krava til kompetanse følgjer av yrkestransportforskrifta § 8 som igjen viser til forordninga art. 8 og 21. Vidare følgjer det av føresegna i § 8 at den som søker om å få løyve som hovudregel må kunne legge frem vitnemål for bestått eksamen frå ei eksamensordning som er godkjent av departementet.

Det finst i dag ikkje ein eigen heimel for å kunne krevje betaling for avvikling av løyveeksamen. Yrkestransportlova § 31 gjev heimel for at departementet i forskrift kan fastsetje at det skal betalast gebyr for utferding av løyvedokument, løyveskilt eller annan dokumentasjon etter lova. Føresegna er ei vidareføring av samferdselslova lov 4. juni 1976 nr. 63 § 15 a.

Etter departementet si vurdering er ordlyden i denne paragrafen ikkje tilstrekkeleg vid eller klar, for å kunne fastsetje forskrift med krav om gebyr frå kandidatar som tek eksamen knytt til faglege krav for tildeling av løyve, eller krevje gebyr for utferding av kompetansebevis ved bestått eksamen.

3.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om å endre yrkestransportlova § 31 slik at departementet i forskrift kan fastsetje at det kan krevjast gebyr frå dei som skal ta løyveeksamen og for utferding av kompetansebevis ved bestått eksamen.

Departementet viste til at det bør vere høve for SVV til å krevje gebyr for avvikling av eksamen og utferding av kompetansebevis. Gjennomføring av løyveeksamen medfører kostnader i form av ressursar til utarbeiding av eksamensoppgåver, personell som skal vere til stades på eksamen og retting av eksamensoppgåvene. Det er naturleg at dei som ønskjer å ta eksamen for å oppfylle krava til dei faglege kvalifikasjonane for løyve, dekkjer kostnadene ved ordninga. Vidare er det naturleg at kostnadene ved utferdinga av kompetansebevis dekkjast av dei som ønskjer å få eit slikt bevis. Departementet viste i høyringsnotatet til at ei gebyrordning må vere tilpassa dei kostnadene SVV har ved å administrere ordninga. Det vart lagt til grunn at gebyra skal vurderast justert kvart år, slik det vert gjort med andre offentlege gebyr.

Departementet la i høyringa opp til at eksamensgebyret vert betalt av kandidaten som skal ta eksamen som eit eingongsgebyr når vedkommande tek eksamen. Det skulle betalast gebyr for kvart eksamensforsøk. Ei liknande ordning gjeld i dag for å ta førarprøven. Departementet la òg til grunn at gebyret skulle omfatte utferding av kompetansebevis ved bestått eksamen. Gebyr for utferding (produksjon) skulle etter framlegget i høyringsnotatet òg verte betalt som eit eingongsgebyr.

Inntektene knytt til gebyrordningane for eksamen og utferding av kompetansebevis vart i høyringsframlegget føresett å tilkome staten til dekning av kostnadene ved å administrere ordninga. Sjølve gebyrordningane med betalingssatsar ville i likskap med gebyra for løyvedokument verte fastsette i forskrifter.

3.3 Høyringsfråsegnene

Rogaland fylkeskommune er positive til at SVV overtek ansvaret med å avvikle eksamen og viser til at det i den samanheng er naturleg at det vert innført ein heimel som gjev høve til å krevje gebyr.

Norges Lastebileier-forbund støttar framlegget frå departementet og meiner den nye ordninga ikkje vil føre til auka kostnader for kandidatar som vil tileigne seg eit løyve.

Norges Taxiforbund meiner det er viktig at gebyra for løyveeksamen og kompetansebevis ikkje vert sette høgare enn sjølvkost.

Landsorganisasjonen i Norge har ingen innvendingar mot framlegget om å innføre ein gebyrheimel. Dei har likevel spelt inn at det er ønskjeleg at departementet vurderer at det «ved tilfeller der løyveinnehaver kommer i en situasjon som gjør at vedkommende ikke er skikket til å inneha løyve for kortere/lengere periode, og der årsaken ikke er inndragelse av løyve, bør det opprettes en fritaksperiode som gjenspeiler at vedkommende har hatt dette før.».

Yrkestrafikkforbundet meiner det er uforståeleg at ikkje dei private undervisningsinstitusjonane har vorte pålagde å krevje inn gebyr ved avvikling av eksamen og utferding av kompetansebevis. Dei meiner framlegget frå departementet om ein gebyrheimel potensielt vil gje ei økonomisk belastning for ei yrkesgruppe som generelt har låg inntekt.

Statens vegvesen har ingen merknader til departement sitt framlegg om å innføre ein gebyrheimel. SVV gjer merksam på at dei forstår høyringsframlegget slik at det vil vere tale om eitt gebyr for avvikling av eksamen og eitt for utferding av kompetansebevis. Vidare ber SVV departementet om å presisere at det må betalast gebyr for kvar utferding av kompetansebevis på same måte som for kvart eksamensforsøk. SVV viser elles til at det nyleg har vore på høyring eit framlegg til endring i vegtrafikklova som m.a. vil gje heimel for å gjere vedtak om sperretid for ny førarprøve for kandidatar ved fusk eller forsøk på fusk ved førarprøven.

3.4 Departementet sine vurderingar

Departementet viser til grunngjevinga i høyringsnotatet og held fast ved lovframlegget. Departementet ønskjer likevel å kommentere dei merknadar som har verte omtala ovanfor.

Når det gjeld merknaden frå Norges Taxiforbund om at gebyret ikkje skal verte sett høgare enn sjølvkost, viser departementet til at det i høyringsframlegget vart lagt til grunn at gebyrordninga ikkje skal vere større enn dei kostnadene SVV har som følgje av å administrere ordninga. Følgjeleg vil gebyret for å ta eksamen og få utferda kompetansebevis verte sett på bakgrunn av sjølvkost.

Kva angår merknaden frå Yrkestrafikkforbundet gjer departementet merksam på at dei private undervisningsinstitusjonane sjølv tek betalt for både undervisning og avvikling av eksamen. Deira krav på betaling for levering av tenester byggjer på privatrettslege reglar og treng ikkje heimel i lov. På bakgrunn av dette kan vi ikkje sjå at overføringa av eksamen til SVV vil medføre auka kostnader for kandidatane samanlikna med gjeldande ordning. Departementet viser elles til at kravet om obligatorisk opplæring forsvinn. Departementet viser elles til omtalen under punkt 6 om økonomiske og administrative konsekvensar.

På bakgrunn av merknaden frå SVV, vil departementet gjere merksam på at det skal betalast eitt gebyr for avvikling av eksamen og eitt gebyr for utferding av kompetansebevis. Departementet vil vidare understreke at gebyret for utferding av kompetansebevis vil måtte betalast for kvar utferding, på same måte som gebyr for eksamen vil måtte verte betalt for kvart eksamensforsøk. Når det gjeld spørsmålet om å innføre sperretid for ny løyveeksamen ved fusk eller forsøk på fusk, vil departementet vurdere om det er behov for eit slikt tiltak i lys av erfaringane ein får etter at den nye ordninga er sett i verk. Departementet vil i denne samanheng òg vurdere om ei slik ordning kan fastsetjast i forskrift, eller treng heimel i yrkestransportlova. Når det gjeld merknaden frå Landsorganisasjonen i Norge gjer departementet merksam på at alle som må gå opp til eksamen må betale gebyret uavhengig av om dei har hatt løyve tidlegare.