Prop. 55 L (2022–2023)

Endringar i gravplassloven m.m. (digitalisering av gravferdsmeldinga og behandling av personopplysningar)

Til innhaldsliste

6 Dei økonomiske og administrative konsekvensane

Digitaliseringa av gravferdsmeldinga vil kunne gi innsparingar, blant anna knytte til bortfall av manuell inntasting av data frå skjema V-0916 til fagsystemet til gravplasstyresmakta.

Utviklingsoppgåvene Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har som tenesteeigar for digital gravferdsmelding, har fått tilskot frå medfinansieringsordninga til Digitaliseringsdirektoratet.

Framlegget om å gi eit klart behandlingsgrunnlag for personopplysningar vil truleg ha avgrensa, men positive økonomiske og administrative konsekvensar. Eit manglande behandlingsgrunnlag kunne skape tvil og tvistar som krev omfattande ressursbruk.

Høvet til deling av opplysningar omfatta av teieplikt vil kunne forenkle private avgjerdsprosessar og offentleg saksbehandling. Sjølv om automatisering av avgjerder ikkje skulle vere mogleg på kort sikt, vil høvet til deling av opplysningar på noko sikt gjere det mogleg med avgjerdsstøtte som kan spare administrative ressursar hos gravplasstyresmakta og kommunen. Deling av opplysningar stiller på den andre sida krav til informasjonstryggleik, avtalar og tilgangar som vil krevje nokre ressursar å etablere hos aktørane.

Å gi statsforvaltaren og godkjende krematorium tilgang til opplysningar som er omfatta av av teieplikt etter folkeregisterloven, vil ha avgrensa økonomiske og administrative konsekvensar. Framlegget vil ha avgrensa økonomiske og administrative konsekvensar for Skatteetaten, og dersom det ikkje er behov for ei ny tilgangspakke, vil konsekvensane vere svært avgrensa.

Endringa som gjer det klart at berre kyrkjelege gravplasstyresmakter skal fremje budsjettframlegg for kommunen, vil ikkje ha merkande økonomiske eller administrative konsekvensar.

Å utsetje enkelte kremasjonar på små krematorium vil spare ressursar til oppvarming av kremasjonsomn. Det kan gi lågare utslepp. Det kan òg føre til innsparingar i arbeidstid dersom fleire kremasjonar kan samlast på éin arbeidsdag. Framlegget vil elles ha avgrensa økonomiske eller administrative konsekvensar.

Opphevinga av Norske Lov 2-1 vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida