Prop. 55 L (2022–2023)

Endringar i gravplassloven m.m. (digitalisering av gravferdsmeldinga og behandling av personopplysningar)

Til innhaldsliste

7 Merknader til lovframlegget

Til gravplassloven § 3

Framlegget gjer det klart at det berre er kyrkjelege gravplasstyresmakter som skal fremje budsjettframlegg for kommunen, ikkje kommunar som har teke over ansvaret som lokal gravplasstyresmakt. Framlegget er omtalt i punkt 4.1.

Til gravplassloven § 10

Framlegget går ut på at fristen for kremasjon blir formulert slik at kista skal leverast til krematoriet seinast 10 yrkedagar etter dødsfallet. Etterlatne har dermed like lang tid til å gjennomføre seremoni ved kremasjon som ved kistegravlegging. Framlegget er omtalt i punkt 4.2.

At fristen for kremasjon blir knytt til leveringa til krematoriet, vil gi noko meir tid til å halde seremonien. Dei fleste bør makte å halde seremoni før kremasjon innan same frist som for kistegravlegging. Lovendringa bør derfor føre til færre søknader om utsetjing. Omsynet til at etterlatne slit med å rekkje fram til ein seremoni innan 10 yrkedagar etter dødsfallet, vil framleis svært sjeldan tilseie forlenging av fristen, jf. gravplassloven § 13 andre ledd.

Til gravplassloven § 23 fjerde ledd

Framlegget gir eigarar av godkjende krematorium og statsforvaltaren tilgang til opplysningar i Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt. Departementet viser til omtala i punkt 3.4

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er tenesteeigar for digital gravferdsmelding i utviklings- og driftsfasen, og lovframlegget sørgjer for at den digitale tenesta kan hente inn folkeregisteropplysningar omfatta av teieplikt. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er som tenesteeigar behandlingsansvarleg, jf. personvernforordninga artikkel 4 nr. 7, medan Digdir er databehandlar for behandlinga av personopplysningar i felleskomponenten Altinn (artikkel 4 nr. 8).

Det er departementet som godkjenner krematorium, jf. gravplassloven § 4 andre ledd. Dei fleste krematorium er eigde av anten kommunar eller kyrkjelege fellesråd. Per i dag er det eitt interkommunalt selskap (IKS) som eig eit krematorium. IKS-et er eininga som Skattedirektoratet etter søknad vil vurdere å gi tilgang til opplysningar omfatta av teieplikt. Kommunane som eig IKS-et, er ikkje relevante i denne samanhengen. Folkeregisterstyresmakta vil ikkje finne registerdata som viser kva for krematorium som er godkjende av departementet, men vil kunne vende seg til Barne- og familiedepartementet ved tvil om eit krematorium er godkjent.

Tenesta digital gravferdsmelding er under utvikling. Det kan derfor ikkje no avklarast kva for folkeregisteropplysningar det kan bli naudsynt at statsforvaltaren som tenesteeigar får tilgang til. Det er ikkje avklart kva for relasjonsopplysningar (barn, ekteskap osv.) som det er relevant og teknisk mogleg å nytte i digital gravferdsmelding.

Statsforvaltarane vil få tilgang berre så langt dei har oppgåver etter gravplassloven. Alle statsforvaltarar behandlar saker om oskespreiing. Dei fleste oppgåvene etter gravplassloven er samla hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Folkeregisterloven har ei anna og meir presis avgrensing enn forvaltningsloven av kva for opplysningar som er omfatta av teieplikt. Etter forvaltningsloven er avgrensinga i stor grad knytt til forståinga av «noens personlige forhold» i § 13 første ledd. Teieplikta etter folkeregisterloven omfattar ikkje opplysningar om ein persons fulle namn, fødselsdato, kjønn, fødsels- og d-nummer, grunnlaget for registrert identitet, adresse, kontaktopplysningar for dødsbu, fødestad, statsborgarskap, sivilstand, verjemål, stadfesta framtidsfullmakt og dødsdato, med mindre slike opplysningar røper eit klienttilhøve eller anna som gjer at opplysningane er å rekne for personlege. Teieplikta omfattar ikkje historiske opplysningar om namn og adresse.

Opplysninga om at ein person har døydd, er ikkje omfatta av teieplikt. I utgangspunktet er opplysning om at ein person er død, omfatta av teieplikta etter folkeregisterloven § 9-1 første ledd, sjølv om dødsdatoen er unnateken etter andre ledd. Det følgjer likevel av folkeregisterforskriften § 9-1-1 at «registreringsstatusene bosatt, utflyttet, død, opphørt og inaktiv» er unnatekne frå teieplikta.

Omsynet til etterlatne tilseier varsemd (til dømes forseinka vidarebruk av opplysninga) med å spreie opplysningar om eit dødsfall rett etter dødsfallet, til dømes før dei næraste har fått informasjon om dødsfallet. Dette er eit omsyn ein må leggje vekt på i utviklinga av digital gravferdsmelding.

Til gravplassloven § 25

Framlegget sørgjer for at statsforvaltaren som tenesteeigar har behandlingsgrunnlag for personopplysningane medan dei ligg i tenesta, sjølv om statsforvaltaren ikkje har oppgåver i einskildsakene. Behandlingsgrunnlag er ein føresetnad for at statsforvaltaren skal kunne vere såkalla tenesteeigar for den digitale tenesta. Oppgåva med å leggje til rette for den digitale avgjerdsprosessen er føreslått lagt til statsforvaltaren, med sikte på nærare plassering til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. Framlegget er omtalt i punkt 3.1.

Føresegna gir statsforvaltaren eit høve til å løyse ei oppgåve, jf. ordet «kan», og gjev ikkje innbyggjarane rett til å kunne løyse oppgåvene sine digitalt eller statsforvaltaren ein plikt til å leggje til rette for det.

Formuleringa «valg om gjennomføring av gravferdsseremoni» kan omfatte ei rekkje spørsmål. Departementet meiner det ikkje er tenleg å avgrense vala i lova, men at ein i utviklinga av den digitale tenesta kan ta omsyn til kva som er teknisk og rettsleg mogleg, i lys av kva innbyggjarane har størst nytte av. Føresegna gir ikkje statsforvaltaren oppgåver med å tilby seremoniar eller seremonilokale.

Seremoni kan vere meir enn den tradisjonelle samlinga kring kista med musikk, blomar og talar. I nokre gravferder kan dei etterlatne ønskje fleire (typar) seremoniar.

Føresegna gir ingen rett til å presentere eller marknadsføre seremonitilbodet sitt i digital gravferdsmelding. Statsforvaltaren kan i arbeidet med å utvikle digital gravferdsmelding vurdere ulike måtar å vise seremonitilboda etterlatne kan velje mellom, til dømes ved at tilbodet etterlatne blir presenterte for, reflekterer staden (kommunen) etterlatne sjølv har peikt ut at det er aktuelt å halde gravferdsseremonien. I utviklinga av digital gravferdsmelding må ein vege omsynet til å likebehandle trus- og livssynssamfunna mot praktiske omsyn, til dømes at etterlatne ikkje må bla seg gjennom lange lister med samfunn. Statsforvaltaren kan vidare vurdere om det bør vere mogleg å sende inn gravferdsmeldinga utan å ha gjort noko val om seremonien.

Lovframlegget gir ikkje statsforvaltaren i oppgåve å leggje til rette for digital saksbehandling i kommunane av konfliktsaker eller der ingen sørgjer for gravferda, jf. gravplassloven § 9 tredje og femte ledd.

Sjølv om departementet kan styre statsforvaltaren med instruks, kan det vere tenleg å gi informasjon i forskrift om oppgåvene som blir løyste ved bruk av digital gravferdsmelding. Heimelen i andre punktum er avgrensa til å gi forskrift om digital gravferdsmelding, bruk av infrastruktur og innhenting av opplysningar på vegner av brukaren. Forskrifta kan blant anna gjere det kjent kva for opplysningar som blir henta inn om dei som loggar seg på digital gravferdsmelding.

Til gravplassloven § 26

Framlegget gir uttrykkeleg behandlingsgrunnlag for personopplysningar, òg slike som er verna etter personvernforordninga artikkel 9 om særlege kategoriar av personopplysningar. Framlegget er ei presisering og tydeleggjering av gjeldande rett som allereie gir behandlingsgrunnlag for personopplysningar, med ei utviding når det gjeld gravferdsseremoni. Framlegget til første ledd er omtalt i punkt 3.2.

Det primære føremålet med første ledd er å gi eit klart behandlingsgrunnlag for personopplysningane som det er naudsynt å behandle i digital gravferdsmelding. At behandlingsgrunnlaget ikkje er avgrensa til den digitale tenesta ein no eller i framtida kallar digital gravferdsmelding, opnar for å utvikle nye digitale tenester knytte til denne livshendinga, og gir ein ønskt fleksibilitet til å møte framtidige behov og initiativ. Det er eit vilkår at behandlinga er naudsynt, slik det òg går fram av personvernforordninga. Behandlinga må vere naudsynt for visse oppgåver. Det er berre forvaltningsorgan eller einingar med ansvar for desse oppgåvene som vil ha behandlingsgrunnlag etter føresegna. Som «oppgaver etter loven her» er blant anna å rekne rettsleg regulerte val og godkjenningar, som å velje kremasjon eller kistegravlegging.

Etter høyringa er framlegget utvida slik at personopplysningar kan behandlast for at etterlatne kan velje eit trus- eller livssynssamfunn til å gjennomføre gravferdsseremoni. Denne oppgåva er ikkje regulert i gravplassloven. Valet av gravferdsseremoni vil normalt vere grunngjeve i trua og livssynet til avlidne, jf. gravplassloven § 1, men kan òg seie noko om dei etterlatne (levande menneske), jf. forordninga artikkel 9. Fordi ein ikkje kan vite om valet har den eine eller andre grunngivinga og fordi slike opplysningar er naudsynte i dei aller fleste gravferder, treng statsforvaltaren og andre som seinare skal bruke opplysningane, behandlingsgrunnlag for dei i digital gravferdsmelding. Føresegna gir ikkje plikt til å tilby seremoniar eller seremonilokale.

Ordvalet «tros- eller livssynssamfunn» avgrensar ikkje aktuelle samfunn til dei som er registrerte eller mottek tilskot etter trossamfunnsloven. Ein kan tenke seg at ikkje-registrerte trus- eller livssynssamfunn vil ønske å tilby gravferdsseremoniar. Òg opplysningar om val av seremoni tilbydd av gravferdsbyrå eller andre kommersielle verksemder, vil kunne behandlast i den digitale tenesta.

Formuleringa «valg av tros- eller livssynssamfunn til å gjennomføre gravferdsseremonien» er ikkje er meint å avskjere at det blir teke val om det nærare innhaldet i seremonien. Dei andre vala vil truleg normalt ikkje seie noko om trua eller livssynet til dei etterlatne, med mogleg unntak for opplysningar om val av «grav som er særskilt tilrettelagt for å imøtekomme religiøse og livssynsmessige minoriteters behov», jf. gravplassloven § 6 andre ledd. Framlegget er meint å gi behandlingsgrunnlag òg dersom det blir gjennomført fleire (typar) seremoniar.

Det er berre organ nemnde i første punktum som etter framlegget får behandlingsgrunnlag. Etter høyringa er «eier av krematorium» endra til «godkjente krematorier». Det er verksemda og ikkje eigarorganet som har oppgåver og utøver mynde etter lova. Berre krematorium som er godkjende av departementet, jf. gravplassloven § 4 andre ledd, får behandlingsgrunnlag etter første punktum.

Andre punktum gir departementet høve til å gi forskrift som avgrensar eller presiserer behandlinga som kan skje med grunnlag i første punktum. Korleis digital gravferdsmelding blir innretta, vil ramme inn den praktiske behandlinga av personopplysningar i tenesta. Punktumet nemner ei rekkje tilhøve departementet kan gi reglar om i forskrift, blant anna kva for personopplysningar som kan behandlast (dataminimering). Det er tenleg tidleg i eit utviklingsarbeid å ha relativt vide høve til å gi forskrifter. For å vareta og verne rettane og interessene til dei registrerte, kan departementet gi forskrift om retting og sletting.

Framlegget til andre ledd er omtalt i punkt 3.3. Leddet gjeld deling av opplysningar omfatta av teieplikt. Dei fleste vala dei etterlatne tek om gjennomføring av gravferda og seremoni vil truleg ikkje vere omfatta av teieplikt.

Delingaav opplysningar omfatta av teieplikt første punktum opnar for, har tre hovudavgrensingar. Det gjeld for det første kven opplysningane kan delast med. Det er offentlige og private verksemder, domstolane og forvaltningsorgan. Kva for private verksemder som er omfatta, kan bli avgrensa i forskrift etter andre punktum. For det andre er føremålet med delinga avgrensa til «å utøve myndighet eller utføre andre oppgaver etter loven» og til «å ivareta etterlattes valg av tros- eller livssynssamfunn til å gjennomføre gravferdsseremonien». For det tredje må delinga vere naudsynt for å utføre oppgåvene eller utøve myndet.

Alternativet «private virksomheter» vil omfatte alle som kan registrere seg i einingsregisteret, jf. forskrift om registrering i Enhetsregisteret § 8, jf. enhetsregisterloven § 4. Dette omfattar mange typar verksemder. Delinga vil i hovudsak omfatte trus- og livssynssamfunn og gravferdsbyrå så langt dei har oppgåver nemnde i første punktum.

Domstolane har oppgåver etter gravplassloven § 9 femte ledd som kan gjerast meir effektivt dersom opplysningar omfatta av teieplikt kan delast.

Kva for opplysningar som vil bli førehandsutfylte frå Folkeregisteret, og kven som vil få tilgang til dei, må vurderast nærare i utviklingsarbeidet i lys av omsynet til personvern og i lys av i kva grad relasjonsopplysningar i Folkeregisteret er brukande i digital gravferdsmelding.

Korleis digital gravferdsmelding blir innretta, vil ramme inn delinga av opplysningar omfatta av teieplikt i den digitale tenesta. Deling er ikkje avgrensa til tenesta ein no eller i framtida kallar digital gravferdsmelding. Dette opnar for å utvikle nye digitale tenester for denne livshendinga.

I andre punktum er det føreslått at departementet i forskrift kan avgrense kva for private verksemder opplysningar kan delast med. Det er vidare føreslått at departementet kan fastsetje plikt til å dele opplysningar, fastsetje at enkelte opplysningar ikkje kan delast og setje vilkår for delinga. Slike vilkår kan gjelde blant anna kven opplysningane kan utleverast til, kva for opplysningar som kan delast, presisere føremålet med delinga (føremålsavgrensing), kor lenge opplysningar kan lagrast, behandlingar og framgangsmåtar og tiltak for å sikre lovleg og rettferdig behandling.

Sjølv om det har samanheng med gravferda, vil kjøp av kiste, urne, gravminne, gravstell osv. ikkje vere ei oppgåve etter lova. Deling av eventuelle opplysningar omfatta av teieplikt i samanheng med slike kjøp må byggje på eit anna grunnlag.

Framlegget er meint å gi grunnlag for å dele opplysningar òg dersom det blir gjennomført fleire (typar) seremoniar. Deling av opplysningar som har samanheng med seremoni er ikkje avgrensa i tid til seremoniar som skjer før gravlegginga eller kremasjonen, men vil omfatte til dømes såkalla urneseremoni og eventuell seremoni ved urnenedsetjinga eller oskespreiinga.

Til endringane i §§ 23 a til 28

Departementet nytter høvet til å gi fortlaupande nummerering i kapittel 4 i lova. Med lovframlegga i proposisjonen her ville kapittelet elles fått fire innskote paragrafar av tretten. Rekkefølgja er endra for å få ein betre tematisk struktur. Endringane inneber inga realitetsendring.

Til endringa i Norske Lov

Opphevinga av Norske Lov 2-1, som frå 1687 har fastsett læregrunnlaget for den evangelisk-lutherske kyrkja i Noreg, reflekterer sjølvstendet til Den norske kyrkja. Endringa er omtalt i punkt 5.

Til føresegna om ikraftsetjing

Etter framlegget skal lova gjelde frå den tida Kongen fastset. Dei enkelte føresegnene kan setjast i verk til ulik tid.

Til forsida