Prop. 77 L (2020–2021)

Endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av kjønnsnøytral tittel på fylkesmannen

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovframlegget

Regjeringa har bestemt at kjønnsspesifikke stillingstitlar skal endrast til kjønnsnøytrale stillingstitlar i alle verksemdene i staten. Difor er det naudsynt å endre tittelen «fylkesmann» til ein kjønnsnøytral tittel. Når tittelen fylkesmann vert endra, vert òg namnet på verksemda endra. Departementet bad om forslag til nytt kjønnsnøytralt navn frå fylkesmannsembeta sjølve og departementa, høvesvis i brev 19. mai 2020 og 6. juli 2020. Vidare har departementet, mellom anna på Facebook, bede om forslag frå innbyggjarane til nye namn på fylkesmannen og fylkesmannsembeta. Departementet har òg motteke fråsegner frå Språkrådet og andre interesserte, og har etter dette gjort vedtak om at namnet «fylkesmannen» vert endra til «statsforvalteren» på bokmål og «statsforvaltaren» på nynorsk. Det vert og den nye tittelen på embetet. Det nye namnet tok til å gjelde frå 1. januar 2021.

Proposisjonen gjeld berre ei endring av namn etter at departementet offentleg har innhenta forslag til namn. Lovforslaget har difor ikkje vore på alminneleg høyring, ettersom dette openbart ikkje var naudsynt. Departementet viser her til utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd, tredje kulepunkt.