Prop. 8 LS (2017–2018)

Endringar i vegtrafikkloven (køyretøykontroll og fartsskrivar) og samtykkje til godkjenning av vedtak nr. 122/2016 i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 165/2014

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett og rettstilhøva i andre land

3.1 Gjeldande rett

3.1.1 Eigars plikter

Gjeldande vegtrafikklov § 19 første ledd fastset ei plikt for køyretøyeigaren, eller den som rår over køyretøyet på eigaren sine vegne, til å få køyretøyet framstilt til kontroll og til å gi kontrollstyresmaktene opplysningane dei krev ved kontroll. I tillegg regulerer paragrafen i dag m.a. godkjenning og tilsyn med verkstader og tilfeldig, ikkje-meldt kontroll langs veg.

3.1.2 Kontroll langs veg

Vegtrafikkloven § 10 første ledd gir politiet og kontrollpersonell frå regionvegkontora kompetanse til å gjennomføre alle typar trafikkontroll, inkludert kontroll av tunge køyretøy langs veg. Både politi og regionvegkontoret har heimel til å stanse køyretøy i samband med trafikkontroll utan varsel og utan mistanke om lovbrot. Innhaldet i kontrollane kan anten følgje av vegtrafikkloven med forskrifter, eller av anna lovgiving.

Vegtrafikkloven § 19 andre ledd siste setning, gir heimel til teknisk utekontroll av køyretøy. Lovføresegna gir forskriftsheimel for «tilfeldig og uanmeldt kontroll langs vegen». Forskrift av 13. mai 2009 nr. 590 om kontroll av tunge køyretøy langs veg, er gitt med heimel i § 19 andre ledd. Forskrifta gjennomfører direktiv 2000/30/EF som gir føresegner om blant anna kontrollpunkt, kontrollmetodar og vurdering av manglar. Direktivet har også administrative føresegner for kontrollane, irekna for utveksling av informasjon mellom landa og rapportering. Kontrollmetodar og vurdering av manglar er tekne inn i Instruks for trafikkontroll i Statens vegvesen («Trafikkontrollinstruksen»). Statens vegvesen og politiet er kontrollstyresmakter etter forskrifta. Vidare har Tolletaten delegert myndigheit til å kontrollere dekk, kjetting og betalingsbrikke etter forskrift av 12. november 2013 nr. 1310. Ordninga med kontroll av tunge køyretøy langs veg er viktig for å oppretthalde eit høgt nivå på trafikktryggleiken og er eit supplement til den årlege periodiske køyretøykontrollen.

3.1.3 Særskilt om kontroll av køyre- og kviletid

Reglane om køyre- og kviletider og bruk av fartsskrivar gjeld for køyretøy med tillating for totalvekt over 3,5 tonn, som driv med gods- og persontransport på veg. Formåla med reglane er trafikktryggleik, betre arbeidsvilkår for sjåførane og å trygge lik konkurranse i vegtransportnæringa. Kontroll av fartsskrivaren er nødvendig for å følgje opp at sjåførane ikkje køyrer så lenge at det strir mot reglane. Køyre- og kviletidsforskrifta gir nærare føresegner om kontroll.

3.1.3.1 Juks og manipulasjon m.m.

Manipulasjon og juks med fartsskrivar og køyre- og kviletidsdata er eit problem, og den teknologiske utviklinga gjer dette mogleg i stadig meir avanserte former. Manipulasjon eller anna juks blir i utgangspunktet avdekt i trafikkontroll langs veg. Under kontrollen kan det vere situasjonar der kontrollpersonalet har ei grunngitt mistanke om juks/manipulasjon utan at det lar seg kontrollere med dei hjelpemiddel ein har til disposisjon ute. Difor kan det vere behov for ytterlegare undersøking på ein stad kor ein finn fasilitetar og utstyr for formålet. I praksis tyder dette fartsskrivarverkstader. Vegtrafikkloven § 10 gir heimel til trafikkontroll, og seier at føraren pliktar å etterkomme påbod gitt med heimel i vegtrafikkloven. Føraren pliktar m.a. i medhald av bruksforskrifta § 1-8, å køyre til ein kontrollplass (bokstav d) og etterkomme påbod om å utbetre køyretøy eller utstyr, før det kan køyrast vidare (bokstav g). Vegtrafikkloven § 36 har ein vidare heimel til å forby bruken av køyretøy, og inndra kjennemerker og vognkort, dersom forholda etter nr. 1 bokstav a–g ligg føre. Bruksforbodet kan i tillegg sikrast ved bruk av hjullås e.l.

For brot på køyre- og kviletidsreglane generelt, har Statens vegvesen i vegtrafikkloven § 36 nr. 9 og køyre- og kviletidsforskrifta § 13, heimel til å pålegge ein sjåfør kvile, dersom vidare køyring kan sette trafikktryggleiken i fare. Føresegna gir heimel til å «halde tilbake sjåføren», ikkje køyretøyet, slik at ein annan sjåfør kan køyre det vidare. Dersom det blir avdekt juks og manipulasjon av fartsskrivaren, seier Statens vegvesen sin trafikkontrollinstruks at det skal meldast til politiet og at ein skal vurdere om det er behov for bistand frå politiet for å sikre bevis. I dei tilfella der sjåførkort som blir nytta til fartsskrivaren er t.d. forfalska, har Statens vegvesen i medhald av køyre- og kviletidsforskrifta § 4 ein særskilt heimel til å inndra korta. Eidsivating lagmannsrett kom i ei rettsavgjerd av 1. oktober 2015 fram til at vegtrafikkloven §§ 13 og 21 ikkje gir tilstrekkeleg forskriftsheimel for eit forbod mot manipulasjon av fartsskrivar. Departementet er i utgangspunktet av ei anna oppfatning, men vil likevel vurdere behovet for ei presisering av lovteksten her.

3.1.3.2 Krav til kompetanse

For å kunne kontrollere køyre- og kviletid, må kontrolløren ha eit kontrollkort.

Kontrollkort kan for det første bli utferda til person som kan utføre kontroll etter § 10 i køyre- og kviletidsforskrifta. Per i dag er dette politiet og regionvegkontoret.

Det andre vilkåret for å utferde kontrollkort er at personen har gjennomført opplæring i samsvar med køyre- og kviletidsforskrifta § 7, andre ledd. Det følgjer av føresegna at Vegdirektoratet kan gi krav om nødvendig opplæring og autorisasjon av kontrollørar. Slike krav er gitt i NA-rundskriv 2010/1 som fastset at etter 1. september 2010, må kontrollørar ha gjennomført trafikant- og køyretøystudiet. Rundskrivet listar opp fleire element som køyre- og kviletidsopplæringa skal innehalde og fastset at opplæringa må gjennomførast av alle køyre- og kviletidskontrollørar som er tilsette ved regionvegkontora. Opplæringa av politi som kontrollerer køyre- og kviletid følgjer eit anna løp. For politibetjentar i utrykkingspolitiet som driv spesifikt med kontroll av tunge køyretøy (tungbilpatruljar) krevst det eit spesialkurs som inneheld faga køyre- og kviletid, sikring av last, løyveføresegner og kontroll med transport av farleg gods på veg (ADR).

3.1.3.3 Personopplysningar og datahandsaming

Vegtrafikkloven § 21 fastset at departementet kan gi forskrifter om plikt til å registrere opplysningar om blant anna køyre- og kviletid, og om lagring, nedlasting, oppbevaring, innsending og kontroll av opplysningane, og om kontrollstyresmaktene sin tilgang til verksemder, køyretøy og kontrollapparat. Vegtrafikkloven § 13 fjerde ledd fastset dessutan at departementet kan gi forskrift om at køyretøy skal bli utstyrte med eit apparat for registrering av køyre- og kviletid, og gi nærare føresegner om godkjenning, montering og kontroll av slike apparat.

Køyre- og kviletida blir registrert av sjåføren ved hjelp av fartsskrivaren, på diagramskiver (analog fartsskrivar) eller på sjåførkort. Data frå digital fartsskrivar skal bli lasta ned med jamne mellomrom og lagrast på ein trygg måte i eitt år. Plikta gjeld også diagramskiver. Føretaka skal handsame fartsskrivardata i samsvar med personopplysningslova, jf. køyre- og kviletidsforskrifta § 6 siste ledd. Kontroll av køyre- og kviletid blir utført anten ved trafikkontroll, eller ved føretakskontroll, jf. vegtrafikkloven §§ 10 og 21 og køyre- og kviletidsforskrifta §§ 11 og 12. Når det gjeld Statens vegvesen sine kontrollar, blir data gjort tilgjengelege med eit kontrollkort, lasta ned med eit eige verktøy, analyserte i eit analyseprogram og lagra i eit digitalt kontrollsystem (VaDIS). Nærare rutinar for gjennomføring av kontroll og handsaming av data er gitt i interne kvalitetssystem og i trafikkontrollinstruksen.

Status på fartsskrivarkort kan ein også kontrollere. Tryggleika til systemet kvilar på ein føresetnad om at kvar sjåfør skal ha sitt eige unike sjåførkort. For å sikre dette blir det ført eit nasjonalt register over fartsskrivarkort (kalla DIFAS). EØS-statane utvekslar også data om fartsskrivarkort elektronisk via meldesystemet TACHOnet, eventuelt via anna kompatibelt system. Både det nasjonale registeret og utveksling av personopplysningar har heimel i gammal fartsskrivarforordning som er gjennomført i køyre- og kviletidsforskrifta § 1.

3.1.4 Periodisk køyretøykontroll

Vegtrafikkloven § 19 gir òg heimel for kontroll av køyretøy, kor eigaren skal sjå til at køyretøyet blir framvist på bestemte stader (godkjenningskontrollar og periodisk kontroll). Paragraf 19 andre ledd første setning blei lagt til for å gi nødvendig lovheimel til å gjennomføre EØS-forpliktingane for periodisk køyretøykontroll. Endringa tok til å gjelde 1. mai 1994.

Ordninga med periodisk kontroll er grunngitt i og utforma for å sikre at køyretøy i bruk blir halde i sikker og miljømessig akseptabel stand. Dei nærare reglane om godkjenning av og tilsyn med verksemder som gjennomfører periodisk køyretøykontroll går fram av forskrift 13. mai 2009 nr. 591 om periodisk kontroll av kjøretøy. Forskrifta gjennomfører direktiv 2009/40/EF om teknisk kontroll med motorkøyretøy og tilhengarar i norsk rett.

Kontrollordninga har ikkje blitt vesentleg endra sidan 1998, då personbilane blei innlemma i ordninga. Ein opererer framleis med same kategoriar køyretøy som skal ha periodisk kontroll, og kontrollintervalla er i hovudsak dei same. Det har likevel vore endringar i kontrollinnhaldet og kontrollmetodar.

Myndigheit til å gjennomføre periodisk kontroll blei frå starten av lagt til private, godkjente køyretøyverkstader og teststasjonar (NAF), saman og i konkurranse med Statens vegvesen for å gi best mogleg utnytting av hallkapasiteten, betre tilgang på kontrollstader for køyretøyeigarane og lågare reise- og tidskostnader. Departementet uttalte særskilt at ei rekke rutebillag utfører kontroll ved sine eigne verkstader, og at ein tok sikte på å gjere det mogleg for dei å fortsette med det.

Dei periodiske kontrollane blir i dag utførte av private kontrollorgan som er godkjente av regionvegkontoret. Det er i forskrift gitt krav til lokale, utstyr mv. og korleis kontrollane skal bli gjennomførte. Vidare er det gitt føresegner om tilsyn med kontrollorgana og reaksjonar ved brot på føresegnene om etablering og drift.

Slik gjeldande § 19 andre ledd er utforma, er godkjenning og tilsyn med utføringa av periodisk kontroll knytt opp mot stader som gjennomfører slik kontroll. Det er ikkje heimel for å gi nærare føresegner om godkjenning av personar som gjennomfører periodisk kontroll. Forskrift om periodisk kontroll av køyretøy § 12 sett likevel krav om at personalet som utfører kontroll skal ha «nødvendig kompetanse». Ein gir vidare konkrete kunnskapskrav i form av bl.a. kunnskap om kontrollinstruks og praktisk kontrollkompetanse. For kontrollørar som skal kontrollere køyretøy med trykkluftmekaniske bremser er det også krav til gjennomgått og bestått kurs i bremseprøving. Krava til kompetanse er eit krav til drift som blir følgt opp og kontrollert i regionvegkontora sine tilsyn med kontrollorgana. Dersom ein avdekker manglande kompetanse, vil det kunne føre til reaksjonar mot kontrollorganet.

Gjeldande vegtrafikklov § 19 andre ledd har ikkje føresegner om habilitet hos kontrollorgana eller personar. Han sett heller ikkje krav om vandel.

Det følgjer av vegtrafikkloven § 19 andre ledd at det kan gis nærare føresegner om vederlag for kontroll. I forskrift om periodisk kontroll av køyretøy § 27, jf. § 26 er det fastsett gebyrsatsar for overprøving av kontrollar som er gjennomførte hos kontrollorgana. Dersom køyretøyeigar er usamd i bedømminga til kontrollorganet om manglar, kan han be regionvegkontoret om å overprøve vurderinga. Betaling for gjennomføring av periodisk kontroll er ikkje regulert i forskrifta, men opp til det einskilde kontrollorgan å fastsette.

Det er ikkje heimel i gjeldande § 19 andre ledd for å gi nærare føresegner om gebyr for godkjenning av og/eller tilsyn med stader eller personar som gjennomfører periodisk kontroll. Det følgjer heller ikkje direkte av paragrafen at ein kan gi forvaltningsreaksjonar ved brot på krava til etablering og drift av kontrollorgan. Nærare reglar om reaksjonar finst likevel i forskrift om periodisk køyretøykontroll § 24.

3.1.5 Krav til køyretøyverkstader m.m.

Det følgjer av vegtrafikkloven § 19a første ledd at berre køyretøyverkstader som er godkjente av Statens vegvesen kan utføre reparasjon- og vedlikehald mv. på motorvogn og tilhengar. Etter § 19 a andre ledd kan somme typar køyretøy eller somme typar arbeid bli unntatte i forskrift. Paragraf 19 a tredje ledd gir heimel for forskrift til gjennomføring og utfylling av paragrafen, bl.a. vilkår for godkjenning, plikter, tilbakekall av godkjenning og om kontroll av køyretøyverkstader.

Vegtrafikkloven § 19 a blei fastsett ved lovendring i 2004, men det materielle innhaldet er i det vesentlege ei vidareføring av den gamle lova om godkjenning av kjøretøyverkstader. Departementet syner her til Ot.prp. nr. 53 (2003–2004) om lov om endringer i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk.

Nærare føresegner om godkjenning av og tilsyn med køyretøyverkstader står i forskrift 13. mai 2009 om køyretøyverkstader (verkstadforskrifta). Forskrifta regulerer kva typar arbeid som krev godkjenning, kva for type godkjenning ein kan gi, vilkår som må vere fylde for å få godkjenning og plikter som køyretøyverkstadene må fylle for å behalde godkjenninga. Forskrifta har også føresegner om tilsyn og kva for reaksjonar tilsynsmyndigheita kan nytte ved brot på vilkåra for etablering og drift.

Hovudformålet med gjeldande § 19 a og verkstadforskrifta er å regulere arbeid på komponentar på køyretøy som er viktige for trafikktryggleiken og å sikre at arbeidet går forsvarleg føre seg av kompetent person. Vegtrafikkloven § 19 a har ikkje føresegner om godkjenning av teknisk leiar eller personale. Det er heller ikkje gitt føresegner om gebyr for godkjenning eller tilsyn.

3.1.6 Krav til spesialverkstader vtrl. § 13 femte ledd

Gjeldande vegtrafikklov § 13 femte ledd har følgjande ordlyd:

«Departementet kan gi nærmere bestemmelser om godkjenning og kontroll av verksteder som skal montere, kontrollere eller reparere sikkerhetsmessige eller miljømessige innretninger i kjøretøyer. Departementet kan gi forskrifter om gebyr for godkjenning av og tilsyn med verksteder for fartsskriver».

Føresegna blei teke inn i vegtrafikkloven ved lovendring 23. juni 1995 nr. 40, jf. Ot.prp. nr. 46 (1994–95). Ho er utforma som ein generell heimel til å kunne sette forskriftskrav til verkstader som skal montere, kontrollere og reparere sikkerheitsmessige og miljømessige innretningar i køyretøy. Lovføresegna gir også heimel for nærare føresegner om godkjenning og tilsyn med fartsskrivarverksteder. Då § 13, femte ledd blei vedteke i 1995, var den einaste påtenkte spesialverkstaden fartsskrivarverkstad, men føresegna var ikkje meint til å lukke ute regulering av eventuelle nye typar spesialverkstader i framtida.

3.1.7 Gebyr for fartsskrivarverkstader

Vegtrafikkloven § 13 femte ledd fikk ved lovendring 25. april 2008 eit nytt andre punktum, som gir departementet heimel til å gi forskrifter om gebyr for godkjenning av og tilsyn med verkstader for fartsskrivar. Departementet uttalte i Ot. prp. nr. 17 (2007–2008) at «verkstedene er kommersielle aktører som tilbyr tjenester til lastebileierne. Kostnader til godkjenning og tilsyn vil, som andre kostnader ved næringsdrift, inngå i bedriftens grunnlag for å prise egne tjenester». Det blei vidare uttalt at å finansiere godkjenning og tilsyn med fartsskrivarverkstader med gebyr var i tråd med Finansdepartementet sine retningslinjer for «gebyrfinansiering av statlige myndighetshandlinger.» Dei nærare reglane for godkjenning av og tilsyn med fartsskrivarverkstader er gitt i forskrift 15. oktober 2008 nr. 1116 om fartsskrivarverkstader. Forskrifta gir vilkår og plikter for verkstadene, krav til gjennomføring av arbeid på og kontroll av fartsskrivar, føresegner om tilsyn og forvaltningsreaksjonar og regulering av størrelsen på godkjennings- og tilsynsgebyret. Godkjenningsgebyret er p.t. kr. 22 000, medan tilsynsgebyret er kr. 5 000.

3.2 Rettstilhøva i andre land

3.2.1 Kontroll av tunge køyretøy langs veg

3.2.1.1 Generelt

Kontroll av tunge køyretøy langs veg er ulikt organisert i dei andre nordiske landa, der det er politiet som har ansvar for kontroll av tunge køyretøy langs veg. Dei fleste lovbrota som blir avdekte gjennom kontroll av tunge køyretøy blir der sanksjonerte med bøter. I Noreg er kontrollverksemda organisert slik at både regionvegkontoret og politiet har kontrollmyndigheit. Tyskland har, i likskap med Noreg, organisert kontrollverksemda i forvaltningsapparatet framfor strafferettsapparatet.

3.2.1.2 Tyskland

I Tyskland er det tyske godstrafikkdirektoratet (Bundesamt für Güterverkehr- BAG) ansvarleg for utekontrollen. BAG er organisert med hovudsete i Köln, 11 utestasjonar og eit kontor i Berlin. Direktoratet har rundt 1750 tilsette. Utekontrollen består av 16 kontrolleiningar med ca. 230 kontrollørar.

Kontrollane er i hovudsak regulerte gjennom EU-regelverk, som m.a. reglar om kontroll av køyre– og kviletid, farleg gods (ADR), vekt og dimensjonar på køyretøy mv., med nokre nasjonale særreguleringar. Dersom ein finn indikasjonar på at ein bør sjå nærare på f.eks. bremser, vil kontrolløren følgje køyretøyet til næraste TUV–verkstad, som har godkjenning til å gjennomføre denne typen kontrollar. Brot på det regelverket blir sanksjonert administrativt anten med eit varsel (med eller utan betaling) eller gebyr. Ved brot på døgn- eller ukekvil kan sjåføren også bli pålagd å kvile.

For å kunne kontrollere tunge køyretøy må kontrollørane gjennomgå ei internopplæring over to år, både teoretisk og praktisk. Etter avslutta opplæring er kontrolløren kvalifisert til sjølvstendig å kontrollere dokument, køyre- og kviletid og syning av køyretøyet. Det er ikkje krav om noko spesiell formell kompetanse ved tilsettinga. For å kunne bli spesialist på teknisk kontroll er det krav til forkunnskaper i form av utdanning som mekanikar eller ingeniør i tillegg til opplæring i eitt år.

3.2.2 Kontrollorgan for periodisk køyretøykontroll

Oversikten over rettstilhøva i andre land kva gjeld kontrollorgan for periodisk køyretøykontroll, er avgrensa til Sverige, Danmark og Finland, og til spørsmåla om dei har føresegner om gebyr for godkjenning av og tilsyn med verksemdene for periodisk kontroll, fartsskrivarverkstader og teknisk køyretøykontroll langs veg, kva reaksjonar styresmaktene har til disposisjon for dei tilfella det er avdekte brot på føresegnene om etablering og drift av kontrollverksemdene og tekniske krav til køyretøy i bruk, og vidare om ein har gitt reglar om habilitetsreglar. Desse spørsmåla er anten ikkje regulerte av direktiv 2014/45/EU eller reguleringane gir medlemsstatane ein vid margin for skjønn.

3.2.3 Gebyr for godkjenning og/eller tilsyn

3.2.3.1 Sverige

Periodiske køyretøykontrollar blir gjennomførte av private kontrollorgan i Sverige. Dei nyttar akkreditering som metode for å få bekrefta at kontrollorganet arbeidar etter regelverket. Akkrediteringsselskapet SWEDAC har tilsyn med verksemdene. SWEDAC er etter lova gitt myndigheit til å gi føresegner om avgift for blant anna kontrollorgan. Lov (2011:791) om ackreditering och teknisk kontroll § 21 fastset at akkrediterte organ (kontrollorgan) skal betale gebyr for å dekke «kostnaderna för ackreditering, tillsyn och bedömning». Vidare har «styrelsen för ackreditering og teknisk kontroll» myndigheit til å påleggje avgifter som er spesielt knytte til akkreditering og tilsyn etter forskrifta § 21. Dei relevante reglane for kontrollorgan er forskrift STAFS 2013:9, kor det går fram at kontrollorgan skal betale «ansökningsavgift» -søknadsavgift- til SWEDAC. «Ansökningsavgiften» blir rekna ut frå kostnader «som är nödvändige i samband med bedömningsarbetet». Det er også gitt reglar om avgift i samband med endring av akkreditering og om årsavgift.

3.2.3.2 Danmark

Kontrollverksemda i Danmark er sidan 2005 privatisert. Trafik- og Byggestyrelsen som er underlagt Transport- og bygningsministeriet, er myndigheit for godkjenning og tilsyn. Kontrollordninga er regulert i «Lov om godkendelse og syn av køretøjer», og har preg av å vere fullmaktsheimlar. Detaljerte føresegner følgjer av «Bekentgørelse om virksomheter, der foretager syn av køretøjer». Bekjentgjørelsen § 23 seier at dei danske kontrollorgana må betale eit gebyr til Trafik- og Byggestyrelsen for kvar gjennomførte kontroll eller etterkontroll. Manglande betaling fører til tilbakekalling av godkjenninga. I Danmark er det ikkje fastsett gebyr i samband med sjølve godkjenninga av kontrollorgana.

3.2.3.3 Finland

I Finland er det Trafiksäkerhetsverket Trafi, Finland sin transportmyndigheit, som har ansvar for å handsame søknader og tildele godkjenning til kontrollorgan for Periodisk køyretøykontroll. Lag om fordonsbesiktningsverksamhet (13.12.2013/957) gir krav til kontrollorgan som utfører periodisk kontroll av køyretøy. Andre kapittel regulerer «besiktningskoncession» (kontrolltillating). Finske myndigheiter opplyser at ein må betale 1500 euro i samband med godkjenning som kontrollorgan. Gebyret skal dekke kostnader til å handsame godkjenninga. Lova § 36 fastset vidare at «Trafiksäkerhetsverket följer det regionala utbudet av besiktningstjänster, utvecklingen av de avgifter som tas ut för besiktning och besiktningsverksamheten även i övrigt.» For å finansiere tilsynet må kontrollorgana betale ei avgift på 2,20 euro per inspeksjon.

3.2.4 Reaksjonar

3.2.4.1 Sverige

Myndigheitene i Sverige har heimel til å gi eit lovbrotsgebyr dersom ei ikkje- akkreditert verksemd utfører periodisk kontroll på køyretøy. Eit eksempel er kontrollorgan som gjennomfører slik kontroll på køyretøy dei ikkje er akkrediterte for. For verksemder som er akkrediterte, så er ei tilbakekalling av godkjenninga ein mogleg reaksjon. Tilbakekall vil vere aktuelt der kontrollorganet ikkje lenger har nødvendig kompetanse eller elles ikkje fyller krava etter regelverket.

3.2.4.2 Danmark

«Bekentgørelse om virksomheter der foretager syn» kap. 6 har nærare reglar om bortfall og tilbakekalling av godkjenning som kontrollorgan. Tilbakekalling er bl.a. nytta i dei høva der kontrollverksemda grovt eller gjentekne gonger har brote vilkåra i godkjenninga eller har vesentleg, forfallen gjeld til det offentlege.

3.2.4.3 Finland

Dei finske myndigheitene har i likskap med Danmark ikkje heimel til å påleggje økonomiske sanksjonar overfor verksemder.

3.2.5 Føresegner om habilitet

3.2.5.1 Sverige

I Sverige er det krav om at kontrollorganet skal oppfylle krav i regelverket til «oberoenhet» og «opartiskhet». Reglane finn ein delvis i fordonslagen SFS (2002:574) 4 kapittel § 2h og dels i standarden ISO/IEC 17020 under punkt 4.1, 5.2.1 og 6.1.12. Det er her sett krav til at den som utfører kontroll ikkje kan drive sal eller reparasjon på bil.

Føresegnene om habilitet er retta mot kontrollorganet ved at ein gir krav om dei ikkje kan drive anna verksemd som gjer at det kan bli spørsmål om kontrollane er upartiske. Det går fram av fordonslagen SFS (2202:574) at kontrollorgan ikkje må drive eller stå i eit kommersielt, økonomisk eller anna avhengigheitsforhold bl.a. til verksemder som driv handel med eller som reparerer køyretøy som skal ha periodisk køyretøykontroll.

3.2.5.2 Finland

Det finske regelverket har mykje til felles med det svenske. «Lag om fordonsbesiktningsverksamhet 957/2013» § 11 omhandlar «Bedömning av sökandes oberoende». Vurderinga avheng av om kontrollverksemda driv eller står i eit kommersielt, økonomisk eller anna forhold bl.a. til verksemder som driv handel med eller reparasjon av køyretøy som er underlagt periodisk køyretøykontroll. Føresegnene er retta mot kontrollverksemdene.

3.2.5.3 Danmark

Føresegnene om habilitet i den danske spesiallovgivinga er retta dels mot kontrollorgana og dels mot dei tilsette der. Det går fram av § 1 i «Bekentgørelse om virksomheter der fører syn av køretøyer», at ei verksemd som blir godkjent for periodisk køyretøykontroll ikkje kan foreta ervervsmessig reparasjon. Paragraf 19 første ledd syner til at bl.a. den danske forvaltningslov kap. 2 (Inhabilitet) gjeld i samband med «syn og omsyn» (kontroll), som i hovudsak er samanfallande med tilsvarande føresegner i norsk forvaltningslov, jf. forvaltningslova § 6. Bekentgørelsen § 19 andre ledd fastset at synverksemda sine medarbeidarar, inkludert teknisk ansvarleg person, ikkje har høve til å kontrollere køyretøy som verksemda sjølv nyttar eller rår over eller har vesentleg økonomisk interesse i.

3.2.6 Ny fartsskrivarforordning

3.2.6.1 Sverige

Svenske styresmakter syner til at fartsskrivarforordninga inneheld nye krav til verkstader og køyretøyprodusentar, og at brot på dei nye krava må bli sanksjonerte. Dei syner vidare til at forordninga i auka grad krev informasjonsutveksling mellom medlemsstatane, og krev harmoniserte testar og utdanning av kontrollørar. Dei syner til at konsekvensar av den nye typen fartsskrivar er at styresmaktene må typegodkjenne nye komponentar, at politiet må kontrollere ein ny type fartsskrivar, at industrien må utvikle eit nytt produkt, at kontrollorgan må lære seg å kalibrere og undersøke den nye typen fartsskrivar, og at transportføretak må sette seg inn i dei nye krava. Svenske styresmakter vurderer at det er nødvendig med fleire lov- og forskriftsendringar.

Artikkel 24 nr. 2 bokstav c i fartsskrivarforordninga inneheld eit krav til at installatørar, verkstader og køyretøyprodusentar har «good repute». Näringsdepartmentet syner her til at godkjenninga blir gjort gjennom akkreditering etter forordning (EU) 765/2008 om krav til akkreditering og marknadsovervaking i samband med marknadsføring av produkta. Dersom aktørane fyller krava der, er dei vurderte til å fylle krav til vandel. Dei syner m.a. til at artikkel 5 nr. 4 i forordning (EU) 765/2008 seier at dersom den akkrediterte ikkje lenger har nødvendig kompetanse eller i alvorleg grad ikkje har oppfylt sine plikter, så skal akkrediteringssertifikatet kallast tilbake.

Sverige foreslår at nasjonalt regelverk blir endra slik at politiet får myndigheit til å følgje køyretøyet til eit autorisert kontrollorgan, samt ei plikt for kontrollorganet til å utføre slike kontrollar, jf. art. 38 nr. 2.

Forordninga art. 39 set krav til opplæring av kontrollørar. Her opplyser svenske styresmakter at dei ventar til ei gjennomføringsforordning kjem. Dei syner elles til at det i dag er ei intern opplæring i Transportstyrelsen av personale som kontrollerer føretak og at politiet har ei intern opplæring for dei som kontrollerer langs veg. Opplæringa for dei ulike kontrollmyndigheitene er ikkje samkøyrt.

3.2.6.2 Danmark

Danmark har implementert den nye fartsskrivarforordninga med påkravde overgangsføresegner. Danske styresmakter opplyser at materielle regelendringar som følgjer av føresegner som ikkje føreset gjennomføringsrettsakter, jf. artikkel 46 (om overgangsføresegner), er gjorde. Vedlegg 1 B til den gamle forordninga vil gjelde inntil ny gjennomføringsrettsakt ligg føre.

Styresmaktene har tolka kravet til «good repute» i art. 24 nr. 2 bokstav c slik at installatørar, verkstader og køyretøyfabrikantar skal oppfylle eit krav til vandel. Søkaren om autorisasjon som verkstad pliktar å melde opplysningar om personar som er knytte til verkstaden, inkludert opplysningar om eigarskap. Verkstadeigaren eller ansvarleg leiar gir ved søknaden samtykkje til at ein kan slå opp i politiet sine registre, inkludert Kriminalregisteret. Ein må òg samtykkje til at styresmaktene kan søke opplysningar om søkaren eller verkstaden.

Danske styresmakter syner til at ein bør vurdere om undersøkinga av register skal gjelde alle personar i krinsen knytt til verkstaden. Dette gjeld særleg medlemmar av styret (med betydelege eigardelar) eller hovudstyret og/eller andre personar med vesentlege interesser i eit føretak.

Kva gjeld vurderingar som er gjorde i høve til å påleggje verkstader kontroll av fartsskrivaren etter forordninga art. 38, har ein i Danmark vedteke ein heimel for at politiet kan be verkstader kontrollere om fartsskrivaren fungerer korrekt, registrerer og lagrar data korrekt, i tillegg til om kalibreringsparameterane er korrekte. Vidare kan politiet be om spesifikke testar for å vurdere om det ligg føre manipulasjon, jf. bekendtgørelse 184/2016 § 1 stk. 3, jf. § 1 stk. 5.

3.2.6.3 Finland

Finland har, som Noreg, ikkje fartsskrivarprodusentar. Finske styresmakter syner til at den nye fartsskrivarforordninga inneber relativt små endringar i forhold til rettshøva etter den gamle forordninga.

Det skaper likevel endringsbehov at forordninga introduserer ein ny type fartsskrivar, og spesielt krava til datasikkerheit for fartsskrivarkort som ein konsekvens av utviklinga av sjølve apparatet.

Når det gjeld kompetansekrav til kontrollørane, syner finske styresmakter til at kompetansekrava for kontrollmyndigheitene for deira del gjeld den overvakande myndigheita, politiet, toll og grensekontrollen, og deira interne opplæring. Kravet om rapportering til Kommisjonen om opplæringskrava etter forordninga art. 39, skal vonleg utgreiast nærare.

Til forsida