Prop. 8 LS (2017–2018)

Endringar i vegtrafikkloven (køyretøykontroll og fartsskrivar) og samtykkje til godkjenning av vedtak nr. 122/2016 i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 165/2014

Til innhaldsliste

8 Endring av vtrl. § 32 og § 36

8.1 Presisering av «ekstraterritoriell jurisdiksjon»

Vegtrafikkloven § 32 omhandlar såkalla ekstraterritoriell jurisdiksjon, m.a.o. slår den fast at dersom det blir avdekt brot på køyre- og kviletidsreglane i Noreg, kan brota bli sanksjonerte her uavhengig av kva land lovbrota har funne stad. Paragrafen gjennomfører køyre- og kviletidsforordning 561/2006 artikkel 19 nr. 2, jf. også køyre- og kviletidsforskrifta § 14.

I samband med høyringa synte Vegdirektoratet til at det er behov for å presisere ordlyden i gjeldande § 32. Endringsframlegget skal gjere det klart at den ekstraterritorielle jurisdiksjonen også gjeld for føretak, og skal ikkje endre realitetane. Ordlyden i gjeldande vegtrafikklov § 32 nemner ikkje klart subjektet, men syner til kriterium knytte til fysiske personar (statsborgarskap og bustadland). Det blei difor vurdert som tenleg å presisere ordlyden slik at den syner at den ekstraterritorielle jurisdiksjonen kan bli gjort gjeldande for både fysiske og juridiske personar uavhengig av kor ein bur, har statsborgarskap, er etablert, har hovudsete osv.

8.2 Høyringsfråsegnene og vurderinga til departementet

Det har vore få kommentarar til den foreslåtte endringa av § 32. LO meiner det er behov for ei presisering av omgrepet «virksomhet», då både arbeidsgivar og oppdragsgivar kan komme under straffeansvar, blant anna til køyre- og kviletidsføresegnene.

Departementet har vurdert LO sitt innspel. Departementet har komme fram til at omgrepet er tilstrekkeleg presist, og at det ikkje er ønskjeleg verken å snevra inn eller utvide verkeområdet til føresegna ved å endre omgrep. Etter vår oppfatning gjer omgrepet «virksomhet» det tydeleg at ein talar om ein juridisk person. Vår vurdering er at det nærare innhaldet i uttrykket eventuelt vil kunne presiserast i forskrifter til lovheimelen. Departementet held fast høyringsframlegget til § 32 utan endringar.

8.3 Retting av tilvisingsfeil i vegtrafikkloven § 36 nr. 1

Departementet nemner at ein tilvisingsfeil i vegtrafikkloven § 36 nr. 1 bokstav g) blir retta som ledd i dette lovframlegget. Føresegna seier at ein kan gi bruksforbod dersom «kjøretøyet er endret i strid med § 13 femte ledd». Føresegna skal eigentleg vise til § 13 sjette ledd om trimming av motorsykkel eller moped. Vegtrafikkloven § 13 fikk ved lov av 24. mai 2013 nr. 21 eit nytt tredje ledd som følgje av innføringa av heimel for departementet til å fastsette forskrift om at køyretøy med ei tillate totalvekt over 3 500 kg skal vere utstyrte med «elektronisk betalingsenhet» (bombrikke). Som følgje av dette blei daverande femte ledd gjort om til sjette ledd. Ved ein inkurie blei § 36. nr. 1 bokstav g) ikkje retta tilsvarande.

Til forsida