Prop. 87 L (2014-2015)

Endringar i lov om Enhetsregisteret m.m. (registrering av sameigarar m.m.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovframlegget

2.1 Innleiing

Lovforslaget byggjer på eit høyringsnotat som vart utarbeidd i samarbeid mellom Brønnøysundregistra og Nærings- og fiskeridepartementet hausten 2014. Bakgrunnen for gjennomgangen av reglane, var innspel frå Domstolsadministrasjonen og foreininga Norske Lakseelver.

Dei peika på nye reglar som førde til at fleire lag, sameige og bruk trong eit organisasjonsnummer for å kunne få offentlege tilskott og difor måtte registrere seg i Einingsregisteret. Regelen i einingsregisterlova kravde at alle medlemmer i laget måtte registrerast med personnummer. For bruk og sambruk på jordskiftefeltet og for elveeigarlaga, kunne det dreie seg om eit tresifra tal på sameigarar. Kravet om registrering av personnummer førde i fleire tilfelle til at registreringa ikkje var praktisk mogleg å gjennomføre. Laga eller bruka vart dermed forhindra frå å ta imot offentlege tilskott dei elles hadde hatt krav på.

2.2 Høyringa

Høyringsnotatet vart sendt på høyring 20. november 2014 med høyringsfrist 20. januar 2015. I same høyring vart det òg sendt framlegg om endringar i einingsregisterføresegna og føretaksregisterføresegna. Desse framlegga vert òg følgt opp.

Framlegget vart sendt på høyring til følgjande høyringsinstansar:

  • Alle departementa

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)

  • Brønnøysundregistra

  • Datatilsynet

  • Finanstilsynet

  • Forbrukarombodet

  • Konkurransetilsynet

  • Konkursrådet

  • Lotteri- og stiftelsestilsynet

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksrevisjonen

  • Sivilombodsmannen

  • Skattedirektoratet

  • Statistisk sentralbyrå

  • Økokrim

  • Aksjonærforeningen i Norge

  • Bedriftsforbundet

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Revisorforening

  • Finans Norge

  • Forbrukarrådet

  • Handelshøyskolen BI

  • Huseiernes Landsforbund

  • Landsorganisasjonen i Noreg

  • NARF

  • Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund

  • Norges Kommunerevisorforbund

  • Norges skogeierforbund

  • Norske Inkassobyråers Forening

  • Norske Kredittforum

  • Næringslivets hovedorganisasjon

  • OBOS

  • Oslo Børs

  • Skatterevisorenes forening

  • Virke

  • Økonomiforbundet

Det kom inn 21 høyringsfråsegner til høyringa. Følgjande høyringsinstansar hadde merknader til framlegget:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Finansdepartementet

  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Domstolsadministrasjonen

  • Kartverket

  • Finans Norge