Prop. 87 L (2014-2015)

Endringar i lov om Enhetsregisteret m.m. (registrering av sameigarar m.m.)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte føresegnene

6.1 Forslag til endringar i lov om Einingsregisteret

Til § 2 bokstav b nr. 5 og § 4 første ledd bokstav c

Statistisk sentralbyrås Virksomhets- og foretaksregister er rett namn i § 2.

Omgrepet «enkeltpersonforetak» er skrive korrekt i § 4.

Til § 6 første ledd bokstav b

Føresegna vert oppheva.

6.2 Forslag til endringar i lov om Føretaksregisteret

Til § 3-7 andre ledd, § 4-4 bokstav g, § 5-1 fjerde ledd og § 5-1 femte ledd

Varamedlem var utegløymd, og er teke inn i oppramsinga i § 3-7 andre ledd.

Etter endringar i verdipapirhandellova er tilvisingane til verdipapirhandellova retta opp i § 4-4 bokstav g og § 5-1 fjerde ledd.

Børsen og børsklagenemnda har ikkje lenger noko rolle kva gjeld prospekt etter kapittel 7 i verdipapirhandellova, og § 5-1 femte ledd er difor sletta.

6.3 Forslag til endringar i lov om føretaksnamn

Til § 2-2 trettande til femtande ledd, § 7-1 andre ledd og § 8-2

Omgrepet «firma» er erstatta med omgrepet «foretaksnavn».