Prop. 87 L (2014-2015)

Endringar i lov om Enhetsregisteret m.m. (registrering av sameigarar m.m.)

Til innhaldsliste

3 Tingsrettslege sameige – fjerne kravet til å registrere sameigarar i einingsregisterlova

3.1 Om tingsrettslege sameige

Når to eller fleire personar eig noko saman, ligg det føre eit sameige. Det er sjølve eigedomsretten som er delt mellom dei som eig noko saman, og ikkje retten til å bruke tingen. Ein fast eigedom kan vere i sameige mellom fleire. Sjølv om kvar av sameigarane eig ein prosentdel av eigedomen, vil kvar sameigar kunne bruke heile eigedomen. Ofte vil ein bustad som er eigd i fellesskap mellom ektefelle eller sysken, vere eit sameige.

Både fysiske og juridiske personar kan vere sameigarar. Sameigeobjektet kan vere ein ting, fleire gjenstandar eller ei formuesmasse.

Rettstilhøvet mellom sameigarar er regulert i lov 18. juni 1965 nr. 6 om sameige (sameigelova).

Per 1. februar 2015 var det registrert 2 985 tingsrettslege sameige i Einingsregisteret. Det store fleirtalet har under ti sameigarar, men om lag 10 prosent av dei registrerte tingsrettslege sameiga har over 30 sameigarar. I tillegg kjem det eit uvisst tal på tingsrettslege sameige som av ulike årsaker vel å ikkje registrere seg i Einingsregisteret.

3.2 Gjeldande rett

Kva for registreringseiningar som skal registrerast i Einingsregisteret, er lista opp i einingsregisterlova § 4. I bokstav d er det bestemt at tingsrettslege sameige (jf. sameigelova) berre skal registrerast dersom dei opptrer «som sådanne utad» og er registrerte i tilknytte register eller særregister. Registreringsplikta gjeld berre i dei tilfella der sameiget opptrer som eit sameige ute, det vil seie at sameiget opptrer på vegner av alle sameigarane, og ikkje i tilfelle der sameigarane opptrer på vegner av seg sjølv.

Når eininga vert registrert i Einingsregisteret for første gong, får eininga tildelt organisasjonsnummer (§ 5). Når det gjeld kva for opplysningar om eininga som skal registrerast i Einingsregisteret, vart prinsipielle spørsmål om innhaldet i Einingsregisteret teke opp i forarbeida til einingsregisterlova, Ot.prp. nr. 11 (1993–94) i punkta 4.2.2 og 4.8. I punkt 4.4.2 på side 18 står det mellom anna at:

«Enhetsregisteret skal inneholde grunndataopplysninger om registreringsenhetene, dvs ikke-sensitive opplysninger som registreres i forvaltningens registre, som er av felles interesse og som fritt kan brukes av andre enn den myndighet som registrerer dem.»

I forarbeida vert grunndata definerte som identifikasjonsdata som er opplysningar som er naudsynte for å identifisere eininga (§ 5), og tilleggsdata som omfattar opplysningar ut over det som er naudsynt for identifikasjon (§ 6).

Alle einingar må gje opplysningar slik det er sagt i § 5 for å kunne verte registrerte og få tildelt organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Unntak gjeld viss denne typen opplysningar ikkje finst. Når det gjeld tilleggsdata, går det fram direkte av lova at dei berre kan verte registrerte om dei finst for den aktuelle organisasjonsforma.

For tingsrettslege sameige går det fram av § 6 bokstav b at sameigarane skal meldast inn til registeret. I forarbeida står det at deltakarane i tingsrettslege sameige skal registrerast med namn og adresse. I tillegg skal dei registrerast med fødselsnummer, D-nummer eller organisasjonsnummer.

Grunngjevinga for å stille strenge krav til identifikasjon av sameigarane finst i Ot.prp. nr. 11 (1993–94) om lov om Enhetsregisteret, i punkt 4.2.2 på side 19:

«Det er svært viktig at registeret innholder tilfredsstillende opplysninger til å kunne identifisere de oppgitte personer. Dette både av hensyn til registerets kvalitet, hensynet til brukernes behov for å kunne identifisere de personene som står bak enheten og hensynet til de registrerte personene.»

I Ot.prp. nr. 50 (1984–85) om føretaksregisterlova er krav til registrering av personnummer omtalt under punkt 6.2.3. Registreringslovutvalet si fråsegn vert sitert:

«Dette nummer er den sikreste måten å identifisere en person på og er av betydning for legitimasjon for de personer som kan forplikte selskapet. Utvalget finner ikke at det reiser seg betenkeligheter ved bruk av fødselsnummer.»

Vidare pliktar dei tingsrettslege sameiga å melde frå om endringar blant sameigarane utan ugrunna opphald, jf. einingsregisterlova § 15 første ledd første punktum.

3.3 Framlegget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det framheva at sakshandsaming i Brønnøysundregistra viser at dei fleste tingsrettslege sameiga er knytt til fast eigedom: til dømes vegar, beiteområde og andre jordbruksområde, fiskeelvar, bygardar og andre utleigebygg. Sjølv om sameigetingen ikkje vert registrert, og det difor ikkje er mogleg å talfeste kor stor del av dei tingsrettsleg sameiga som gjeld fast eigedom, er det Brønnøysundregistra si røynsle at dei aller fleste tingsrettslege sameiga som er registrerte i Einingsregisteret, gjeld fast eigedom. Grunnboka viser kven som er eigar av fast eigedom. I tingsrettslege sameige der sameigetingen er fast eigedom, vert det altså rapportert dobbelt om kven som er sameigarar.

Brønnøysundregistra si røynsle viser vidare at i sameige med få sameigarar vert opplysningane om sameigarane oppdaterte ved endringar. For store sameige (fleire enn 100 sameigarar) er røynsla at dei i liten grad melder frå når samansetninga av sameigarane vert endra. Det er Einingsregisteret sitt syn at det har lite truverde å halde fram med å registrere sameigarar dersom ikkje opplysningane vert oppdaterte slik at lista over sameigarar faktisk stemmer.

Fram til 2005 gjaldt plikta til å registrere sameigarar også for sameigarar i eigarseksjonssameige. Einingsregisteret erfarte at føresegna om registrering av sameigarar i eigarseksjonssameige ikkje fungerte slik ho var meint. Eit særskilt unntak frå kravet til å registrere sameigarar vart difor innført for eigarseksjonssameige frå 1. juli 2005. Eigarseksjonssameige har dermed ikkje lenger plikt til å melde frå om sameigarar til Einingsregisteret når eininga vert registrert.

I Ot.prp. nr. 80 (2003–2004) er det skrive om bakgrunnen for denne endringa i punkt 3.5.2:

«I høyringsnotatet vart det vist til at føresegna om registrering av sameigarar i eigarseksjonar ikkje fungerer slik ho var meint. I store eigarseksjonssameige, med mange sameigarar og hyppige utskiftingar av sameigarane er det eit stort problem å halde registeret à jour. Problemet med å halde registeret à jour forringar kvaliteten på dei registrerte opplysningane i Einingsregisteret. Dette kan igjen føre til at tilliten og truverdet til dei registrerte opplysningane i Einingsregisteret blir redusert.
Eigarseksjonssameige med åtte eller færre seksjonar har registreringsrett i Føretaksregisteret, medan eigarseksjonssameige med ni eller fleire seksjonar har registreringsplikt i Føretaksregisteret, jf. eigarseksjonslova § 11 tredje ledd. Føretaksregisteret registrerer ikkje sameigarane. Ved registrering av eit eigarseksjonssameige i Føretaksregisteret må eigarseksjonssameiget likevel først registrerast i Einingsregisteret, der sameigarane altså skal registrerast.
I høyringsnotatet vart det vurdert fleire alternative løysingar på problema som er knytte til registrering av sameigarar i eigarseksjonssameige. Eit alternativ er å innføre ein praksis der opplysningane om sameigarane blir ajourførte ein gong i året. Dette vil redusere problema noko. Ei ulempe ved dette alternativet er at i dei store eigarseksjonssameiga med hyppige utskiftingar av sameigarane, vil opplysningane som er registrerte i Einingsregisteret aldri vere heilt à jour. Eit anna problem både for dei meldepliktige og for Einingsregisteret er at det representerer ein god del arbeid å skulle ajourføre opplysningane i eigarseksjonssameige med opptil fleire hundre sameigarar.
Eit anna alternativ er at det blir gitt rett til å registrere sameigarar, men at plikta fell bort. Ei klar ulempe ved dette alternativet er at informasjon om sameigarane då berre går fram for enkelte eigarseksjonssameige. Men informasjon om kven som er sameigarar i eit eigarseksjonssameige kan alltid hentast inn frå grunnboka. Opplysningane er såleis offentleg tilgjengelege.
I høyringsnotatet vart det foreslått at einingsregisterlova blir endra slik at eigarseksjonssameige blir unnatekne frå plikta til å melde sameigarar, men at dei framleis har rett til å melde sameigarar, jf. einingsregisterlova § 6 første ledd bokstav b).»

Einingsregisteret si røynsle er at behovet for endringar òg gjeld for andre typar tingsrettslege sameige. Eit døme på tingsrettslege sameige der det har vist seg problematisk å halde registeret à jour, er elveeigarlag med felles fiskerettar. Ei forskrift som vart vedteken i 20131 som krev at drift av vassdrag med fiskerettar vert organisert i lag, har ført til at dei fleste elveeigarlag vert organiserte som tingsrettslege sameige. Dersom slike sameige har trong for å vere registrerte i Einingsregisteret (jf. einingsregisterlova § 4), vil noverande lov dermed krevje at alle sameigarane vert registrert med personnummer.

Eit anna døme på tingsrettslege sameige der det har vist seg problematisk å halde à jour naudsynte personopplysningar, er garasjesameige som er knytt til eigarseksjonssameige. Normalt skjer det mange endringar blant sameigarane i slike sameige på eit år. Røynsla viser at Einingsregisteret sjeldan vert oppdatert med nye sameigarar i slike sameige.

I høyringsnotatet vart det føreslått at det ikkje lenger skal vere naudsynt å registrere opplysningar om sameigarar for tingsrettslege sameige. Det vart difor lagt fram framlegg om at einingsregisterlova § 6 første ledd bokstav b vert oppheva.

Det følgjer av sameigelova § 6 første ledd at eit sameige kan velje å ha eit styre. I dag er det eit krav etter einingsregisterlova § 6 første ledd bokstav c at styret skal registrerast dersom det finst. Registrering i Einingsregisteret viser at dei fleste sameiga med mange sameigarar vel å ha eit styre. Tredjemann kan såleis eventuelt få naudsynte opplysningar om personar som opptrer på vegner av sameiget. Det vart i høyringsnotatet ikkje føreslått å endre føresegna om at styret skal registrerast om det finst.

3.4 Høyringsinstansane sitt syn

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Norske Boligbyggelags Landsforbund SA, Domstolsadministrasjonen, Kartverket og Finans Norge støttar framlegget til forenkling.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skriv at endringsframlegget bidrar til at arbeidet med å registrere endringar i registeret vert enklare og meir effektivt for burettslag og eigarseksjonssameige. Vegen om å innhente signeringsfullmakt er unødvendig byråkratisk og bidreg truleg til at endringar ikkje alltid vert meldt inn til Einingsregisteret. Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner såleis at ei forenkling av signeringsretten vil bidra til å betre kvaliteten på registeret.

Finans Norge påpeikar at sidan det framleis er krav til å registrere personlege opplysningar om eventuelle styre i tingsrettslege sameige, vil til dømes kreditorar ha tilfredsstillande opplysningar om personane som opptrer på vegner av sameiget.

Domstolsadministrasjonen sluttar seg til dei vurderingane som departementet har gjort omkring oppdatering av registeret og om at eigar av fast eigedom til einkvar tid skal vere oppdatert i grunnboka. Domstolsadministrasjonen gjev òg si tilslutning til at departementet ikkje føreslår endringar i kravet til at styremedlemmar skal registrerast i dei tilfella sameiget har eit styre. Domstolsadministrasjonen meiner at dette kravet ikkje vil medføre noko vesentleg meirarbeid for lag som er etablerte som tingsrettslege sameige.

Kartverket skriv i si høyringsfråsegn mellom anna:

«Vi ser liten grunn for at eierseksjonssameier som en form for tingsrettslig sameie, skal være i en annen stilling enn sameier som reguleres av sameieloven.
...
Tinglysningen foretar ingen kontroll med at de aktuelle sameiene er registrert i Enhetsregisteret. Det er den enkelte sameier som blir registrert som rettighetshavere ved tinglysning i grunnboken, idet et tingsrettslig sameie ikke er et selvstendig rettssubjekt. Sameiet som sådan blir ikke registrert i grunnboken.
Vi ser for vår del ikke hvilken fordel det skal være i å ha de samme opplysningene registrert i Enhetsregisteret. Bortfall av en slik plikt vil trolig medføre en enklere administrasjon av denne typen sameier.»

Landbruks- og matdepartementet spør i si høyringsfråsegn kva som var årsaka til at det opphavleg vart valt å registrere sameigarar i tingsrettslege sameige i Einingsregisteret.

Ingen av dei andre høyringsinstansane har merknader til framlegget.

3.5 Departementet si vurdering

Når det gjeld kva som var årsaka til at det opphavleg vart valt å registrere sameigarar i tingsrettslege sameige, viser departementet til sitatet frå Ot.prp. nr. 11 (1993–94) under avsnittet Gjeldande rett ovanfor. Grunngjevinga for å stille strenge krav til identifikasjon av sameigarane, var at det vart vurdert som viktig å innhente tilfredsstillande opplysningar som kunne identifisere dei enkelte sameigarane. Omsynet var først og fremst brukarane sitt behov for å kunne identifisere dei personane som stod bak eininga der sameiget opptrer som eit sameige ute.

Nærings- og fiskeridepartementet går, i tråd med framlegget og høyringsinstansane sitt syn, inn for å forenkle kravet til registrering av sameigarar i tingsrettslege sameige, slik at det ikkje lenger skal vere naudsynt å registrere opplysningar om sameigarar i tingsrettslege sameige i Einingsregisteret.

Departementet viser til framlegg til å oppheve einingsregisterlova § 6 første ledd bokstav b.

Fotnotar

1.

Forskrift 25. juni 2013 om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk