Prop. 87 L (2014-2015)

Endringar i lov om Enhetsregisteret m.m. (registrering av sameigarar m.m.)

Til innhaldsliste

4 Opprettingar i lovtekst

4.1 Einingsregisterlova

Lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret (einingsregisterlova) § 2 bokstav b bruker det gamle namnet på «Statistisk sentralbyrås bedrifts- og foretaksregister». Departementet føreslår å ta i bruk det nye namnet som er Statistisk sentralbyrås Virksomhets- og foretaksregister.

Omgrepet «enkeltpersonforetak» i § 4 første ledd bokstav c vart ved ei endring i 2007 (samvirkelova) ved ein feil endra til «enkeltpersonsforetak» med uriktig fuge-s før «foretak». Departementet føreslår å rette opp dette.

4.2 Føretaksregisterlova

Lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak (føretaksregisterlova) § 3-7 andre ledd første punktum fastset kva for opplysningar registeret skal innehalde for ulike roller til fysiske personar. I oppramsinga av rollene er varamedlem utegløymt. Departementet føreslår å ta varamedlem inn i oppramsinga.

Lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandellova) har vore endra fleire gonger dei siste åra slik at nokre tilvisingar i føretaksregisterlova ikkje lenger er rette. Departementet føreslår at tilvisingane i føretaksregisterlova til verdipapirhandellova § 4-4 bokstav g og § 5-1 fjerde ledd vert retta. Vidare er det Finanstilsynet og ikkje børsen som er prospektmyndigheit, jf. verdipapirhandellova § 7-8 sjette ledd, slik at departementet føreslår at dette vert retta. Prospekt vert i dag berre sendt til Føretaksregisteret etter verdipapirhandellova § 7-10 dersom det ikkje skal godkjennast av Finanstilsynet etter verdipapirhandellova § 7-7. I føresegnas tredje punktum føreslår departementet difor at og vert retta til eller. Vidare føreslår departementet å stryke «andel i kommandittselskap» fordi slike ikkje vert rekna som omsettelege verdipapir, og difor ikkje er underlagd prospektplikt etter verdipapirhandellova kapittel 17.

Finansdepartementet har påpeika at børsen og børsklagenemnda ikkje lenger har noko rolle kva gjeld prospekt etter kapittel 7 i verdipapirhandellova. Departementet føreslår difor òg at føretaksregisterlova § 5-1 (5) vert sletta.

4.3 Føretaksnamnelova

Omgrepet «firma» vart erstatta med omgrepet «foretaksnavn» i lov 21. juni 1985 nr. 79 om enerett til foretaksnavn og andre forretningskjennetegn mv. (føretaksnamnelova) i 2004. I nokre av føresegnene i lova vart omgrepet ved ein feil ikkje endra samstundes med lovendringa. Departementet føreslår at dette vert endra i §§ 2-2, 7-1 og 8-2.