Prop. 9 L (2023–2024)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2024)

Til innhaldsliste

3 Lovfesting av praksis for ny berekning av dagpengegrunnlaget i samband med gjenopptak – folketrygdlova § 4-16

3.1 Innleiing

Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å endre ordlyden i folketrygdlova § 4-16 første leddet, slik at dagpengegrunnlaget alltid blir berekna på nytt i samband med gjenopptak, dersom det er til gunst for medlemmen. Forslaget inneber ei lovfesting av gjeldande praksis og har ikkje vore på høyring.

3.2 Gjeldande rett

Dei fleste dagpengemottakarane avbryt dagpengeperioden før dei har gått ut den maksimale stønadsperioden, jf. folketrygdlova §§ 4-15 og 4-19. Nokon treng å ta opp at dagpengane etter eit avbrot, til dømes fordi dei har hatt eit vikariat eller anna kortvarig arbeid. Etter folketrygdlova § 4-16 har medlemmane rett til å ta opp att ein dagpengesak som har vore avbroten i inntil 52 veker, utan at kravet til minsteinntekt etter § 4-4 blir prøvd på nytt, utan at det blir rekna noka ny ventetid etter § 4-9 og utan at dagpengegrunnlaget blir fastsett på nytt. Som hovudregel held dagpengemottakaren fram med det same dagpengegrunnlaget og den same dagpengesatsen som før, i resten av den tidlegare innvilga stønadsperioden. Dersom medlemmen har hatt brot i stønadsperioden på grunn av arbeid i meir enn tolv veker, kan medlemmen likevel krevje å få dagpengegrunnlaget reberekna. Bakgrunnen er at arbeidsinntekta i denne perioden vil kunne gi eit høgare dagpengegrunnlag, og dermed ein høgare dagsats. Av ordlyden i § 4-16 første ledd andre punktum går det fram at medlemmen sjølv må krevje ei slik reberekning i samband med at han eller ho søker om å ta opp att stønadsperioden. I praksis blir dagpengegrunnlaget likevel alltid fastsett på nytt dersom det er til gunst for medlemmen, utan at det blir stilt krav om å søke særskilt om reberekning.

3.3 Vurderingar og forslag

Dagpengane skal gi ei midlertidig inntektssikring ved inntektsbortfall som følgje av arbeidsløyse, men ordninga skal samtidig vere innretta slik at den oppfordrar til å komme raskt tilbake i arbeid. Retten til gjenopptak og reberekning inneber at medlemmen kan ta kortvarig arbeid og få betre dagpengerettar som følge av arbeidet.

Som det går fram i pkt. 3.2, blir folketrygdlova § 4-16 første ledd andre punktum ikkje praktisert etter ordlyden, men slik at nytt dagpengegrunnlag alltid blir fastsett dersom dette gir ein høgare dagsats, også i dei tilfella kor medlemmen ikkje krev ei ny berekning. Bakgrunnen er at Trygderetten i fleire avgjerder frå 2020 la til grunn at Arbeids- og velferdsetaten har ei plikt til å reberekne dagpengegrunnlaget når dette er til gunst for medlemmen, sjå mellom anna TRR-2018-00773, TRR-2019-03113, TRR-2019-03949 og TRR-2020-00630. Trygderetten la særskild vekt på at det var vanskeleg for dei enkelte medlemmane å vurdere konsekvensane av å svare «ja» eller «nei» på spørsmålet om dei ville ha fastsett dagpengegrunnlaget på nytt, i søknaden om gjenopptak.

I mars 2021 la etaten om praksis som følge av desse avgjerdene. Departementet har ikkje hatt innvendingar mot praksisendringa. Lovteksten bør samsvare med praksis, slik at det er klart for alle kva som er gjeldande rett. Det styrker rettstryggleiken. Departementet foreslår derfor å endre ordlyden slik at det går fram at dagpengegrunnlaget blir fastsett på nytt dersom det er til gunst for medlemmen, utan at det blir stilt krav om å søke særskilt om reberekninga.

Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 4-16.

3.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringa tar til å gjelde straks. Endringa har venteleg ikkje nokon økonomiske konsekvensar, men inneber ei administrativ forenkling.

Til forsida