Prop. 9 L (2023–2024)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2024)

Til innhaldsliste

4 Endringar i retten til barnetillegg til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd når barnet har eiga inntekt – folketrygdlova §§ 11-20 og 12-15

4.1 Innleiing og bakgrunn

Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å endre lova slik at barnetillegget til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd blir gitt uavhengig av inntekta til barnet.

Mottakarar av arbeidsavklaringspengar og uføretrygd har rett til barnetillegg dersom dei forsørger barn. Barnetillegga er utforma ulikt. Barnetillegg til arbeidsavklaringspengar blir gitt med eit fast kronetillegg (35 kroner per dag, 9 100 kroner per år per barn), mens barnetillegg til uføretrygd er høgare (47 448 kroner per år per barn) og blir redusert mot forsørgaren/forsørgarane si inntekt etter nærmare reglar.

Ein mottakar av arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd har ikkje rett til barnetillegg viss barnet har eiga inntekt som er større enn grunnbeløpet (pt. 118 620 kroner). For arbeidsavklaringspengar er det også slik at barnetillegget fell bort viss barnet har rett til barnepensjon etter folketrygdlova kapittel 18. Barnet blir dermed ikkje sett som forsørgt viss det har slik inntekt eller pensjon.

I Prop. 1 S (2023–2024) foreslår departementet tilsvarande endring for barnetillegget til kvalifiseringsstønaden. Endringa krev ikkje endring i lov, men departementet vil sørge for å gjere dei nødvendige endringane i forskrift 21. desember 2011 nr. 1471 om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad.

4.2 Gjeldande rett

4.2.1 Arbeidsavklaringspengar

Retten til arbeidsavklaringspengar er regulert i folketrygdlova kapittel 11. Formålet med ytinga er å sikre inntekt for personar med nedsett arbeidsevne som har behov for aktiv behandling eller arbeidsretta tiltak, eller som får anna oppfølging med sikte på å skaffe seg eller halde på arbeid.

I motsetning til kva som er tilfellet for sjukepengar og pleiepengar osb., blir det ikkje stilt krav til tidlegare yrkesaktivitet. Både personar som tidlegare har vore i arbeid, og personar utan noka erfaring frå arbeidslivet, kan få innvilga arbeidsavklaringspengar.

Det er eit vilkår at arbeidsevna er nedsett med minst halvparten. Sjukdom, skade eller lyte må vere ei vesentleg medverkande årsak til den nedsette arbeidsevna. Ein mottakar av arbeidsavklaringspengar skal bidra aktivt i prosessen med å komme i arbeid og få jamleg oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten. Arbeidsavklaringspengar blir gitt i inntil tre år. Stønadsperioden kan forlengast med inntil to år etter særlege unntaksreglar.

Vilkåra for barnetillegg til arbeidsavklaringspengar kjem fram av folketrygdlova § 11-20 tredje til femte ledd. Ein person som får arbeidsavklaringspengar og forsørger barn, får eit barnetillegg. Barnetillegget utgjer 35 kroner per barn per dag. Tillegget blir utbetalt for fem dagar per veke. Dersom begge foreldra får arbeidsavklaringspengar, kan begge få barnetillegg.

Eit barn blir ikkje rekna som forsørgt dersom det har inntekt, inkludert kapitalinntekt, som er større enn grunnbeløpet. All inntekt barnet har, blir rekna med og vil føre til at forsørgaren ikkje har rett til barnetillegget viss inntekta overstig grunnbeløpet.

Forsørgaren vil heller ikkje ha rett til barnetillegget viss barnet har rett til barnepensjon etter folketrygdlova kapittel 18, og da uavhengig av kor stor pensjonen er. Den 1. januar 2024 tar etterlattereforma til å gjelde. Da vil barnepensjon for barn som har mista ein av foreldra, utgjere 1 G, sjå lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringer i folketrygdloven (nye etterlatteytelser) § 18-5 første ledd.

Barnetillegget er ikkje behovsprøvd mot inntekta til forsørgaren. Folketrygdlova § 11-20 sjette ledd fastset likevel eit tak på utbetalinga. Samla utbetaling av arbeidsavklaringspengar og barnetillegg kan ikkje utgjere meir enn 90 prosent av grunnlaget for berekning av arbeidsavklaringspengar.

4.2.2 Uføretrygd

Retten til uføretrygd er regulert i folketrygdlova kapittel 12. Formålet med ytinga er å sikre inntekt for personar mellom 18 og 67 år som har fått inntektsevna varig nedsett som følge av varig sjukdom, skade eller lyte. Det blir gitt heil uføretrygd til personar som har tapt heile inntektsevna, og gradert uføretrygd til dei som har ein del av inntektsevna i behald.

Til liks med arbeidsavklaringspengar, blir det ikkje stilt krav til tidlegare yrkesaktivitet eller inntekt. Både personar som tidlegare har vore i arbeid, og personar utan tidlegare arbeidsinntekt, kan få innvilga uføretrygd.

Det er eit vilkår at inntektsevna er varig nedsett med minst halvparten, etter at formålstenleg behandling og arbeidsretta tiltak er gjennomgått. For personar som får arbeidsavklaringspengar når dei fremmer krav om uføretrygd, er det tilstrekkeleg at inntektsevna er nedsett med minst 40 prosent.

Vilkåra for barnetillegg går fram av folketrygdlova § 12-15. Til ein person som får uføretrygd (uavhengig av uføregrad) svarer fullt barnetillegg til 40 prosent av grunnbeløpet for kvart barn vedkommande forsørger.

Viss trygdetida som blir lagd til grunn for uføretrygda er kortare enn 40 år, blir barnetillegget avkorta tilsvarande. Viss begge forsørgarane får uføretrygd, eller den eine får alderspensjon, blir tillegget ytt til den som har rett til høgast tillegg. Dersom forsørgarane ikkje bur saman, blir tillegget ytt til den som har den daglege omsorga for barnet.

Det blir ikkje gitt barnetillegg viss barnet har inntekt, inkludert kapitalinntekt, som er større enn grunnbeløpet, sjå folketrygdlova § 12-15 andre ledd. Barnet blir da rekna for å vere sjølvforsørgt. Opphavleg blei det heller ikkje gitt barnetillegg for barn som får barnepensjon, men denne avgrensinga blei oppheva for mottakarar av uførepensjon (og alderspensjon) frå 1. mai 2002, sjå Ot.prp. nr. 27 (2001–2002) Om lov om endringer i folketrygdloven (økning av folketrygdens barnetillegg m.m).

Barnetillegget er behovsprøvd, det vil seie at det blir redusert på grunn av inntekta til den eller dei som forsørger barnet. Reglane om inntektsprøving kjem fram av folketrygdlova § 12-16. Barnetillegget blir redusert med 50 prosent av inntekt som overstig eit fastsett fribeløp, det vil seie ein gradvis reduksjon. Fribeløpet er 4,6 G (om lag 545 700 kroner) for eitt barn som bur saman med begge foreldra, og 3,1 G (om lag 367 700 kroner) for eitt barn som bur saman med éin av foreldra. Fribeløpet blir auka med 0,4 G (om lag 47 500 kroner) for kvart ekstra barn, og utgjer dermed 5 G (om lag 593 000 kroner) for eit par som bur saman med to fellesbarn. For den av foreldra som ikkje får barnetillegg, skal summen av inntektene som blir rekna med (med unntak av pensjonsytingar og uføretrygd frå folketrygda) bli reduserte med grunnbeløpet. Det betyr at eit par med to barn under 18 år, der ein er uføretrygda og ein er i arbeid, kan ha ei samla inntekt på inntil 711 720 kroner før barnetillegga blir redusert. Ved høgare inntekt vil barnetillegga bli gradvis redusert, og fell heilt bort ved ei samla inntekt på om lag 900 000 kroner.

4.3 Høyring

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sendte eit forslag til endringar i retten til barnetillegg på høyring 15. juni 2023, til følgande høyringsinstansar:

  • Departementa

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Barneombodet

  • Datatilsynet

  • Direktoratet for arbeidstilsynet

  • Helsedirektoratet

  • Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Pasientomboda

  • Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)

  • Statens helsetilsyn

  • Statens råd for likestilling av funksjonshemmede

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Trygderetten

  • Norsk senter for menneskerettigheter

  • Sametinget

  • Sivilombodet

  • Statsforvaltarane

  • Kommunane

  • Arbeidsforskningsinstituttet (AFI)

  • Dei regionale helseforetaka

  • Institutt for samfunnsforskning

  • Personvernkommisjonen

  • Statens pensjonskasse

  • Statlege høgskolar

  • Universiteta

  • Akademikerne

  • Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Arbeidssamvirkenes Landsforening (ASVL)

  • Autismeforeningen i Norge

  • Cerebral Parese-foreningen

  • Den norske advokatforening

  • Den norske jordmorforening

  • Den norske legeforening

  • Fagforbundet

  • Fellesorganisasjonen

  • Finans Norge

  • Forskningsstiftelsen Fafo

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

  • Juridisk Rådgivning for Kvinner (JURK)

  • Jushjelpa i Midt-Norge

  • Juss-Buss

  • Jussformidlingen

  • Jusshjelpa i Nord-Norge

  • Kommunal Landspensjonskasse (KLP)

  • Kreftforeningen

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • LO-Kommune

  • LO-stat

  • Løvemammaene

  • ME Nettverket i Norge

  • ME-foreningen

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Juristforbund

  • Norges Kvinne- og Familieforbund

  • Norsk Epilepsiforbund

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU)

  • Norsk pasientforening

  • Norsk Psykologforening

  • Norsk Sykepleierforbund

  • Norsk Tjenestemannslag (NTL)

  • Norsk Tourette Forening

  • Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS)

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Personskadeforbundet LTN

  • Pårørendealliansen

  • Ryggmargsbrokk- og hydrocephalusforeningen

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)

  • Samfunnsøkonomene

  • SMB Norge

  • Uføres landsforbund

  • Uføres Landsorganisasjon

  • UNIO

  • Virke

  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS)

I høyringsnotatet foreslo departementet å endre regelverket slik at barnetillegget til arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og kvalifiseringsstønad skal bli gitt uavhengig av om barnet har inntekt/barnepensjon. Departementet viste mellom anna til at ei slik endring vil gi barnefamiliane det gjeld litt betre økonomi, og til at gjeldande reglar ikkje oppfordrar til at barnet skal ta seg helge- eller sommarjobb da resultatet kan bli at forelderen mister barnetillegget. Høyringsfristen var 15. august 2023.

Følgande høyringsinstansar har svart at dei ikkje har merknadar:

  • Forsvarsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Samferdsledepartementet

  • Statens arbeidsmiljøinstitutt

  • Statistisk sentralbyrå

  • Trondheim kommune

Følgande høyringsinstansar har merknadar:

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Barneombodet

  • Helsetilsynet

  • Pasient- og brukerombudet i Oslo og Viken, kontor Oslo, Sosial- og eldreombudet i Oslo

  • Fredrikstad kommune

  • NAV Tromsø

  • AAP-aksjonen

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

  • FØL Norge

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Kvinne- og familieforbund

  • Pårørendealliansen

  • Organisasjonen for uføres rettigheter – OFUR

  • Privatperson Per-Olav Elshaug

Alle som uttalte seg om saka, støtta endringsforslaga. Fleire skreiv kort at dei støttar forslaga og departementet sin argumentasjon. Helsetilsynet skreiv mellom anna:

«Vi er enige med departementet i at de samme hensynene som ble lagt til grunn da det ble lovfestet at barns inntekt skal holdes utenfor ved vurdering av søknader om økonomisk stønad, også gjelder for trygdeytelser og kvalifiseringsstønad.»

Barneombodet uttalte mellom anna:

«Gjeldende regelverk kan etter vårt syn være til hinder for at barn og unge i lavinntektsfamilier søker lønnet deltidsarbeid, nettopp for å unngå at foreldrenes rett til barnetillegg bortfaller. Dette er uheldig, da barn og unges mulighet til å tilegne seg arbeidserfaring bør være lik uavhengig av foreldrenes økonomiske situasjon.
Etter vår vurdering vil de foreslåtte lov- og forskriftsendringene sikre at barn og unge med foreldre som mottar ovennevnte ytelser gis mulighet til å disponere egne opptjente penger på lik linje med andre barn, og er dermed et viktig tiltak for å imøtegå de negative konsekvensene lavinntekt medfører for barn og unge.»

Organisasjonen for uføres rettigheter – OFUR var positive til forslaga. Dei påpekte likevel også at:

«Selv om det er flere positive sider ved å oppmuntre barna til å ta jobber, er det viktig å beskytte og ta hensyn til sårbare grupper. Det er en bekymring for at barna i grunnskolealder fra berørte familier kan oppleve økt press og ansvar for å bidra til familiens økonomi hvis de tar jobb i en tidlig alder. (…) Selv om arbeidserfaring kan være verdifull, understreker forskningen at opplæringstiltak og utdanningstiltak gir bedre resultater når det gjelder overgangen til jobb og langsiktig karriereutvikling. For barn fra lavinntektsfamilier med uføre foreldre kan det være ekstra viktig å sikre at de får tilgang til utdanning og støtte som bidrar til deres akademiske suksess.»

I tillegg uttalte nokre av høyringsinstansane seg om forhold utanfor temaet for høyringsnotatet.

4.4 Vurderingar og forslag

4.4.1 Nærmare om bakgrunnen for endringsforslaget

I dag blir ikkje barnet rekna som forsørgt – og barnetillegget fell heilt bort – viss barnet har inntekt som overstig grunnbeløpet. Dette gjeld uavhengig av kor mykje høgare enn grunnbeløpet inntekta er. Viss barnet har barnepensjon, fell barnetillegget til arbeidsavklaringspengar bort uavhengig av kor stor barnepensjonen er.

Forarbeida seier lite om bakgrunnen for reglane om at barnet ikkje blir rekna som forsørgt viss det har inntekt større enn grunnbeløpet slik at forelderen ikkje får barnetillegg. Departementet går ut frå at det ligg ein tanke bak om at viss barnet har inntekt av ein viss storleik, kan barnet bidra til forsørginga. Det følger også av barnelova § 66 at foreldra skal forsørge barnet når barnet sjølv ikkje har midlar til det. Det er sjølvsagt rett at viss barnet har eiga inntekt, vil det vere mogleg for barnet å bidra økonomisk og hushaldet har samla sett litt meir å leve av.

Det ligg dermed ein indirekte føresetnad i reglane om at barnet sjølv skal bidra og dekke kostnadar til eiga oppfostring, i staden for at barnet kan spare inntekta til seinare eller bruke ho på noko som familien elles ikkje ville hatt råd til. Dette kan vere til hinder for at barn med foreldre som får arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd kan disponere over inntekta si slik andre barn kan.

I 2016 blei lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 18 endra slik at det no er lovfesta at kommunane skal halde barns inntekt frå arbeid i fritid og skoleferiar utanfor ved vurdering av søknader om økonomisk stønad (sosialhjelp). Endringa var mellom anna grunngitt i å sikre meir likeverdige moglegheiter for barn som veks opp i fattige familiar og at barn i familiar som får stønad til livsopphald kan betre sin eigen situasjon gjennom inntekt frå arbeid i helgar og skoleferiar. Vidare var formålet å betra levekåra for vanskelegstilte, bidra til sosial og økonomisk tryggleik, gjere den enkelte sjølvhjelpt og fremme overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. Dei same omsyna taler for at barnetillegg til trygdeytingar skal gis uavhengig av om barnet sjølv har inntekt.

Viss barnet ikkje har inntekt, eller inntekt lågare enn grunnbeløpet, får forelderen barnetillegget. Viss arbeidsinntekt til barn fører til at forelderen mistar barnetillegget, vil barn ikkje oppleve at det lønner seg å arbeide. Dagens reglar oppmodar altså ikkje til at barnet skal ta seg helge- eller sommarjobb da resultatet kan bli at barnetillegget fell bort. Barn som av den grunn vel å ikkje jobbe ved sida av skolegangen vil heller ikkje få høve til å tileigne seg kompetanse og erfaringar frå arbeidslivet. Viss retten til barnetillegg blir gjord uavhengig av inntekta til barnet, vil det i større grad oppmode barnet til å ta seg arbeid.

Kor mykje ein person kan få i økonomisk sosialhjelp, blir avgjord etter ei konkret vurdering av inntekter og utgifter og kva personen/familien har behov for. Når inntekta til barnet frå arbeid på fritida ikkje skal takast omsyn til ved økonomisk stønad, er det etter departementet sitt syn enda mindre grunn til å la inntekta få noko å seia for rett til barnetillegg til trygdeytingar. Særleg gjeld dette for arbeidsavklaringspengar der barnetillegget elles blir gitt utan behovsprøving. Ein får barnetillegg til arbeidsavklaringspengar sjølv om ein har ein ektefelle med høg inntekt, medan barns inntekt over grunnbeløpet vil føre til at barnetillegget fell bort.

Departementet går ut frå at barns inntekt i større grad enn for vaksne kan variere gjennom året, og at inntekta typisk er høgare om sommaren og i andre skoleferiar enn elles. Dermed kan det vere noko tilfeldig kor stor inntekt barnet har på søknadstidspunktet. Når det blir sett fram krav, må søkarar svare på spørsmål om barnet har inntekt og eventuell storleik på denne. Dersom inntekta blir endra, er det vanskelegare å fange dette opp. Arbeids- og velferdsdirektoratet opplyser at endringar i inntekta sannsynlegvis ikkje blir fanga opp på annan måte enn ved informasjon frå foreldra. Det er ikkje sikkert forelderen til ei kvar tid er kjend med inntekta til barnet og endringar i denne av betydning for rett til barnetillegg. Dagens reglar kan slik slå tilfeldig ut.

Viss barnet får barnepensjon, vil barnetillegget til arbeidsavklaringspengar i dag falle bort. Det gjeld uavhengig av kor stor pensjonen er. Det vil også gjelde uavhengig av alderen til barnet, det vil seie også om barnet er for ung til å arbeide ved sida av skolen. Ved søknad om barnetillegg der barnet har barnepensjon, vil søkar vere åleineforsørgar for barnet (med mindre det er tale om ein fosterforelder). Der barnet har berre éin forelder i live, kan det etter departementet sitt syn vere ekstra urimeleg at den attlevande forelderen mistar barnetillegget da denne ofte blir stilt i ein vanskelegare økonomisk situasjon enn der den andre forelderen er i live.

Barnetillegget til arbeidsavklaringspengar er 35 kroner dagen, dvs. 9 100 kroner per år. Barnetillegget til uføretrygd er behovsprøvd og varierer derfor, men fullt tillegg svarer til 47 448 kroner per år.

Arbeidsavklaringspengar og uføretrygd blir berekna på grunnlag av tidlegare inntekt og utgjer 66 prosent av inntektsgrunnlaget ytinga blir berekna etter. Personar med ingen eller låg tidlegare inntekt, får likevel ein minstesats. Dermed har mottakarar av desse ytingane ei lågare utbetaling enn dei hadde før dei blei sjuke, eventuelt får dei ein minstesats. Ein del mottakarar av arbeidsavklaringspengar og uføretrygd får i tillegg økonomisk stønad (sosialhjelp). I 2022 var det samla sett 3 745 einslege/par med barn under 18 år som fekk både økonomisk sosialhjelp og arbeidsavklaringspengar. For uføreytingar var talet 1 864.

Det har over tid (2011–2020) blitt fleire personar i Noreg med vedvarande låginntekt. Det har også blitt fleire med arbeidsavklaringspengar og uføretrygd i låginntektsgruppa. Personar som får ei yting frå Arbeids- og velferdsetaten er blant gruppene som i størst grad opplever låginntekt. Dette må sjåast i samanheng med at hushald med svak yrkestilknyting er sterkt overrepresentert blant hushald med låginntekt. SSBs rapport 2022:45 viser at blant hushald der hovudinntektstakar får uføretrygd, har delen ramma personar i hushald med årleg låginntekt auka kvart år frå 2010 til 2020, frå 12 prosent i 2010 til 24 prosent i 2020. I husstandar der hovudforsørgjar er mottakar av arbeidsavklaringspengar har tilsvarande del med låginntekt auka frå 25 prosent i 2010 til 35 prosent i 2020. Ei endring slik at barnetillegget blir behalde uavhengig av inntekta til barnet, vil gi dei aktuelle barnefamiliane noko betre økonomi.

Både dagpengemottakarar og tiltaksdeltakarar som får tiltakspengar, har rett til barnetillegg dersom dei forsørger barn under 18 år, utan omsyn til om barnet har inntekt over 1 G. Dei foreslåtte endringane bidrar til harmonisering av vilkåra for barnetillegg.

Folketrygdlova § 3-25 har reglar om barnetillegg til personar som er fylte 67 år og har tatt ut heil alderspensjon etter folketrygdlova kapittel 19. Av femte ledd følger det at barnetillegg ikkje blir ytt dersom barnet har inntekt, inkludert kapitalinntekt, som er større enn grunnbeløpet. Reglane om at det skal gis barnetillegg til alderspensjon er likevel oppheva. Det følger av andre ledd at det frå 1. januar 2022 ikkje lenger blir gitt barnetillegg til nye mottakarar. Tillegg som blir utbetalt blir redusert årleg, og frå 1. januar 2025 fell tillegga bort. Ettersom desse barnetillegga no blir fasa ut, foreslår departementet ikkje å gjere endringar i reglane om avkorting av barnetillegg mot barns inntekt i alderspensjon.

Barnetillegget i uføretrygda skil seg frå barnetillegget i arbeidsavklaringspengeordninga ved at det er behovsprøvd mot forsørgaren si inntekt, og at det er større (0,4 G, som svarer til 47 448 kroner). Det er ingen automatikk i at behovsprøvinga mot barnet si eiga inntekt i uføreordninga bør endrast sjølv om ho fell bort for arbeidsavklaringspengar, da barnetillegget til uføre elles er underlagt ei behovsprøving.

Det er likevel heller ingen automatikk i at ein skal ta omsyn til inntekta til barnet sjølv om ein tar omsyn til inntekta til forsørgarane. Viss reglane blir endra for arbeidsavklaringspengar, kan det også vere vanskeleg å forsvare at barn av uføretrygda skal ha eiga inntektsprøving/bidra til eiga forsørging. Eit regelverk som implisitt føreset at barn med inntekt over grunnbeløpet skal bidra til eiga forsørging dersom forelderen får uføretrygd, men elles ikkje, kan i realiteten gi barn med uføre foreldre mindre disposisjonsfridom over eiga lønn enn andre barn. Det kan verke som at desse «blir straffa» for uførleiken til foreldra når dei tar seg jobb, samanlikna med andre barn. I tillegg er det forsking som kan tyde på at uføretrygd går «i arv», dvs. at barn av uføretrygda har større risiko for også å bli uføretrygda enn andre barn – alt anna likt. Dette kan tala for å legge til rette for å styrke insentiva til å få erfaring frå arbeidslivet før fylte 18 år for denne gruppa.

Barnetillegget i uføretrygda er som nemnt behovsprøvd mot inntekta til forsørgarane. Det inneber at det ikkje er alle familiar der inntekta hos barnet har sjølvstendig betyding for barnetillegget. Barns eventuelle inntekt påverkar først og fremst dei familiane der forsørgar(ane) har så låg inntekt at barnetillegg ikkje blir redusert mot forelders eiga inntekt. Dagens reglar inneber mellom anna at ein einsleg forsørgar på minstesats (om lag 294 000 kroner) ikkje får barnetillegg viss barnet har eiga inntekt på 1 G eller meir. Konsekvensane av å føre vidare behovsprøving av barnetillegg mot barnet si eiga inntekt er dermed større jo lågare trygdeytingane/den samla inntekta til familien er. I familiar med høgare trygdeytingar/inntekter vil det vere fleire som, uavhengig av inntekta til barnet, uansett ikkje får utbetalt barnetillegget.

Departementet foreslår å oppheve føresegnene om at barnetillegget til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd fell bort når barnet har inntekt over grunnbeløpet. Departementet foreslår også å oppheve føresegna om at barnepensjon fører til at barnetillegget til arbeidsavklaringspengar fell bort, slik det allereie er for barnetillegg til uføretrygd.

Sjå lovforslaget, folketrygdlova §§ 11-20 og 12-15.

4.4.2 Forholdet til internasjonale plikter

Arbeidsavklaringspengar og uføretrygd er omfatta av EU-trygdeforordninga (883/2004). For personar som er omfatta av trygdeforordninga, vil opphald i andre EØS-land likestillast med opphald i Noreg når føresegna stiller krav til opphald i Noreg for å få rett til ytinga.

Endringane departementet foreslår, vil vere ei forbetring og omfatta alle som har rett til barnetillegg til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, altså både dei som har rett til ytinga etter nasjonale reglar og dei som har rettar etter EØS-avtala.

4.5 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringa for barnetillegg til arbeidsavklaringspengar skal ta til å gjelde 1. februar 2024 ettersom Arbeids- og velferdsdirektoratet treng éin månad til å innføre endringa. I Prop. 1 S (2023–2024) er det foreslått å auke løyvinga til arbeidsavklaringspengar med 1,2 mill. kroner i 2024 som følge av forslaget. Heilårseffekten av forslaget vil komme i 2025 og er rekna til om lag 1,3 mill. kroner.

Departementet foreslår at endringa for barnetillegg til uføretrygd skal ta til å gjelde 1. juli 2024 ettersom Arbeids- og velferdsdirektoratet treng seks månader til å innføre endringa. I Prop. 1 S (2023–2024) er det foreslått å auke løyvinga til uføretrygd med 5 mill. kroner i 2024 som følge av forslaget. Heilårseffekten av forslaget vil komme i 2025 og er rekna til om lag 10 mill. kroner.

Til forsida