Prop. 9 L (2023–2024)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2024)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

6.1 Endringa i lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs

Til § 1

Endringa i § 1 nr. 2 første ledd bokstav b klargjer at arbeidstakarar som blir overført frå skipsarbeidslova til arbeidsmiljølova i kraft av endringa i arbeidsmiljølova § 1-2 andre ledd bokstav a (jf. lov 7. mai 2021 nr. 29), ikkje av den grunn skal miste rettar etter lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs. Vilkåra i føresegna elles førast vidare.

Arbeidsmiljølova § 1-2 andre ledd bokstav a gjeld både dykkaroperasjonar og losing. Endringa i § 1 nr. 2 første ledd bokstav b vil i praksis likevel berre gjelde førstnemnde. Losar er tilsette i Kystverket og dermed medlemmar i Statens pensjonskasse. Medlemmar i Statens pensjonskasse kan ikkje vere medlemmar i pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs, jf. § 2 nr. 2 første ledd.

Sjå punkt 5.5.

6.2 Endringane i lov om folketrygd

Til § 4-6

Folketrygdlova § 4-6 fjerde ledd gir departementet ein midlertidig heimel til å gi i forskrift om at dagpengar utan hinder av § 4-6 første ledd kan kombinerast med utdanning og opplæring. Høvet til å fråvike første ledd gjaldt fram til 1. oktober 2021, og må derfor opphevast.

Sjå punkt 5.1.

Til § 4-9

Folketrygdlova § 4-9 gjeld ventetid i form av ein eigenandel som blir trekt i den eller dei første dagpengeutbetalingane. Eigenandelen skal svare til tre gongar dagsatsen til den enkelte medlemmen, jf. folketrygdlova § 4-12. Eit eventuelt barnetillegg blir rekna som ein del av dagpengesatsen, og tel med i dagsatsen ved berekninga av eigenandelen. For dei medlemmane som også får folketrygdytingar som blir samordna etter reglane i folketrygdlova §§ 4-24 og 4-25, er det den reduserte dagsatsen som skal leggast til grunn for berekninga av eigenandelen.

Sjå punkt 2.

Til § 4-16

Folketrygdlova § 4-16 gjeld retten til å ta opp att ein ikkje avslutta stønadsperiode etter avbrot i inntil 52 veker. Ein kan ta opp att stønadsperioden utan at kravet til minsteinntekt etter § 4-4 blir prøvd på nytt, og utan ny berekning av dagpengegrunnlaget etter § 4-11. Ny berekning av dagpengegrunnlaget gjerast etter første ledd andre punktum, når stønadsperioden har vore broten fordi medlemen har arbeidd i 12 veker eller meir. Arbeids- og velferdsetaten har i lang tid hatt ein praksis som inneber at dagpengegrunnlaget alltid blir fastsett på nytt når ein medlem tar opp att ein stønadsperiode etter å ha arbeidd i minst 12 veker, og reberekninga er til gunst for mottakaren. Ordlyden i § 4-16 første ledd andre punktum blir derfor endra slik at den samsvarar med praksis.

Sjå punkt 3.

Til § 8-9

Folketrygdlova § 8-9 gjeld krav til opphald i Noreg mv. for rett til sjukepengar. Ved ein inkurie blei kravet til søknad om sjukepengar ved opphald utanfor Noreg (og EØS mv.) i tredje ledd fjerde punktum endra frå eit generelt søknadskrav til eit krav om søknad på førehand ved ein lovendring i 2022. Dette blir retta opp i slik at søknad om sjukepengar også kan sendes inn undervegs eller etter utanlandsopphaldet.

Sjå punkt 5.2.

Til § 11-12 a

Føresegna heimlar ei midlertidig overgangsordning for perioden frå og med 30. juni til og med 31. oktober 2022. Ordninga gjeld ikkje lenger, og føresegna kan opphevast.

Sjå punkt 5.3.

Til § 11-20

Tredje ledd gjeld rett til barnetillegg til mottakarar av arbeidsavklaringspengar som forsørger barn. Føresegna i andre punktum om at barnet ikkje blir sett på som forsørga viss det har inntekt større enn grunnbeløpet, eller har rett til barnepensjon, blir oppheva. Endringa inneber at barnetillegget blir gitt uavhengig av inntekt/barnepensjon hos barnet.

Noverande tredje og fjerde punktum blir andre og tredje punktum.

Sjå punkt 4.

Til § 12-15

Føresegna gjeld rett til barnetillegg til mottakarar av uføretrygd som forsørger barn. Føresegna i andre ledd om at det ikkje blir gitt barnetillegg viss barnet har inntekt større enn grunnbeløpet, blir oppheva frå 1. juli 2024. Endringa inneber at barnetillegget blir gitt uavhengig av inntekt hos barnet.

Som følge av ein inkurie har den tidlegare forskriftsheimelen i sjette ledd falle ut, og barnetillegg for fosterbarn er omtalt i både femte og sjette ledd. Noverande femte ledd første punktum, som viser til den gamle barnevernlova, blir oppheva. Sjette ledd blir femte ledd første punktum, og noverande femte ledd andre punktum blir ståande. Forskriftsheimelen kjem inn att i lova i nytt sjette ledd. Desse endringane skal tre i kraft straks.

Når andre ledd blir oppheva 1. juli 2024, blir tredje, fjerde, femte og sjette ledd flytta til andre, tredje, fjerde og femte ledd.

Sjå punkt 4 og 5.4.

6.3 Endringane i lov om tillegg til lov om Statens pensjonskasse

Til § 1

Første ledd andre punktum er nytt og slår fast at lova gir pensjonsrett etter lova om Statens pensjonskasse, men med dei tilpassingane som kjem fram av tilleggslova.

Sjå punkt 5.6.

Til § 2

Endringa i første ledd presiserer at alderspensjonen skal bli berekna etter kapittel 5 i lova om Statens pensjonskasse. Frå 1. januar 2020 er det to kapittel for berekning av alderspensjon, kapittel 5 og kapittel 5 a, og endringa slår fast at kapittel 5 skal gjelde for berekning av alderspensjon etter høgsterettspensjonslova.

Sjå punkt 5.6.

Til § 3

I eit nytt første ledd blir det slått fast i første punktum at alderspensjon skal bereknast etter kapittel 5 i lova om Statens pensjonskasse, med dei tilpassingane som følgjer av andre til fjerde ledd. Første ledd andre punktum gjer det tydeleg at lova om Statens pensjonskasse kapittel 5 a ikkje gjeld for dommarane i Høgsterett som er fødd etter 1962.

Noverande første til tredje ledd blir nye andre til fjerde ledd. Noverande fjerde ledd om regulering av alderspensjon blir flytta til § 4.

Sjå punkt 5.6.

Til § 4

Nytt første ledd er det tidlegare fjerde ledd i § 3. Leddet er flytta da § 3 gjeld tilpassing til lova om Statens pensjonskasse, medan reguleringsføresegna ikkje er ein slik tilpassingsregel.

Noverande første ledd blir nytt andre ledd, med ein liten språkleg endring av ordet «lov».

Sjå punkt 5.6.

6.4 Endringa i lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringer i folketrygdloven

Til § 18-3

I paragrafen, som enno ikkje er i kraft, er det gitt reglar om krav om opphald i Noreg for rett til barnepensjon og om unntak frå kravet. Etter andre ledd bokstav b slik leddet lyder no, skal det gjerast unntak frå kravet om opphald i Noreg dersom den avdøde har mindre enn 20 års butid, men har minimum tre år med pensjonsgjevande inntekt som overstig grunnbeløpet. Regelen skal svare til reglane om poengår for opptening av tilleggspensjon i alderspensjon i folketrygdlova. Det kravet blei auka frå tre til fem år frå 1. januar 2021. Det blir derfor foreslått å endre § 18-3 andre ledd bokstav b tilsvarande.

Sjå punkt 5.7.

6.5 Føresegna om ikraftsetjing og overgangsreglar

I del V i lova er det gitt føresegner om når lova tar til å gjelde og overgangsreglar. Det går fram av nr. 1 til 5 kva for ikraftsetjing dei ulike lovendringane skal ha. I tillegg går det fram av nr. 2 at departementet får ein forskriftsheimel til å gi overgangsreglar til folketrygdlova § 4-9.

Til forsida