Prop. 9 L (2023–2024)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2024)

Til innhaldsliste

5 Retting av feil, presiseringar og lovtekniske endringar

5.1 Oppheving av ein midlertidig heimel til å gi særreglar om retten til dagpengar under utdanning – folketrygdlova § 4-6 fjerde ledd

Folketrygdlova § 4-6 slår fast at medlemmar som får dagpengar, ikkje samtidig kan ta utdanning eller opplæring, med mindre det er særskild fastsett. Nærmare reglar om når ein kan ta utdanning og opplæring med dagpengar følger av dagpengeforskrifta (forskrift 16. september 1998 nr. 890) §§ 4-2 til 4-3 g.

Av folketrygdlova § 4-6 fjerde ledd går det fram at departementet fram til 1. oktober 2021 utan hinder av første ledd har heimel til å gi forskrifter om at dagpengar kan kombinerast med utdanning og opplæring. Heimelen til å fråvike hovudregelen blei tatt inn i § 4-6 gjennom lov 18. desember 2020 nr. 138, fordi det under koronapandemien var eit ønske om å gi vidare høve til utdanning og opplæring med dagpengar enn det som følgde av daverande § 4-6 første ledd, jf. Prop. 27 L (2020–2021) Endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover (samleproposisjon høsten 2020).

Med verknad frå 3. september 2021 blei § 4-6 første ledd endra, slik at forskriftsheimelen blei meir generell, sjå Prop. 170 L (2020–2021) Endringer i folketrygdloven (adgang til å ta opplæring og utdanning med dagpenger). Heimelen i § 4-6 fjerde ledd slutta å gjelde frå 1. oktober 2021, og må derfor opphevast.

Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 4-6 fjerde ledd.

5.2 Retting av feil i folketrygdlova § 8-9 tredje ledd

Folketrygdlova § 8-9 gir reglar om krav om opphald i Noreg (og i eit EØS-land eller i eit land eller område der trygdeforordninga er gitt verknad for vedkommande ved bi- eller multilateral trygdeavtale som nemnt i folketrygdlova § 1-3 b) for rett til sjukepengar.

Tredje ledd i føresegna regulerer rett til sjukepengar ved opphald i land utanfor Noreg (og EØS mv.). Ein person kan da få sjukepengar i inntil fire veker i løpet av ein periode på tolv månader. Det må vere avklart med arbeidsgivar og sjukmeldar (lege) at opphaldet ikkje vil hindra planlagt aktivitet og behandling. Det er også eit vilkår at opphaldet ikkje hindrar oppfølging og kontroll frå Arbeids- og velferdsetaten.

I tredje ledd fjerde punktum er det eit krav om at personen må søke godkjenning på førehand frå Arbeids- og velferdsetaten. Dette vilkåret blei endra i lov 25. november 2022 nr. 86, jf. Prop. 71 L (2022–2023) Endringer i folketrygdloven mv. (synliggjøring av folkerettslige forpliktelser til trygdekoordinering) og Innst. 33 L (2022–2023). Tidlegare var kravet at ein person kunne få sjukepengar «etter søknad», og sjølv om dei fleste søknader blei sendt før opphaldet i land utanfor Noreg (og EØS mv.), innebar dette vilkåret at søknaden om sjukepengar kunne bli sendt etter opphaldet også.

Endringa av søknadsvilkåret i § 8-9 tredje ledd fjerde punktum frå «etter søknad» til «på forhånd søke» var ein feil, som departementet no ønsker å rette opp i. Sjølv om det er ein fordel for den einskilde å søke om godkjenning på førehand før opphald i land utanfor Noreg (og EØS mv.), var det ikkje meininga å utelukka at søknad om sjukepengar kan blir sendt undervegs eller etter opphaldet. Det kan vere gode grunnar til det i enkelte tilfelle. Det har ikkje vore endring i praksisen i Arbeids- og velferdsetaten, som handsamar søknader sendt inn i etterkant av utanlandsopphaldet på same måte som førehandssøknader. Departementet vil med denne endringa bringe ordlyden i loven i samsvar med praksis og tidlegare regulering.

Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 8-9 tredje ledd.

5.3 Oppheving av ein midlertidig særregel for mottakarar av arbeidsavklaringspengar – folketrygdlova § 11-12 a

Etter forslag i Prop. 114 LS (2021–2022) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og folketrygdloven (arbeidsavklaringspengar m.m.), jf. Innst. 449 L (2021–2022), blei det vedtatt fleire endringar i arbeidsavklaringspengeordninga frå 1. juli 2022, mellom anna fjerning av karensperiode og nytt unntak frå maksimal stønadsperiode. I tillegg blei det vedtatt ein ny § 11-12 a i folketrygdlova som ga ei overgangsordning frå 1. juli til 31. oktober 2022. Overgangsordninga blei gitt for å sikre at mottakarar ikkje blei ståande utan yting inntil rett til arbeidsavklaringspengar etter nye reglar var blitt vurdert.

Den midlertidige overgangsordninga som var heimla i folketrygdlova § 11-12 a gjeld ikkje lenger, og føresegna kan opphevast.

Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 11-12 a.

5.4 Retting av lovteknisk feil i regel om barnetillegg til personar som mottek uføretrygd – folketrygdlova § 12-15

Frå 1. januar 2016 blei det som følge av lov 18. desember 2015 nr. 103 innført eit tak på summen av uføretrygd og barnetillegg i folketrygdlova § 12-15, sjå Prop. 11 L (2015–2016) Endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover (økning i grunnpensjon til gifte og samboende pensjonister og andre endringer) og Innst. 106 L (2015–2016). Frå same tidspunkt blei den daverande forskriftsheimelen utvida og flytta til eit nytt siste ledd.

I samband med at det øvre taket på summen av uføretrygd og barnetillegg i § 12-15 fjerde ledd blei oppheva i lov 17. desember 2021 nr. 146 med verknad frå 1. juli 2022, sjå Innst. 68 L (2021–2022), blei ein regel om barnetillegg for fosterbarn flytta frå sjette til femte ledd, medan forskriftsheimelen blei flytta frå sjuande til sjette ledd.

Våren 2021 vedtok Stortinget ny barnevernlov (lov 18. juni 2021 nr. 97). I lovforslaget, Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, foreslo Barne- og familiedepartementet å justere regelen om barnetillegg for fosterbarn i daverande sjette ledd første punktum i folketrygdlova § 12-15, for å vise til den nye barnevernlova. Denne endringa i § 12-15 tredde i kraft 1. januar 2023, utan at ein var merksam på at regelen i mellomtida var flytta frå sjette til femte ledd. Endringa blei dermed gjort i feil ledd, og det som skulle vore eit nytt første punktum i det tidlegare sjette leddet blei eit nytt sjette ledd. Forskriftsheimelen i tidlegare sjuande ledd som hadde vore flytta opp til sjette ledd, fall ut. Departementet foreslår derfor ei teknisk oppretting i § 12-15 femte og sjette ledd.

Som det går fram av punkt 4 foreslår departementet å oppheve regelen om behovsprøving av barnetillegg mot barnet si eiga inntekt i § 12-15 andre ledd frå 1. juli 2024. Departementet foreslår derfor at tredje til sjette ledd frå same tidspunkt blir nye andre til femte ledd.

Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 12-15 femte og sjette ledd.

5.5 Presiseringar i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs i samband med at innaskjers yrkesdykkarar får endra vernelov frå skipsarbeidslova til arbeidsmiljølova

5.5.1 Innleiing og bakgrunn

Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ei presisering i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs.

Bakgrunnen for forslaget er spørsmålet om retten til medlemskap i pensjonsordninga for innaskjers yrkesdykkarar tilsett på skip under 100 tonnasjeeiningar/registertonn brutto, når dykkarane ikkje lenger har skipsarbeidslova som vernelov, men arbeidsmiljølova.

Departementet sitt forslag vil sikre medlemskapen deira i pensjonsordninga.

5.5.2 Gjeldande rett

Vilkår for medlemskap i pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs

Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs er ei obligatorisk tenestepensjonsordning for tilsette om bord på norske skip, etablert ved lov 3. desember 1948 nr. 7.

Ordninga gjeld for private aktørar i maritim sektor, og blir i hovudsak finansiert av arbeidsgivarane og arbeidstakarane.

Pensjonsordninga blei med verknad frå 1. januar 2020 tilpassa hovudprinsippa i pensjonsreforma, jf. NOU 2014: 17 Pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs og Prop. 118 L (2018–2019) Endringer i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn m.m. (ny pensjonsordning). Pensjonsordninga blir administrert av Maritim pensjonskasse, som er underlagd Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Pensjonsordninga omfattar i prinsippet alle arbeidstakarar som ved arbeidsforhold er knytt til og følger skip som går inn under ordninga, jf. lova om pensjonsordning for arbeidstakarar til sjøs § 1 nr. 1. Dette gjeld utan omsyn til gjeremålet til arbeidstakarane og kven dei er tilsette av. Såleis blir ikkje berre det eigentlege skipsmannskapet omfatta, men også cateringpersonale og andre grupper med personell som har arbeidet sitt om bord.

Hovudregelen i § 1 nr. 2 første ledd bokstav a bestemmer at som skip etter lova reknast alle skip, fiske- og fangstfartøy, borefartøy og anna flyttbar innretning i sjøen som har eige framdriftsmiddel eller utstyr for boring etter undersjøiske naturførekomstar, og som er innført i norsk skipsregister med 100 tonnasjeeiningar/registertonn brutto eller meir.

Skip under 100 tonnasjeeiningar/registertonn brutto kan på nærare vilkår også bli rekna som skip etter lova, jf. § 1 nr. 2 første ledd bokstav b. Føresegna fastslår at ordninga likevel omfattar slike skip, dersom to vilkår er oppfylte: For det første må reiarlaget «disponere større skip» (minst 100 tonnasjeeiningar/registertonn brutto). Det er ikkje eit vilkår at skip (a) som reiarlaget disponerer er eigd av reiarlaget. Skip (a) kan vere leigd inn på kortare eller lengre basis. For det andre må arbeidstakarane vere fast tilsette i reiarlaget etter føresegnene i lov 21. juni 2013 nr. 102 om stillingsvern mv. for arbeidstakere på skip (skipsarbeidslova), med rett og plikt til å tenestegjere på kvart av skipa til reiarlaget. Det kjem fram av skipsarbeidslova § 3-4 at sjøfolk som den klare hovudregelen skal tilsetjast fast.

5.5.3 Ny vernelov for innaskjers yrkesdykkarar tilsett på skip under 100 tonnasjeeiningar/registertonn brutto

Arbeidsforholda for tilsette på skip er regulert av skipsarbeidslova, sjå NOU 2012: 18 Rett om bord – Ny skipsarbeidslov, Prop. 115 L (2012–2013) Lov om stillingsvern mv. for arbeidstakere på skip (skipsarbeiderloven) og Innst. 456 L (2012–2013). Det er særreglar for skip i norsk internasjonalt skipsregister, jf. lov 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister. Arbeidstidsreglane for tilsette på skip er regulert i lov 16. februar 2007 nr. 9 om skipssikkerhet.

Stortinget vedtok i mai 2021 at lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova) skal gjelde også for arbeidstakarar som utfører «dykkeoperasjonar», uavhengig av kva plattform det blir dykka frå, og om den som deltek i ein dykkeoperasjon frå skip er del av skipsmannskapet. Følgeleg vil fleire arbeidstakarar som er omfatta av skipsarbeidslova, bli «overførte» til arbeidsmiljølova. Formålet med lovendringa er å vareta helse, miljø og tryggleik for dykkarane og samtidig sikre eit heilskapleg tilsynsregime og tryggingsregelverk for all dykking i norske farvatn.

Arbeidsmiljølova § 1-2 andre ledd bokstav a fekk ved lov 7. mai 2021 nr. 29 presisert at «dykkeoperasjoner og losing» er omfatta av lova. Føresegna tredde i kraft 1. juli 2022 for så vidt gjeld losing, men elles frå den tid Kongen bestemmer, jf. forskrift 17. juni 2020 nr. 1064 og Prop. 68 L (2020–2021) Endringer i arbeidsmiljøloven (lovens anvendelse for yrkesdykking og losing). Ny vernelov for innaskjers yrkesdykkarar blir dermed arbeidsmiljølova.

Departementet foreslår i Prop. 122 L (2022–2023) Endringer i arbeidsmiljøloven (forskriftshjemmel om lovens anvendelse for dykkeoperasjoner) å etablere ein forskriftsheimel i arbeidsmiljølova som skal opne opp for at yrkesdykkarar som var omfatta av vernereglane i skipsarbeidslova, skal kunne få behalde enkelte rettar dei hadde under skipsarbeidslova, når dei no skal overførast til vernereglane i arbeidsmiljølova. Saka er for tida til behandling i Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget. I proposisjonen punkt 4.4.3 føreset departementet at retten til medlemskap i pensjonsordninga skal behaldast for arbeidstakarar som i kraft av lovvedtaket blir overførte til arbeidsmiljølova.

5.5.4 Vurdering og forslag

Departementet viser til at Sjømat Norge m.a. har tatt opp at det må avklarast om lovvedtaket frå Stortinget kan innebere ei svekking av dei aktuelle arbeidstakarane sin rett til alderspensjon etter lova om pensjonsordning for arbeidstakarar til sjøs.

Utgangspunktet for rett til medlemskap i pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs, er noko forenkla at ein må vere tilsett som arbeidstakar på eit skip registrert i norsk skipsregister med minst 100 tonnasjeeiningar/registertonn brutto. Her krevst ikkje at tilsetjinga skal skje etter ei bestemd vernelov. Dykkarar som oppfyller desse vilkåra, vil derfor ikkje bli råka av omlegginga til ny vernelov. Dykkarar som er tilsette om bord på skip under 100 tonnasjeeiningar/registertonn brutto før arbeidsmiljølova § 1-2 andre ledd bokstav a blir sett i verk med verknad også for «dykkaroperasjonar», vil heller ikkje bli råka. Spørsmålet er dermed om innaskjers yrkesdykkarar som blir tilsette om bord på skip under 100 tonnasjeeiningar/registertonn brutto etter at endringa i arbeidsmiljølova er sett i verk, har rett til medlemskap i pensjonsordninga.

Departementet legg til grunn at det ikkje har vore tilsikta at arbeidstakarar som blir omfatta av lovvedtaket frå Stortinget, av den grunn skal få svekte pensjonsrettar etter lova om pensjonsordning for arbeidstakarar til sjøs.

Departementet viser vidare til at denne lova allereie omfattar arbeidstakarar som har arbeidsmiljølova som vernelov (m.a. borefartøy i petroleumsverksemda), jf. hovudregelen i § 1 nr. 2 første ledd bokstav a.

Departementet føreset på denne bakgrunnen at retten til medlemskap i ordninga skal haldast oppe for arbeidstakarar som i kraft av lovvedtaket er omfatta av arbeidsmiljølova.

Maritim pensjonskasse gir overfor departementet uttrykk for at det vil vere informativt overfor partane i ordninga og formålstenleg å presisere dette i lova. Departementet er einig med pensjonskassa og foreslår derfor at § 1 nr. 2 første ledd får ei presisering, slik at det av bokstav b kjem fram at også arbeidstakarar som er fast tilsette om bord og omfatta av arbeidsmiljølova § 1-2 andre ledd bokstav a, er medlemmar i pensjonsordninga.

Sjå lovforslaget, lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs § 1 nr. 2 første ledd.

5.5.5 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at lovendringa tar til å gjelde frå den tida Kongen fastset. Forslaget har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar.

5.6 Presisering i tilleggslov til lov om Statens pensjonskasse for medlemmer av Høgsterett

5.6.1 Innleiing og bakgrunn

Pensjonsrettar for dommarar i Høgsterett og deira etterlatne er regulert i lov 21. mai 1982 nr. 25 som ei tilleggslov til lov om Statens pensjonskasse. Tilleggslova (heretter kalla høgsterettspensjonslova) omfattar dei som er utnemnde til medlemmar av Høgsterett før 1. januar 2011, medan dei som er utnemnde i 2011 eller seinare følger den ordinære pensjonsordninga i Statens pensjonskasse. Etter høgsterettspensjonslova skal pensjonsrettane vere som etter lov om Statens pensjonskasse, men det er gitt særreglar om oppteningstid, pensjonsgrunnlag og nivå på ytinga.

I Prop. 87 L (2018–2019) Endringer i lov om Statens pensjonskasse, samordningsloven og enkelte andre lover (ny tjenestepensjon for ansatte i offentlig sektor), som førte fram til lovendringa om nye oppteningsreglar for offentleg tenestepensjon (påslagspensjon), blei det uttala at det er behov for å avklare nærare korleis høgsterettspensjonslova skal bli tilpassa dei nye reglane for dei som er fødd i 1963 eller seinare. Utan ei tilpassing er det uklart om desse skal følge dei gamle reglane om bruttopensjon som krev samordning med pensjonen frå folketrygda etter samordningslova, eller dei nye reglane om påslagspensjon der pensjonen ikkje skal bli samordna med pensjonen frå folketrygda.

5.6.2 Gjeldande rett

Den særskilde pensjonsordninga for medlemmar av Høgsterett har opphaveleg bakgrunn i lov 9. november 1956 om tillegg til lov om Statens pensjonskasse av 28. juli 1949. Lova bestemde at pensjonsgjevande tenestetid for dommarar i Høgsterett skulle bli auka med inntil 10 år. Ved tilleggslova frå 1982 blei særregelen om ekstra oppteningstid utvida til 15 år. Samtidig blei det gitt særreglar om pensjonsgrunnlag. Nivået for bruttopensjonen skulle utgjera 57 prosent av godtgjeringa som er fastsett for dommarar i Høgsterett. Særreglane blei grunngitt både i Høgsterett si konstitusjonelle rolle og i rekrutteringa til domstolen, sjå Ot.prp. nr. 32 (1981–82) Om lov om tillegg til lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse side 1. Det blei særleg påpeika at ein burde sikre at privatpraktiserande advokatar også kunne sjå seg tent med å søke ledige embete.

5.6.3 Vurderingar og forslag

Departementet har vurdert om høgsterettspensjonslova skal følge reglane om bruttopensjon etter kapittel 5 eller påslagsordninga etter kapittel 5 a i lova om Statens pensjonskasse for dei som er fødde etter 1962.

Departementet har vurdert ei tilpassing der den ekstra pensjonsgivande tenestetida på 15 år inngår i utrekninga av oppsett bruttopensjon for tida før 2020, og at oppteninga frå 2020 held fram etter kapittel 5 a. Denne tilpassinga kan ha uheldige sider ved at dommaren kan få ein lågare tenestepensjon samanlikna med å behalde bruttoordninga slik ho er i dag.

Departementet meiner at ei ordning der alderspensjon blir berekna etter kapittel 5, med dei tilpassingane som følger av tilleggslova, vil vere den beste løysinga. I denne løysinga med vidare opptening i bruttoordninga vil alderspensjonen vere basert på det same pensjonsgrunnlaget og pensjonsprosenten som i dag, samtidig som oppteningstida blir auka med inntil 15 år for medlemmar som står i embetet fram til 67 år. Sidan særreglane etter tilleggslova er historisk grunngitt ut frå Høgsterett si konstitusjonelle rolle og i rekrutteringa til domstolen, foreslår departementet at dei som er omfatta av høgsterettspensjonslova, får vidareført gjeldande bruttoordning for alderspensjon.

Høgsterett har i notat 25. november 2022 gitt sitt syn på saka. Dei støttar forslaget her om at høgsterettsdommarane som er omfatta av høgsterettspensjonslova og som er fødde i 1963 eller seinare, får alderspensjon etter bruttoordninga.

Det blir også gjort framlegg om endringar i lova av presiserande og opprettande art.

Sjå lovforslaget, høgsterettspensjonslova §§ 1, 2, 3 og 4.

5.6.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringane tar til å gjelde 1. januar 2024. Endringane har venteleg ikkje nokon økonomiske konsekvensar.

5.7 Retting av feil i lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringer i folketrygdloven (nye etterlatteytelser) § 18-3 andre ledd bokstav b

Det er behov for å rette ein feil i lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringer i folketrygdloven (nye etterlatteytelser).

Etter folketrygdlova § 18-3 første ledd er det eit vilkår for rett til barnepensjon at barnet er medlem i trygda. Andre ledd til paragrafen har reglar om unntak frå dette kravet. Eit av unntaka er når den avdøde har mindre enn 20 års butid, men har opptent rett til tilleggspensjon, sjå § 18-3 andre ledd bokstav b. I slike tilfelle ytast det barnepensjon sjølv om barnet ikkje er medlem i trygda, noko som ofte omtalast som «eksport».

Reglar om tilleggspensjon er gitt i folketrygdlova kapittel 3. Etter § 3-8 andre ledd første punktum er det eit vilkår for rett til tilleggspensjon at vedkommande har fem poengår. Kravet om kor mange poengår ein treng for å kunne få tilleggspensjon, blei endra med verknad frå 1. januar 2021. Endringa var ein del av ei større omlegging av krava om butid og periodar med opptening for å få ytingar etter folketrygdlova kapitla 11, 12, 15, 16, 17, 18, 19 og 20. Medan det tidlegare var eit krav om tre års butid eller opptening for å kunne få desse ytingane, blei det frå 1. januar 2021 stilt krav om fem års butid eller opptening, sjå Prop. 10 L (2019–2020) Endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover (samleproposisjon høsten 2019).

I lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringer i folketrygdloven, som enno ikkje er tredd i kraft, er det gitt reglar om nye etterlatneytingar. Det er her vedteke endringar i folketrygdlova § 18-3 andre ledd bokstav b. Slik føresegna lyder her, skal det gjerast unntak frå kravet om medlemskap i folketrygda dersom den avdøde har mindre enn 20 års butid, men har minimum tre år med pensjonsgjevande inntekt som overstig grunnbeløpet. Av merknadene til lovendringa, sjå Prop. 13 L (2020–2021) Endringer i folketrygdloven (nye etterlatteytelser) punkt 8, kjem det fram at endringa var tilpassa innføringa av ny alderspensjon i folketrygdlova kapittel 20. Det er vist til at barnepensjon kan eksporterast både på grunnlag av opptent tilleggspensjon og inntektspensjon, men at det er ein føresetnad for eksport at den avdøde hadde opptening på eit nivå som ville gitt rett til tilleggspensjon etter folketrygdlova kapittel 19. Denne lovendringa blei vedteken i desember 2020, medan det framleis gjaldt eit krav om tre poengår for å kunne få tilleggspensjon. At det da allereie var vedteke at kravet om butid eller opptening skulle aukast frå tre til fem år, blei ved ein inkurie ikkje tatt i betraktning da lovforslaget blei lagt fram.

Barnepensjonen er vesentleg styrkt gjennom etterlatnereforma, både med omsyn til storleiken og varigheita til pensjonen. Departementet legg til grunn at det ikkje har vore tilsikta at det med reforma skal gjelde et meir lempeleg krav for eksport av barnepensjon enn det som gjeld no, og det som gjeld for andre ytingar i folketrygda. Departementet foreslår derfor at lov 18. desember 2020 nr. 139 § 18-3 andre ledd bokstav b blir endra, slik det blir gjort unntak frå kravet om framleis medlemskap i folketrygda dersom den avdøde har minimum fem år med pensjonsgjevande inntekt som overstig grunnbeløpet. Forslaget har ikkje vore på høyring da det må reknast som openbert unødvendig, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3.3.

Ved kongeleg resolusjon 16. juni 2023 er det fastsett at lov 18. desember 2020 nr. 139 trer i kraft 1. januar 2024. Sidan lova enno ikkje er i kraft, trer endringa i § 18-3 andre ledd bokstav b i kraft straks.

Sjå lovforslaget, lov 18. desember 2020 nr. 139 § 18-3 andre ledd.

Til forsida