Prop. 93 S (2021–2022)

Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal fylkeskommune

  • 1. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet Vegamot AS får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen. Vilkåra går fram av denne proposisjonen.

  • 2. Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet kan inngå avtale med bompengeselskapet Vegamot AS om delfinansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen. Avtalen gir bompengeselskapet rett til å krevje inn bompengar innanfor dei vilkåra som er fastsette i denne proposisjonen.