Prop. 93 S (2021–2022)

Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Til innhaldsliste

5 Bompengeopplegg

I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka blir ordninga med etterskotsinnkrevjing i ein bomstasjon ved Skjeltene på fastlandet i Haram kommune vidareført, jf. Prop. 140 S (2016–2017) og Innst. 468 S (2016–2017). Det skal krevjast inn bompengar i begge køyreretningar.

Auka bompengebidrag på 134 mill. kr i forhold til det som vart lagt til grunn i Prop. 140 S (2016–2017) ogInnst. 468 S (2016–2017), er foreslått løyst gjennom forlenga innkrevjingstid, auka takstar og betaling frå nullutsleppskøyretøy. Lokale styresmakter legg til grunn at innkrevjingsperioden kan aukast frå 20 til 25 år. Dette inneber at innkrevjinga blir utvida til og med 2047. For å sikre at bompengeselskapet sine auka plikter blir dekte, blir det òg lagt opp til at gjennomsnittstaksten blir auka frå 109 2017-kr til 179 2022-kr.

Basert på utrekna trafikkgrunnlag og samansetjing av trafikken er det førebels lagt til grunn følgjande grunntakstar i 2022-prisnivå:

  • Takstgruppe 1: 219 kr

  • Takstgruppe 2: 657 kr

I forhold til det som blei lagt til grunn i Prop. 140 S (2016–2017) ogInnst. 468 S (2016–2017), er grunntaksten for takstgruppe 2 (køyretøy med totalvekt over 3 500 kg ekskl. køyretøy klassifisert som M1 i Autosys med gyldig brukaravtale og brikke) auka frå dobbel til tredobbel takst i forhold til takstgruppe 1 (køyretøy med totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy klassifisert som M1 i Autosys, uavhengig av vekt, med gyldig brukaravtale og brikke). Det er lagt vekt på at køyretøy i takstgruppe 2 har spesielt stor nytte av vegprosjektet. Næringslivet på øyane har arbeidd i mange år for at fastlandsambandet skulle realiserast, då den gir store nettogevinstar i form av døgnopen veg og spart reisetid.

I tråd med Prop. 1 S Tillegg 2 (2016–2017) er det lagt til grunn 20 pst. rabatt for køyretøy i takstgruppe 1 med gyldig brukaravtale og brikke. Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.

Det blir lagt til grunn at nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 får 50 pst. rabatt i forhold til taksten for ordinære køyretøy etter rabatt, medan nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 får 100 pst. rabatt i tråd med opplegget i Prop. 87 S (2017–2018) Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak, kyst og post og telekommunikasjonar, jf. Innst. 380 S (2017–2018). Rabatten føreset gyldig brukaravtale og brikke.

I tråd med lokalpolitiske vedtak er det lagt til grunn eit passeringstak på 40 passeringar per månad for køyretøy i takstgruppe 1 med gyldig brukaravtale og brikke.

Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga.

Lokale styresmakter ynskjer å auke innkrevjingsperioden frå 20 til 25 år. Dette inneber at innkrevjinga blir utvida til 2047. Hovudregelen om 15 eller 20 års innkrevjingsperiode i bompengeprosjekt ligg fast, men Samferdselsdepartementet foreslår å gjere unntak grunna den vesentlege kostnadsauken for prosjektet. Auka innkrevjingstid frå 20 til 25 år med dei nye takstane gir isolert sett ein auke i bompengebidraget på 95 mill. kr. Samla brutto bompengar aukar tilsvarande med 274 mill. kr. Grunna innkrevjingsperioden på 25 år skal eventuelle auka inntekter grunna til dømes høgare trafikk eller lågare rente, gå til reduksjon av innkrevjingsperioden ned til 20 år før det går til reduksjon av takstar.

Andre føresetnader for bompengeopplegget

I tråd med rutinar for handtering av uvisse i bompengeproposisjonar, jf. Prop. 1 S (2016–2017), vil fastsett gjennomsnittstakst bli brukt som grunnlag for justering av takstane. Før innkrevjinga startar vil gjennomsnittstaksten bli vurdert på ny ut frå kjende faktorar som låneopptak, faktisk lånerente og trafikk. Vidare blir det gjort nye vurderingar av naudsynt gjennomsnittstakst etter eitt til to år, når trafikken og samansetjinga av denne er nærmare kjend. I begge tilfelle kan grunntakstane bli endra samanlikna med det som er lagt til grunn i denne bompengeproposisjonen. Før bompengeselskapet søkjer om justering av gjennomsnittstaksten, skal forslaget fremmast for garantist for tilslutnad. Elles skal gjennomsnittstakst justerast i samsvar med prisutviklinga.

Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Innkrevjingsperiode: 25 år.

  • Trafikkgrunnlag: 693 bilar/døgn i opningsåret.

  • Årleg trafikkvekst: 0,9 pst.

  • Årleg prisstiging: 2,0 pst.

  • Lånerente: 5,5 pst. dei første ti åra, deretter 6,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnadar: 2,7 mill. kr.

Samanlikna med føresetnadane i Prop. 140 S (2016–2017) Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal er rekna ÅDT i opningsåret redusert med om lag 200 køyretøy som følgje av auka takstnivå.

Med desse føresetnadane og ein gjennomsnittstakst på 179 kr i 2022-priser er brutto bompengeinntekter rekna til om lag 1 252 mill. kr. Av dette dekkjer 676 mill. kr byggjekostnader, om lag 509 mill. kr dekkjer finansieringskostnadene og om lag 67 mill. kr dekkjer innkrevjings- og driftskostnader knytt til bompengeselskapet.