Prop. 93 S (2021–2022)

Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Til innhaldsliste

4 Finansieringsopplegg

Finansieringsopplegget for fv. 659 Nordøyvegen omfattar fylkeskommunale midlar og eit bompengebidrag. Dette inneber at Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for nødvendige låneopptak for å finansiere framtidige kommunale tilskot knytt til prosjektet, jf. kap. 3. Kostnadsauken i prosjektet er føresett finansiert med ein auke i fylkeskommunale midlar og bompengebidraget.

Med utgangspunkt i revidert styringsramme er det lagt til grunn ein revidert finansieringsplan som vist i tabell 4.1.

Tabell 4.1 Revidert finansieringsplan for fv. 659 Nordøyvegen:

Mill. 2022-kr

Fylkeskommunale midlar

4 888

Bompengebidrag

676

Sum styringsramme

5 564

Eventuell ny kostnadsauke i prosjektet opp til kostnadsramma skal i samsvar med gjeldande retningsliner for bompengeprosjekt dekkjast med fylkeskommunale midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innanfor styringsramma. I tråd med tabell 4.1 utgjer fylkeskommunale midlar om lag 87,9 pst. og bompengebidraget om lag 12,1 pst. av finansieringa. Eventuell auke ut over kostnadsramma er fylkeskommunen sitt ansvar og kan ikkje dekkjast med bompengar. Eventuelle kostnadsreduksjonar på inntil 10 pst. skal delast mellom fylkeskommunale midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innanfor styringsramma.

Fylkeskommunale midlar

Samla finansielt bidrag frå fylkeskommunen er rekna til 4 888 mill. kr. I dette inngår mellom anna mva-kompensasjon og bidrag frå kommunar og næringsliv i form av tilskot.

Ferjeavløysingsmidlar inngår òg i fylkeskommunen sitt finansieringsopplegg. Fylkeskommunen er derfor ansvarleg for nødvendige låneopptak for å finansiere prosjektet, uavhengig av storleiken på framtidige tilskot, kompensasjonar og ferjeavløysingsmidlar.

Bompengebidrag

I Prop. 140 S (2016–2017) Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal ogInnst. 468 S (2016–2017) blei det lagt til grunn eit bompengebidrag på 460 mill. 2017-kr, som innebar at bompengar skulle stå for om lag 13,4 pst. av finansieringa. Det utgjer om lag 542 mill. 2022-kr. Bompengebidraget er foreslått auka med 134 mill. kr til 676 mill. 2022-kr.