Regjeringas klimastatus og -plan

Til innhaldsliste

6 Klimaeffekten av framlagt budsjett

6.1 Rapportering på klimaeffekten av framlagt budsjett

Ifølgje klimalova § 6 skal det gjerast greie for klimaeffekten av framlagt budsjett i statsbudsjettet for kvart år. Eit sentralt formål med klimalova er å fremje gjennomføringa av Noregs klimamål og å styrkje openheit og offentleg debatt gjennom at Stortinget regelmessig får informasjon om status og framdrift i arbeidet med Noregs klimamål. Det er fagleg krevjande å berekne effekten av ny og etablert politikk på utviklinga i klimagassutsleppa. I 2018 vart det nedsett eit teknisk berekningsutval for klima (TBU Klima) for å bidra til ny kunnskap og nye metodar for tiltaks- og verkemiddelanalysar på klimaområdet. Teknisk berekningsutval for klima skal i tråd med klimalova foreslå metodar for berekning av klimaeffekten av statsbudsjettet. Sjå Boks 6.1 for ein nærmare omtale av arbeidet til TBU Klima med klimaeffekt av statsbudsjettet.

Boks 6.1 Teknisk berekningsutval for klima (TBU) og arbeidet deira med klimaeffekt av statsbudsjettet

Teknisk berekningsutval for klima har gjennom heile perioden sin arbeidd med å vurdere metode for å berekne utsleppseffektar av statsbudsjettet. I fjerde årsrapport1 gav utvalet nokre førebelse tilrådingar om metode for å berekne klimaeffekten av budsjettet og skisserte arbeid som står att.

Rapporten peiker på at metoden for kategorisering av budsjettpostar er nyttig for å gje oversikt og identifisere postar som bør vurderast nærmare, men ikkje som hovudtilnærming for heilskapleg rapportering på klimaeffekten av statsbudsjettet. Utvalet viser også til at rapportering på måloppnåing i 2030 og 2050 er sentralt i klimalova, og at dei to rapporteringane bør sjåast meir i samanheng.

Utvalet signaliserte på bakgrunn av dette behov for å gjere ei heilskapleg vurdering før ein gjev endelege tilrådingar om metode for å berekne klimaeffekten av statsbudsjettet. I fjerde årsrapport varslar utvalet ein temarapport med tilrådingar for å forbetre metoden for å vurdere klimaeffekten av budsjettet, sett i samanheng med metodar for klimaanalyse og verkemiddelanalysar og framskrivingar av klimagassutslepp. Utvalet skulle levert sommaren 2023, men har fått utsett frist til 15. desember 2023.

1 https://tbuklima.no/temaer-og-dokumenter/rapporter/

6.2 Kategorisering av budsjettpostar

Rapporteringa på klimaeffekten av framlagt budsjett er i dag basert på ein metode for å kategorisere postane på statsbudsjettet etter klimaeffekt som vart utarbeidd som ein del av arbeidet til TBU klima. Hovudformålet med kategoriseringa er å identifisere budsjettpostar som påverkar klimagassutslepp i Noreg.

Alle departementa har kategorisert budsjettpostane ut frå om endringane i 2024-budsjettet har eller ikkje har ein effekt på klimagassutslepp eller -opptak. Fjorårets statsbudsjett er nytta som samanlikningsgrunnlag. Utsleppseffekten er definert som effekten på utslepp av klimagassar av endring i tildelingar, skattar og avgifter frå føregåande år. Dette er fordi behandlinga av statsbudsjettet i praksis er ei behandling av endringar i budsjettet, og at det er klimaeffekten av desse endringane som er mest avgjerdsrelevant. Vidare er det relevant å samanlikne med budsjettpostane frå føregåande år for å seie noko om utviklinga i klimaeffekt på kort sikt, og det mest relevante samanlikningsgrunnlaget er difor føregåande budsjett. Det er effekt på klimagassutslepp som inngår i utsleppsrekneskapen til Noreg, som er lagt vekt på, med nokre få unntak for tiltak der klimaeffekt i andre land er formålet med bevillinga.

Budsjettpostane som har effekt på klima, er kategoriserte etter om ei endring i tildelinga vil gje ein auke, reduksjon, langsiktig eller usikker effekt på klimagassutslepp. Med «usikker effekt» er det meint det at posten er definert til å ha ein klimaeffekt, men det er usikkert om det gjev ein auke eller reduksjon på klimagassutsleppa. Dette kan vere budsjettpostar der ein ikkje har tilstrekkeleg informasjon til å seie noko om effekten, eller budsjettpostar som både kan auke og redusere utsleppa, og det er usikkert kva for ein effekt som er størst. Endringar med langsiktig effekt omfattar budsjettpostar som truleg kan redusere klimagassutsleppa eller positiv effekt på grøn omstilling, men effekten er usikker og vanskeleg å måle, vil kunne skje langt ut i tid, mv.

Postar som departementa meiner har nøytral verknad på klimautslepp, er hovudsakleg haldne utanom. Driftsmidlar, breie overføringar til privatpersonar eller skattar med breie skattegrunnlag er døme på løyvingar over statsbudsjettet som kan bli rekna som nøytrale. Likevel blir driftsutgifter som er knytte til postar med ein klimaeffekt, inkluderte i rapporteringa, og det gjeld til dømes utgifter til drift og vedlikehald av vegar, kjøp av klimakvotar, kunnskapsinnhenting om klima, miljøvennleg skipsfart mv. Budsjettendringar som berre følgjer av ordinær prisjustering, blir ikkje tekne med. Dei budsjettpostane som er tekne med blir ført som nominell endring frå saldert budsjett 2023.

Metoden har gjort det mogleg å nytte eit generelt verktøy som er samanliknbart på tvers av departementa. Metoden for kategorisering legg grunnlaget for ei meir konsistent tilnærming til å vurdere klimaeffekt av budsjettpostar. Samstundes vil kategoriseringa ikkje gje informasjon om ein heilskapleg klimaeffekt av statsbudsjettet.

6.3 Vurdering av klimaeffekten av framlagt budsjett

Krig, uro og etterverknader av pandemien har ramma verdsøkonomien hardt og gjort verda meir utrygg. Prisane har auka i alle land, også her i Noreg. Alle merkar dette, og mange har fått trongare økonomi. I årets statsbudsjett har regjeringa prioritert å halde ved lag velferdstenestene og vareta dei som har minst. Vi skal òg fremje grøn omstilling og nå klimamåla våre. Det finst ingen raske løysingar. Regjeringa har gjort tøffe grep, og Noreg har gode føresetnader for å komme trygt gjennom denne krevjande tida. Arbeidsløysa er låg, og prisstiginga har truleg nådd toppen.

Det er foreslått ei rekkje verkemiddel og tiltak for å tette utsleppsgapet for ikkje-kvotepliktige utslepp. Budsjettforslaga skal bidra til at Noreg oppfyller det gjeldande utsleppsbudsjettet sitt fram mot 2030.

Dei viktigaste grepa regjeringa foreslår å gjere i samband med statsbudsjettet for å redusere ikkje-kvotepliktige utslepp, er

  • trappe opp det generelle nivået på avgift på ikkje-kvotepliktige utslepp med 19 pst. i tråd med ei vidare lineær opptrapping til 2 000 2020-kroner i 2030
  • satsane for avgifta på avfallsforbrenning, LPG og naturgass i veksthusnæringa, og satsen for mineralolje i CO2-avgifta på mineralske produkt blir auka
  • avvikle fritaket i CO2-avgift for fiske og fangst i fjerne farvatn frå 2025
  • auke løyvinga til Bionova med 78 mill. kroner
  • auke løyvinga til Enova med 80 mill. kroner

I tillegg til dette presenterer Regjeringas klimastatus og -plan ei rekkje planlagde verkemiddel som ikkje er direkte knytte til statsbudsjettet. Planen regjeringa har for utsleppskutt, er presentert i kapittel 3. I kapittel 4 viser vi korleis denne politikken bidreg til å oppfylle dei ulike klimamåla. Tabell 4.2 viser utsleppsgapet og berekna effekt av verkemiddel retta mot ikkje-kvotepliktige utslepp fram mot 2030.

Regjeringa har òg eit nasjonalt mål om å omstille både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor. Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Regjeringa prioriterer i forslaget til statsbudsjett for året å satse på grøn industri og grøne næringar, teknologi og norske arbeidsplassar. Det blir difor foreslått

  • raskare utbygging av havvind
  • styrking av energistyresmaktene med 60 mill kroner
  • energieffektivisering og energisparing
  • styrke innsatsen retta mot forsking for grøn omstilling gjennom Forskingsrådet
  • auke ramma for lågrisikolån i Innovasjon Noreg med 1 mrd. kroner

6.4 Rapportering frå departementa

Totalt har departementa rapportert inn 79 budsjettendringar på statsbudsjettet som er kategoriserte til å ha ein effekt på utslepp/opptak av klimagassar samanlikna med budsjettet frå i fjor.

6.4.1 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Totalbudsjettet for Arbeids- og inkluderingsdepartementet i 2024 er på 653,3 mrd. kroner. Om lag 90 pst. av det samla budsjettet går til ytingar frå folketrygda, der dei største utgiftene er til alderspensjon, uføretrygd, sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og dagpengar. Om lag 2 pst. går til andre rammestyrte ordningar som arbeidsmarknadstiltak, tilskot til sosiale tenester mv., og om lag 4 pst. går til integreringsfeltet. Rundt 3 pst. går til direktorat og andre underliggjande forvaltningsorgan, under dette Arbeids- og velferdsetaten. Budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet utgjer om lag 0,06 pst. Resterande går til tilskot til Statens pensjonskasse og diverse andre mindre tilskotsordningar. Budsjettpostane omfattar komplekse samanhengar som det vil vere krevjande å anslå klimaeffektar av.

6.4.2 Barne- og familiedepartementet

Totalbudsjettet på området til Barne- og familiedepartementet i 2024 er på om lag 67,9 mrd. kroner på utgiftssida. 38,8 pst. av dette er stønadsordningar ved fødsel og adopsjon, 41 pst. går til familie og oppvekst, der størsteparten er barnetrygd og kontantstøtte, 13,7 pst. går til barnevernet, 5,8 pst. er tilskot til Den norske kyrkja og trus- og livssynssamfunn, og 0,4 pst. går til forvaltning av forbrukarpolitikken. Drift av Barne- og familiedepartementet utgjer 0,3 pst.

Det er krevjande å berekne klimaeffekten av desse løyvingane. På budsjettet til Barne- og familiedepartementet er tilskota til arbeidet med miljømerking, arbeidet med å redusere matsvinn i tillegg til tilskotet til Høgskolen i Innlandet og Ungt Entreprenørskap til forbrukarundervisning relevante for arbeidet med å redusere utslepp. Hausten 2022 vart det etablert eit kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet i Forbrukarrådet som per i dag presenterer produkttestar med vekt på berekraft. Andre budsjettpostar er vurderte som nøytrale.

6.4.3 Finansdepartementet

Over budsjettet til Finansdepartementet (utanom løyvingar til konstitusjonelle institusjonar) er det for 2024 foreslått å løyve 141 mrd. kroner. Betening av statsgjeld, renter og avdrag med meir utgjer 80,5 mrd. kroner. Kompensasjon for meirverdiavgift og nettoordning for statleg betalt meirverdiavgift utgjer 46,5 mrd. kroner. 14 mrd. kroner går til drift av departementet, Finanstilsynet, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, Tolletaten, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå. Løyvingane blir ikkje rekna som å ha nokon vesentlege verknader på utslepp av klimagassar.

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for måten særavgifter blir innretta på i miljøpolitikken. Miljøavgifter gjer at marknadsprisane i større grad inkluderer kostnadene for samfunnet ved miljøskadelege aktivitetar. Det medverkar til å redusere dei miljøskadelege utsleppa. Fleire avgifter har som formål å redusere utslepp av klimagassar. Dette gjeld CO2-avgifta på mineralske produkt, avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen og avgifta på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK), SF6 og avfallsforbrenning. Eingongsavgifta på motorvogner inneheld òg ein CO2-komponent. Ho skal påverka forbrukarar til å ta meir klimavennlege val ved bilkjøp.

I tillegg er det avgifter som ikkje har som formål å redusere utslepp av klimagassar, men som likevel påverkar utsleppa. Dette gjeld først og fremst vegbruksavgifta. Det finst òg særskilde fritak frå generelle avgifter som bidreg til reduserte utslepp av klimagassar, til dømes mva.-fritaket for elbilar. I budsjettet for 2024 foreslår regjeringa fleire endringar som forsterkar klima- og miljøeffekten av avgiftssystemet. Regjeringa foreslår å auke den generelle satsen for ikkje-kvotepliktige utslepp med 19 pst. utover prisstigning og å auke avgifta på forbrenning av avfall til 75 pst. av generell sats. Regjeringa foreslår også å auke den reduserte satsen for naturgass og LPG til veksthusnæringa og innføre avgift på utslepp av N2O frå transport. Dette gjev ei meir lik prising av klimagassutslepp og ein meir kostnadseffektiv klimapolitikk. Som ein del av ein pakke for å hjelpe hushald og bedrifter i møte med dei høge drivstoffprisane foreslår regjeringa samstundes å redusere vegbruksavgifta på bensin og autodiesel. Dette er ei avgift som ikkje er klimapolitisk grunngjeven, men som likevel vil påverke utsleppa. Særavgiftene er nærmare omtalte i Prop. 1 LS (2023–2024) Skattar og avgifter 2024.

Finansdepartementet har utvikla ein modell for å anslå utsleppsverknader av endringar i avgifter (KAJA). Modellen tek utgangspunkt i priselastisitetar frå forskingslitteraturen, som er nokre år gamle. Modellen nyttar langsiktige priselastisitetar. Dei talfesta utsleppsverknadene vil difor vere den berekna verknaden av 2024-forslaget etter at aktørane i økonomien har fått tid til å tilpassa seg endringane. Utsleppseffekten vil med andre ord komme gradvis, og full effekt kan ikkje påreknast før etter tidlegast seks til sju år. Overslaga gjev dermed eit bilete av kor store utsleppsverknader 2024-forslaga kan ha i 2030, men vil ikkje gje presise overslag for utsleppsendringar som vil skje i 2024. Utsleppsutviklinga framover vil òg påverkast av ei rekkje andre faktorar, slik som prisutviklinga på drivstoff (utover avgifter), aktiviteten i økonomien og eventuelle teknologiske endringar. Utsleppsverknaden kan difor ikkje forståast som eit overslag på kor mykje utsleppa vil endre seg frå eit år til eit anna, men må forståast som eit overslag på kor mykje utsleppa kan endrast samanlikna med ein situasjon der ein ikkje gjennomførte avgiftsendringa. Overslaga på utsleppseffekt av avgiftsendringar er svært usikre. Det er mellom anna stor uvisse rundt nivået på priselastisiteten og om han kan endre seg over tid. Det blir understreka at det er stor uvisse i utrekningane.

Tabell 6.1 Endring i løyving på budsjettet til departementet som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2023 til budsjettforslaget for 2024):

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Klima- og omstillingseffekt

5536

71

Eingongsavgift

90,0

Redusert utslepp

5538

70/71

Vegbruksavgift på bensin og autodiesel

-780,0

Auka utslepp

5543

70

CO2-avgift på mineralske produkt1

2 320,0

Redusert utslepp

5546

70

Avgift på forbrenning av avfall

250,0

Redusert utslepp

5548

70

Avgift på HFK/PFK

80,0

Redusert utslepp

5548

71

Avgift på SF6

10,0

Redusert utslepp

1 Inntekter frå petroleumsskatten inngår i kontantstraumen til Statens pensjonsfond utland og påverkar ikkje handlingsrommet i budsjettet for året.

Kap. 5536, post 71 Auke eingongsavgifta (90 mill. kroner)

Formålet med eingongsavgifta er å skaffe staten inntekter og stimulere til ein meir miljøvennleg bilpark. For personbilar (avgiftsgruppe a) blir eingongsavgifta berekna på grunnlag av eigenvekta til køyretøya, CO2-utslepp og NOX-utslepp. I 2024-budsjettet foreslår regjeringa to endringar i eingongsavgifta som kan ha ein klimaverknad. Det blir foreslått å auke eingongsavgiftssatsen på fossile varebilar. I tillegg blir det foreslått å fjerne fordelen som ladbare hybridbilar har i eingongsavgifta. Begge endringane vil kunne gje ein svak, men samstundes usikker reduksjon i klimagassutslepp.

Kap. 5538, post 70/71 Redusere vegbruksavgifta (-780 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å redusere vegbruksavgifta på bensin og diesel. Reduksjonen er grunngjeven i dei høge drivstoffprisane og vil bidra til å reduserte levekostnader i statsbudsjettet for 2024. Vegtrafikken påfører samfunnet kostnader i form av ulykker, kø, støy, vegslitasje og helse- og miljøskadelege utslepp. Ved å prise desse eksterne kostnadene skal vegbruksavgifta gje brukarane av køyretøy eit økonomisk insentiv til å ta omsyn til dei ulempene køyringa påfører andre. Vegbruksavgifta gjev i tillegg inntekter til statskassen. Vegbruksavgifta er ikkje klimapolitisk grunngjeven, men påverkar utsleppa. Det er berekna at den føreslegne reduksjonen i vegbruksavgifta isolert sett kan gje ein auke i utslepp på om lag 55 000 tonn CO2-ekvivalentar. Det er stor uvisse i utrekninga.

Kap. 5543, post 70, 5548 post 70/71 Auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp med 19 pst. (2 410 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar med 19 pst. i 2024. Dette er i tråd med ei lineær opptrapping av avgifta til 2 000 2020-kroner i 2030. Utslepp av lystgass frå forbrenning av mineralolje i transport (vegtrafikk, sjøfart og fiske, luftfart, ikkje-veggåande maskiner) er ikkje prisa i dag. Utsleppa utgjer om lag 150 000 CO2-ekvivalentar. Utsleppa kan prisast ved å auka den generelle satsen for mineralolje, da så godt som all bruk av mineralolje gjeld transport. Regjeringa foreslår å auke satsen for mineralolje slik at utslepp av lystgass blir prisa på same nivået som andre ikkje-kvotepliktige utslepp. Det inneber å auke den generelle satsen for mineralolje med 4 øre per liter utover auken på 19 pst. i 2024.

Auka avgifter på utslepp av klimagassar gjev insentiv til å redusere bruken av fossile energivarer og aktivitetar som gjev utslepp av klimagassar. Det gjev òg insentiv til å investere i låg- og nullutsleppsteknologi. Det er berekna at den foreslåtte auken i CO2-avgifta på dei mineralske produkta isolert sett kan gje ein reduksjon i utslepp på om lag 170 000 tonn CO2-ekvivalentar. Det er stor uvisse i utrekninga.

Kap. 5546, post 70 Auke avgiftene på avfallsforbrenning (250 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp frå avfallsforbrenning til 75 pst. av den generelle satsen og å innføre ein redusert sats for kvotepliktige utslepp. Det er berekna at den foreslåtte auken i avgiftene på avfallsforbrenning isolert sett kan gje ein reduksjon i utslepp på om lag 50 000 tonn CO2-ekvivalentar. Det er stor uvisse i utrekninga.

6.4.4 Forsvarsdepartementet

Regjeringa sitt forslag til forsvarsbudsjettet for 2024 er på om lag 90,8 mrd. kroner. Forsvarsbudsjetta har blitt styrkte over fleire år. Gjennom behandlinga av langtidsplanen for forsvarssektoren for perioden 2021–2024, jf. Stortinget si behandling av Innst. 87 S (2020–2021) til Prop. 14 S (2020–2021), vart det lagt til grunn ein ytterlegare auke i budsjetta. Forsvaret har difor over ein periode auka bemanninga, auka materiellmengda i forsvarsstrukturen og auka trenings- og øvingsaktivitetane sine. Dette er for å betre den nasjonale forsvarsevna i tråd med langtidsplanane i sektoren. Denne utviklinga vil halde fram dei neste åra.

Dei direkte klimagassutsleppa frå forsvarssektoren kjem i stor grad frå bruk av drivstoff. Særleg gjeld dette fartøy, fly og køyretøy. Forsvarssektoren skal til kvar tid syte for å halde ved lag den operative evna, og denne avheng av det materiellet ein har investert i. Dette krev eit aktivitetsnivå som fører til bruk av drivstoff til fly, fartøy og køyretøy og dermed direkte klimagassutslepp frå desse. Ei styrking av forsvarsbudsjettet som inneber auka aktivitetsnivå, vil som regel auke dei absolutte utsleppa noko. Tilsvarande vil reduksjonar i budsjettrammene kunne redusere dei absolutte utsleppa noko dersom aktivitetsnivået blir mindre som følgje av reduksjonen. Utsleppseffekten heng difor saman med mellom anna faktisk aktivitetsnivå. Denne uvissa knytt til overslaget på forbruket av drivstoff gjer at det ikkje er mogleg å kvantifisere utsleppseffekten. Utsleppa er venta å auke svakt dei kommande åra som følgje av ei styrking av Forsvarets kapasitet. Styrkinga gjev meir materiell i bruk (særleg fly og fartøy) og målsetjingar om auka aktivitetsnivå. Sjølv om auka aktivitetsnivå kan få konsekvensar for klima og miljø, er det ein ambisjon å skape best mogleg øvingsutbytte samstundes som ein jobbar for å avgrense klimagassutslepp og unngå store, negative konsekvensar for miljøet. Forsvaret bruker ulike simulatorar for fly, fartøy og køyretøy til øving og trening. Dette reduserer forbruket av drivstoff og dermed klimagassutslepp samanlikna med berre skarp trening. Forsvaret ser på høva for å auke bruken av simulatorar.

Forsvarssektoren har sidan 1998 hatt ein eigen miljødatabase som verktøy for å registrere, overvake og rapportere korleis etatane påverkar miljøet. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) gjev kvart år ut ein rapport med ein årleg miljø- og klimarekneskap for forsvarssektoren. Rekneskapen for 2022 er gjeven ut i FFI-rapport 23/01120. Rapportane gjev oversikt over resultat og utvikling for sentrale miljøaspekt over tid. Dette er til dømes næringsavfall, energibruk, drivstoffbruk, ammunisjonsbruk og kjemikaliar. I tillegg blir klimagassutsleppa frå forsvarsektoren samanfatta i ein klimarekneskap. Klimarekneskapen følgjer metodikken og retningslinene i Greenhouse Gas Protocol (GHG-protokollen) og fordeler utsleppa i overordna kategoriar (såkalla scope). Sjølv om dette ikkje er direkte knytt til klimaeffekten av budsjetta isolert sett, er det likevel relevant her med ein omtale av hovudtrekka i 2022 for energibruk, drivstoffbruk og klimarekneskap.

Energibruk knytt til bygg og anlegg forsvarssektoren har i Noreg i 2022, blir innhenta frå Forsvarsbygg som baserer rapporteringa på statistikk frå leverandørar. Forsvarsbygg er den største offentlege eigedomsforvaltaren i Noreg. Totalt forvaltar dei 13 012 bygg og anlegg med eit bruttoareal på om lag 4,1 mill. kvadratmeter. Den samla bruken av energi knytt til bygg og anlegg i 2022 er utrekna til 738 GWH. Dette er ein reduksjon på om lag 3,5 pst. frå 2021. Den samla fornybardelen av bruken av energi i forsvarssektoren er for 2022 kalkulert til 94 pst. og er uendra frå føregåande år. Elektrisitet utgjer om lag 76 pst. av det samla forbruket i 2022, bioenergi utgjer 19 pst., medan fjernvarme og fyringsolje/gass utgjer omtrent 4 og 1 pst. av totalmengda. Sektoren er i all hovudsak ferdig med å fase ut fossilt brensel for oppvarming av bygningar.

Forbruk av drivstoff knytt til køyretøy, luftfartøy og fartøy i 2022 var 93 293 m3. Dette er ein auke på om lag 2,8 pst. samanlikna med 2021. Forbruk på fartøy og luftfartøy står for om lag 90 pst. av det samla forbruket av drivstoff i sektoren i 2022. Forbruket kan sjåast i samanheng med klimarekneskapen.

Klimarekneskapen blir kalkulert ut frå innrapportert forbruk av drivstoff og energi ved hjelp av utsleppsfaktorar knytte til dei ulike materielltypane og energivarane. I 2022 vart det kalkulert eit utslepp av 257 084 tonn CO2-ekvivalentar (scope 1 og scope 2) og 1 279 607 tonn CO2-ekvivalentar når dei indirekte utsleppa (scope 3) vart inkluderte. Dei direkte utsleppa i 2022 har auka med om lag 2 pst. samanlikna med 2021. For 2022 er innkjøpte varer og tenester lagde til i klimarekneskapen. Tala er baserte på økonomiske data som er henta frå statsrekneskapen, og er hefta med noko uvisse. FFI har da brukt eit verktøy kalla Klimaspent, som er utvikla av NIRAS på vegner av DFØ. Innkjøpte varer og tenester utgjer heile 92 pst. av utsleppa i scope 3, og utsleppstala i scope 3 er difor vesentleg høgare enn i tidlegare rapporteringar da desse økonomiske datakjeldane ikkje vart brukte.

Det er nær samanheng mellom dei krava og føresetnadene til aktivitetsmønsteret som blir stilte til sektoren, og den samla miljøpåverknaden. Det blir difor relevant å vurdere miljøpåverknaden i lys av oppgåvene som forsvarssektoren skal løyse innanfor dynamiske forsvarspolitiske rammer, og den ønskjelege operative evna. Klimarekneskapen gjev såleis eit godt bilete på klimaeffektane frå verksemda til forsvarssektoren.

Tabell 6.2 Endring i løyving på budsjettet til departementet som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2023 til budsjettforslaget for 2024):

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Klima- og omstillingseffekt

1710

47

Nybygg og nyanlegg

743,0

Svakt auka utslepp

1720

01

Driftsutgifter

4 672,0

Auka utslepp

1760

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

3 516,0

Usikker effekt

Ein av dei største utsleppspostane er knytt til direkte utslepp frå materiell som verksemda eig eller kontrollerer sjølv. For forsvarssektoren er dette mellom anna fartøy, luftfartøy og køyretøy i Forsvaret. I tillegg kjem indirekte utslepp knytte til forbruk av elektrisitet og fjernvarme frå eksterne leverandørar i bygningane sektoren disponerer. Budsjettposten med budsjettendringsforslag som isolert sett kan gje auka utslepp, er dermed kap. 1720, post 01 (Forsvaret, Driftsutgifter). Budsjettpostar med budsjettendringsforslag som kan ha ein indirekte utsleppseffekt, er kap. 1760, post 45 (Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald), og kap. 1710, post 47 (Forsvarsbygg, Nybygg og nyanlegg):

Kap. 1710, post 47 Forsvarsbygg, Nybygg og nyanlegg (743 mill. kroner)

Posten omfattar investeringar i eigedom, bygg og anlegg. Investeringar i bygningsmasse og infrastruktur fører til eit visst forbruk av energi til bygging, drift og oppvarming. Dette fører direkte og indirekte til noko utslepp av klimagassar. Satsinga på slike enkeltprosjekt vil likevel ikkje gje omfattande auke i utslepp av klimagassar. Det har over fleire år vore arbeidd med energiøkonomiserande tiltak i bygningane til forsvarssektoren. Sektoren nyttar erfaringane frå dette arbeidet i nye prosjekt. Satsinga vil kunne gje ein svak, men samstundes usikker auke i klimagassutslepp.

Kap. 1720, post 01 Forsvaret, Driftsutgifter (4 672 mill. kroner)

Posten dekkjer tildeling til drift av Forsvaret. Forsvaret har over ein periode auka bemanninga, auka materiellmengda i forsvarsstrukturen og auka trenings- og øvingsaktivitetane sine for å betre den nasjonale forsvarsevna. Dei direkte klimagassutsleppa frå forsvarssektoren er i stor grad relaterte til forbruk av drivstoff frå fartøy, luftfartøy og køyretøy i Forsvaret. Ei styrking av driftsbudsjettet til Forsvaret gjev auka aktivitet og meir bruk av slikt materiell. Det aukar forbruket av drivstoff og dermed også utsleppa av klimagassar. Dette inkluderer at sektoren no fasar inn F-35 kampfly og legg opp til meir aktivitet på desse. Talet på kampfly er planlagt auka med seks fly årleg, inntil målet på 52 F-35 er nådd i 2024. Det blir difor forventa ein auke i klimautsleppa til forsvarssektoren framover.

Kap. 1760, post 45 Forsvarsmateriell, Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald (3 516 mill. kroner)

Posten omfattar utgifter til materiellinvesteringar til forsvarssektoren, inkludert nye kampfly med baseløysing og fleirnasjonale investeringsprogram i NATO. Posten blir vurdert å ha ein indirekte og usikker effekt på utsleppa. Dette er fordi det er aktivitetsnivået og det faktiske forbruket av drivstoff som vil kunne påverke dei direkte utsleppa mest. Indirekte vil investeringane kunne ha ein viss effekt på framtidige klimagassutslepp. Men overslaga på forbruket av drivstoff på materiellsystem som ikkje er ferdig innfasa, er usikre.

6.4.5 Helse- og omsorgsdepartementet

Det samla budsjettforslaget for Helse- og omsorgsdepartementets er om lag 277,6 mrd. kroner. Dette er fordelt med 234,2 mrd. kroner på programområde 10, Helse og omsorg, og 43,3 mrd. kroner på programområde 30, Helsetenester, folketrygda. Samla blir det foreslått om lag 17,1 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett for 2023. Dette svarer til ein auke på 6,6 pst.

Klimautfordringar i verda påverkar både helse og miljø, og Verdshelseorganisasjon (WHO) slår fast at klimaendringar er den største trusselen mot folkehelsa globalt. Hetebølgjer, tørke, skogbrannar, ekstremvêr, nedsett tilgang på mat og reint drikkevatn, auka spreiing av pollen og auka spreiing av smittsame sjukdommar er døme på forhold som vil påverke helsa til folk. Endringar i klima, miljø og natur påverkar folkehelsa både direkte og indirekte, både fysisk og psykisk. Klima- og miljøendringar vil påverke samfunn og folkegrupper i verda ulikt. Dei med lågast sosioøkonomisk bakgrunn og barn er mest sårbare.

Kosthaldet og livsstilen til befolkninga påverkar også klimaet. Det er stort samanfall mellom det som er godt for helsa, og det som er bra for miljøet, til dømes å følgje kosthaldsråda til helsestyresmaktene og gå og sykle meir.

Klimatilpassing og behovet for å redusere utsleppa gjeld for alle sektorar på tvers av landegrenser, og forsking og utvikling av måtar å møte klimaendringane på vil vere avgjerande. Det er eit omfattande forskingssamarbeid nordisk, regionalt og globalt.

I Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga, der utjamning av sosiale helseskilnader er hovudtema, er klimaendringar løfta fram som ein av tre viktige faktorar som vil ha svært mykje å seie for folkehelsa framover også i Noreg. Under FNs klimatoppmøte i Glasgow 2021 (COP26) slutta Noreg seg til helseprogrammet til klimakonferansen. Som ein del av helseprogrammet har Folkehelseinstituttet utarbeidd ein nasjonal analyse av sårbarheit og tilpassingsbehov i helse- og omsorgssektoren som følgje av klimarelaterte endringar og akutte klimahendingar. Helsedirektoratet har utarbeidd ei utvida evaluering av status for klimagassutslepp frå helsesektoren. Målet er å etablere eit vegkart som skal gje retning mot ein berekraftig helsesektor med låge utslepp innan 2050 og målet til regjeringa om utsleppsnøytralitet innan 2050. At Noreg har slutta seg til WHO ministererklæring om helse og miljø, «Accelerating action for healthier people, a thriving planet, a sustainable future», forsterkar arbeidet på området.

Klimarekneskap for spesialisthelsetenesta i 2022

Det blir årleg utarbeidd ein felles årsrapport for samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta, «Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar». Rapporten handlar om klima og miljø, menneskerettar, arbeidstakarrettar og antikorrupsjon. Rapporten er utarbeidd av interregionalt samarbeidsutval for klima og miljø i spesialisthelsetenesta og omfattar helseføretaka i dei fire regionane i tillegg til dei felleseigde selskapa (Sjukehusbygg HF, Sjukehusinnkjøp HF, Luftambulansetenesta HF, Nasjonal IKT HF, Helsetenestas driftsorganisasjon for nødnett HF og Pasientreiser HF).

Klimarekneskapen for spesialisthelsetenesta for 2022 viser ein reduksjon i utslepp på 31 pst. frå 2019. Dette svarer til 152 500 tonn CO2-ekvivalentar frå 2020 til 2021. Hovudårsaka til reduksjonen i utslepp er at helseregionane har kjøpt attvinningskraft som gjev fråtrekk i CO2-utsleppa. Attvinningskraft vil i praksis seie at energien frå røyk frå norske industrianlegg blir skild ut og attvunnen, i staden for å gå rett ut i lufta. Dette er ny teknologi som bidreg til det grøne skiftet i industrien og er eit godt klima- og miljøtiltak.

I 2022 vart det kjøpt attvinningskraft som gav eit fråtrekk i CO2-utslepp på 131 000 tonn, som svarer til 86 pst. av reduksjonen i utslepp. Dei resterande 14 pst. svarer til 20 455 tonn CO2 og kjem av tiltak som er gjennomførte i helseføretaka.

Energiforbruket i sjukehusa er den største enkeltfaktoren av direkte klimagassutslepp frå spesialisthelsetenesta. For 2022 utgjorde energibehov 170 000 tonn CO2, korrigert for eit fråtrekk for kjøp av attvinningskraft på 131 000 tonn CO2.

Indirekte utslepp av varer og tenester som er kjøpte inn, er ikkje ein del av klimarekneskapen til spesialisthelsetenesta. Frå 2023 vil det bli etablert metodikk for å berekne indirekte utslepp per helseføretak i spesialisthelsetenesta. Reisa tilsette gjer til og frå arbeid, transport frå forsyningssenter til helseføretak og utslepp frå byggjeprosjekt er ikkje inkluderte i klimarekneskapen. Sjukehusbygg HF er i prosess med å utarbeide eit klimarekneskapsverktøy for byggjeprosjekt som vil bli inkludert i klimarekneskapen til spesialisthelsetenesta.

Verkemiddel for at befolkninga skal følgje kosthaldsråda

Produksjonen av ulike jordbruksvarer har ulikt klimaavtrykk, og det er stort samsvar mellom eit kosthald som blir tilrådd for å fremje helse, og eit kosthald som er bra for miljøet. Sjå kapittel 3.2.2 for meir informasjon om korleis forbruksendringar som kosthaldsendringar kan påverke utsleppa frå jordbruket. Samarbeidsavtalen mellom helsestyresmaktene og matvarebransjen (intensjonsavtalen om tilrettelegging for eit sunnare kosthald) er forlengd, og varar til 31. desember 2025. Nytt i denne avtaleperioden er at det er sett konkrete mål for auka sal av Nøkkelhòlsmerkte produkt, og at det er oppretta eit eige innsatsområde om påverking av forbrukaråtferd.

Helsedirektoratet har hovudansvaret for å kommunisere til befolkninga om kosthald. Dei har utvikla eit nytt og overbyggjande kommunikasjonskonsept for levevanane, kalla LEV.

I Matjungelen, som er eit aktivitetsprogram for barnehage og SFO, står også mat som er bra for både kroppen og kloden, sentralt.

Det kom nye, oppdaterte nordiske ernæringstilrådingar i 2023. I tillegg til ei oppdatering av råda frå ein helsefagleg ståstad er klima- og miljømessig påverknad omtalt. .Dei norske kostråda vil reviderast med bakgrunn i dei nordiske råda, men vil framleis vere helsebaserte. Klima- og miljømessig påverknad vil bli omtalt, men vil ikkje bli integrert i kostråda. Regjeringa ønskjer å gradvis innføre eit dagleg sunt, enkelt skulemåltid som det blir jobba med å greie ut moglegheitene for.

Statistisk sentralbyrå jobbar med å utvikle ny kosthaldsstatistikk på kosthaldsområdet. Den nye statistikken skal gjere det enklare å følgje utviklinga i kosthaldet og vil ha høg presisjon. Målet er at statistikken skal kunne komme ut på årleg basis, som del av offisiell statistikk.

Kommunar og fylke er sentrale i arbeidet for å påverke og leggje til rette for gode matval og sunt kosthald. Miljødirektoratet og Helsedirektoratet leverte tilrådinga si om moglege modellar og kostnadsberekningar for styrkt tverrsektorielt samarbeid for tilrettelegging av eit sunt, berekraftig og klimavennleg kosthald i fylke og kommunar i 2023.

Tabell 6.3 Endring i løyving på departementets budsjett som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2023 til budsjettforslaget for 2024):

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Klima- og omstillingseffekt

732

81

Protonsenter

-13,0

Auka utslepp

732

82

Investeringslån

-644,7

Auka utslepp

761

63

Investeringstilskot til heildøgns omsorgsplassar

300,0

Usikker effekt

Kap. 732, post 81 Protonsenter (-13,0 mill. kroner)

Midlane på posten er tilskot til dei regionale helseføretaka til bygging av protonsenter i Oslo og Bergen, det vil seie mellom anna bygg og anlegg som har utslepp i investeringsfasen.

Kap. 732, post 82 Investeringslån (-644,7 mill. kroner)

Midlane på posten er lån til dei regionale helseføretaka til nybygg og opprusting av sjukehusprosjekt, det vil seie mellom anna bygg og anlegg som har utslepp i investeringsfasen. Samstundes kan nybygg og modernisering av bygg gje betre driftsløysingar, til dømes meir energieffektive bygg.

Kap. 761, post 63 Investeringstilskot heildøgns omsorgsplassar (300 mill. kroner)

Investeringstilskot til eksisterande heildøgns omsorgsplassar, det vil seie mellom anna bygg og anlegg som har utslepp i investeringsfasen. Samstundes kan nybygg og modernisering av bygg gje betre driftsløysingar, til dømes meir energieffektive bygg. Utsleppseffekten blir difor vurdert som usikker. Det blir foreslått ein tilsegnsramme på 3 000 mill. kroner i 2024, der første års utbetaling utgjer 300 mill. kroner.

6.4.6 Justisdepartementet

Totalbudsjettet for Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 utgjer om lag 51,2 mrd. kroner fordelte på 19 verksemder. Justissektoren er driftstung med mange verksemder og tilsette og har betydelege utgifter til leige av lokale. Hovuddelen av budsjettet er dermed knytt til lønn og husleige. Justis- og beredskapssektoren er ikkje ein særleg utsleppsintensiv sektor. Kva klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, har vi ikkje oversikt over.

6.4.7 Klima- og miljødepartementet

Totalbudsjettet for Klima- og miljødepartementet i 2024 er på 23,4 mrd. kroner fordelte på om lag 70 budsjettposter. Rundt 1,8 pst. av dette går til Klima- og miljødepartementets eigne budsjett. Rundt 53,5 pst. går til Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Polarinstituttet og dei andre etatane under departementet. Vidare går 24,2 pst. Til klima- og energifondet (Enova) og 14,1 pst. til internasjonalt klimaarbeid. Resten, om lag 6,4 pst., går til andre formål, som forsking og overvaking.

Utgiftene under Klima- og miljødepartementet gjev ikkje eit fullstendig uttrykk for arbeidet til regjeringa med å redusere klimagassutsleppa. Viktige klimapolitiske satsingar ligg òg under budsjetta for andre departement. Klima- og miljøpolitikken blir i stor grad ført ved hjelp av skattar, avgifter, regulering og tilskot/ støtteordningar.

Dei postane på budsjettet til departementet som særleg kan gje ei endring i utsleppa, kan delast i tre kategoriar: nasjonale støtteordningar, forsking og kunnskapsformidling og middel som påverkar utslepp internasjonalt. Klima- og miljødepartementets budsjett går òg til ei rekkje andre formål, som drift og informasjonskampanjar, overvaking og kartlegging, tilskot til ulike miljø- og klimatiltak og støtte til frivillige organisasjonar. Under følgjer ei oversikt og ein kort omtale av løyvingane som kjem inn under dei tre kategoriane.

Størsteparten av midlane til forsking blir kanaliserte gjennom Forskingsrådet, der hovudvekta er lagd på forsking på klimaendringar og klimaomstilling. Desse har ikkje nødvendigvis ein direkte klimaeffekt, men kan medverke indirekte til reduksjonar av klimagassutslepp på sikt. Støtte til forsking driv utviklinga av neste generasjons klimaløysingar som kan vere sentrale for Noregs omstilling til eit lågutsleppssamfunn.

Tabell 6.4 Endring i løyving på budsjettet til departementet som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2023 til budsjettforslaget for 2024):

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Klima- og omstillingseffekt

1420

31/80

Tiltak i verneområde/Tilskot til å ta vare på norsk natur

15,01

Redusert utslepp

1420

32

Statlege erverv, vern av naturområde

-100,0

Auka utslepp

1420

61

Tilskot til klimatiltak og klimatilpasning, kan overførast

-200,0

Auka utslepp

1420

74

CO2-kompensasjonsordning for industrien

1 720,0

Usikker effekt

1428

50

Overføring til Klima- og energifondet (Enova SF)

80,0

Redusert utslepp

1 Som følgje av ei eingongsløyving i Stortingsforliket om budsjettet vart posten auka med 25 mill. i 2023, samanlikna med saldert budsjett er difor føremålet redusert med 10 mill.

Kap. 1420, post 31/80 Pott til natur – naturrestaurering (15 mill. kroner)

I Stortingets forlik om 2023-budsjettet vart det lagt inn 25 mill. kroner til naturrestaurering på posten, jf. Innst. 9 S (2022–2023). I innstillinga er auken omtalt som ei eingongsløyving og midlane er difor tekne ut i 2024-budsjettet. Budsjettet til restaurering ville difor i utgangspunktet blitt redusert med 25 mill. I budsjettforslag frå regjeringa er det sett av 15 mill. kroner ekstra samanlikna med dette. Midlane skal gå til restaurering av natur som har blitt ringare, i økosystem som våtmark, skog, fjell kulturlandskap og opent lågland og elvar og innsjøar. Forslaget inneber 5 mill. kroner på post 1420/31 og 10 mill. kroner til ei ny ordning for tilskot til naturrestaurering på post 1420.80. Klimaeffekten av forslaget er at meir natur som bind karbon, kan bli restaurert. Dei auka midlane vil mellom anna bli brukte til å rydde framande treslag i viktige naturområde, fjerne framande artar på strender og sanddyner og rydde vekk truslar i område med trua natur. Noko vil gå til restaurering av myr for å sikre lagera med karbon i myra så dei ikkje lek ut i atmosfæren. Dette har ein klar positiv klimaeffekt. I tilskotsordninga blir det òg opna for at midlar kan bli brukte til naturbaserte løysingar som betrar forholda for naturmangfaldet og samstundes bidreg til klimatilpassing eller til å sikre karbonlager. Nøyaktig klimaeffekt av budsjettauken er vanskeleg å angi fordi kva for natur som blir restaurert for akkurat desse pengane, avheng av kva for restaureringsprosjekt som har komme så langt i planlegginga at dei kan bli gjennomførte i 2024. Uansett er det å bevare økosystem, både i omfang og best mogleg tilstand, fundamentalt for ei klimarobust utvikling, og restaurering bidreg til dette.

Kap. 1420, post 32 Statlege erverv, vern av naturområda – kutt i løyvinga til skogvern (-100 mill. kroner)

Posten dekkjer utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova og markalova, jf. erstatningsreglane i lovene. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova og markalova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, erstatningsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.

Klimaeffekten vil avhenge av kva som skjer med skogen utan vern. Ved nedbygging blir karbonlaget fjerna meir eller mindre permanent. Ved avverking blir karbonlageret tappa mellombels, men vil auke igjen etter som skogen veks opp. Av omsyn til det samla budsjettopplegget i 2024 foreslår regjeringa å redusere løyvinga med 100 mill. kroner til om lag 300 mill. kroner i 2024. Det er vanskeleg å talfeste korleis dette vil påverke utslepp og opptak av karbon på kort og lang sikt. Det er mogleg å estimere kor stort karbonlageret er i aktuelle skogareal. Det meste av skogen som blir verna i arbeidet med auka skogvern, er gammal barskog, som ifølgje rapporten Skogvern som klimatiltak (NINA rapport 752) har dei største karbonlagera per arealeining i levande biomasse. Etter figur 1 i den same rapporten kan den gjennomsnittlege karbonmengda i levande biomasse i skog som blir verna, estimerast til å vere om lag 70 tonn karbon per hektar. Det svarer til 7 000 tonn C per km2 (kvadratkilometer) skog. Budsjettreduksjonen vil venteleg føre til at ein i 2024 kan verne om lag 50 km2 mindre skog enn utan ein reduksjon. Dette arealet vil da svare til eit karbonlager i levande biomasse på 0,35 mill. tonn karbon. Omrekna til CO2 blir dette om lag 1,4 mill. tonn CO2. Reknar ein med lagra karbon i jordsmonn og i død biomasse, blir samla karbonlager i dei aktuelle skogareala atskilleg større. Med vern ville det aktuelle arealet vore effektivt beskytta mot tiltak og inngrep som gjev tap av naturmangfald og utslepp av klimagassar. Utan vern har arealet og karbonlageret ikkje same beskyttelsen. Kapittel 3.2.6.2 omtaler arbeidet til regjeringa mot nedbygging av karbonrike areal.

Kap. 1420, post 61 Klimasats (-200 mill. kroner)

Posten har til og med 2023 vore omfatta av dei to tilskotsordningane Klimasats (ordning for tilskot til kommunale klimatiltak for å kutte utslepp av klimagassar) og tilskot til klimatilpassingstiltak i kommunane. Tilskotsordninga Klimasats skal fremje klimatiltak i kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyens lokalstyre ved å støtte prosjekt som medverkar til reduksjon i utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Klimasatsordninga vart forlengda i fjor, men regjeringa har ikkje prioritert å føre vidare ordninga i 2024-budsjettet. Dette kan føre til at det blir gjennomført færre prosjekt som gjev reduksjon i utslepp og omstilling. Miljødirektoratet har berekna at 692 gjennomførte Klimasatsprosjekt i perioden 2016–2022 reduserer klimagassutslepp med minst 627 000 tonn CO2-ekvivalentar fram til og med 2030. I tillegg kjem utsleppsreduksjonar frå 932 prosjekt der utsleppa ikkje kunne kvantifiserast, og omstillingseffektane frå alle prosjekta. Det vil framleis i 2024 bli utbetalt til prosjekt som allereie har fått tilsegn.

Kap. 1420, post 74 CO2-kompensasjonsordning for industrien (1 720 mill. kroner)

CO2-kompensasjonsordninga kompenserer norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Formålet med ordninga er å redusere faren for karbonlekkasje frå Europa og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Bedrifta omfatta av ordninga er hovudsakleg kvotepliktige, men nokre tilhøyrer også ikkje-kvotepliktig sektor. Regjeringa har i 2024-budsjettet foreslått å auke kvoteprisgolvet i ordninga frå 200 til 375 kroner. Ved å auke kvoteprisgolvet til 375 kroner blir dei estimerte utbetalingane reduserte frå 8,8 til 6,43 mrd. kroner i 2024-budsjettet. Sjølv med det foreslåtte kvoteprisgolvet aukar løyvinga for 2024 med om lag 1,7 mrd. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2023.

Klimaeffekten av CO2-kompensasjonsordninga er usikker: Det er uvisst kor høg kvoteprisen må bli for at det skal oppstå ein reell risiko for karbonlekkasje, og i kva grad ordninga bidreg til å motverke karbonlekkasje i Noreg. Det er mange element utover straumprisane som påverkar investerings- og lokaliseringsavgjerdene til verksemdene, slik som generelt kostnadsnivå, stabilt styresett, tillit til styresmaktene, tilgang på kompetent arbeidskraft og fornybar kraft, gode støtteordningar og eit føreseieleg regelverk. Thema Consulting Group har greidd ut kva ordninga har å seie. Dei meiner at det er tilstrekkeleg godtgjort at ordninga har motverka karbonlekkasje i perioden 2013–2020, men kunne ikkje kvantifisere verknadene av ordninga.

Kap. 1420, post 50 Overføring til Klima- og energifondet (Enova SF) (80 mill. kroner)

Midlar til Enova utgjer brorparten av støtta til direkte klimatiltak i Noreg, og i budsjettframlegget er løyvinga på om lag 5,8 mrd. kroner. Enova er eit spesialverktøy for å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar. Støtte frå Enova skal avlaste risiko og kostnader for dei som er først ute med å teste nye løysingar. Aktiviteten skal innrettast med sikte på å oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan støtte. Utover dei direkte utsleppsresultata frå prosjekta vil støtta frå Enova utløyse ytterlegare utsleppsreduksjonar på lengre sikt gjennom vidare teknologiutvikling og marknadsendring. Enova bidreg til utsleppsreduksjonar og grøn teknologiutvikling innan område som industri, grøn skipsfart, hydrogen, utsleppsfri landtransport og infrastruktur for nullutsleppsdrivstoff. Enova og andre verkemiddel som reguleringar, avgifter og liknande verkar saman og forsterkar kvarandre og bidreg samla sett til utsleppsreduksjonar og omstilling.

Det vil naturlegvis gå noko tid frå Enova gjev tilsegn om støtte til eit prosjekt, til prosjektet er i drift. Dette inneber at den direkte utsleppseffekten kjem noko forseinka. Enova reknar dessutan resultata dei oppnår, opp mot eit referanseprosjekt. Det vil seie at det ikkje er eit éin-til-éin forhald mellom resultata Enova rapporterer, og effekten på utsleppsrekneskapen.

6.4.8 Kommunal- og distriktsdepartementet

Totalt utgjer budsjettforslaget til departementet for 2024 om lag 310,6 mrd. kroner. Av dette utgjer 223,6 mrd. kroner rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar og 42,3 mrd. kroner lån knytt til bustad i Husbanken og Statens pensjonskasse. 14,6 mrd. kroner går til statlege byggjeprosjekt og eigedomsforvaltning, og 13 mrd. kroner til tilskot til ressurskrevjande tenester, 3,9 mrd. kroner til bustøtte og knapt 2,4 mrd. kroner til statsforvaltaren. Ein stor del av budsjettet gjeld rammeoverføringar, lån og tilskot der det er vanskeleg for departementet å anslå om det er utsleppseffektar.

Bygg og eigedom i statleg sivil sektor

Miljøtiltak i samband med statlege byggjeprosjekt og forvaltning av eksisterande eigedomsmasse kan omhandle redusert energibruk, redusert lokal forureining ved sanering, redusert bruk av miljøskadelege materialar, men også lokalisering, ombruk og godt vedlikehald. Statsbygg gjennomfører ei rekkje klima- og miljøtiltak. Energiforbruket er redusert atskilleg dei seinare åra. Dette er oppnådd gjennom betydeleg satsing på ENØK, god energileiing og systematisk oppfølging i eigedomsforvaltninga. Statsbygg arbeider med å redusere behovet for nye bygg, mellom anna gjennom arealeffektivisering og optimalisering av løysingar i eksisterande bygningsmasse. Når staten må byggje nytt, gjev Statsbygg råd om klimavennlege materialar og arealeffektive løysingar. I 2022 hadde ferdigstilte byggjeprosjekt og prosjekt i byggjefase ein samla reduksjon i utslepp frå byggjematerial, byggjeplass og energi i drift på 35,5 pst. samanlikna med minstekrav i teknisk forskrift og med standard materialval. Lokalisering har stor påverknad på den totale klimagassrekneskapen i eit bygg, og transport, lokalklima og grunnforhold på tomta er viktige faktorar i denne samanhengen. Statsbygg skal leggje statlege planretningslinjer til grunn for lokaliserings- og tomteanalysane sine og søkje etter tomter som vil gje minst mogleg miljøbelastning.

Byggkvalitet

God byggkvalitet handlar først og fremst om at bustader og bygg er sikre og miljøvennlege. Bygningsregelverket skal sørgje for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvennlege. Lån frå Husbanken medverkar til fleire bustader og bygg med kvalitetar utover krava i byggteknisk forskrift. Lån til oppføring av miljøvennlege bustader skal bidra til fleire bustader med godt inneklima, miljøvennlege materialar og byggjemetodar.

Tabell 6.5 Endring i løyving på budsjettet til departementet som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2023 til budsjettforslaget for 2024):

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Klima- og omstillingseffekt

530

30

Prosjektering av bygg

-87,0

Redusert utslepp

530

31

Igangsetjing av byggjeprosjekt

169,0

Auka utslepp

530

33

Vidareføring av byggjeprosjekt

1 879,1

Auka utslepp

530

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

420,4

Auka utslepp

2445

24.2

Driftsutgifter

425,0

Usikker effekt

2445

30

Prosjektering av bygg

186,3

Auka utslepp

2445

31

Igangsetjing av ordinære byggjeprosjekt

38,8

Auka utslepp

2445

33

Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt

-833,3

Redusert utslepp

2445

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

26,7

Usikker effekt

Postane ovanfor omfattar prosjektering og oppføring av bygg, og auka løyving vil gje auka utslepp av klimagassar. Investeringane vil bidra til auka etterspurnad etter materialar til oppføring av bygningar og til teknisk utstyr som skal inngå i bygningsmassen. Utsleppa frå bygga er i stor grad indirekte, til dømes til transport. Produksjonen av byggjevarer kan gje klimagassutslepp både i kvotepliktig og i ikkje-kvotepliktig sektor. Dei største utsleppsbidraga for mange byggjevarer vil vere innanfor kvotepliktig sektor gjennom produksjon av dei sentrale råvarene som sement, jern, stål og aluminium. Andre, men mindre utsleppsintensive råvarer gjev primært utslepp utanfor kvotepliktig sektor, som trevarer. Byggjeprosjekt krev dessutan maskiner og utstyr på byggjeplassane som gjev klimagassutslepp frå bruken inntil byggjeplassdrifta eventuelt blir heilt utsleppsfri. Det er òg slik at delar av endringane i løyvingane på postane eit år kan komme av endringar i likviditetsbehov som ikkje treng å bety at storleiken på byggjeprosjekta endrar seg for byggjetida under eitt, men slike utslag vil jamne seg ut over tid. Klimaeffekten av investerte beløp vil ikkje opptre som ein lineær funksjon av kronebeløpa, og han vil også endre seg over tid.

  • Kap. 530, post 30 Prosjektering av bygg (-87 mill. kroner)
  • Kap. 530, post 31 Igangsetjing av byggjeprosjekt (169 mill. kroner)
  • Kap. 530, post 33 Vidareføring av byggjeprosjekt (1 879,1 mill. kroner)
  • Kap. 2445, post 30 Prosjektering av bygg (186,3 mill. kroner)
  • Kap. 2445, post 31 Igangsetjing av ordinære byggjeprosjekt (38,8 mill. kroner)
  • Kap. 2445, post 33 Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt (-833,3 mill. kroner)
Kap. 530, post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald (420,4 mill. kroner)

Posten omfattar prosjektering og anskaffing av brukarutstyr. Alle investeringar som inneber anskaffing av fysiske varer, vil i nokon grad medverke til klimagassutslepp.

Kap. 2445, post 24.2 Driftsutgifter (425 mill. kroner)

Posten omfattar drift, forvaltning og vedlikehald av eigedommar. Drift av bygningsmasse krev energi, elektrisk energi og i mange tilfelle fjernvarme. Bruk av elektrisitet vil i nokon grad bidra til klimagassutslepp, men samstundes kan utsleppsbidraget vurderast på fleire måtar avhengig av kva tilnærming ein legg til grunn. Klimaeffekten er usikker.

Kap. 2445, post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald (26,7 mill. kroner)

Løyvinga dekkjer utstyr på eigedommane Statsbygg forvaltar, inkludert påkostnader, utskiftingar og

installering av tekniske anlegg. Ein del av investeringane vil gå til fornybar energiproduksjon, som i seg sjølv bidreg til noko klimagassutslepp, men minskar behovet for annan energiproduksjon over tid.

6.4.9 Kunnskapsdepartementet

Dei samla utgiftene i budsjettforslaget for Kunnskapsdepartementet i 2024 er på 98,6 mrd. kroner eksklusive lånetransaksjonar. Summen er fordelt på omkring 200 budsjettpostar. Grovt sett går i underkant av 1 pst. til Kunnskapsdepartementets eige budsjett, rundt 47 pst. til statlege og private universitet og høgskular, rundt 19 pst. til utdanningsstøtte, rundt 17 pst. til barnehage og grunnskule, 6 pst. til Noregs forskingsråd, 5 pst. til internasjonalt samarbeid om forsking og utdanning og 2 pst. til kompetansepolitikk og livslang læring. Resterande går til diverse andre mindre tilskotsordningar. Kva slags klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, har ikkje Kunnskapsdepartementet oversikt over. Under følgjer ein gjennomgang av nokre element i budsjettet som er særleg relevante med omsyn til effekten dei har på klimagassutsleppa.

Forsking

Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032 gjev dei politiske føringane for satsinga til regjeringa på dette området. Langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar, men meir konkrete mål for innsatsen i den første fireårsperioden, der regjeringa legg fram satsingar dei ønskjer å prioritere i dei årlege statsbudsjetta. Utdanning, forsking og innovasjon som kan hjelpe oss å nå klimamåla, er prioriterte vidare framover. I den reviderte langtidsplanen er difor miljømessig, sosial og økonomisk berekraft eit av dei tre overordna måla, og klima, miljø og energi er ein av dei seks langsiktige prioriteringane. For å bidra til å nå berekraftmåla lanserte langtidsplanen òg målretta samfunnsoppdrag som eit nytt forskings- og innovasjonspolitisk verkemiddel.

Kunnskapsdepartementet bidreg gjennom fleire av verkemidla til Forskingsrådet, til dømes i budsjettformåla KLIMAFORSK og ENERGIX og til Senter for Klimadynamikk ved Bjerknessenteret i Bergen. Klima og miljø er sentrale tema i norsk polarforsking. Kunnskapsdepartementet finansierer programmet POLARPROG i tillegg til forskingsinfrastruktur for polarforsking, der forsking på klima og miljø inngår. Det meste av norsk polarforsking skjer i Arktis og særleg på Svalbard og i Barentshavet. Raske klima- og miljøendringar i dei polare områda aukar behovet for kunnskap. Prosjektet «Arven etter Nansen» blir òg finansiert over budsjettet til Forskingsrådet, med tokt i sentrale og nordlege delar av Barentshavet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom dei sentrale norske forskingsinstitusjonane på feltet og er venta å gje kartlegging og forsking av høg kvalitet. «Arven etter Nansen» er det største marine forskingsprosjektet i Noreg.

Deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, er òg viktig, der klima og berekraftig utvikling er eit gjennomgangstema. 35 pst. av budsjettet i Horisont Europa skal gå til klimatiltak. Fire av fem samfunnsoppdrag i Horisont Europa er kopla til EUs grøne giv for klima og miljø med klare mål for mellom anna tilpassing til klimaendringar inkludert samfunnsendring, klimanøytrale og smarte byar og sunne hav, kystar og sjøar. Samfunnsoppdraga skal medverke til å møte globale utfordringar innan 2030 og til å nå dei politiske måla i strategiar som mellom anna EUs grøne giv.

Høgare utdanning

Som samfunn står vi overfor fleire langsiktige og komplekse utfordringar som klima- og miljøendringar, ulikskap og utanforskap og demografiske endringar. Samstundes står vi i ei omstilling driven av både digitalisering og berekraft. I utsynsmeldinga, jf. Innst. 472 S (2022–2023) og Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge, la regjeringa fram politikken for å dekkje det framtidige kompetansebehovet. Å ha ei godt utdanna befolkning er ein del av forsikringa for framtida. Regjering og storting har det overordna ansvaret for den samla kapasiteten i høgare utdanning, medan styra ved universiteta og høgskulane har eit ansvar for å dimensjonere innanfor utdanningane i tråd med etterspurnaden frå studentar og samfunnet. Regjeringa vil framover prioritere utdanning og kompetanse som er nødvendige for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv, for det grøne skiftet og for ha gode velferdstenester i takt med den demografiske utviklinga.

Universitets- og høgskulebygg

Bygg i universitets- og høgskulesektoren skal leggje til rette for forsking og utdanning av høg kvalitet. Sektoren disponerer rundt 3,6 mill. kvadratmeter og representerer med dette den største byggporteføljen i statleg sivil sektor. I 2024 foreslår regjeringa å løyve 45,4 mrd. kroner over kap. 260 Universitet og høgskular. Om lag ein tredjedel av statlege universitets- og høgskulebudsjett går til drift, forvaltning av og tilskot til bygg og eigedom. Byggrelatert vedlikehald har eit relativt lågt utslepp. Det er få samanliknbare tal for klimagassutsleppa for universitets- og høgskulesektoren, men utsleppa frå flyreiser, elektrisitet og fjernvarme står for ein stor del av klimagassutsleppa frå sektoren. Dei fleste statlege universitet og høgskular har miljøstrategiar med tilhøyrande handlingsplanar for å redusere utsleppa sine på campus. Ein aukande del har også eigne utsleppsrekneskapar, men med ulik metodikk.

Studentbustader

Regjeringa foreslår å løyve midlar til 1 650 nye studenthyblar i 2024. Ein stor del av studentbustadene er frå mellom 1950 og 1980. Samskipnadene har ei plikt til og bidreg med jamleg vedlikehald. Byggrelatert vedlikehald har eit relativt lågt utslepp. Ifølgje gjeldande forskrift om tilskot til bygging av studentbustader § 3 c) kan samskipnadene få tilskot til oppgradering i særskilde tilfelle.

Tabell 6.6 Endring i løyving på budsjettet til departementet som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2023 til budsjettforslaget for 2024):

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Klima- og omstillingseffekt

286

60

Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

-122,1

Usikker effekt

288

73

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon

1 389,1

Usikker effekt

288

74

EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett

586,0

Usikker effekt

288

75

UNESCO-kontingent

5,3

Usikker effekt

Kap. 286, post 60 Regionale forskingsfond, tilskot til forsking (-122,1 mill. kroner)

Løyvinga over posten har gått til dei regionale forskingsfonda (RFF). Regjeringa har bestemt at RFF-ane skal avviklast frå og med 2024, og at midlane skal nyttast til helseforsking i kommunane. Målet til RFF-ane har vore å styrkje forskingsevna i regionane gjennom tilskot til forsking og innovasjon og gjennom mobilisering av regionale aktørar til auka FoU-innsats. Fonda har eit breitt nedslagsfelt og finansierer ei rekkje ulike fagområde, irekna klima og miljø. Klimaeffekten av endringa er usikker.

Kap. 288, post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (1 389,1 mill. kroner)

Løyvinga over posten går til Noregs kontingent til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, både Horisont 2020 og Horisont Europa. Det er eit mål at over 35 pst. av budsjettet til Horisont Europa skal setjast av til å møte klimautfordringar. Auken på posten skriv seg frå auka kontingentforpliktingar. Klimaeffekten av endringa er usikker.

Kap. 288, post 74 EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett (586 mill. kroner)

Løyvinga over posten går til Noregs kontingent til EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+. Grøn omstilling er ei av dei overordna prioriteringane som skal prege aktivitetane i Erasmus+. Auken på posten skriv seg frå auka kontingentforpliktingar. Klimaeffekten av endringa er usikker.

Kap. 288, post 75 UNESCO-kontingent (5,3 mill. kroner)

Løyvinga over posten går til Noregs kontingent til UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Norsk deltaking i UNESCO skal mellom anna medverke til at organisasjonen kan få eit betre kunnskapsgrunnlag for hav og klima, ikkje minst ved å ha ei leiande rolle i gjennomføringa av FN-tiåret for havforsking (2021–2030). UNESCO speler ei sentral rolle i utviklinga av kunnskapsbaserte løysingar for å nå berekraftsmåla. Auken på posten skriv seg frå auka kontingentforpliktingar. Klimaeffekten av endringa er usikker.

6.4.10 Kultur- og likestillingsdepartementet

Totalt utgjer Kultur- og likestillingsdepartementets budsjettforslag for 2024 om lag 24,5 mrd. kroner. Tilskotsløyvingane utgjer den klart største delen av budsjettet til Kultur- og likestillings-departementet. Om lag 90 pst. av løyvingane på budsjettet til Kultur- og likestillingsdepartementet er tilskot. Meir enn halvparten av budsjettet er fordelt på ulike enkelttilskot (namngjevne tilskotsmottakarar), medan dei andre tilskotsløyvingane er fordelte på ulike ordningar ein kan søkje på. Både enkelttilskot og ordningar ein kan søkje på, blir i hovudsak forvalta av underliggjande verksemder.

Hovuddelen av oppgåveløysinga på ansvarsområdet til Kultur- og likestillingsdepartementet skjer av ikkje-statlege aktørar. Verkemidla staten har, inngår difor som ein del av ein større samanheng. Måloppnåinga er avhengig av innsatsen frå staten, dei private aktørane og kommunesektoren. Staten har ofte ei indirekte rolle gjennom å sikre rammevilkåra for aktørane. Dette skjer gjennom utforminga av regelverk og økonomiske verkemiddel (i hovudsak driftsmidlar). Løyvinga over budsjettet til Kultur- og likestillingsdepartementet blir sett på som nøytral i klimasamanheng.

6.4.11 Landbruks- og matdepartementet

I forslaget frå regjeringa til budsjett på landbruks- og matområdet for 2024 utgjer næringsavtalane 85 pst., medan dei andre budsjettkapitla (landbruks- og matforvaltninga, institutta, forsking og tilskotsordningar utanom jordbruksavtalen) utgjer 15 pst. av budsjettramma. Vesentlege endringar i forslaget for 2024 samanlikna med saldert budsjett 2024 er ein auke på 2,9 mrd. kroner som følgje av jordbruksavtalen.

Tabell 6.7 Tabellen viser budsjettet til Landbruks- og matdepartementet delt inn i relevante komponentar. Det viser saldert budsjett 2023 og budsjettforslag 2024 (i mrd. kroner).

Kapittel

Saldert 2023

Forslag 2024

Næringsavtalane

Jordbruksavtalen

24,08

26,99

Reindriftsavtalen

0,18

0,20

Utanom næringsavtalane

Landbruks- og matforvaltninga

2,00

2,19

Forskingsinstitutta

0,36

0,38

Forsking

0,59

0,62

Tilskot, utanom jordbruksavtalen

2,30

1,23

Sum

29,51

31,62

Jordbruksavtalen 2023/2024

Det vart inngått avtale mellom regjeringa og Norges Bondelag den 16. mai 2023. Ein proposisjon basert på avtalen vart oversend Stortinget. Prop. 121 S (2023–2024) vart behandla av Stortinget den 15. juni 2023 og inneber ein budsjettauke på 2 907 mill. kroner for 2024. Ei viktig prioritering frå regjeringa i årets avtale var kompensasjon for kostnadsvekst. Partane var vidare samde om å styrkje mjølkeproduksjonen, velferdsordningane og matproduksjon i Nord-Noreg. Jordbruksoppgjeret innebar også i år eit vesentleg bidrag for å styrkje miljø- og klimaarbeidet i jordbruket, med ei særskild satsing retta mot tiltak som skal betre situasjonen i Oslofjorden. Avsetjinga som har klima- og miljøverknad, vart auka med 1 112,7 mill. kroner frå 2023 til 2024, og totalt er 9 305 mill. kroner sette av til desse ordningane over jordbruksavtalen for 2024.

I 2019 signerte regjeringa Solberg og organisasjonane i jordbruket ein intensjonsavtale om kutt i klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå jordbruket. Denne avtalen skal leggjast til grunn for klimaarbeidet i jordbruket framover. Rekneskapsgruppa for klimaavtalen legg opp til første ordinære rapportering i 2023.

Tabell 6.8 Endring i løyvingar på budsjettet til Landbruk- og matdepartementet som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2023 til budsjettforslaget for 2024)

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Klima- og omstillingseffekt

1137

50

Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

-11,75

Usikker effekt

1137

54

Næringsretta matforsking m.m.

35,00

Usikker effekt

1138

72

Stiftelsen Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)

3,40

Usikker effekt

1149

71

Tilskot til verdiskapingstiltak i skogbruket

3,05

Usikker effekt

1150

50

Tilskot til Landbrukets utviklingsfond (LUF)

273,00

Redusert utslepp

1150

70

Marknadsregulering

6,04

Redusert utslepp

1150

74

Direkte tilskot

1 944,08

Usikker effekt

1150

77

Utviklingstiltak

26,61

Redusert utslepp

1151

51

Tilskot til Utviklings- og investeringsfondet

6,05

Usikker effekt

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskot

13,15

Usikker effekt

1152

70

Tilskot til bioøkonomi og klimatiltak i jordbruket (BIONOVA)

83,64

Redusert utslepp

Kap. 1137, post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd (-11,75 mill. kroner)

Posten skal bidra til å nå dei fire landbruks- og matpolitiske hovudmåla der auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar er to av desse.

Løyvinga blir tildelt Noregs forskingsråd fordelt på ulike porteføljar. Midlane går til dømes til porteføljen Landbasert mat, miljø og bioressursar som dekkjer programma BIONÆR og MILJØFORSK, i tillegg til Energi, transport og lågutslepp som dekkjer programmet ENERGIX. Samla følgjer desse opp ulike prioriterte område innan klima, fornybar energi og miljø. Posten vil difor i stort bidra positivt til å redusere klimagassutslepp. Den foreslåtte reduksjonen i løyvinga kan føre til redusert forskingsaktivitet som har som mål å bidra til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn – og at utsleppsreduksjonen går saktare enn ønskt. Posten vil påverka ikkje-kvotepliktig sektor og LULUCF, men klimaeffekten blir vurdert som usikker da ein per no ikkje veit kva slags prosjekt som blir innvilga.

Kap. 1137, post 54 Næringsretta matforsking mv. (35 mill. kroner)

Posten finansierer Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL). FFL dekkjer mange fagområde som samla sett skal bidra til å nå dei landbruks- og matpolitiske måla. Viktige fagområde er mellom anna klima, miljø og berekraft. Delar av løyvinga skal gå til matforskingsinstituttet Nofima AS, som er eit næringsretta institutt innanfor utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon i grøn og blå sektor. Løyvinga blir motsvart av inntekter frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, jf. kap. 5576, post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt. Den foreslåtte auken i løyvinga kan føre til ny kunnskap som på sikt kan bidra til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn. Posten vil påverka ikkje-kvotepliktig sektor, men klimaeffekten blir vurdert som usikker da ein per no ikkje veit kva slags prosjekt som blir innvilga.

Kap. 1138, post 72 stiftelsen Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) (3,40 mill. kroner)

Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ein stiftelse som arbeider med forsking, rådgjeving og formidling av kunnskap innan fagområda økologisk landbruk og matproduksjon, miljø, berekraft og fornybar energi. Løyvinga skal gå til utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat. Ein mindre del av løyvinga kan gå til forskingsretta arbeid. Den foreslåtte auken i løyvinga vil påverka ikkje-kvotepliktig sektor, men klimaeffekten blir vurdert å vere usikker.

Kap. 1149, post 71 Tilskot til verdiskapingstiltak i skogbruket (3,05 mill. kroner)

Løyvinga omfattar midlar til infrastruktur i skogbruket, under dette bygging/ombygging av tømmerkaiar og skogsvegar. Delar av tilskotsmidlane til skogsvegar går til nybygging av skogsvegar, som kan føre til avskoging og gje ein utsleppseffekt i utsleppsrekneskapen. Samstundes er infrastruktur ein viktig føresetnad for eit berekraftig skogbruk med forynging, skjøtsel og drift av skog, noko som gjev auka skogproduksjon og auka langsiktig CO2-opptak. Nye vegar og tømmerkaiar gjev auka tilgang til fornybart råstoff som kan fortrengje fossile utslepp. Desse effektane må vurderast opp mot kvarandre der naturomsyn også er med i vurderinga. Det blir lagt til grunn at naturomsyn blir varetekne i bygginga av nye skogsvegar og tømmerkaiar. Ein stor del av midlane blir nytta til ombygging av skogsvegar i eksisterande vegtrasé og bidreg ikkje til avskoging. Denne posten vil påverka LULUCF, men den samla effekten når det gjeld klimagassutslepp er usikker og vanskeleg å berekne.

Kap. 1150, post 50 Tilskot til Landbrukets utviklingsfond (LUF) (273 mill. kroner)

Landbrukets utviklingsfond er eit fond med formål om å støtte tiltak som fremjar landbruksnæringa i samsvar med formålsparagrafen i jordlova og skogbrukslova. Rammene for tildeling blir fastsette i jordbruksavtalen og statsbudsjettet. Det er foreslått ei auka løyving på 273 mill. kroner til fondet for 2023. Ein vesentleg del av tilskotsramma er i 2024 avsett til ordningar som skal stimulere til investering og bedriftsutvikling, næringsutvikling og gründerskap i landbruket. Skogbruk og ordningar knytte til klima- og miljøtiltak utgjer ein annan sentral del av tilskotsramma til fondet, til dømes tilskot til utbetring av gjødsellager, drenering, kunnskapsutvikling, tilskot til meir miljøvennlege energiløysingar og bruk av tre i bygg, skogtiltak m.m. Investeringstilskot for å rette seg etter dyrevelferdskrav, ordningar innretta med tanke på miljø og klima, skogbrukstiltak og ei distriktsretta satsing mot nordområda vart prioriterte i avtalen for 2024. Det vart lagt til rette for ei spissa satsing på ordningar som har klima- og miljøformål; ordningane Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling, Spesielle miljøtiltak i landbruket, Etablering av MetanHUB, Klima- og miljøprogrammet og tilskot til biogass, fekk alle auka avsetning. Totalt for desse ordningane auka løyvinga med 112 mill. kroner. Det er foreslått ei auka løyving på 10 mill. kroner til skogbrukstiltak over LUF for 2024. Den foreslåtte auken til fondet vil samla påverka ikkje-kvotepliktig sektor og LULUCF, og gje redusert utslepp.

Kap. 1150, post 70 Tilskot til marknadsregulering (6,04 mill. kroner)

Midlane går til opplysningsverksemd for frukt og grønt og medverkar gjennom det til eit kosthald som reduserer klimagassutslepp. Midlane går òg til avreinseordning for potet som bidreg til å utnytte ein ressurs der alternativ bruk er rotning på jordet. Midlane blir òg brukte til råvareprisutjamningsordninga (RÅK) som bidreg til ein høgare del norsk produksjon og gjennom det lokal foredling og mindre transport av mat. Den foreslåtte auken vil påverka ikkje-kvotepliktig sektor, og venteleg redusere klimagassutslepp.

Kap. 1150, post 74 Direkte tilskot (1 944,08 mill. kroner)

Posten omfattar tilskot for matproduksjon på dyr og areal i Noreg, inkludert tilskot for beiting og regionale miljøtiltak som redusert jordarbeiding og seterdrift. Alternativet er gjengroing og import. Posten omfattar både tilskot til husdyrproduksjon, beitetilskot, areal- og kulturlandskapstilskot, tilskot til regionale miljøprogram og tilskot til økologisk jordbruk. Isolert sett kan støtte til husdyrproduksjon bidra til vidareføring av eksisterande, eventuelt auka, utslepp, men posten omfattar òg store ordningar som bidreg til miljø- og klimavennleg produksjon og reduserte utslepp per produserte eining. Posten legg i tillegg til rette for at vi produserer den maten som blir etterspurd i Noreg, og reduserer faren for karbonlekkasje. Posten vil påverka ikkje-kvotepliktig sektor, og klimaeffekten av auken på posten er usikker.

Kap. 1150, post 77 Utviklingstiltak (26,61 mill. kroner)

Posten går til planteavl, dyreavl, dyrevelferd, kvalitets- og salsfremjande tiltak, tilskot til fellespakkeri og til rådgjeving. Alt dette bidreg til meir effektiv matproduksjon med lågare klimagassutslepp per produserte eining og til klimatilpassing. Den foreslåtte auken i løyvinga er marginal samanlikna med totalen, men er venta å kunne gje reduserte utslepp og påverka ikkje-kvotepliktig sektor.

Kap. 1151, post 51 Tilskot til Utviklings- og investeringsfondet (6,05 mill. kroner)

Posten gjeld Reindriftens utviklingsfond (RUF). Over Reindriftens utviklingsfond blir det gjeve tilskot til ulike tiltak som bidreg til ei berekraftig reindrift. Tiltaka bidreg til meir effektiv matproduksjon med lågare klimautslepp per produserte eining. Den foreslåtte auken kan bidra til reduserte utslepp og påverka ikkje-kvotepliktig sektor, men effekten er usikker.

Kap. 1151, post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskot (13,15 mill. kroner)

Posten gjeld direkte tilskot til siidaandelar og tamreinlag og tilskot til reinbeitedistrikt. Dei direkte tilskota omfattar produksjonspremie og kalveslaktetilskot. I driftsåret 2022–2023 blir det, som eit eingongstiltak, gjeve tilskot til uttak av simler. I tillegg omfattar posten nokre mindre ordningar for å sikre rekruttering og likestilling. Dei direkte og kostnadssenkande tilskota bidreg til meir effektiv matproduksjon med lågare klimautslepp per produserte eining. Den foreslåtte auken kan bidra til reduserte utslepp og påverka ikkje-kvotepliktig sektor, men effekten er usikker.

Kap. 1152, post 70 Tilskot til bioøkonomi og klimatiltak i jordbruket, Bionova (83,64 mill. kroner)

Regjeringa har følgt opp ambisjonane i Hurdalsplattforma og oppretta Bionova i 2023 som ei eining under Innovasjon Noreg. Bionova er eit verktøy for å nå klimamåla Noreg har for 2030, og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 ved å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. Bionova skal også bidra til auka verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare ressursar frå hav og land. Den foreslåtte auken vil påverka ikkje-kvotepliktig sektor og bidra til reduserte utslepp.

6.4.12 Olje- og energidepartementet

Totalbudsjettet for Olje- og energidepartementet i 2024 er på om lag 17,6 mrd. kroner fordelte på 34 budsjettpostar. Stønadsordningar til hushald for ekstraordinære straumutgifter utgjer rundt 55 pst. av budsjettet. Utanom desse straumstønadsordningane går grovt sett rundt 4 pst. av løyvinga til Olje- og energidepartementets eige budsjett, rundt 7 pst. går til Sokkeldirektoratet, rundt 28 pst. til Noregs vassdrags- og energidirektorat og 5 pst. til Havindustritilsynet. Vidare går rundt 6 pst. til energieffektivisering og energiomlegging, og 50 pst. går samla sett til klima, industri og teknologi, av dette går 66 pst. til Langskip – fangst og lagring av CO2, medan resterande 34 pst. går til andre formål innanfor klima, industri og teknologi.

Tabell 6.9 Endring i løyving på budsjettet til departementet som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2023 til budsjettforslaget for 2024):

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Klima- og omstillingseffekt

1800

72

Tilskot til petroleums- og energiformål

10,0

Usikker effekt

1825

21

Spesielle driftsutgifter

15,0

Redusert utslepp

1825

50

Overføring til Klima- og energifondet til tiltak for meir effektiv energibruk og eit meir fleksibelt energisystem

180,0

Redusert utslepp

1825

60

Tilskot til energitiltak i kommunale bygg

300,0

Redusert utslepp

1850

21

Spesielle driftsutgifter

81,0

Usikker effekt

1850

71

Teknologisenter Mongstad

- 71,0

Usikker effekt

Kap. 1800, post 72 Tilskot til petroleums- og energiformål (10 mill. kroner)

Tilrettelegging for nye næringar slik som havvind er ein viktig del av oppgåvene staten har for å bidra til omstillinga av økonomien. Det er store ambisjonar for utvikling av havvind i heile Noreg. Målet til regjeringa for havvindsatsinga er industriutvikling, tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling og at havvind skal bidra til auka klima- og miljøvennleg kraftproduksjon i Noreg for raskare å kunne omstille oss i grønare retning. Innan fornybar energi er det også potensial for vekst innanfor havvindsegmentet når det gjeld internasjonal omsetning og eksport. I vegkartet for grønt industriløft som vart presentert i juni 2022, peiker regjeringa på havvind som eit av sju satsingsområde. Vi har allereie fleire gode kompetansemiljø langs kysten, men det er viktig å byggje opp ein enda breiare kompetansebase på stader og i regionar der det allereie finst overførbar kompetanse frå til dømes petroleumssektoren og maritim sektor.

Det blir foreslått ei løyving på 10 mill. kroner i tilskot for å styrke kompetansemiljø for havvind, ein auke på 5 mill. kroner frå saldert budsjett 2023. Ordninga skal bidra til kapasitets- og kunnskapsoppbygging, kompetanseoverføring og formidling for industriutvikling og tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling innanfor havvind. Tilskotet skal bidra til å oppnå det overordna målet til regjeringa i vegkartet for grønt industriløft når det gjeld havvind. Sørlandets Kompetansefond er ansvarleg for ordninga. Fornybar energiproduksjon til havs vil kunne ha ein positiv klimaeffekt når anlegga er satt i drift, men effekten på kort sikt er usikker.

Resterande del av løyvinga under posten er satt av til tilskotsordning for kompetanseutvikling og formidling med relevans for petroleums- og energiområdet. Ordninga skal bidra til å styrke departementets kunnskap om og arbeid med petroleums- og energipolitikk.

Kap. 1825, post 21 Spesielle driftsutgifter (15 mill. kroner)

Det blir foreslått ei løyving på 15 mill. kroner til NVE, Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) og Husbanken for å følgje opp satsinga til regjeringa på energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi. Som ein del av satsinga til regjeringa får NVE fleire faste oppgåver, mellom anna arbeid knytt til regelverksutvikling, informasjons- og kompetanseheving, styrking av datagrunnlag, rapportering om energieffektivisering m.m. DiBK får også oppgåver knytte til regelverksutvikling. Dette vil krevje større ressursar. Vidare skal løyvinga dekkje utgifter til Husbankens forvaltning av ordninga for energitilskot i kommunale bygg og dessutan kompensere for kostnader som Husbanken har hatt med utvikling av støtteordninga.

Tiltak som bidreg til meir energieffektivisering, vil kunne vere med på å redusere klimagassutsleppa. Det kan påverke både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor.

Kap. 1825, post 50 Overføring til Klima- og energifondet til tiltak for effektive og fleksible energisystem (180 mill. kroner)

Det er ei tett kopling mellom energisystemet og utsleppsreduksjonane som må til i omstillinga. Eit godt utvikla energisystem er dermed viktig for å gjere det mogleg med raske og effektive utsleppskutt. Det blir foreslått å overføre 180 mill. kroner til Klima- og energifondet til tiltak for eit effektivt og fleksibelt energisystem. Midlane bidreg til at Enova kan styrkje satsinga mot energitiltak, mellom anna i bygg. Forslaget til løyving er ei oppfølging av regjeringa sin handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi. I februar 2023 presiserte regjeringa mandatet Enova har knytt til energi. Som ei oppfølging av dette har Enova nyleg lansert nye tilskotsordningar innanfor energi retta mot energitiltak i burettslag og energitiltak i næringsbygg.

Kap. 1825, post 60 Tilskot til energitiltak i kommunale bygg (300 mill. kroner)

Det blir foreslått ei løyving på 300 mill. kroner i tilskot til energitiltak i kommunale bygg. Løyvinga er ei oppfølging av regjeringa sin handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi og ei styrking av tilskotsordninga til energitiltak i kommunalt eigde bygg som vart løyvd under kap. 581, post 60, over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet i 2023. Tilskotet skal bidra til gjennomføring av energieffektiviseringstiltak og tiltak for auka energifleksibilitet i kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar.

Energitiltak i bygg vil kunne redusere klimagassutsleppa på kort, mellomlang og lang sikt. Det kan påverke både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor.

Kap. 1850, post 21 Spesielle driftsutgifter (81 mill. kroner)

Ambisjonen regjeringa har om å tildele areal med potensial for 30 GW havvindproduksjon på norsk sokkel innan 2040, føreset tilgang på nytt areal, utlysingar og tildelingar av prosjektområde med jamne mellomrom.

Det blir foreslått ei løyving på 81 mill. kroner til arbeid med havvind, førebuing av havvindutlysing i 2025 og NVEs arbeid med strategisk konsekvensutgreiing. Løyvinga skal vidare dekkje utgifter til feltundersøkingar som aukar kunnskapsnivået om naturmangfald og miljø i dei områda som er aktuelle for utlysing i 2025. Neste utlysing av areal til havvind, etter Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord, er planlagd i 2025. Det er i tillegg foreslått løyvd 22 mill. kroner til undersøkingar av fugl gjennom Forskingsrådet som blir gjennomførte av sjøfuglprogramma SEAPOP og SEATRACK under kap. 1850, post 50. Fornybar energiproduksjon til havs vil kunne redusere klimagassutsleppa når anlegga er sette i drift, men effekten på kort sikt er usikker. Det kan påverke både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor.

Kap. 1850, post 71 Teknologisenter Mongstad (-71 mill. kroner)

Teknologisenter Mongstad (TCM) fremjar CO2-fangst som verkemiddel for ei reinare og grønare framtid ved å byggje bru mellom teknologiutviklarar, vitskap og industriell bruk av teknologiar for CO2-fangst. TCM har som mål å skape ein arena for langsiktig og målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst. Den viktigaste oppgåva til teknologisenteret er å teste, verifisere og demonstrere ulike teknologiar for kostnadseffektiv og industriell CO2-fangst i full skala. Målet er å leggje til rette for utbreiing av CO2-fangstteknologi i ulike bransjar og industriar. Gjennom teknologisenteret skal det bli oppnådd praktisk erfaring med design, oppskalering og drift av store CO2-fangstanlegg. Det er vidare eit mål å bidra til at desse erfaringane blir spreidde internasjonalt, slik at kostnader og risiko for fullskala CO2-fangst kan bli reduserte.

Endringa i løyvinga i 2024 har samanheng med at deltakaravtalen for drift av TCM varer ut 2023. Gassnova forhandlar på vegner av staten med dei industrielle eigarane, Shell, Equinor og Total, om forlenging av avtalen med lågare utgifter for staten. Løyvinga kan redusere klimagassutslepp på mellomlang og lang sikt. Det kan påverke både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor.

6.4.13 Nærings- og fiskeridepartementet

Totalbudsjettet for Nærings- og fiskeridepartementet i 2024 er på om lag 49,25 mrd. kroner eksklusive lånetransaksjonar og andre kapitaltransaksjonar. Denne summen er fordelt på rundt 100 postar i budsjettet. Grovt sett går i underkant av 2 pst. til Nærings- og fiskeridepartementets eige budsjett, i underkant av 13 pst. til 14 direktorat og andre underliggjande forvaltningsorgan, i underkant av 5 pst. til Noregs forskingsråd, i overkant av 5 pst. til Innovasjon Noregs innovasjonsverkemiddel, i underkant av 5 pst. til tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk, 4 pst. til romverksemd, 2,5 pst. til sikring av atomanlegg og trygg handtering av atomavfall og om lag 54 pst. til oljeverksemda til staten. Resterande går til diverse andre mindre tilskotsordningar. I signala frå Nærings- og fiskeridepartementet til underliggjande og tilknytte verksemder er det gjeve forventningar om at desse skal bidra aktivt for å nå klimamåla. Kva klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, har vi ikkje samla oversikt over.

Tabell 6.10 Endring i løyving på budsjettet til departementet som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2023 til budsjettforslaget for 2024):

Kap.

Post

Namn på kapittel og post

Foreslått endring i mill. kroner

Klima- og omstillingseffekt

905

01

Noregs geologiske undersøkelse – Driftskostnader

20,9

Usikker effekt

906

01

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard – Driftskostnader

8,4

Usikker effekt

911

01

Konkurransetilsynet – Driftskostnader

6,0

Langsiktig effekt

920

50

Noregs forskingsråd – Tilskot til næringsretta forsking og grunnløyving til teknisk-industrielle institutt mv.

101,7

Langsiktig effekt

930

70

Design og arkitektur Noreg – Tilskot

4,5

Langsiktig effekt

940

70

Heile Noreg eksporterer

45,0

Langsiktig effekt

952

50

Investinor AS – Risikokapital

2,5

Usikker effekt

952

95

Investinor AS – Kapitalinnskot

5,5

Usikker effekt

953

50

Nysnø Klimainvesteringer AS – Risikokapital

-210,0

Usikker effekt1

953

95

Nysnø Klimainvesteringer AS – Kapitalinnskot

-390,0

Usikker effekt1

1605

01

Direktoratet for økonomiforvaltning – Driftskostnader

10,0

Langsiktig effekt

2421

50

Innovasjon Noreg – Tilskot til etablerarar og bedrifter, inkl. tapsavsetningar

272,2

Langsiktig effekt

2426

71

Siva SF – Tilskot til testfasilitetar

26,0

Langsiktig effekt

2426

72

Siva SF – Risikokapital

-35,0

Usikker effekt1

2426

95

Siva SF – Kapitalinnskot

-65,0

Usikker effekt1

2429

90

Eksportkredittordningen – Utlån

1 000,0

Usikker effekt

1 Regjeringa har i vegkartet 2.0 for Grønt industriløft varsla ein betydeleg auka kapitaltilførsel til Siva og Nysnø i 2023. Regjeringa vil kome tilbake til dette i samband med nysalderinga for 2023 budsjettet.

Løyvingar for å følgje opp mineralstrategien

Overgangen til fornybar energiproduksjon, transport og grøn teknologi føreset auka tilgang til ei rekkje kritiske råmateriale. I Norges mineralstrategi har regjeringa lansert ei rekkje tiltak for å leggje til rette for meir utvinning og å redusere klima- og miljøfotavtrykket frå mineralutvinninga. Det er ikkje mogleg å unngå at mineralverksemd inneber inngrep i naturmiljøet, men det er eit mål at dei negative konsekvensane blir minimert ut frå kravet til berekraftig forsvarleg drift. Det er mellom anna nødvendig å leggje betre til rette for utvikling av nye mineralprosjekt gjennom geologisk kartlegging og for å behandle søknader for slike prosjekt raskare.

Kap. 905, post 01 Noregs geologiske undersøking (20,9 mill. kroner)

Ei auka kartlegging av mineralressursar gjev meir leiting og undersøking frå private selskap. Noregs geologiske undersøking skal etablere eit eige program for å kartleggje kritiske råmateriale. Løyvinga til geologisk kartlegging hos NGU blir difor auka med 5 mill. kroner.

Kap. 906, post 01 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (8,4 mill. kroner)

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard får 5 mill. kroner som skal gå til ei ny ordning med hurtigspor, og til arbeidet med eit mineralkompass. Ordninga vil bidra til å få raskare utvikling av mineralprosjekt og auke utvinninga av kritiske råvarer.

Løyvingar til Konkurransetilsynet

Kap. 911, post 01 Konkurransetilsynet (6,0 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Konkurransetilsynet med 6 mill. kroner for 2024. Auken skal styrkje rolla til Konkurransetilsynet i den grøne omstillinga gjennom meir effektiv konkurranse og dessutan gå til dagligvaresatsinga og arbeidet med konkurranse og digitalisering som tilsynet gjer. Velfungerande konkurranse stimulerer til auka produktivitet, omstilling og innovasjon, og er såleis ein viktig drivar for berekraftig utvikling. På sikt kan innovasjon gjennom meir effektiv konkurranse gje fleire og billigare klimavennlege produkt og tenester. I sin tur kan dette gje samla reduserte klimautslepp. Eit aktivt konkurransetilsyn og ei effektiv handheving av konkurranselova er sentralt for å oppnå dette. Tilsynet prioriterer saker med berekraftsaspekt i handhevinga.

Løyvingar til forsking og innovasjon

Tildelingar til miljø- og klimarelevant forsking og innovasjon over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet skjer mellom anna gjennom tilskot til næringsretta forsking og grunnløyving til teknisk-industrielle institutt mv. (kap. 920, post 50) og marin og maritim forsking og grunnløyving til primærnæringsinstitutt mv. (kap. 920, post 51) under Noregs forskingsråd og gjennom løyvingar til Innovasjon Noreg (kap. 2421) og Siva (kap. 2426).

Miljø- og klimarelevant forsking og innovasjon kan til dømes dreie seg om teknologiar som reduserer utslepp og forureining, miljø- og klimavennlege produkt og produksjonsprosessar, meir effektiv ressurshandtering og ressursutnytting og infrastruktur og energisystem som reduserer miljøpåverknaden.

Når Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg vel ut prosjekt, vurderer dei miljøverknadene av prosjekta. I 2022 utbetalte Forskingsrådet 816 mill. kroner til løpande prosjekt i næringslivet under den tematiske prioriteringa «Klima, miljø og energi». Dette utgjer om lag 38 pst. av næringslivsporteføljen. I 2022 gjekk 68 pst. av tilsegnene om lån og tilskot gjennom Innovasjon Noreg – om lag 4,8 mrd. kroner – til prosjekt med positiv miljøverknad, resterande prosjekt var nøytrale.

I tillegg til budsjettendringane som er omtalt under, foreslår regjeringa å auke låneramma for lågrisikolåneordninga med 1 mrd. kroner frå 2,5 mrd. kroner til 3,5 mrd. kroner. Dette er ei marknadsmessig låneordning retta mot bedrifter med eit langsiktig kapitalbehov i dei delane av marknaden der konkurransen er moderat eller avgrensa. Ordninga er underlagd hovudprinsippet om at prosjekt som får støtte frå Innovasjon Noreg, skal ha ein plass på vegen mot omstillingsmålet for 2030 og at Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050, men utsleppseffekten er usikker.

I løpet av 2023 er det òg gjennomført endringar i Låneordninga for lav- og nullutsleppsskip. Ordninga skal bidra til å redusere klima- og miljøutslepp ved å finansiere flåtefornying og supplerer innsatsen for grøn skipsfart i eksisterande ordningar retta mot utvikling av miljø- og klimavennlege fartøy. Under ordninga kan det gjevast lån til kjøp av null- og lågutsleppsskip eller til investeringar i eit brukt fartøy som byggjast om for å gje lågare utslepp. Ordninga vart etablert i 2020 for skip i nærskipsfart og fiskefartøy og vart i det reviderte nasjonalbudsjettet for 2023 utvida til fleire skipstypar, og endra namn frå Låneordning for skip i nærskipsfart og fiskefartøy. Endringa tok til å gjelde 31. august 2023. Målgruppa etter utvidinga omfattar også skip i havbruksnæringa, offshoreskip, ferjer og hurtigbåtar. Elles er ordninga likt innretta som innovasjonslåneordninga. Fleire grøne investeringar i norske skip vil auke etterspurnaden etter grønt maritimt utstyr og tenester, og medverke til å redusere klimagassutslepp. Tiltaket er vurdert å gje reduserte klimagassutslepp, men i uvisst omfang.

Kap. 920, post 50 Noregs forskingsråd - Tilskot til næringsretta forsking og grunnløyving til teknisk-industrielle institutt mv. (101,7 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til næringsretta forsking og grunnløyving til teknisk- industrielle institutt mv. gjennom Noregs forskingsråd med om lag 101,7 mill. kroner i 2024. Løyvinga går mellom anna til ordninga for innovasjonsprosjekt i næringslivet og til dei teknisk-industrielle forskingsinstitutta. Hovudårsaka til auken er at regjeringa gjer framlegg om å auke innsatsen retta mot næringsretta forsking for grøn omstilling. Løyvinga er underlagd hovudprinsippet om at prosjekt som får støtte frå Forskingsrådet, skal ha ein plass på vegen mot omstillingsmålet for 2030 og at Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050. Det er stor uvisse knytt til forventa resultat frå forskingsprosjekt, men innsatsen retta mot næringsretta forsking gjennom Forskingsrådet vil truleg ha ein langsiktig positiv effekt på klimautsleppa frå og omstillinga i næringslivet.

Kap. 930, post 70 Design og arkitektur Noreg (4,5 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Design og arkitektur Noreg med 4,5 mill. kroner. Hovudårsaka til auken gjeld tilskot til å utvikle kunnskaps- og inspirasjonsmateriell om korleis design og arkitektur kan bli brukte til å skape grøne industrietableringar som fremja sosial og miljømessig berekraft. Ein auke i løyvinga kan legge til rette for fleire grøne industrietableringar på sikt, men omfanget av reduksjonen i utslepp let seg ikkje fastsetje, særleg fordi dette dreier seg om indirekte effektar.

Kap. 2421, post 50 Innovasjon Noreg - Tilskot til etablerarar og bedrifter, inkl. tapsavsetningar (272,2 mill. kroner)

Løyvinga finansierer mellom anna ordningar for gründerar, innovasjonskontraktar, innovasjonslån og garantiar i Innovasjon Noreg. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med til saman om lag 272,2 mill. kroner i 2024.

Hovudårsaka til auken er at regeringa foreslår å leggje til rette for at Innovasjon Noreg kan gje innovasjonstilskot til store batteriprosjekt av felleseuropeisk interesse. Prosjektstøtta vil ha ei øvre totalramme på 1 mrd. kroner over fem år.

Vidare foreslår regjeringa å styrke innsatsen retta mot oppstartselskap gjennom Innovasjon Noreg med 70 mill. kroner. Styrkinga gjeld innanfor finansieringsordningar og kompetanse- og nettverkstenester og skal bidra til grøn omstilling. Løyvinga er underlagd hovudprinsippet om at prosjekt som får støtte frå Innovasjon Noreg, skal ha ein plass på vegen mot omstillingsmålet for 2030 og at Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050.

Ein auke i løyvinga til Innovasjon Noreg kan føre til fleire klima- og miljørelevante nyetableringar i næringslivet. Dette kan medverke til å minske klimagassutsleppa på sikt. Det er utfordrande å estimere utsleppseffekten frå tidlegfase- og innovasjonsprosjekt fordi det er både teknologisk og kommersiell risiko knytt til denne typen prosjekt. Utsleppseffekten avheng av om prosjekta vil lukkast og at sluttresultatet blir tatt opp i marknaden.

I tillegg blir løyvinga påverka av at regjeringa foreslår å flytte 25 mill. kroner til vidareutvikling av det næringsretta verkemiddelapparatet til kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet, post 21 Spesielle driftsutgifter, jf. omtale i Prop. 1 S for Nærings- og fiskeridepartementet. Dette er ei teknisk endring, og Innovasjon Noreg skal framleis ha prosjektleiaransvaret for arbeidet. Regjeringa foreslår òg å realisere resterande 50 mill. kroner av effektiviseringsmålet på totalt 100 mill. kroner for Innovasjon Noreg i perioden 2022–2024, jf. omtale i Prop. 1 S for Nærings- og fiskeridepartementet. Delar av beløpet blir tekne ut gjennom løyvinga til etablerarar og bedrifter. Effektiviseringsarbeidet i Innovasjon Noreg har truleg ikkje nokon nemneverdig effekt på klimagassutslepp.

Kap. 2426, post 71 Siva SF - Tilskot til testfasilitetar (26,0 mill. kroner)

Løyvinga til testfasilitetar blir nytta til å støtte investeringar og tilskot til tenesteutvikling i pilot- og demonstrasjonssenter som bedrifter kan nytte på deling (katapult-senter). Regjeringa foreslår å auke løyvinga med om lag 26 mill. kroner. Løyvinga er underlagd hovudprinsippet om at prosjekt som får støtte frå Siva, skal ha ein plass på vegen mot omstillingsmålet for 2030 og at Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050. Fleire av katapultsentera jobbar med å utvikle og teste berekraftige teknologiar og løysingar. Til dømes er Sustainable Energy på Stord ein pådrivar for klima- og miljøvenlege energikjelder, og Future Materials i Grimstad jobbar med å utvikle berekraftige avanserte materiale. Ein auke i løyvinga kan følgjeleg føre til at fleire klima- og miljørelevante løysingar blir introdusert på marknaden. Dette kan medverke til å minke klimagassutsleppa på sikt.

Kap. 2426, Siva SF - post 72 Risikokapital (-35,0 mill. kroner) og post 95 Kapitalinnskot (-65,0 mill. kroner)

Regjeringa har i vegkartet 2.0 for Grønt industriløft varsla ein atskilleg auka kapitaltilførsel til Siva i 2023. Regjeringa vil komme tilbake til dette i samband med nysalderinga for 2023 budsjettet. Løyvinga blir mellom anna nytta til tilrettelegging for industri- og eigedomsprosjekt og utvikling av grøn industri. Siva skal som del av oppdraget klargjere grøne industritomter som kan gje grunnlag for meir grøn industriutvikling i Noreg, og oppføre industribygg med mindre skadeleg påverknad på klima og miljø. Ein endring i løyvinga kan følgjeleg ha ein effekt på utviklinga av grøne industriprosjekt på sikt, men utsleppseffekten er usikker.

Løyvingar til Investinor AS

Kap. 952 Investinor AS, post 50 Risikokapital (2,5 mill. kroner) og post 95 Kapitalinnskot (5,5 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Investinor med til saman 8 mill. kroner i 2024. Investinor nyttar løyvinga til å investere på kommersielt grunnlag i tidlegfaseselskap. Investeringane skal verke utløysande både når det gjeld kapital og kompetanse. I 2024 blir difor Investinor samla tilført 150 mill. kroner, noko som vil auke den samla kapitalen som blir forvalta under mandatet frå 1 626,5 mill. kroner til 1 776,5 mill. kroner. Investinor investerer i ny næringsverksemd som oppfyller strenge klima- og berekraftskriterium. Selskapet investerer etter strenge berekraftskriterium. Ei auke i løyvinga kan føre til at det blir utivkla nye klima- og miljørelevante vekstselskap. Dette kan på sikt bidra til redusere klimagassutslepp, men effekten er usikker.

Løyvingar til Nysnø Klimainvesteringer AS

Kap. 953 Nysnø Klimainvesteringer AS, post 50 Risikokapital og 95 Kapitalinnskot (-600 mill. kroner)

Regjeringa har i vegkartet 2.0 for Grønt industriløft varsla ein betydelig auka kapitaltilførsel til Nysnø i 2023. Regjeringa vil komme tilbake til dette i samanheng med nysalderinga for 2023 budsjettet.

Grunngjevinga staten har for eigarskapen i Nysnø Klimainvesteringer AS (Nysnø) er å bidra til kapitaltilgang for investeringar i tidlegfaseselskap som reduserer klimagassutslepp. Målet staten har som eigar, er høgast mogleg avkastning over tid innanfor berekraftige rammer. Formålet til selskapet er å bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar som direkte eller indirekte bidreg til dette. Effekten kan potensielt påverke alle typar klimagassutslepp. Investeringane skal i hovudsak rettast mot ny teknologi i overgangen frå teknologiutvikling til kommersialisering. Investeringsfokuset for selskapet skal vere bedrifter i tidlege fasar.

Ny teknologi bidreg til det grøne skiftet og til å byggje lågutsleppssamfunnet i framtida. Kapitaltilgang i eit formålstenleg omfang fremjar investeringar, og Nysnø er eit verkemiddel for å bidra til kapitaltilgang for norske unoterte vekstbedrifter som kommersialiserer klimavennleg teknologi.

Det er krevjande å kvantifisere effekten på klimagassutslepp, sidan Nysnø investerer i teknologi og selskap i tidlege fasar. Særleg ny teknologi kan ha ein stor effekt i framtida som er vanskeleg å estimere no. Nysnø har per utgangen av 2022 investert i 19 selskap og 13 fond. Nysnø gjev i årsrapporten informasjon om kvart enkelt porteføljeselskap og fond, inkludert korleis forretningsmodellen til selskapa bidreg til klimagassreduksjon. Nysnø har berekna at porteføljeselskapa vil bidra med 7,2 mill. tonn CO2 ekvivalentar i unngåtte utslepp innan 2030, basert på ei sannsynleg utvikling i selskapa. Gjennom investeringane i fond har Nysnø indirekte bidrege med vekstkapital til 185 selskap til. Den framtidige klimaeffekten frå desse fonda er ikkje teken med i berekningane til selskapet.

Løyving til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)

Kap. 1605 post 01 Grøn omstilling gjennom offentlege innkjøp (10 mill. kroner)

Løyvinga er eit satsingsforslag som skal styrkje arbeidet til DFØ for å fremje grøn omstilling. Tiltaket skal setje DFØ i stand til å støtte og rettleie innkjøparar til medvite å spørje etter grøne og innovative løysingar. Rettleiingsmateriellet frå DFØ vil gjerast meir brukarvennleg og kjent, og arbeidet med å utvikle tilstrekkeleg statistikk og styringsinformasjon om grøne offentlege innkjøp vil styrkjast.

Styrkt rettleiing vil auke innkjøpskompetansen hos oppdragsgjevarane og forsterke evna offentlege verksemder har til å minimere miljøbelastning og fremje klimavennlege løysingar. Større kompetanse hos offentlege oppdragsgjevarar vil medverke til fleire grøne offentlege innkjøp. Grøne innkjøp kan auke innovasjonstakta, som igjen vil innebere at grøne løysingar blir tilgjengelege ikkje berre for den offentlege delen av marknaden, men også den private. Offentleg etterspurnad etter klima- og miljøvennlege løysingar kan slik bidra til å styrkje marknadene for berekraftige varer og tenester generelt, og ha effektar ut over den enkelte kontrakten. Slik kan offentlege innkjøp vere ein motor for grøn omstilling.

Løyvingar til Eksportkredittordninga

Kap. 2429, post 90 Eksportkredittordninga - Utlån (1 000 mill. kroner)

Posten gjeld overslag på nye utlån frå Eksportkredittordninga. Alle lånesøknader som oppfyller krava i regelverket for Eksportkredittordninga, vil få tilbod om finansiering. Samstundes har Eksfin fått i oppgåve å prioritere prosjekt som bidreg til grøn omstilling og eit hovudprinsipp om at prosjekt som får finansiering skal ha ein plass på vegen mot omstillingsmåla. Utlån under ordninga vil difor kunne føre til at fleire prosjekt som kan kutte utslepp blir gjennomførte, men utsleppseffekten er usikker.

Kap 940, post 70 Heile Noreg eksporterer (45 mill. kroner)

Eksportfremjesatsingane skal bidra til å nå målet om 50 pst auke i eksporten utanom olje og gass innan 2030. Utveljinga av eksportfremjesatsingar må setjast i samanheng med Grønt industriløft, og eksportsatsingane skal bidra til grøn omstilling i næringslivet. Dei to første eksportfremjesatsingane er lanserte innan høvesvis havvind og meir og grønare maritim eksport. Eksportfremjesatsingane er forventa å medverke til å gjere desse grøne sektorane meir konkurransedyktige internasjonalt.

6.4.14 Samferdselsdepartementet

Budsjettforslaget frå Samferdselsdepartementet er på om lag 91 mrd. kroner. Desse utgiftene er fordelte på i overkant av 40 ulike budsjettpostar av svært ulik karakter. 6 pst. av utgiftene går til drift av departementet og underliggjande etatar (01-postar), medan resten er fordelt på ulike postar som omfattar alt frå investeringar i infrastruktur, drift og vedlikehald til forsking og tilsynsoppgåver m.m. I mange tilfelle vil det òg variere frå år til år kva som inngår i dei ulike postane.

Løyvingar over budsjettet til Samferdselsdepartementet kan påverke klimagassutslepp på fleire måtar. Løyvingar til bygging, drift og vedlikehald av infrastruktur påverkar klimagassutslepp gjennom bruk av køyretøy og maskiner som bruker fossile drivstoff. Ved overgang til nullutsleppsløysingar eller bruk av biodrivstoff vil effekten desse løyvingane har på utslepp, bli mindre. Bygging av infrastruktur vil òg påverke utsleppa gjennom arealbruksendringar. Transportverksemdene og miljøstyresmaktene har utvikla ein felles metode for å rekne utslepp frå endringar i arealbruk frå infrastrukturprosjekt. Metoden blir no nytta i dei samfunnsøkonomiske analysane i sektoren.

Løyvingar som påverkar trafikkomfanget eller konkurranseforholdet mellom ulike transportformer, kan òg påverke klimagassutsleppa. Døme kan vere statleg bidrag til byvekstavtalar som mellom anna går til gang-, sykkel- og kollektivtiltak og tilskot til overføring av gods frå veg til sjø.

Klimaeffekten av budsjettforslaget for Samferdselsdepartementet samanlikna med budsjettet frå i fjor er vanskeleg å berekne. Dei foreslåtte budsjettendringane trekkjer i ulike retningar, og for fleire av endringane er det usikkert i kva retning effekten går.

Tabell 6.11 Endring i løyving på budsjettet til departementet som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2023 til budsjettforslaget for 2024):

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Klima- og omstillingseffekt

1301

70

Pilotprosjekt for utsleppsfrie anleggsplassar

-33,8

Redusert utslepp

1310

70

Kjøp av innanlandske flyruter

988,6

Auka utslepp

1320

30

Riksveginvesteringar

235,7

Usikker effekt

1352

70

Kjøp av persontransport med tog

155,5

Usikker effekt

1352

71

Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald

791,3

Usikker effekt

1352

73

Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar

-96,4

Usikker effekt

1332

66

Tilskot til byområde

575,6

Usikker effekt

1332

63

Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt

426,5

Usikker effekt

Kap. 1301, post 70 Pilotprosjekt for utsleppsfrie anleggsplassar (- 33,8 mill. kroner)

Posten er foreslått redusert med 33,8 mill. kroner. Pilotprosjekta skal bidra til testing og utvikling av nullutsleppsløysingar på eller i direkte tilknyting til anleggsplassar i transportsektoren. Pilotprosjekta vil bidra til ein liten reduksjon i utslepp av klimagassar i 2024, men vil særleg bidra til lågare utslepp på lengre sikt gjennom teknologiutvikling.

Kap. 1310, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter (988,6 mill. kroner)

Løyvinga går til å finansiere drift av regionale flyruter innanlands. Utsleppa kjem både innanfor kategorien ikkje-kvotepliktige og kvotepliktige utslepp avhengig av kapasitetsnivået på den aktuelle ruta. Samferdselsdepartementet inngår fleirårige kontraktar for drift av rutene, som blir tildelte etter open konkurranse i EØS-området. Rutene er i hovudsak retta mot Oslo og Bergen i Sør-Noreg og i Nord-Noreg mot nærmaste regionale senter med vidare samband til Oslo og andre destinasjonar. Samferdselsdepartementet har i 2023 gjennomført konkurransar om regionale ruteflygingar i Sør-Noreg og Nord-Noreg med kontraktsoppstart 1. april 2024 og dessutan for helikopterruta Værøy–Bodø med kontraktsoppstart 1. august 2024. I dei nye avtalane blir maksimaltakstane halverte samanlikna med prisjustert 2024-nivå av noverande prisnivå. Setekapasitetskrava vil bli auka på ein del av rutene for å imøtekomme ein forventa auke i etterspurnaden som følgje av dei lågare billettprisane. To nye ruter skal òg takast inn i FOT-ordninga, Stord–Oslo i Sør-Noreg og Kirkenes–Tromsø i Nord-Noreg. Auka krav til kapasitet, og moglegvis fleire flygingar på dei nye rutene enn ved tidlegare kommersiell drift, vil truleg føre til at utsleppa blir auka noko. Dei samla utsleppa knytte til flyrutene omfatta av ordninga med statleg kjøp, ikkje-kvotepliktige og kvotepliktige utslepp utgjer i dag i overkant av 50 000 CO2-ekvivalentar.

Kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar (235,7 mill. kroner)

I 2024 er løyvinga på posten foreslått auka med 235,7 mill. kroner, eller 2,3 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2023. Auken vil truleg ikkje gje auka utslepp i 2024. Det er foreslått å starte opp tre store vegprosjekt, E134 Røldal–Seljestad i Vestland, E134 Oslofjordsambandet, byggjetrinn 2 i Akershus og E6 Megården–Sommerset, som over tid vil ha ein klimaeffekt. Oppstart av prosjekta inneber direkte utslepp, som skjer frå køyretøya på vegane eller frå maskiner og køyretøy som arbeider på anlegga. For dei tre prosjekta reknar Statens vegvesen med auka utslepp som følgje av anleggsverksemd. For E134 Oslofjordsambandet, byggjetrinn 2 reknar Statens vegvesen med auka utslepp frå trafikk. For E134 Røldal–Seljestad og E6 Megården–Sommerset reknar Statens vegvesen med reduserte utslepp frå trafikk fordi reisetida går ned. Berekningar frå Statens vegvesen antydar at netto utslepp av desse prosjekta er positive dersom analyseperioden er 40 år. Den samla effekten, i utslepp CO2-ekvivalentar, er usikker ettersom dei nye prosjekta reduserer utslepp frå trafikken samstundes som anleggsfasen fører til auka utslepp.

Kap. 1352, post 70 Kjøp av persontransport med tog (155,5 mill. kroner)

I 2024 er det foreslått å auke løyvinga på posten med 155,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2023. Av auken er det foreslått å løyve 32,6 mill. kroner for å utvide togtilbodet på Bergensbanen ved at den noverande ruteplanen om sommaren gjeld for heile året frå mai 2024. Fleire togavgangar på Bergensbanen kan føre til at fleire vel toget framfor bil eller fly. Det er usikkert korleis utsleppa blir påverka i 2024.

Kap. 1352, post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald (791,3 mill. kroner)

Løyvinga på posten gjeld drift og vedlikehald av jernbane. I 2024 er det foreslått å auke løyvinga på posten med 791,3 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2023. Av dette gjeld 200 mill. kroner kostnader til opprydding på jernbanen etter ekstremvêret «Hans». Vedlikehaldsarbeidet kan føre til auke i utsleppa. Samstundes vil betre driftsstabilitet gje eit meir attraktivt togtilbod som kan føre til at fleire vel toget framfor bil eller fly. Det er difor usikkert korleis utsleppa blir påverka i 2024.

Kap. 1352, post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar (-96,4 mill. kroner)

Løyvinga på posten gjeld investeringar i jernbane. I 2024 er det foreslått å redusere løyvinga på posten med 96,4 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2023. Reduksjonen får konsekvensar for planlagd framdrift og prioriteringar i investeringsporteføljen ved at handlingsrommet for å planleggje og setje i gang nye investeringsprosjekt blir mindre. Det er framleis eit høgt aktivitetsnivå på utbygging av jernbanen sjølv om det er foreslått redusert løyving i 2024. Redusert utbygging av jernbaneinfrastruktur fører på kort sikt til lågare utslepp ved at anleggsarbeid ikkje blir sette i gang. Samstundes vil ein ikkje oppnå betring i togtilbodet på lengre sikt som kunne fått fleire til å velje tog framfor bil eller fly. Det er usikkert korleis dette påverkar utsleppa i 2024.

Kap. 1332, post 66 Tilskot til byområde (575,6 mill. kroner)

Det er så langt inngått byvekstavtalar for Oslo-området, Bergens-området, Trondheims-området og Nord-Jæren. Løyvinga på posten er foreslått auka, mellom anna for å følgje opp framforhandla forslag til byvekstavtale for Tromsø, og til nye byvekstavtalar for Kristiansandsregionen og Nedre Glomma. Regjeringa legg opp til at dei to sistnemnde byområda blir inviterte til forhandlingar om byvekstavtale. Midlane skal gå til tilskot for kollektivtransport-, sykkel- og gangtiltak og vil bli utbetalte dersom byvekstavtalane blir inngått. Byvekstavtalar er langsiktige og gjensidig forpliktande, og bidreg til å redusere transportbehovet mellom anna gjennom meir konsentrert arealbruk, prising av biltrafikk og at folk syklar, går eller bruker kollektivtransport meir i staden for å ty til bilen. På sikt kan dette gje større sjansar til å utnytte den eksisterande infrastrukturen betre og dermed òg redusere behovet for investeringar i veginfrastruktur. Det er utfordrande å vurdere potensialet for utsleppsreduksjonar fordi det avheng av korleis tiltakspakken i byvekstavtalane blir sett saman. Effekten på klimagassutslepp vil uansett gå ned etter kvart som ein stadig større del av køyretøyparken blir elektrisk.

Kap. 1332 post 63 Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt (426,5 mill. kroner)

I 2024 er løyvinga på kap. 1332, post 63, foreslått auka, som mellom anna legg til rette for ei vidareføring av auka statleg bidrag til store kollektivprosjekt som er under utbygging. Når staten går inn med meir midlar til dei store kollektivprosjekta, frigjer dette midlar som kan nyttast til andre tiltak som byggjer opp under nullvekstmålet etter ei lokal prioritering. Målet for den samla verkemiddelbruken i byvekstavtalane er å stanse veksten i personbiltrafikken, og dei kan dermed vere med på å redusere klimagassutsleppa og på sikt gjere det mogleg å utnytte den eksisterande infrastrukturen betre og dermed òg redusere behovet for investeringar i veginfrastruktur. Ved overgang til nullutsleppsløysingar og bruk av biodrivstoff i køyretøyparken vil effekten på utslepp bli mindre.

6.4.15 Utanriksdepartementet

Totalbudsjettet for Utanriksdepartementet i 2024 er 54,7 mrd. kroner (utgifter med lånetransaksjonar), fordelte med 6,3 mrd. kroner til utanriksforvaltning og 48,4 mrd. kroner til internasjonal bistand. Dei underliggjande etatane til Utanriksdepartementet, Norad og Norec, forvaltar delar av bistanden. Norfund er eit viktig instrument i norsk utviklingspolitikk. Delar av bistanden blir òg forvalta på utvalde utanriksstasjonar og av statlege etatar i Noreg. Løyvingar til EØS-avtalen utgjer 2,5 pst. av budsjettet til departementet, og bistand utgjer 88,4 pst. av det samla budsjettet til departementet for 2024. Fleire av budsjettpostane, spesielt dei som går til drift, vil mellom anna kunne finansiere transport med fly, båt og bil og dermed bidra direkte til utslepp av klimagassar.

Miljø, rein energi, klima og lågkarbonøkonomi er blant dei prioriterte hovudsektorane under EØS-midlane for inneverande finansieringsperiode (2014–2021). Støtta til pilaren «Eit grønt Europa» omfattar i alt 15 program med ei samla tildeling på om lag 418 mill. euro i tolv land. Totalt er det forventa at mottakarlanda årleg skal produsere i overkant av 136 000 MWh med fornybar energi. Dette svarer til privatforbruket til om lag 8 100 husstandar i Noreg per år. CO2-utsleppet i EØS-landa er forventa å bli redusert med om lag 1,4 mill. tonn. Årleg energisparing er venta å vere 865 MWh. I tillegg skal midlane hjelpe landa til å oppfylle dei nasjonale og internasjonale forpliktingane sine, inkludert EU-direktiv, samstundes som omfattande informasjonskampanjar bidreg til å auke forståinga av klimaendringar og nødvendige tiltak. EØS-midlane styrkjer òg dei bilaterale sambanda mellom Noreg og mottakarlanda i felles innsats mot klima- og miljøutfordringar. Det er venta at innsatsen for klima, miljø og rein energi vil styrkjast for neste finansieringsperiode for EØS-midlane.

Aukande merksemd om grøn omstilling og digitalt skifte opnar opp for nye utsikter for Noreg og norsk næringsliv. Ein stor andel av tilskota til å fremje næringsliv blir difor tildelt prosjekt som kan ha ein utsleppsreduserande effekt, til dømes innanfor fornybar energi, havvind, grøn skipsfart, karbonfangst, -lagring og -bruk og sirkulær økonomi.

Det er ei rekkje klimatiltak i utviklingsland som får støtte over bistandsbudsjettet. For tilskot med mål om reduserte klimautslepp og fornybar energi blir det meir systematisk bede om informasjon om oppnådde eller forventa utsleppsreduksjonar. Norsk støtte til tiltak i utviklingsland over budsjettet til Utanriksdepartementet som er retta mot reduksjon av klimagassar, kan i hovudsak delast i to: Den første halvdelen er støtte til produksjon eller forbruk av rein energi, utsleppsreduserande tiltak eller karbonlagring. Den andre vil ha utsleppsreduksjon som ein indirekte verknad eller sekundær konsekvens. Slike innsatsar inkluderer kapasitetsbygging, opplæring, støtte til utvikling av regelverk og finansieringsmekanismar. Gjennom Klima- og skoginitiativet og eit stort engasjement for fornybar energi har Noreg vist veg og er ein viktig aktør i arbeidet for globale utsleppsreduksjonar.

Norfund har forvaltningsansvaret for Klimainvesteringsfondet, som vart oppretta i 2022. Formålet til fondet er å bidra til å redusere eller unngå klimagassutslepp ved å investere i fornybar energi i utviklingsland som har store utslepp frå kolkraft og annan fossil kraftproduksjon. Fondet skal bidra til å utløyse investeringar i fornybar energi som elles ikkje ville blitt gjennomførte. Investeringane skal bidra til at økonomisk utvikling i desse landa i størst mogleg grad blir basert på fornybar energi. Totalt vil fondet investere 10 mrd. kroner over fem år. Hittil har fondet investert 2 mrd. kroner i prosjekt i India, Sri Lanka og Sør-Afrika.

Det er likevel ei målsetjing innanfor Paris-avtalen at støtta skal vere balansert mellom utsleppsreduserande tiltak på den eine sida og tilpassing og førebygging på den andre. Regjeringa har mål om å minst tredoble støtta til klimatilpassing, innanfor målet om å doble klimafinansieringa i løpet av 2026. Strategien for å styrkje støtta til klimatilpassing, førebygging og kampen mot svolt, skaper òg ein betre balanse i klimaporteføljen vår. I tillegg til effektane av tiltak over bistandsbudsjettet retta mot reduksjon av klimagassar har også resten av bistandsbudsjettet effektar – positive eller negative – for klimagassutslepp og klimatilpassing i mottakarlanda. Døme på dette er støtte til infrastrukturtiltak, helse og anna. Slike effektar er krevjande å måle, og dei er ikkje inkluderte i denne oversikta.

Utanriksdepartementet har gjeve Norad, i tett samarbeid med Miljødirektoratet, oppdraget med å gjennomgå og vurdere metodikk og rutinar som blir brukte for å estimere oppnådde utsleppsreduksjonar gjennom norskfinansierte utviklingstiltak. Det er gjort ei kartlegging av metodar brukte til berekning og opplegg for rapportering av utsleppsreduksjonar for heile utviklingsporteføljen og også ei vurdering av styrkar og svakheiter ved dei ulike metodane. Det blir enno arbeidd med prioriteringar og føringar for vegen vidare for arbeidet med utsleppsreduksjonar og unngåtte utslepp i Norad.

Tabell 6.12 Endring i løyving på budsjettet til departementet som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2023 til budsjettforslaget for 2024):

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Klima- og omstillingseffekt

118

73

Klima, miljøtiltak og hav mv.

-0,4

Usikker effekt

162

71

Mattryggleik, fisk og landbruk

246,0

Usikker effekt

162

72

Fornybar energi

202,9

Langsiktig effekt

163

70

Miljø og klima

-50,0

Auka utslepp

163

71

Berekraftige hav og tiltak mot marin forsøpling

58,4

Usikker effekt

172

70

Verdsbanken

-106,7

Usikker effekt

Kap. 118, post 73 Klima, miljøtiltak og hav mv. (-0,4 mill. kroner)

Løyvinga dekkjer støtte til klima- og miljøinnsats som ikkje berre inkluderer utviklingsland. Tiltak som bidreg til å gjennomføre Parisavtalen og til styrkt kunnskap om internasjonale klima- og miljøutfordringar blir dekt over posten. Posten blir redusert som følgje av lågare kostnader knytte til Havpanelet, men nedgangen blir delvis vegen opp på grunn av prisjustering. Klimaeffekten av endringa er usikker og vanskeleg å måle.

Kap 162, post 71 Mattryggleik, fisk og landbruk (246 mill. kroner)

Løyvinga dekkjer tiltak som styrkjer lokal og nasjonal matproduksjon, byggjer lokale verdikjeder og marknader og bidreg til å gjere matproduksjonen meir klimarobust. Posten aukar med 246 mill. kroner fordi Fisk for utvikling og Landbruk for utvikling blir flytta til posten. Klimaeffekten av endringa er usikker og vanskeleg å måle.

Kap. 162, post 72 Fornybar energi (202,9 mill. kroner)

Midlane skal brukast til å fremje auka tilgang til fornybar energi, med særleg vekt på Afrika sør for Sahara. Fornybar energi vil bidra til reduserte klimagassutslepp dersom han erstattar karbonintensiv energi. Auken kjem av ny tapsavsetning, garantisubsidiar og fordi Energi for utvikling blir flytta til posten.

Kap 163, post 70 Miljø og klima (-50 mill. kroner)

Tiltak over posten går mellom anna til tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing i utviklingsland. Kutt i denne posten kan difor tenkjast å ha ein negativ klimaeffekt, men han er vanskeleg å måle.Det blir kutta i posten for å finansiere ny tapsavsetning på kapittel 162, post 72.

Kap. 163, post 71 Berekraftige hav og tiltak mot marin forsøpling (58,4 mill. kroner)

Tiltak over posten går mellom anna til innsats mot marin forsøpling, inkludert betre avfallshandtering. Mindre metanutslepp frå søppelfyllingar har ein positiv klimaeffekt, men den totale klimaeffekten som følgje av endringa blir vurdert som usikker. Posten aukar fordi 68,4 mill. kroner til Hav for utvikling blir flytta til posten. I tillegg kjem eit kutt på 10 mill. kroner for å finansiere ny tapsavsetning på kapittel 162, post 72.

Kap. 172 post 70 Verdsbanken (-106,7 mill. kroner)

Verdsbanken er den største utlånsinstitusjonen for klimafinansiering i utviklingsland. Klimahandlingsplanen til Verdsbanken har ambisiøse mål for utsleppskutt og klimatilpassing. Over ein tredjedel av IDA 20 (2023–2025) går til klimarelevante tiltak. Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til Verdsbankgruppa med 106,7 mill. kroner i 2023, sidan Noreg betalte inn dei siste årlege forpliktingane sine under gjeldande avtale med International Bank for Reconstruction and Development (IBRD) i 2023. Klimaeffekten av endringa er usikker og vanskeleg å måle.

Tabell 6.13 Rapportering for 2022 på utsleppsreduksjonar / unngåtte utslepp i utlandet. Anslått norsk andel1

Program/tiltak

Sektor

Ansvarleg

Pårekna årlege utsleppsreduksjon (tonn CO2-ekv.)

Finansiering

Årleg utsleppsreduksjon (tonn CO2-ekv.)

Klima- og skogsatsinga (KOS)

Skog

KLD

13 850 000

100,0 pst.

13 850 0002

Norfund (den ordinære fornybarporteføljen)

Energi

Norfund

6 300 000

100,0 pst

6 300 0003

Green Climate Fund (GCF)

Fleire sektorar

UD og KLD

63 000 000

4,23 pst.

2 664 9004

Energising Development (EnDev)

Energi

Norad

2 750 000

10,13 pst.

278 5755

Scaling Up Renewable Energy Programme (SREP)

Energi

Norad

185 045

19,0 pst.

35 1596

Sustainable Energy Fund for Africa (SEFA)

Energi

Norad

617 100

6,89 pst.

42 5187

Private Financing Advisory Network (PFAN)

Energi

Norad

579 000

12,0 pst.

69 4808

Asian Development Bank Energy Co-Financing (CEFPF)

Energi

Norad

29 100 000

13,46 pst.

3 916 8609

Global Environment Facility (GEF)

Fleire sektorar

UD

523 250 000

2,0 pst.

10 465 00010

Energy Sector Management Assistance Program (ESMAP)

Energi

Norad og UD

1 800 000

14,41 pst.

259 38011

Get Fit Uganda

Energi

Norad

330 000

16,7 pst.

55 20912

Global Energy Efficiency and Renewable Energy Fund (GEEREF)

Energi

UD

3 900 000

10,2 pst.

397 80013

1 Merk at tala ikkje nødvendigvis er direkte samanliknbare, sidan nokre organisasjonar rapporterer på forventa utsleppsreduksjonar og andre bereknar utsleppsreduksjonar frå prosjekt som er gjennomførte. For kvar organisasjon er det mest konservative overslaget tilgjengeleg teke i bruk. Der tal for 2022 ikkje er tilgjengelege, er tala for 2021 brukte som overslag for 2022.

2 Kjøp av tonn i den norske Klima- og skogsatsinga. Utsleppsreduksjonar frå Indonesia og Ecuador betalte for etterskotsvis i 2022 (resultatbasert).

3 Tal er henta frå Norfunds årsrapport for 2022. I tillegg til dette er Norfunds klimamandat venta å føre til unngåtte utslepp på 6,2 mill. tonn CO2e per år. Merk at tala ikkje er attribuerte norsk finansiering og viser utsleppsreduksjonar for heile porteføljen.

4 Noregs andel av stadfesta bidrag til GCF og utsleppsreduksjonar baserte på støtta prosjekt. Tala er henta frå GCFs Progress Report for perioden 2020–2023. Tala er for 2021.

5 Tala er henta frå EnDevs årsrapport for 2022.

6 Tala er henta frå tilsend resultatrapport frå SREP for 2022.

7 Tala er henta frå SEFAs årsrapport for 2022.

8 Tala er henta fra PFANs årsrapport for 2022, men utsleppstal vart korrigerte ned etter kommunikasjon med PFAN.

9 Tala baserer seg på Asiabankens årsrapport for 2022.

10 Anslaget baserer seg på gjennomsnittlig årleg utsleppsreduksjon for dei siste fire åra.

11 Tal for finansiering er henta frå rapporten ESMAP årsrapport for 2022, og tal for utsleppsreduksjonar baserer seg på tal frå ESMAPs årsrapport for 2020. Dette er fordi tal for forventa utsleppsreduksjonar i 2022-rapporten framstår inflaterte.

12 Tala er henta frå GetFit Ugandas årsrapport for 2022.

13 Tala er for 2021.

Kjelde: Norad

Til forsida