St.meld. nr. 10 (2002-2003)

Om verksemda i Sametinget 2001

Til innhaldsliste

3 Samarbeidet mellom Sametinget og regjeringa

Sametinget peiker på at det er eit stort gap mellom prioriteringane til Sametinget og rammeløyvingane frå Stortinget. I tillegg har Sametinget fremma krav om ein forhandlingsmodell med regjeringa i arbeidet med samiske saker. I arbeidet med budsjettet og nye behov ønskjer Sametinget at ein gjennom reelle forhandlingar avdekkjer finansielle behov, ansvarsdeling og blir samde om rammene for budsjetta år for år. Ein viser til at eit slikt system set Sametinget betre i stand til å planleggje økonomisk, i tillegg til at det betrar dialogen og samarbeidet om dei utfordringane ein står overfor i samepolitikken.

Regjeringa viser til at det i 1998 vart etablert faste møte på politisk nivå mellom Sametinget og somme departement før den første årlege budsjettkonferansen. Etter ønske frå Sametinget vart budsjettmøtet i 2002 halde mellom Sametinget og statsrådane i Kommunal- og regionaldepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helsedepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet samla. På desse møta står Sametinget fritt til å ta opp behovet for å auke rammene innanfor det samiske budsjettområdet. Dette gjeld også overføringar av forvaltningsoppgåver til Sametinget. Slike møte er viktige i regjeringsarbeidet med dei årlege statsbudsjetta. Regjeringa ser det likevel ikkje som naturleg at møta skal vere forpliktande på den måten at det blir gitt konkrete lovnader om auke i løyvingane. Dei økonomiske rammene til Sametinget må drøftast som ein del av den samla budsjettpolitikken til regjeringa. Regjeringa ønskjer å gi Sametinget enda større fridom innanfor budsjettramma, og vil vurdere om eventuelle budsjettføringar og øyremerkinger frå departementa kan reduserast yttarlegare i framtidige budsjett.

Elles vil regjeringa utarbeide ei fullstendig samanstilling av budsjettutviklinga for det samiske området i perioden 1989–2002. Det vil gi eit betre oversyn over utviklinga i tilskota til samiske formål dei siste åra. Oversynet skal oppdaterast årleg.

Barne- og familiedepartementet vil samarbeide med Sametinget om ei vidare utvikling av samisk barne- og ungdomspolitikk og oppfølging av barne- og ungdomsplanen til Sametinget. Departementet er positiv til framlegget frå Sametinget om faste årlege møte mellom departementet, Barneombodet, fylkeskommunane og Sametinget på administrativt nivå. Slike møte dekkjer eit behov for utveksling av informasjon om ulike innsatsområde som gjeld samiske barn og unge, og dei kan føre til at ein drøftar eit mogleg samarbeid. Barne- og familiedepartementet ønskjer at desse møta skal gå føre seg samstundes med ungdomskonferansen til Sametinget. Når møta blir lagde i etterkant av ungdomskonferansen, vil ein òg sikre at representantar for samisk ungdom kan kome med innspel til regionale og nasjonale styresmakter.

I St.meld. nr. 55 (2000–2001) Om samepolitikken har Barne- og familiedepartementet opna for å innleie samarbeid med Sametinget for å vurdere utsiktene til at Sametinget kan få fullmakt til å gi forskrifter med heimel i lov om barnehagar. Det må greiast ut nærare kva for føresegner i barnehagelova som kan vere aktuelle. Barne- og familiedepartementet vil samarbeide med Sametinget ved ein eventuell revisjon av lov om barnehagar.

Kultur- og kyrkjedepartementet har merka seg omtalen frå Sametinget av samarbeidet med departementet, og har i den samanhengen teke initiativ overfor Sametinget for å få i stand faste kontaktmøte med Sametinget på administrativt nivå. Samstundes har departementet merka seg at Sametinget i punkt 2.3.4.5 i omtalen av museumsfeltet uttaler at det har vore ein konstruktiv dialog mellom anna med Kulturdepartementet om overføring av forvaltningsansvaret for dei samiske musea.

Nærings- og handelsdepartementet har merka seg at Sametinget under punkt 2.2.1.2 i årsmeldinga kommenterer at dei i 2001 har bede om møte med dei aktuelle departementa utan resultat. Bakgrunnen for at det ikkje vart halde eit slikt møte i 2001, var at førespurnaden til den politiske leiinga kom i ein periode med aktivitetar knytte til valet, og seinare vart det regjeringsskifte. Sametinget kom med ein ny førespurnad tidleg i 2002, og eit møte med den politiske leiinga vart halde 18. april 2002.

Nærings- og handelsdepartementet har starta arbeidet med ei ny minerallov. I den samanhengen er det skapt ein dialog med Sametinget. Eit møte mellom Sametinget, Nærings- og handelsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Bergvesenet vart halde i Karasjok i juni 2001.

Sametinget drøftar spørsmålet om deltaking i «Biomangfaldslovutvalet», som vart skipa ved kgl.res. av 20.04.01 for å klarleggje eit nytt lovgrunnlag for forvaltning av biologisk mangfald. Lovutvalet er sett saman av uavhengige ekspertar som er valde ut på grunnlag av særskild kompetanse. Det er etablert ei interdepartemental referansegruppe for arbeidet i utvalet, der også Sametinget er med. Utvalet har besøkt Sametinget og vil i det vidare arbeidet ha kontakt med Sametinget, særleg når det gjeld spørsmålet om tilgang til genressursar, men også om andre tema innanfor mandatet til utvalet. Fristen for utvalsarbeidet er sett til 1. oktober 2003. Når det gjeld prinsippa for deltaking frå Sametinget i utval, viser vi til St.meld. nr. 33 (2001–2002) kap. 4.2.

Oppfølginga av utgreiinga til Samerettsutvalet om naturgrunnlaget for samisk kultur (NOU 1997: 4) held fram gjennom arbeidet med ny lov om rettshøve og grunnforvaltning i Finnmark.

Til grunn for arbeidet med lova ligg den samepolitiske plattforma til regjeringa. Dei overordna rettslege rammene er Grunnlova § 110a og dei særskilde folkerettslege pliktene Noreg har teke på seg i høve til samefolket. Særleg viktig i den samanhengen er FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar.

Regjeringa ser det som svært viktig å ha ein god dialog med Sametinget under utarbeidinga av lovframlegget for Finnmark. Det har derfor vore gjennomført kontaktmøte mellom presidenten i Sametinget, fylkesordføraren i Finnmark og justisministeren i denne prosessen. Regjeringa tek sikte på å leggje fram proposisjonen med framlegg til ny lov for Finnmark våren 2003. For nærare detaljar viser vi til St.meld. nr. 33 (2001–2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 55 (2000–2001) Om samepolitikken.

Sametinget legg sjølv stor vekt på spørsmålet om sjølvråderett. Dette spørsmålet vart mellom anna handsama i St.meld. nr. 33 (2001–2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 55 (2000–2001) Om samepolitikken , s. 18 . Her heiter det at spørsmålet om samisk sjølvråderett er eit viktig tema som krev grundige drøftingar mellom regjeringa og Sametinget. Regjeringa har som utgangspunkt at fastlegginga av samisk sjølvråderett må skje i samsvar med folkerettslege prinsipp og internasjonal utvikling på området. Regjeringa legg til grunn at debatten om sjølvråderett òg må omfatte innhaldet i omgrepet, og korleis sjølvråderetten kan gjennomførast som praktisk politikk. Dialogen med Sametinget må førast vidare for å kome fram til ei felles forståing av korleis ein skal ta omsyn til føresegnene i folkeretten om sjølvråderett.

Kartlegging av samiske rettar sør for Finnmark held fram gjennom arbeidet til Samerettsutvalet.

For å betre og vidareutvikle dialogen og samarbeidet med Sametinget, vil Regjeringa leggje opp til meir jamlege gjensidige orienteringsmøte på politisk nivå mellom Sametinget og den politiske leiinga i Kommunal- og regionaldepartementet. Gjennomføringa av slike møte vil departementet diskutere nærare med Sametinget.

Til forsida