St.meld. nr. 10 (2002-2003)

Om verksemda i Sametinget 2001

Til innhaldsliste

4 Arbeidet i regjeringa med samepolitiske saker og oppfølging av saker i årsmeldinga frå Sametinget

4.1 Barnehagar

Det særskilde tilskotet til samiske barnehagar vart overført til Sametinget 1. januar 2001. Sametinget har utarbeidd nye retningslinjer som tok til å gjelde frå 1. januar 2002. Sametinget er òg styrkt med midlar til informasjons- og rettleiingsarbeid for samiske barnehagar og barnehagar med samiske barn. Sametinget har ansvaret for satsinga i dei samiske barnehagane i tilknyting til den treårige kvalitetssatsinga i barnehagesektoren frå Barne- og familiedepartementet.

Kunnskapane til barnehagepersonalet i samisk språk og kultur er avgjerande føresetnader for at barn i samiske barnehagar skal få styrkt og utvikla språket sitt og identiteten sin. Barne- og familiedepartementet vil i samarbeid med Sametinget greie ut spørsmålet om stipend for studentar som tek samisk førskulelærarutdanning. I tillegg skal ein klarleggje behovet for etter- og vidareutdanningstiltak for personalet i samiske barnehagar og i norskspråklege barnehagar med samiske barn. Dette arbeidet skal sjåast i samanheng med den treårige satsinga til departementet på kvalitet i barnehagen. Vi viser i den samanhengen til tiltak i St.meld. nr. 55 (2000–2001) Om samepolitikken og i St.meld. nr. 34 (2001–2002) Kvalitetsreformen. Om høyere samisk utdanning og forskning .

Det er eit stort behov for forsking på området oppvekst og sosialisering i samiske samfunn. Derfor er det òg viktig å hente inn meir kunnskap om barnehagen som oppvekstarena for samiske barn. Barne- og familiedepartementet ser desse behova saman med den treårige kvalitetssatsinga.

4.2 Barne- og ungdomspolitikk

Barne- og familiedepartementet vil medverke til at samiske barn og unge får betre vilkår for eigne kulturelle aktivitetar i lokalsamfunnet sitt. Det er grunn til å tru at tilskotsordninga Frifond ikkje er godt nok kjend over heile landet. Departementet vil stimulere til auka bruk av denne ordninga frå samiske barn og unge, mellom anna ved å omsetje informasjonsmateriellet.

Barne- og familiedepartementet samarbeider med Sametinget om eit hefte som skal stimulere kommunane til større påakting og auka innsats overfor samiske barn og unge.

Departementet har i fire år hatt eit utviklingsprogram for å styrkje oppvekstmiljøet. Dei tre første åra var Tana kommune med som ein av ti kommunar i programmet. No er Kautokeino kommune med fram til og med 2004, og målet for programmet er å styrkje innsatsen mot vald, mobbing, kriminalitet, rus og rasisme. Rapporten frå dei første åra i programmet, med omtale av arbeidet i Tana, blir gitt ut i 2002.

Barne- og familiedepartementet arbeider for å styrkje det ungdomspolitiske samarbeidet i Barentsregionen, i tråd med dei prioriteringane som ligg i handlingsplanen som vart vedteken på Ungdomsministerkonferansen i Tromsø i mai 2001. Departementet har sett av midlar til å støtte multilaterale prosjekt og aktivitetar for barn og ungdom i Barentsregionen. Det er etablert eit nettverk for samarbeid mellom ungdomsorganisasjonar og grupper i regionen (Barents Regional Youth Forum). Urfolksungdom har eigne representantar i nettverket.

4.3 Helse- og sosialtenester for det samiske folket

Regjeringa vedtok i august 2001 ein handlingsplan for helse- og sosialtenester for samefolket i Noreg 2002–2005 (‘Mangfald og likeverd’). Målsetjinga med planen er å medverke til likeverdig og lik tilgang til helse- og sosialtenester uavhengig av språk- og kulturbakgrunnen til den hjelpetrengande. Departementet noterer seg at Sametinget legg same målsetjinga til grunn for eiga satsing innanfor helse- og sosialsektoren, jf. årsmelding og rekneskap frå Sametinget for 2001.

Sosial- og helsedepartementet har i 2001 løyvd 2 millionar kroner til Universitetet i Tromsø til drift av Senter for samisk helseforsking. Formålet med senteret er å skaffe dokumentasjon som betrar kunnskapsgrunnlaget for fagleg utvikling av helse- og sosialtenester til det samiske folket. Senteret har det første driftsåret arbeidd med eit oversyn over samisk kompetanse i sektoren, og i samarbeid med Statens helseundersøkingar (SHUS) byrja å planleggje ei helse- og levekårsundersøking i samiske område. Vidare vil både Senter for samisk helseforsking og Sametinget ha ei rolle innanfor samarbeidet i WHO om helsa til urfolk.

I 2001 vart det løyvd 2,8 millionar kroner til Finnmark fylkeskommune til drift av spesialisthelsetenesta for samefolket. For 2001 disponerer ein 5,3 millionar kroner til forsøks- og utviklingsarbeid, og av desse midlane vart 4,6 millionar kroner overførte til Sametinget for vidare fordeling. Dette inkluderer vidareføring av rehabiliteringsstipend. Hausten 2001 gjorde departementet avtale om å evaluere forsøksverksemda og oppfølginga av NOU 1995: 6.

4.4 Arbeidet med samiske språk

Det er gjort nærare greie for arbeidet med samiske språk i St.meld. nr. 55 (2000–2001) kap. 7 og i St.meld. nr. 33 (2001–2002) kap. 7.

Kultur- og kyrkjedepartementet har gjort framlegg om å endre organiseringa av arbeidet for samiske språk, jf. Ot.prp. nr. 114 (2001–2002). Framlegget går ut på at Sametinget skal arbeide for vern og vidare utvikling av samisk språk i Noreg. Formålet med endringa er å leggje til rette for at arbeidet med samiske språk blir organisert av det organet som har best kunnskap om samiske tilhøve og kjenner behova best.

Når det gjeld tolking av språkreglane i samelova, og kva reglane fører til av rettar og plikter, viser Kultur- og kyrkjedepartementet til omtalen i St.meld. nr. 55 (2000–2001) punkt 7.2.1. Informasjonstiltak om språkreglane i samelova er ei oppgåve som departementet vil prioritere etter at delar av regelverket har vorte endra.

4.5 Utdanning

Statlege tilskot til kommunar og fylkeskommunar for opplæring i og på samisk har vore drøfta sidan tidleg i 90-åra. I 1999 gjekk ein over frå tilskot etter ein fast faktor for kvar kommune per elev til ei vurdering av talet på faktiske gruppetimar i eller på samisk. Kommunane er ikkje nøgde med denne nye ordninga i dag.

Det er kome fleire rapportar om saka. Dei mest aktuelle i dag er

  • «Evaluering av tilskudd til opplæring i og på samisk», laga av FINNUT i februar 2001 for Statens utdanningskontor i Finnmark

  • «Utgifter knytte til tospråklegheit i kommune og fylkeskommune», Kommunal- og regionaldepartementet 2002

Utdannings- og forskingsdepartementet vil etter desse to rapportane sjå på utrekningsmåten for tilskotet på nytt.

4.5.1 Rettane til vaksne samar på grunnskulen og i vidaregåande opplæring

Utdannings- og forskingsdepartementet har oppnemnt eit arbeidsutval på fire personar – to frå UFD, ein frå Vaksenopplæringsinstituttet og ein frå Statens utdanningskontor i Finnmark – til å sjå nærare på ein del spørsmål rundt opplæring for vaksne samar i den 13-årige skulegangen. Det blir lagt vekt på å avklare rettane til samar i heile landet og retten til opplæring i og på samisk. Arbeidsutvalet skal òg vurdere kostnadene ved å setje i verk reforma.

Arbeidet blir fullført hausten 2002.

4.5.2 Sørsamisk utdanning

Som nemnt i St.meld. nr. 55 (2000–2001) fekk Statens utdanningskontor i Nord-Trøndelag to studieheimlar frå 01.08.02. Dei går til lærarar for vidareutdanning i sørsamisk med bindingstid ved skular der det blir gitt opplæring i sørsamisk. Dette er ei utviding av ei ordning som har fungert i ei årrekkje i dei tre nordlegaste fylka.

Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD) legg òg vekt på at utviklingsarbeidet i Sørsameprosjektet/prosjektet Sørsamisk opplæring ved heimeskulane skal omfatte heile det sørsamiske området. Parallelt med innkøyringsfasen av Sørsameprosjektet i Nordland og Sør- Trøndelag har det gått føre seg planlegging av skuleutvikling i Røros-området. Departementet ser positivt på dette engasjementet.

For siste halvdel av 2002 har UFD overført kr 250 000 til Sørsameprosjektet administrert av Statens utdanningskontor i Nordland, for å setje i verk tiltak i Røros-området. Dette omfattar også sørsamiske busetjingsområde i Hedmark fylke.

Finansieringa av utviklingstiltaka i Røros-området vil frå 2003 skje gjennom dei ordinære midlane til Sørsameprosjektet. Prosjektet blir avslutta 31.07.2004 etter ei sluttevaluering av Nordlandsforskning.

4.5.3 Spørsmål om rettar utanfor samisk distrikt

Opplæringslova kap. 6 styrer rettane til samiske barn overfor skuleverket. Det er lokale skulestyresmakter som har til oppgåve å setje i verk tiltak i samsvar med desse reglane. I somme høve har det vore usemje mellom foreldra og dei lokale skulestyresmaktene om slike rettar. Då er det Statens utdanningskontor i fylket som er ankeinstans.

4.5.4 St.meld. nr. 34 (2001–2002)

St.meld. nr. 34 (2001–2002) Kvalitetsreformen. Om høyere samisk utdanning og forskning frå Utdannings- og forskingsdepartementet er til handsaming i Stortinget. Denne meldinga har vurdert fleire utfordringar og behov som Sametinget har lagt vekt på i kapittel 2.2.5.8. Meldinga inneheld ei rad tiltak for å styrkje samisk utdanning og forsking. Mellom anna går ein inn for å auke rekrutteringa til samisk forsking ved universitet og høgskular og gjennom Noregs forskingsråd. Det blir òg gjort framlegg om å styrkje Program for samisk forsking i Forskingsrådet og å styrkje samarbeidet mellom relevante forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Meldinga signaliserer at det på lengre sikt kan vere aktuelt å utvikle ein tydelegare organisasjonsstruktur for samisk forsking, helst innanfor ei nordisk ramme. Regjeringa vil ta initiativ til å drøfte eit nærare nordisk samarbeid om organiseringa av samisk forsking.

St.meld. nr. 34 legg vekt på å bevare og styrkje samisk språk og ser dette som ein særleg føresetnad for sjølvforståing, identitet og forankring i eige samfunn. Det blir òg streka under at det er viktig å ta vare på tradisjonskunnskapen som frå gammalt av er ein grunnleggjande del av samisk kultur, når ny kunnskap blir utvikla og overlevert. Meldinga er oppteken av fagterminologisk utvikling og tilrår at Samisk høgskole får nasjonalt ansvar for å ta vare på og utvikle samisk språk som vitskapsfag.

Når det gjeld systematisering av kunnskapane om det samiske, finn meldinga at ein er tent med å sjå ulike infrastrukturtiltak i samanheng. Regjeringa vil ta initiativ til at det blir sett i gang arbeid for å organisere primær- og grunnlagsdata om samiske forhold. Organisering og finansiering må vurderast nærare.

Når det gjeld lærarutdanninga som Sametinget også har lagt vekt på i kapittel 2.2.5.8, kan det leggjast til at denne utdanninga er særleg omtalt i St.meld. nr. 16 (2001–2002) Kvalitetsreformen. Om ny lærerutdanning. Mangfold – krevende – relevant .

4.5.5 Dei samiske vidaregåande skulane

Hausten 2001 oppnemnde Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet eit arbeidsutval som skulle vurdere kva for tilknytingsform dei to samiske vidaregåande skulane skulle ha. Mandatet ga også i oppdrag å omtale situasjonen i dag, vurdere alternative tilknytingsformer og samarbeidslinjer knytte til alternativa og å vurdere økonomiske og administrative konsekvensar.

Gruppa overleverte rapporten i august 2002. Desse tilknytingsformene er vurdert:

  • Framleis tilknyting til Utdannings- og forskingsdepartementet

  • Tilknyting til Finnmark fylkeskommune

  • Økonomisk og politisk styring gjennom Sametinget

Arbeidsgruppa tilrår at dei to samiske vidaregåande skulane i Karasjok og Kautokeino blir knytt til Sametinget. Saka er no til behandling i Utdannings- og forskingsdepartementet.

4.6 Miljø- og kulturminnevern

Sametinget har frå 17. januar 2001 fått fullmakt etter kulturminnelova og ansvar og oppgåver på kulturminneområdet som svarar til det som tidlegare låg under Samisk kulturminneråd. Det geografiske ansvarsområdet strekkjer seg frå Hedmark i sør til Finnmark i nord. Ordninga er gjord mellombels og skal evaluerast i 2002–2003.

4.7 Samisk kultur

4.7.1 Museumsverksemd

Frå og med statsbudsjettet 2002 er løyvingar til ulike samiske kulturformål gitt under ein post som ei samla løyving. Forvaltningsansvaret for mellom anna De Samiske Samlinger og samiske museum på tilskotsordninga for museum er overført til Sametinget. Ved De Samiske Samlinger i Karasjok er det planar om å etablere ei ny biletkunstavdeling. I investeringsplanen til Kultur- og kyrkjedepartementet for kulturbygg er det lagt opp til å gi tilskot til å realisere planane etter 2005. Statlege oppgåver knytte til samisk kunstutdanning er eit ansvarsområde som ligg under Utdannings- og forskingsdepartementet.

4.7.2 Film

Punkt 2.2.7 i årsmeldinga frå Sametinget omhandlar prosjektet om filmatisering av Kautokeino-opprøret i 1852, oppbygging av ein filmby i Kautokeino og eventuelle statlege løyvingar til dette prosjektet. Denne saka vart fremma som eit Dok. 8-framlegg. Stortinget handsama saka i innst. s.nr. 196 (2001–2002): «Flertallet i komiteen kan, i likhet med Kultur- og kirkedepartementet, ikke tilrå at dette prosjektet prioriteres foran samiske kulturbygg som er omtalt i investeringsplanen.»

4.8 Samiske næringar

Under omtalen av samiske næringar (kap. 2.2.7.2) framhevar Sametinget behovet for å verne om beiteområda for reindrifta. Gjennom den kommunale arealplanlegginga – kommuneplan, reguleringsplan og utbyggingsplan – har kommunane eit ansvar for å ta omsyn til dei særskilde behova for nødvendige areal som reindrifta har, alt tidleg i planprosessane. Når det gjeld samarbeidet mellom reindrifta og kommunane, viser vi til St.meld. nr. 33 (2001–2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 55 (2000–2001) Om samepolitikken , kap. 14.2.3. Innvendingsinstituttet i plan- og bygningslova verkar som ein tryggingsventil dersom ansvarlege statlege styresmakter meiner at kommunane ikkje har teke nok omsyn til viktige regionale og nasjonale interesser i nye arealplanar. Når det gjeld reindrifta, er det områdestyra som skal kome med innvendingar på vegner av reindriftsinteressene. Vi veit at mange arealkonfliktar som er knytte til ønskjeleg utbygging, blir løyste gjennom den kommunale planprosessen, mellom anna på grunn av medverknad frå reindrifta. Dersom sakene ikkje blir løyste lokalt, blir dei lagde fram for Miljøverndepartementet, som avgjer om reguleringsplanen skal bli stadfesta. I desse sakene gir Landbruksdepartementet, som overordna organ for reindrifta, sine faglege råd til Miljøverndepartementet.

Reindriftsnæringa er i mange distrikt svært utsett for tap, mellom anna på grunn av rovvilt. For å motverke rovdyrtap og andre tapsårsaker har miljøvernforvaltninga, reindriftsforvaltninga og representantar for reindrifta auka samarbeidet seg imellom for å effektivisere gjennomføring av fellingsløyve, tiltak for å motverke rovvilttap, gjennomgang av driftstilhøve i tapsutsette område. Rovviltrådet for reindrifta er grunnlagt for dette samarbeidet.

Regjeringa ser det som viktig at det blir sett i verk tiltak som reduserer rovdyrtapa, og at reindriftsareala blir sikra. I tillegg til problem med tap av rein på grunn av rovvilt, kan inngrep i beiteområda og eit høgt reintal føre til for stor belastning i dei områda som er att.

Regjeringa tek sikte på å dra nytte av den kompetansen som er i reindriftsnæringa, i forvaltninga av næringa. Reindrifta står framfor store utfordringar. Eit trekk ved delar av reindriftsnæringa er ein svak økonomi og ei omsetning av råvarer som ikkje er foredla. Regjeringa meiner at verdiskapingsprogrammet for reindrift er eit viktig tiltak for å sikre ei positiv økonomisk utvikling i næringa.

Det skal også utarbeidast ei ny stortingsmelding om rovviltforvaltninga i 2003. Rovviltrådet for reindrifta er i 2002 invitert til å vurdere fleire relevante sider av arbeidet med meldinga og kome med synspunkt alt før meldingsarbeidet er i gang. På liknande måte har vi òg eit samarbeidsforum for sauenæringa for å få innspel til meldingsarbeidet.

4.9 Fiskerispørsmål

Sametinget seier i årsmeldinga si at det generelt har vore vanskeleg å få gjennomslag i Reguleringsrådet for Sametinget sitt syn på reguleringane. Reguleringsrådet avløyser ein ordinær høyringsprosess og fungerer som eit rådgivande organ for Fiskeridepartementet. Reguleringsrådet gir råd om korleis dei norske kvotane skal fordelast mellom norske fiskarar, og om korleis fisket skal drivast. Fiskeridirektoratet førebur møtet i Reguleringsrådet og kjem med framlegg til råd. Framlegga blir diskuterte i Reguleringsrådet, og Reguleringsrådet kjem etter røysting mellom medlemmene med ei tilråding til Fiskeridepartementet. Rådet har elleve medlemmer, og Sametinget er representert med ein medlem.

Sametinget viser i årsmeldinga si til at oppdrett på andre marine artar som skjel, torsk osv. vil bandleggje sjøareal. Samstundes blir det vist til at oppdrettsnæringa under visse forhold kan bli eit viktig supplement for styrking av det materielle grunnlaget for vidare samfunns- og næringsutvikling i samiske område. Fiskeridepartementet held for tida på med eit prosjekt for å kartleggje alle typar konfliktar ved bruk av areal i kystsona. Denne kartlegginga går inn i grunnlaget for Fiskeridepartementet sitt vidare arbeid med arealbruk i kystsona. I denne samanhengen kan det vere naturleg å vurdere forholdet til samiske rettar.

4.10 Planlovutvalet

Sametinget strekar under ein del forhold som det særleg vart lagt vekt på i høyringsfråsegna til den første delinnstillinga frå Planlovutvalet. Sametinget ønskjer endring av formålsreglane i lova og i reglane om konsekvensanalysar, og er skeptisk til ei eventuell endring i rettsverknaden av fylkesplanen. På same måten uttrykkjer Sametinget uro over at sluttføringa av innvendingssaker kan leggjast til fylkeskommunen. Når det gjeld fylkesplanlegging og innvendingsordning etter plan- og bygningslova, er dei nemnde problemstillingane i ettertid også drøfta i St.meld. nr. 19 (2001–2002) Nye oppgåver for lokaldemokratiet – regionalt og lokalt nivå . Planlovutvalet presenterer dei endelege tilrådingane sine i neste delinnstilling, som skal liggje føre i desember 2002. Regjeringa har merka seg synsmåtane til Sametinget og vil ta omsyn til dei når desse problemstillingane seinare blir handsama.

4.11 Sametinget sitt internasjonale engasjement på miljøområdet

Sametinget vurderer i årsmeldinga si (kap. 2.3.10) arbeidet med artikkel 8j under konvensjonen om biologisk mangfald som viktig, og er med i den norske delegasjonen i internasjonale forhandlingar om dette temaet. Det vart ikkje halde eigne møte i 2001 der urfolket stod på saklista, verken møte i arbeidsgruppa for 8j eller partsmøte. Derimot vart det halde møte i 2002 der Sametinget var representert. Miljøverndepartementet seier seg lei for at Sametinget ikkje fann det mogleg å kommentere nasjonalrapporten for oppfølging av konvensjonen våren 2001, men reknar med at Sametinget har synspunkt til seinare innspel frå Noreg til konvensjonen. Når det gjeld den nasjonale oppfølginga gjennom St.meld. nr. 42 (2000–2001) Om biologisk mangfald, har 14 departement laga fleire kapittel. Sametinget har eit eige innlegg som er gitt i vedlegg. Det markerer synspunkta deira, og at dei ikkje er instruerte av regjeringa.

4.12 Hálkavarre skytefelt

I årsmeldinga (kap. 2.2.1.2) tek Sametinget opp aktivitetane til Forsvaret i skytefeltet Hálkavarre. Som kjent har Forsvarsbygg dei siste åra forhandla med partane og rettshavarane med sikte på å inngå nye avtalar for framtidig bruk av eksisterande skyte- og øvingsfelt i Porsanger.

Som grunnlag for dette arbeidet utarbeidde Forsvarets overkommando tidleg i 2002 ein behovs- og funksjonsanalyse som m.a. gjorde greie for framtidig bruk av eksisterande felt, for bombing frå fly i større høgd enn tidlegare og for bruk av sjømissil.

Dette er planar som Forsvarsbygg tidlegare har presentert og utdjupa i møte og i media.

Behovs- og funksjonsanalysen til Forsvarets overkommando er framleis til vurdering og handsaming i Forsvarsdepartementet. I korte trekk er status i saka slik:

  1. Det er eit mål snarast mogleg å få forhandla fram ein ny avtale for eksisterande felt, det gjeld også status for eit mindre område som inkluderer vegen inn i feltområdet.

  2. Det er ikkje aktuell politikk å nytte feltet for øvingar med missil skotne frå marinefartøy.

  3. Det er framleis aktuelt å etablere ny tryggleikssone utanom/rundt eksisterande skytefelt for å øve bombing frå stor høgd, men det blir ikkje prioritert no.

Som grunnlag for dette arbeidet er Forsvarets overkommando beden om å detaljere og kvalitetssikre den aktiviteten det er ønskjeleg å utøve innanfor eksisterande felt i framtida. Denne utgreiinga er venta å vere klar tidleg på hausten.

Så snart forhandlingsgrunnlaget er endeleg avklart og forankra på militærfagleg hald, får Forsvarsbygg i oppdrag å vidareføre forhandlingane med dei partane og rettshavarane det gjeld.

4.13 Snøhvit-utbygginga

Sametinget tek opp spørsmålet om utbygging av Snøhvit-feltet utanfor kysten av Finnmark og forholdet til samiske interesser. Sametinget legg til grunn at «de konsekvensutredninger som Stortinget har vedtatt skal gjennomføres for helårlig petroleumsvirksomhet i de nordlige havområder, må ses både i et samisk og regionalt/nasjonalt samfunnsperspektiv, i tillegg til miljøperspektiv. De planlagte konsekvensutredningene må derfor også omfatte grundige utredninger om konsekvensene for samisk samfunn og samisk kultur».

Før Olje- og energidepartementet fastset programmet for konsekvensanalysen, har departementet gitt Sametinget høve til å kome med synspunkt på programmet, både som høyringsinstans og ved at departementet inviterte Sametinget til møte om saka. Olje- og energidepartementet legg til grunn at konsekvensanalysen vil dekkje dei behova for utgreiing som Sametinget har peikt på.

Sametinget seier at «disse konsekvensutredningene vil kunne danne grunnlag for et reelt samarbeid mellom regjeringen og Sametinget om den framtidige petroleumsvirksomheten i samiske ressursområder». Og at «et slikt samarbeid må innebære forhandlinger basert på samenes rett til selvbestemmelse». Olje- og energidepartementet peiker på at staten har eigedomsretten til undersjøiske petroleumsførekomstar og eksklusiv rett til ressursforvaltninga. Dette er stadfesta i petroleumslova § 1–1 og har folkerettsleg grunnlag. Etter petroleumslova § 1–2 skal ressursforvaltninga utøvast av Kongen i samsvar med reglane i petroleumslova og vedtak frå Stortinget. Denne fullmakta er i stor grad delegert til Olje- og energidepartementet. Det går fram av petroleumslova § 1–2 at petroleumsressursane skal forvaltast i eit langsiktig perspektiv, slik at dei kjem heile samfunnet til gode.

I årsmeldinga legg Sametinget til grunn at «Snøhvit-utbyggingen vil kunne ha store ringvirkninger for samiske områder. Så lenge det ikke gis målrettede tiltak mot samiske samfunn, vil imidlertid ringvirkningene i stor grad være negative ved utarming av tradisjonelle samiske næringer som jordbruk, fiske, reindrift, duodji og utmarkshøsting». Sametinget meiner ein kan møte dette med «egne økonomiske ordninger eller overføringer for styrking og utvikling av samisk språk og kultur i regionen. Det vil også være mulig å konkretisere særskilte samiske programmer og tiltak i regionen innenfor tema som språk, kulturhistorie (museum), duodji, fiskeri, landbruk, reindrift og infrastruktur». Sametingsrådet har tidlegare overfor Olje- og energidepartementet gitt uttrykk for uro over negative ringverknader av Snøhvit-prosjektet. Olje- og energidepartementet har invitert Sametingsrådet til å utdjupe og konkretisere dei samanhengane dei ser mellom Snøhvit-utbygginga og ringverknadene for samiske interesser.

4.14 Urfolksrettar og etableringa av FNs permanente forum for urfolkssaker

I punkt 2.2.10 i årsmeldinga gir Sametinget uttrykk for at ein «forventer at den norske stat bidrar til at en erklæring om urbefolkningsrettigheter blir vedtatt innen utgangen av urbefolkningstiåret som avsluttes i 2004».

Noreg har vore med frå starten av i forhandlingane om ei FN-fråsegn om urfolksrettar, med ein delegasjon sett saman av representantar for Utanriksdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Sametinget. Arbeidet med fråsegna har hatt liten framgang, og fleire spørsmål står att før ho kan vedtakast. Regjeringa vil ta aktivt del i det vidare arbeidet for å få sluttført forhandlingane innan utgangen av urfolkstiåret (2004), og vil arbeide for at fråsegna kan vere med på å styrkje vernet av urfolka i verda. I den samanhengen vil regjeringa halde nær kontakt med andre statar med sikte på å få betre framdrift i arbeidet med fråsegna. Vi viser elles til punkt 16.2.1 i St.meld. nr. 55 (2000–2001) Om samepolitikken .

Regjeringa har vore aktivt med i arbeidet for å etablere FNs permanente forum for urfolkssaker. Den første sesjonen til forumet vart halden frå 13. til 24. mai 2002 og må karakteriserast som ein vellykka start for forumet. Tidlegare sametingspresident Ole Henrik Magga vart vald til formann. Regjeringa vil aktivt støtte arbeidet i Permanent forum, medrekna arbeidet med å etablere ei sekretariatseining for forumet i tilknyting til sekretariatet for FNs økonomiske og sosiale råd i New York. Vidare vil regjeringa arbeide aktivt for at Permanent forum skal finansierast over det ordinære FN-budsjettet.

4.15 Samefolkets fond – tapt skulegang

Vi viser til årsmeldinga frå Sametinget, punkt 2.4.3, der Sametinget omtaler Samefolkets fond. Denne saka vart også handsama av Sametinget samstundes med handsaminga av årsmeldinga. Saka er derfor ikkje teken med i årsmeldinga. Regjeringa finn det likevel nødvendig å ta opp saka i denne stortingsmeldinga.

Tapt skulegang under den andre verdskrigen – søknader om rettferdsvederlag

Under den andre verdskrigen vart mange skular i Finnmark og Nord-Troms okkuperte av tyskarane, med den følgja at undervisninga stansa heilt under store delar av krigen. Fordi mange skular vart brende då tyskarane drog seg attende, var skulesituasjonen vanskeleg også i etterkrigstida.

Den manglande skulegangen, kombinert med fornorskingspolitikken på den tida, førte til at mange samiske og kvenske barn ikkje lærte å lese og skrive og har levd som analfabetar heile livet. Mange av dei skadelidne har dei siste ti åra søkt staten om rettferdsvederlag.

I 1990 søkte Foreningen for tapt skolegang under siste verdenskrig (TSSV) frå Karasjok og Foreningen for utdanningsskadelidte under den andre verdenskrig (USKAV) frå Kautokeino kollektivt om rettferdsvederlag på grunn av tapt skulegang under andre verdskrigen. Rettferdsvederlagsutvalet fann å ikkje kunne tilrå at det vart løyvd rettferdsvederlag til dei 423 søkjarane på kollektivt grunnlag. Utvalet såg likevel ikkje bort frå at somme av søkjarane kunne ha krav på vederlag ut frå situasjonen sin som følgje av manglande skulegang under krigen.

Søknadene om rettferdsvederlag vart avslått av Stortinget under handsaminga av tilrådinga frå Rettferdsvederlagsutvalet i desember 1991. Stortinget bad likevel om ei utgreiing frå regjeringa. Regjeringa oppnemnde ei arbeidsgruppe som kom med tre ulike framlegg til løysingar: eiga pensjonsordning utanfor folketrygda, eingongskompensasjon eller tilbod om utdanning med økonomisk stønad. Regjeringa gjorde greie for saka i St.meld. nr. 42 (1994–1995) Om Sametingets virksomhet i 1994. Kommunal- og arbeidsdepartementet fann ikkje grunnlag for å kunne følgje framlegga om eingongskompensasjon eller eit særskilt pensjonstilbod. Grunnen var at departementet meinte slike løysingar ikkje kunne forsvarast som rimelege overfor andre grupper i ein tilsvarande situasjon utan at det stod fram som uheldig forskjellsbehandling. Fleirtalet i Kommunalkomiteen tok dette til etterretning. Det vart likevel lagt fram eit tilbod om utdanning/kurs med økonomisk stønad. Elleve personar har nytta seg av det.

Sidan 1996 er det kome inn om lag 300 individuelle søknader om rettferdsvederlag på bakgrunn av situasjonen under krigen (skular vart stengde, tyskarane tok skulane og internata osv.) og fornorskingspolitikken. Alle dei individuelle søknadene er handsama og tilrådd avslått, då ein har meint at dei byggjer på prinsipielt dei same premissane som ligg til grunn for Stortingets kollektive avslag . Avslaga er blitt påklaga, og fremma for Stortinget gjennom fleire stortingsproposisjonar, siste gongen 15. januar 2002 (adgangen til å klage til Stortinget er no oppheva). I klagene blei kravet om erstatning for tapt skulegang som følgje av krigen frafalt, og det var såleis fornorskingspolitikken som var grunnlaget for rettferdsvederlag. Alle klagene er blitt avslått av Stortinget.

Som grunngiving for avslaga har Utvalet for Rettferdsvederlag vist til praksis om at verken tap på grunn av krigen eller fornorskingspolitikken gir rett til rettferdsvederlag. I Innst. S. nr. 74 (2001–2002) viste Stortinget i tillegg til at Stortinget gjennom etableringa av Samefolkets fond har teke eit oppgjer med fornorskingspolitikken, slik at vurderinga i den enkelte sak har teke utgangspunkt i dette.

Samefolkets fond

Stortinget vedtok 16. juni 2000 å løyve 75 millionar kroner til Samefolkets fond i tilknyting til handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2000. Om formålet for fondet uttalte fleirtalet i Finanskomiteen at avkastninga frå fondet skal gå til ymse tiltak som kan styrkje samisk språk og kultur. Stortingsvedtaket omtaler etableringa av fondet som eit kollektivt vederlag for dei skadane og den uretten fornorskingspolitikken har valda det samiske folket.

Stortingsfleirtalet slutta seg til framlegget frå regjeringa om at avkastninga frå fondet ikkje skal brukast til individuelle vederlag, jf. Innst. S. nr. 5 (2001–2002).

Handsaminga av Samefolkets fond i Sametinget

Utkastet til vedtekter for fondet vart handsama under plenumssamlinga i Sametinget torsdag 30. mai 2002. Sametinget vedtok å ta imot Samefolkets fond som eit første ledd i forsoninga og fornyinga av forholdet mellom staten og samane, mellom anna under føresetnad av at

  • staten i samarbeid med Sametinget set i verk arbeid for å utvikle nye samarbeidsformer og tiltak overfor samane

  • regjeringa set i gang eit arbeid for å løyse saka for dei utdanningsskadelidne etter andre verdskrigen

Fleirtalet i Sametinget ønskte ikkje at avkastninga frå fondet skulle gå til individuelle vederlag.

Regjeringa vil sjå nærare på saka og vurdere på kva måte det er mogleg og ønskjeleg å følgje vedtaket i Sametinget.

Til forsida