St.meld. nr. 14 (1998-99)

Om verksemda til Den Norske Stats Husbank 1996-97

Til innhaldsliste

3 Nærmare om utviklingstrekk i verksemda til Husbanken

Husbanken er statens sentrale gjennomføringsorgan i bustadpolitikken. Banken forvaltar låne- og tilskotsordningar og fordeler bustønad.

Husbanken gir lån og tilskot til bustadbygging, byfornying, bustadetablering, omsorgsbustader, sjukeheimar, barnehagar m m og fordeler bustønad for at husstandane skal klare buutgiftene. Desse verkemidla nyttar Husbanken for å nå fylgjande bustadpolitiske hovudmål:

  1. Butryggleik.

  2. Gode bustader, god byggkvalitet og godt bumiljø.

  3. God bustadfordeling.

  4. God bustaddekning og ein godt fungerande bustad- og byggjemarknad.

Tabell 3.1 viser dei viktigaste verkemidla til Husbanken i forhold til dei nemnde bustadpolitiske måla.

Tabell 3.1 Husbankens verkemiddel i forhold til dei bustadpolitiske måla 1995-1997.

199519961997
God bustaddekning
Oppføringslån, talet på bustader11 8647 6128 508
Bustader med oppføringslån. Gj.snittleg storleik, kvm104109113
Lån til omsorgsbustader og sjukeheimar, talet på bueiningar2 4502 0031 610
Tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar, talet på bueiningar2 4502 9492 461
God bustadfordeling
Etableringslån, talet på bustader8 9807 4127 655
Bustadtilskot til etablering og utleige, talet på bustader2 9073 7043 013
Kjøpslån, talet på bustader9357201 299
Bustønad, talet på mottakarhushald63 96066 17297 221
Butilskot, talet på mottakarhushald168 48770 827
Tiltak for betra bustad- og bumiljøkvalitet
Oppføringslån, bustader med tilleggskvalitetar7 9745 3475 934
Tilskot til bustadkvalitet, talet på bustader23 3494 147
Utbetringslån, talet på bustader8 7958 0918 892
Utbetringstilskot, talet på bustader8 9157 1976 432
Lån til barnehagar og skolefritidsordning, talet på plassar3 8742 3032 091
Tilskot til utvikling av bumiljø m m, talet på prosjekt451514615

1 F o m 1997 er butilskotet samordna med bustøtta.

2 Ordninga vart innført i 1996.

Kjelde: Kjelde: Husbankens årsmelding i 1995, 1996 og 1997.

Delar av Husbankens låne- og tilskotstilbod er behovsprøvd. Dette gjeld Husbankens etableringslån, utbetringslån, kjøpslån og bustadtilskot. Desse midlane blir retta mot husstandar som på eiga hand har vanskar med å skaffe seg høveleg bustad til ein akseptabel kostnad. Husbanken sine behovsprøvde ordningar har fått større vekt gjennom fleire år, men framleis speler dei ikkje-behovsprøvde låna i Husbanken ei viktig rolle for å nå dei bustadpolitiske måla. Stortinget vedtok i 1995 ei omlegging av Husbankens rentevilkår og subsidieprofil frå 1996, jf pkt 3.1.

Husbanken forvaltar viktige verkemiddel som skal stimulere til bygging av omsorgsbustader for eldre og funksjonshemma og verkemiddel som skal betre bustad- og miljøkvalitetar i eksisterande bustadområde, særleg i byar og tettbygde strok. Hovudtal frå Husbanken si verksemd er vist i tabell 3.1.

3.1 Omlegging av Husbankens verkemiddel

I samsvar med forslag i St meld nr 34 (1994-95) Om Husbankens rentevilkår og subsidieprofil, blei Husbankens rentevilkår og tilskotsordningar lagt om frå 1996. Dei viktigaste elementa i omlegginga kan oppsummerast slik:

  • Nye, meir marknadstilknytte prinsipp blei lagde til grunn for å fastsetje Husbankens renter. Alle lån i Husbanken blir gitt med flytande rente eller med fast rente med fem års bindingstid. Rentesatsen blir fastsett ut frå renta på statspapir tillagt ein rentemargin på 0,5 prosentpoeng. Det blir ikkje lenger løyvt rentestønad over statsbudsjettet til nye lån frå Husbanken.

  • Det blei etablert ei ny, utvida bustadtilskotsordning til prioriterte grupper, der kommunane har fått ei utvida rolle.

  • Direkte statleg innsats for å fornye bustadområde. Det blei etablert ei ny tilskotsordning som skal fremje god bustad- og bumiljøkvalitet.

Dei nye prinsippa for å fastsetje renta tok for nye lån til å gjelde frå 1. januar 1996. Lån med tilsegn før dette tidspunktet gjekk over til det nye rentesystemet frå 1. juli same året. For lån på særvilkår og utleigelån med låg rente, blei det innført ei overgangsordning, slik at den tidlegare rentefordelen skulle haldast ved lag. For nærmare omtale viser ein til pkt 6.1.

3.2 Bruk av utlånsrammer og tilskotsløyvingar

Tildelinga av utlånsrammer (rammer for tilsegn om lån) blei forenkla i 1996, jf St meld nr 1 (1995-96) Nasjonalbudsjettet 1996. Husbanken fekk ei delramme til oppføringslån og ei ramme til andre låneføremål som utbetringslån, etableringslån og kjøpslån. Rammestyringa blei endå meir forenkla frå 1997 ved at Husbanken fekk ei utlånsramme. Dette gjer økonomistyringa enklare og långjevinga meir fleksibel. Med ei utlånsramme kan midlane til kvar tid lettare kanaliserast dit behovet er størst og der det er mest å oppnå.

Den disponible utlånsramma for 1996 utgjorde 9,4 mrd kroner, fordelt med høvesvis 5,3 mrd kroner til oppføringslån og 4,1 mrd kroner til etablerings- og utbetringslån. Dette var ein reduksjon på ein mrd kroner i høve til året før. Ramma til generelle oppføringslån blei redusert, mens ramma til andre lån auka. Om lag 82 prosent av dei totale utlånsmidlane i 1996 blei brukte. Utlånsramma til oppføringslån blei brukt fullt ut. At dei andre utlånsmidlane ikkje har blitt nytta fullt ut, kjem både av låg aktivitet innanfor den tradisjonelle byfornyinga og relativt lågt forbruk av etableringslån i kommunane. Sjølv med låge renter og stigande bustadprisar vurderte kommunane tapsrisikoen som stor. I 1997 hadde Husbanken ei disponibel utlånsramme på 8,7 mrd kroner, og denne blei utnytta fullt ut. Som følgje av auka lånetterspørsel var det mot slutten av året nødvendig å innføre prioritering av søknader om oppføringslån.

Ramma for bustadtilskot auka fordi subsidieprofilen blei lagt om (jf St meld nr 34 (1994-95), frå 382 mill kroner i 1995 til 516 mill kroner i 1996. Total disponibel tilskotsløyving, inklusive bustønad, utgjorde 2,7 mrd kroner og blei nytta som føresett. Unntaket var løyvinga av tilskot til å byggje omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, der det blei disponert ca 70 mill kroner mindre enn løyvt. For å stimulere kommunane til å auke tilbodet av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, blei tilskotssatsane med verknad frå 1. januar 1997 auka frå 100 000 til 175 000 per omsorgsbustad, og frå 150 000 til 375 000 kroner per sjukeheimsplass, jf Stortingets behandling av St meld nr 50 (1996- 97) Handlingsplan for eldreomsorga og Innst S nr 294 (1996-97) våren 1997. Denne tilskotsordninga var ved sidan av bustøtta det største satsingsområdet i 1997. Forbruket av tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar blei meir enn fordobla i høve til 1996. For tilskotsordningane sett under eitt auka forbruket med nærmare 150 mill kroner.

3.3 God bustaddekning - bustader til eldre og nye bustader

Som i dei to føregående åra blei 1996 og 1997 merkt av ei sterk satsing på bustader for eldre. Tilskots- og låneordningane for omsorgsbustader og sjukeheimar skal stimulere kommunane til å opprette nye bustader tilrettelagde for heildøgns pleie og omsorg (omsorgsbustader) og sjukeheimsplassar. Til ordningane har Husbanken utarbeidd kostnadsnormer og retningslinjer for den fysiske utforminga av bustadene og sjukeheimsplassane.

3.3.1 Omsorgsbustader og sjukeheimsplassar

Husbanken løyvde i 1996 tilskot til nær 3 000 bueiningar - fordelt med vel 1 930 omsorgsbustader og drygt 1 000 sjukeheimsplassar, som er ein auke på 500 bueiningar i forhold til året før ( jf tabell 3.1). Trass i sterk auke i tilskotsramma i 1997, blei talet på løyvde tilskot redusert i forhold til 1996 og enda på 1995-nivå. Dette kjem både av dei auka tilskotsatsane og at prosjekt som hadde fått tilsegn i tidlegare år, men som ikkje var ferdigstilte før 1.1.1997, fekk etterbetalt tilskot etter nye satsar. Etterbetalingane utgjorde i alt 221 mill kroner av ei totalramme på 638 mill kroner.

Tabell 3.2 syner storleiken på anleggskostnader og gjennomsnittleg tilskot per omsorgsbustad/sjukeheimsplass som blei ferdigstilte i 1996 og 1997.

Tabell 3.2 Gjennomsnittleg tilskot per omsorgsbustad og sjukeheimsplass (1 000 kr) 1996 og 1997.

19961997
Anleggs- kostnaderTilskotAnleggs- kostnaderTilskot
Omsorgsbustad74899750145
Sjukeheimsplass828118928309
Omgjering til eisengsrom1826410688

1 Ordninga med omgjering av fleirsengsrom til eisengsrom i sjukeheimar er avvikla frå 1.1.1998.

Både for omsorgsbustadene og sjukeheimsplassane utgjorde oppstartingstilskotet i 1997 ein større del av anleggskostnadene enn året før.

Kvaliteten på kommunane sitt butilbod til eldre og andre pleietrengjande vil mellom anna avhenge av korleis arealet er utnytta i forhold til felles areal og privatareal. Eit av oppfølgingskriteria for oppstartingstilskotet er knytt til delen av alle sjukeheimsrom som oppfyller Husbanken si kvalitetsnorm. Denne føreset at privatarealet er på minimum 24 kvm. Av sjukeheimsromma som fekk tilsegn om tilskot i 1997 var det om lag 60 prosent som oppfylde denne kvalitetsnorma.

I 1997 blei det gitt tilsegn om lån til 1 610 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Det var dermed 65 prosent av bustadene som har fått tilsegn om tilskot som også blir lånefinansiert i Husbanken. Om lag halvparten av låna blei gitt til kommunar og om lag ein tredel til burettslag og stiftingar.

3.3.2 Nye bustader

I 1997 blei det påbyrja om lag 21 250 bustader. I same tidsrommet har Husbanken gitt tilsegn om oppføringslån til 8 500 nye bustader og tilsegn om oppstartingstilskot til 1 600 omsorgsbustader. Dermed var det om lag 48 prosent av alle påbyrja bustader i 1997 som oppfylte Husbanken sine kostnads- og kvalitetskrav. Den tilsvarande delen i 1996 var 51 prosent. Låneutmålinga i Husbanken auka i 1997, og utgjorde i gjennomsnitt 67 pst av anleggskostnadene mot 64 pst i 1996. Husbankens oppføringslån er nærmare omtalt i kap 6.

3.4 God bustadfordeling - bustader til vanskelegstilte

Husbanken bidrar til at også husstandar med svak økonomi skal kunne skaffe seg ein god bustad. Dette gjeld også unge i etableringsfasen som har problem med å skaffe kreditt til overkomelege vilkår. For dei vil etableringslån frå kommunane vere det mest høvelege verkemiddelet til å skaffe seg eigen bustad. For dei mest vanskelegstilte husstandane vil bruk av bustadtilskot frå Husbanken til finansiering av utleigebustader ofte vere mest føremålstenleg.

3.4.1 Bustadtilskot

Bustadtilskotet er det sentrale verkemiddelet ved etablering av bustad til husstandar med svak økonomi.

Frå 1996 kunne dei kommunane som ønskte det, få tildelt eiga ramme til bustadtilskot til etablering, og sjølve ha ansvaret for tildeling av tilskot til personlege søkjarar. Tilskot til utleigebustader blir berre gitt direkte frå Husbanken.

Bustadtilskot til etablering i ny bustad blei i 1996 gitt til i alt vel 3 700 vanskelegstilte husstandar. I underkant av 200 mill kroner blei brukte til etablering av om lag 1 430 nye utleigebustader, som var snautt 40 prosent av bustadene som fekk bustadtilskot i 1996. Drygt 3 000 husstandar fekk tilskot i 1997. At færre fekk tilskot i 1997, har samanheng med lågare tilskotsramme. Sjå nærmare omtale av bustadtilskotet i kap 4.

3.4.2 Etableringslån

Den meir tradisjonelle oppgåva til kommunane med tildeling av etableringslån blei vidareført i 1996 og 1997. Ordninga skal sikre eit tilbod om rimeleg finansiering til husstandar som anten må betale høg rente eller har vanskeleg for å få lån på den private kredittmarknaden. Den primære målgruppa er husstandar i etableringsfasen, både unge, barnefamiliar, funksjonshemma og andre grupper som kommunen prioriterer. Låna blir nytta til topp- og tilleggsfinansiering ved kjøp av brukte og oppføring av nye bustader.

Drygt 7 400 husstandar, eller 17 prosent færre enn året før, fekk tildelt etableringslån i 1996. Ei årsak var at stigande bustadprisar kravde høgare låneutmåling. Dessutan vil tildelingspraksisen i kommunane kunne variere. I nokre kommunar vil husstandar som søkjer om etableringslån kunne risikere å falle mellom to stolar, anten at dei har for låg inntekt til å betene lånet, eller at inntekta er for høg til at dei fell inn under målgruppa for etableringslån. Kommunane balanserer tildelinga av etableringslån mellom det å halde ein sosial profil og samtidig ikkje ta for stor risiko. Etter ei vurdering av betalingsevne ser avslagsgrunnane som kommunane oppgir fornuftige ut, ut frå risikoaspektet.

Kommunane har lånt eit lågare beløp av Husbanken for 1997 enn for 1996, men vidareutlånet har likevel auka fordi kommunane hadde store udisponerte midlar til rådvelde ved byrjinga av året. Dette kjem av fleire forhold, mellom anna at utbetalingane i kommunane fordeler seg jamt utover året, medan Husbanken i hovudsak fordeler midla ein gong i året. Kommunane må derfor ha midlar til den løpande handsaminga av etableringslån. Om Husbanken vurderer at ein kommune har for store udisponerte midlar, får dette konsekvensar for tildeling av etableringslån. I 1997 fekk i alt 7 655 husstandar etableringslån av kommunane, i hovudsak for å kjøpe ein brukt bustad. To av tre husstandar som fekk lån hadde ei årleg inntekt på under 200 000 kroner.

Det er klare variasjonar mellom kommunane når det gjeld kor aktivt låneordninga blir nytta som eit verkemiddel for å skaffe vanskelegstilte ein høveleg bustad. Som eit stimuleringstiltak vedtok regjeringa våren 1997 at kommunane kunne setje av inntil 20 prosent av det tildelte bustadtilskotet til dekning av eventuelle framtidige tap på etableringslån, mot tidlegare 10 prosent. Kommunane har i løpet av 1996 og 1997 bygd opp ca 50 mill kroner i tapsfond.

Den seinare utviklinga kan tyde på at midlane i større grad blir brukte og at tiltaket nemnt ovanfor tek til å verke. Ved utgangen av 1. kvartal 1998 hadde kommunane auka innlånet sitt av etableringslån med 30 prosent i forhold til tilsvarande periode i 1997. Årsaka til auken er at kommunane ser ut til å satse sterkare på dette verkemiddelet. I tillegg har som nemnt den auka oppbygginga av tapsfond via bustadtilskotet vore med på å redusere risikoen for kommunane ved långivinga. Endeleg kan noko av auken kome av Husbanken si ungdomskampanje, som har fokusert nettopp på at ungdommen kan få bustadlån i form av etableringslån gjennom kommunane. Denne kampanjen blei gjennomført i april/mai 1998, i samarbeid med kommunane.

For å undersøkje kor effektivt verkemiddelet blir nytta har Byggforsk gjennomført ei intervjuundersøking i 1995 blant husstandar i Bergen kommune som har fått etableringslån (Byggforsknotat nr 13 1996 Om å måle effekter av boligtiltak). Undersøkinga viste at her fungerte etableringslånet som eit særs målretta verkemiddel. For dei fleste var lånet avgjerande for å kunne skaffe seg og halde på ein fullgod bustad. Alternativet til kjøp eller refinansiering av bustad gjennom kommunalt etableringslån var flytting rundt på den private leigemarknaden.

3.4.3 Kjøpslån

Kjøpslån er ei behovsprøvd grunnfinansieringsordning i forhold til økonomisk situasjon og blir gitt til vanskelegstilte til kjøp av sjølveigd bustad. Dette gjeld rimelege bustader som er tilpassa søkjarens økonomi og spesielle behov for utforming av bustaden. For funksjonshemma som har behov for spesielle bustadløysingar, er det inga økonomisk behovsprøving.

Husstandar som fekk kjøpslån i 1997, hadde ei gjennomsnittleg inntekt på 145 000 kroner, dvs halvparten av total gjennomsnittleg husstandsinntekt. Det var ikkje vesentleg forskjell i inntekta til unge i etableringsfasen og funksjonshemma. Ordninga hadde i 1997 ein kraftig auke i forhold til 1996. Dette hadde samanheng med at det er opna for at unge i etableringsfasen i større grad enn tidlegare kunne nytte tilbodet. Lån til denne gruppa utgjorde 35 prosent av totalen, i forhold til berre to prosent i 1996. Kjøpesum per bustad utgjorde i 1997 i gjennomsnitt 535 000 kroner, mot 459 000 kroner i 1996.

3.4.4 Bustønad

Målet med bustønaden er at alders-, uføre- og attlevande pensjonistar og barnefamiliar skal kunne skaffe seg ein god, føremålstenleg leige- eller eigarbustad og ha høve til å bli buande der. Vidare skal bustønaden jamne ut forskjellar i levekår for pensjonistgrupper som følgje av forskjellar i buutgifter. Regelverket er utforma slik at husstandane med dei lågaste inntektene og største buutgiftene får mest i stønad.

I 1996 blei det utbetalt i alt 1 451 mill kroner til rundt 100 000 husstandar når også butilskotet til pensjonistar er medrekna. Etter samordninga av bustønaden og butilskotet i 1997 blei utbetalinga på 1 295 mill kroner, og talet på husstandar som mottok bustønad låg på same nivå som året før. Det er da korrigert for om lag 30 000 husstandar som er talt dobbelt (dvs dei som fekk av begge ordningane samstundes). I samsvar med det som var venta, førte samanslåinga av dei to ordningane til ei omfordeling av samla stønad. Husstandar som tidlegare hadde motteke stønad frå begge ordningane, fekk reduksjon i samla utbetaling. Reaksjonane på reduksjonen i stønad førte til at regelverket for bustønad blei handsama på nytt av Stortinget i juni 1997, jf St prp nr 80 (1996-97). Det blei da vedteke regelverksendringar for alders-, uføre- og attlevande pensjonistar og ei overgangsordning for dei som tidlegare hadde vore omfatta av tilskotsordninga. I kap 5 er det gitt ein nærmare omtale av bustønaden.

3.5 Tiltak for betre bustad- og bumiljøkvalitet

Generelt er det aukande fokus på kvalitet i bygginga. Koplinga mellom bustadkvalitet og bumiljø er blitt tydelegare i bustadpolitikken. Dette har kome til uttrykk i endringar i Plan- og bygningslova og i stortingsmeldinga om oppfølging av Habitat II - Om miljøhensyn i bolig- og byggesektoren (St meld nr 28 1997-98). Der er identifisert fem overordna satsingsområde: 1. Meir miljøeffektiv arealbruk. 2. Meir miljøvenleg bygging. 3. Resirkulering og attvinning. 4. Fysisk kvalitet i bustaden og buområda. 5. Sosial kvalitet - levekår.

Husbanken skal medverke til at bustader skal ha god kvalitet og vere funksjonelle, og skal stimulere til bruk av god byggjeskikk. Det blir lagt vekt på berekraftig utvikling gjennom miljøvenleg nybygging, god fortetting og utbetring og forvaltning av bustadmassen. Vi skal nå eit betre bumiljø gjennom å sørgje for attraktive fellesareal, grøne lunger, leikeplassar og trygge trafikktilhøve. Med desse tiltaka får ein samtidig betre bukvalitet. Husbanken bruker fleire verkemiddel for å oppnå dette. Det mest sentrale verkemiddelet for å sikre betre kvalitet er «Tilskot til bustadkvalitet», som blei innført i 1996.

3.5.1 Tilskot til bustadkvalitet

Intensjonen med tilskotet er å stimulere til god kvalitet i nye bustader, og til fornying og fortetting av eksisterande bumiljø i bystrok. Tilskot blir først og fremst gitt til bustadtiltak som ikkje i tilsvarande grad ville blitt gjennomført utan Husbanken sin medverknad.

Tilskotet blei i 1997 gitt til om lag 4 150 bustader eller 800 fleire enn i 1996. Godt over halvparten blei gitt til bustader innanfor fornying og fortetting av bumiljø i bystrok. Ordninga er nærmare omtalt under kap 4.

3.5.2 Utbetringstilskot

Utbetringstilskot, i dei seinare åra omtalt som tilskot til tilpassing av bustader, blir gitt til husstandar som på grunn av funksjonshemming eller rørslehemming har behov for spesialtilpassing eller mindre utbetringar av bustaden. Ordninga er behovsprøvd og tilskotet blir tildelt av kommunane etter kriteria dei fastset sjølve. Midlane som er avsette til tiltaket har i perioden 1995-97 lege fast på 80 mill kroner, og talet på tilskot viser ein fallande tendens i 1996 og 1997. Tilskotet blei gitt til drygt 6 400 husstandar i 1997, mens 8 900 og 7 200 husstandar fekk tilskot i høvesvis 1995 og 1996. Ein mogleg grunn til at det er færre mottakarar er at ein har opna for høgare tilskotsutmåling.

Tilskota er gjennomgåande små, over halvparten under 10 000 kroner. Godt over 50 prosent av dei som fekk tilskot i 1996 hadde inntekt under 90 000 kroner. Vel 30 prosent av tilskotsmottakarane var funksjonshemma.

3.5.3 Tilskot til byfornying

Tilskotet til byfornying skal hjelpe til med å fornye bustader og bumiljø i definerte byfornyingsområde, slik at det blir oppnådd akseptable buutgifter og god kvalitet.

Tilskota blir i stor grad gitt mellom anna til felles miljøtiltak som gatetun, leikeplassar, utbetringar av gardsrom og andre felles opphaldsareal. Oslo og Bergen får rammetilskot som blir vidaretildelt til prioriterte programområde i byfornyinga. Årlege løyvingar på 130-140 mill kroner blir i meldingsperioden gitt til dette tiltaket. Ei førebels evaluering viser at tilskotet til byfornying fører til god måloppnåing. Fleire prosjekt blir sette i gang eller framskunda som følgje av tilskotsordninga.

3.5.4 Utbetringslån

Gjennom bruk av utbetringslån skal Husbanken stimulere til fornying av bustader og bumiljø for å fremje god bustad- og miljøkvalitet. Utbetringslån skal også leggje til rette for bustadbasert omsorg og tene sosiale og kulturhistoriske omsyn.

Aktivitetsnivået på utbetringsområdet blei noko redusert i 1996 i forhold til året før. Særleg var aktiviteten låg innanfor den tradisjonelle byfornyinga. Dette kom blant anna av at utbetringsaktiviteten i Oslo var låg i påvente av vedtaket om ein ny kommunestrategi- og handlingsplan for byfornyinga. Dei samla utbetringslåna gjekk endå meir ned i 1997, men utbetringa omfatta likevel om lag 800 fleire bustader. Nærmare 80 prosent av bustadene som fekk utbetringslån i 1997 inngår i ein heilskapleg plan for bustad- og miljøfornyinga, og da først og fremst bustader i burettslag, herunder ordninga med utbetringslån til tett etterkrigsbusetnad, såkalla BOM-lån. Husbanken trur at potensialet for etterspørselen etter slike lån vil vere stort i åra framover. Det har mellom anna byrja å kome inn søknader om lån til utbetring av våtrom i bustadene frå 50- og 60-åra som ein del av den heilskaplege planen.

3.5.5 Tilskot til utvikling av bumiljø m.m.

Tilskotsordninga skal vere med på å auke utviklings- og informasjonsarbeid som gjeld bumiljøspørsmål. Tilskotet skal stimulere til utvikling av gode modellar og metodar for planlegging, bygging og fornying, organisering og forvaltning av bustadområde.

Husbanken har i perioden 1996-97 fått årlege løyvingar på rundt 20 mill kroner til dette tiltaket. I 1997 blei snaue 14 mill kroner nytta til bumiljøutvikling og utvikling av bustadpolitikk og 7 mill kroner blei brukte til tilstandsvurdering av om lag 25 000 bustader. Sistnemnde ordning har medverka til fleire rehabiliteringsoppdrag og dermed auka sysselsetjinga både direkte på byggjeplassane og indirekte gjennom ringverknader for byggjeleverandørane.

3.5.6 Lån til barnehagar og skolefritidsordning

Føremålet med ordninga er å dekke behovet for gode barnehagar og lokale til skolefritidsordninga.

Ein del av Husbankens oppføringslån blir brukte til å finansiere barnehagar. Denne typen lån har hatt ei utflating i dei siste åra. Årsaka er hovudsakleg at Reform 97 er gjennomført. Seksåringane som før gjekk i barnehage fram til sjuårsalderen, har frå hausten 1997 gått inn i 1. klasse i grunnskolen. Frå hausten 1997 var tilbodet på barnehageplassar i fleire kommunar større eller likt talet på søknader om barnehageplass.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 184 500 barn i alderen 0-5 år hadde plass i barnehage ved utgangen av 1997. Dette er ein auke på 16 200 plassar i forhold til 1996. Truleg har drygt halvparten av det totale talet på barnehageplassar vore finansierte av Husbanken. Dekningsgraden totalt, det vil seie barn med pedagogisk tilbod i prosent av alle barn under 6 år, var 51 prosent ved utgangen av 1997. Ser vi bort frå barn under eitt år var dekningsgraden 60 prosent.

3.6 Mishald og tap

Åra 1996 og 1997 var prega av redusert mishald og monaleg lågare tap på Husbanken si utlånsportefølje. I 1996 blei det bokført eit tap på rundt 150 mill kroner, mens tap på utlån og garantiar minka endå meir i 1997, og enda på til saman 90 mill kroner.

Frå og med 1999 ventar likevel Husbanken at tapa igjen vil auke noko. Dette har særleg samanheng med venta tap på stiftingar til utleigeføremål, som fekk lån fram til 1993. Dei låna som blei gitt avdragsfritt og med 10 års rente, tek no til å bli renteberande.

3.7 Forvaltning av tidlegare SIFBO-bustader

Husbanken overtok hausten 1992 etableringslån, garantiar og utleigebustader etter Selskapet for innvandrar- og flyktningebustader (SIFBO). I løpet av ein periode på fem år skulle dei om lag 2 500 bustadene seljast. Berre 54 bustader stod att i Husbankens eige ved utgangen av 1997. Desse bustadene er hefta med ikkje tidsavgrensa leigekontraktar, og verken kommune eller ibuarar har hittil vore interesserte i å kjøpe bustadane. I enkelte tilfelle har også kommunen blitt stoppa i freistnaden på å kjøpe bustader som følgje av vedtektsavgrensingar i burettslag.

Ved utgangen av 1997 var porteføljen av etableringslån 286 mill kroner og garantiane 10 mill kroner, jf tabell 3.3.

Tabell 3.3 Hovudtal SIFBO-bustader (alle tal ved utgangen av året) 1995-1997.

199519961997
Bustader under forvaltning (talet på)1517554
Uteståande etableringslån (talet på)2 7682 3032 457
i mill kr431349286
Tap i mill kr95,16,02,0
Garantiar (talet på)248221125
i mill kr23,821,510,0

Tap på utlån og garantiar har blitt kraftig reduserte og utgjorde i 1997 berre 2 mill kroner. Som følgje av at femårsperioden for avhending av SIFBO-bustadene er avslutta, og tapa er kraftig reduserte, vedtok Stortinget ved handsaminga av budsjettet for 1998 å avvikle det særskilde SIFBO-tapsfondet. I perioden mellom 1992 og 1997 er det bokført tap på til saman nær 525 mill kroner.

3.8 Administrasjon

I 1996 disponerte Husbanken 352,5 stillingsheimlar, jf tabell 3.4. Lønsutgiftene viser totalt same nivå som året før. Forbruket er dermed lågare enn budsjettert. Dette kjem mellom anna av lågare stillingsutnytting og at færre takstar blei haldne.

Tabell 3.4 Nøkkeltal frå Husbankens administrasjon 1995-1997.

199519961997
Heimlar352,5352,5367,5
Forbruk (mill kr)191,1190,8199,1
Løn104,4104,2109,5
Varer og tenester82,482,585,5
Store EDB-innkjøp4,34,14,1

Husbanken la i 1996 ned store ressursar i å tilpasse verksemda til dei endringane i oppgåver og verkemiddel som blei vedtekne med verknad frå 1996. I tillegg er opningstidene blitt utvida og betre tilpassa det behovet som publikum har til tenesteyting. Bankens 50 års-jubileum i 1996 blei markert ved ei rekkje tiltak gjennom heile året. I 1997 har Husbanken sett i gang eit omfattande omorganiseringsprosjekt for å kunne gje betre kundekontakt og service, i tillegg til å effektivisere og tilpasse organisasjonen til endra rammevilkår.

Frå 1. januar 1997 blei den felles EDB-avdelinga med Landbruksbanken avvikla og i alt 15 stillingsheimlar blei overførte til Husbanken. Samarbeidet mellom Husbanken og Landbruksbanken på IT-området held fram, gjennom eit delt ansvar for systemutviklinga. Landbruksbanken kjøper også datatenester frå Husbanken. Det blei oppretta ein eigen IT-seksjon i Husbanken for å kunne stå betre rusta til å møte utfordringane på IT-sida. Men som andre statlege etatar har Husbanken store problem med å behalde kompetente IT-medarbeidarar. Eit større prosjekt for å gjere informasjonen meir tilgjengeleg gjennom såkalla datavarehus må derfor kanskje utsetjast.

Til forsida