St.meld. nr. 14 (1998-99)

Om verksemda til Den Norske Stats Husbank 1996-97

Til innhaldsliste

5 Nærmare om bustønad

Bustønad er eit statleg verkemiddel for å oppnå god bustadfordeling. Føremålet med ordninga er å hjelpe barnefamiliar, alders-, uføre- og etterlattetrygda med låge inntekter og høge buutgifter til å etablere seg eller å bli buande i ein god bustad, i tillegg til å utjamne inntektsforskjellar mellom pensjonistgrupper som følgje av skilnader i buutgifter. Tildelinga av bustønad er behovsprøvt. Det vil seie at det blir stilt krav til husstanden og den samla inntekta til husstanden. Rimeleg buutgift, som bustønadsøkjar sjølv må dekkje, blir rekna ut på grunnlag av den samla inntekta til husstanden. Det er utarbeidd eit system for å leggje verkeleg bruttoinntekt til grunn ved første behandlinga av søknaden. Denne blir samanlikna med siste tilgjengelege likning. Dei godkjende buutgiftene vil så langt mogleg vere dei søkjaren faktisk har. Bustønaden blir utrekna til 70 pst av skilnaden mellom godkjende buutgifter og rimeleg buutgift for bustaden. Det er ei øvre og ei nedre grense for buutgifter som gir grunnlag for bustønad ut frå storleiken på husstanden i tillegg til minste utbetalte beløp. Bustønaden er skattefri etter skattelova.

5.1 Hovedtal for bustønad

Totalt blei det utbetalt 809 mill kroner i bustønad i 1996 og 1247 mill kroner i 1997. Auken kjem av samordninga for butilskot gitt over Sosial- og helsedepartementets budsjett og bustønadsordning gitt over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett, sjå avsnitt 5.2.1. Tal på mottakarar var i 1996 på 65 000 og i 1997 på 96 000.

I overkant av 50 pst av mottakarane bur i leigd bustad, mens 22 pst eigde eigen bustad i 1997 mot 17 pst i 1996. Gjennomsnittsinntekta for bustønadsmotakarane var på 56 000 kroner per mnd i 1996 og 60 000 kroner per mnd i 1997. I gjennomsnitt utgjorde godkjende buutgifter 54 pst av inntekta i 1996 og 49 pst i 1997. Etter bustønaden var dei tilsvarande tala høvesvis på 29 og 25 pst.

Tabell 5.1 Hovudtal bustønad, hovudkøyring 1.-3. termin 1996 og 1997.

TotaltBarnefamiliarEldre/uføre
199619971996199719961997
Tal på søkjarar
Totalt74 656112 07020 60019 07054 05793 000
Avslag9 21715 6102 9583 0436 25912 567
Løyvt65 43996 46017 64216 02647 79780 434
Avslagsprosent121414161113
Løyvt bustønad
Totalt, mill kroner809,11 246,6307,8277501,3969,6
Kroner per månad1 3741 4341 9391 9211 1651 336
Prosent av godkjende buutgifter under tak343740403136
Type bustad, del i prosent
Del som eig eigen bustad172219171623
Del som eig del i burettslag302636362824
Del som leiger bustad535245475653
Mottakarhusstandane
Inntekt i kroner per månad5 6395 9715 2185 2795 7956 109
Tal på husstandsmedlem1,81,53,23,11,31,2
Tal på husstandar med buutgifter over buutgiftstak25 02019 0747 1428 33517 87810 739
Del med buutgifter over buutgiftstak382540523713
Gjennomsnittlege buutgifter over buutgiftstak per månad i 3. termin8348309829031 033773
Godkjende buutgifter, under buutgiftstak
Kroner per månad3 0382 9063 6353 6202 8172 763
Før bustønad i prosent av inntekt544970694945
Etter bustønad i prosent av inntekt292533322823

5.2 Dei viktigaste regelverksendringane i bustønaden for 1996 og 1997

5.2.1 Samordninga

Det viktigaste som har skjedd når det gjeld bustønadsordningane i åra 1996-97 må seiast å vere samordninga mellom butilskotsordninga og bustønadsordninga på høvervis Sosial- og helsedepartementet og Kommunal- og regional departementet sine budsjett. Samordninga har ført med seg ei rekkje endringar i reglane.

Endringa skjedde med verknad frå 1. januar 1997, jf Stortingets vedtak av 23. januar 1997. Det var St prp nr 19 for 1996-97 som låg til grunn for dette vedtaket.

Bakgrunnen for samordninga av dei to tidlegare bustønadsordningane var vedtak i Stortinget, jf Innst S nr 291 (1996-97) om ein meir målretta bruk av dei statlege stønadsordningane.

Den samordna bustøtteordninga blei utforma slik at det blei teke høgde for reglane i begge dei tidlegare stønadsordningane. Dette førte til at ein måtte ta omsyn til ei rekkje særreglar som var med i butilskotsordninga, men ikkje i bustønadsordninga.

Den viktigaste endringa i reglane er at det frå 1997 for enkelte grupper ikkje blir stilt krav til bustaden. Dette gjeld for gruppene alders-, uføre- og attlevande pensjonistar med inntekt under grensa minstepensjon tillagt 30 pst.

Dette er ei direkte vidareføring frå butilskotsordninga, der målgruppa var pensjonistar med inntekt under minstepensjon tillagt 30 pst, og der det ikkje blei stilt krav til bustaden, verken når det gjaldt areal, utforming eller finansiering.

Utrekninga av rimeleg buutgift (eigendelen) blei etter samordninga tilpassa slik at ho blei gunstig for gruppa med stønadsrett i pensjonistgruppa, samanlikna med dei reglar som blei vidareførte for gruppa barnefamiliar m fl. I Kommunal- og arbeidsdepartementet si opphavlege bustønadsordning hadde ein ikkje teke med utgifter til lys og varme som buutgift. I den samordna ordninga blei dette teke med som buutgift for målgruppa til den gamle butilskotsordninga.

Ein har også fått særleg gunstige reglar for husstandar med unge uføre. Ein husstand med ung ufør får lagt til grunn buutgiftstak som om det er to personar til i husstanden. Dersom det er ein fleirpersonshusstand med minst ein ung ufør, og inntekta er under grensa minstepensjon tillagt 30 pst, blir saka manuelt behandla i Husbanken.

Dekningsgraden for utrekning av bustøtte blei opphavleg sett til 60 pst. I Stortingets vedtak av 19. juni 1997 blei dette endra til 70 pst med tilbakeverkande kraft frå 1. bustøttetermin 1997. Samstundes blei buutgiftstaket for pensjonistane heva med 5 000 kroner, og det blei sett i gang ei overgangsordning til dei stønadsmottakarane som fekk lågare stønad etter samordninga.

Ved dette høvet blir det vist til St prp nr 80 for 1996-97 om oppfølging av dei statlege bustøtteordningane som blei lagt fram for Stortinget som ei oppsummering og drøfting av samordninga.

5.2.2 Overgangsordninga

Ved den første utbetalinga i mai månad 1997 var det, i tråd med St prp nr 19, ein del grupper som fekk ein reduksjon i sitt stønadsnivå. Dei gruppene som fekk reduksjon i sitt stønadsnivå var i første rekkje husstandar som hadde motteke stønad frå begge ordningane tidlegare, husstandar med svært høge buutgifter, husstandar med store formuar og husstandar som hadde gått over frå utrekna likningsinntekt til inntekta i stønadsåret.

Stortingets vedtak er av 19. juni 1997 og lyder slik: «Stortinget ber Regjeringa legge til grunn at bostøttemottakere som har fått redusert bostøtte i 1997 etter nytt system i forhold til hva de hadde grunn til å påregne etter gammelt system, skal få kompensasjon fullt ut for sitt tap i 1997. I 1998 gis kompensasjon med 90 pst, i 1999 med 80 pst, i 2000 med 70 pst og i 2001 med 60 pst som vil gjelde for senere år.»

Husbanken har på denne bakgrunn sett i gang og administrert ei overgangsordning til dei aktuelle gruppene. Reglane kjem fram i tillegg til retningslinjer for bustønad, siste gong revidert april 1998.

Overgangsordninga blir rekna ut i samsvar med § 3 i retningslinjene.

Overgangsordninga er i Stortingets vedtak definert til å vare så lenge det eksisterer husstandar med rett til stønad. Ordninga gjer mellom anna at hushold med same inntekt og buutgift får ulik storleik på bustønaden avhengig av når ein kom inn i ordninga. Dei som mottok bustøtte før 1997 får meir i støtte enn dei som er komen inn seinere.

Den tidlegare butilskotsordninga til Sosial- og helsedepartementet blei praktisert svært ulikt i den enkelte kommune. Husbanken har derfor også hatt vanskar med å administrere ei overgangsordning som skal ta vare på fleire lokale variantar. Husbanken har derfor valt å leggje til grunn buutgifter som blir gitt opp i samband med bustønadssaka, med unntak av lys og varme der opplysningar vil bli innhenta for det enkelte år. På denne måten blir også omsynet til eit einskapleg og rett regelverk teke vare på.

5.3 Om bustønad til eldre og uføre

Av tabell 5.1 går det klart fram at bustønaden og butilskotet for husstandstype eldre/uføre blei samordna med verknad frå og med 1997. Eldre/uføre utgjorde i 1996 73 pst av alle bustønadsmottakarar, mens dei i 1997 utgjorde 84 pst av bustønadsmottakarane. Alle desse tala gjeld før klagehandsaming og overgangsordning. Totalt mottok om lag 48 000 husstandar i gruppa eldre/uføre bustønad i 1996, mens talet for 1997 var på om lag 80 000 husstandar. Den store auken i talet på bustønadsmottakarar frå 1996 til 1997 i denne gruppa kjem av samordninga av bustønaden og butilskotet. I 1996 var det om lag 70 000 husstandar som mottok butilskot. Av dei fekk om lag 30 000 også bustønad.

I bustønadsreglane deler vi gruppa eldre/uføre opp i tre undergrupper; eldre over 64 år, uføre under 65 år med heimebuande barn og uføre under 65 år utan heimebuande barn. Av tabellen under ser vi at den klart største gruppa er eldre over 64 år med om lag 27 000 mottakarar i 1996 og om lag 49 000 mottakarar i 1997. Tabellane under viser tydeleg at det er mottakarane med lågast inntekt som får mest i bustøtte.

Tabell 5.2 Tal på husstandar, gjennomsnittleg inntekt, buutgift og bustønad for lågaste og høgaste inntektsdesil for eldre og uføre, alle bustadtypar for hovudkøyring 3. termin 1996 og 1997.

Eldre enn 64 årUføre > 65 år m/barnUføre > 65 år u/barn
199619971996199719961997
Tal på husstandar27 22248 7425 3735 42115 62323 137
Gjennomsnittleg husstandsstorleik1,01,03,33,31,11,1
Gjennomsnitt per år:
Inntekt, lågaste inntektsdesil46 15652 17203 5906511 514
Godkjende buutgifter, lågaste inntektsdesil29 82329 33446 13746 29931 49432 739
Bustønad, lågaste inntektsdesil12 60611 82922 14021 77414 53214 736
Inntekt, høgaste inntektsdesil96 487101 010132 934140 866108 386115 629
Godkjende buutgifter, høgaste inntektsdesil46 24536 39636 89754 39652 02343 155
Bustønad, høgaste inntektsdesil5 7785 9018 0228 8116 1507 023

Tabell 5.3 Tal på husstandar, gjennomsnittleg inntekt, buutgift og bustønad for lågaste og høgaste inntektsdesil for eldre og uføre i eigde bustader for hovudkøyring 3. termin 1996 og 1997.

Eldre enn 64 årUføre > 65 år m/barnUføre > 65 år u/barn
Eigde bustader199619971996199719961997
Tal på husstandar3 58611 9611 4391 6312 3874 561
Gjennomsnitt per år:
Inntekt, lågaste inntektsdesil49 25054 29323 78431 56031 48240 454
Godkjende buutgifter, lågaste inntektsdesil26 17823 20841 58043 93530 81632 160
Bustøtte, lågaste inntektsdesil10 0538 23819 12819 72813 68913 497
Inntekt, høgaste inntektsdesil93 66597 049138 270148 104111 297122 810
Godkjende buutgifter, høgaste inntektsdesil34 71033 36053 19046 15544 85334 806
Bustønad, høgaste inntektsdesil5 2836 6457 2697 9176 6036 126

Tabell 5.4 Tal på husstandar, gjennomsnittleg inntekt, buutgift og bustønad for lågaste og høgaste inntektsdesil for eldre og uføre i burettslagsbustader for hovudkøyring 3. termin 1996 og 1997.

Eldre enn 64 årUføre > 65 år m/barnUføre > 65 år u/barn
Burettslagsbustader199619971996199719961997
Tal på husstandar7 21411 2441 9711 8504 3315 345
Gjennomsnitt per år:
Inntekt, lågaste inntektsdesil48 43755 62914 73724 73811 68428 523
Godkjende buutgifter, lågaste inntektsdesil27 24928 23642 92443 67429 49631 542
Bustønad, lågaste inntektsdesil11 03111 17820 16019 90813 33213 755
Inntekt, høgaste inntektsdesil96 918100 925133 500138 265110 639115 306
Godkjende buutgifter, høgaste inntektsdesil36 19235 41552 18853 49044 25035 358
Bustønad, høgaste inntektsdesil5 0945 1037 4798 6406 0876 765

Tabell 5.5 Tal på husstandar, gjennomsnittleg inntekt, buutgift og bustønad for lågaste og høgaste inntektsdesil for eldre og uføre i leigde bustader for hovudkøyring 3. termin 1996 og 1997.

Eldre enn 64 årUføre > 65 år m/barnUføre > 65 år u/barn
Leigde bustader199619971996199719961997
Tal på husstandar16 42225 5371 9631 9408 90513 231
Gjennomsnitt per år:
Inntekt, lågaste inntektsdesil44 47849 6580002 386
Godkjende buutgifter, lågaste inntektsdesil31 85732 76946 99546 88132 21732 895
Bustønad, lågaste inntektsdesil13 92913 86322 67122 21514 95815 030
Inntekt, høgaste inntektsdesil96 731101 923124 528133 677106 486113 084
Godkjende buutgifter, høgaste inntektsdesil37 54537 46750 66752 01442 60641 796
Bustønad, høgaste inntektsdesil6 1566 27610 7769 8916 0157 593

5.3.1 Om ordning for reduksjon av buutgifter til eldre og uføre på Sosial- og helsedepartementets budsjett

Ordninga for reduksjon av buutgifter for eldre og uføre på Sosial- og helsedepartementets budsjett blei utbetalt for siste gong i 1996. Med verknad frå 1. januar 1997 er ordninga samordna med bustønadsordninga på Kommunal- og regionaldepartementet si budsjett.

Tilskot til reduksjon av buutgifter for pensjonistar blei i 1996 utbetalt på grunnlag av ein dekningsprosent på 54,5 pst. Dekningsprosenten var lik for alle mottakarar. Dekningsprosenten var lågare enn tidlegare år, delvis fordi krava i 1996 var høgare. Husbanken har ikkje data som syner om dette kjem av auka husleiger eller om det er andre delar av buutgiftene som har auka. Det kan nemnast at fleire kommunar heilt eller delvis har gått bort frå å subsidiere leiga for kommunale bustader, og no krev tilnærma marknadsleige. Etterbetaling til søkjarar som var «unge uføre» og ikkje hadde fått rett utbetaling i åra 1993-1995, hovudsakleg på grunn av feil i enkelte EDB-program som var i bruk i kommunane, blei belasta budsjettet i 1996. Dette hadde ein viss innverknad på beløpet som var disponibelt ved hovudutbetalinga.

I 1996 var det 70 827 pensjonisthusstandar som mottok stønad frå butilskotsordninga. Tal på søkjarar til ordninga var høgare i 1996 enn i 1995. Dette kan ein forklare med samarbeidet mellom Sosial- og helsedepartementet, Husbanken og Norsk Pensjonistforbund om å få ut informasjon til pensjonistane. Informasjon om ordninga blei også gitt til alle alders-, uføre- og attlevande pensjonistar på trygdeutbetalingsvarslet for mars. Vidare informerte Husbanken om stønadsordninga ved annonsar i alle avisene i landet. Det ser ut til at færre søkjarar fekk støtte i 1996 enn i 1995.

Tabell 5.6 Butilskotsordninga, tal på mottakarar fordelt på type pensjonist, 1996.

Type pensjonistTal på mottakarar1
Totalt70 827
Alderspensjonistar44 820
Uførepensjonistar24 546
Attlevande pensjonistar1 461

1 Kommunane sin praksis for registrering av mottakarane i dei ulike gruppene er ikkje eins, slik at fordelinga ikkje er heilt nøyaktig.

5.4 Om bustønad til barnefamiliar m fl

Målgruppa barnefamiliar m fl er i tillegg til reine barnefamiliar også husstandar som har rett til stønad på bakgrunn av at eit husstandsmedlem har grunn- eller hjelpestønad frå folketrygda, eller det er husstandsmedlem som har korttidsyting frå folketrygda, som rehabiliteringspengar eller attføringshjelp. Denne gruppa inneheld også stønadsmottakarar som har rett til stønad fordi husstanden er varig mottakar av sosialhjelp.

Samordninga av stønadsordninga førte ikkje til endring i reglane for gruppa barnefamiliar. Dei gamle reglane blei førte vidare for denne gruppa. Unntaket var husstandar der det var pensjonistar med barn. Desse blei lagt over i den andre gruppa fordi reglane var meir gunstige der.

For gruppa barnefamiliar har både buutgiftstak og tabell for rimeleg buutgift stått stille sidan 1994. Dette forholdet blei retta opp i 1998, da reglane blei betra også for denne gruppa av stønadsmottakarar, mellom anna fekk dei redusert rimeleg buutgift, slik at denne no er på nivå med alderspensjonistane.

Gruppa barnefamiliar blir delt opp i mottakargruppene einslege forsørgjarar og barnefamiliar. Totalt var det omlag 18 000 husstandar som mottok i gjennomsnitt 1 924 kroner per månad i bustønad i 1996 og om lag 16 000 husstandar som mottok i gjennomsnitt 1 904 kroner per månad i bustønad i 1997. For gruppa barnefamiliar m fl ligg avslagsprosenten høgare enn for gruppa eldre/uføre. I 1997 blei det gitt avslag til om lag 16 pst av søkjarane i denne gruppa, mens det i gruppa eldre/uføre var ein avslagsprosent på om lag 13. I tabellane under er bustønad til barnefamiliar m fl oppsummert.

I 1997 utgjorde gruppa barnefamiliar om lag 16 pst av alle bustønadsmottakarar. Av desse utgjer einslege forsørgjarar om lag 72 pst. I gjennomsnitt har husstandane 4,4 personar. Som det framgår av tabellane eig 17 pst sin eigen bustad, 37 pst eig del i burettslag, mens 46 pst leiger bustaden dei bur i i 1997. Dei tilsvarande tala for 1996 er 19 pst, 37 pst og 44 pst. Tala viser at eigarforholdet til bustaden denne gruppa disponerer er stabilt i åra 1996-97.

Det mest iaugefallande i tabellane under for barnefamiliar er dei særs låge gjennomsnittsinntektene i lågaste inntektsdesil, og da spesielt for undergruppa barnefamiliar. I gjennomsnitt har desse husstandane ei inntekt lik 0, mens dei i gjennomsnitt har godkjende buutgifter på om lag 46 000 kroner i året i 1996 og på om lag 47 000 kroner i året i 1997. Inntektsomgrepet omfattar ikkje offentlege stønader som ein ikkje skattar for (barnetrygd, sosialhjelp, grunn- og hjelpestønad, studielån m.m.). Når bustønaden i gjennomsnitt utgjer i underkant av halvparten av buutgiftene, må den andre halvparten av buutgiftene dekkjast av offentlege stønader og/eller ved ikkje registrerte inntekter som gåver og lån frå familie og venner. Også gruppa einslege forsørgjarar har særs låge gjennomsnittsinntekter i lågaste inntektsdesil.

Tabell 5.7 Tal på husstandar, gjennomsnittleg inntekt, buutgift og bustønad for lågaste og høgaste inntektsdesil for barnefamiliar m fl, alle bustader for hovudkøyring 3. termin 1996 og 1997.

Einslege forsørgjararBarnefamiliar
1996199719961997
Tal på husstandar12 84711 6034 8664 263
Gjennomsnittleg husstandsstorleik2,72,74,34,4
Gjennomsnitt per år
Inntekt, lågaste inntektsdesil2 5055 60800
Godkjende buutgifter, lågaste inntektsdesil41 71542 21345 89447 238
Bustønad, lågaste inntektsdesil19 56919 89021 77722 587
Inntekt, høgaste inntektsdesil120 380122 718135 717136 029
Godkjende buutgifter, høgaste inntektsdesil42 33948 13552 52752 809
Bustønad, høgaste inntektsdesil7 6867 5278 7489 018

Tabell 5.8 Tal på husstandar, gjennomsnittleg inntekt, buutgift og bustønad for lågaste og høgaste inntektsdesil for barnefamiliar m fl i eigde bustader for hovudkøyring 3. termin 1996 og 1997.

Einslege forsørgjararBarnefamiliar
Eigde bustader1996199719961997
Tal på husstandar2 6532 269718478
Gjennomsnitt per år
Inntekt, lågaste inntektsdesil11 77216 4109 0065 435
Godkjende buutgifter, lågaste inntektsdesil41 28641 03142 97542 153
Bustønad, lågaste inntektsdesil19 00818 78019 74619 080
Inntekt, høgaste inntektsdesil125 872129 611147 897152 634
Godkjende buutgifter, høgaste inntektsdesil48 91849 97155 77056 376
Bustønad, høgaste inntektsdesil7 1526 6127 3086 702

Tabell 5.9 Tal på husstandar, gjennomsnittleg inntekt, buutgift og bustønad for lågaste og høgaste inntektsdesil for barnefamiliar m fl i burettslagsbustader for hovudkøyring 3. termin 1996 og 1997.

Einslege forsørgjararBarnefamiliar
Burettslagsbustader1996199719961997
Tal på husstandar5 2774 6201 233971
Gjennomsnitt per år
Inntekt, lågaste inntektsdesil7 50014 28000
Godkjende buutgifter, lågaste inntektsdesil40 31441 39444 13644 274
Bustønad, lågaste inntektsdesil18 64819 38020 50220 580
Inntekt, høgaste inntektsdesil122 667124 576142 187141 327
Godkjende buutgifter, høgaste inntektsdesil47 77548 23754 02454 303
Bustønad, høgaste inntektsdesil6 9816 7657 1917 983

Tabell 5.10 Tal på husstandar, gjennomsnittleg inntekt, buutgift og bustønad for lågaste og høgaste inntektsdesil for barnefamiliar m fl i leigde bustader for hovudkøyring 3. termin 1996 og 1997.

Einslege forsørgjararBarnefamiliar
Leigde bustader1996199719961997
Tal på husstandar4 9174 7142 9152 814
Gjennomsnitt per år
Inntekt, lågaste inntektsdesil034200
Godkjende buutgifter, lågaste inntektsdesil42 90343 42246 93847 862
Bustønad, lågaste inntektsdesil20 38220 64022 49723 037
Inntekt, høgaste inntektsdesil111 182112 805118 870123 782
Godkjende buutgifter, høgaste inntektsdesil44 96745 77448 49249 395
Bustønad, høgaste inntektsdesil9 2109 30911 73610 842
Til forsida