St.meld. nr. 14 (1998-99)

Om verksemda til Den Norske Stats Husbank 1996-97

Til innhaldsliste

4 Nærmare om bustadtilskot og kvalitetstilskot

Omlegginga av subsidiebruken i 1996 frå rentesubsidiar til direkte tilskot, førte til at bustadtilskot og kvalitetstilskot blei særs viktige verkemiddel for å nå dei bustadpolitiske måla.

Bustadtilskotet er ved sidan av bustønaden Husbankens viktigaste ordning retta mot vanskelegstilte på bustadmarknaden. Kvalitetstilskotet er eit viktig verkemiddel for å oppnå bustadkvalitet som marknaden aleine ikkje ville ha gjennomført.

4.1 Bustadtilskot

Bustadtilskotet er delt opp i tre delar: Tilskot til etablering, tilskot til tilpassing og tilskot til utleigebustader. Dei to førstnemnde delane kan kommunane sjølve administrere om dei ønskjer det, mens Husbanken administrerer bustadtilskotet til utleigebustader. I tabell 4.1 går det fram kor mykje bustadtilskot det blei gitt tilsegn om i 1996 og 1997.

Tabell 4.1 Bustadtilskot til etablering, tilpassing og utleigebustader, tilsegn i mill kroner 1996 og 1997 1.

Formål19961997
Bustadtilskot til etablering frå kommunane124,7172,4
Bustadtilskot til etablering frå Husbanken,240,8214,7
av dette bustadtilskot til utleigebustader195,1165,5
Bustadtilskot til tilpassing frå kommunane75,271,2
Bustadtilskot til tapsavsetjing i kommunane26,429,5

1 Tala kan avvike noko frå tala i Husbankens årsmelding m a fordi kommunane si rapportering kjem etter at årsmeldinga er ferdig trykt.

4.1.1 Bustadtilskot til etablering

Tilskotet skal medverke til at husstandar med vedvarande svak økonomi skal kunne disponere høvelege bustader.

Ordninga med at tilskot til etablering kan administrerast av kommunane blei innført i samanheng med omlegginga av verkemiddelbruken i 1996, og det er no kommunane som deler ut størstedelen av midlane.

Tabell 4.2 Bustadtilskot til etablering frå kommunane, talet på bustader og mill kroner i tilsegn etter brukargruppe 1996 og 1997.

BrukargruppeTalet på bustader 1996Mill kroner 1996Talet på bustader 1997Mill kroner 1997
Totalt1 537124,71 958172,4
Funksjonshemma41443,235336,2
HVPU222,2131,3
Flyktningar80,5252,5
Vanskelegstilte51742,31 19367,4
Ungdom48829,771054,2
Eldre10,040,2
Fleirbrukarprosjekt432,9
Ikkje spesifiserte877,01047,6

Tabell 4.3 Bustadtilskot til etablering frå Husbanken, talet på bustader og mill kroner med tilsegn etter brukargruppe 1996 og 1997.

BrukargruppeTalet på bustader 1996Mill kroner 1996Talet på bustader 1997Mill kroner 1997
Totalt37744,840849,3
Funksjonshemma22827,815120,6
HVPU244,1183,0
Flyktningar10,1101,3
Vanskelegstilte10510,914215,2
Ungdom161,4838,7
Eldre30,440,2
Fleirbrukarprosjekt-0,2
Ikkje spesifiserte10,2--

Agderforskning har evaluert desentraliseringa av bustadtilskotet.

Som ein generell hovudkonklusjon seier Agderforskning at det er tydelege forskjellar mellom dei kommunane som har teke ansvaret for ordninga og dei kommunane som ikkje har overteke dette ansvaret, og at omlegginga har vore vellykka for dei aller fleste kommunane som har teke ansvaret for ordninga.

Det ser ut som om gjennomsnittsalderen på søkjarane er yngre når kommunen sjølv har ansvaret for ordninga.

I dei kommunane som sjølve har ansvaret for ordninga, ser det ut som om ungdom med låg inntekt/usikker jobb og som er sosialt vanskelegstilte får høgast prioritet. I kommunar der Husbanken gjer det endelege vedtaket, ser det ut til at gruppa med fysisk funksjonshemma får høgast prioritet. Gruppa med psykiske lidingar får også høgare prioritet i kommunane der Husbanken har det endelege ansvaret.

Frå kommunehald blir det hevda at arbeidet med bustadtilskotsaker blir høgare prioritert og at sakshandsamarane har betre kompetanse i dei kommunane som har valt å ta ansvaret for ordninga.

Norges byggforskningsinstitutt har analysert bustadetablering generelt og Husbankens ordning med tilskot til etablering spesielt. Om bustadtilskot til etablering seier Byggforsk:

«Vi har i denne analysen konsentrert oss om boligtilskudd til etablering til enkeltpersoner. Tilskuddet kan også gis til kommuner, selskaper, stiftelser, og liknende for å skaffe innskuddsfrie utleieboliger til husholdninger som selv kvalifiserer for ordningen. Denne ordningen har et stort potensiale når det gjelder å øke antallet utleieboliger, men har foreløpig spilt en svært begrenset rolle for ungdom.»

Byggforsk konkluderer i hovudsak med at ordninga fungerer etter føresetnaden:

«Ordningens formål er å skulle bidra til at grupper med svak økonomi blant funksjonshemmede, særlig vanskeligstilte og unge førstegangsetablerende skal kunne skaffe seg en nøktern og hensiktsmessig bolig. Vårt materiale gir grunnlag for å konkludere med at ordningen i praksis har en slik innretting, den brukes i hovedsak i samsvar med myndighetenes intensjon. Vi finner at halvparten av de som karakteriseres som unge er enslige forsørgere, en fjerdedel er unge enslige. Med det nåværende omfanget på boligtilskuddsordningen er det ca. 800 unge husholdninger som får tilskudd til sin boligetablering (tilskudd til utleieboliger er ikke inkludert). Av anslagsvis ca 10 000 nye etablerere med lav økonomi årlig, når ordningen svært få. Vi har dessverre ingen mulighet til å gi noe klart svar på hvor mange av nyetablererne som kunne trenge tilskudd. Svaret ville naturligvis også være betinget av de mål som kommune og stat stiller for boligetablering.»

4.1.2 Bustadtilskot til tilpassing

Tilskotet blir administrert av kommunane. Tilskotet går til utbetringar av bustader for eldre og funksjonshemma, slik at desse gruppene får ein høveleg bustad dei kan bu i lengst mogleg. Ordninga skal evaluerast av Byggforsk hausten 1998. Samla tilskotssum har vore vel 70 mill kroner både i 1996 og 1997. Rundt 7 200 og 6 400 husstandar har fått tilskot til tilpassing av bustad dei to åra.

Tabell 4.4 Tilskot til tilpassing frå kommunane, talet på saker og mill kroner i tilsegn i 1996 og 1997.

BrukargruppeTalet på saker 1996Mill kroner 1996Talet på saker 1997Mill kroner 1997
Totalt7 19775,26 43271,2
Funksjonshemma2 3281 92623,7
Flyktningar500,9
Vanskelegstilte1 07388812,0
Ungdom1371,8
Eldre3 7963 43132,8

4.1.3 Bustadtilskot til utleigebustader

Tilskot til utleigebustader er ein viktig del av bustadtilskotet. Tabellen under viser kva for slags mottakarar som har fått dette tilskotet.

Tabell 4.5 Bustadtilskot til utleigebustader frå Husbanken, talet på bustader og mill kroner i tilsegn etter brukargruppe 1996 og 1997.

BrukargruppeTalet på bustader 1996Mill kroner 1996Talet på bustader 1997Mill kroner 1997
Totalt1 402195,1942165,5
Funksjonshemma15126,812853,2
HVPU28657,811223,9
Flyktningar16427,4347,1
Vanskelegstilte62762,436475,2
Ungdom586,77213,7
Eldre291,010,0
Fleirbrukarprosjekt18014,7
Ikkje spesifiserte8013,0514,2

Som det framgår av tabellen er det særleg dei vanskelegstilte som får tilskot til utleigebustader.

4.2 Kvalitetstilskotet

Tilskot til bustadkvalitet (kvalitetstilskotet) blei innført i 1996. Tilskotet skal stimulere bustad- og miljøfornying og oppføring av nye bustader med kvalitetar som normalt ikkje ville bli gjennomførte i bustadmarknaden. Kvalitetstilskotet er inndelt i fire ordningar:

1. Tilskot til fornying og fortetting blir gitt til prosjekt i byar og tettstader til betring av bustadmiljøet i eksisterande område.

2. Tilskot til tilgjenge og utomhuskvalitet.

Ordninga kan ein skildre som ei trapp med tre trinn:

  • på lågaste nivå ligg oppføringslånet, med visse minstekrav til kvalitet

  • på neste trinn ligg lånetillegga i oppføringslånet, med ei rekkje kvalitetskrav

  • på øvste trinn ligg kvalitetstilskotet som skal stimulere betre levekår, tilgjenge og gode fysiske miljøkvaliteter.

4. Tilskot til førsøksbygging.

Tilskotet skal dekkje meirkostnader og risikoelement ved utprøving av ny kunnskap og nye byggjemetoder. Forsøksprosjekt skal skje i samarbeid med forsknings- og utgreiingsinstitusjonar.

3. Tilskot til god byggjeskikk.

Tilskotet blir gitt til prosjekt med minst 5 bustader, anten ved oppføring av nye bustader, eller ved bustad- og miljøfornying av eksisterande bustadområde.

Kvalitetstilskotet er delt inn i 5 ulike kvalitetar som blir premiert med tilskot. Av tabellen under går det fram korleis kvalitetstilskotet blei nytta i 1996 og 1997. Som tala viser er det fornyingsprosjekta som har fått størstedelen av tilskotet dei to åra.

Tabell 4.6 Tilskot til bustadkvalitet, talet på bustader og mill kroner i tilsegn etter type kvalitet i 1996 og 1997.

Type kvalitetTalet på bustader 1996Mill kroner 1996Talet på bustader 1997Mill kroner 1997
Totalt3 33475,24 039108,7
Byggjeskikk3334,55604,9
Fornying og fortetting199454,52 25180,7
Forsøksbygging20,6311,7
Tilgjenge5095,16239,2
Utomhuskvalitet1 04310,41 23512,2

Kvalitetstilskotet er evaluert av NIBR i Prosjektrapport 1998:4 Tilskot til bustadkvalitet - Evaluering av Husbankens tilskotsordning.

Rapporten dokumenterer at dei økonomiske verkemidla i tilskotet stimulerer til høgare kvalitet innanfor dei fem kvalitetsområda som er valde både i nybygging og fornying. Men effekten kjem ikkje berre av tilskotsordninga. Lånetillegga for utomhuskvalitet og tilgjenge fører òg til auka kvalitet på desse områda.

Til forsida