St.meld. nr. 19 (2007-2008)

Kredittmeldinga 2007

Til innhaldsliste

3 Konkurransen i bankmarknaden

3.1 Viktige rammevilkår og drivkrefter

Bankmarknadene både i Noreg og internasjonalt har over lengre tid vore gjennom store strukturelle endringar. Dereguleringa i Noreg på 80-talet opna for vesentleg auka konkurranse på nasjonalt plan. Etter at EØS-avtalen tok til å gjelde 1. januar 1994, blei det opna for at bankar frå EØS-land fritt kunne opprette filial hos kvarandre. Endringane i internasjonale kapitalkravsreglar, endringar i rekneskapsreglar i retning av marknadsverdiprinsipp for alle balansepostar og EUs handlingsplan for å realisere EUs indre marknad er spesielt viktige for utviklinga framover.

Ei viktig drivkraft for endringar i bankmarknadene er utviklinga av ny teknologi innanfor databehandling og kommunikasjon. Utnytting av denne nye teknologien til å utvikle nye tenester og produkt er alt blitt svært viktig for bankane. Ein reknar med at dei større og meir avanserte bankane har visse skalafordelar ved dei nødvendige investeringane i teknologi. Samtidig kan teknologiutviklinga gjere det mogleg med vekst og nyetablering på bakgrunn av felles teknologiske løysingar. Noreg er eit av dei leiande landa når det gjeld å ta i bruk moderne teknologi innanfor betalings- og informasjonsformidling, og vi er i verdstoppen innanfor kortbruk, nettbank og eFaktura. BankAxept-systemet i Noreg er ein viktig infrastruktur for debetkort, som har ført til at kort blir brukt i stor grad ved kjøp av varer og tenester.

Demografiske endringar i den vestlege delen av verda, som inneber at befolkninga i gjennomsnitt blir eldre, er ein viktig endringsfaktor for heile finanssektoren. Usikkerheit knytt til offentlege pensjonsordningar, auka velstand og auka kunnskapsnivå om alternative spareordningar fører til at hushalda i stadig større grad ønskjer ulike spareprodukt. Bankane tilbyr òg spareprodukt som pensjonssparing og sparing med børsavkastning. Trass i dei nye spareprodukta og høg innskotsvekst over fleire år er det grunn til å rekne med at ein stor del av sparemidlane knytte til såkalla langsiktig finansiell sparing vil bli kanaliserte til spareprodukt som blir forvalta av verdipapirfond, livsforsikringsselskap og pensjonskasser.

Den raske veksten av institusjonelle investorar, som er betydelege tilbydarar av kapital til banksektoren og andre næringssektorar, er i ferd med å endre eigarstrukturen i svært mange børsnoterte selskap. Investorane stiller krav som igjen påverkar strukturen og konkurransen i marknaden.

Framstillinga i kapittel 3 byggjer til dels på ein rapport Kredittilsynet har laga på oppdrag frå Finansdepartementet, og som blir offentleg tilgjengeleg samstundes som kredittmeldinga. Rapporten frå tilsynet belyser blant anna faktiske og forventa strukturendringar i banknæringa nærare, og korleis ein meiner dei blir påverka av nasjonale og internasjonale regelverksendringar. Når det gjeld strukturen i dagens finansmarknad, viser departementet også til kapittel 2 om finansiell stabilitet.

3.2 Beskriving av bankmarknaden

3.2.1 Strukturen i den norske bankmark­naden

Utviklinga i den nordiske bankmarknaden har vore prega av etableringar, fusjonar og oppkjøp på tvers av landegrensene. Dei største nordiske bankane har etablert verksemd i nabolanda. Dei største islandske bankane er alle etablerte i Noreg, anten med filialar eller dotterbankar. Tidlegare hadde etableringar i utlandet gjerne som formål å yte tenester til nasjonale kundar frå heimemarknaden, medan fleire bankar no gir uttrykk for at dei ser på Norden som heimemarknaden sin. Etablering i desse områda kan gi grunnlag for spreiing av risiko, men kan også innebere større risiko.

Målt ved den samla marknadsdelen til dei fem største kredittinstitusjonane er konsentrasjonen størst i Finland med 82 prosent. Dei fem største kredittinstitusjonane 1 i Noreg, DnB NOR, Nordea Bank Noreg, Fokus, Handelsbanken og Sparebanken Rogaland, hadde ein samla marknadsdel på 53 prosent av den norske kredittmarknaden ved utgangen av 2006. Det må likevel nemnast at «den norske bankmarknaden» ikkje nødvendigvis alltid er relevant som grunnlag for konkurransemessige vurderingar. Marknaden kan vere større enn, mindre enn, eller samanfallende med den nasjonale marknaden, avhengig av kva for produkt og kundegrupper ein studerer. Dette kjem vi tilbake til.

Talet på bankar i Noreg er relativt stort i forhold til talet på innbyggjarar, og tilnærma uendra dei siste sju åra. Ved utgangen av 2007 var det 123 sparebankar, 11 norskeigde forretningsbankar, 5 utanlandskeigde bankar og 10 filialar av utanlandske bankar. Av naturlege årsaker er nystarta bankar små i forhold til bankar som blir fusjonerte eller kjøpte opp.

Medan utanlandske eigarinteresser var ubetydelege for ti år sidan, er dei no dominerande på forretningsbanksida. Marknadsdelen til norskeigde forretningsbankar er redusert frå 23 prosent i 2000 til 3 prosent i 2007. Reduksjonen har dels samanheng med at den tidlegare forretningsbanken DnB fusjonerte med Gjensidige NOR Sparebank i 2004, og at den samanslåtte banken DnB NOR statistisk blir rekna som sparebank.

Tabell 3.1 Marknadsdelar målte i prosent av forvaltningskapitalen

  200020052007
DnB NOR*)3837
DnB24
Sparebanken NOR14
Utanlandske dotterbankar52017
Utanlandske filialar61117
Alle norskeigde forretningsbankar2323
Alle sparebankar282927

*Inkl. Nordlandsbanken, ekskl. filialar i utlandet

Utanlandsdelen av den samla bankmarknaden utgjorde i overkant av ein tredjedel ved utgangen av 2007, der utanlandske filialar stod for 17 prosent. Veksten i marknadsdelar har òg samanheng med sterk utlånsvekst. Dei utanlandske filialane og dotterbankane hadde 12-månaders vekst i utlån til personkundar på høvesvis 15 og 12 prosent ved utgangen av 2007, medan veksten i utlån til norske private føretak var på heile 40 og 24 prosent på same tidspunkt.

Fleire av dei nystarta bankane har utelukkande satsa på internettbaserte bankløysingar. Nordmenns bruk av nettbank har vist ei jamn stigning dei siste ti åra. Åtte bankar har starta ny verksemd sidan 2001. Desse nye bankane har mindre mark­nadsdelar.

For nærare utgreiing om strukturar i den norske bankmarknaden, sjå kapittel 2.4.

3.3 Nærare om produkt, kundegrupper og marknadsdelar

I vurderinga av konkurransen i bankmarknaden er det naturleg å sjå nærare på dei viktigaste produkta/tenestene bankane tilbyr. Hovudverk­semdsområdet til bankane er utlån og innskot. Dei viktigaste kundegruppene til bankane er personkundar og bedriftskundar.

3.3.1 Personkundemarknaden

Når det gjeld personkundemarknaden, er utlån, innskot og betalingsformidling dei viktigaste tenestene kundane etterspør. I seinare tid er likevel spareprodukt blitt viktigare. Utlån til personkundar fordeler seg over enkelte hovudkategoriar av utlån: utlån med pant i bustad, usikra kreditt og andre utlån, som for eksempel lån sikra med pant i bil. Utlånsvolumet til personkundar er dominert av bustadlån.

Konsentrasjonen i marknaden for utlån til personkundar er størst på Austlandet, i Midt-Noreg og i Nord-Noreg, der dei tre største bankane i kvar region har over 50 prosent av marknaden. DnB NOR har ein svært stor del av marknaden på Austlandet, medan det i Midt-Noreg og Nord-Noreg er høvesvis Sparebank 1 Midt-Norge og Sparebank 1 Nord-Norge som står for dei største marknadsdelane. DnB NOR-konsernet er òg stort i den nordlegaste delen av landet, blant anna som følgje av at konsernet kjøpte Nordlandsbanken.

Personkundar som er ute etter banktenester, kan i stor grad oppsøkje ein nasjonal marknad med mange aktørar. Utanlandske aktørar er blitt stadig viktigare. Utviklinga av ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi har gjort nærleik til kunden mogleg sjølv om banken ikkje eksisterer lokalt, og filialnettet har fått klart mindre å seie på grunn av denne utviklinga. Av TNS Gallups Finansbarometer for 2007 går det fram at 60 prosent meiner at nettbank har gjort det lettare å vere bankkunde. 50 prosent føretrekkjer i dag å betale rekningane i nettbank, og det har også vore ein auke i bruk av e-faktura. Gjennom Internett har det dessutan blitt lettare for kundane å få oversikt over tilboda i marknaden. Bl.a. kan kundane innhente informasjon om rentevilkår i mange ulike bankar på Finansportalen.

3.3.2 Bedriftskundemarknaden

Som i personkundemarknaden er marknaden for utlån til bedrifter mest konsentrert i Nord-Noreg og minst i Sør-Noreg. I Nord-Noreg er det samtidig færre bedrifter som etterspør banktenester og færre tilbydarar enn for eksempel i austlandsområdet. Dei fleste bankar er etablerte i austlandsområdet, og svært mange bedrifter er etablerte i denne delen av landet. Som i personkundemarknaden har utanlandske aktørar fått meir å seie også i bedriftskundemarknaden. DnB NOR er den største aktøren i denne marknaden i alle regionar med unntak av Midt-Noreg.

Bedriftskundane bruker i større grad enn tidlegare elektroniske tenester til å utføre bankoppdrag, og det har ført til at dei er mindre avhengige av at det finst ein bankfilial. Auka informasjonstilgang gjennom Internett har gitt kundane også her større oversikt over tilbodet av banktenester.

I vurderinga av konkurransen i bedriftsmarknaden skil ein mellom store bedrifter, og små og mellomstore bedrifter (SMB).

Store bedrifter

Store bedrifter vender seg ofte til utanlandske bankar, eller hentar inn kapital ved å skrive ut verdipapir. Denne marknaden er derfor prega av internasjonal konkurranse og at banklån konkurrerer med obligasjonslån.

DnB NOR og Nordea skil seg frå dei andre aktørane på den norske marknaden når det gjeld marknadsdelar hos bedriftskundane, både på utlån og innskot. Ifølgje DnB NORs nettside har konsernet over 196 000 bedriftskundar.

Små og mellomstore bedrifter (SMB)

Innanfor definisjonen av SMB finn ein over 90 prosent av dei norske bedriftene. Eit fellestrekk for SMB er at dei har enklare behov enn dei store bedriftene og etterspør standardiserte masse­marknadstenester. Kassekreditt er det viktigaste låneproduktet som blir etterspurt av SMB.

Enkelte mellomstore bedrifter kan, truleg på grunn av verksemdsområdet sitt og/eller storleiken, etterspørje lån i nasjonale lånemarknader eller kanskje også i den internasjonale marknaden. Men marknaden for lån til SMB er normalt av meir lokal eller regional karakter. Dei fleste bedrifter av typen SMB er avhengige av bankar som har god kjennskap til lokale forhold, for å oppnå eit godt tilbod til gunstige lånevilkår. Bankar som har god kjennskap til det lokale næringslivet, og dei marknadene bedriftene opererer i, er derfor viktige for denne typen bedrifter. I tillegg deltek ein del utanlandske bankar, dels gjennom filialar, men også gjennom grenseoverskridande verksemd, anten direkte overfor kunden eller gjennom syndikerte lån. Også det offentlege er ei viktig finansieringskjelde for små og mellomstore bedrifter. SND og Kommunalbanken er på sine område aktive tilbydarar av lånekapital til bedrifter innanfor dette segmentet.

3.4 Lønnsemdsutviklinga i bank­sektoren

Eigenkapitalavkastning ut over det normale kan vere ein indikasjon på at konkurransen i ei næring ikkje er tilfredsstillande. Både i Noreg og elles i Europa har det vore ei forbetring i lønnsemda til bankane dei siste åra. Betringa kan ha fleire årsaker, og det er uklart om ho kan knytast til svekt konkurranse. Det er sannsynleg at forbetringa for ein stor del har samanheng med volumvekst og låge tap på utlån, og slik sett heng saman med konjunkturutviklinga dei siste åra. Ein skal vidare vere tilbakehalden med å tolke ei kortsiktig resultatutvikling som eit teikn på langsiktig lønnsemd i banknæringa. Ein må rekne med at tap på utlån, som har auka i 2007, kjem til å auke frå dagens låge nivå.

3.4.1 Eigenkapitalavkastninga i bank­sektoren dei siste åra

For bankane i Noreg samla sett var eigenkapitalavkastninga 16 prosent i 2007. Banksektoren i dei fleste land i Europa kunne vise til ei eigenkapitalavkastning på godt over 10 prosent i 2006, og har auka frå 2004. Blant andre Sverige har hatt betydeleg høgare eigenkapitalavkastning enn Noreg i 2005 og 2006. Dei gode resultata i banknæringa speglar ein generelt god økonomisk periode, og på grunn av konjunkturutviklinga har også dei fleste andre sektorar i Noreg hatt høg eigenkapitalavkastning dei siste åra.

I perioden 2003 til 2005 auka avkastninga i alle grupper bankar, men det var berre DnB NOR som auka avkastninga i 2006. Det har vore nedgang i eigenkapitalavkastning for alle grupper i 2007. I Noreg er det dei største bankane som har høgast avkastning på eigenkapitalen. Lågare eigenkapitalavkastning i mindre bankar kjem av ein kombinasjon av høgare kostnader og høgare nivå på eigenkapitalen.

Figur 3.1 Eigenkapitalavkastning i prosent

Figur 3.1 Eigenkapitalavkastning i prosent

Kjelde: ECB/Kredittilsynet

Figur 3.2 Eigenkapitalavkastning for grupper av norske bankar, 2003–2007

Figur 3.2 Eigenkapitalavkastning for grupper av norske bankar, 2003–2007

3.4.2 Netto renteinntekter og rentemarginar

Bankane finansierer i stor utstrekning utlåna sine ved innskot og andre innlån, og differansen mellom gjennomsnittlege utlåns- og innskotsrenter kan derfor vere ein mogleg indikator for konkurransegraden i bankmarknaden.

Rentemarginane i norske bankar har falle sidan byrjinga av 1990-talet. Fall i rentemarginar har også ført til at netto renteinntekter for bankane i forhold til forvaltningskapitalen har falle dei siste 10–15 åra. Netto renteinntekter er framleis den største inntektsposten til bankane, og utgjorde nær 70 prosent av dei totale inntektene til bankane (utanom verdipapirinntekter) i 2007.

Figur 3.3 Utvikling i netto renteinntekter og rentemarginar

Figur 3.3 Utvikling i netto renteinntekter og rentemarginar

Figur 3.4 Spreiing i rentemargin, personkundar

Figur 3.4 Spreiing i rentemargin, personkundar

I tillegg til at rentemarginane generelt har falle dei siste åra, er det blitt mindre forskjellar mellom bankane. Ei medverkande årsak til fallande rentemarginar kan vere at Noreg har opplevd ein langvarig oppgangskonjunktur, og at bankane har oppfatta kredittrisikoen ved utlån til føretak som lågare enn tidlegare.

Dei utanlandske bankane har over lengre tid hatt lågare rentemarginar enn dei norske bankane. I februar 2008 viste finansportalen.no at dei lågaste rentetilboda på bustadlån låg svakt i overkant av 3-månaders NIBOR, og lågare enn dei beste tilboda på innskotsrenter. Høge innskotsrenter kan i visse tilfelle reflektere at bankar har problem med å skaffe alternativ finansiering til akseptable vilkår.

Når det gjeld norske bankars utlånsmargin (forskjellen mellom utlånsrente og NIBOR) til hushald, ligg denne i Noreg under nivået både for svenske og danske bankar. Bankane i desse landa har ein mindre del av heimemarknaden enn bankane i Noreg fordi utlån til bustadformål i nabolanda våre i hovudsak er gitt som fastrentelån i kreditt­føretak. I Noreg utgjer utlån til bustadformål over 60 prosent av totale utlån frå bankar, og over 90 prosent av låna er gitt med flytande rente.

Figur 3.5 Utlånsmargin i bankar

Figur 3.5 Utlånsmargin i bankar

Figur 3.6 Innskotsmargin i bankar

Figur 3.6 Innskotsmargin i bankar

Til forskjell frå rentemarginen inneheld netto renteinntekter også bankane sine innlånskostnader i pengemarknaden. Netto renteinntekter er også følsame for utviklinga i volumet på innskot og utlån. Sterk vekst i innskot og utlån gjorde sitt til at norske bankar hadde ein vekst i netto renteinntekter på 10 prosent etter tre kvartal i 2007, trass i fallande rentemargin, jf. figur 3.7.

Figur 3.7 Endringa i netto renteinntekter 2007

Figur 3.7 Endringa i netto renteinntekter 2007

Figur 3.8 Forvaltningskapital fordelt etter netto renteinntekter i prosent
 av GFK

Figur 3.8 Forvaltningskapital fordelt etter netto renteinntekter i prosent av GFK

Figur 3.8 viser at for hovudtyngda av bankane utgjer netto renteinntekter no mindre enn 1,5 prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital. Dette var også tilfellet i 2006. Fallet frå 2005 har vore markert.

3.5 Nærare om konkurransen

3.5.1 Innleiing

Tidlegare kapittel har gitt ei oversikt over aktørar på tilbods- og etterspørselssida i bankmarknaden og over viktige produkt som blir tilbydde. Tilbodssida har vekt særleg interesse. Forhold som regelverksharmonisering og teknologisk utvikling har vore trekte fram som viktige drivarar bak strukturelle endringar. Utviklinga i nøkkeltal som eigenkapitalavkastning og rentemarginar er blitt belyste. Eit viktig, men vanskeleg spørsmål er kva desse forholda kan seie oss om konkurransen i marknaden.

3.5.2 Marknadskonsentrasjon

Konkurranseanalyse startar ofte med avgrensing av såkalla relevante marknader. Kva som er relevant, er avhengig av kva ein ønskjer å studere. Ser ein på ein mogleg fusjon eller eit samarbeid, er det naturleg å starte med dei faktiske kundane til deltakarane og å vurdere korleis desse kan reagere på ein eventuell prisauke frå deltakarane. Har kundane gode alternativ til produkta frå deltakarane, så er marknaden stor og deltakarane sin del av dette liten. Viss alternativa er dårlege, for eksempel fordi dei ikkje tilfredsstiller same behov eller fordi dei er vanskeleg tilgjengelege, så framstår den relevante marknaden som liten og konsentrert. Det er då behov for ein nærare analyse.

Fordi avgrensing av relevante marknader krev at ein tek utgangspunkt i eit gitt (situasjonsbestemt) utval av tilbydarar, er denne tilnærminga ikkje eigna når ein skal studere «marknaden for banktenester i Noreg». Generelt vil det vere nokså tilfeldig om ein marknad omfattar alle tilbydarar som opererer innanfor landegrensene, og utelukkar alle andre. Ein del norske bankkundar er i kontakt med både norske og utanlandske tilbydarar, også slike som ikkje har direkte representasjon i Noreg gjennom filial. I ein del tilfelle er det kunden som opprettar kontakt med utanlandske tilbydarar. Enkelte andre norske bankkundar vil primært ha kontakt med bankar i nærområdet. Dette kan vere fordi dei treng eller ønskjer personleg kontakt med kundebehandlar. Men det kan òg vere fordi det er vanskeleg å få lån frå fjerntliggjande bankar som manglar lokalkunnskap og derfor ikkje har like godt grunnlag for kredittvurdering. Desse forholda er ganske grundig belyste i tidlegare kapittel.

Konsentrasjonen på tilbodssida i den norske kredittmarknaden er lågare enn i Finland, der dei fem største tilbydarane hadde ein samla marknadsdel på 82 prosent. Tilsvarande tal for Noreg er 53 prosent, noko som likevel kan verke høgt. DnB NOR Bank står åleine for ein marknadsdel på 37 prosent. Som vi har vore inne på, kan ein likevel ikkje leggje til grunn at Noreg dannar ein relevant marknad i konkurransemessig forstand. I tillegg til dei store bankane finst det i Noreg meir ein 120 sparebankar. Desse har typisk betydelege marknadsdelar i nærområda sine, og framstår som meir jambyrdige med eventuelle storbankar som er representerte i same område. Mange bankkundar oppfattar dessutan banktenester over Internett som eit godt alternativ, og kan derfor i prinsippet velje blant alle bankar som tilbyr nettbaserte løysingar.

Paradoksalt nok framstår marknaden for utlån til personkundar på Austlandet som ein av dei mest konsentrerte. DnB NOR har her åleine halve marknaden. På grunn av den store befolkningstettleiken er Austlandet samtidig det området der flest bankar har lokal representasjon. Filialtettleiken er truleg lågare i område med liten befolkningstettleik. For ein del av kundane i slike område blir nok dette oppfatta som ein faktor som avgrensar tilgjenget til banktenester. At det i område med låg befolkningstettleik kan vere langt mellom filialar frå ulike bankar, kan ofte reflektere ein filialstruktur som er økonomisk fornuftig for dei involverte bankane. Det kan her leggjast til at Posten Noreg er pålagd ved lov å tilby såkalla grunnleggjande banktenester gjennom heile filialnettet sitt.

Samla sett synest det som om dei fleste bankkundar i Noreg har eit tilbod av banktenester som kan leggje grunnlag for effektiv konkurranse mellom ulike tilbydarar. Sidan banktenester som sparing, lån og betalingsformidling i utgangspunktet er ganske homogene produkt, er det eigentleg ikkje så viktig for kvar enkelt kunde å kunne velje mellom mange leverandørar. Det som er viktig, er at konkurransen er verksam mellom dei leverandørane som faktisk finst. Samanhengen mellom talet på tilbydarar og graden av konkurranse er likevel ikkje klar. I prinsippet kan ein på den eine sida ha svært sterk konkurranse mellom to aktørar. På den andre sida kan ein tenkje seg marknader med mange tilbydarar der konkurransen likevel ikkje verkar godt nok.

3.5.3 Marknadsdynamikk og etablerings­forhold

Det er vanleg å gå ut frå at moglegheitene for å utøve marknadsmakt, einsidig eller gjennom samarbeid, blir sterkt redusert dersom det er enkelt å etablere konkurrerande verksemd. Som det går fram av tidlegare kapittel, er bankmarknaden i endring med blant anna etablering av nye bankar. Utstrekt harmonisering av regelverk og god tilgang til fellestenester som betalingsformidling bidreg til dette. Når det gjeld etablering av heilt ny bankverksemd, er dette enklast når det gjeld tilbod av banktenester over Internett. Fleire av tilbydarane i denne marknaden er filialar eller dotterselskap av store utanlandske bankar, og dei kjem neppe til å ha særlege kapasitetsavgrensingar for ekspansjonsmoglegheitene i den norske marknaden. At dei i utgangspunktet har ein liten kundeportefølje, kan ein isolert sett rekne med gir stor konkurransevilje. Med få kundar vil eit prisfall som følgje av auka konkurranse vege lite i forhold til ein omsetningsauke som følgje av ein auka marknadsdel. Som vist tidlegare har utanlandske filialar og dotterbankar hatt sterk utlånsvekst dei siste åra, og høgare vekst enn norske bankar. Den auka satsinga i den norske bankmarknaden har dermed bidrege til å auke marknadsdelane deira monaleg.

3.5.4 Marginar og avkastning

Rentemarginane har vist ein betydeleg reduksjon gjennom ein forholdsvis lang periode. Ei vanleg forklaring på dette har vore at konkurransen har auka. Blant anna har ein sett at utanlandske aktørar har vore aktive i marknadsføringa si for å ta mark­nadsdelar. Men fallande rentemarginar kan òg ha hatt samanheng med den langvarige konjunkturoppgangen vi har vore vitne til. Med lågt misleghald på lån, stigande panteverdiar på bustader, høg sysselsetjing og låge konkurssannsyn for føretak har kredittrisikoen truleg blitt oppfatta som låg. Dette kan ha påverka bankane si vurdering av behovet for å bake inn risikomarginar i utlånsrentene. I eit noko lengre tidsperspektiv kan delar av nedgangen i rentemarginane også ha samanheng med overgang til direkte prising (gebyr) av for eksempel betalingstenester, og meir bruk av kostnadsreduserande teknologi.

Samtidig som ein må gå ut frå at utanlandske finansinstitusjonars oppkjøp og nyetableringar i Noreg undergrev moglegheitene for å utøve varig marknadsmakt overfor norske bankkundar, så reflekterer nok etableringane også at det i utgangspunktet har vore oppfatta som lukrativt å drive bankverksemd her. Etter bankkrisa frå 1990 til 1993 hadde dei norske bankane nokre år med svært god eigenkapitalavkastning. Avkastninga fall ein del etter tusenårsskiftet, men har i seinare åra igjen vore svært god. Dette er likevel ikkje særnorsk og kan langt på veg forklarast ved ei gunstig konjunkturutvikling med låge tap og høg volumvekst. Store delar av ein banks kostnader er på kort sikt nokså ufølsame for volumet. Saman med den gunstige tapsutviklinga bidreg volumveksten på denne måten til å forklare at bankane har forbetra resultata sine, trass i at rentemarginane har falle.

Konjunkturfølsemda i bankens resultat bidreg til å svekkje den kortsiktige samanhengen mellom konkurranse og eigenkapitalavkastning. Samtidig har det, som tidlegare forklart, skjedd betydelege strukturelle endringar i den norske finansmarknaden over lengre tid, og det verkar derfor ikkje rimeleg å gå ut frå at «konkurransegraden» har vore konstant.

3.5.5 Særlege utfordringar i bankmark­naden

Liten kundemobilitet

Det er særleg risikoen for å miste kundar til konkurrentar som kan halde ein leverandør frå å krevje/tilby urimelege vilkår eller yte dårleg service. Eit viktig spørsmål blir derfor kor følsame kundane er overfor eventuelle forskjellar mellom leverandørane i ein marknad, og om forholda eventuelt kan leggjast til rette for auka følsemd for renteforskjellar og anna. Som tidlegare nemnt synest norske bankkundar å vere svært lojale, ut frå nylege undersøkingar. Dette biletet blir stadfesta av ei fersk undersøking frå ESA der det går fram at norske forbrukarar byter leverandør av brukskonto i gjennomsnitt berre kvart tiande år. Sjølv om låg bytefrekvens delvis kan ha andre årsaker enn manglande konkurranse, er det i eit konkurranseperspektiv viktig å leggje til rette for at kundar som ønskjer det, kan byte banksamband på ein effektiv måte.

Enklare bankbyte

Medan gevinstane for kvar enkelt kunde ved byte av bank kan vere usikre og vanskelege å berekne, har kostnadene (særleg i form av tid og bry) for mange kundar verka heller store. Behovet for å forenkle kundars byte av banksamband har vore framheva blant anna i den nemnde rapporten frå ESA. I Noreg har ein nyleg, blant anna under påtrykk frå styresmaktene, blitt samde i banknæringa om korleis nytt og gammalt banksamband skal fordele oppgåver og utveksle nødvendig informasjon i samband med bankbyte. Dette inneber ikkje at det blir problemfritt for kundane å byte bank, men det blir vonleg mykje enklare. Etter ei nærare vurdering har Finansdepartementet kome til at det no ikkje var aktuelt å innføre personlege bankkontonummer som kunne takast med når ein bytte bank (banknummerportabilitet). Ei slik løysing ville vere god for kundane og ville ha ført til auka mobilitet, men med dagens teknologi syntest kostnadene ved omlegging av kontonummersystemet å vere større enn dei moglege fordelane for kundane. Departementet la i denne samanhengen vekt på dei fordelane ein kan oppnå gjennom den nemnde semja i banknæringa om kva rolle nytt og gammalt banksamband skal ha ved bankbytte, såkalla Switching Codes. Her skal tiltak vere på plass før 1. mai 2008.

Transparens

Med den nylege introduksjonen av finansportalen.no, ein offentleg finansiert og driven nettstad med informasjon om rentevilkår og andre forhold ved finansielle tenester, har det blitt enklare å orientere seg i marknaden. Dette er viktig i og med at moderne forbrukarar har stadig fleire og meir kompliserte leverandørforhold, og det er krevjande å halde seg oppdatert. På lengre sikt kan det kanskje bli mogleg å presentere tidsseriar eller tidsvekta gjennomsnittstal for renteutviklinga hos ulike leverandør. Dette kan i så fall gi eit betre grunnlag for meiningar om kva ein kan forvente frå ulike leverandørar, også etter eit eventuelt leverandørbyte.

Produktpakker/fordelsprogram

Lojalitetsrabattar, det vil seie at vilkåra ved kjøp av éi teneste blir betre viss ein samtidig kjøper éi eller fleire andre tenester frå same leverandør, svekkjer transparensen i marknaden og svekkjer klart konkurransen for kvart enkelt produkt/teneste, ved at produkta blir pakka på ulike måtar. Den uoversiktlege prissetjinga og prisstrukturen som pakker og fordelsprogram gir opphav til, skaper elles presentasjonsmessige utfordringar for finansportalen.no og andre som tilbyr informasjon om vilkår i marknaden. I tillegg til at forholda blir mindre oversiktlege, kan lojalitetsrabattar gi reelle innelåsingseffektar og svekkje verknaden av konkurransen frå leverandørar med eit smalare sortiment. Medan dette neppe har mykje å seie for unge, økonomisk bevisste og internettkunnige bankkundar som primært har behov for basistenester, så bidreg det truleg til låg mobilitet særleg hos noko eldre kundar med behov for fleire typar av banktenester og personleg kundebehandling.

Gjeldande forskrift om produktpakker forbyr finansinstitusjonar å tilby ei teneste på vilkår av at kunden samtidig skaffar seg ei anna teneste, eller innrømme ein kunde særleg gunstige vilkår på vilkår av at dette blir gjort. Forbodet mot særleg gunstige vilkår gjeld likevel ikkje når eit samla tilbod av fleire tenester er grunngitt med kostnadsinnsparingar. Kredittilsynet kan i tvilstilfelle avgjere om eit vilkår er i strid med føresegnene her. Ei fersk undersøking frå Kredittilsynet viser at det er vanleg både i bank- og forsikringsmarknaden å gi rabattar når kundar kjøper fleire tenester samtidig. Leverandørane grunngir ofte slike rabattar med kostnadsinnsparingar, men har ikkje dokumentert desse innsparingane.

Finansdepartementet går ut frå at finansinstitusjonar ofte kan realisere nokre kostnadsgevinstar ved å marknadsføre, selje og administrere fleire tenester under eitt. I den grad prisstrukturen reflekterer reelle kostnadsforskjellar ved å tilby tenester samla og separat, kan slik rabattering i og for seg bidra til auka samfunnsøkonomisk effektivitet. Her oppstår det likevel fleire problem. Det er mykje som tyder på at slike kostnadsgevinstar vanskeleg kan bereknast og verifiserast. Dette skaper problem med tanke på å praktisere unntaket i produktpakkeforskrifta. Vidare er det ikkje alltid slik at rabattane blir utforma for å reflektere faktiske kostnadsinnsparingar. Som eksempel kan det i staden vere slik at kunden ved å samle mange nok tenester blir premiert med gratis betalingstenester eller «personleg kunderådgivar». Dette kan gi overforbruk av slike tenester. Meir alvorleg er det likevel at produktpakker kan avgrense konkurranse i marknaden gjennom at dei låser kundar inne. Det er omsynet til konkurransen som har grunngitt forbodet mot produktpakker. Finansdepartementet vil vurdere om det er behov for å sjå nærare på denne problemstillinga med sikte på å skjerpe inn reglane.

Internasjonale betalingskort

Det går fram av nyleg publiserte rapportar frå EU og ESA at det i EØS-området er lite konkurranse på tvers av landegrensene i marknadene for internasjonale betalingskort. Dette ser ein blant anna av den store variasjonen i nivået på gebyr mellom land. Innanfor dei ulike landa er konsentrasjonen ofte sterk blant innløysarane av slike kort. Dette gjeld ikkje minst for Noreg. Innløysarane, som bankane typisk eig i fellesskap, krev inn betydelege gebyr frå brukarstadene for kvar enkelt transaksjon. Små og mellomstore bedrifter betaler spesielt høge gebyr. Brukarstadene blir avskorne frå å velte kostnadene sine over på kortbrukarane. Størstedelen av dei brukarstadgebyra som kortinnløysarane krev inn, blir formidla vidare til dei kort­utskrivande bankane gjennom såkalla Multilateral Interchange Fees (MIFs). Formålet og verknaden av å belaste brukarstadene, heller enn kortbrukarane, synest å vere at dette gir ein større bruk av, og høgare lønnsemd frå, internasjonale betalingskort.

EU-kommisjonen uttrykte i samband med publiseringa av den endelege rapporten sin at det var nødvendig å handheve konkurransereglane strengt, i nært samarbeid med nasjonale konkurransemyndigheiter. I desember 2007 fatta Kommisjonen vedtak om at MasterCards MIFs strir mot EUs konkurransereglar. Formidlingsgebyra dannar grunnlaget for å rekne ut brukarstadgebyra, og MasterCards MIFs blir oppfatta som ei (indirekte) avgrensing av priskonkurransen mellom innløysarane i marknaden. Kommisjonen presiserte samtidig at det ikkje handlar om eit generelt forbod mot MIFs, men at MIFs berre er i samsvar med EUs konkurransereglar dersom dei bidreg til tekniske og økonomiske framsteg, og er til fordel for forbrukarane. Kommisjonen meiner at MasterCard ikkje har godtgjort at deira MIFs gir slike fordelar. Så vidt Finansdepartementet har forstått, er det her snakk om MIFs som blir brukt ved grensekryssande betalingar i EØS-området, og for innanlandske transaksjonar i åtte EU-land. Kommisjonen poengterte i vedtaket at VISA, som opererer med eit liknande system, sjølv er ansvarleg for å sjå til at deira MIFs er i samsvar med konkurransereglane i EU. EU-kommisjonen melde 26. mars 2008 at Kommisjonen set i gang ei formell undersøking av bruken av MIFs i VISA. Eit tidlegare unntak frå konkurransereglane gjekk ut i 2007. I tillegg til MIFs vil Kommisjonen vurdere ein klausul som pålegg brukarstadene å godta alle VISA-kort uavhengig av korttype, transaksjonsform eller utskrivar.

Vurderingane i rapportane frå EU og ESA er på fleire område samanfallande med vurderingar i to rapportar frå ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Kredittilsynet, Noregs Bank og Konkurransetilsynet, særleg når det gjeld problembeskriving. I februar 2008 bad Finansdepartementet Konkurransetilsynet om å vurdere om konkurranse­reglane kan brukast for å auke den samfunnsøkonomiske effektiviteten i dei internasjonale kortsystema som blir brukte i Noreg. Finansdepartementet understreka at ei vurdering av marknadene for internasjonale betalingskort etter føresegnene i konkurranselova ikkje utelukkar reguleringar frå Finansdepartementet som sektormyndigheit med sikte på å betre konkurransen. Det er likevel naturleg at Konkurransetilsynet gjer si vurdering og avklarar tiltaka sine før Finansdepartementet vurderer om ytterlegare tiltak er nødvendige frå Finansdepartementet si side.

3.5.6 Oppsummering

Det norske bankmarknaden er nokså konsentrert, målt ved marknadsdelen til dei fem størst bankane. Men eit slikt konsentrasjonstal fangar ikkje opp det faktum at svært mange bankar er aktive i den norske marknaden. Den norske bankmarknaden skil seg uansett ikkje spesielt ut i europeisk samanheng, om ein ser på dominansen til dei største aktørane. Det har vore store strukturelle endringar i den norske bankmarkaden dei seinare åra. Nokre bankar er blitt kjøpt opp av utanlandske aktørar. Andre har slått seg saman, og mange mindre bankar søkjer fordelar gjennom samhandling. Nye bankar har kome til, noko som tyder på låge hindre for etablering. Ny teknologi har minska behovet for nærleik til kundane, minske bankane sine kostnader, og gjort det enklare for kundane å halde seg orienterte om prisar og vilkår. Det er óg ein trend at kundar byter bank noko oftare enn før.

Finansdepartementet vurderer samla sett konkurransesituasjonen i den norske bankmarknaden som rimeleg tilfredsstillande.

Departementet vil likevel følgje opp ein del særlege problemstillingar framover. Dette gjeld blant anna kundemobilitet. Viktige stikkord her er god transparens og låge bytekostnader. Vidare vil ein sjå på reglane for produktpakker (og fordelsprogram), som nemnt ovanfor.

Marknaden for internasjonale betalingskort har vekt større interesse internasjonalt i seinare tid, og vil bli vurdert nærare også her i Noreg. Saka er som nemnt lagd fram for Konkurransetilsynet.

Fotnotar

1.

Inkludert kredittføretak og finansieringsselskap

Til forsida