St.meld. nr. 19 (2007-2008)

Kredittmeldinga 2007

Til innhaldsliste

7 Verksemda til Det internasjonale valutafondet

7.1 Innleiing

Det internasjonale valutafondet (International Monetary Fund, forkorta IMF) har 185 medlemsland og er ein sentral aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet. IMF er ein sjølvstyrande institusjon under FN-paraplyen. IMF har eit hovudansvar for å fremje stabiliteten i det internasjonale monetære systemet og er eit forum for internasjonalt samarbeid om penge- og valutapolitiske spørsmål.

Verksemda til IMF er konsentrert om tre hovud­aktivitetar: førebyggje kriser ved å overvake økonomien i medlemslanda, låne til land som har betalingsbalanseproblem eller er i krisesituasjonar, og gi teknisk assistanse. Saman med Verdsbanken speler IMF ei viktig rolle i arbeidet for å lette gjeldsbetalingane for fattige land og setje dei betre i stand til å nedkjempe fattigdom og realisere FN sine tusenårsmål.

IMF er inne i ein fase med til dels store endringar i verksemda. Nedgangen i utlån dei siste åra har gitt eit stort underskot. Konsolideringa av den finansielle situasjonen, under leiinga av Dominique Strauss-Kahn som ny administrerande direktør, opnar for ein gjennomgang av IMF sine oppgåver på fleire område. Reforma av kvotar og stemmerett vil, saman med utfallet av den finansielle situasjonen, vere viktig med tanke på kva legitimitet og innverknad organisasjonen kjem til å ha. IMF si verksemd i låginntektsland er òg eit viktig tema som har fått mykje merksemd det siste året.

Avsnitt 7.2 gir ei generell oversikt over oppgåvene til IMF og 7.3 ei oversikt over styresettet til organisasjonen. Avsnitt 7.4 omtalar aktuelle spørsmål som har vore til behandling i IMF sidan førre kredittmelding. Avsnitt 7.5 gir eit oversyn over særskilde forhold som gjeld Noreg, og 7.6 redegjer for informasjonen til Stortinget om IMF-spørsmål.

7.2 Oppgåvene til IMF

7.2.1 Økonomisk overvaking

IMF si overvaking av økonomien i medlemslanda skjer på multilateralt, regionalt og bilateralt nivå.

Basis for den multilaterale og regionale overvakinga er analysar av utsiktene for verdsøkonomien i World Economic Outlook, som blir lagd fram to gonger kvart år. Der drøftar ein utsiktene for verdsøkonomien under eitt, og særlege utfordringar i ulike regionar. IMF utarbeider også halvårlege analysar av utviklinga i dei internasjonale finansmarknadene i Global Financial Stability Report. Rapporten analyserer spørsmål knytte til ulike delar av finansmarknadene i einskilde land og regionar, og drøftar samspelet mellom makroøkonomiske spørsmål og finansmarknadene.

Den bilaterale økonomiske overvakinga utgjer kjernen i verksemda til IMF og blir utført gjennom jamne konsultasjonar overfor kvart medlemsland i samsvar med artikkel IV i IMFs vedtekter. Dei fleste medlemslanda har årlege konsultasjonar som inneber at delegasjonar frå IMF møter styresmaktene og organisasjonar i kvart enkelt medlemsland for å samle inn og analysere økonomisk informasjon. Statuttane slår fast at medlemslanda har ei omfattande informasjonsplikt om økonomiske spørsmål. Styresmaktene grunngir den økonomiske politikken dei fører og diskuterer eventuelle behov for omlegging med representantar frå IMF. Staben i IMF skriv deretter ein førebels og seinare ein endeleg rapport frå diskusjonane med si vurdering av det økonomiske opplegget. Rapportane blir diskuterte i IMF-styret, men medlemslanda har ikkje plikt til å følgje tilrådingane frå IMF.

Overvakinga byggjer på ein omfattande analyse av penge- og finanspolitikken, finanssektoren og dei strukturelle forholda i medlemslanda. Overvakinga har gradvis blitt utvida som følgje av veksande økonomisk integrasjon gjennom handel og finansstraumar. Integrasjonen har gitt medlemslanda eit betre grunnlag for økonomisk utvikling, men samtidig aukar faren for at alvorlege tilbakeslag skal spreie seg frå land til land. Overvakingsarbeidet legg vekt på å identifisere dei moglege kjeldene til veikskapar i medlemslanda, særleg som følgje av auka handel og finansiell integrasjon med omverda. Ei sentral oppgåve er å vurdere kva dei enkelte landa kan gjere for å kunne møte ulike former for uro på ein betre måte.

Som eit ledd i overvakingsarbeidet har IMF i samarbeid med Verdsbanken og andre internasjonale organ utarbeidd standardar og kodar på til saman tolv ulike område. 1 Etterleving av internasjonalt aksepterte standardar og kodar for såkalla beste praksis er ein viktig faktor for å sikre det økonomiske og finansielle systemet i eit land, og ein føresetnad for eit velordna internasjonalt finansielt system. Det er opp til kvart enkelt land om dei vil følgje desse standardane, men IMF oppmodar landa sterkt til å ta dei i bruk. Om lag tre firedelar av medlemslanda har fått gjennomført ei vurdering av IMF og Verdsbanken om korleis dei etterlever ein eller fleire av desse standardane (såkalla ROSCs – Report on the Observance of Standard and Codes).

IMF og Verdsbanken har òg etablert eit særskilt system for vurdering av den finansielle sektoren i medlemslanda, Financial Sector Assessment Program (FSAP). Ein FSAP-prosess omfattar blant anna ei vurdering av implementeringa av ulike standardar innanfor finansmarknadsområdet.

7.2.2 Lån til land med betalingsbalanse­problem

7.2.2.1 Bakgrunn

IMF fungerer som ein kredittunion. Medlemsland skal ha tilgang til finansieringsordningar slik at dei kan korrigere mellombels vanskar i betalingsbalansen utan å måtte gripe til tiltak som kan ha uheldige økonomiske konsekvensar for landet sjølv eller for andre land.

Eit land med betalingsbalanseproblem kan få lån i konvertibel valuta frå IMF mot å stille sin eigen valuta til disposisjon. Land med god utanriksøkonomi og konvertibel valuta er pliktige til å stille valuta til disposisjon for IMFs utlånsverksemd. Det er innskotet (kalla kvotar) eit land har i IMF, som avgjer kor mykje landet kan låne, og kor mykje valuta det må stille til disposisjon. IMFs finansieringsverksemd er basert på at dei finansielle midlane blir resirkulerte. Låna har derfor gjennomgåande kort nedbetalingstid.

IMF gir mellombels finansiering til land med betalingsbalanseproblem dersom landet samtidig går inn i eit økonomisk tilpassings- og reformprogram. Eit slikt program inneheld mellom anna krav – kondisjonalitet – til utforminga av den makroøkonomiske politikken, som skal leggje tilhøva til rette for ei gunstigare økonomisk utvikling og for at kreditorane skal få fornya tillit til landet. Desse vilkåra tek sikte på å rette opp dei økonomiske ubalansane og setje landet i stand til å betale tilbake lånet. Vilkåra skal i første rekkje leggje vekt på dei makroøkonomiske omsyna IMF særleg skal ivareta. I høve til retningslinjene skal krav om endra strukturpolitikk berre inn i programmet dersom dette er avgjerande for å oppnå dei makroøkonomiske måla. IMF legg vekt på at landa skal utvikle gode system for budsjettstyring. Dei må òg vise evne og vilje til å føre ein stabiliseringspolitikk som legg forholda godt til rette for auka økonomisk vekst, og ein politikk som er retta inn mot å redusere fattigdom. Frå norsk side legg ein vekt på å gi høg prioritet til kamp mot korrupsjon. Låna frå IMF er ikkje sikra utover dei krava som IMF stiller.

7.2.2.2 Dei ulike låneordningane

Tabell 7.1 gir eit oversyn over dei ulike låneordningane til IMF. Dei ordinære ordningane blir kalla «Stand-by-arrangement» eller «Extended fund facility». IMF har òg etablert særskilde låneordningar for land som får problem med betalingsbalansen i samband med naturkatastrofar, borgarkrig eller væpna konfliktar internasjonalt. Vidare har IMF laga særskilde ordningar for låginntektsland. Det var per februar 2008 alt 21 land som hadde uteståande lån under dei ordinære ordningane, og 56 land med lån under dei særskilde ordningane for låginntektsland.

Poverty Reduction and Growth Facility (PRGF) er ei låneordning spesielt retta mot dei aller fattigaste landa. Ordninga er ikkje finansiert ved dei ordinære ressursane til IMF, men er basert på at fondet har teke opp lån frå einskilde medlemsland, og at bistandskjelder subsidierer renta, som er særskilt låg (0,5 prosent). For å få lån må eit land utforme ein eigen strategi for å redusere fattigdom og fremje økonomisk vekst. Strategien skal utarbeidast i samarbeid med andre nasjonale styresmakter og det sivile samfunnet for å sikre nasjonal eigarskap til politiske val. Bilaterale givarland, IMF og Verdsbanken bidreg òg ved utforminga. Ei særskild utfordring i utforminga er knytt til kva evne landa har til å absorbere den finansielle assistansen dei mottek, anten i form av gåver eller lån. Kapitalinngang gjennom lån og bistand kan leie til styrking av valutakursen og svekkje konkurranseevna. Dette kan føre til problem for ein utsett eksportsektor. Det er derfor viktig at landa har gode planar for korleis slike ressursar skal nyttast til å byggje opp infrastruktur, styrkje helse- og utdanningssektoren eller andre kapasitetsaukande tiltak. Samtidig må landa ha institusjonell kapasitet til å utnytte ressursane på ein effektiv måte.

Ved utgangen av februar 2008 hadde IMF uteståande 3,8 milliardar SDR 2, tilsvarande 32 milliardar kroner, under PRGF til 56 land. Figur 7.3 viser dei største låntakarlanda i denne ordninga ved utgangen av februar 2008.

Exogenous Shocks Facility (ESF) er ei låneordning som blei etablert i november 2005 som ei eiga låneordning for låginntektsland som blir råka av plutselege og eksterne økonomiske sjokk. Dette er hendingar som ligg utanfor landet sin eigen kontroll, men som kan ha stor verknad på den økonomiske utviklinga og kampen mot fattigdom. Slike sjokk kan til dømes vere ein kraftig auke i energiprisar, fall i prisen på eller bortfall av etterspurnaden etter viktige eksportvarer, eller konfliktar i naboland. Låna har tilnærma same vilkår som PRGF-lån. Løpetida er noko kortare, sidan ein ventar at sjokket ikkje vil vere særleg langvarig. Det er ein føresetnad at landet har utarbeidd ein strategi for fattigdomsreduksjon. Berre land som ikkje har PRGF-lån, har rett til å låne under ESF. PRGF-land som blir ramma av sjokk, kan få ei utvida låneramme i IMF. Noreg inngjekk ein avtale med IMF i 2006 og lova å løyve 240 millionar kroner i subsidiemidlar til ESF innan utgangen av 2010. 50 millionar kroner av dette blei utbetalt i 2006. Innbetalinga blei ført på Utanriksdepartementet sitt budsjett. Ingen land har så langt søkt om lån under denne ordninga, og dei norske subsidiemidlane er til no er unytta. Noreg vil ikkje skyte inn ytterlegare midlar, ut over dei 50 millionane som blei løyvde i 2006, før ESF-ordninga blir teken i bruk. Regjeringa er i tett dialog med IMF om vidare bruk av ESF-midlane.

IMF etablerte hausten 2005 eit nytt instrument – utan finansiering – for tettare overvaking av låginntektsland enn det som følgjer av ein vanleg årleg konsultasjon. Policy Support Instrument (PSI) vil byggje på strategien landet sjølv har for reduksjon av fattigdom. Formålet er å gi omverda ei vurdering av den økonomiske politikken desse landa fører, utan samstundes å gi lån. Slike signal kan vere særleg viktige for at donorar skal vere villige til å yte finansiell assistanse og å få investeringar til landet. PSI kan i einskilde tilfelle utløyse gjeldsavtalar med kreditorlanda fordi det garanterer for ein sunn økonomisk politikk med målretta reformer. Ved utgangen av februar 2008 var det fem land som hadde program under PSI. Fire av desse landa hadde over mange år hatt program under PRGF før dei gjekk over på PSI. Dei har ikkje lenger behov for finansiell støtte frå IMF, men ønskjer å vere på eit PSI-program fordi dette inneber ei tett oppfølging frå IMF og gir viktige signal til andre givarar.

Tabell 7.1. gir ei oversikt over låneordningane innanfor IMF.

Tabell 7.1 Oversikt over låneordningane til IMF

LåneordningLånegrense (i pst. av kvoten landet har)RenteTilbakebetalingFormål
Ordinære ordningar
Stand-By ­Arrangement (SBA) (Etablert 1952)Årleg grense – normalt 100 pst. Kumulativ grense over løpetida er 300 pst., men kan vere høgareGrunnrente1 + 100–200 ­rentepunkt2Forventa innan 2¼–4 år, og maks. 5 årKortsiktige problem med betalingsbalansen
Extended Fund ­Facility (EFF) (1974)Som for SBASom for SBAForventa innan 4½–7 år, og maks. 10 årMeir langsiktige betalingsbalanse­behov som hovud­sakleg kjem av strukturelle forhold
Spesielle ordningar
Supplemental Reserve Facility (SRF) (1997)Inga definert grenseGrunnrente +300–500 rentepunkt3Forventa innan 2–2½ år, og maks. 3 årUventa store betalingsbalansebehov som følgje av tillitssvikt på dei interna­sjonale lånemarknadene
Compensatory Financing Facility (CFF) (1963)45–55 pst.GrunnrenteForventa innan 2¼–4 år, og maks. 5 årMellombels eksportproblem pga. fall i råvare­prisar, eller auka importkost­nader for korn
Emergency Assistance for natural disasters (ENDA) (1962)Normalt 25 pst. av kvoten, men kan aukast til 50 pst. i spesielle høveGrunnrente, men kan subsi­dierast ned til 0,5 pst.3¼–5 årBetalingsbalanse­problem i samband med naturkatastrofar
Emergency Assistance for post-conflict countries (EPCA) (1995)Som for ENDASom for ENDASom for ENDABetalingsbalanseproblem i samband med etterverknad av borgarkrig, politisk uro, internasjonale væpna konfliktar
Ordningar for låginntektsland
Poverty Reduction and Growth Facility (PRGF) (1999)Maks. er 140 pst., som i særlege høve kan aukast til 185 pst. Første gong eit land nyttar ordninga, er grensa normalt 90 pst., deretter reduksjon til 25 pst. ved sjette gongs bruk.0,5 pst.5½ –10 årSubsidierte lån til land med særleg låg inntekt som følgje av langvarige problem med betalingsbalansen. Skal fremje auka økonomisk vekst og redusere fattigdom
Exogenous Shocks Facility4 (2006)Årleg grense normalt 25 pst., og samla ikkje over 50 pst. (anna enn i særskilde høve)Som for PRGFSom for PRGFFor låginntektsland utan PRGF-lån som blir ramma av eksogene sjokk

1 IMFs ordinære utlånsrente (grunnrente, rate of charge) er ei kortsiktig SDR-rente (eit vekta gjennomsnitt av ei tremånadersrente for dei valutaene som er med i SDR: amerikanske dollar, euro, britiske pund og japanske yen), med eit påslag som skal dekkje mellom anna administrative utgifter og oppbygging av reservar. Grunnrenta var om lag 4,1 pst. tidleg i 2008.

2 Det er eit rentepåslag på 100 punkt (eitt prosentpoeng) for den delen av lånet som går over 200 pst. av kvoten, og 200 punkt på den delen som går over 300 pst. av kvoten.

3 Rentepåslaget startar med 300 punkt og aukar med 50 punkt etter eitt år og deretter med 50 punkt kvar sjette månad inntil det når 500 rentepunkt.

4 PRGF og ESF er låneordningar som berre blir administrerte av IMF. Utlåna blir ikkje finansierte over dei ordinære ressursane til IMF, men gjennom bilaterale tilskot frå medlemslanda og spesielle IMF-ressursar.

7.2.2.3 Utviklinga i utlån

Samla utlån frå IMF varierer i all hovudsak med omfanget av kriser i framveksande økonomiar. Låna nådde eit toppnivå i 2003 på 65 milliardar SDR. Utlåna var samla på nokre få land. I 2003 stod dei fem største låntakarane – Brasil, Tyrkia, Argentina, Indonesia og Russland – for 86 prosent av samla utlån.

I dei seinare åra har det ikkje vore nye finansielle kriser i framveksande økonomiar. Høg global økonomisk vekst og oppgang i råvareprisane har resultert i auka eksport og god vekst også i desse landa. Samstundes har låge langsiktige renter internasjonalt gitt gunstige finansieringsforhold, og ei betring i statsfinansar og moderat inflasjon har støtta opp om den positive makroøkonomiske utviklinga i framveksande økonomiar. Eit ønske om sterkare regionale institusjonar kan òg ha gjort sitt til å redusere utlåna. IMF har ikkje gitt nye store lån sidan 2003.

Figur 7.1 Utvikling i netto utlån frå IMF. April 1976 – februar
 2008.

Figur 7.1 Utvikling i netto utlån frå IMF. April 1976 – februar 2008.

Kjelde: IMF

Samla utlån ved utgangen av januar 2008 var på 9,7 milliardar SDR. PRGF-låna utgjorde 3,8 milliardar SDR. Lån utanom PRGF var på 5,9 milliardar SDR. Av dette var den største enkeltposten eit lån på 4,5 milliardar SDR til Tyrkia, medan resten av utlåna utanom PRGF-ordninga var delt på 20 andre land. Som figur 7.1 viser, er samla netto utlån, målt ved summen av dei ordinære låna og lågrentelån, no på det lågaste nivået sidan slutten av 1970-talet.

Figur 7.2 Dei største låntakarlanda under PRGF ved
 utgangen av februar 2008

Figur 7.2 Dei største låntakarlanda under PRGF ved utgangen av februar 2008

Kjelde: IMF

7.2.2.4 Gjeldssletting

Det internasjonale samfunnet innsåg på midten av 1990-talet at gjeldsbyrda for mange fattige land ikkje var til å leve med. IMF og Verdsbanken lanserte derfor i 1996 eit felles initiativ for å redusere gjelda i desse landa til eit nivå som kunne handterast – Initiative for Heavily Indebted Poor Countries, (HIPC). Initiativet skal tryggje utviklinga i fattige, gjeldsbelasta land ved at gjelda blir senka ned til eit nivå som gjer det mogleg for landa å betale henne gjennom eksportinntekter, utviklingshjelp og annan kapitalinngang frå utlandet. Gjeldssletting skal berre givast til land som kan dokumentere evne og vilje til stor eigeninnsats i form av makroøkonomisk tilpassing og økonomiske reformer. Slike krav byggjer på tidlegare røynsler om at vanskelege gjeldsproblem ikkje let seg løyse utan ei vesentleg omlegging av den økonomiske politikken, samstundes som reformene skal sikre effektiv bruk av det økonomiske rommet som gjeldsslettinga gir.

I ordninga skulle landa i gjeldsinitiativet kvalifisere seg gjennom å innføre økonomiske tilpassingar over ein treårsperiode (fase 1) som leidde fram mot eit vedtak om å inkludere landet i gjeldsinitiativet (decision point). Deretter gjekk landet over i ein mellomperiode (fase 2, interim period) prega av vidare omlegging av den økonomiske politikken over ein ny treårsperiode. I denne perioden skulle Paris-klubben (offentlege kreditorar) og privat sektor gi gjeldssletting. IMF og Verdsbanken skulle først i sluttstadiet (completion point) kome inn med supplerande gåvemidlar i eit omfang som var nødvendig for å få gjelda ned på eit handterleg nivå.

HIPC-initiativet var meint å vere ei mellombels ordning for gjeldssletting, og i 2006 vedtok styret i IMF at ordninga skulle avsluttast. Alle land som ved utgangen av 2004 oppfylte kriteria for HIPC-initiativet, skal likevel ha rett til gjeldssletting så snart dei oppfyller krava for dette. Men gjeldsinitiativet blei lukka for andre land.

41 land er definerte som HIPC-land, dvs. fattige og gjeldstyngde land. 33 av HIPC-landa har nådd avgjerdsstadiet (decision point) og har gjennomført den innleiande tilpassinga, medan åtte land har vanskar med å kome inn under programmet. Fleire av desse er i eller har nettopp arbeidd seg ut av ein konfliktsituasjon og har store lån til IMF og Verdsbanken. Av dei 33 landa har 23 nådd sluttstadiet (completion point), medan ti land er i mellomstadiet under gjeldsprogrammet og gjennomfører tilpassinga av den økonomiske politikken. Dei totale kostnadene ved gjeldssletting til dei 41 HIPC-landa er rekna til å vere 68 milliardar USD i noverdi ved utgangen av 2006. Av dette dekkjer offentlege bilaterale kreditorar om lag 33 milliardar USD og private bilaterale kreditorar om lag 4 milliardar USD. Dei multilaterale institusjonane dekkjer 31 milliardar USD, og IMF om lag 6 milliardar av desse.

I 2005 blei HIPC-initiativet supplert med eit nytt gjeldsinitiativ – Multilateral Debt Relief Initiative (MDRI) – som tek sikte på å slette 100 prosent av gjelda HIPC-landa ved utgangen av 2004 hadde til Det afrikanske utviklingsfondet, Valutafondet og International Development Association (IDA, som er ein del av Verdsbankgruppa). Gjeld som er teken opp etter 1. januar 2005, er ikkje omfatta av MDRI. I 2007 slutta Den interamerikanske utviklingsbanken seg til dette gjeldsinitiativet. Formålet med MDRI er å frigjere ressursar som elles ville ha gått til å betale gjeld i HIPC-landa, slik at landa betre kunne nå tusenårsmåla. Til forskjell frå HIPC-initiativet er ikkje MDRI knytt til ein føresetnad om parallell gjeldssanering verken frå andre private eller offentlege kreditorar eller andre multilaterale finansinstitusjonar.

I tillegg til dei 41 HIPC-landa kan òg Kambodsja og Tadsjikistan få sanert gjeld under MDRI. Ved utgangen av 2007 var det i alt 25 land som hadde fått sletta gjeld under MDRI. Samla gjeldssletting under MDRI er rekna til om lag 48 milliardar USD. Av dette dekkjer Verdsbanken heile 33 milliardar, medan IMF sin del er vel 4 milliardar USD.

7.2.3 Teknisk assistanse

Teknisk assistanse til medlemslanda har auka i omfang dei siste åra og utgjer no om lag 25 prosent av IMF sitt budsjett. Om lag to tredelar av den tekniske assistansen går til dei såkalla PRGF-landa, det vil seie dei 78 landa som har rett på lågrentelån frå IMF. Dei fleste av desse landa har utilstrekkelege og sårbare institusjonar og treng meir fagleg hjelp for å kunne forme og gjennomføre ein berekraftig økonomisk politikk. Den tekniske assistansen blir i hovudsak gitt innanfor tre område:

  • utforming og gjennomføring av penge- og finanspolitikken,

  • hjelp til å byggje opp institusjonar, og

  • lovgiving for økonomisk verksemd og finanssektoren.

Assistansen tek såleis sikte på å betre det institusjonelle grunnlaget for gjennomføring av dei økonomiske tilrådingane. Det er behov for tett og konstruktiv koordinering og samarbeid mellom IMF og andre institusjonar, med ei klar ansvarsfordeling slik at ein får ei sterkast mogleg forankring av assistansen på kjerneområdet.

Den tekniske assistansen blir i aukande omfang gitt gjennom regionale senter. IMF har etablert slike senter i Fiji (Stillehavsområdet), Barbados (Karibia), Tanzania (Aust-Afrika), Mali (Vest-Afrika), Gabon (Sentral-Afrika) og Libanon (Midtausten). Tanken er at slike senter som er etablerte ute i medlemslanda, vil ha ei betre forståing for korleis assistansen bør utformast enn den sentrale staben i Washington. Assistanse kan også ytast raskare ved akutte behov. Figuren 7.3 viser korleis den tekniske assistansen til IMF var fordelt på regionar i 2007.

Figur 7.3 Teknisk assistanse i 2007 etter regionar

Figur 7.3 Teknisk assistanse i 2007 etter regionar

Kjelde: IMF

Teknisk assistanse er gratis for mottakarlanda. Noreg er med på å finansiere teknisk assistanse gjennom ein eigen konto i IMF, «Technical Assistance Subaccount to Support Macroeconomic and Financial Policy Formulation and Management». Utanriksdepartementet løyvde i 2004 3,5 millionar kroner til denne kontoen. I 2007 løyvde Utanriksdepartementet nye 3,5 millionar kroner til kontoen, pluss eit ekstratilskot på ca. 1,3 millionar kroner i samband med oppbygging av sentralbanken i Sudan. Utanriksdepartementet har også støtta dei afrikanske regionale sentra (AFRITAC) med 3 millionar kroner årleg sidan 2002.

I september 2006 inngjekk Utanriksdepartementet og IMF ein avtale som innebar at Noreg tok ansvar for å utføre hovudtyngda av den faglege hjelpa som var avtala mellom sentralbanken i Malawi og IMF. Avtalen gjaldt i første omgang fram til januar 2008, men er forlengd ut 2009. Noregs Bank vil stille inntil to årsverk per år til disposisjon for sentralbanken i Malawi. Formelt sett vil den faglege assistansen frå Noregs Bank bli administrert av IMF, men han blir finansiert av midlar frå Utanriksdepartementet.

7.3 Styresett

7.3.1 Organa i IMF

Det øvste organet i IMF er Guvernørrådet (Board of Governors). Det er sett saman av ein guvernør og ein vararepresentant frå kvart medlemsland. Rådet møtest til vanleg ved årsmøtet i IMF, som normalt blir halde i september eller oktober. Utanom dette gjer Guvernørrådet vedtak ved skriftleg røysting. Sentralbanksjefen er norsk medlem i Guvernørrådet, medan finansråden (departementsråden i Finansdepartementet) er vararepresentant.

Eit styre (Executive Board) på 24 stadlege styrerepresentantar leier arbeidet til dagleg. Dei fem landa som har skote inn den største kapitalen i IMF, USA, Japan, Tyskland, Frankrike og Storbritannia, peikar ut kvar sin representant til styret. Resten av styremedlemmene blir valde for toårsperiodar av einskilde medlemsland eller grupper av land som har organisert seg i valkrinsar. Kvar styremedlem har rett til å disponere eit sekretariat som er sett saman av personar frå landet eller landa han eller ho representerer. Noreg er representert i styret gjennom ein styremedlem for ein valkrins frå dei fem nordiske og dei tre baltiske landa. Posisjonen som styremedlem går på omgang mellom landa. Styret blir leidd av administrerande direktør (Managing Director) i IMF. Rodrigo de Rato gjekk av i oktober 2007 etter å ha vore administrerande direktør sidan sommaren 2004. Styret valde Dominique Strauss-Kahn frå Frankrike til ny administrerande direktør.

Den internasjonale monetære og finansielle komiteen (International Monetary and Financial Committee, IMFC) har ein viktig funksjon som rådgivande organ for Guvernørrådet. Komiteen legg dei politiske føringane for verksemda til IMF. På lik linje med styret har IMFC 24 medlemmer på minister- eller sentralbanksjefnivå, som anten representerer eitt land eller ein valkrins av land. For den nordisk-baltiske valkrinsen møter tradisjonelt finansministeren frå det landet som har styreposisjonen. IMFC kjem saman to gonger kvart år (vår og haust) og gir råd om den generelle økonomiske strategien til IMF og kva for økonomisk-politiske tema institusjonen skal konsentrere seg om. Viktige spørsmål er korleis ein skal handtere dei internasjonale økonomiske tilhøva, særleg dei som kan true eller skape vanskar for stabiliteten i det internasjonale finansielle systemet. På dei halvårlege møta utformar IMFC også eit kommuniké som samanfattar dei aktuelle økonomiske utfordringane i verdsøkonomien og gir tilrådingar om korleis ein skal møte desse.

Kvoten eit medlemsland har, avgjer dei finansielle relasjonane til IMF. Kvoten avgjer direkte kor stort innskot eit medlemsland må bidra med til IMF, og set ramma for kor mykje landet sjølv kan låne i IMF dersom det kjem i betalingsvanskar. Kor viktig eit land er i verdsøkonomien, avgjer i første rekkje storleiken på kvoten, men også storleiken på utanrikshandelen, valutareservane og variasjonar i eksporten og importen er med i grunnlaget som avgjer kor stor kvote eit land får. Røystevekta landa har i IMF, er basert på ein kombinasjon av kvoten og såkalla basisstemmer. Kvar 100 000 SDR i kvote gir ei stemme. Kvart land har dessutan 250 basisstemmer uavhengig av kvotestorleik. Då IMF blei etablert, utgjorde basisstemmene over 11 prosent av samla stemmevekt. Kvoteaukar har medført at basisstemmene no utgjer berre 2 prosent av stemmevekta. USA er den største medlemmen i IMF, og har ei røystevekt på 16,77 prosent. USA kan dermed blokkere vedtak som krev 85 prosent tilslutning.

7.3.2 Den nordisk-baltiske valkrinsen

Dei fem nordiske og dei tre baltiske landa utgjer ein valkrins og har ein representant i IMF sitt styre. Noreg har ei røystevekt på 0,77 prosent, og den nordisk-baltiske valkrinsen representerer 3,44 prosent av røystene. I 2008–2009 er styremedlemmen frå denne valkrinsen Jens Henriksson frå Sverige, og den svenske finansministeren representerer den nordisk-baltiske valkrinsen i IMFC. I 2006-2007 representerte Finland valkrinsen, og Tuomas Saarenheimo var styremedlem.

Landa i nordisk-baltisk valkrins samordnar synspunkta sine på viktige IMF-saker i første rekkje gjennom Den nordisk-baltiske monetære og finansielle komiteen (Nordic-Baltic Monetary and Financial Committee, NBMFC). Dei norske medlemmene er finansråden i Finansdepartementet og visesentralbanksjefen. Dei andre landa er representerte på eit tilsvarande nivå. NBMFC har til vanleg møte to gonger i året. Komiteen blir i 2008–2009 leidd av Per Jansson, statssekretær i det svenske finansdepartementet. I 2006-2007 var Martti Hetemäki assisterande departementsråd i det finske finansdepartementet, leiar.

Det er etablert ei førebuande gruppe for NBMFC (Alternates-gruppa) som er sett saman av representantar for finansdepartementa og sentralbankane i alle landa i den nordisk-baltiske valkrinsen. Hovudoppgåva er å førebu sakene som NBMFC skal diskutere. NBMFC kan òg setje ned særskilde arbeidsgrupper for å greie ut spesielle spørsmål.

I samordninga mellom landa i valkrinsen prøver ein å kome fram til felles standpunkt som styremedlemmen frå gruppa presenterer i IMF-styret. I dei aller fleste sakene blir landa samde. For å bli samde må Noreg, som dei andre landa i valkrinsen, somme gonger vere med på kompromiss. Dersom landa ikkje blir samde, er det fleirtalssynet som blir framført i styret. I slike høve kan mindretalet, dersom «nasjonale interesser» tilseier det, be om at styrerepresentanten framfører også deira syn. Terskelen er høg for å be om dette. Dersom eit land i valkrinsen ikkje aksepterer denne prosedyren, må styrerepresentanten frå nordisk-baltisk valkrins avstå frå å stemme når saka blir behandla i IMFs styre. Denne regelen har ikkje blitt nytta i 2007 eller hittil i 2008.

Dei halvårlege rapportane som styremedlemmen for dei nordisk-baltiske landa i IMFs styre utarbeider, blir drøfta i NBMFC som del av førebuingane til møta i IMFC. Rapportane tek føre seg verksemda i IMF, der dei viktigaste sakene og dei nordisk-baltiske synspunkta blir presenterte. I Noreg blir rapportane publiserte på nettsidene til Finansdepartementet og Noregs Bank.

7.3.3 IMF-arbeidet i Noreg

Finansdepartementet har ansvaret for saker som gjeld Noregs medlemskap i IMF. Noregs Bank forvaltar etter § 25 i sentralbanklova det finansielle mellomværet med IMF. På oppdrag frå Finansdepartementet har Noregs Bank ansvaret for det daglege arbeidet med IMF i Noreg. I samråd med departementet lagar banken forslag til norske synspunkt i saker som skal opp i IMF-styret. Finansdepartementet tek den endelege avgjerda om kva syn Noreg skal fremje overfor dei andre landa i valkrinsen og IMF. Arbeidsdelinga mellom departementet og banken er nedfelt i ei skriftleg forståing.

Utanriksdepartementet, som har ansvaret for regjeringa si behandling av verdsbanksaker, blir òg trekt inn i arbeidet. Det skjer gjennom jamleg samordning av einskilde saker og møte mellom representantar for institusjonane. Det er etablert ei uformell konsultasjonsgruppe mellom Finansdepartementet, Utanriksdepartementet og Noregs Bank om internasjonale økonomiske, finansielle og utviklingspolitiske spørsmål i samband med verksemda til IMF og Verdsbanken. Gruppa møtest til vanleg før møta i IMFC og Utviklingskomiteen.

Noreg praktiserer auka openheit om vår rolle i IMF og har vore pådrivar for auka openheit generelt i IMF. Finansdepartementet legg vekt på å ha god dialog med det sivile samfunnet om IMF-spørsmål. Som eit ledd i dette deltek Finansdepartementet og Noregs Bank saman med Utanriksdepartementet i eit konsultasjonsforum med Forum for utvikling og miljø 3 om multilaterale bank- og finansspørsmål. Formålet med forumet er å bidra til auka innsyn og kunnskap om Noreg si rolle i dei multilaterale finansinstitusjonane. Konsultasjonsforumet har normalt møte to gonger i året, før vår- og haustmøta til IMF og Verdsbanken.

7.3.4 Samarbeid med FN og Verdsbanken

Utviklingskomiteen (Development Committee, eller The Joint Ministerial Committee of the Boards of Governors of the Bank and Fund on the Transfer of Real Resources to Developing Countries) er ein felles rådgivande ministerkomité for IMF og Verdsbanken. Komiteen er organisert på same måte som IMFC, og dei nordiske og baltiske landa har ein felles representant. Komiteen har møte i samband med vår- og årsmøta, og medlemmene er i hovudsak finansministrar eller utviklingsministrar. Mandatet til komiteen er å gi IMF og Verdsbanken råd i viktige utviklingsspørsmål, mellom anna i kampen mot fattigdom, og om dei finansielle ressursane som trengst for å fremje økonomisk utvikling i utviklingslanda.

IMF, Verdsbanken og FN møtest jamleg i ECOSOC (Economic and Social Council). IMF har ein permanent utsending til FN. Hovudoppgåva er å betre kommunikasjonen og samarbeidet mellom IMF og FN. Både FN sjølv og FN-organisasjonen UNCTAD har til liks med ei rekkje andre internasjonale organisasjonar og institusjonar observatørstatus på møta i IMFC.

7.3.5 Finansiering

Den viktigaste inntektskjelda for IMF er renter på utlån. I tillegg har fondet fleire reservekontoar, der midlane er plasserte i ulike finansielle instrument som gir avkastning. Den største utgiftsposten er renter til kreditorane. IMF fungerer som ein kredittunion der enkelte medlemsland (kreditorar) stiller midlar til disposisjon for utlån til andre medlemsland (debitorar). Noregs Bank får ei rente på innskota sine i IMF som er basert på marknadsrentene, men i praksis reknar Noregs Bank med at ein får noko mindre avkastning på desse midlane enn på tilsvarande plasseringar av den vanlege valutareserven.

Om lag 45 prosent av utgiftene til IMF er knytte til den jamne drifta av IMF. Av desse midlane går om lag halvparten av utgiftene til ulike aktivitetar knytte til overvaking, medan resten er om lag likt fordelt på program/utlån og teknisk assistanse. Den sterke nedbetalinga av lån i 2005 og 2006 har svekt inntektsgrunnlaget for IMF. Dette har skapt eit stort driftsunderskot. Administrerande direktør Strauss-Kahn arbeider no med ei reform av finansane til IMF som vil omfatte både utgifter og inntekter, jf avsnitt 7.4.5.

Den finansielle kapitalen som IMF har til rådvelde, er først og fremst midlar som medlemslanda har betalt inn i samband med tildeling av kvotar. Dei samla ressursane til IMF ved utgangen av 2007 utgjorde 225 milliardar SDR (om lag 1925 milliardar kroner). Av dette beløpet var vel ein firedel rekna som ikkje tilgjengeleg fordi midlane er frå land som anten er på IMF-program – og som derfor per definisjon har ein svak utanriksøkonomisk situasjon – eller land som blir vurderte til å ha ein svak betalingsbalansesituasjon. Fråtrekt ein nødvendig arbeidsbalanse og allereie lova beløp stod det att om lag 128 milliardar SDR som kan nyttast til nye utlån.

IMF har òg to spesielle ordningar der somme medlemsland har lova å gi organisasjonen kortsiktige lån for å styrkje likviditeten i fondet i krisesituasjonar. Desse er GAB (General Arrangements to Borrow, etablert i 1962) og NAB (New Arrangements to Borrow). Ordningane sikrar at IMF i tillegg kan mobilisere 34 milliardar SDR. NAB-ordninga blei etablert i 1998 og må fornyast kvart femte år. Noreg deltek i NAB. Ordninga blei fornya for fem nye år i november 2007. IMF nytta ikkje desse ordningane i 2007.

Likviditeten i IMF er sterkt betra dei siste åra som følgje av at store lån er innfridde. Likevel er det nokre land som har restansar, og totalt utgjorde dette om lag 1,9 milliardar SDR ved utgangen av 2007. Dette fordeler seg med 1,6 milliardar SDR på ordinære lån og 0,3 milliardar til spesielle utlånsordningar, som hovudsakleg er finansierte med bilaterale midlar. Det er fire land som ikkje har klart å halde dei finansielle pliktene overfor IMF. Restansane var om lag uendra gjennom 2007. Meir enn halvparten av restansane knytte seg til Sudan, medan om lag ein firedel var knytt til Liberia. Dei to andre landa er Somalia og Zimbabwe. Liberia sine restansar til IMF blei sletta mars 2008 (jf. avsnitt 7.4.8).

7.3.6 Openheit og informasjon om aktivitetane i IMF

IMF har i fleire år arbeidd for å bli ein meir open institusjon. Stadig meir informasjon blir lagd ut på internettsidene til fondet. Sidan 2004 har IMF offentleggjort kalenderen for styremøta den komande veka, og kvar 14. dag blir media orienterte om aktivitetar som er i gang. Det er lagt opp til eit interaktivt system på Internett som tillet journalistar frå heile verda å delta på desse orienteringane. Saksdokumenta til styret er ikkje offentlege i forkant av styrebehandlinga, dei skriftlege innlegga til styremedlemmene er ikkje offentlege, og styremøta er lukka. Styrereferatet blir ført som eit kort oppsummerande dokument som syner synspunkta i styret, også til styremedlemmer som er i mindretal, men inneheld ikkje informasjon om standpunktet til kvar einskild styremedlem.

Styret i IMF behandlar landsaker og multilaterale overvakingssaker som Global Financial Stability Report og World Economic Outlook. I tillegg tek styret opp saker som er politikkutformande for det vidare arbeidet til organisasjonen. Dei fleste sakene er landsaker, og det er ei særleg utfordring for openheita i styrearbeidet at dei fleste dokumenta i landsaker tilhøyrer medlemslanda. IMF kan ikkje offentleggjere desse rapportane utan samtykke frå det landet saka gjeld. IMF har oppfordra medlemslanda til å offentleggjere landrapportane frivillig. Litt over 80 prosent av dei regulære landrapportane blir offentleggjorde. Prosentdelen har vore uendra dei siste åra. Gruppa av industriland er mest opne; av dei offentleggjer nesten alle land rapportane. For dei framveksande økonomiane og utviklingslanda er prosentdelen rundt 80. I Latin-Amerika var det berre halvparten av landa som offentleggjorde rapportane i 2007. Industrilanda offentleggjer normalt rapportane ei til to veker etter at dei har vore diskuterte i styret i IMF, medan det tek om lag seks veker for dei framveksande økonomiane og utviklingslanda.

Finansdepartementet legg vekt på å ha god dialog med det sivile samfunnet. Noreg og dei andre landa i nordisk-baltisk valkrins har mellom anna vore pådrivarar for at IMF skal gi ut ein rapport med oversikt over land som set seg imot offentleggjering av landrapportane sine. Dette gjeld både rapportar om den regulære overvakinga og rapportar som er knytte til låneprogram. Det er ikkje fleirtal i styret for dette. Styret diskuterte i juni 2007 kommunikasjonsstrategien til IMF. Staben føreslo at IMF burde styrkje informasjonen overfor og samspelet med parlamentarikarar og sivile interesseorganisasjonar. Den nordisk-baltiske valkrinsen støtta denne omlegginga.

Finansdepartementet ønskjer auka openheit om IMF og styret sitt arbeid. Ei meir open haldning både frå IMF og frå medlemslanda er med på å styrkje gjennomføringa av den økonomiske politikken og gjere landa mindre utsette for kriser. Auka informasjon og innsyn i IMFs avgjerdsprosessar har ein eigenverdi, og vil styrkje den demokratiske forankringa til organisasjonen. Det gjer også regjeringar meir ansvarlege og politikken meir truverdig, og kan gi auka forståing av IMFs rolle og politikk overfor medlemslanda.

7.3.7 Evaluering av verksemda til IMF

IMFs uavhengige evalueringskontor (Independent Evaluation Office, IEO) blei etablert i 2000. Kontoret rapporterer direkte til styret og er uavhengig av administrasjonen. Formålet med IEO er å stimulere lærekulturen innanfor IMF, styrkje truverdet til institusjonen, auke forståinga for det arbeidet IMF gjer, og støtte styret i arbeidet med å leie og overvake institusjonen. IEO har tre ulike tilnærmingar:

  • Systematiske evalueringar av dei ulike politikkområda til IMF,

  • samanliknande analyse av kva erfaringar ulike land har med råda frå IMF både i overvakings- og utlånspolitikken, og

  • inngåande evalueringar av erfaringane til enkeltland.

IEO har gode føresetnader for å gjennomføre og følgje opp evalueringar. Kontoret har uavgrensa tilgang til interne dokument i IMF og nær kjennskap til korleis IMF fungerer. Kontoret er til rådvelde for styret i oppfølginga av dei tilrådingane styret fremjar.

IEO har sidan førre kredittmelding lagt fram to rapportar, ein om IMFs råd til medlemslanda om deira valutakurspolitikk og ein om strukturelle krav som IMF set i sine låneprogram. Hovudelementa i rapportane og styret si behandling er det gjort greie for i avsnitt 7.4. I 2008 har IEO varsla ei evaluering av styresettet i IMF og ein rapport om organisasjonen si samhandling med medlemslanda. Etter det vil det kome ei evaluering av forskingsverksemda til IMF og ein rapport om IMF si haldning til handelspolitiske spørsmål.

7.4 Aktuelle spørsmål sidan førre ­kredittmelding

7.4.1 Bilateral økonomisk overvaking

I juni 2007 blei styrevedtaket frå 1977 om den bilaterale overvakinga av medlemslanda erstatta av eit nytt, revidert styrevedtak («The 2007 Decision on Bilateral Surveillance»). Styrevedtaket frå 1977 var ein del av grunnlaget for dei såkalla artikkel IV-konsultasjonane. Behovet for revidering hadde bakgrunn i endringane i det internasjonale finansielle systemet gjennom dei siste 30 åra. Tidlegare vurderte ein særleg om valutakursen blei manipulert ut frå eksterne omsyn. Den internasjonale utviklinga, der mellom anna mange land har erstatta fast valutakurs med flytande, har vist at valutakurspolitikken må vurderast som ein integrert del av den samla politikken. Vurderinga må derfor ta omsyn til både ekstern og intern balanse.

Styrevedtaket av 2007 inneber at tilnærminga skal vere breiare: I tillegg til valutapolitikken må overvakinga også omfatte penge- og finanspolitikk og politikken knytt til finanssektoren. Praksisen til IMF hadde over fleire år utvikla seg i denne retninga, og det blei no rekna som riktig å stadfeste det i det formelle regelverket.

Ein viktig del av vedtaket var å forankre overvakingspolitikken i IMF til eit mål om ekstern stabilitet. Det må sjåast i samanheng med at IMF har eit særskilt ansvar for å vurdere om politikken i kvart einskilt land er i samsvar med det som er til felles beste for medlemslanda. IMF skal ikkje vurdere alle sider ved medlemslanda sin politikk, men avgrense seg til dei aspekta som er relevante for dette fellesskapsspørsmålet. Eit tema i denne samanhengen er om valutakursen er fundamentalt ute av likevekt (over- eller undervurdert) og om styresmaktene ved sin valutakurspolitikk medvite har lagt opp til dette. Spørsmålet er særleg aktuelt i samband med kva tiltak som bør setjast i verk for å rette opp dei noverande globale ubalansane. Forholdet mellom Kina og USA aktualiserer denne problemstillinga.

Nordisk-baltisk valkrins støtta styrevedtaket fullt ut. Det blei rekna som eit viktig steg for å få på plass eit formelt rammeverk for ein effektiv, føreseieleg og open overvakingspolitikk, som er betre i samsvar med dei utfordringane IMF og medlemslanda no står overfor. Samtidig understreka valkrinsen sterkt at overvakingspolitikken må oppfattast som balansert og likeverdig for alle landa og vere forankra i ei felles forståing av kva forhold som skal omfattast. Valkrinsen var derfor nøgd med at vedtaket eksplisitt stadfesta omsynet til ekstern stabilitet, fondet si særskilde rolle og kompetanse på dette området, og medlemslanda sine klare, men avgrensa plikter i denne samanhengen.

Ein annan viktig del av det nye vedtaket om bilateral overvaking var å følgje opp tilrådingar i rapporten frå IMFs uavhengige evalueringskontor (IEO) om fondet si rådgiving om valutakurspolitikk i perioden 1999–2005. Denne rapporten blei diskutert av styret i mai 2007. IEO reiste tre spørsmål: (a) Er fondet si rolle klart definert og forstått? (b) kor gode er råda og analysen som ligg under? og (c) kor effektivt er IMF i politikkdialogen med styresmaktene i medlemslanda? IEO konkluderte med at alle områda måtte betrast. Evalueringskontoret rådde IMF til å klarleggje formålet med fondet si overvaking av valutakursar, styrkje den underliggjande analysen og betre dialogen med styresmaktene. IEO peika på at det finst eit mangfald av metodar for å analysere valutakurspolitikken. Derfor må IMF vise breidd og fleksibilitet i råda sine på dette området, og halde seg oppdatert på nye analyseverktøy. IEO meinte at IMFs diskusjonar med styresmaktene i landa må trekkje på nasjonal teknisk ekspertise på ein betre måte enn i dag, og samtidig ta betre omsyn til naudsynte politiske prosessar.

Staben og administrasjonen i IMF meinte ein del av kritikken var overdriven og ikkje tok nok omsyn til kor komplekse dessa spørsmåla er. Det blei òg framheva at mykje av arbeidet med å betre overvakingspolitikken nettopp diskuterte dei utfordringane IEO peika på. Styret understreka at tilrådingane i rapporten stadfesta behovet for fleire av dei initiativa som var tekne i arbeidet med å styrkje overvakingspolitikken. Styret var samd i at analysen av valutakursar hadde store utfordringar både med omsyn til teoretisk og metodisk mangfald, og tidvis manglande data. Samtidig er overvaking, analyse og rådgiving på dette området blant dei mest sentrale oppgåvene for fondet. Openheit og dialog er derfor ekstra viktig for å fremje auka forståing på dette området. Nordisk-baltisk valkrins støtta i all hovudsak vurderingane frå IEO og understreka at ansvaret for å betre politikken var delt mellom administrasjonen, styret og styresmaktene i medlemslanda.

Styret diskuterte i september 2007 ein plan for å setje i verk dei tilrådingane IEO hadde fremja. Denne planen bygde òg mykje på det nye styrevedtaket om overvakingspolitikken som kom i juni 2007. Det var brei semje om at rammeverket for overvakinga hadde kome lenger, men at vidare konkretiseringar av prioriteringar og oppfølging var nødvendig. Nordisk-baltisk valkrins delte dette synet. Valkrinsen nytta samtidig høvet til å understreke kor nyttig arbeidet i IEO hadde vore for å drive fram endringane i overvakingspolitikken som hadde skjedd dei siste åra.

7.4.2 Den multilaterale økonomiske ­overvakinga

Til IMFC-møtet våren 2007 blei den første rapporten om multilaterale konsultasjonar lagd fram. Initiativet til slike konsultasjonar blei teke i 2006. Meininga er at dei skal vere konsentrerte om problemstillingar som pregar verdsøkonomien på ein gjennomgripande måte, og der samordning av politikktiltak frå fleire land eller regionar er nødvendig. Den første runden handla om dei globale ubalansane. I store trekk dreier dette seg om handelsunderskotet i USA og handelsoverskotet i ein del andre land, særleg framveksande økonomiar i Asia og blant oljeeksporterande land. Deltakarane i denne runden var USA, Japan, euroområdet, Kina og Saudi-Arabia. Rapporten slo fast at det er eit delt ansvar å redusere ubalansane utan å redusere den globale veksten. Politikkplanar for dei enkelte land eller regionar blei lagde fram, der ulike tiltak for å nå dette målet blei presenterte. Strengt teke inneheldt planane ikkje meir enn det landa sjølv hadde eigeninteresse av å gjennomføre, men samordning kan føre til at visse tiltak blir utsette i påvente av kva andre land vil gjere.

IMFC ønskte rapporten velkomen og peika på at samordninga nettopp var hovudgrunngivinga for slike konsultasjonar. Politikkplanane kan dessutan følgjast opp i den regulære multilaterale og bilaterale overvakinga til fondet framover. Ytterlegare oppfølging med dei involverte partane kan også vere aktuelt dersom dei globale ubalansane på nytt aukar.

I juli 2007 diskuterte styret erfaringane med den første runden med multilaterale konsultasjonar. Diskusjonen stadfesta at verdien låg i samordninga, og at oppfølging i den regulære overvakinga var sentral for at tiltrua til denne typen initiativ skulle festne seg. Nordisk-baltisk valkrins delte dette synet, og vurderte at slike konsultasjonar kunne spele ei viktig supplerande rolle også framover. Det blei likevel peika på at det burde etablerast visse generelle prosedyrar for korleis multilaterale konsultasjonar skal gjennomførast. Dessutan burde framtidige rapportar til styret kompletterast med ei uavhengig vurdering av politikkplanane som deltakarane er blitt samde om. Særleg viktig i den samanhengen er ei kritisk vurdering av om samordningsgevinstar kan realiserast, og om forslag til oppfølging er skisserte.

I juli 2007 blei det semje om å fastsetje ein treårig rullerande plan for både den bilaterale og multilaterale overvakinga (Surveillance Priorities). Planen skal identifisere aktuelle utfordringar og analysere korleis ein bør prioritere overvakinga i lys av desse. Prioriteringane kjem til å vere både av operasjonell karakter, som for eksempel å betre visse sider ved analysemetodane, og av økonomisk karakter, som å medverke til å korrigere eksterne ubalansar mellom viktige land eller regionar. I tillegg til meir vektlegging i overvakinga er planen eit middel for IMFC til å sjå etter om IMF følgjer opp dei prioriteringane og måla det har sett seg. Den første planen skal fastsetjast i 2008.

I styret støtta nordisk-baltisk valkrins ein slik plan for overvakinga. Valkrinsen meinte planen kan få ei viktig rolle med å samordne den bilaterale og multilaterale overvakinga, mellom anna i rapportane for utviklinga i verdsøkonomien (World Economic Outlook) og for den globale finansielle stabiliteten (Global Financial Stability Report). Ein einskapleg plan som i tillegg reflekterer resultata frå dei treårige gjennomgangane av overvakingspolitikken, kan også gjere det lettare for IMF å formidle hovudprioriteringa på dette området til omverda. Valkrinsen understreka at det er viktig å publisere planen som eit sjølvstendig dokument.

7.4.3 Reform av kvotar og stemmerett

Sterk økonomisk vekst over fleire år har medført at ein del framveksande økonomiar har ein kvote som er mindre enn det den relative posisjonen deira i verdsøkonomien skulle tilseie. Desse landa kan derfor seiast å vere underrepresenterte i IMF. Samstundes har mange – inkludert Noreg – teke til orde for at utviklingslanda generelt og låginntektslanda spesielt bør få auka innverknad. Låginntektslanda har i dag ein større del av kvotane enn det reine økonomiske storleikar gir grunnlag for. Men av demokratiske grunnar, og ettersom desse landa er dei viktigaste brukarane av IMFs finansielle og tekniske bistand, kan organisasjonen få større legitimitet dersom desse landa får auka innverknad.

IMF sitt årsmøte i Singapore hausten 2006 avgjorde at dei fire mest underrepresenterte landa – Kina, Mexico, Sør-Korea og Tyrkia – med ein gong skulle få ein ad hoc-kvoteauke. Årsmøtet vedtok òg å gjennomføre ei reform av kvotar og stemmerett i løpet av ein toårsperiode. Målet med reforma er å få til ei ny kvotefordeling som i større grad er i samsvar med dei ulike medlemslanda sin del av verdsøkonomien, samtidig som både framveksande økonomiar og låginntektsland får større innverknad. Det er òg eit ønske om å få ein ny kvoteformel som gir ei fast ramme for tildelinga av nye kvotar og erstattar dagens fem ulike formlar. Det vil likevel ikkje vere automatikk i overgangen frå den teoretiske kvoten som kvoteformelen gir, til den faktiske kvoten kvart land får tildelt.

Dei framveksande økonomiane vil få auka stemmevekt ved ein revidert kvoteformel, medan låginntektslanda får størst fordel av ein auke i basisstemmene. Guvernørrådet vedtok derfor at desse to elementa av pakken skal sjåast i samanheng: Kvoteauken etter at kvoteformelen er revidert, vil ikkje bli gjennomført før systemet med basisstemmene er endra. Guvernørrådet bad styret om å fremje konkrete forslag til endringar til årsmøtet i 2007 og seinast til årsmøtet i 2008. Det blir kravd 85 prosent majoritet i guvernørrådet og samtykke frå minst 60 prosent av medlemslanda for at kvotane skal kunne endrast.

Det er halde fleire styrediskusjonar om reformpakka, og IMFC omtala spørsmålet seinast i sitt kommuniké frå oktober 2007. I slutten av mars blei styret samd om å setje fram følgjande forslag til guvernørrådet:

  • Kvoteformelen skal vere enklare enn i dag og betre spegle den relative storleiken mellom landa i verdsøkonomien. Verdiskapinga i landet målt ved BNP skal derfor ha 50 prosent vekt i formelen, og større innverknad enn i dei noverande formlane. I tillegg skal økonomisk openheit (30 prosent), valutareservar (5 prosent) og sårbarheit for økonomiske sjokk (15 prosent) inngå i formelen.

  • Omrekninga av BNP i dei ulike medlemslanda til ei felles måleining skal med 60 prosent vekt baserast på kursane i valutamarknaden og med 40 prosent vekt på såkalla kjøpekraftsparitetar (PPP). Måling ved kjøpekraftsparitetar vil favorisere framveksande økonomiar og andre land som har eit relativt lågt kostnadsnivå.

  • Det skal nyttast ein kompresjonsfaktor i kvoteformelen som reduserer forskjellane i berekna kvotestorleik mellom land, men utan at rekkjefølgja blir endra. Det vil favorisere små, fattige land.

  • Når den nye kvoteformelen er vedteken, skal det gjennomførast ein kvoteauke til dei landa som ifølgje den nye formelen er mest underrepresenterte.

  • Basisstemmene skal tredoblast. Systemet for basisstemmer blir endra slik at dei skal utgjere ein viss del av samla stemmevekt. Dermed unngår ein at innverknaden frå basisstemmene blir vatna ut ved framtidige kvoteaukar.

  • Bemanninga ved kontora i IMF til dei store valkrinsane skal styrkjast. Dette vil i praksis seie kontora til dei afrikanske styremedlemmene, som begge har om lag 20 land i valkrinsane sine.

Noreg, saman med dei andre landa i nordisk-baltisk valkrins, har ønskt å få til ei kvote- og stemmerettsreform som gir IMF større legitimitet og meir demokratisk representasjon enn i dag. Noreg har særleg peika på kor viktig det er å styrkje innverknaden til låginntektslanda, og argumenterte tidleg for ei tredobling av basisstemmene. Ein auke i basisstemmene, saman med ein kompresjonsfaktor i kvoteformelen, er den mest effektive måten å styrkje stemmevekta til låginntektslanda. Noreg støttar forslaget om at dei afrikanske styremedlemmene får ei styrkt bemanning på sine kontor, noko som vil setje dei betre i stand til å førebu saker til styret og såleis styrkje innverknaden deira.

Eit sentralt kriterium for å vurdere utfallet av reforma er i kva grad utviklingslanda, som er samansette av framveksande økonomiar og låginntektsland, får styrkt stemmevekt. Desse landa har i dag ei stemmevekt på om lag 39 prosent. Dersom guvenørrådet vedtek framlegget frå styret, vil det innebere ei overføring av stemmevekt frå industriland til utviklingsland på 2,7 prosentpoeng. Låginntektslanda kjem til å auke røystevekta med 1,1 prosentpoeng til 9,4 prosent. Noreg får ein noko større kvote. Stemmevekta vil auke og kome om lag på det nivået vi hadde før kvotereforma blei innleidd i Singapore i 2006. Stemmerettsreforma kjem til å krevje endringar i statuttane til IMF, og desse endringane må ratifiserast av medlemslanda. I Noreg er det Stortinget si oppgåve å ratifisere slike endringar i internasjonale avtalar. Finansdepartementet tek sikte på å leggje fram ein stortingsproposisjon om saka i løpet av kort tid.

Reforma av kvotar og stemmerett blir gjennomført som ein ad-hoc-auke i kvotane. Parallelt med denne prosessen går ein i samsvar med vedtektene kvart femte år gjennom den samla kvotestorleiken, der målet er å vurdere om kvotestorleiken gir IMF naudsynt likviditet. IMF avslutta den 13. ordinære kvoterevisjonen i slutten av januar 2008. Likviditetssituasjonen i IMF kjem til å vere god dei næraste åra. Det var semje om at det ikkje var nødvendig med ein generell auke i kvotane for å styrkje dei finansielle ressursane.

7.4.4 Skifte av administrerande direktør og leiar av IMFC

Rodrigo de Rato kunngjorde i juni at han ville gå av som administrerande direktør i IMF etter årsmøtet i oktober 2007. I samband med valet av ny administrerande direktør tok den nordisk-baltiske valkrinsen på nytt til orde for at prosessen måtte vere open, og at alle kandidatar måtte stillast likt. Det er styremedlemmene som har rett til å nominere kandidatar. Då nominasjonsprosessen blei lukka ved utgangen av august, var det kome to framlegg: EU-landa nominerte Dominique Strauss-Kahn frå Frankrike, medan Russland føreslo Josef Toovsk frå Tsjekkia. Noreg støtta Strauss-Kahn. Han blei vald i slutten av september og tok til 1. november 2007.

Etter å ha leidd IMFC sidan september 1999 trekte Gordon Brown seg då han forlét finansministerposten for å ta til som statsminister i Storbritannia i juni 2007. Det er IMFC sjølv som vel leiaren sin i ein lukka prosess der det ikkje blir gjort kjent kven som er kandidatar. Leiaren har alltid kome frå Europa eller Canada. Den italienske finansministeren Tommasso Padio-Schioppa blei i oktober 2007 vald til ny leiar av IMFC. For første gong blei leiarvervet avgrensa til ein periode på inntil tre år.

Gjennom dei meir enn 60 åra som IMF og Verdsbanken har eksistert, har det alltid vore slik at leiaren for IMF har vore europear, medan leiaren for Verdsbanken har kome frå USA. Denne praksisen har vore kritisert fordi han synest å utelukke kvalifiserte kandidatar frå andre verdsdelar og dermed svekkjer legitimiteten til organisasjonen. Noregs prinsipielle haldning til leiarval i organisasjonane er klar: Regjeringa meiner at leiarane i både Verdsbanken og IMF skal veljast på bakgrunn av kvalifikasjonar og ønskjelege eigenskapar, og ikkje på bakgrunn av nasjonalitet. Vala bør skje gjennom ein open og demokratisk prosess. Noreg vil arbeide for å avvikle tradisjonen med europeiske og nordamerikanske leiarar for Bretton Woods-institusjonane. I staden må det etablerast prinsipp og prosedyrar som sikrar at kvalifikasjonar blir avgjerande ved neste sjefsval. I IMFC-innlegget hausten 2007 understreka den nordisk-baltiske valkrinsen at det er viktig at leiarane av alle dei internasjonale institusjonane blir valde etter ein open og gjennomsiktig prosess for å sikre legitimiteten til desse institusjonane.

7.4.5 Konsolidering av budsjettsituasjonen

Den sterke nedbetalinga av lån i 2005 og 2006 har svekt inntektsgrunnlaget for IMF. I inneverande budsjettår 4 har IMF lagt opp til inntekter på 825 millionar USD og utgifter på 960 millionar USD. Framover er det venta at underskotet vil auke, og nå om lag 400 millionar USD i budsjettåret 2010. Samstundes har IMF store reservar. Dominique Strauss-Kahn har sett i gang eit arbeid for å konsolidere budsjettsituasjonen i organisasjonen. Arbeidet vil venteleg munne ut i ein tiltakspakke som i korte trekk inneheld ei diversifisering og ein auke av inntektene, kombinert med eit kutt i utgiftene. Sentrale land har kravd at ein må sjå utgifts- og inntektssida samla.

Tiltaka på inntektssida vil venteleg byggje på tilrådingane frå ei ekstern ekspertgruppe, den såkalla Crockett-gruppa, som våren 2007 la fram ein rapport om ein ny modell som skal vere meir stabil over lengre tid. Crockett-gruppa tok utgangspunkt i at fondet har tre hovudoppgåver: økonomisk overvaking, teknisk assistanse og lån til land med betalingsbalanseproblem. Til no har den viktigaste inntektskjelda til fondet vore rentedifferansen mellom innskot og utlån, den såkalla rentemarginen. Dermed har utlånsverksemda finansiert alle dei tre hovudoppgåvene til IMF. Crockett-gruppa argumenterte for at det var ein lite tilfredsstillande modell. På den eine sida risikerte ein å få for låge inntekter dersom etterspurnaden etter lån fall, slik situasjonen er no. På den andre sida kunne låntakarane måtte betale meir for låna enn det IMF trong til låneadministrasjon. Ekspertgruppa argumenterte for at dei ulike delane av verksemda til IMF burde finansierast ulikt. Grovt sett gjekk ho inn for at rentemarginen skal finansiere utlånsverksemda, at mottakarane finansierer teknisk assistanse, og at den økonomiske overvakinga er eit fellesgode som skal betalast gjennom bidrag frå medlemslanda. Dersom låginntektsland skal få gunstigare vilkår for teknisk assistanse og lån enn det som følgjer av desse prinsippa, må det finansierast ved særskilde tilskot.

Modellen som Crockett-gruppa foreslo, tek utgangspunkt i ulike måtar å auke inntektene på. Eit forslag er at fondet krev betaling for nokre av dei tenestene det yter overfor medlemslanda, til dømes den tekniske assistansen. For å finansiere økonomisk overvaking som fellesgode foreslo Crockett-gruppa at kombinasjonen av tre ulike tiltak kan representere bidrag frå medlemslanda: For det første kan IMF spreie investeringane av kapitalen sin på fleire instrument på linje med kva andre tilsvarande institusjonar, som til dømes Verdsbanken, gjer. Det vil truleg gi høgare avkastning. For det andre kan eit slik utvida investeringsmandat også omfatte delar av innskotet frå medlemslanda, dei såkalla kvoteressursane som i dag berre kan nyttast til utlån til medlemslanda. For det tredje kan fondet selje ein del av gullbehaldninga si, som i noverande form er ein formue som ikkje gir inntekter, og investere salssummen i renteberande papir. Ein føresetnad er at salet ikkje verkar negativt inn på soliditeten til IMF eller på den globale gullmarknaden. Salet må derfor gjennomførast innanfor forsvarlege rammer og innordnast den ordninga for gullsal som sentralbankane har praktisert dei siste åra.

Sidan Crockett-rapporten vart framlagd, har styret arbeidd med å utvikle ein slik inntektsmodell. Styret har diskutert utforminga av modellen fleire gonger, seinast i februar 2008. Den nordisk-baltiske valkrinsen har støtta hovudtrekka i modellen. Valkrinsen argumenterte for at salet av gull må vere ekstraordinært og derfor må omsluttast av nødvendige legale skrankar som sikrar dette. Salet bør også gjerast så snart som råd for å utnytte den fordelaktige situasjonen i gullmarknaden. Forslaget om å utvide IMF si investeringsverksemd blei støtta frå norsk side, både fordi det truleg vil gi høgare avkastning, og fordi det vil spreie risikoen på fleire instrument. Sjølv om ei meir aktiv investeringsverksemd er ønskjeleg, må IMF gå forsiktig fram slik at variasjonane i den årlege avkastninga ikkje blir for store. Valkrinsen ønskte også ein breiare gjennomgang av verknadene ved å investere kvoteressursar.

Dersom ein innfører eit system med brukarbetaling for teknisk assistanse, vil det truleg vere eit system med graderte satsar, der dei rikaste landa må betale mykje og låginntektslanda lite. Brukarbetaling er eit teoretisk godt prinsipp ved at det kan medverke til ein meir effektiv ressursbruk. Noreg og dei andre landa i den nordisk-baltiske valkrinsen er likevel skeptiske til at låginntektslanda skal betale for slik assistanse. Det er dei som har størst behov for å byggje opp institusjonar og system. Innføring av betaling for teknisk assistanse kan medføre at landa let vere å be om slik hjelp, noko som vil seie at det vil ta lengre tid å få på plass ei berekraftig økonomisk utvikling. Valkrinsen har likevel framheva at den tekniske assistansen må prioriterast betre, slik at han blir dirigert dit han kan gi størst utbyte. Dette er særleg viktig når medlemslanda slepp å betale for slik hjelp.

Meir robuste inntekter er viktig, men styrkt styring, betre budsjettsystem og auka kostnadsdisiplin må også prioriterast høgt. Då Dominique Strauss-Kahn blei vald som ny direktør, la han vekt på at IMF også må sjå på utgiftssida. I ei kunngjering i desember 2007 sa han at verksemda til IMF må moderniserast og effektiviserast, og at det i større grad må leggjast vekt på kjerneområda til fondet. Kostnadskutta inneber store bemanningsreduksjonar. Over ein treårsperiode tek ein sikte på å redusere budsjettet med 10–15 prosent, eller om lag 100 millionar USD, noko som vil innebere ein reduksjon i talet på tilsette med 300–400. I dag er det vel 2 900 tilsette i IMF, inklusive personar på kortare engasjement. Arbeidet med kostnadsreforma er framleis på eit tidleg stadium. Det er venta at styret vil gi ei prinsipiell tilslutning til forslaga våren 2008. Den norske og nordisk-baltiske posisjonen er at budsjettutfordringa må løysast både med inntektsauke og utgiftskutt. Valkrinsen har støtta ein reduksjon av kostnadene i tråd med framlegget til administrerande direktør Dominique Strauss-Kahn. Valkrinsen har lagt særleg vekt på å konsentrere IMF-verksemda til organisasjonen sine kjerneoppgåver.

7.4.6 Strukturreformer som vilkår for lån

Når IMF låner ut midlar til medlemsland, set organisasjonen krav, såkalla kondisjonalitet. Desse vilkåra tek sikte på å rette opp dei økonomiske ubalansane og setje landet i stand til å betale tilbake lånet. Vilkåra dreier seg i første rekkje om kvantitative krav knytte til dei makroøkonomiske tilhøva som IMF særleg skal ivareta. Dette omfattar storleikar som offentleg budsjettbalanse og gjeld, pengemengd, innanlandsk likviditet og valutareservar. I tillegg til slik kvantitativ kondisjonalitet stiller IMF strukturpolitiske krav, eller såkalla strukturkondisjonalitet, for å understøtte dei makroøkonomiske måla. Strukturkondisjonalitet blei viktig på 1980-talet då nye låneprogram voks fram, der låginntektsland og framveksande økonomiar fekk meir langsiktige lån på gåvevilkår. Strukturkondisjonalitet set søkjelyset på institusjonelle og prosessuelle endringar i mottakarlanda.

Strukturkrava har vore kontroversielle. Reformprogramma var svært detaljerte og blei ofte iverksette utan at dei hadde nasjonal forankring. Dermed blei det lite nasjonalt politisk handlingsrom og lite rom for å ta omsyn til tilhøva i dei ulike landa. På bakgrunn av ein aukande kritikk mot strukturkondisjonaliteten i låneprogramma gjennomførte IMF i 2000 og 2002 ei rekkje endringar gjennom det såkalla «streamlining initiative». Målsetjinga var å gjere kondisjonaliteten nøktern i staden for omfattande, og at det berre skulle stillast krav som var makrokritiske, innanfor IMFs kjernekompetanse og avgjerande for at eit låneprogram skulle lukkast. I tillegg legg initiativet vekt på nasjonal eigarskap til politikkval og ei god arbeidsdeling mellom IMF og Verdsbanken.

Det uavhengige evalueringskontoret (IEO) la i januar 2008 fram ei evaluering av strukturkondisjonaliteten som IMF nyttar, og av erfaringane med «streamlining-initiativet». Rapporten peika på at viktig framgang hadde skjedd, men at det var om lag like mange krav som tidlegare (17 per program per år). Ein vesentleg del var framleis utanfor IMFs kjerneområde, og visse krav blei framleis tekne inn i IMFs program ut frå interessa blant anna til givarland. Eit positivt funn i rapporten var at talet på krav om privatisering og liberalisering var redusert. Konklusjonen i rapporten var at målsetjingane i «streamlining-initiativet» berre i avgrensa grad er innfridde. IEO rådde derfor til ein reduksjon i strukturelle krav. Eit tak på talet på slike krav burde innførast på fire til fem per programår. Kvalitative krav burde avviklast, og krav utanfor kjerneområdet til IMF måtte berre stillast unntaksvis, og då med sterkare forankring i styret. Det burde etablerast eit opplegg for tettare oppfølging av effektane av krava.

Finansdepartementet arrangerte like etter offentleggjeringa ein open konferanse om rapporten. Det var deltaking frå IEO, IMF, sivile interesseorganisasjonar, akademia, det politiske miljøet og offentlege styresmakter. Dokumenta frå konferansen er oversende til IMF, og er offentleggjorde på Finansdepartementet sine nettsider. Arrangementet var ei oppfølging av den internasjonale kondisjonalitetskonferansen som Utanriksdepartementet, i samarbeid med Finansdepartementet, arrangerte i november 2006.

Frå Regjeringa si side blei det trekt fram at IMF i større utstrekning må avgrense bruken av slike vilkår. For mange vilkår svekkjer mottakarlandet sin eigarskap til programmet og dermed effektiviteten i gjennomføringa av det. IMF må òg i større grad grunngi kvifor kvart enkelt vilkår er viktig for gjennomføringa av den økonomiske politikken. IMF må meir eksplisitt skilje mellom rolla si som långivar, med tilhøyrande krav, og signalrolla det har som overvakar av den økonomiske politikken i eit land. Det inneber at fondet ikkje bør stille krav som ei følgje av ønske frå givarar av bilateral bistand. Regjeringa understreka vidare behovet for ei klar arbeidsdeling mellom IMF og Verdsbanken på dette området, i tråd med råda i IEO-rapporten. IMF bør konsentrere seg om dei områda der organisasjonen har sin kjernekompetanse, som til dømes makroøkonomisk styring. Berre i heilt særskilde tilfelle bør IMF stille krav på eit område der Verdsbanken har sine fortrinn.

I tråd med Soria Moria-erklæringa vil regjeringa ikkje støtte låneprogram frå IMF og Verdsbanken som inneheld krav om privatisering og liberalisering. Regjeringa meiner at gjennomføring av slike tiltak må ha rot i eit ønske frå landa sjølv og ikkje kome som følgje av krav frå dei internasjonale finansinstitusjonane. I denne samanhangen, og som eit mål i seg sjølv, er det avgjerande at kvart einskilt land får politisk handlingsrom til å utforme sin eigen økonomiske politikk.

Styret diskuterte rapporten frå IEO i desember 2007 og verdsette rapporten sin analyse av utfordringane fondet her står overfor. Spesielt la det vekt på målet om at talet på krav skulle reduserast. Dette var i tråd med tidlegare signal frå styret. Forslaga om eit tak på talet på krav og om å avvikle kvalitative krav fekk likevel ikkje tilstrekkeleg støtte. Styret meinte heller at grunngivinga i styredokumenta måtte styrkjast, slik at ei fullgod vurdering kunne gjerast i dei konkrete tilfella. Styret gjentok prinsippet om at strukturelle krav sjølv utanfor kjerneområdet til fondet måtte med i låneprogram dersom dei var kritiske for måla i programmet, men i desse tilfella måtte grunngivinga vere spesielt grundig.

Nordisk-baltisk valkrins støtta dette synet. Det blei lagt stor vekt på omsynet til tiltak som kunne styrkje eigarskapen til reformer i låntakarlanda. Snarare enn absolutte grenser for talet på krav var det sentralt å fremje dialog om alternative politikktiltak, for å gi landa fridom til å velje det som passa tilhøva deira best. Blant landa i valkrinsen var det Noreg som ivra mest for å støtte hovudråda i IEO-rapporten med mellom anna ønske om å fjerne kvalitative krav, ei større vekt på dialog med styresmaktene og nasjonal eigarskap til politikkutforminga på dette området. Den nordisk-baltiske styrerepresentanten viste under styrediskusjonen til Finansdepartementet sin oppfølgingskonferanse. Noreg ønskte òg eksplisitt å nemne i styreinnlegget at vi verdsette reduksjonen som hadde skjedd i krav om privatisering og liberalisering. Dette støtta ikkje resten av landa i valkrinsen, fordi dei kjende det unaturleg å spesifisere kva slags krav det var viktigast å kutte i.

I si innstilling til Kredittmeldinga 2006–2007 uttala finanskomitéen (Innst. S. nr. 227):

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, viser til formuleringar i Soria Moria-erklæringa om kondisjonalitet der det heiter: « Norsk bistand skal ikke gå til programmer som stiller krav om liberalisering og privatisering ». Fleirtalet viser vidare til kondisjonalitetskonferansen som Regjeringa heldt i november 2006 og framlegginga av den regjeringsfinansierte Bull-rapporten. Fleirtalet ber Regjeringa vurdere korleis arbeidet med å forhindre IMFs bruk av kondisjonalitet for tvangsprivatisering og liberalisering best kan styrkjast.

Regjeringa er samd i at dette er eit viktig arbeid, og har følgt opp desse spørsmåla mellom anna i samband med diskusjonen av strukturkondisjonalitet i IMF-styret. Det blei særleg lagt vekt på å fremje norske synspunkt under behandlinga av rapporten frå IEO. Som omtala ovanfor har Finansdepartementet òg sett temaet på dagsordenen på annan måte, til dømes gjennom konferansen om strukturkondisjonalitet som blei arrangert i januar

7.4.7 IMFs arbeid i låginntektsland

IMF speler ei viktig rolle i innsatsen det internasjonale samfunnet gjer for å fremje økonomisk vekst og redusere fattigdom. Over 40 prosent av medlemslanda er definerte som låginntektsland. IMFs viktigaste bidrag er å fremje makroøkonomisk og finansiell stabilitet.

IMF er tildelt ei vesentleg rolle når det gjeld arbeidet med å oppnå tusenårsmåla. Høgnivå-konferansen i Monterrey i mars 2002 om finansiering av utvikling etablerte ein partnarskap mellom utviklingsland og utvikla land og definerer eit sett med mål og ansvar. Det blei slått fast at varig betring er avhengig av at utviklingslanda sjølv heile tida fører ein sunn økonomisk politikk. Oppgåva for industrilanda blir å gi vesentleg meir utviklingshjelp og gjennomføre fleire handelsliberaliseringar. Oppgåva til IMF blir å stå for overvaking og teknisk assistanse, men også å fremje tilpassing og institusjonsoppbygging gjennom program- og utlånsverksemda si.

Lån til låginntektsland blir gitt på gåvevilkår, det vil seie med ei sterkt subsidiert rente gjennom PRGF-ordninga eller ESF-ordninga, jf avsnitt 7.2.2.2. Frå 2005 har låginntektslanda hatt tilgang til eit nytt instrument utan finansiering, PSI, som inneber tettare overvaking av den økonomiske politikken enn det som følgjer av ein vanleg årleg konsultasjon. Formålet er å kunne signalisere til omverda ei vurdering av den økonomiske politikken desse landa fører, utan samstundes å gi lån.

I si innstilling til Kredittmeldinga 2006–2007 uttala finanskomitéen (Innst. S. nr. 227):

Fleirtalet viser til kritikken av PRGF-låneordninga frå «Independent Evaluation Office of the IMF» i rapporten av 12. mars 2007 om IMFs verksemd i land sør for Sahara. I tillegg peiker Melan-rapporten av februar i år, om samarbeidet mellom IMF og Verdsbanken, på at IMF i PRGF-ordninga går ut over kjerneaktiviteten til institusjonen og overlappar ansvarsområdet til Verdsbanken. Rapporten tilrår derfor at IMF gradvis trekkjer seg ut av langsiktig utviklingsfinansiering og overlet dette til Verdsbanken, noko som vil gi IMF høve til å konsentrere innsatsen på område der institusjonen har sine relative fortrinn, som teknisk assistanse og makroøkonomisk overvaking og rådgiving. Fleirtalet meiner Regjeringa bør vurdere å arbeide for at IMF gradvis avsluttar sitt direkte engasjement i langsiktig finansiering av utviklingsprogram som PRGF-ordninga og overlet denne aktiviteten til Verdsbanken.

Regjeringa ser svært positivt på at Stortinget ønskjer ei vurdering av kva for ein måte IMF best kan gi bidrag til utvikling i låginntektsland. IMFs mandat er å gi medlemsland kortsiktige lån slik at dei kan korrigere mellombels vanskar med betalingsbalansen. Dei siste tiåra har IMFs låneprogram for låginntektsland fått meir langsiktig karakter mellom anna ved at låna blir rullerte fleire gonger. Grunngivinga for praksisen med å rullere låna i PRGF-ordninga er at desse landa er i ein situasjon med vedvarande problem med betalingsbalansen og derfor treng meir langsiktig finansiering. Med dette har IMF fått ei utviklingsrolle. Den nordisk-baltiske valkrinsen har lenge vore kritisk til at IMF sine lån til låginntektsland har fått ein slik langvarig og vedvarande karakter. På den eine sida har IMFs medlemsland, også låginntektsland, krav på lån knytte til mellombels vanskar med betalingsbalansen. På den andre sida har desse landa, som ei medverkande årsak til dei vedvarande betalingsbalanseproblema, normalt strukturelle problem som krev ein meir langsiktig utviklingsstrategi. IMF er i utgangspunktet ikkje tiltenkt ei slik utviklingsrolle og har ikkje utvikla spesiell kompetanse på dette området, slik som Verdsbanken.

Malan-rapporten og IEO si evaluering av IMFs engasjement i Afrika sør for Sahara, begge frå våren 2007, gir viktige innspel til diskusjonen om IMF si rolle i låginntektsland. Evalueringa frå IEO argumenterte for at IMFs politikk i desse landa har vore tvitydig og uklar. Tilnærminga til spørsmålet om kor mykje bistand eit land kan absorbere – før det fører til styrkt valutakurs, auka inflasjon og svekt effektivitet – har vore ulik i forskjellige land. IEO meinte at styret i IMF ikkje har hatt ei einskapleg haldning til kva for ei rolle IMF skal ha i låginntektsland, og at organisasjonen no måtte avklare dette. Malan-rapporten meinte at manglande avklaring av IMF si rolle i låginntektsland har vore til hinder for eit godt samarbeid med Verdsbanken. Malan-gruppa rådde til at IMF gradvis burde avvikle dei meir langsiktige låna sine til låginntektsland, og berre halde fram med kortsiktige lån knytte til betalingsbalanseproblem. Det ville gi IMF rom til å leggje vekt på dei komparative fortrinna sine i låginntektslanda, som makroøkonomiske analysar, rådgiving og teknisk assistanse. Diskusjonen i etterkant av desse rapportane har vist at fleire av desse råda er kontroversielle.

På bakgrunn av desse rapportane og innstillinga frå Finanskomiteen har Noregs Bank og Finansdepartementet teke spørsmålet om IMFs rolle i langsiktig utviklingsfinansiering opp til drøfting i den nordisk-baltiske valkrinsen. Regjeringa sitt syn er at IMF bør konsentrere seg om kjerneoppgåvene sine. Utviklingspolitiske oppgåver kan best takast hand om av Verdsbanken eller FN-organ. Regjeringa er derfor kritiske til den auka utviklingspolitiske rolla som IMF har fått gjennom vedvarande PRGF-program. Så langt ser det ut til at dei andre landa i valkrinsen i hovudsak ønskjer at IMF skal føre vidare utlånsverksemda si i låginntektsland om lag som i dag. Men landa er samde om at det er generelt uheldig at PRGF-program blir forlengde om og om igjen, og at styret har eit ansvar for å avgrense denne praksisen. Vidare er valkrinsen samd om at ansvarsfordelinga mellom IMF og Verdsbanken må vere klar, og at samarbeidet mellom dei to institusjonane bør bli betre. Tilrådingane frå Malan-rapporten om IMF si rolle i langsiktig utviklingsfinansiering har ikkje vore til drøfting i styret, og staben i IMF har enno ikkje gitt si vurdering. Finansdepartementet vil vente med å avgjere norske posisjonar til styredokumenta er lagde fram.

I vurderinga av om IMF skal avslutte sitt engasjement i PRGF-ordninga når låna får karakter av langsiktig utviklingsfinansiering, er det mellom anna to spørsmål som må behandlast. For det første, kva slags vilkår skal gjelde for låginntektsland som søkjer om IMF-lån? Dersom låna ikkje blitt gitt på gåvevilkår, som PRGF-ordninga legg opp til i dag, kan det innebere ein reell reduksjon i midlane som kan nyttast til utviklingsformål i desse landa. Kor stor reduksjonen blir, er avhengig av om midlane som donorane i dag skyt inn i PRGF-ordninga, blir nytta til andre utviklingsformål. For det andre, kvar skal ein trekkje den operasjonelle grensa mellom utviklingsfinansiering og ordinære IMF-lån? Kan denne grensa definerast som ein avgrensa tidsperiode? Valkrinsen har, gjennom eit vedtak i NBMFC i mars 2008, argumentert for at forlenginga av eit PRGF-program må vurderast i kvart einskilt tilfelle og ikkje ut ifrå mekaniske retningslinjer. For å vurdere kva Noreg bør meine om IMF si rolle i langsiktig utviklingsfinansiering og samstundes sikre god norsk koordinering, samarbeider Finansdepartementet og Noregs Bank tett med Utanriksdepartementet. Blant anna har dei tre institusjonane gjennomført ei undersøking blant norske ambassadar om korleis ambassadane ser på bruken av PSI-ordninga, som er utan finansiering, samanlikna med PRGF. Hovudinntrykket til ambassadane var at PSI-landa verdset engasjementet frå IMF. Sjølv om eit PSI-program ikkje medfører nokon finansiell assistanse frå IMF, vil dei jamlege vurderingane av den økonomiske politikken innebere eit «godkjenningsstempel». Dette er eit viktig signal som kan medverke til å utløyse finansiell assistanse frå bilaterale givarar. Så langt ambassadane kan vurdere det, var IMFs engasjement like aktivt ved eit PSI-program som ved eit PRGF-program.

7.4.8 Gjeldssletting til Liberia

Borgarkrigen i Liberia blei avslutta i 2004, og året etter blei Ellen Johnson-Sirleaf vald til president i landet. Ho blei dermed den første demokratisk valde kvinnelege statsleiaren i Afrika. Under den langvarige borgarkrigen (1990–2004) betalte Liberia verken renter eller avdrag til multilaterale kreditorar. Som ei følgje av det opparbeidde landet restansar til IMF, Verdsbanken og Den afrikanske utviklingsbanken på til saman om lag 1,5 milliardar USD. Saman med ei rekkje land har Noreg arbeidd for at Liberia skulle få sletta desse restansane. Landet er inne i ei positiv utvikling etter valet av Johnson-Sirleaf, og ein lette av gjeldsbyrda til landet kan bidra til gjenoppbygging og økonomisk utvikling av landet etter borgarkrigen.

I november 2007 sikra IMF lovnad om finansiering for å kunne slette Liberia sine restansar til organisasjonen, og formelt blei slettinga gjennomført i mars 2008. Når restansane no er sletta, kan Liberia normalisere sitt forhold til dei multilaterale finansinstitusjonane, og dermed også kvalifisere seg for ytterlegare gjeldssletting gjennom gjeldsinitiativa HIPC og MDRI. Regjeringa har vore utolmodig etter å få realisert slettinga av desse restansane, og ser det som svært positivt at IMF har klart å få i stand ei løysing. Gjeldsslettinga har ei berekna kostnadsramme på 530 millionar SDR, noko som svarar til om lag 4,6 milliardar norske kroner. Noregs bidrag er på 6 millionar SDR eller lag 51 millionar norske kroner. Beløpet blir løyvd over Utanriksdepartementet sitt 2008-budsjett.

7.5 Særskilde forhold som gjeld Noreg

IMF analyserer jamleg norsk økonomi. Den såkalla artikkel IV-konsultasjonen med Noreg blir gjennomført ved at ein delegasjon frå IMF har møte med Finansdepartementet, Noregs Bank, andre offentlege styresmakter og representantar for partane i arbeidslivet, akademia og den finansielle sektoren. Noreg har samtykt i at rapportane som blir utarbeidde i samband med artikkel IV-konsultasjon, kan offentleggjerast. Det gjeld både den mellombels vurderinga som delegasjonen skriv ved avslutninga av konsultasjonen i Noreg, og den meir omfattande stabsrapporten som ligg til grunn for diskusjonen i styret.

På bakgrunn av dei stabile økonomiske og finansielle forholda i Noreg og omsynet til ein effektiv bruk av ressursane til IMF har norske styresmakter uttrykt at artikkel IV-konsultasjonane kan gjennomførast med ein noko lågare frekvens. Ein full artikkel IV-konsultasjon blei gjennomført i mars 2007. Dei mellombels vurderingane blei offentleggjorde 26. mars. Den endelege rapporten blei diskutert i styret i IMF 4. juni 2007 og offentleggjord 11. juni. I 2008 vil det bli gjennomført berre ein kortare konsultasjon av IMF. Informasjon om desse konsultasjonane finn ein på Noregs landsider på internettsida til IMF. Rapportar og innlegg frå nordisk-baltisk valkrins ligg òg på nettsidene til Finansdepartementet og Noregs Bank.

Som eit ledd i den regionale overvakinga gjennomførte IMF i 2006 ein studie av den finansielle integrasjonen i Norden og styresmaktene sin politikk for å møte denne utfordringa. Alle landa i valkrinsen var med i dette arbeidet. I Noreg deltok Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank. Rapporten drøftar blant anna dei utfordringane styresmaktene blir stilte overfor som følgje av den stadig tettare finansielle integrasjonen i dei nordisk-baltiske landa. IMF dreg fram velkjende dilemma ved særleg store grensekryssande bankar, medrekna behovet for betre ansvarslinjer for krisehandtering. Dei peikar dessutan på dei makroøkonomiske styringsproblema som dei baltiske landa slit med, som sterk kredittvekst og bankar som i stor grad er eigde av utlendingar. Rapporten drøftar også den aukande integrasjonen i verdipapirmarknaden og dei tilsynsutfordringane dette representerer. IMF rår til ei sterkare regional vektlegging i tilsynsarbeidet, større makt til dei regionale tilsynsgruppene og meir vekt på samordna, tidlege tilsynsinngrep. IMF rår også til at landa avklarar politikken sin for støtte til banksystemet i tilfelle av kriser, og utvida samarbeid mellom heimlands- og vertslandsstyresmakter om korleis grensekryssande kriser kan førebyggjast og løysast. Rapporten – Financial Integration in the Nordic-Baltic Region – Challenges for Financial Policies – blei offentleggjord i oktober 2007.

Som eit ledd i overvakingsarbeidet har IMF i samarbeid med Verdsbanken og andre internasjonale organ utarbeidd standardar og kodar på til saman tolv ulike område. IMF og Verdsbanken vurderer korleis medlemslanda etterlever ein eller fleire av desse standardane (såkalla ROSCs – Report on the Observance of Standard and Codes). IMF har tidlegare vurdert om Noreg oppfyller fleire av desse standardane, særleg innanfor finansiell sektor (FSAP). Noreg har nyleg bedd IMF om at det blir sett i gang ei vurdering av om Noreg møter krava i koden for budsjettstyring («Fiscal Transparency»). Finansdepartementet handterer gjennomføringa og ventar i denne samanhengen besøk av ein IMF-delegasjon i løpet av 2008.

7.6 Stortinget si behandling av IMF-spørsmål

I si innstilling til Kredittmeldinga 2006–2007 uttala finanskomiteen (Innst. S. nr. 227):

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner det er nødvendig at alle delar av politikken overfor fattige land heng saman. Flertallet ber derfor Regjeringa vurdere på kva måte Stortinget best kan bli invitert til å diskutere IMFs politikk overfor utviklingslanda i samanheng med bistandspolitikken og andre politikkområde som til saman utgjer den heilskaplege utviklingspolitikken.

IMF si viktigaste oppgåve i låginntektsland er å fremje økonomisk vekst og makroøkonomisk stabilitet, slik at desse landa er i stand til å nedkjempe fattigdom og realisere FN sine tusenårsmål. Sjølv om organisasjonen ikkje er ein bistandsaktør, har han likevel ei viktig rolle i den heilskaplege utviklingspolitikken. I den årlege kredittmeldinga informerer Regjeringa om verksemda til IMF, kva slags vurderingar og standpunkt Regjeringa har i viktige IMF-spørsmål, og på kva måte IMF-arbeidet heng saman med utviklingspolitikken. Finansdepartementet arbeider for at denne meldinga skal vere eit best mogleg utgangspunkt for å diskutere IMF-spørsmål i Stortinget, inkludert dei politikksamanhengane som finanskomiteen etterlyser i sin merknad.

Regjeringa vil også vise til at verksemda i Verdsbanken blir omtala i dei årlege budsjettproposisjonane til Stortinget, og dessutan i eigne proposisjonar som Utanriksdepartementet fremjar kvart tredje år i samband med påfyllingsrundane for Verdsbanken sitt utviklingsfond (IDA). Vidare legg Regjeringa fram meldingar om breiare utviklingspolitiske spørsmål ved behov. Våren 2009 tek ein sikte på fremje ei stortingsmelding om norsk utviklingspolitikk. Meldingsarbeidet vil dra nytte av rapporten frå det regjeringsoppnemnde utviklingsutvalet. Dette utvalet har som mandat å sjå på alle dei sidene ved norsk politikk som har innverknad for utviklingsland. Utvalet vil venteleg publisere sin rapport i løpet av august eller september.

Fotnotar

1.

For meir informasjon om standardane på dei ulike områda, sjå http://www.imf.org/external/standards/index.htm

2.

I meldinga har Finansdepartementet nytta SDR-kursen ved årsskiftet for omrekning til NOK (1 SDR = 8,55 NOK).

3.

Forum for utvikling og miljø (ForUM) er ein offentleg støtta paraplyorganisasjon for norske frivillige organisasjonar med interesse for miljø- og utviklingsspørsmål. ForUM har som overordna mål å bidra til å fremje arbeid for berekraftig utvikling globalt og nasjonalt, og skal vere eit kontaktpunkt mellom norske og internasjonale frivillige organisasjonar.

4.

Inneverande budsjettår er fiscal year 2008, som går frå 1. mai 2007 til 30. april 2008.

Til forsida