St.meld. nr. 19 (2007-2008)

Kredittmeldinga 2007

Til innhaldsliste

4 Regelverksutvikling og løyve i større saker på finansmarknadsområdet

4.1 Regelverksutvikling

Nedanfor følgjer ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for 2007. Vidare i avsnitt 4.2 følgjer ein omtale av sentrale løyve som blei gitt same år, der dei einskilde sakene blir kort omtala.

4.1.1 Bank- og finansverksemd

Stortinget vedtok i februar 2007, på bakgrunn av forslag fremja i Ot.prp. nr. 42 (2006–2007), endringar i finansieringsverksemdslova og enkelte andre lover. Lovendringane opna for at ei kredittsamanslutning kan vere konsernspiss i finanskonsern, blant anna med den praktiske konsekvensen at Landkreditt-konsernet kunne omorganiserast. For å bidra til eit klarare ansvarsforhold mellom styre og administrasjon i eit føretak blei plikta for administrerande direktør i finansieringsføretak til å vere medlem av styret i føretaket oppheva, og det blei innført reglar som bestemmer at administrerande direktør skal tilsetjast av styret. Det blei også innført reglar om høve til ikkje å opplyse om hemmeleg adresse ved etablering og vidareføring av kundeforhold i bankar, og unntak frå bankar si plikt til å opplyse om adressa til innskytar dersom det er fatta vedtak om hemmeleg adresse. Formålet med desse regelendringane var å avgrensa nokre av dei praktiske problema personar med hemmeleg adresse møter i kvardagen. Lovendringane tredde i kraft 1. juli 2007. Som ei følgje av dei nye reglane som opna for at ei kredittsamanslutning kan vere konsernspiss, fastsette Finansdepartementet «forskrift 19. juni 2007 nr. 679 om endring i forskrift 7. februar 2001 nr. 108 om grunnfondsbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper». Endringa er ei tilpassing til lovendringa. Forskriftsendringa tredde i kraft 1. juli 2007. Det blei også gitt ei mellombels forskrift om overgangsreglar i tilknyting til dei nemnde endringane i sparebanklova og forretningsbanklova om mellom anna moglegheita for administrerande direktør til å sitje i styret (forskrift 16. mars 2007 nr. 276). Forskrifta blei oppheva etter at lovendringane tredde i kraft 1. juli 2007.

Stortinget vedtok samtidig i februar 2007, etter forslag i Ot.prp. nr. 11 (2006–2007), nye lovreglar om forvaltarregistrering av aksjar, obligasjonar med fortrinnsrett o.a. Endringane, med unntak av nye lovreglar om obligasjonar med fortrinnsrett, tredde i kraft 16. mars. Dei nye lovreglane om obligasjonar med fortrinnsrett tredde i kraft 1. juni 2007. Finansdepartementet fastsette «forskrift 25. mai 2005 nr. 550 om kredittforetak som utsteder obligasjoner med fortrinnsrett i en sikkerhetsmasse bestående av offentlige lån, utlån med pant i bolig eller annen fast eiendom». Forskrifta fyller ut lovreglane om obligasjonar med fortrinnsrett og tredde i kraft samtidig med lovreglane 1. juni 2007. Formålet med reglane om obligasjonar med fortrinnsrett er å utvide tilbodet av investeringsobjekt i den norske marknaden som kan bidra til å spreie risikoen til investorane, og å betre lånetilbodet.

Departementet har i 2007 fastsett fleire endringar i kapitaldekningsreglane. Forskrift 16. januar 2007 nr. 27 gjorde endring i «forskrift 22. juni 2000 nr. 632 om minstekrav til kapitaldekning for markedsrisiko mv. for kredittinstitusjoner og verdipapirforetak». Endringa gjeld virkeområdet for forskrift 22. juni 2000 nr. 632 i forhold til kapitalkravsforskrifta 2006, og inneber at forskrift 22. juni 2000 nr. 632 gjeld som grunnlag for å berekne minstekravet som er fastsett i kapitalkravsforskrifta § 49-2 sjuande ledd som stiller krav til ansvarleg kapital for føretak som brukte IRB- eller AMA-metoden. Det er fastsett at forskrifta frå 2000 fell bort 1. januar 2010. Departementet fastsette 30. mars 2007 «forskrift nr. 372 om endring av forskrift av 22. oktober 1990 nr. 875 om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak». Denne endringa var av teknisk karakter. Forskrifta fell bort 1. januar 2010, jf. forskrift 22. desember 2006 nr. 1649.

«Forskrift 14. desember 2006 nr. 1506 om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond mv. (kapitalkravsforskriften)» blei endra ved forskrift 29. juni 2007 nr. 876, ved forskrift 17. oktober 2007 nr. 1157 og ved forskrift 20. desember 2007 nr. 1676. Endringane gjeld tilpassingar til nye reglar om kapitaldekning, verdipapirhandel og regulerte marknader, blant anna metoden for risikovekting, og tok etter tur til å gjelde 1. november 2007 og 1. januar 2008.

Finansdepartementet fastsette forskrift 3. mai 2007 nr. 467 som endra forskrift 28. desember 1993 nr. 1257 om tilsyn med finansinstitusjonar og forvaltningsselskap som har hovudsete i ein annan EØS-stat, og som driv verksemd i Noreg o.a. Endringa inneber at forskrifta no også kjem til bruk på e-pengeføretak. Endringa inneber ei rettsleg presisering av Kredittilsynet si rolle overfor EØS-baserte e-pengeføretak og norske e-pengeføretak som driv verksemd i EØS-området.

«Forskrift 22. desember 2006 nr. 1615 om kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer» blei endra ved forskrift 3. mai 2007 nr. 468 og ved forskrift 29. juni 2007 nr. 876 (verdipapirforskrifta). Endringane gjeld mellom anna berekninga av det samla engasjementet til institusjonane.

Ny «forskrift om forsvarlig likviditetsstyring i finansinstitusjoner» blei fastsett 29. juni 2007 nr. 747, og utdjupar kva som er forsvarleg likviditetsstyring. Forskrifta byggjer på anbefalingar for god likviditetsstyring frå den internasjonale oppgjersbanken (BIS). Forskrift 29. juni 2007 nr. 748 endrar «forskrift om filial av banker og andre kredittinstitusjoner med hovedsete i en annen stat innen Det europeiske økonomiske samarbeidsområde, m.m.» av 2. mai 1994 nr. 326, og utvidar Kredittilsynet sin rett når det gjeld tilsyn med likviditet i utanlandske filialar og moglegheita til å avtale samarbeid om tilsyn med likviditeten i filialen med kompetent myndigheit i filialens heimland, jf. Rådsdirektiv 2006/48/EF.

Forskrift 23. november 2007 nr. 1286 gjorde endring i «forskrift 23. april 2003 nr. 549 om underretning og kunngjøring ved reorganisering og avvikling av finansinstitusjoner». Endringa var av teknisk karakter.

Kredittilsynet vedtok 31. januar 2007 nr. 121 ny forskrift om bruk av soliditetsreglar på konsolidert basis o.a. (Forskrifta gjennomfører delar av konglomeratdirektivet i norsk rett og handlar om både kapitaldekningsreglane og solvensmarginreglane. Forskrifta erstattar tidlegare konsolideringsforskrift (forskrift 25. mars 1991 nr. 214) og inneber konsolideringsplikt også for verdipapirføretak. Forskrifta er heimla i finansieringsverksemdslova § 2a-9 og verdipapirhandellova § 8-12.

4.1.2 Forsikringsverksemd og pensjons­ordningar

Stortinget vedtok i juni 2007 endringar i føretakspensjonslova og innskotspensjonslova etter forslag i Ot.prp. nr. 32 (2006–2007). Proposisjonen har sin bakgrunn i behovet for presiseringar og justeringar i lovverket. Lovendringane inneber ei presisering om at uførepensjon frå føretakspensjonsordninga ikkje kan utbetalast når det blir utbetalt attførings- eller rehabiliteringspengar frå folketrygda. Vidare inneber endringa at alderspensjonen til uføre kan regulerast på tilsvarande vis som pensjonar under utbetaling blir regulerte, at arbeidstakarar med lovbestemt permisjon, som har anna opptening, skal kunne meldast ut av pensjonsordninga, eller underleggjast særlege reglar om opptening i permisjonstida, og det blir opna for at ei føretakspensjonsordning, ved omdanning til ei innskotspensjonsordning, skal kunne vidareførast for medlemmer som på omdanningstidspunktet er uføre eller sjukmelde. Lovendringa inneheld vidare ei presisering av at premiefondet skal nyttast til å dekkje opp manglande premiereserve også ved omdanning av ei føretakspensjonsordning til ei innskotspensjonsordning. Vidare inneheld lovendringa ei presisering og endring av føresegna om bruk av premiefondet ved omorganisering i føretaket og ved omdanning av ei føretakspensjonsordning til ei innskotspensjonsordning. Som oppfølging av lovendringa fastsette Finansdepartementet «forskrift 29. juni 2007 nr. 743 om overgangsregler til lov 15. juni 2007 om endringer i foretakspensjonsloven og innskuddspensjonsloven».

Stortinget fastsette på bakgrunn av forslag i Ot.prp. nr. 11 (2006–2007) endringar i innskotspensjonslova og skattelova slik at frilansarar kan opprette innskotspensjonsordning med rett til frådrag i skattepliktig inntekt. Frilansarar utan tilsetjingsforhold er verken å sjå på som tilsette eller sjølvstendig næringsdrivande, og fall derfor utanfor dei gjeldande ordningane for skattefavorisert tenestepensjon. Endringane tredde i kraft 16. mars 2007.

Finansdepartementet fastsette 19. mars 2007 nr. 278 mellombels forskrift om avslutning og avbrot av individuelle livrentekontraktar. Skattereglane for individuelle livrentekontraktar blei endra med verknad frå 1. januar 2007, noko som har ført til at mange ønskjer å avbryte slike kontraktar. Forskrifta fastset kor stor del av midlane som er tilordna kontrakten, som forsikringstakaren kan krevje utbetalt ved avbrot. Forskrifta gjeld til og med 31. desember 2010.

Finansdepartementet endra ved forskrift 16. april 2007 nr. 407 «forskrift 22. desember 2006 nr. 1616 om minstekrav til kapitaldekning i forsikringsselskaper, pensjonskasser, innskuddspensjonsforetak og holdingselskap i forsikringskonsern». Vidare endra departementet «forskrift 22. desember 2006 nr. 1617 om garantiordning for skadeforsikring» ved forskrift 24. mai 2007 nr. 543. Departementet endra også «forskrift 19. februar 1993 nr. 117 om forsikringsvirksomhetslovens anvendelse på pensjonskasser og pensjonsfond» ved forskrift 3. juli 2007 nr. 840, og «forskrift 22. september 1995 nr. 827 om forsikringstjenesteytelser og etablering av filial av forsikringsselskap med hovedsete i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde m.m.» ved forskrift 28. september 2007 nr. 1097. Endringane er i hovudsak av teknisk karakter.

«Forskrift 21. november 1989 nr. 1167 om fordeling av kostnader, tap, inntekter, fond mv. mellom forsikringsselskaper i konsernforhold og mellom bransjer og kontrakter i et forsikringsselskap» blei endra ved forskrift 14. november 2007 nr. 1252. Endringa går ut på at norske og utanlandske selskap kan fråvike gjeldande krav om at etableringskostnader for individuelle livsforsikringskontraktar skal betalast samtidig med kontraktsinngåing dersom selskapet oppfyller omfattande krav om informasjon til kunden. Forskriftsendringa er ei oppfølging av EFTA-domstolen si avgjerd 25. november 2005 om at norske styresmakter ikkje kan forby at utanlandske filialar og utanlandske selskap som driv livsforsikringsverksemd i Noreg, let etableringskostnaden vere ei gjeld for kunden til selskapet. Endringa får verknad frå 1. januar 2008. Forskrifta gjer også mindre endringar i «forskrift 5. mai 1995 nr. 581om opplysningsplikt for avtaler om livsforsikring» og «forskrift 26. mai 1995 nr. 583 om kontoføring og kontoutskrift i livs- og pensjonsforsikring».

Finansdepartementet fastsette «forskrift 17. desember 2007 nr. 1457 om livsforsikringsselskapers og pensjonsforetaks kapitalforvaltning» og «forskrift 17. desember 2007 nr. 1456 om skadeforsikringsselskapers kapitalforvaltning». Forskriftene inneber skjerpa krav til måten selskapa styrer og kontrollerer kapitalforvaltninga, medrekna spesifikke krav til ein dokumentert kapitalforvaltningsstrategi, krav om sjølvstende mellom utøvande og kontrollerande eining i kapitalforvaltninga, krav om særleg aktsemd knytt til visse typar transaksjonar, og større vektlegging av kravet om stresstesting av balansen til selskapa. Som følgje av det skjerpa kravet til styring og kontroll med kapitalforvaltninga er det i dei nye forskriftene gitt eit utvida høve til å investere i visse typar eigedelar, som for eksempel aksjar, industriobligasjonar og verdipapirfond. Formålet med føresegnene er å leggje til rette for at kapitalforvaltninga i større grad kan tilpassast evna hos dei enkelte selskapa til å bere risiko.

Kredittilsynet fastsette 3. mai 2007 «Forskrift om forsikringsselskapets opplysningsplikt for avtaler om annen forsikring enn livsforsikring». Forskrifta tredde i kraft 1. januar 2008. Forskrifta innfører ei plikt for skadeforsikringsselskap, ved fornying av forsikringsavtalar, til å gi opplysningar om forsikringspremien i førre avtaleperiode saman med opplysning om ny premie. Forskrifta vidarefører òg tidlegare regler i «forskrift av 5. mai 1995 nr 582 om opplysningsplikt for avtaler om annen forsikring enn livsforsikring» og «forskrift av 22. januar 2007 nr 63 om opplysningsplikt om garanti for skadeforsikringsforpliktelser». Den siste forskrifta innfører opplysningsplikt om skadeforsikring som blir tilbydd her i riket, er omfatta av garantiordning, og eventuelt kva for garanti for forsikringsforpliktinga ordninga gir.

4.1.3 Verdipapirhandel

Stortinget vedtok i juni ny lov om verdipapirhandel og ny lov om regulerte marknader (børslov) etter forslag fremja av Finansdepartementet 23. mars 2007 i Ot.prp. nr. 34 (2006–2007) «Om lov om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven) og lov om regulerte markeder (børsloven)». Dei to lovene gjennomfører EØS-skyldnader som svarar til tre EU-direktiv; direktiv 2004/39/EF om marknader for finansielle instrument (MiFID), direktiv 2004/109/EF om utskrivars informasjonsplikt (rapporteringsdirektivet) og direktiv 2004/25/EF om overtakingstilbod. Formålet med å gjennomføre dei tre direktiva er mellom anna å vidareføre og styrkje dei omsyna som ligg bak gjeldande verdipapirhandel- og børslov. I særleg grad understrekar ein omsynet til å sikre tilliten til finansmarknadene for på den måten å sikre effektive verdipapirmarknader. Direktiva inneber vidare ein større grad av harmonisering av viktige rammevilkår for verdipapirmarknadene innanfor EU/EØS-området. Gjennomføringa av MiFID i norsk rett inneber mellom anna at verdipapirføretak og marknadsplassar (børsar o.l.) i større grad enn før kan drive si verksemd innanfor heile EU/EØS-området på bakgrunn av heimlandsløyvet sitt. Dette er med på å auke konkurransen mellom meklarføretak og mellom marknadsplassar.

Reglane som skal gjelde verdipapirføretak, er gjennomførte i lov om verdipapirhandel, medan reglar for regulerte marknader hovudsakleg er gjennomførte i lov om regulerte marknader. Reglane til gjennomføring av MiFID tredde i kraft 1. november 2007, medan reglane til gjennomføring av rapporterings- og overtakingsdirektiva tredde i kraft 1. januar 2008.

Finansdepartementet har med heimel i dei nye lovene fastsett «forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven» (verdipapirforskrifta) og «forskrift 29. juni 2007 nr. 875 om regulerte markeder» (børsforskrifta). Forskriftene gir utfyllande reglar til verdipapirhandellova og børslova. Departementet fastsette samtidig enkelte overgangsreglar i «forskrift 29. juni 2007 nr. 750 om overgangsregler til lov 29. juni 2007 nr. 74 om regulerte markeder (børsloven) og lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven)». Det blei også gjort tekniske endringar i «forskrift 9. desember 2005 nr. 1422 om opplysninger i prospekter» ved forskrift 29. juni 2007 nr. 745. «Forskrift 9. desember 2005 nr. 1422 om opplysninger i prospekter» blei seinare oppheva då forskrift 29. juni 2007 nr. 876 verdipapirforskrifta tok til å gjelde 1. november 2007.

Dei nye reglane inneber harmoniserte reglar for verdipapirføretak og regulerte marknader (børsar, omsetningsplassar for finansielle instrument) i EØS. Slik legg dei nye lovene til rette for auka konkurranse mellom aktørane på finansmarknaden innanfor EØS-området. Harmoniserte rapporteringsreglar i heile EU/EØS-området for verksemder og andre utskrivarar av finansielle instrument kan dessutan gjere det enklare og rimelegare å hente inn kapital i den europeiske verdipapirmarknaden. Ny lov om verdipapirhandel innfører konsesjonsplikt for to nye investeringstenester; investeringsrådgiving og drift av multilaterale handelsfasilitetar. Investeringsrådgiving omfattar personlege tilrådingar til personar om å investere i bestemte finansielle instrument som aksjar, obligasjonar og fondsdelar. Denne forma for rådgiving var ikkje underlagd regulering etter lov om verdipapirhandel frå 1997. Drift av multilaterale handelsfasilitetar er ei ny type teneste som inneber at eit verdipapirføretak eller ein regulert marknad (børs) kan tilby ein alternativ omsetningsplass for finansielle instrument i konkurranse med vanleg børs. Omfanget av finansielle instrument som fell inn under lova, er også utvida. Dette gjeld til dømes varederivat (som kraftderivat, fraktratar osv.) og kredittderivat. Etter verdipapirhandellova 1997 var desse derivata berre delvis underlagde systemet i verdipapirhandellova. Som følgje av rapporteringsdirektivet er reglane om utskrivars flaggeplikt, periodiske rapporteringsplikt og reglar om offentleggjering av opplysningar endra. Tilsvarande er det gjort mindre endringar i reglane om tilbodsplikt for å tilpasse dei til direktivet om tilbodsplikt. Vidare er investorvernet auka gjennom krava til god forretningsskikk. I den nye verdipapirhandellova skal til dømes verdipapirføretaka klassifisere sine kundar som høvesvis ikkje-profesjonelle, profesjonelle eller kvalifiserte motparter. Eit anna tiltak som skal bidra til å auke investorvernet, er krava om å gjennomføre særskilde vurderingar knytte til investoren. Mellom anna må verdipapirføretaka, før dei yter investeringsrådgiving eller yter aktiv forvaltning, innhente informasjon om kundens finansielle situasjon og kunnskap frå det aktuelle investeringsområdet som skal setje føretaket i stand til å anbefale den investeringstenesta og dei finansielle instrumenta som eignar seg for kunden.

Departementet har gjort endringar i forskrift 29. juni 2007 nr. 750 om overgangsreglar til børslova og verdipapirhandellova ved forskrift 31. oktober 2007 nr. 1202 og ved forskrift 21. desember 2007 nr. 1777. Endringane gjeld mellom anna unntak frå løyvereglane fram til 1. mai 2008 for kredittinstitusjonar som berre driv investeringsrådgiving og ordreformidling, og overgangsreglar om korleis ein driv transaksjonsrapportering, fram til verdipapirhandellova §10-18 med tilhøyrande forskrift trer i kraft.

Departementet har også gjort endringar i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 (verdipapirforskrifta) ved «forskrift 19. oktober 2007 nr. 1166 om endring i forskrift 9. desember 2005 nr. 1422 om opplysninger i prospekter og i forskrift 29. juni 2007 om forskrift til verdipapirhandelloven», ved forskrift 31. oktober 2007 nr. 1203, ved forskrift 18. desember 2007 nr. 1486, ved forskrift 19. desember 2007 nr. 1602 og ved forskrift 21. desember 2007 nr. 1778.

Endringane i verdipapirforskrifta ved forskrift 19. oktober 2007, og 21. desember 2007 gjeld hovudsakleg tekniske tilpassingar. Endringane i verdipapirforskrifta ved forskrift 31. oktober 2007 gjeld bruksområdet for forskrifta på verdipapirfond, og tilbodsmyndigheita sin rett til å krevje gebyr og enkelte verknader av klassifisering som kvalifisert motpart.

Endringa i verdipapirforskrifta ved forskrift 18. desember 2007 nr. 1486 tredde i kraft 1. januar 2008, og innebar at det blei fastsett reglar i forskrifta sitt kapittel 6 del II om tilbodsplikt ved erverv av rettar eller andre interesser knytte til aksjar og del III om overtakingstilbod med tilknyting til fleire statar. Oslo Børs utarbeidde forslaget til regelendringar. Regelen i kapittel 6 del II inneber eit framhald av reglane på dette punktet frå den tidlegare verdipapirhandellova. Etter gjennomgang av høyringsnotatet og høyringsmerknader kom Finansdepartementet til at denne delen av forskrifta reiser spørsmål som bør utgreiast nærare. Dette arbeidet er framleis under behandling i Finansdepartementet og Kredittilsynet. Kapittel 6 del III inneheld reglar om overtakingstilbod med tilknyting til fleire statar og reglar om lovval. Denne delen av forskrifta ligg nær opp til direktiv 2004/25/EF, og reglane blei baserte på Oslo Børs sitt høyringsnotat og etterfølgjande høyringsmerknader.

Endringa i verdipapirforskrifta ved forskrift 19. desember 2007 nr. 1602 utfyller verdipapirhandellova § 10-18, og innfører ei plikt for verdipapirføretaka til å rapportere utførte transaksjonar i noterte finansielle instrument til Kredittilsynet. Forskrifta har som mål å gi Kredittilsynet betre høve til å avdekkje ulovleg innsidehandel og marknadsmanipulasjon. Forskrifta regulerer mellom anna kva for nokre transaksjonar som skal rapporterast, og kva for nokre opplysningar om kundens identitet som skal krevjast i transaksjonsrapportane. Forskriftsføresegnene om transaksjonsrapportering tek til å gjelde så snart Kredittilsynet har utarbeidd dei nødvendige tekniske løysingane.

I Ot.prp. nr. 11 (2006–2007) blei det foreslått lovreglar om at utanlandske investorar kan registrere eiga si av aksjar i norske aksjeselskap gjennom forvaltar. Dette er ei vidareføring av gjeldande rett. Det blei foreslått at ein fører vidare kravet om at innanlandske eigarar av aksjar i norske selskap skal vere direkteregistrerte, slik at den reelle eigaren står oppført i aksjeeigarregisteret. Lovreglane blei vedtekne av Stortinget 16. mars 2007. Det blei også vedteke ein heimel for å påleggje forvaltarar å rapportere eigarforhold til offentleg styringsmakt eller andre.

Forskrift 8. juli 2002 nr. 800 om verdipapirfonds handel med derivat er blitt endra gjennom året. Etter ei endring vedteken 23. mars 2007 (nr. 309) har verdipapirfond høve til å selje finansielle instrument fondet ikkje eig. Forskrifta opnar for slikt sal om nærare krav til dekning av shortsalet er oppfylt. Endringa blei vedteken på bakgrunn av eit utkast laga av Kredittilsynet. Reglane svarar til ei anbefaling frå EU-kommisjonen (2004/383/EF) om såkalla UCITS-fond handel med derivat. Forskrifta blei òg gjenstand for tekniske endringar i høve til endringane i ny lov om verdipapirhandel, jf. forskrift 29. juni 2007 nr. 876 og forskrift 19. desember 2007 nr. 1601.

Finansdepartementet fastsette vidare «forskrift 21. desember 2007 nr. 1776 om differensiering av forvaltningsgodtgjørelsen for verdipapirfondsandeler». Forskrifta opphevar den tidlegare forskrifta frå 2003 (forskrift 6. januar 2003 nr. 10). Etter forskrifta skal differensiering av forvaltningsgodtgjeringa baserast på marknadsverdien av partane, og ikkje talet på partar kvar enkelt kunde eig i fondet. Føresegna om at forvaltningsselskapet i kvart enkelt høve kan differensiere godtgjeringa på anna grunnlag enn verdien av eigedelane, så lenge differensieringa er sakleg grunngitt, blir vidareført. Forskrifta grip ikkje inn i avtalar om forvaltningsgodtgjering som er inngått før forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2008.

4.1.4 Eigedomsmekling

Ny lov 29. juni 2007 nr. 73 om eigedomsmekling blei vedteken i 2007. Lova tek til å gjelde frå 1. januar 2008, og erstattar den tidlegare lov 16. juni 1989 nr. 53 om eigedomsmekling. Den nye lova byggjer på forslaget til Regjeringa i Ot.prp. nr. 16 (2006–2007). Dette forslaget byggjer på eigedomsmeklingslovutvalet si utgreiing i NOU 2006:1 «Eiendomsmegling». Verkeområdet til lova er i hovudsak uendra. Lova inneheld likevel ei rekkje føresegner som skal tene til å sikre at både seljar og kjøpar får god og uhilda bistand. Blant endringane gjeld eit strengare krav til kompetanse. Denne endringa inneber eit krav om ein ansvarleg meklar for kvart oppdrag som sjølv skal utføre dei mest vesentlege delane av oppdraget. Vidare blei tittelen «eigedomsmeklar» verna i lova, og kan berre nyttast av personar som har eigedomsmeklarbrev, er advokat eller jurist med løyve frå Kredittilsynet. Det er forbode å bruke tittelen «statsautorisert eigedomsmeklar». Det er også gitt skjerpa føresegner som skal sikre at meklaren er uhilda, blant anna strengare føresegner om eigenhandel og om høve til å drive anna verksemd. Meklaren si plikt til å skaffe og gi opplysningar om eigedommen blei også skjerpa.

Departementet har gitt overgangsreglar til dei nye lovreglane i forskrift 23. november 2007 nr. 1282. Mellom anna blei krava i den nye lova til å ha ansvarleg meklar med formell kompetanse utsette i tre år. Vidare blei det gitt reglar om godkjenning av personar som ikkje har eigedomsmeklarbrev som ansvarleg meklar. Personar utan eigedomsmeklarbrev kan søkje om godkjenning som ansvarleg meklar om dei oppfyller nærare krav til praktisk erfaring og består ein prøve som er godkjend av Kredittilsynet. Ved forskrifta blei også nye reglar som skal sikre at meklaren er uhilda, utsette ei tid for at aktørane skal få tilpassa verksemda si til den nye lova.

I medhald av ny lov om eigedomsmekling har departementet vedteke forskrift om eigedomsmekling, jf. forskrift 23. november 2007 nr. 1318. Forskrifta gir utfyllande reglar til lova på ei rekkje punkt. Det gjeld blant anna arbeidsdelinga mellom ansvarleg meklar og eigedomsmeklarfullmektigen. I forskrifta er det òg gitt føresegner som betre skal sikre innsyn i bodrundane. Forskrifta opnar dessutan for at ei rekkje av føresegnene i lova kan fråvikast ved såkalla næringsmekling.

Forskrift om eigedomsmekling 20. mars 1990 nr. 177 blei endra ved forskrift 16. mars 2007 nr. 275. Seinare blei heile forskrifta om eigedomsmekling 1990 oppheva ved den nye forskrifta om eigedomsmekling 23. november 2007 nr. 1318, med unntak for eigedomsforskrifta 1990 §2-5, som er gitt verknad fram til 1. januar 2009.

4.1.5 Rekneskap og revisjon

«Forskrift av 7. februar 2001 nr. 108 om grunnfondsbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper» blei endra ved forskrift 19. desember 2007 nr. 1497. Denne endringa i grunnfondsbevisforskrifta inneber at bruk av IFRS i selskapsrekneskapen ikkje fører til forandringar i fordelinga av overskot mellom grunnfondsbeviseigarar og den «eigarlause» kapitalen.

Finansdepartementet endra ved forskrift 30. mars 2007 nr. 370 «forskrift av 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike». Ved forskrift same dato nr. 371 endra departementet «forskrift av 23. august 1999 nr. 957 om årsregnskap m.m. verdipapirforetak», ved forskrift same dato nr. 373 endra departementet «forskrift av 7. februar 2001 nr. 108 om grunnfondsbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper», og ved forskrift same dato nr. 389 endra departementet «forskrift av 16. desember 1998 nr. 1241 om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper».

Endringane inneber ei plikt for bankar og finansieringsføretak i IFRS-konsern til å bruke enten IFRS eller reglar om forenkla bruk av IFRS i selskapsrekneskapen. For andre institusjonar er det gitt høve til å velje IFRS, forenkla IFRS eller dei ordinære reglane i årsrekneskapsforskrifta. For skadeforsikringsselskap er det gjort ei tilpassing til IFRS når det gjeld gjenforsikring (IAS 4) og eigedommar (IAS16 og IAS 40). Samstundes, som følgje av dette, er det teke inn korrigerande føresegner i soliditetsregelverket når det gjeld gjenforsikring. Verdipapirføretak og forvaltningsselskap får høve til å bruke IFRS i selskapsrekneskapen.

Vidare endra departementet «forskrift 7. september 2006 nr. 1062 til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapslova av 17. juli 1998 nr. 56» ved forskrift 30. mars 2007 nr. 369, ved forskrift 4. desember 2007 nr. 1355 og ved forskrift 21. desember 2007 nr 1768. Endringa 4. desember inneber at ordninga med utsett frist for forseinkingsgebyr for rekneskapspliktige som leverer årsrekneskap o.l. elektronisk gjennom Altinn-portalen, blei forlengd med verknad for rekneskapsåret til og med 2008.

Departementet endra også «forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder» ved forskrifter av 27. juni 2007 nr. 722 og forskrift 20. desember 2007 nr. 1700. Endringane var av teknisk karakter.

Kredittilsynet vedtok 31. desember 2007 endring av «forskrift 8. februar 1999 nr. 196 om autorisasjon av rekneskapsførarar o.a.». Endringane tredde i kraft straks. Ei av endringane inneber at advokatar, som etter bransjemessig sedvane har drive rekneskapsførarverksemd som ein naturleg del og som ledd i anna oppdrag, får forlengd frist til 31. desember 2009 til å avvikle denne rekneskapsførarverksemda. Kredittilsynet kan i særlege tilfelle etter søknad forlengje fristen for å avvikle rekneskapsførarverksemda for advokatar. Advokatfirma fekk òg høve til å autorisere firmaet som rekneskapsførarselskap utan å oppfylle kravet til at selskapet skal ha ein autorisert rekneskapsførar som dagleg leiar. Advokatfirma som vil nytte seg av dette unntaket, må ha ein tilsett fagleg leiar for rekneskapsførarverksemda som er autorisert rekneskapsførar. Firmaet må òg ha skriftlege retningslinjer for fagleg leiars oppgåver og rapportering til dagleg leiar. Det blei vidare gjort teknisk endring i forskrifta når det gjaldt praksiskrav for autorisasjon, og om innhaldet i krav til etterutdanning for autorisert rekneskapsførar.

4.1.6 Anna

Finansdepartementet fastset i samsvar med lov om renter ved forseinka betaling § 3 ein forseinkingsrentesats for kvart komande halvår. Satsen skal vere styringsrenta til Noregs Bank med eit tillegg på 7 prosentpoeng. Ved forskrift 28. juni 2007 nr. 707 blei forseinkingsrenta fastsett til 11,5 prosent. Ved forskrift 19. desember 2007 nr. 1498 blei forseinkingsrenta fastsett til 12,25 prosent.

Finansdepartementet gav i juni 2007 ei vurdering av retningslinjene og praksis for utgiving av jubileums- og minnemynt. Bakgrunnen var eit spørsmål frå Stortinget om framtida for myntproduksjon på Kongsberg når produksjonsavtalen med Noregs Bank går ut i 2009. Departementet gav uttrykk for at det bør vere grunnlag for framtidig myntproduksjon på Kongsberg så sant produksjonen er konkurransedyktig på pris og kvalitet. I vurderinga av retningslinjene la departementet vekt på at utgiving av jubileums- og minnemyntar skal vere eit viktig bidrag til nasjonal identitet og historie. På den eine sida tilseier dette ein restriktiv praksis for slike utgivingar i samsvar med gjeldande retningslinjer, men samtidig også at det skjer utgivingar regelmessig. Etter Finansdepartementet si vurdering er det ønskjeleg med ein større grad av langtidsplanlegging rundt framtidige utgivingar av jubileumsminnemyntar. Departementet meiner at dei retningslinjene som gjeld, her gir rom for også å leggje vekt på myntprodusentens behov, og at desse omsyna vil bli balanserte på ein rimeleg måte med eit utgivingstempo på om lag éi utgiving pr. år. Departementet støtta at Noregs Bank opprettar ein uavhengig komité som vurderer utgivingane.

4.1.7 Oversikt over forskrifter som er fastsette av Finansdepartementet på finansmarknadsområdet i 2007

Det blei fastsett 49 forskrifter i 2007.

Forskrift 16. januar 2007 nr. 27 om endring av forskrift 22. juni 2000 nr. 632 om minstekrav til kapitaldekning for markedsrisiko mv. for kredittinstitusjoner og verdipapirforetak

Midlertidig forskrift 16. mars 2007 nr. 276 om overgangsregler til lov om sparebanker og lov om forretningsbanker

Forskrift 16. mars 2007 nr. 275 om endring i forskrift 20. mars 1990 nr. 177 om eiendomsmegling

Midlertidig forskrift 19. mars 2007 nr 278 om avbrudd og opphør av individuelle livrentekontrakter

Forskrift 23. mars 2007 nr. 309 om endring av forskrift 8. juli 2002 nr. 800 om verdipapirfonds handel med derivater

Forskrift 30. mars 2007 nr. 369 om endring av forskrift 7. september 2006 nr. 1062 til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven av 17. juli 1998 nr. 56

Forskrift 30. mars 2007 nr. 370 om endring av forskrift 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike

Forskrift 30. mars 2007 nr. 371 om endring av forskrift 23. august 1999 nr. 957 om årsregnskap m.m. for verdipapirforetak

Forskrift 30. mars 2007 nr. 372 om endring av forskrift 22. oktober 1990 nr. 875 om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak

Forskrift 30. mars 2007 nr. 373 om endring av forskrift 7. februar 2001 nr. 108 om grunnfondsbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper

Forskrift 30. mars 2007 nr. 389 om endring av forskrift 16. desember 1998 nr 1241 om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper

Forskrift 16. april 2007 nr. 407 om endring av forskrift 22. desember 2006 nr. 1616 om minstekrav til kapitaldekning i forsikringsselskaper, pensjonskasser, innskuddspensjonsforetak og holdingsselskap i forsikringskonsern

Forskrift 3. mai 2007 nr. 467 om endring av forskrift om tilsyn med finansinstitusjoner og forvaltningsselskap som har hovedsete i annen EØS-stat og som driver virksomhet i Norge m.v.

Forskrift 3. mai 2007 nr. 468 om endring av forskrift 22. desember 2006 nr. 1615 om kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer

Forskrift 24. mai 2007 nr. 543 om endring av forskrift 22. desember 2006 nr. 1617 om garantiordning for skadeforsikring

Forskrift 25. mai 2007 nr. 550 om kredittforetak som utsteder obligasjoner med fortrinnsrett i en sikkerhetsmasse bestående av offentlige lån, utlån med pant i bolig eller annen fast eiendom

Forskrift 19. juni 2007 nr. 679 om endring i forskrift om grunnfondsbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper

Forskrift 27. juni 2007 nr. 722 om endring av forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder

Forskrift 28. juni 2007 nr. 707 om renter ved forsinket betaling.

Forskrift 29. juni 2007 nr. 743 om overgangsregler til lov 15. juni 2007 nr. 28 om endringer i foretakspensjonsloven og innskuddspensjonsloven

Forskrift 29. juni 2007 nr. 745 om endring i forskrift 9. desember 2005 nr. 1422 om opplysninger i prospekter

Forskrift 29. juni 2007 nr. 747 om forsvarlig likviditetsstyring. Forskrift om forsvarlig likviditetsstyring

Forskrift 29. juni 2007 nr. 748 om endring av forskrift 2. mai 1994 nr. 326 om filial av banker og andre kredittinstitusjoner med hovedsete i en annen stat innen Det europeiske økonomiske samarbeidsområde, m.m.

Forskrift 29. juni 2007 nr. 750 om overgangsregler til lov 29. juni 2007 nr. 74 om regulerte markeder (børsloven) og lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven)

Forskrift 29. juni 2007 nr. 875 om regulerte markeder (børsforskriften)

Forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)

Forskrift 3. juli 2007 nr. 840 om endring i forskrift 19. februar 1993 nr. 117 om forsikringsvirksomhetslovens anvendelse på pensjonskasser og pensjonsfond

Forskrift 28. september 2007 nr. 1097 om endring i forskrift 22. september 1995 nr. 827 om forsikringstjenesteytelser og etablering av filial av forsikringsselskap med hovedsete i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde m.m.

Forskrift 17. oktober 2007 nr. 1157 om endring av kapitalkravsforskriften

Forskrift 19. oktober 2007 nr. 1166 om endring i forskrift 9. desember 2005 nr. 1422 om opplysninger i prospekter og i forskrift 29. juni 2007 om forskrift til verdipapirhandelloven

Forskrift 31. oktober 2007 nr. 1202 om endring av forskrift 29. juni 2007 nr. 750 om overgangsregler til lov 29. juni 2007 nr. 74 om regulerte markeder (børsloven) og lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven)

Forskrift 31. oktober 2007 nr. 1203 om endring av forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)

Forskrift 14. november 2007 nr. 1252 om endring i forskrift om fordeling av kostnader, tap, inntekter, fond mv mellom forsikringsselskaper i konsernforhold og mellom bransjer og kontrakter i et forsikringsselskap, forskrift om opplysningsplikt for avtaler om livsforsikring og forskrift om kontoføring og kontoutskrift i livs- og pensjonsforsikring

Forskrift 23. november 2007 nr. 1282 om overgangsregler til lov 29. juni 2007 nr. 73 om eiendomsmegling

Forskrift 23. november 2007 nr. 1286 om endring i forskrift 23. april 2003 nr. 549 om underretning og kunngjøring ved reorganisering og avvikling av finansinstitusjoner

Forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eiendomsmegling

Forskrift 4. desember 2007 nr. 1355 om endring av forskrift 7. september 2006 nr. 1062 til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven 17. juli 1998 nr. 56

Forskrift 17. desember 2007 nr. 1456 om skadeforsikringsselskapers kapitalforvalning

Forskrift 17. desember 2007 nr. 1457 om livforsikringsselskapers pensjonsforetaks kapitalforvaltning

Forskrift 18. desember 2007 nr. 1486 om endring i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften) kapittel 6

Forskrift 19. desember 2007 nr. 1601 om endring av forskrift 8. juli 2002 nr. 800 om verdipapirfonds handel med derivater

Forskrift 19. desember 2007 nr. 1602 om endring av forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)

Forskrift 19. desember 2007 nr.1497 om endring av forskrift 7. februar 2001 nr. 108 om grunnfondsbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper

Forskrift 19. desember 2007 nr. 1498 om renter ved forsinket betaling

Forskrift 20. desember 2007 nr. 1676 om endring av kapitalkravsforskriften

Forskrift 20. desember 2007 nr.1700 om endring av forskrift 17. desember nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder

Forskrift 21. desember 2007 nr. 1776 om differensiering av forvaltningsgodtgjørelsen for verdipapirfondsandeler

Forskrift 21. desember 2007 nr. 1777 om endring i forskrift om overgangsregler til lov 29. juni 2007 nr. 74 om regulerte markeder (børsloven) og lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven)

Forskrift 21. desember 2007 nr.1778 om endring i forskrift 29. juni 2007 om verdipapirhandel (verdipapirforskriften)

4.2 Oversikt over løyve i forvaltningssaker

Finansdepartementet gav 19. januar 2007 Gjensidige Forsikring løyve til å erverve alle aksjar i det danske forsikringsselskapet KommuneForsikring A/S, og til endring i organiseringa av konsernet som følgje av ervervet. Det blei stilt som vilkår at ervervet blei gjennomført innan 12 månader.

Ankenes Sparebank og Narvik Sparebank fekk 5. februar 2007 løyve av Finansdepartementet til å slutte seg saman til Sparebanken Narvik.

Finansdepartementet godkjende 2. mars 2007 søknad frå FishEx ASA om å drive autorisert marknadsplass. Løyvet blei avgrensa til å gjelde marknadsplass for varederivat med fisk og/eller sjømat som underliggjande vare. Marknadsplassen skal liggje i Tromsø. Det blei stilt vilkår til den ansvarlege kapitalen til FishEX, til utarbeiding av instruksar for marknadsovervaking og til utarbeiding av forsvarleg internkontroll innan tre månader. Varederivat med fisk og/eller sjømat som underliggjande vare blir mellom anna brukt blant aktørar i den underliggjande marknaden for å sikre seg mot prisendringar.

Finansdepartementet gav 2. mars 2007 Nord Pool Clearing ASA utvida løyve til å drive oppgjersverksemd i samband med varederivat generelt, medrekna varederivat med fisk og/eller sjømat som underliggjande vare. Utvidinga av løyvet har samanheng med godkjenning av FishEx ASA som autorisert marknadsplass. Det blei stilt som ytterlegare vilkår at selskapet må førehandsmelde vesentlege endringar i verksemda til Kredittilsynet, det blei stilt krav om ansvarleg kapital på minst 500 millionar kroner, og det blei stilt krav om at føretaket skal bruke oppgjersmetoden «General Clearing Member Method».

Bergen Broker Finans ASA (BB Finans) fekk 19. mars 2007 endra løyvevilkåra sine. Då Finansdepartementet gav BB Finans løyve til å opprette finansieringsføretak 20. august 1993, blei det sett vilkår om geografisk avgrensa drift ettersom føretaket fekk unntak frå kravet til ansvarleg kapital. På vilkår av at føretaket auka aksjekapitalen sin til 32 millionar kroner innan 31. mai 2007, oppheva departementet 19. mars 2007 vilkåret om geografisk avgrensa drift. Samtidig blei unntaket frå kravet til ansvarleg kapital oppheva.

Finansdepartementet godkjende 19. mars 2007 Gjensidige Forsikring sin søknad om å erverve inntil 19,99 prosent av aksjane i Storebrand ASA. Det blei stilt som vilkår at aukinga i eigardel måtte skje innan tre månader etter at løyvet blei gitt.

Finansdepartementet gav 19. mars 2007 Kaupthing Bank hf. løyve til å erverve aksjar i Storebrand ASA slik at den samla eigardelen til selskapet kunne utgjere inntil 20 prosent av aksjane. Det blei stilt som vilkår at aukinga i eigardel måtte skje innan tre månader etter at løyvet blei gitt.

EnterCard Norge AS fekk 28. mars 2007 godkjenning frå Finansdepartementet til å opprette filial i Danmark.

Finansdepartementet godkjende 27. april 2007 Kristen-Norges Innkjøpsfelleskap sin søknad om etablering av skadeforsikringsselskapet KNIF Trygghet Forsikring AS. Det blei stilt ei rekkje vilkår knytte til oppfylling av organisering og leiing av føretaket, og til ansvarleg kapital som måtte oppfyllast før løyvet kunne takast i bruk.

Fish Pool ASA fekk 11. mai 2007 løyve frå Finansdepartementet til å drive verksemd som autorisert marknadsplass (regulert marknad) for varederivat med fisk og/eller annan sjømat som underliggjande vare. Marknadsplassen skal liggje i Bergen. Løyve blei gitt på vilkår om, mellom anna, at Kredittilsynet kan stille krav til aksjekapitalen til Fish Pool ASA og kva denne skal bestå i.

Finansdepartementet gav 14. mai 2007 Wallie AS avgrensa løyve som e-pengeføretak, og føretaket var samtidig gitt mellombels unntak frå krava i kvitvaskingslova om identitetskontroll av sluttbrukar. Det blei stilt ei rekkje vilkår for unntaka, mellom anna knytt til øvre grenser i pengesummane føretaket kunne tilby i betalingskort, og til overvakingssystem av transaksjonane.

Finansdepartementet godkjende 5. juni 2007 søknad frå Pallas ASA om løyve til etablering av finanskonsern og til å etablere skadeforsikringsselskapet Pallas Forsikring AS. Det blei stilt ei rekkje vilkår til organiseringa av verksemda før løyvet kunne takast i bruk, og til drift av verksemda.

Loomis Norge AS blei 21. juni 2007 gitt løyve frå Finansdepartementet til å drive valutaverksemd i Noreg. Finansdepartementet gjorde unntak frå krav i finansieringsverksemdslova til kva type føretak som kan drive valutaverksemd, slik at Loomis kan drive ervervsmessig omsetning av utanlandske betalingsmiddel i Noreg. Finansdepartementet stilte som vilkår for unntaket at den sentrale delen av verksemda er kontanthandtering, og at omsetning av valuta skal utgjere ein liten del av verksemda. Finansdepartementet la i vedtaket vekt på at Loomis hadde inngått samarbeid med Fokus Bank om oppgjer av valuta slik at oppgjer blei gjorde direkte til og frå kundane sine bankkontoar, og på den måten sikrar forsvarleg identitetskontroll og avgrensar moglegheita for kvitvasking.

Finansdepartementet gav 26. juni 2007 Maris Energy Insurance AS løyve til skadeforsikringsverksemd. Det blei stilt vilkår til kva type skadeforsikringsverksemd Maris Energy Insurance AS kan drive, og krav til organisering av verksemda før løyvet kan takast i bruk.

Finansdepartementet godkjende 26. juni 2007 Norgespensjon AS sin søknad om etablering av innskotspensjonsføretak. Det blei stilt vilkår til organiseringa av verksemda.

Pareto Securities ASA fekk dispensasjon frå Finansdepartementet til å drive valutaverksemd i samband med investeringstenester 5. september 2006. 28. juni 2007 godkjende departementet ei utviding av denne dispensasjonen. Pareto Securities har såleis rett til å drive anna næringsverksemd enn finansieringsverksemd der dette har naturleg samanheng med investeringstenesteverksemda, jf. verdipapirhandellova 1997 § 8-3. Departementet meinte at valutaveksling for kundane av investeringstenestene til føretaket kunne leggjast til grunn å ha naturleg samanheng med investeringsverksemda. Det blei stilt som vilkår for dispensasjonen at føretaket informerer kundane om at valutatenesta ikkje er dekt av ordninga med sikringsfondet til verdipapirføretaka.

Finansdepartementet godkjende 29. juni 2007 DnB NOR ASA sin søknad om dispensasjon frå reglane om eigaravgrensing i Oslo Børs Holding ASA og VPS Holding ASA. DnB NOR ASA fekk løyve til å eige inntil 19,66 prosent av aksjane i Oslo Børs Holding ASA og inntil 16,59 prosent av aksjane i VPS Holding ASA. Løyvet var gitt for ein periode fram til 31. desember 2008, og inneber ei forlenging av dispensasjonen frå eigaravgrensingsreglane som var gitt DnB NOR i 2004. DnB Nor ASA fekk såleis avslag på søknaden om varig eigarskap på høvesvis 19,66 og 16,59 prosent. I grunngivinga for dispensasjonen blei det vist til forslag frå departementet i Ot.prp. nr. 34 (2006–2007) om oppnemning av ei arbeidsgruppe som skal sjå på reglane om eigaravgrensing i infrastrukturføretak på verdipapirmarknadsområdet, og til at departementet fram til konklusjonane frå gruppa ligg føre, ikkje utviklar ein praksis som leier til varige avvik frå normalordninga i lova.

Finansdepartementet godkjende også OMX AB sin søknad om dispensasjon frå reglane om eigaravgrensing i Oslo Børs Holding ASA 29. juni 2007. Det svenske børsføretaket OMX AB fekk ved vedtak 29. juni 2007 avslag på søknad om varig erverv av mellom 10 og 15 prosent av aksjekapitalen i Oslo Børs Holding ASA, men fekk i staden mellombels løyve til å eige inntil 10,028 prosent av aksjekapitalen i Oslo Børs Holding ASA, fram til 31. desember 2008. Også i dette vedtaket blei det vist til oppnemninga av arbeidsgruppa som skal sjå på reglane om eigaravgrensing, og til at departementet ikkje ville utvikle ein praksis som leier til varige avvik frå normalordninga i lova.

Finansdepartementet gav 6. juli 2007 Gjensidige Forsikring løyve til å erverve alle aksjar i Tennant Insurance Group AB med dotterselskap. Som ei følgje av ervervet godkjende departementet samtidig ny konsernstruktur for Gjensidige-konsernet. Det blei sett som vilkår at ervervet måtte gjennomførast innan 12 månader.

Finansdepartementet gav 6. juli 2007 BBS Handel og Varekjøp AS og Teller AS løyve til å slutte seg saman. Det samanslutta selskapet vil drive verksemd innanfor kortbasert betalingsformidling. Konkurransetilsynet hadde allereie stilt vilkår til fusjonen for å avhjelpe moglege negative verknader for konkurransen. Finansdepartementet sitt løyve blei gitt på vilkår av at partane innretta seg etter vedtak i Konkurransetilsynet. Departementet fatta 19. desember 2007 nytt vedtak om løyve til samanslutninga som ei følgje av at partane endra fusjonsplanane og den planlagde konsernstrukturen. Etter vedtaket av 19. desember 2007 blei det gitt løyve til samanslutninga, og konsernstrukturen med morselskapet Blå Holding AS blei godkjent. Det blei stilt vilkår til at Kredittilsynet godkjende organiseringa av holdingselskapet.

Finansdepartementet godkjende 17. juli 2007 Netfonds Holding AS sin søknad om å etablere dotterselskapet Netfonds Livsforsikring AS. Netfonds Livsforsikring fekk løyve etter forsikringslova § 2-1 til å tilby individuell kapitalforsikring med investeringsval. Det blei sett vilkår til organiseringa og verksemda til Netfonds Livsforsikring.

Finansdepartementet gav 22. august 2007 OBOS løyve til å drive verksemd som finansieringsføretak. OBOS hadde 23. mars 1999 fått løyve til å drive utlånsverksemd innanfor bustadsamvirket og innanfor Noreg. Ved vedtaket av 22. august 2007 blei det gjort endringar i løyvet slik at finansieringsverksemda også kan omfatte utlånsverksemd til dotterselskap av OBOS utanfor Noreg.

Folkefinans AS fekk 13. september 2007 løyve til å drive verksemd som finansieringsføretak og kredittføretak. Folkefinans vil tilby kortsiktige smålån utan sikkerheit, formidla elektronisk. Folkefinans fekk løyve til ikkje å ha representantskap. Det blei sett vilkår til organiseringa og verksemda.

Finansdepartementet godkjende 18. september 2007 søknad frå Bank Norwegian AS om å etablere forretningsbank. Bank Norwegian AS skal drive ordinær bankverksemd og vil tilby tradisjonelle banktenester retta mot personmarknaden. Distribusjon av Bank Norwegian sitt produkt skal skje gjennom bruk av Internett. Departementet godkjende samtidig søknad om å etablere eit finanskonsern ved namn Norwegian Finans Holding ASA som morselskap. Det blei mellom anna stilt vilkår om at Norwegian Air Shuttle ASA ikkje kan ha større eigardel i holdingselskapet enn 20 prosent. I forhold til denne grensa skal også leiande tilsette og aksjeeigar med aksjedel i Norwegian Air Shuttle ASA på 10 prosent eller meir reknast med.

I vedtak 1. oktober 2007 gav Finansdepartementet løyve til Sparebanken Bien til omdanning til aksjesparebank. Stiftelsen Sparebanken Bien er eigar av alle aksjane i Sparebanken Bien AS. Det blei stilt som vilkår for løyve at Kredittilsynet godkjenner vedtekter og gjer ei ny vurdering av styremedlemmer i medhald av forretningsbanklova § 8a andre ledd

Finansdepartementet gav 8. oktober 2007 Den norske tannlegeforenings Gjensidige Sykeavbruddskasse, løyve til å etablere av gjensidig skadeforsikringsselskap.

Finansdepartmentet godkjende 24. oktober 2007 DnB NOR ASA sin søknad om å erverve alle aksjane i SalusAnsvar AB.

Finansdepartementet gav 24. oktober 2007 løyve til å omorganisere foreininga og konsernet Landkreditt. Det blei mellom anna gitt løyve til at Landkreditt blei skipa som morselskap i finanskonsern, jf. finansieringsverksemdslova § 2a-3 første ledd. Endringa skjer som følgje av nye lovreglar på bakgrunn av Banklovkommisjonens utgreiing NOU 2006:17. Løyvet inneber at Landkreditt kan overføre si operative verksemd til Landkreditt Bank AS, og bli godkjend som morselskap i finanskonsern som er organiserte etter den såkalla holdingmodellen. Som vilkår for å gjennomføre omorganiseringa blei det sett som krav at Kredittilsynet har godkjent vedtektene for Landkreditt og Landkreditt Bank AS. Den 9. november 2007 gav departementet dispensasjon frå konsesjonsvilkåra som avgrensar Landkreditt Banks AS’ forvaltningskapital til 75 prosent av foreininga Landkreditts forvaltningskapital.

Pareto Privat AS fekk 1. november 2007 løyve til å etablere forretningsbank. Det er i søknaden opplyst at det skal gjennomførast ein kombinert emisjon/nedsal utan fortrinnsrett for Pareto AS eller andre, jf. forretningsbanklova § 4 første ledd. Det blei stilt vilkår til organiseringa og verksemda.

Finansdepartementet godkjende 8. november 2007 samanslåing mellom Oslo Børs Holding ASA og VPS Holding ASA. Det samanslåtte selskapet, Oslo Børs Verdipapirsentralen Holding ASA, eig Oslo Børs ASA, Verdipapirsentralen ASA og VPS Clearing ASA, som alle driv med konsesjonsbelagde tenester. Departementet la vekt på å vege omsynet til føretaka si målsetjing om å styrkje konkurransekrafta si mot omsynet til å verne Verdipapirsentralen si kjerneverksemd som register over rettshavar og som ein viktig uavhengig infrastrukturinstitusjon i verdipapirmarknaden. Godkjenninga blei såleis gitt på vilkår mellom anna om organisering av konsernet som skal sikre VPS ASA som eit sjølvstendig og uavhengig føretak i konsernet. For å sikre soliditeten til VPS blei det òg gitt vilkår om at utbytte og konsernbidrag frå VPS ASA til andre føretak i konsernet ikkje kan givast utan godkjenning frå departementet. I vedtak av 18. desember 2007 presiserte departementet at godkjenning til utbytte vil bli gitt så lenge soliditeten i VPS ikkje blir uforsvarleg redusert, og etter kva normer vurdering av konsernbidrag blir gjorde.

Finansdepartementet gav 16. november 2007 Storebrand Livsforsikring AS og Storebrand ASA løyve til å erverve den svenske forsikringsgruppa SPP. Same dag blei dei nødvendige løyva til mellom anna endring i Storebrand ASA konsern gitt ved eige vedtak. I løyvet til erverv av SPP fekk Storebrand Livsforsikring AS mellom anna tidsavgrensa rett til å fråvike kravet om ei kapitaldekning på konsolidert nivå på åtte prosent ved at ein del av ein forsikringsteknisk reserve i SPP inngår ved berekninga av ansvarleg kapital på konsolidert nivå. Storebrand fekk også rett til å ta opp fondsobligasjonslån og evigvarande ansvarleg lån. Ved vedtak 8. januar 2008 endra departementet vilkåra knytte til retten til å ta opp fondsobligasjonslån og evigvarande ansvarleg lån.

Finansdepartementet gav 16. november 2007 Gjensidige Forsikring BA løyve, med heimel i forsikringslova § 3-7 tredje ledd, til å setje opp den ansvarlege kapitalen sin ved å skrive ut grunnfondsbevis. Med heimel i same lov § 15-8 blei det gitt dispensasjon frå forsikringslova slik at kapitalaukinga kan skje ved å omklassifisere om lag 25 prosent av opptent eigenkapital til grunnfondsbeviskapital. Departementet godkjende samstundes at grunnfondsbevisa skal skrivast ut til ein nyoppretta stiftelse (Gjensidigestiftelsen), og gav med heimel i grunnfondsbevisforskrifta § 15 løyve til at stiftelsen kan eige inntil 100 prosent av grunnfondsbevisa i ein periode på maksimalt eitt år, og 20 prosent i ein periode på maksimalt to år. Som vilkår for løyva blei det mellom anna stilt krav til sjølvstendig styre i stiftelsen og til vern av den kundeeigde kapitalen.

JP Morgan Securities Ltd. fekk 16. november 2007 løyve til å erverve inntil 25 prosent av aksjane i Storebrand ASA i samband med deltaking i eit garantikonsortium. Løyvet var avgrensa til å gjelde for ein periode på inntil eitt år frå teikningstidspunktet. Stemmeretten var avgrensa til inntil 20 prosent av aksjane.

16. november 2007 godkjende Finansdepartementet Kaupthing Bank hf. sin søknad om løyve til å erverve inntil 25 prosent av aksjane i Storebrand ASA i samband med deltaking i eit garantikonsortium. Løyvet var avgrensa til å gjelde for ein periode på inntil eitt år frå teikningstidspunktet.

16. november 2007 godkjende Finansdepartementet UBS Limited sin søknad om løyve til å erverve inntil 25 prosent av aksjane i Storebrand ASA i samband med deltaking i eit garantikonsortium. Løyvet var avgrensa til å gjelde for ein periode på inntil eitt år frå teikningstidspunktet. Stemmeretten var avgrensa til inntil 20 prosent av aksjane.

Finansdepartementet gav 30. november 2007 løyve for Sparebanken Vest, Fana Sparebank, Helgeland Sparebank og Sparebanken Øst til å skipe og eige eit forsikringskonsern som består av eit holdingselskap (Beta Holding) som eig eit skadeforsikringsselskap og eit livsforsikringsselskap. Det var stilt vilkår om at Kredittilsynet må godkjenne mellom anna vedtektene og styremedlemmer, og til utkontrahering av kjerneverksemda.

Finansdepartementet gav 7. desember 2007 Vega Marine AS løyve til å drive skadeforsikringsverksemd innanfor den globale energi- og sjøforsikringsmarknaden. Det blei stilt vilkår om at Kredittilsynet mellom anna skal godkjenne vedtektene.

Glitnir Banki hf. fekk 7. desember 2007 løyve til å omorganisere verksemda i Noreg. Det blei stilt vilkår til løyvet, mellom anna om godkjenning på ei rekkje punkt frå Kredittilsynet.

Kredittilsynet tildelte løyve til 58 nye verdipapirføretak i 2007. Den store auken i nye verdipapirføretak kom i all hovudsak av at investeringsrådgiving blei ny konsesjonspliktig investeringsteneste i den nye verdipapirhandellova, og at det tidlegare unntaket frå konsesjonsplikta for formidling av ordre i omsetjelege verdipapir og partar i verdipapirfond ikkje blei vidareført. I tillegg blei det i løpet av året tildelt 12 løyve til eksisterande verdipapirføretak til å yte nye investeringstenester (utvida konsesjonar).

Kredittilsynet kalla tilbake to løyve til å yte investeringstenester i 2007, der det eine verdipapirføretaket var Terra Securities ASA.

Kredittilsynet vurderte hausten 2007 om Storebrand ASAs eigarar Kaupthing Bank hf. og Exista hf. skulle konsoliderast som eigarar. Ei eventuell konsolidering ville få innverknad i høve til avgrensingsreglane for eigardelar i finansinstitusjonar. Kredittilsynet konkluderte i oktober med at det ut frå dei opplysningane ein hadde, ikkje var tilstrekkeleg grunnlag til å konkludere med at Kaupthing Bank og Exista skulle konsoliderast.

Kredittilsynet forvaltar lov om obligatorisk tenestepensjon, lov om innskotspensjon og lov om føretakspensjon. Plikt til å etablere tenestepensjonsordning etter OTP-loven gjaldt frå 1. januar 2007. Kredittilsynet hadde ei mengd tolkingsutsegner i 2007 i samband med desse lovene. Etter OTP-loven kan Kredittilsynet påleggje føretak som ikkje har pensjonsordning i samsvar med lova, å rette opp tilhøvet innan ein fastsett frist. Om eit slikt pålegg ikkje blir etterkome innan fristen, kan Kredittilsynet bestemme at føretaket skal betale ei fast mulkt til tilhøvet er retta opp. Kredittilsynet sende i 2007 ni førehandsvarsel og fire pålegg til føretak som er pliktige til å etablere tenestepensjonsordning for arbeidstakarane sine. Alle sakene førte til at føretaket etablerte pensjonsordning i samsvar med loven. Kredittilsynet har hittil ikkje gitt nokon føretak fast mulkt for manglande etablering.

Til forsida