St.meld. nr. 3 (2005-2006)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2005

Til innhaldsliste

2 Departementsvis omtale

Nedanfor er det gitt ein kort omtale av dei enkelte departementa og statsbankane. Oversikten viser utviklinga på utgiftsområda dei seinare åra. Under kvart programområde blir rekneskapen for 2003, 2004 og 2005 vist saman med nysaldert budsjett for 2005.

Rekneskapen blir i utgangspunktet gjort opp på kapittel- og postnivå. Dei rekneskapsmessige overføringane frå eit år til det neste blir avgjorde på postnivå. Unytta beløp kan overførast på poster merka «kan overføres», mens ein for vanlege driftspostar berre kan overføre inntil fem prosent. av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførde beløp vil difor ikkje vere den same som summen av unytta utgifter sett i forhold til løyvinga på programområdet under eitt.

Som følgje av avrundingar vil det kunne vere avvik mellom sumtalet i tabellen og summen av dei enkelte tala ovafor. Det er lagt til grunn at sumtalet skal vere i tråd med rekneskapstalet for programområdet under eitt.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
00.10Det kongelege hus118,0133,8133,2133,2
00.30Regjeringa192,4202,7237,7236,8
00.40Stortinget og underliggande institusjonar1 056,61 222,51 206,31 188,5
Sum utgifter1 367,01 559,01 577,21 558,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 18,8 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 13,9 mill. kroner, viser programområdet under eitt ei mindreutgift på 32,6 mill. kroner. Det er overført 23,3 mill. kroner mindre frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 55,9 mill. kroner.

Under programkategori 00.30 blei det nytta 0,9 mill. kroner mindre enn tildelt budsjett. Når ein tek omsyn til refusjonar og endring i overførte løyvingar, aukar avviket til 3,3 mill. kroner. Avviket har mellom anna si årsak i faseforskyving i oppgåver og prosjekt på grunn av regjeringsskiftet. Utbetalinga av etterlønn til den regjeringa som gjekk av, blei noko mindre enn berekna. I tillegg kjem forseinkingar, knytt til ombygging hos Regjeringsadvokaten.

Mindreforbruket på 17,8 mill. kroner under programkategori 00.40 heng mellom anna saman med at utskifting av tenestebustadar til stortingsrepresentantane blei utsett, og at ombygginga av Stortingskvartalet ikkje blei avslutta i 2005, slik planen var.

Trenden i rekneskapen

Frå 2003 har utgiftene på programkategori 00.10 Det kongelege hus auka med 13 prosent, frå 118,0 mill. kroner til 133,2 mill. kroner.

Frå 2003 til 2005 har utgiftene under programkategori 00.30 gått opp med om lag 23 prosent. Auken har si årsak i eingongsutgifter i samband med regjeringsskiftet i oktober 2005, eingongsutgifter til nytt IT-system ved Statsministerens kontor, noko auka reiseutgifter og større satsing på tryggingstiltak.

Stortinget har dei siste åra gjennomført store utbetringar og ombyggingar i bygningsmassen. Dette arbeidet nådde ein topp i 2004 og vil bli sluttført i løpet av 2006–2007.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvalting (driftsutgifter for utanrikstenesta, ikkje medrekna administrasjon av utviklingshjelpa, presse- og kulturtiltak og norske medlemskontingentar til internasjonale organisasjonar) og programområde 03 Internasjonal hjelp (den offisielle utviklingshjelpa (ODA), støtte til Sentral- og Aust-Europa og internasjonale miljøtiltak).

Programområde 02 Utanriksføremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
02.00Administrasjon av utanrikstenesta1 383,51 381,61 471,21 509,2
02.10Utanriksføremål677,3956,21 092,71 180,5
Sum utgifter2 060,82 337,72 563,92 689,7

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 125,8 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 62,3 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 63,5 mill. kroner. Det er overført 136,2 mill. kroner mindre frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 72,7 mill. kroner.

Avvik mellom disponibel løyving og rekneskap i 2005 var i hovudsak mindreutgifter knytt til finansieringsordninga under EØS-avtala, samt til refusjonar og andre meirinntekter på til saman 62,3 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2003 til 2005 har utgiftene gått opp med om lag 30 prosent, frå 2 060,8 mill. kroner til 2 689,7 mill. kroner.

Programområde 03 Internasjonal bistand(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
03.00Administrasjon av utviklingshjelpa674,0734,6815,6776,5
03.10Bilateral bistand2 597,52 683,52 929,52 933,5
03.20Globale ordningar6 706,56 353,58 500,78 352,7
03.30Multilateral bistand4 901,05 268,35 932,75 919,6
SumOffisiell utviklingshjelp (ODA)14 879,115 040,018 178,517 982,3
03.50Anna bistand361,3279,2285,2259,9
Sum utgifter15 240,315 319,318 463,618 242,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 221,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 9,6 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 231 mill. kroner. Det er overført 209,9 mill. kroner meir frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 21,2 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I 2005 blei det betalt ut 17 982,3 mill. kroner i offisiell utviklingshjelp. Den nominelle auken frå 2003 til 2005 var på 3 103,0 mill. kroner eller om lag 21 prosent.

Auka internasjonal bistand

Oversikta nedanfor viser utbetalingar av offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2003–2005, utbetalingar i prosent av BNI (basert på nasjonalrekneskapstal frå SSB i mars 2006) og ubrukt løyving overført til neste budsjettermin:

ÅrUtbetalt i mill. kronerUtbetalt i prosent av BNIUbrukt løyving overført til neste termin i mill. kronerOverført i prosent av budsjett
200314 8790,941170,8
2004*15 0400,871080,7
2005*17 9820,943461,9

* BNI-andel berekna på grunnlag av foreløpige nasjonalrekneskapstal

Den utbetalte ODA-godkjente utviklingshjelpa i 2005 utgjorde 0,94 prosent av anslått brutto-nasjonalinntekt (BNI). Vedtatt budsjett for 2005 var basert på ei ramme tilsvarande 0,95 prosent av BNI, jf. Budsjett. innst. S. nr. 3 (2004–2005).

Anna hjelp (ikkje ODA-godkjent)

Programområdet omfattar tiltak i Sentral- og Aust-Europa (med unntak for Balkan som inngår i utviklingshjelpa), fred- og demokratitiltak og internasjonale klima- og miljøtiltak. I 2005 blei det samla utbetalt 259,9 mill. kroner. Dette var ein nedgang på om lag 7 prosent i forhold til 2004. Av dette var om lag 228 mill. kroner utbetalingar til atomtryggingstiltak, prosjektsamarbeidet med Russland/SUS og handlingsplanen for søkjarlanda til EU. Vidare blei det utbetalt om lag 3 mill. kroner til fred- og demokratitiltak og 29 mill. kroner til internasjonale tiltak på miljø- og klimaområdet.

2.3 Utdannings- og forskingsdepartementet

Programområde 07 Utdannings- og forskingsdepartementet(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
07.10Administrasjon438,2348,5212,7214,3
07.20Grunnopplæring2 770,92 393,55 461,85 463,3
07.40Anna tiltak i utdanninga2 731,52 634,4101,6101,6
07.50Vaksenopplæring1 826,11 122,51 097,91 099,1
07.60Høgare utdanning17 998,718 704,619 240,619 270,4
07.70Forsking7 324,34 170,06 059,96 062,5
07.80Utdanningsfinansiering21 385,924 626,025 877,425 896,4
Sum utgifter54 475,553 999,658 051,958 107,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 55,7 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 50,3 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 5,4 mill. kroner. Det er overført 27,9 mill. kroner mindre frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 22,6 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2003–05 har dei nominelle utgiftene på dette området auka. Det er løyvd ekstra midlar til mellom anna kvalitetsutvikling i grunnskolen, forsking og utdanningsfinansiering. Det har vidare blitt løyvd ekstra midlar til universitets- og høgskolesektoren i samband med gjennomføring av Kvalitetsreforma. Delar av auken i utgifter kjem av tekniske endringar. Dette gjer at rekneskapstala for dei ulike år ikkje kan samanliknast direkte. Mellom anna kjem det reduserte forbruket under kat. 07.10 av at departementet har overført fleire oppgåver til Utdanningsdirektoratet etter at dette blei etablert sommeren 2004.

Utdanning og forsking

Arbeidet med kompetanseutvikling blant lærarar og skoleleiarar var høgt prioritert i 2005. Det blei løyvd om lag 730 mill. kroner til kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring i 2005. Arbeidet med kompetanseutvikling blei prioritert i 2005. Det blei òg løyvd midlar til utvikling av læreplanar, nasjonalt system for kvalitetsvurdering som grunnlag for kvalitetsutvikling, lærings- og oppvekstmiljø og internasjonalt arbeid.

Vidare er det løyvd ekstra midlar til forsking. Midlane til slik forsking over departementet sitt budsjett auka anslagsvis nominelt med 2,2 mrd. kroner i perioden, jf. NIFU STEPs statsbudsjettanalyse. Ein stor del av auken skriv seg frå auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping.

Dei siste åra har det òg blitt løyvd ekstra midlar til utdanningsfinansiering, i hovudsak som følgje av auka tal på støttemottakarar og omleggingar i støtteordningane.

2.4 Kultur- og kyrkjedepartementet

Programområde 08 Kultur- og kyrkjeføremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
08.10Administrasjon m.m.275,2272,0532,9533,1
08.20Kulturføremål3 448,63 688,23 941,03 990,8
08.30Film- og medieføremål726,7761,7778,8781,7
08.40Den norske kyrkja1 109,01 129,01 160,71 206,3
Sum utgifter5 559,65 850,86 413,46 512,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 98,6 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 149,8 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 51,2 mill. kroner. Det er overført 50,1 mill. kroner meir frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 1,0 mill. kroner.

Utviklingstrekk

I perioden 2003 – 2005 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 17,1 prosent, frå 5 559,5 mill. kroner i 2003 til 6 512 mill. kroner i 2005.

Auken i administrasjonsutgifter under kat. 08.10 kjem av at departementet har tatt over den samla forvaltinga av tilskott til frivillige organisasjonar, frivilligsentralar m.m. frå 2005. Utgiftene til kulturføremål under programkategori 08.20 var 3 990,8 mill. kroner i 2005. Dette er ein auke på 302,6 mill. kroner eller 8,2 prosent frå året før. Auken gjaldt i hovudsak gjennomføring av investeringsoppgåver i 2005 som oppfølging av tidlegare vedtak: Nasjonalbiblioteket med rehabilitering av hovudbygningen i Oslo, nytt teaterbygg for Hålogaland Teater i Tromsø, romaniavdelinga ved Glomdalsmuseet på Elverum og utviding av riksarkivbygningen i Oslo. Utgiftene til film- og medieføremål under programkategori 08.30 auka med 20 mill. kroner til 781,7 mill. kroner. Frå 2005 blei det innført ei ny ordning med kompensasjon til opphavsmenn for kopiering til privat bruk, jf. nytt kap. 337 post 70, der det blei avsett 32,5 mill. kroner i 2005. Korrigert for dette gjekk utgiftene til programkategori 08.30 film- og medieføremål ned med 12,5 mill. kroner. Pressestøtta over kap. 335 var i 2005 om lag 293 mill. kroner, og av dette gjekk over 244 mill. kroner til produksjonstilskott til aviser. Til filmproduksjon og andre filmføremål blei det i 2005 nytta i alt 314 mill kroner, av dette om lag 240 mill kroner til tilskott til produksjon av film og andre audiovisuelle produksjonar.

Utgiftene over statsbudsjettet under kategori 08.40 Den norske kyrkja var i 2005 på 1 206,3 mill. kroner. Dette er ein auke på 77,3 mill. kroner eller 6,8 prosent frå året før. Korrigert for meirinntekter, er utgiftsauken noko mindre enn auken i løyvingar frå 2004 til 2005. Dette har samband med at løyvingane til reform av trusopplæringa og til byggeprosjekt ved Nidaros domkyrkje ikkje blei nytta fullt ut i 2005. Løyvingane til desse føremåla er merka ’kan overførast’, fordi forbruket kvart år ikkje kan planleggjast nøyaktig.

Elles har det vore mindreutgifter til prestetenesta i 2005 i samband med vakansar m.m.

2.5 Justisdepartementet

Programområde 06 Justissektoren(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
06.10Administrasjon207,8218,1220,3243,5
06.20Rettsvesen1 497,31 492,71 683,71 689,9
06.30Kriminalomsorg1 925,52 079,42 166,12 198,9
06.40Politi- og påtalemakt8 012,18 086,98 438,68 686,6
06.50Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap747,71 175,61 156,11 205,5
06.60Andre verksemder567,8604,8655,7683,8
06.70Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.v.911,3909,5957,9949,1
06.80Svalbardbudsjettet70,490,7115,8102,1
Sum utgifter13 939,914 657,815 394,315 759,4

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 365,2 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 482,7 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 117,5 mill. kroner. Det er overført 130,0 mill. kroner meir frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei meirutgift på 12,5 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2003–2005 har det vore ein nominell utgiftsvekst på ca. 13,1 prosent frå 13 939,9 mill. kr i 2003 til 15 759,4 mill. kr i 2005.

Om lag 80 prosent av utgiftene på 06-området i 2005 er gått til straffesakskjeda, det vil seie til politiet, påtalemakta, rettsvesenet og kriminalomsorga. Hovudmåla i justissektoren for 2004–2005 har vore auka tryggleik for borgarane gjennom redusert kriminalitet, god og effektiv konfliktløysing og -førebygging, sikre rettstryggleik for enkeltpersonar og grupper, eit godt og tilgjengeleg regelverk, auka tryggleik gjennom eit mindre sårbart samfunn og ei open og kvalitetsbevisst justisforvalting og rettspleie.

I 2005 stod òg reorganisering og fornying av justissektoren sentralt. Endringane gjeld i første rekkje samanslåing av domstolar i førsteinstans og overføring av ansvaret for tinglysing i fast eigedom frå domstolane til Statens kartverk. I tillegg er det i 2005 arbeidd med å førebu overføring av den sivile rettspleia på grunnplanet til politi- og lensmannsetaten i heile landet, og overføring av jordskifterettane til Domstoladministrasjonen.

I 2005 blei det i løpet av året gitt ekstra løyvingar mellom anna til politiet. Dei ekstra løyvingane blei nytta til oppfølgingsarbeid i samband med flodbølgjekatastrofen i Søraust-Asia, styrking av terrorberedskapen og etterforsking av ranet av Norsk Kontantservice AS i Stavanger.

2.6 Kommunal- og regionaldepartementet

Programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
13.10Administrasjon234,0216,4262,1262,0
13.20Innvandring5 185,06 084,45 705,65 758,8
13.21Nasjonale minoritetar2,877,94,93,3
13.40Samiske føremål142,1144,6150,9153,1
13.50Regional- og distriktspolitikk1 344,51 866,52 383,62 451,2
13.70Overføringar gjennom inntektssystemet53 433,247 766,948 596,248 681,1
13.80Bustad- og bustadmiljø17 196,815 245,416 130,016 055,6
13.90Bygningssaker36,339,440,243,2
Sum utgifter77 574,771 441,573 273,573 408,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 134,8 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 39,9 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 94,9 mill. kroner. Det er overført 365,2 mill. kroner mindre frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 270,3 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

På programkategori 13.20 Innvandring, som mellom anna dekker integreringstilskott, norskopplæring for vaksne innvandrarar, drift av statlege mottak og drift av Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda, er det eit meirforbruk på 53,3 mill. kroner før korrigeringar. Korrigert for refusjonar, meirinntekter og endring i overførte løyvingar, er det eit mindreforbruk på 118,9 mill. kroner i 2005.

Utgiftene på området er særleg avhengig av talet på asylsøkjarar, talet på løyve/avslag, effektuering av avslag og busetjingstakta. I 2003 kom 15 600 asylsøkjarar, i 2004 kom knapt 8 000 asylsøkjarar medan det i 2005 kom om lag 5 400 asylsøkjarar. Nedgangen har si årsak i at det i desse åra er gjennomført fleire tiltak, mellom anna i sakshandsaminga av asylsøknader, som har hatt som mål å redusere tilstrøyminga av personar som ikkje treng vern. Det er ein nedgang i rekneskapen frå 2004 til 2005 for programkategori 13.20 Innvandring på 325,6 mill. kroner. Auken frå 2003 til 2004 har i hovudsak si årsak i at ansvaret for forvaltinga av norskopplæringa for vaksne innvandrarar blei overført frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Innafor programkategori 13.21 Nasjonale minoritetar er det eit mindreforbruk på 1,6 mill. kroner. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2004 blei det løyva 75 mill. kroner til Romanifolkets fond. Avkastinga av fondet skulle forvaltast av ein stiftelse, og det blei i 2005 løyva 1,85 mill. kroner i avkastning for 2004. Då arbeidet med å etablere ein stiftelse og å utarbeide vedtekter for fondet har teke lengre tid enn ein gjekk ut frå, er det ikkje betalt ut avkasting frå fondet i 2005.

For programkategori 13.50 Regional- og distriktspolitikk viser rekneskapen eit meirforbruk på 67,6 mill. kroner samanlikna med budsjettet. Korrigert for endring i overførte løyvingar er det eit mindreforbruk på 1,2 mill. kroner. Mindreforbruket kjem i hovudsak av prosjekter som går over fleire år.

Auken på området dei siste åra kjem av at det er innført eit nytt tilskott til næringsretta utviklingstiltak og ei ordning med transportstøtte som kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift. Dei to ordningane utgjer 292 mill. kroner i 2004 og 949 mill. kroner i 2005.

Når det gjeld overføringane gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar over programkategori 13.70, viser rekneskapen ei meirutgift på 84,9 mill. kroner. Meirutgifta kjem av utbetalingar av forskott på rammetilskott for 2006 til kommunar. Departementet har fullmakt til forskottsutbetalinga, jf. St.prp. nr 1 (2004–2005) for Kommunal- og regionaldepartementet.

Under programkategori 13.70 var det frå 2003 til 2004 ein reduksjon i overføringane gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar. Nedgangen har i hovudsak samanheng med trekket i kommunane sine rammetilskott i samband med innføring av ei ny ordning med momskompensasjon.

På programkategori 13.80 Bustad og bustadmiljø er det i 2005 ei mindreutgift på 74,4 mill. kroner i forhold til budsjettet. Korrigert for refusjonar, meirinntekter og endring i overførte løyvingar er det eit mindreforbruk på 234,6 mill. kroner. Hovuddelen av dette blir overført til 2006.

Hovuddelen av mindreutgifta er knytt til tilskott til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. På grunn av det store talet bueiningar har det teke lengre tid å planleggje og gjere ferdige byggjeprosjekta enn det som blei lagt til grunn for budsjetteringa. Mange tilsegn om tilskott til oppstart er difor ikkje utbetalte enno. Husbanken kan òg gi dispensasjon ut 2007 for kommunar som av ulike årsaker ikkje klarer å ferdigstille bustader/sjukeheimar innan 2005. Dette har òg ført til lågare utbetaling på tilskottet til kompensasjon for utgifter til renter og avdrag på lån til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Handlingsplanen for eldreomsorga blei avslutta i 2003, og det står berre att midlar til utbetalingar av tilsegn som er gitt tidlegare. Dei siste tilsegnene under opptrappingsplanen for psykisk helse blei gitt i 2004.

2.7 Arbeids- og sosialdepartementet m/folketrygda

Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: Programområde 09 Arbeids- og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeids- og sosiale føremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
09.00Administrasjon70,599,5195,9164,8
09.20Tiltak for bedra levekår, førebygging av rusmiddelproblem m.v.1)1 904,3707,7631,8639,0
09.30Arbeidsmarknad6 876,47 816,27 578,27 703,0
09.40Arbeidsmiljø og tryggleik596,6768,9713,6699,1
09.60Kontantytingar2 116,62 237,92 296,02 279,5
Sum utgifter11 564,411 630,211 415,511 485,3

1) Endring i kontoplan gjer at løyvingane til eldre, funksjonshemma, rusmisbrukarar o.a. er samla i programkategori 09.20 frå 2003.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 69,8 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 129,1 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 59,4 mill. kroner. Det er overført 104,4 mill. kroner meir frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei meirutgift på 45,1 mill. kroner.

Under programkategori 09.00 Administrasjon er det eit mindreforbruk på 31,2 mill. kroner. Det har mellom anna samanhang med at forsinking av tiltak knytt opp mot IKT investeringar for NAV interim.

Under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad er det eit meirforbruk på 124,7 mill. kroner. Meirforbruket har samanheng med forskyving av tidspunktet for utbetalingar til tiltaksplassar. Dette har ført til at løyvinga til ordinære arbeidsmarknadstiltak er overskride i 2005, medan fullmakta til å gje tilsegn om utbetalingar i 2006 har vore nytta i mindre grad enn forventa. Meirforbruket heng også saman med at det har vore fleire mottakarar av ventestønad enn ein rekna med.

Avviket mellom budsjett og rekneskap under programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik viser eit mindreforbruk på 14,5 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Dei samla utgiftene under programområde 09.30 Arbeidsmarknad auka frå 6,9 mrd. kroner i 2003 til 7,8 mrd. kroner i 2004. Utgiftene blei redusert til 7,7 mrd. kroner i 2005. Reduksjonen heng i første rekkje saman med 3 300 færre gjennomførte arbeidsmarknadstiltak i 2005 samanlikna med 2004.

Frå 2003 har utgiftene på programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik auka med 17,2 prosent, frå 596,6 mill. kroner til 699,1 mill. kroner. Den største delen av auken er knytt til løyvinga til Pionerdykkerane i Nordsjøen (kap. 646).

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
29.10Administrasjon5 110,05 174,25 126,35 433,2
29.50Inntektssikring ved sjukdom, uførleik og rehabilitering76 987,578 113,677 785,377 858,7
29.60Kompensasjon for meirutgifter ved redusert funksjonsevne mv.7 237,07 415,37 650,07 521,8
29.70Alderdom77 338,981 655,385 953,085 972,7
29.80Forsørgjartap mv.6 817,16 498,76 591,56 591,3
29.90Diverse utgifter154,3156,9195,0257,1
Sum utgifter173 644,8179 014,1183 301,1183 634,8

Trenden i rekneskapen

Dei samla utgiftene under programområde 29 Sosiale føremål i folketrygda i 2005, var på 183 634,8 mill. kroner. Tilsvarande tal i 2004 var 179 014,1. Det gjev ein nominell vekst i utgiftene på programområde 29 på om lag 2,6 prosent.

Sjukepengar

Etter ein vekst i folketrygda sine utgifter til sjukepengar kvart år frå 1995 til 2003, gjekk utgiftene ned i 2004 og 2005. I 2005 var nedgangen i utgiftene på 8,8 prosent samanlikna med 2004.

Det blei løyva i alt 24 254 mill. kroner til sjukepengar i 2005. Rekneskapen for 2005 viser utgifter på 24 509 mill. kroner, altså ei meirutgift på 255 mill. kroner. Avviket kjem av at nedgangen i sjukefråveret blei noko lågare enn venta, og at veksten i gjennomsnittleg yting blei høgare enn venta.

Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar, som folketrygda har betalt for, gjekk ned frå 12,7 arbeidsdagar i 2004 til 11,5 arbeidsdagar i 2005. Om vi tek omsyn til at sjukmeldte med graderte sjukepengar arbeider delvis under sjukepengeperioden, blir tala 10,9 arbeidsdagar i 2004 og 9,5 arbeidsdagar i 2005. Nedgangen i utgifter har samanheng med ein nedgang i talet på sjukepengetilfelle, nedgang i lengda på sjukepengetilfella og auka bruk av gradert yting.

Endringar i regelverket for sjukemelding frå 1. juli 2004 har truleg vore ei vesentleg årsak til nedgangen, og særleg når det gjeld nedgangen i gjennomsnittleg fråverslengde og i gjennomsnittleg fråversgrad. Andre årsaker kan vere fokus på førebygging, innsats på arbeidsplassen og auka fokus på legane sin sjukemeldingspraksis.

Talet på arbeidstakarar som har vore sjuke eitt år og dermed brukt opp sjukepengerettane sine, gjekk ned med 21 prosent frå 2004 til 2005.

Rehabiliteringspengar

Folketrygda sine totale utgifter til rehabiliteringspengar (kap. 2652, post 70) var i 2005 på 7 814 mill. kroner. Frå 2004 til 2005 gjekk utgiftene under denne posten ned med 900 mill. kroner. Dette tilsvarer ein nedgang på 10,3 prosent.

Utviklinga har i hovudsak si årsak i ei rekkje tiltak som blei sette i verk i 2004, mellom anna innstramming i unntaksreglane for kor lenge ein kan få rehabiliteringspengar, men òg ei etter kvart noko mindre tilstrøyming til rehabiliteringspengeordninga. Dette har ført til ein vesentleg nedgang i talet på stønadsmottakarar under rehabiliteringspengeordninga i løpet av 2004 og 2005. Talet på mottakarar av rehabiliteringspengar blei redusert frå om lag 61 200 personar i desember 2003, til om lag 47 570 personar i desember 2005. Dette er ein reduksjon på 22 prosent. Reduksjonen frå slutten av året 2004 til slutten av året 2005 var 6 prosent.

Ein stor del av dei som avsluttar ein periode med rehabiliteringspengar har gått over til tilgrensande stønadsområde som attføringspengar, tidsavgrensa uførestønad eller varig uførepensjon.

Uføreytingar

Det blei løyvd 45 471 mill. kroner til uføreytingar i 2005. Rekneskapen for 2005 viser samla utgifter på 45 298 mill. kroner, altså ei mindreutgift på 173 mill. kroner. Årsaka til avviket er at dei gjennomsnittlege ytingane blei noko lågare enn venta.

Frå 2004 til 2005 gjekk utgiftene til uføreytingar opp med 7,8 prosent, frå 41 793 mill. kroner til 45 037 mill. kroner. Viktige årsaker til auken er at det har blitt fleire uførepensjonistar, og at grunnbeløpet i folketrygda har auka. Per 31.12.05 var det 319 691 mottakarar av uføreytingar. Det var ei auke på om lag 10 000 personar frå 2004. Ein god del av auken har samanheng med endringar i alderssamansetjinga i befolkninga. Alderskulla med stor uføretendens blir stadig større. Av dei som mottok uføreytingar, mottok 300 877 varig uførepensjon og 18 841 tidsavgrensa uførestønad.

Alderspensjon

Det var løyvd 85 953 mill. kroner for 2005. Rekneskapen viser at utgiftene blei 85 972,6 mill. kroner, ei meirutgift på om lag 19 mill. kroner, eller 0,02 prosent.

Det var 629 337 alderspensjonistar ved utgangen av 2005, om lag 3 700 fleire enn i 2004. Det er venta ein moderat auke dei næraste åra, og ein sterk auke etter 2008. Utgiftene for 2005 var 85 972 mill. kroner, ein auke på 4 317 mill. kroner eller 5,3 prosent.

Ved utgangen av 2005 mottok 30,5 prosent av alderspensjonistane særtillegg (minstepensjon). Det var ein nedgang med 1,4 prosenteiningar frå 2004. Tilsvarande hadde 69,5 prosent ein pensjon høgare enn minstepensjon.

Gjennomsnittleg alderspensjon aukar. Hovudårsaka er at dei nye pensjonistane har fleire oppteningsår enn dei som døyr, mellom anna fordi dei nye kvinnelege alderspensjonistane har stadig høgare yrkesdeltaking. Dei tre siste åra har den gjennomsnittlege pensjonen òg auka på grunn av auka grunnpensjon for pensjonistektepar. Dei nye alderspensjonistane i 2007 er dei første som vil kunne ha full opptening i folketrygda (40 år).

Underhaldsbidrag til barn og ektefelle

Den samla uteståande bidragsgjelda utgjorde 3 161 mill. kroner ved utgangen av 2005. Inkludert i talet er òg saker der dei bidragspliktige er busette i utlandet (580 mill. kroner). Tilsvarande tal ved utgangen av 2004 var 3 275 mill. kroner, der bidragspliktige busette i utlandet skulda 586 mill. kroner.

Samla blei det kravd inn 2 374 mill. kroner i 2005. Dette er ein reduksjon på 156 mill. kroner nominelt eller 6,2 prosent frå 2004. Reduksjonen kjem av at mange har valt å gå over til private avtalar med privat oppgjer etter innføringa av nye bidragsregler frå oktober 2003.

Forskottering av underhaldsbidrag

Statens forskottering av bidrag utgjorde brutto 1 143 mill. kroner i 2005. I dei tilfella der det fastsette bidraget er mindre enn forskottsbeløpet, skal ikkje differansen krevjast inn. Beløpet skal førast som utgift. Denne differansen blir kalla «løyvd forskott». Løyvd forskott utgjorde 590 mill. kroner. Det vil seie at forskottsbeløpet som kan krevjast inn for 2005 var 553 mill. kroner. 565 mill. kroner blei dekt av innbetalingane frå dei bidragspliktige, slik at forskottsgjelda har blitt noko redusert.

Vurdering av innanlandsgjelda til innkrevjing ved Trygdeetatens innkrevjingssentral

Sosial- og helsedepartementet gav 9. januar 2001 heimel til å avskrive bidragskrav i rekneskapen. Forskrifta er nytta frå og med rekneskapsåret 2001. Ved utgangen av 2005 er 415 mill. kroner avskrive etter denne forskrifta. Samla uteståande krav innanlands med unntak av krav som ikkje kan drivast inn, er 2 133 mill. kroner. Av dette blir 967 mill. kroner (45,3 prosent) klassifisert som gode fordringar, 750 mill. kroner (35,1 prosent) som usikre og 416 mill. kroner (19,5 prosent) som forventa tap.

Bidragspliktige busett i utlandet

Det er styresmaktene i kvart einskild land som krev inn når bidragspliktig bur i utlandet. Trygdeetaten er såleis avhengig av dei avtalene som er inngått, og av samarbeid frå kvart einskild land. Samla uteståande fordringar var 580 mill. kroner, ein reduksjon på 6 mill. kroner sett i forhold til 2004. Av dette gjeld 200 mill. kroner bidragspliktige i Norden. Sverige åleine står for 125 mill. kroner.

Det blei til saman innbetalt 67 mill. kroner, ein auke på 4 mill. kroner sett i forhold til 2004. I Norden blei det innbetalt 39 mill. kroner. I forhold til 2004 er dekningsprosenten samla gått opp frå 69,2 prosent til 73,6 prosent, og for Norden sin del er dekningsprosenten auka frå 92,2 prosent til 96,8 prosent.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
33.30Arbeidsliv under folketrygda20 677,422 381,122 437,522 146,3
33.10Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn39,744,040,031,8
Sum utgifter20 717,122 425,122 477,522 178,1

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 299,4 mill. kroner.

Avvik mellom budsjett og rekneskap i samband med dagpengar viser ei mindreutgift på 116,6 mill. kroner. Noko av mindreutgifta kjem av at utbetalingane til dagpengar dei siste månadene i 2005 blei mindre enn rekna med. Dette har samanheng med færre arbeidslause i perioden.

Avvik mellom budsjett og rekneskap for yrkesretta attføring viser eit mindreforbruk på 126,8 mill. kroner. Størsteparten av dette mindreforbruket kjem av lågare utbetaling til stønader til skolegang som attføringstiltak enn venta, medan noko har samanheng med ei mindre auke i utgifta til attføringspengar per mottakar enn lagt til grunn.

Trenden i rekneskapen

Dei samla utgiftene på programkategori 33.30 har variert frå 2003 til 2005. Frå 2004 til 2005 har dei gått ned med 291,2 mill. kroner eller 1,3 prosent

Dei samla utbetalingane til dagpengar har auka jamt frå 6,65 mrd. kroner i 2001 til om lag 11,1 mrd. kroner i 2003 og 2004. Dette hadde samanheng med fleire arbeidslause i perioden. I 2005 blei dei samla utbetalingane til dagpengar redusert til 9,6 mrd. kroner. Dette kjem av ein betra arbeidsmarknad i 2005.

Utgiftene til attføringspengar auka med 1 378 mill. kroner frå 2004 til 2005. I same tidsrom blei utgiftene til attføringsstønadene redusert med 99 mill. kroner. Auken i utgiftene til attføringspengar har si årsak i vekst i talet på mottakarar, auke i grunnbeløpet i folketrygda og auke i utgiftene per mottakar. Nedgangen i utgiftene for attføringsstønadene har i hovudsak samanheng med nedgang i utgiftene til stønad til skolegang. Dette kjem mellom anna av endringar i reglane for slik stønad.

Lønnskrav ved konkurs har frå 2003 til 2005 gått ned med nærare 40 prosent, frå 695,5 mill. kroner til 425,7 mill. kroner. Talet på nye konkursbu og utbetalingar over garantiordninga gjekk ned i 2005 i forhold til året før, medan dividenden auka. Arbeidstilsynet mottok 9,5 prosent færre nye saker i 2005 i forhold til året før. Dette er det andre året at talet på konkursbu med lønnsgarantikrav går ned, etter ein oppgang i perioden 1999 til 2003. Til samanlikning gjekk talet på konkursar på landsbasis 2005 ned med 18 prosent frå 2004.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområdane 10 Helsevern og 30 Stønad ved helsetenester.

Programområde 10 Helsevern(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 20031)Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
10.00Helse- og omsorgsdepartementet m.v.265,3328,7502,2505,1
10.10Folkehelse813,6826,0715,2892,3
10.20Helseteneste1 764,41 641,81 811,31 858,8
10.30Regionale helseføretak57 484,264 737,772 388,972 492,4
10.40Psykisk helse2 985,93 389,23 846,13 896,3
10.50Legemiddel181,4208,1205,8206,1
10.60Omsorgstenester2 930,52 900,52 897,0
Sum utgifter63 494,874 061,982 370,082 748,1

1) Rekneskapskolonna for 2003 avvik noko frå same tabell i St. meld. nr. 3 (2003–2004). Det kjem av at departementet har rekna om i forhold til ny departementsstruktur frå dette året.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 378,2 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 266 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 112,1 mill. kroner. Det er overført 92 mill. kroner mindre frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei meirutgift på 20,1 mill. kroner.

Utviklingstrekk i rekneskapen

Frå 2004 til 2005 har det for programområde 10 vore ein nominell utgiftsvekst på 11,7 prosent frå 74 061,9 mill. kroner til 82 748,1 mill. kroner. Auken i utgifter har i hovudsak funne stad under programkategori 10.30 Regionale helseføretak. Dette kjem mellom anna av auka løyvingar som følgje av høgare aktivitet, overføring av nye oppgåver til helseføretaka samt endelig avklaring i kostnadsdelinga knytt til utbygging av fase 1 av St. Olavs Hospital i Trondheim. Ved handsaminga av St.prp. nr. 12 (2005–2006), jf. Innst. S. nr. 46 (2005–2006), blei det løyvd 2,9 mrd. kronar til dette. Dei regionale helseføretaka fekk i 2005 òg ein auke i låneløyvinga til investeringar på 1 mrd. kroner.

Programområde 30, Stønad ved helsetenester(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
30.10Spesialhelsetenester3 149,63 114,53 133,43 124,2
30.50Legehjelp, legemiddel mv.17 101,615 660,216 298,016 081,8
30.90Andre helsetiltak791,7464,6530,0524,2
Sum utgifter21 043,019 239,319 961,419 730,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 231,2 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

For programområde 30 har auken i utgifter frå 2004 til 2005 vore på 2,5 prosent.

Auka innsats i helsesektoren

Somatisk pasientbehandling ved sjukehusa

St.prp. nr. 1 (2004–2005) la til grunn om lag uendra aktivitetsnivå frå 2004 til 2005.

Basert på tal frå 2. tertial 2005 indikerte prognosar om lag 1,5 prosent aktivitetsvekst i 2005 samanlikna med 2004 under ordninga innsatsstyrt finansiering (ISF), jf. St.prp. nr. 12 (2005–2006). I samband med handsaminga av St. prp. nr. 12 (2005–2006), jf. Innst. S. nr. 46 (2005–2006), løyvde Stortinget 492,1 mill. kroner mellom anna knytt til auka aktivitet i 2005 under ISF.

Opptrappingsplanen for psykisk helse

Ved handsaminga av St.prp.nr.63 (1997–98) Om opptrappingsplan for psykisk helse 1999–2006 vedtok Stortinget ein åtteårig handlingsplan for psykisk helse. I 2005 løyvde Stortinget reelt 853 mill. kroner meir til opptrappingsplan for psykisk helse samanlikna med saldert budsjett for 2004. Rekneskapen for programkategori 10.40 for 2004 viser at det har vore brukt 3 389,2 mill. kroner, medan rekneskapen for 2005 er på 3 896,3 mill. kroner. I tillegg kjem utbetalingar over føretaka sine basisløyvingar, og løyvingar under andre departement.

Styrking av psykisk helsevern har vore prioritert, og det er ei målsetting at ventetid og ventelister, særleg for barn og unge, skal bli reduserte i opptrappingsperioden.

Høgt investeringsnivå

Utbygginga av dei to store investeringsprosjekta Nye Ahus og nytt St. Olavs Hospital (fase 1) krev særskild store investeringsmidlar. Gjennomføringa av investeringstiltak i Opptrappingsplanen for psykisk helse, samt sluttføring av prosjektet knytt til Nasjonal kreftplan krev òg store ressursar. Investeringsaktiviteten er finansiert gjennom midlar i basistilskottet, særskilde investeringstilskott samt ei låneløyving på 3 mrd. kroner.

Nye Ahus, Nytt St.Olavs Hospital og nytt forskingsbygg ved Radiumhospitalet

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (2003–2004) jf. Budsjett-innst. nr. 11 (2003–2004) blei det vedtatt eit særskild investeringstilskott til gjennomføring av utbyggingsprosjekta Nye Ahus, fase 2 av St. Olavs Hospital og nytt forskingsbygg ved Radiumhospitalet. Det særskilde investeringstilskottet utgjer til saman om lag 4,5 mrd. kroner, og skal utbetalast over byggeperioden i takt med framdrifta i prosjekta.

Særskild investeringstilskott til St. Olav fase 1 blei fastsett til 2,9 mrd. kroner. Ved handsaming av St. prp. nr 12 (2005–2006) blei det vedtatt at heile investeringstilskottet skulle utbetalast i 2005.

Samla i 2005 blei det løyvd 3 344 mill. kroner i investeringstilskott til dei tre nemnde investeringsprosjekta, jf. Budsjettinnst. S. nr 11 (2003–2004) og Innst. S. nr 240 (2004–2005).

2.9 Barne- og familiedepartementet

Barne- og familiedepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområdane 11 Familie- og forbrukarpolitikk og programområde 28 Fødselspengar.

Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
11.00Administrasjon89,992,692,694,5
11.10Tiltak for familie og likestilling17 826,217 768,917 732,617 749,7
11.20Tiltak for barn og ungdom8 278,314 196,216 224,616 301,7
11.30Forbrukarpolitikk124,9134,0136,2137,1
Sum utgifter26 319,432 191,834 186,134 282,9

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 96,8 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 179,1 mill. kroner, viser programområdet ein mindreutgift på 82,3 mill. kroner. Det er overført 9,6 mill. kroner meir frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 72,7 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2003 til 2005 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 30 prosent, frå 26 319,4 mill. kroner i 2003 til 34 283,0 mill. kroner i 2005. Utviklinga har i hovudsak si årsak i satsinga på barnehagar og at staten overtok fylkeskommunane sitt ansvar for barnevernet og familievernet frå 1. januar 2004.

Det statlege barnevernet

Rekneskapen for 2005 viser meirutgifter på dette området på vel 57 mill. kroner. Meirutgifta har to hovudårsaker. For det første har omstillingskostnadene blitt høgare enn ein rekna med, særlig i samband med omstilling i eige tiltaksapparat. I omstillingsperioden har ikkje etaten klart å oppretthalde eit tilstrekkeleg høgt belegg i statlege institusjonar eller i heimebaserte tiltak. For det andre har etaten tilsett personell mellom anna for å følgje opp Riksrevisjonen sine merknader i Dokument nr. 1 (2005–2006) om vesentlege brot på gjeldande regelverk og mangelfull styring og kontroll i Bufetat.

Barnehageområdet

I perioden 2003 til 2005 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 45 prosent, frå 7 615,1 mill. kroner i 2003 til 11 030 mill. kroner i 2005. Utviklinga kjem av ein auke i talet på barnehageplassar og statens medfinansieringsansvar.

Programområde 28 Fødselspengar(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
28.50Stønad ved fødsel og adopsjon9 122,39 713,410 010,09 909,5
Sum utgifter9 122,39 713,410 010,09 909,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 100,5 mill. kroner. Mindreutgifta kjem i hovudsak av at føresetnadene som blei lagt til grunn i samband med nysalderinga gav noko for høgt overslag.

Trenden i rekneskapen

Utgiftene under kapittel 2530 var om lag 787 mill. kroner høgare i 2005 enn i 2003. Auken kjem i hovudsak av at fleire kvinner med rett til fødselspengar og høgare utbetaling per barn. Frå 2004 til 2005 gjekk talet kvinner med rett til fødselspengar ned, auken i utgiftene frå 2004 til 2005 kjem såleis i hovudsak av høgare utbetaling per barn.

2.10 Nærings- og handelsdepartementet

Programområde 17 Nærings- og handelsføremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
17.00Administrasjon202,1191,0186,9199,3
17.10Infrastruktur og rammevilkår1 677,01 937,62 116,52 149,7
17.20Forsking, nyskaping og internasjonalisering32 614,638 234,338 804,838 125,2
17.30Statleg eigarskap7 921,312 058,5663,0630,1
Sum utgifter42 415,052 421,441 771,241 104,1

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 667 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 70,1 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 737,2 mill. kroner. Det er overført 63,2 mill. kroner mindre frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 800,4 mill. kroner.

Programområde 17 omfattar forvalting og tilrettelegging av tiltak for nærings-, handels- og skipsfartspolitikk. For 2005 var det til saman løyvd nærare 41,8 mrd. kroner til desse føremåla (medrekna lånetransaksjonar og aksjekjøp på 90-postar). Rekneskapsførte utgifter utgjer om lag 41,1 mrd. kroner. Hovudårsaka til mindreutgiftene er at Innovasjon Noreg brukte om lag 460 mill. kroner mindre enn berekna i budsjettet på lån i statskassa til refinansiering av utlånsporteføljen, og mindre til utbetaling av lån under den distriktsretta ordninga. 110 mill. kroner av ei tilsegnsramme på 390 mill. kroner blei utbetalt i 2005. Ikkje utbetalte lånetilsegner under denne ordninga vil bli dekt over Innovasjon Noreg si ordinære låneordning i 2006/2007. Vidare blei det ikkje aktuelt å bruke ei løyving på 50 mill. kroner til låneopptak i SIVA SF.

Trenden i rekneskapen

Rekneskapen for programområde 17 har svinga dei siste åra, frå 33,5 mrd. kroner i 2002 som lågast, til 42,4 mrd. kroner i 2003, 52,4 mrd. kroner i 2004 og 41,1 mrd. kroner i 2005. Endringane er særleg knytt til finansiering av innlånsordningane under Innovasjon Noreg (programkategori 17.20), med skifte mellom opptak av kort- og langsiktige innlån frå statskassa på grunn av endringar i rente- og avdragsvilkåra. Svingingane i låneopptaka gjer om lag tilsvarande utslag i innbetalingane av avdrag og renter på inntektsbudsjettet for Innovasjon Noreg. Vidare har det vore betydelege årlege endringar i utgiftene til kjøp av aksjar og tilføring av eigenkapital og fondskapital til statlege selskap under forvalting av departementet i perioden (programkategori 17.30).

Når ein held lånetransaksjonar og andre kapitalpostar (90-postar) utanom, var utgiftene på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet om lag 4,97 mrd. kroner i 2003, om lag 4,43 mrd. kroner i 2004 og om lag 4,8 mrd. kroner i 2005. Reduksjonen frå 2003 til 2004 har samanheng med at løyvinga til EU sitt rammeprogram for forsking og teknologi blei overført til Utdannings- og forskingsdepartementet 1. januar 2004.

2.11 Fiskeri- og kystdepartementet

Programområde 16 Fiskeri, havbruks- og kystforvaltning(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
16.10Administrasjon84,785,689,292,5
16.20Forsking og utvikling985,31 040,81 082,11 113,0
16.30Fiskeri- og havbruksforvaltning497,0430,4496,0493,7
16.60Kystforvaltning1 186,31 353,61 355,71 321,9
Sum utgifter2 753,32 910,43 023,03 021,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 1,8 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 93,1 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 94,9 mill. kroner. Det er overført 94,3 mill. kroner meir frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 0,6 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2003 – 2005 har det vore ein nominell vekst i forbruket på 9,7 prosent frå 2 753,3 mill. kroner i 2003 til 3 021,1 mill. kroner i 2005. Forbruket til administrasjon har auka noko dei siste åra. Dette heng først og fremst saman med at departementet overtok ansvaret for helse og velferd hos akvatiske organismar frå 2004.

Marin forsking er eit prioritert område. Løyvingane til forsking og utvikling har auka over fleire år, også dersom ein korrigerer for løyvingane til bygging av nytt havforskingsfartøy.

Reduksjonen på programkategori 16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning frå 2003 til 2004 heng saman med overføring av Sjømattilsynet til det nye Mattilsynet. Auken i 2005 kjem av ei auka løyving til eit marint innovasjonsprogram på 30 mill. kroner, og ei eingongsløyving på 103,85 mill. kroner knytt til omdanning av Eksportutvalget for fisk til statleg aksjeselskap.

Forbruket til kystforvalting har vore relativt stabilt dei siste åra. Auken i 2004 har først og fremst samanheng med kostnader til aksjonane i samband med forlisa til «Gudrun Gisladottir» og «Rocknes». I 2005 er ei eingongsløyving på 55 mill. kroner knytt til omdanning av Kystverket produksjon til statleg aksjeselskap (Secora AS).

2.12 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
15.00Landbruk og matforvalting120,2133,6117,8121,4
15.10Matpolitikk918,91 398,71 310,51 358,2
15.20Forsking og utvikling273,1305,2304,4304,4
15.30Næringsutvikling, ressursforvalting og miljøtiltak12 756,912 643,712 015,212 000,0
Sum utgifter14 069,114 481,213 747,913 784,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 36,1 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 63 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 27 mill. kroner. Det er overført 51,9 mill. kroner meir frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei meirutgift på 24,9 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Rekneskapen viser at utgiftene i 2005 ligg om lag 2 prosent lågare enn i 2003. Sett i forhold til rekneskapen for 2004 er utgiftene under programområde 15 Landbruk og mat redusert med om lag 4,8 prosent i 2005.

Løyvinga over programkategori 15.10 Matpolitikk viser ein reduksjon på om lag 41 mill. kroner frå 2004 til 2005. Reduksjonen har i hovudsak si årsak i effektivisering, og i ein reduksjon i løyvinga til omstilling. Auken frå 2003 til 2004 kjem i hovudsak av overføring av 190,5 mill. kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet fordi staten tok over kommunale oppgåver gjennom etableringa av Mattilsynet. I tillegg er auken knytt til dei store utfordringane på matområdet dei siste åra, samt arbeidet med omorganiseringa av matforvaltinga og opprettinga av Mattilsynet frå 1.1.2004.

Løyvinga under programkategori 15.20 Forsking og utvikling viser ein reduksjon på 0,8 mill. kroner frå 2004 til 2005. Landbruks- og matdepartementet har i 2005 prioritert forsking på de tematiske satsingane i Forskingsmeldinga.

Løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen utgjer hovuddelen av programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvalting og miljøtiltak. Rekneskapen for programkategorien er redusert med 643,7 mill kroner, svarande til 5,1 prosent, frå 2004 til 2005. Det er gjennomført endringar i landbrukspolitikken gjennom strukturelle tilpassingar som skal stimulere til auka effektivitet og konkurransekraft. Berekraftig ressursforvalting, god utnytting av marknadstilhøva, ny teknologi, auka mangfald, ein balansert marknad, strukturelle endringar og fornuftige kostnadstilpassingar er viktig for å nå måla for inntektsutviklinga i landbruket.

2.13 Samferdselsdepartementet

Programområde 21 Innanlands transport(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
21.10Administrasjon m.m.922,1266,9286,5297,0
21.20Luftfartsføremål8 203,3860,2730,3759,6
21.30Vegføremål13 560,613 047,913 444,314 198,7
21.40Særskilde transporttiltak244,2356,2362,8363,4
21.50Jernbaneføremål6 664,66 317,56 307,86 315,9
21.60Samferdselsberedskap70,461,344,530,3
Sum utgifter29 665,220 910,121 176,221 964,9

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 788,7 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 405 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 383,7 mill. kroner. Det er overført 387,7 mill. kroner mindre frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 4,0 mill. kroner.

Programområde 22, Post og telekommunikasjonar(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
22.10Post og telekommunikasjonar1 075,7505,7546,0535,2
Sum utgifter1 075,7505,7546,0535,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 10,8 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 5,3 mill. kroner, viser programområdet ein mindreutgift på 16,1 mill. kroner. Det er overført 16,1 mill. kroner meir frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett inga mindreutgift.

Trenden i rekneskapen

På programområde 21 har det i perioden vore ein nominell nedgang i utgiftene frå 2003 til 2005 på 26 prosent, frå 29 665,2 mill. kroner til 21 964,9 mill. kroner. Utgiftene i 2003 var om lag 9 mrd. kroner høgare enn i 2004 og 7,7 mrd. kroner høgare enn i 2005. På programområde 22 har det vore ein stor relativ nedgang i utgiftene frå 2003 til 2004, medan det har vore ein liten relativ auke i utgiftene frå 2004 til 2005.

Det var ein kraftig reduksjon i løyvingane på programområde 21 frå 2003 til 2004. Hovudårsaka var endra organisering av verksemder i 2003 som t.d. omdanning av forvaltningsverksemda Luftfartsverket til aksjeselskap (Avinor AS) og omdanninga av produksjonsverksemda i Statens vegvesen til aksjeselskap (Mesta AS). Slike organisasjonsmessige endringar har konsekvensar for statsbudsjettet og statsrekneskapen ved etableringa av selskapa. Vidare blei eigenkapitalen i fleire selskap auka i 2003 med til saman 1,1 mrd. kroner. Det siste er også årsaka til at det blei ein stor nedgang i utgiftene på programområde 22 frå 2003 til 2004. Det blei ikkje gitt slike løyvingar i 2004.

På Samferdselsdepartementets område går den største delen av løyvingane til veg, jernbane og kjøp av ulike samferdselstenester. I 2003 og 2004 viste rekneskapen for programkategori 21.30 Vegføremål eit mindreforbruk samanlikna med budsjettet. I 2005 var det eit meirforbruk på 754,3 mill. kroner samanlikna med budsjettet. Tek ein omsyn til refusjonar, meirinntekter og overførte løyvingar til/frå 2005 var det på programkategori 21.30 samla sett ei meirutgift på 3,0 mill. kroner. Rekneskapen for programkategori 21.50 Jernbaneføremål viste i 2003, 2004 og 2005 ikkje store avvik samanlikna med budsjettet.

Inntektssida på samferdselsområdet er påverka av betaling av renter og avdrag på lån til selskap som Samferdselsdepartementet forvaltar, og utbyte frå selskap der staten er eigar. Jernbaneverket og Statens vegvesen har inntekter m.a. frå sal av utstyr og tenester. Desse inntektene er vanskelege å budsjettere nøyaktig. Den einaste av etatane som er sjølvfinansiert, er Post- og teletilsynet, med unntak av 10 mill. kroner i løyvingar til radiostøykontrollen. Post- og teletilsynet har eit reguleringsfond som handterer avvik mellom budsjett og rekneskap. Luftfartstilsynet finansierer ein del av verksemda si med gebyr.

2.14 Miljøverndepartementet

Programområde 12 Miljøvern og regional planlegging(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
12.10Fellesoppgåver, regional planlegging o.a.704,6658,0661,9657,1
12.20Biomangfald og friluftsliv586,9622,2771,6749,8
12.30Kulturminner og kulturmiljø242,6240,2465,8468,7
12.40Forureining666,3613,4640,0604,2
12.50Kart og geodata362,2363,2354,8355,6
12.60Nord- og polarområder114,8123,5143,6134,0
Sum utgifter2 677,32 620,63 037,82 969,4

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 68,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 25,2 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 93,6 mill. kroner. Det er overført 26,8 mill. kroner mindre frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 120,3 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Mindreforbruket under programkategori 12.10 kjem i all hovudsak av at Miljøverndepartementet har motteke nokre fleire refusjonar på slutten av året enn det var budsjettert med. Det har òg blitt ført ein bevisst innsparingspolitikk for å dekke opp eit auka behov for prosjektløyvingar i 2006. Etter at programkategorien blei redusert i perioden 2002–2004 er det ikkje gjort strukturelle endringar under denne kategorien.

Under programkategorien 12.20 viser utbetalingane ei jamn utvikling frå 2003 til 2005, med ein tydeleg auke i 2005. Endringa kjem først og fremst av ei auke i utbetalingane til nytt skogvern og til bandlegging av friluftsområde. Midlar til kjøp av forsvarseigedomar er ein ny post i 2005. Auken under programkategori 12.20 er òg eit resultat av satsing på forvalting, tilrettelegging og skjøtsel i verneområde og tilskott til friluftsføremål i samband med Friluftslivets år 2005.

Under programkategori 12.30 er det ein kraftig auke frå 2004 til 2005. Dette kjem primært av ein auke av kapitalen i Norsk kulturminnefond på 200 mill. kroner som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 16 (2004–2006) Leve med kulturminner.

I tillegg blei kulturminnefeltet styrka gjennom auka løyving til verdiskaping i kystsona, samt ein auke i tilskotsordninga til vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg. Målet med auken har vært å gi betre rammevilkår for dei private eigarane av slike bygningar og anlegg. Posten til vern av viktige ruinar blei likeeins auka.

Mindreforbruket under programkategori 12.40 har mellom anna si årsak i at prosjekt som er sette i verk i 2005 først kjem til utbetaling i 2006. I tillegg blei det samla inn færre bilvrak enn forventa i 2005, og skrapjernsprisen som ligg til grunn for utbetaling av jernverdi til biloppsamlarane har blitt lågare enn stipulert. Utbetalingar til refusjonsordningane for HFK/PFK og TRI har også blitt lågare enn antatt. Utbetalingane til mellom anna opprydding av forureina sediment, miljøteknologi og rammedirektivet for vatn har likevel auka frå 2004 til 2005.

Under programkategori 12.60 har det vore ein auke gjennom dei to siste åra. Dette har hovudsakleg si årsak i investeringar i heilårsstasjonen Troll og flyplassen DROMLAND i Antarktis, samt investering i utstyr til Svalbard forskingspark.

I 2005 blei det spart inn meirutgifter frå 2004 knytt til ekstraordinære investeringskostnader ved bygging av heilårsstasjonen Troll i Antarktis.

2.15 Moderniseringsdepartementet

Programområde 01 Fellesadministrasjon(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
01.00Administrasjon mv.469,4542,4493,5473,0
01.10Fylkesmannembeta1 163,41 269,21 037,11 299,0
01.20Fellestenester511,4512,4306,9394,9
01.30Partistøtte260,1261,2282,6284,0
01.40Pensjonar m.m.1 017,33 549,06 133,66 189,9
01.50Konkurranse- og prispolitikk65,187,5107,2106,6
01.60Statsbygg1 305,51 994,62 452,22 437,2
Sum utgifter4 792,28 216,310 813,111 184,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 371,5 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 519,3 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 147,8 mill. kroner. Det er overført 209,2 mill. kroner meir frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei meirutgift på 61,4 mill. kroner.

Denne meirutgifta er hovudsakleg knytt til programkategori 01.40 Pensjoner mv., og er ei følgje av auken i volumet for utbetaling av bustadlån for medlemmer av Statens Pensjonskasse i siste kvartal i 2005.

Trenden i rekneskapen

Frå 2003 har utgiftene på programområdet auka med 133 prosent, frå 4 792,2 mill. kroner til 11 184,6 mill. kroner. Dette kjem særleg av utbetalingane på programkategori 01.40 Pensjonar mv., som har auka med 5 172,6 mill. kroner. Auken kjem særleg av to forhold. Tilskott til Statens Pensjonskasse har auka med om lag 3,7 mrd. kroner frå 2003 til 2005. Dette kjem av auka pensjonsutbetalingar på ca. 1,8 mrd. kroner. I tillegg blei det i 2003 innbetalt ca. 2,1 mrd. kroner i eingongspremieinnbetalingar frå premiebetalande verksemder, noko som reduserte det samla tilskottet over kap. 1542 dette året. For bustadlån til statstilsette har det vore ein auke på om lag 1,5 mrd. kroner, frå netto innbetaling på om lag 1,2 mrd. kroner i 2003 til netto utbetaling på om lag 0,3 mrd. kroner i 2005. Den auka etterspørselen etter nye lån og minka innfriing av lån har si årsak i ei meir konkurransedyktig utlånsrente i Statens Pensjonskasse i 2005.

Programkategori 01.20 Forvaltingspolitikk og statlege fellestenester viser ein reduksjon på 23 prosent frå 511,4 mill. kroner i 2003 til 394,9 mill. kroner i 2005. Reduksjonen kjem i hovudsak av at verksemda Statskonsult blei omdanna til heileigd statleg aksjeselskap i 2004.

Programkategori 01.50 Konkurranse- og prispolitikk har auka utgiftene med 64 prosent frå 65,1 mill. kroner i 2003 til 106,6 mill. kroner i 2005. Dette skriv seg blant anna frå kostnadene med å flytte Konkurransetilsynet til Bergen. Flyttekostnadene var på om lag 25 mill. kroner i 2005. Auka utgifter kjem også av at Klagenemnda for offentlege innkjøp er lagt under denne programkategorien i 2005.

På programkategori 01.60 Statsbygg har utgiftene auka med om lag 87 prosent, frå 1 305,5 mill. kroner i 2003 til 2 437,2 mill. kroner i 2005. Dette kjem i hovudsak av at investeringsutgifter til byggeprosjekt som inngår i den statlege husleigeordninga har auka frå om lag 0,8 mrd. kroner i 2003 til nær 1,9 mrd. kroner i 2005. Samstundes er kravet til driftsresultat i Statsbygg (kap. 2445, post 24) redusert med om lag 0,2 mrd. kroner frå 2003 til 2005.

2.16 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
23.10Finansadministrasjon486,1410,5417,8426,1
23.20Skatte- og avgiftsadministrasjon4 828,44 670,74 726,34 885,1
23.30Offisiell statistikk520,3508,4501,3531,9
23.40Andre føremål2 146,79 002,712 394,212 055,4
Sum utgifter7 981,514 592,318 039,517 898,4

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 141,1 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 205,6 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 346,7 mill. kroner. Det er overført 18 mill. kroner mindre frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 364,7 mill. kroner.

Mindreforbruket heng særleg saman med at dei regelstyrte utbetalingane av meirverdiavgiftskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar blei lågare enn budsjettert.

Trenden i rekneskapen

Frå 2003 til 2005 blei utgiftene under programområde 23 meir enn dobla. Hovudårsaka er at utbetalingane av meirverdiavgiftskompensasjon under programkategori 23.40 Andre føremål auka frå om lag 1 956 mill. kroner i 2003 til om lag 11 591 mill. kroner i 2005.

Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon var det i 2003 ei eingongsløyving på 111,1 mill. kroner i samband med Finansmarknadsfondet. Held ein denne utanfor, er det særleg den jamne veksten i Kredittilsynets verksemd som har gitt ein auke under kategorien.

Under programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon har løyvingsnivået vore om lag uendra dei seinaste åra, når ein korrigerer for funksjonsendringar og endra organisering.

Programområde 24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag o.a., er omtalt under kap. 4 Staten sin balanse og kommentarar til finanspostar. Inntektene frå skattar og avgifter er kommenterte i kap. 1.

2.17 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
04.10Militært forsvar30 545,231 460,629 834,329 809,4
Sum utgifter30 545,231 460,629 834,329 809,4

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 24,9 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 793 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 817,8 mill. kroner. Det er overført 817,9 mill. kroner meir frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett inga mindreutgift.

Frå 2003 til 2005 er utgiftene under programområde 04 nominelt redusert med om lag 2,4 prosent, frå 30 545,2 mill. kroner til 29 809,4 mill. kroner. Reell reduksjon er 2 538,9 mill. kroner som tilsvarer 7,85 prosent

Betre økonomistyring i 2005

Rekneskapen for 2005 viser vidare at verksemda i Forsvaret blei gjennomført innanfor dei tildelte rammene på alle utgiftskapitla. Øvings- og treningsaktiviteten var i 2005 haldt på eit lavt nivå. Kombinert med utsetjing av vedlikehald og nokre investeringar, var dette heilt naudsynte tiltak for å unngå nytt meirforbruk. Samstundes var framdrifta på enkelte investeringsprosjekt i 2005 seinare enn planlagt.

Basert på overskridinga i 2004, samt Riksrevisjonens merknader til både 2003- og 2004-rekneskapen, sette Forsvarsdepartementet i verk ei rad med tiltak for å styrkje internkontrollen, økonomistyringa og verksemda elles i Forsvaret, jf. St.meld. nr. 29 (2004–2005) og Revidert nasjonalbudsjett 2005. Tiltaka har i hovudsak vore retta inn mot å sikre korrekte og sporbare posteringar i rekneskapen, og å sikre betre kontroll med bruken av dei løyvde midlane. Ei rekkje av tiltaka har allereie gitt positiv effekt. Samstundes vil tiltaka bli utvikla og følgt opp vidare. Regjeringa vil ha fokus på, og halde fram med, arbeidet med å styrkje økonomistyringa i den vidare omstillinga av Forsvaret.

Modernisering av Forsvaret

2005 var siste året i omstillingsperioden 2002–2005. Dette inneber òg at Forsvaret har gjennomført det som ein må kunne karakterisere som ei av dei mest omfattande omleggingane i norsk offentleg sektors historie. Bakgrunnen var at Forsvaret var i ei djup og vedvarande strukturell krise. Omlegginga som blei sett i gong hadde som hovudmål å betre den operative evna i Forsvaret og utvikle Forsvaret til eit meir moderne, fleksibelt og alliansetilpassa tryggingspolitisk verkemiddel.

Omlegginga så langt har realisert ei styrking av Forsvaret si operative evne, og har medverka til at Forsvaret kan reagere raskare og med meir relevante og effektive militære styrkar for å løyse prioriterte oppgåver. Dette er ikkje minst oppnådd gjennom store innsparingar i logistikk- og støtteverksemda i Forsvaret.

Alle hovudomstillingsmåla for perioden 2002–2005 er nådd. Driftsinnsparingsmålet på minimum to milliardar kroner innan utgangen av 2005, samanlikna med eit alternativ utan omlegging, er nådd. Resultatet blei i følgje Forsvarsdepartementet ei innsparing på 2,385 mrd. kroner. Målet om ein bemanningsreduksjon på 5 000 årsverk innan utgangen av 2005 i forhold til bemanninga per 1. september 2000, blei nådd medio 2005. Vidare blei målet om ein reduksjon av bygningsmassen i bruk på to mill. kvadratmeter innan utgangen av 2005, nådd i april 2005

Alle struktur- og organisasjonsendringstiltak som skulle gjennomførast i perioden 2002–2005, er gjennomførte, dei fleste før fastsett tidsfrist.

2.18 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2003Rekneskap 2004Budsjett 2005Rekneskap 2005
18.00Administrasjon186,7217,2222,9219,4
18.10Petroleumsforvaltning346,2434,9471,5482,0
18.20Energi- og vassdragsforvaltning796,62 540,4524,7503,4
18.30Forskingsføremål258,3316,7420,2420,1
18.70Petroleumsverksemda17 564,118 660,623 059,721 447,2
Sum utgifter19 152,022 169,824 699,023 072,1

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 1627,0 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 17,0 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 1644 mill. kroner. Det er overført 30,9 mill. kroner meir frå 2005 til 2006 enn frå 2004 til 2005. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 1613,1 mill. kroner.

Under programkategori 18.00, 18.10 og 18.30 viser rekneskapen for 2005 under eitt relativt små avvik i forhold til budsjettet. Under programkategori 18.20 er det eit mindreforbruk, som mellom anna heng saman med ei forseinking i arbeidet med innføring av bygningsdirektivet. Vidare vil fleire tilsegn til prosjekt under post 71 Tilskott til energitiltak i kraftkrevjande industri og post 74 Naturgass ikkje bli utbetalt før i seinare år. Mindreutgifta under programkategori 18.70 er mellom anna relatert til at investeringar knytt til Troll Olje, Gassled og Ormen Lange er satt ut i tid. Lågare stålforbruk og transportkostnader på Langeled og lågare dollarkurs er også med på å redusere dei samla investeringane under SDØE.

Utviklingstrekk i rekneskapen

Under programkategori 18.00 og 18.10 skil 2003 seg ut i forhold til dei andre åra. Når det gjeld programkategori18.00 kjem dette av det at det har blitt seld aksjar i Statoil ASA i 2004 og 2005 og at utgiftene knytt til sal er førd under programkategori 18.00. Når det gjeld programkategori 18.10 er årsaka at post 70 Petoro AS blei flytta frå programkategori 18.70 til 18.10 frå og med 2004. Vidare blei Oljedirektoratet delt i «nye» Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet frå og med 1. januar 2004. Petroleumstilsynet blei lagt under Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Auka bruk i 2005 heng saman med at Oljedirektoratet fikk ei auke i sine løyvingar knytt til kartlegging i nordområda.

Under programkategori 18.20 skil 2004 seg særleg ut. Dette kjem i hovudsak av at det i 2004 blei oppretta eit fond for miljøvenleg gasskraftteknologi på 2 mrd. kroner. Vidare blei løyvinga under kap. 1825 Omlegging av energibruk og energiproduksjon, post 70 Overføring til Energifondet redusert med om lag 200 mill. kroner i 2004. Løyvinga til Energifondet er redusert vidare med 60 mill. kroner til null i 2005.

Under programkategori 18.30 har auka løyvingar i perioden i hovudsak samanheng med ei auka satsing på petroleumsforsking under Forskingsrådet.

2.19 Statsbankane

Husbanken

Samla uteståande fordringar i Husbanken var på 94,3 mrd. kroner ved utgangen av 2005, fordelt på om lag 92 000 lån. Uteståande fordringar var om lag dei same som ved det førre årsskiftet, men var fordelte på 8 800 færre lån. Av dei uteståande fordringane utgjer 64,9 mrd. kroner oppføringslån, 20,6 mrd. kroner etableringslån/startlån og kjøpslån, og 8,6 mrd. kroner utbetringslån. Husbanken har òg uteståande lån til rentedekking, restkrav o.a. for om lag 0,3 mrd. kroner.

Husbanken hadde i 2005 eit tap på 18,7 mill. kroner. Med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar/inngåtte avtaler som utgjorde 5,8 mill. kroner, var netto tap på utlån 12,9 mill. kroner. Av samla brutto tap er 17,1 mill. kroner knytt til personlege låntakarar.

Statens lånekasse for utdanning

Samla uteståande fordringar for Statens lånekasse for utdanning var per 31. desember 2005 87,3 mrd. kroner, ein auke på om lag 5 mrd. kroner frå 31. desember 2004. Det samla beløpet gjeld lån til utdanning, renter og gebyr.

Av lån til utdanning er i underkant av 25 mrd. kroner ikkje renteberande. Av andre ikkje renteberande fordringar utgjer opptente, ikkje betalte renter om lag 556 mill. kroner, og ikkje betalte gebyr om lag 77 mill. kroner.

Det er ved utgangen av 2005 om lag 1,85 mrd. kroner uteståande i renteberande renter, ein nedgang på om lag 240 mill. kroner frå 2004. Det blei utgiftsført 389,7 mill. kroner i tap på utlån i 2005.

Innovasjon Norge

Samla utlån per 31.12.05 utgjer 13,4 mrd. kroner etter tapsavsettingar mot 14,3 mrd. pr. 31.12.04. Nedgangen utgjer 0,9 mrd. kroner.

Utlåna er fordelte med 10 mrd. kroner på lågrisikolån (om lag 21 000 lån), 1,5 mrd. kroner på risikolån (om lag 1 800 lån) og 1,8 mrd. kroner til andre utlån, som omfattar distriktsretta låneordning (om lag 65 lån), lån frå Statens miljøfond, ansvarlege lån til såkornfond og bygdeutviklingslån til landbruket. Den siste ordninga omfattar om lag 10 000 lån og forvaltast av Innovasjon Norge for Landbrukets utviklingsfond.

Brutto bokførte tap i 2005 utgjer 106,5 mill. kroner, og netto tap 15,5 mill. kroner etter at det er sett av 91 mill. kroner i tapsdekking.

Til forsida