St.meld. nr. 3 (2005-2006)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2005

Til innhaldsliste

4 Staten sin balanse og kommentarar til finanspostar

I kap. 4.1 er staten sin balanse gitt ein omtale med noter til vesentlige endringar. I kap 4.2 er det gitt eit oversyn over statens finansinntekter og finansutgifter. I kap. 4.3 er garantiar omtala. I kap. 4.4 er hovudprinsippa som ligg til grunn for føring av statsrekneskapen, stilt opp.

4.1 Staten sin balanse med noter

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av staten sin balanse med hovudvekt på staten sine finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Dei viktigaste eigedelane er i spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir og kapital i staten sine sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel del av balansen, jf. vedlegg 5 der balansar er presentert for forretningsverksemdene.

Staten sine eigedelar gjekk opp med 412,2 mrd. kroner i 2005, frå 1 632,0 mrd. kroner til 2 044,2 mrd. kroner. Auken må i hovudsak tilskrivast auken i verdien på Statens petroleumsfond. Vesentlege endringar blir omtala i notane nedanfor.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)

TekstNote31.12.0431.12.05Endring
Eigedelar
60. Kontantbehaldningar188 817109 62720 810
61. Spesielle fond og forsikringar21 038 5741 418 322379 748
62. Verdipapir inkl. kapital i statens sjølvstendige verksemder394 44092 761-1 679
63. Utlån og uteståande fordringar4216 013221 8575 844
64. Ordinære fond545 93051 0805 150
65. Forskott674176322
66. Kapital i statsbankane72 0822 0864
68. Fast kapital i statsverksemdene8138 980148 1849 204
69. Eigenbehaldning statspapir914 04713 662-385
70–73. Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar10-7 375-9 648-2 273
77. Statsobligasjonslån. Overkurs/underkurs11-219-4 417-4 198
1 632 0302 044 277412 247
Gjeld og eigenkapital
80. Statsgjelda12320 758334 13213 373
81. Kontolån frå ordinære fond1351 14056 2765 136
82. Verksemder med særskilde fullmakter146 8977 890994
84. Deposita og avsettingar1510 9187 415-3 503
87. Overførte unytta løyvingar167 0127 443431
99. Avslutningskonto (eigenkapital)171 235 3051 631 121395 816
1 632 0302 044 277412 247

Noter:

  • Note 1. Kontantbehaldninga til staten var 20,8 mrd. kroner høgare ved utgangen av 2005. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank.

  • Note 2. Auken i spesielle fond og forsikringar var på 379,7 mrd. kroner og kjem i hovudsak av auken i bokført verdi i Statens petroleumsfond på 378,6 mrd. kroner jf. kap. 3 i denne meldinga. Statens varekrigsforsikring er redusert med 1,7 mill. kroner og avvikla.

  • Note 3. Nedgangen i verdipapir m.m. er netto 1,7 mrd. kroner, som i hovudsak kjem frå 0,5 mrd. kroner i netto nedgang i behaldninga av aksjar og ein nedgang på 1,2 mrd. kroner i kapitalen hos SIVA SF under Nærings- og handelsdepartementet sin kapital i statsføretak. Dette kjem av at Nærings- og handelsdepartementet ved ein inkurie ikkje justerte ned kapitalen i rekneskapen for 2004 knytt til overføring av SIVA sin eigardel i Argentum til departementet. Nedgangen i verdien av aksjar kjem i hovudsak av ein nedgang i aksjar i Telenor ASA på 0,2 mrd. kroner og aksjar i Statoil ASA som gjekk ned med 0,3 mrd. kroner. Samferdselsdepartementet overførte sine aksjar i Mesta AS med bokført verdi 1,9 mrd. kroner til Nærings- og handelsdepartementet i 2005, difor den store nedgangen i beløpet hos Samferdselsdepartementet samstundes som Nærings- og handelsdepartementet fekk ein stor auke. Sjå tabell 3.5 for oversyn over statens aksjeinteresser.

  • Note 4. Auken i utlån og uteståande fordringar er netto 5,8 mrd. kroner. Av dette er 4,9 mrd. kroner auka utlån til Statens lånekasse for utdanning og om lag 3,0 mrd. kroner auka utlån til Helseføretaka. Utlån til Helse Aust auka med 1,0 mrd. kroner. Husbanken hadde ein nedgang på 52 mill. kroner. Innovasjon Noregs ordinære innlån blei redusert med netto 1,2 mrd. kroner. Statkraft SF hadde ein nedgang på om lag 0,5 mrd. kroner og Statnett SF hadde ein nedgang på 0,4 mrd. kroner. Enova SF er etablert i 2005 med uteståande fordringar på 12 mill. kroner.

  • Note 5. Auken for ordinære fond er på 5,1 mrd. kroner. Av dette utgjer 3,3 mrd. kroner Fondet for forsking og nyskaping og om lag 0,6 mrd. kroner konverteringsfondet i Statens lånekasse for utdanning. Fond for transportstøtteordningen er etablert i 2005 med 6 mill. kroner. Fondsmidlar under Nærings- og Handelsdepartementet auka med om lag 0,6 mrd kroner. Energifondet hadde ein auke på om lag 0,5 mrd. kroner. Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond. Midla som fonda har ståande på konto i Noregs Bank er òg ført opp som kontolån til staten.

  • Note 6. Auken i forskott er på 22 mill. kroner som i hovudsak gjeld forskott under Samferdselsdepartementet for Statens vegvesen og forskott på rammetilskott til fylkeskommunar og kommunar under Kommunal- og regionaldepartementet.

  • Note 7. Auken i kapitalen i statsbankane på netto 3,7 mill. kroner kjem i hovudsak av at kapitalen i Innovasjon Noreg auka med 22,5 mill. kroner medan kapitalen i Husbankens risikofond og Statens Miljøfond til saman er reduserte med til saman 18,8 mill. kroner.

  • Note 8. Auken i fast kapital i statsverksemdene på 9,2 mrd. kroner kjem i hovudsak av at kapitalen i SDØE er auka med 7,8 mrd. kroner og i Statsbygg med 1,4 mrd. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3.

  • Note 9. Nedgangen i eigenbehaldning statspapir på netto 385 mill. kroner kjem av ein nedgang i eigenbehaldning statskassevekslar på 1,9 mrd. kroner og ein auke i statsobligasjonar på 1,5 mrd. kroner.

  • Note 10. Statlege verksemder sitt mellomrekneskap med statskassa gjekk opp med 2,3 mrd. kroner slik at verksemdene har 9,6 mrd. kroner til gode per 31.12.2005. Av dette gjeld 1,1 mrd. kroner Rikstrygdeverket som ved ein feil fekk delar av sine utbetalingar sist i desember 2005 belasta bankkontoen først i januar 2006. Utgifta er ført på kapittel/post i rekneskapen for 2005. Det er i 2005 postert netto om lag 0,9 mill. kroner til debet mot konto for forskyving i balansen, jf. fullmakt frå Stortinget til å postere differansar og uoppklarte beløp mot konto for forskyving i balansen. Dette gjeld fleire verksemder, og inneber at dei samla fekk auka beløp til gode i statskassa slik:

    Oslo bispedømeråd-0,464 mill. kroner
    Jernbaneverket1,080 mill. kroner
    Samla0,601 mill. kroner
  • I tillegg er det postert 0,285 mill. kroner til debet med konto for forskyving av balansen som gjeld differanse vedk. utestående lån under Statens pensjonskasse i kontogruppe 63.

    Under Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet er opptrekksrenter for andre halvår for lån til Svinesundforbindelsen og Regionale helseføretak ført mot mellomrekneskapen med statskassa. Dette kjem av at opptrekksrente for 2. halvår først vart belasta departementa sine konti og godskrive Finansdepartementet sin konto i Noregs Bank i januar følgjande år. Dette har difor ingen verknad på statens samla kontantbehaldning i Noregs Bank per 31.12. Avsetjingane går fram av mellomrekneskapen mellom statskassa og Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. For Samferdselsdepartementet gjeld dette forholdet òg nullstilling av låneramma for Svinesundforbindelsen, som først blei ført tilbake til Samferdselsdepartementet januar 2006.

  • Note 11. Som følgje av over/underkurs på statsobligasjonslån er bokført verdi redusert med 4,2 mrd. kroner.

  • Note 12. Statsgjelda har auka med 13,4 mrd. kroner i 2005. Dette kjem i hovudsak av at Faste lån som er tatt opp innanlands auka med 17,9 mrd. kroner og Langsiktige kontolån med 15,9 mrd. kroner, medan Statskassevekslar blei redusert med 11 mrd. kroner og kortsiktige kontolån med 9,5 mrd. kroner. Sjå tabell 3.3 i vedlegg 3 for nærare spesifikasjon av endring i statsgjelda.

  • Note 13. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Auken for 2005 er på 5,1 mrd. kroner. Av dette utgjer 3,3 mrd. kroner Fondet for forsking og nyskaping og Lånekassas konverteringsfond 0,6 mrd. kroner. Innovasjon Norge, ikkje renteberande fond hadde ein auke på 1,5 mrd. kroner medan Innovasjon Norge, renteberande fond hadde ein nedgang på 1,1 mrd. kroner. Energifondet auka med 0,4 mrd. kroner medan andre fond auka med netto 0,2 mrd. kroner. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

  • Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Verksemdene sine likvide midlar er plasserte i Noregs Bank. Staten kan nytte denne likviditeten, som blir notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

  • Note 15. Deposita og avsetjingar viser ein nedgang på 3,5 mrd. kroner. Avsetjinga til Statens petroleumsfond blei -3,8 mrd. kroner. Avsetjinga til Statens petroleumsforsikringsfond auka med 0,6 mrd. kroner.

  • Note 16. Unytta løyvingar som blir overførte til neste budsjettår, blir registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane til 2006 er samla 7,443 mrd. kroner, noko som er 430,9 mill. kroner høgare enn overført løyving frå 2004. I talet er overførte løyvingar på 90-post (lånetransaksjonar) med. Overførte løyvingar til 2006 utan 90-postar utgjer 7,223 mrd. kroner, som er 676 mill. kroner høgare enn overført frå 2006, jf. kapittel 1.

  • Note 17. Avslutningskontoen med staten sin eigenkapital auka i 2005 med 395,8 mrd. kroner frå 1 235,3 mrd. kroner til 1 631,1 mrd. kroner, jf. note 1–17 ovanfor. Sjå òg tabell 1.12 i vedlegg 1.

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2005 renteinntekter på om lag 11,4 mrd. kroner og renteutgifter på om lag 15,8 mrd. kroner. Netto renteutgifter blei dermed 4,4 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2004 til 2005 minka rentene av innanlandsk statsgjeld med om lag 1,0 mrd. kroner. Rentene av den utanlandske statsgjelda gjekk ned med om lag 3 mill. kroner til 0 kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

  200320042005
1. Renteinntekter i alt15 62811 18311 368
Renter frå statsbankane12 1978 1707 180
Renter av kapital i statens forretningsverksemd333334
Renter av innskott og andre krav1 8352 0243 322
Renter av lån til statsføretak268182147
Renter av lån til særlovselskap000
Renter av lån til aksjeselskap436403382
Renter frå folketrygda42198
SPK, lån til statstilsette816352295
2. Renteutgifter i alt18 61116 78715 776
Av innanlandsk statsgjeld1)18 42116 78415 776
Av utanlandsk statsgjeld19030
Netto renteinntekter/ renteutgifter -2 983 -5 604-4 407

1) Renteutgifter for innanlandsk statsgjeld omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81.

4.3 Garantiar

Forvaltinga kan ikkje gi garantiar som kan føre til tap i seinare terminar utan at Stortinget har gitt ein garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterar for at låntakar oppfyller sine plikter overfor långivar.

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12.2005

(tal i mill. kroner)Garantiansvar per 31.12.2004Utbetalt ved tap i 2005Garantiansvar per 31.12.2005
Utanriksdepartementet25,624,1
Kommunal- og regionaldepartementet10 152,86 599,1
Helse- og omsorgsdepartementet25,019,8
Barne- og familie- departementet1)3,63,2
Nærings- og handelsdepartementet26 455,6168,229 797,2
Landbruks- og matdepartementet2,61,1
Samferdselsdepartementet989,8840,4
Miljøverndepartementet27,114,0
Moderniseringsdepartementet2)228,9224,5
Finansdepartementet9 230,88 946,8
Sum47 141,8168,246 470,3

1) Endra frå 2,7 mill. kroner til 3,6 mill. kroner og kjem av at barnevernstiftingar er overtatt frå fylkeskommunane med statleg overtaking av det fylkeskommunale barnevernet i 2004.

2) Endra frå 196,2 mill. kroner til 228,9 mill. kroner og kjem av at garantiansvar for overførte fond (Statens pensjonskasse) som gjeld Statsbanenes pensjonsfond er ført opp.

Tabell 4.3 viser samla garantiansvar etter det einskilde departement for 2004 og 2005. Per 31.12.2005 har forvaltinga gitt garantiar med eit samla garantiansvar på 46,5 mrd. kroner. Dette er ein nedgang på om lag 672 mill. kroner frå 2004. Nedgangen kjem i hovudsak av at Noregs Kommunalbank – innlån hadde ein nedgang på 3,6 mrd. kroner medan den alminnelege garantiordninga under GIEK sitt samla garantiansvar auka med 3,1 mrd. kroner. Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2005 var på 168,2 mill. kroner. Den største delen er utbetalt under den alminnelege garantiordninga under GIEK. I vedlegg 4 finst meir informasjon om dei einskilde garantiordningane.

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Følgjande hovudprinsipp ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Staten sin løyvingsrekneskap og balanse blir ført etter kontantprinsippet, i tråd med Stortinget sitt løyvingsvedtak.

  • Rekneskapen blir kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Ein oversikt over tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter utover 31. desember blir presentert som informasjon i statsrekneskapen.

  • Løyvingsrekneskapen følgjer den inndelinga som Stortinget har fastsett i vedtatt budsjett og blir sett opp fullstendig etter denne.

  • Løyvingsrekneskapen blir ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter blir sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien blir sett til historisk nyskaffingsverdi på transaksjonstidspunktet, med unntak av Statens petroleumsfond, som nyttar marknadsverdi.

  • Transaksjonar på post 90, lån, tilbakebetalingar m.v. i løyvingsrekneskapen blir ført i Statens kapitalregnskap som auke/nedgang i staten sine eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen blir sett opp basert på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterar til statsrekneskapen, og rapportering frå det einskilde departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sitt mellomrekneskap med statskassa er stadfesta av det einskilde departement.

  • Rapporterte betalingar over verksemda sin bankkonto er avstemt mot staten sitt konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Staten sin løyvingsrekneskap blir gjort opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.3. Brutto finansieringsbehov blir sikra ved låneopptak og ved trekk på kontantbehaldninga i Noregs Bank, jf. løyvingsrekneskapen sitt kapitel 5999. Finansieringsbehovet blir ført mot staten sin eigenkapital, jf. avslutningskontoen i kapitalrekneskapen.

Til forsida