St.meld. nr. 3 (2005-2006)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2005

Til innhaldsliste

3 Statens petroleumsfond

Lov om Statens pensjonsfond trådde i kraft 1. januar 2006. Statens pensjonsfond er etablert som ein overbygning over det som tidlegare var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet frå same dato. Frå 2006 består fondet av Statens pensjonsfond – Utland (tidligare Statens petroleumsfond) og Statens pensjonsfond – Noreg (tidlegare Folketrygdfondet). Verksemdene i dei to fonda er ført vidare innanfor den nye overbygningen. Sidan dette er rekneskapen for 2005, gjeld omtalen under berre Statens petroleumsfond.

Inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond i 2005 var definerte i lov 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond. Inntektene var summen av staten sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som blei overført frå statsbudsjettet, inntekt frå sal av aksjar i Statoil og avkastinga på formuen i fondet. Utgiftene til fondet var ei årleg overføring frå fondet etter vedtak i Stortinget 1 . Med utgangspunkt i innstillinga frå Finanskomiteen ved handsaminga av lova om fondet, var det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskottet på statsbudsjettet. I samsvar med handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskottet over tid svare til forventa realavkasting av Statens pensjonsfond – Utland, anslått til 4 prosent. Tabellane 3.1 og 3.2 viser balansen og resultatrekneskapen for Statens petroleumsfond. Rekneskapen for fondet er ikkje ein del av statsrekneskapen, men tala blir presenterte her til orientering.

Rekneskapen for Petroleumsfondet blei tidlegare ført etter dei same retningslinjene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Frå 1999 blei rekneskapen ført etter prinsippet om marknadsverdi. Denne føringsmåten vil bli ført vidare i 2006 for Statens pensjonsfond.

I 2005 hadde Statens petroleumsfond inntekter utan omvurderingar på til saman 312 410 mill. kroner. Kontantstraumen frå petroleumsverksemda til staten utgjorde den største delen av desse inntektene med 275 544 mill. kroner. Dei bokførte renteinntektene og utbyte frå selskapa i porteføljen mv. utgjorde til saman 36 866 mill. kroner i 2005. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2005 blei det overført 70 593 mill. kroner frå Petroleumsfondet til statsbudsjettet i 2005. Etter fråtrekk av forvaltningskostnader blei overskottet i fondet etter nasjonalrekneskapen sine definisjonar dermed 241 817 mill. kroner.

Omvurderingane i rekneskapen for Statens petroleumsfond i 2005 utgjorde i alt 124 283 mill. kroner. Av dette var 49 908 mill. kroner realiserte verdipapirgevinstar, og 36 521 mill. kroner var urealiserte gevinstar. Resultatet frå handlar i futures-marknaden, frå handlar i opsjonar og frå aksje- og rentebytteavtalar utgjorde 4 245 mill. kroner. Valutakursreguleringar utgjorde 33 610 mill. kroner, dvs. ein auke i verdien til fondet målt i norske kroner som følgje av svekking av kronekursen i 2005. Vidare blei det selt Statoil-aksjar for 12 478 mill. kroner i 2005. Avkasting og sal av Statoil-aksjar blei dermed på til saman 378 578 mill. kroner i 2005.

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda, medrekna sal av Statoil-aksjar og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet over statsbudsjettet. Denne netto avsetjinga var 221 276 mill. kroner i 2005. Overføringane frå statskassa til fondet blei fordelt slik:

  • 22,0 mrd. kroner 30. januar,

  • 10,5 mrd. kroner 27. februar,

  • 14,3 mrd. kroner 31. mars,

  • 17,6 mrd. kroner 30. april,

  • 18,9 mrd. kroner 31. mai,

  • 18,6 mrd. kroner 30. juni,

  • 18,8 mrd. kroner 29. juli,

  • 21,6 mrd. kroner 31. august,

  • 24,9 mrd. kroner 30. september,

  • 27,8 mrd. kroner 31. oktober og

  • 26,3 mrd. kroner 30. november.

Overføringane er korrigerte for at ein i 2004 overførte 3,9 mrd. kroner for mykje etter statsrekneskapen. Utan denne korreksjonen utgjorde overføringane for 2005 225,2 mrd. kroner. Det er 7,8 mrd. kroner meir enn netto avsetjing til Petroleumsfondet etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2005 er denne differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til at det blir korrigert for denne mellomrekninga saman med ei overføring til fondet tidleg i 2006.

Etter å ha korrigert for mellomrekninga med statskassa og trekt frå samla godtgjering til Noregs Bank, viser rekneskapen at den bokførte verdien av fondet ved utgangen av 2005 var på 1 390,1 mrd. kroner. Dette svarte også til marknadsverdien, jf. at rekneskapen no blir ført til marknadsverdi.

Midlane i Petroleumsfondet blir plasserte i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar Petroleumsfondet etter oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i forskrift og i utfyllande retningslinjer definert nærare retningslinjer for forvaltinga. I forskrifta om forvaltinga av fondet heiter det at Finansdepartementet skal definere ein såkalla referanseportefølje som dannar grunnlaget for risikostyringa. Referanseporteføljen er sett saman slik at han skal representere ein nøytral investeringsstrategi innanfor dei retningslinjene Finansdepartementet har gitt. Vidare har Finansdepartementet fastsett ei ramme for kor mykje dei faktiske investeringane kan avvike frå referanseporteføljen, målt ved risikomålet relativ volatilitet. Relativ volatilitet er definert som det forventa standardavviket til avkastinga til den såkalla differanseporteføljen, som utgjer skilnaden mellom referanseporteføljen og den faktiske porteføljen, jf. nærare omtale i St. meld. nr. 1 (1997–98) Nasjonalbudsjettet 1998. Ramma for relativ volatilitet har vore 1,5 prosentpoeng sidan målet blei innført i 1998. Referanseporteføljen er sett saman av 60 prosent renteberande instrument og 40 prosent eigenkapitalinstrument.

Den 28. februar 2006 offentleggjorde Noregs Bank årsrapporten for Statens pensjonsfond – Utland 2 . Årsrapporten følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg. I dokumentasjonsdelen i den vedlagte årsrapporten for fondet er det gitt ei samla liste over fondet sine aksjar og obligasjonar. For alle aksjeinvesteringane er det oppgitt namn på selskapet, marknadsverdi av aksjeposten og eigardel i selskapet. For obligasjonar er det oppgitt namn på utferdaren eller motparten og marknadsverdi av plasseringa. Alle investeringane er fordelte etter land.

Årsrapporten til Noregs Bank skildrar korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir som svarer til fondet sin konto i banken, blei forvalta i 2005. Den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 1 397,9 mrd. kroner ved utgangen av 2005. Avkastinga på dei utanlandske investeringane i fondet blei på 11,1 prosent for heile 2005, når ein målar i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansetjinga til referanseporteføljen. Når ein fordeler avkastinga på aksje- og obligasjonsporteføljane, viser tala at aksjeinvesteringane gav ei avkasting på 22,5 prosent, medan avkastinga på obligasjonsinvesteringane utgjorde 3,8 prosent Den vekta summen av avkastinga i dei to aktivaklassane svarer ikkje nøyaktig til totalavkastinga. Årsaka er at avkastingstala av året er bygde opp ved å kjede månadlege avkastingstal for aktivitetsklassane og for totalen kvar for seg.

Verdien av den norske krona svekka seg mot valutakorga til Petroleumsfondet i 2005. Dette førte til at verdien av fondet målt i norske kroner blei tilsvarande høgare. For heile året var totalavkastinga 14,3 prosent målt i norske kroner. Det er likevel avkastinga i utanlandsk valuta som er mest relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Den reelle avkastinga målt i utanlandsk valuta er utrekna til 8,7 prosent 3 . Avkastninga varierte gjennom året, men var positiv i alle kvartaler. Den samla avkastninga var høgast i 2. kvartal med 3,8 prosent og lågast i 1. kvartal med 1 prosent.

Tala for avkasting er bruttotal på den måten at forvaltingskostnadene ikkje er trekte frå. I resultatoppstillinga for fondet i tabell 3.2 er forvaltingskostnadene trekte frå. Dei samla kostnadene til forvaltinga blir dekte av avkastinga til fondet i samsvar med forvaltingsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2005 utgjorde dei samla kostnadene for Petroleumsfondet 0,078 prosent av kapitalen. Dette omfattar ikkje avkastingsavhengige honorar til eksterne forvaltarar. Samla utgjorde forvaltingsgodtgjeringa til Noregs Bank 1 239 mill. kroner i 2005. Ein viser til den vedlagte årsrapporten for fondet for nærare omtale.

Noregs Bank si forvalting av Pensjonsfondet – Utland blir revidert av revisjonen til Noregs Bank, men Riksrevisjonen utfører også eigne kontrollhandlingar. Noregs Banks revisjon er underlagt representantskapen, som er oppnemnt av Stortinget. Alle viktige rapportar som Noregs Bank sender ut om fondet, er stadfesta av revisjonen til Noregs Bank. Den overordna revisjonen av Petroleumsfondet er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer revisjonen sin på det arbeidet som blir utført av revisjonen til Noregs Bank.

Tabell 3.1 Balanse for Statens petroleumsfond ved utgangen av 2005 (tal i mill. kroner)

Aktiva     Passiva  
Konto i Noregs Bank1)2)1 397 896Eigenkapital1 390 118
Mellomrekning med statskassa3)7 778 
Sum1 397 896Sum1 397 896

1) I samsvar med forskrifta for forvalting av Statens petroleumsfond av 19. november 2004 blei fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskott i Noregs Bank. Noregs Bank plasserte desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Denne særskilde porteføljen fordelte seg på desse instrumenta per 31.12.05 (tal i mill. kroner):

Kortsiktige fordringar inkl. innskott i utanlandske bankar 23 784

Pengemarknadsplasseringar i utanlandske finansinstitusjonar mot sikring i verdipapir 558 979

Innlån frå utanlandske finansinstitusjonar mot sikring i verdipapir -438 717

Utanlandske renteberande verdipapir 682 024

Utanlandske aksjar 576 683

Regulering av terminkontraktar og derivater -3 618

Samla portefølje før forvaltingsgodtgjering 1 399 135

Påkommen forvaltingsgodtgjering -1 239

Samla portefølje, rekneskapsført verdi 1 397 896

2) Per 31.12.05 hadde fondet kjøpt futures med ein samla marknadsverdi på 74 221 mill. kroner og selt futures på 88 091 mill. kroner. Det var kjøpt opsjonar på futures med ein samla marknadsverdi på 8 546 mill. kroner og selt opsjonar på futures med ein samla marknadsverdi på 5 144 mill. kroner. Ved utgangen av 2005 hadde fondet kontraktar om kjøp og sal av valuta på termin for til saman 32 348 mill. kroner. Det var kjøpt rentebyteavtalar med ein samla marknadsverdi på 645 911 mill. kroner og selt rentebyteavtalar med ein samla marknadsverdi på 650 156 mill. kroner. Det var kjøpt opsjonar på rentebyteavtaler på 33 mill. kroner og seld opsjonar på rentebyteavtalar for 129 mill kroner. Det var kjøpt aksjebyteavtalar med ein samla marknadsverdi på 33 201 mill. kroner og selt aksjebyteavtalar med ein samla marknadsverdi på 27 628 mill. kroner.

3) Statsrekneskapen viser at netto avsetjing til Petroleumsfondet i 2005 blei 7 778 mill. kroner lågare enn det som faktisk blei overført frå statskassa til fondet i 2005. Denne differansen utgjer per. 31.12.05 ei gjeld for fondet på statskassa som blir innløyst etter utløpet av budsjetterminen, i form av ein reduksjon i overføringa til fondet i 2006. Renterisikoen for fondet sine plasseringar, målt ved den modifiserte durasjonen, var 6,2 prosent per 31. desember 2005.

Tabell 3.2 Resultatrekneskap for Statens petroleumsfond (tal i 1 000 kroner)

KapPostTekst20042005
INNTEKTER:
5507Skatt og avgift på utvinning av petroleum:
71Ordinær skatt på formue og inntekt43 177 32161 588 538
72Særskatt på oljeinntekter70 443 171103 293 386
73Produksjonsavgift716 693360 319
74Arealavgift m.v.495 922223 769
Sum kap 5507114 833 107165 466 011
550870Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemd på kontinentalsokkelen3 309 2973 350 636
5440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda:
01Pro- et kontra-oppgjeret118 986233 073
24Driftsresultat1)76 804 88799 329 731
30Avskrivingar14 609 77712 914 084
31Sal av SDØE-delar00
50Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond490 368887 569
80Renter6 666 3016 646 122
81Renter, sal av SDØE-delar00
85Renter på mellomrekneskapen11 08124 167
Sum kap 544098 701 401120 034 746
5442Disponering av innretninger på kontinentalsokkelen
80Tilbakeføring av tilskudd1 9550
568580Utbyte STATOIL5 221 9978 139 277
81Renter, ansvarleg lån00
82Renter m.m. Sal av aksjar00
Sum kap 5442/56855 223 9528 139 277
UTGIFTER:
2440SDØE:
22Fjerningsutgifter-150
25Pro- et kontra-oppgjeret98 462686
30Investeringar17 323 84520 701 299
50Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond1 113 000731 000
Sum kap 244018 535 29121 432 985
2442Disponering av innretningar på norsk kontinentalsokkel:
21Spesielle driftsutgifter00
70Tilskott125 26114 177
2443Forvaltingsselskap for SDØE:
70Administrasjon00
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda:
Overført til Statens petroleumsfond frå statsbudsjettet203 407 204275 543 508
Renteinntekter og utbyte mv.2)33 255 12236 866 049
Sum inntekter Statens petroleumsfond236 662 326312 409 557
UTGIFTER:
Overført frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet80 726 90070 593 000
Overskott i Statens petroleumsfond155 935 426241 816 557

1) Netto overskottsavtaler blir førte under kapitlet for driftsinntekter og -utgifter for Statens direkte økonomiske engasjement (kap 5440, post 24). I 2005 utgjorde netto overskottsavtaler føljande (tal i  1 000 kroner):

Inntekter 1 364 290

- utgifter 1 010

= Netto 1 363 280

2) Dette talet utgjorde i 2005 summen av desse postane (tal i 1 000 kroner):

Renteinntekter 27 815 267

Utbyte 10 308 703

Kurtasje -19 240

Forvaltingsgodtgjering -1 238 681

Sum 36 866 049

MEMO (tal i 1 000 kroner)20042005
Overskott155 935 426241 816 557
Resultat sal av Statoilaksjar m.v.9 858 59612 478 314
Valutakursvinst/tap-46 635 79733 609 611
Urealiserte verdipapirvinstar/tap28 575 97536 521 370
Realiserte verdipapirvinstar21 581 00649 907 577
Resultat terminhandel valuta-155 521-
Resultat futures-kontraktar251 8541 249 806
Resultat opsjonar21 021443
Resultat aksjebytteavtalar393 1091 238 595
Resultat rentebytteavtalar-5 337 6641 756 023
= Avkastning og sal av Statoil aksjar164 488 005378 578 296
Inngåande saldo847 051 8081 011 539 812
Saldo i Statens petroleumsfond per 31.12.1 011 539 8121 390 118 108

Tabell 3.3 Resultat sal av aksjar i Statoil m.v.

KapPostTekst20042005
INNTEKTER:
4811Statoil ASA
90Sal av aksjar9 858 59612 478 314
91Avdrag, ansvarleg lån00
Sum kap 48119 858 59612 478 314

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statsbudsjettet blir fastsett i samband med Stortinget si handsaming av nysaldert budsjett i desember.

2.

Rapporten er om forvaltinga av Statens petroleumsfond i 2005.

3.

I utrekninga av realavkastinga har Noregs Bank deflatert med ein vekta sum av konsumprisauken i dei landa som var i fondet sin referanseportefølje i 2005.

Til forsida