St.meld. nr. 32 (2001-2002)

Om situasjonen i den norske mobilmarknaden

Til innhaldsliste

5 Andre forhold

5.1 Om tilrettelegging for kommunikasjonskontroll

5.1.1 Oversikt

Tilbyder av tilgang til offentleg telenett og offentleg teleteneste pliktar etter telelova § 3-4 h og offentlignettforskrifta § 2-11 å legge til rette for at lovbestemt tilgang til informasjon om sluttbrukar og teletrafikk vert sikra. Reglane utgjer ein del av det lovmessige grunnlaget for lovleg kontroll av teletrafikk og må sjåast i samanheng med straffeprosesslova kap. 16a om avlytting og annan kontroll av kommunikasjonsanlegg (kommunikasjonskontroll) som gjev reglar om i kva tilfelle og på kva måte politiet kan krevje å få gjennomført kommunikasjonskontrollen.

Hovudregelen er at politiet må innhente samtykke frå retten for å gjennomføre avlytting og annan kommunikasjonskontroll. Annan kommunikasjonskontroll kan vere å innstille eller avbryte overføring av samtalar eller annan kommunikasjon til eller frå bestemte telefonar, datamaskinar eller andre kommunikasjonsanlegg, å stengje slike anlegg for kommunikasjon og at eigar eller tilbyder av nett eller teneste som vert nytta ved kommunikasjon skal gje politiet opplysningar om kva kommunikasjonsanlegg som i eit bestemt tidsrom skal setjast eller har vore sett til i samband med andre anlegg, eller andre data knytt til kommunikasjon.

Etter straffeprosesslova kan samtykke til kommunikasjonskontroll berre verte gjeve dersom avlytting eller annan kontroll må ventast å vere av vesentleg verde for å oppklare saka og at oppklaring i vesentleg grad elles ville bli vanskeleggjort. Samtykke til kommunikasjonskontroll vert gjeve for eit bestemt tidsrom, som hovudregel ikkje for lengre tidsrom enn fire veker. I hastesaker, det vil sei dersom det er stor fare for at etterforskinga vil lide dersom det må hentast inn samtykkje frå retten, kan ordre frå påtalemakta tre i staden for godkjenning frå retten. Men en slik avgjerd må leggjast fram for retten for godkjenning seinast innan 24 timar etter at kontrollen vart påbegynt.

Tilretteleggingsplikta etter telelova og offentlignettforskrifta er teknologinøytral. Dette inneber at plikta også gjeld for tilbydere som tilbyr mobiltelefonitenester. Dersom kommunikasjonskontroll skal kunne gjennomførast som lagt til grunn i lovgjevinga, vil det ofte vere naudsynt at tjenestetilbyder kan gje opplysningar til politiet om kven eit bestemt telefonnummer er registrert på og i motsett høve kva for telefonnumre ein bestemt fysisk eller juridisk person innehar eller disponerer. Dette er igjen avhengig av at dei naudsynte persondata er registrert hjå tjenestetilbyderen.

5.1.2 Vurdering

Gjennomføring av kommunikasjonskontroll og påfølgjande behov for registrering av abonnentar og teletrafikk fører til vanskelege avvegingar i forholdet mellom personvern og andre samfunnsinteresser. Når Stortinget ved endringslov til straffeprosesslova (lov 03.12.1999 nr. 92) har gjeve reglar om når og på kva måte kommunikasjonskontroll lovleg kan gjennomførast, må dette lede til at sektorlovgjevinga sine krav til tilbyderne vert utforma og praktisert slik at dei ikkje er til hinder for at krava etter straffeprosesslovgjevinga kan verte oppfylte. Dette må også gjelde for reglar gjeve av styresmaktene på området for personvern om lagring og behandling av personopplysningar.

Etter Samferdselsdepartementet sitt syn medfører plikten til tilrettelegging for lovleg kommunikasjonskontroll etter telelova § 3-4 h og offentlignettforskrifta § 2-11 til at mobiltilbydarane må registrere sine kontantkortabonnenter på lik linje med sine ordinære abonnentar. Dette er gjennomført av Telenor Mobil AS, mens andre tilbydere som til dømes NetCom GSM as har praktisert ei ordning med frivillig registrering av persondata for sine kontantkortabonnenter. Tidlegare kunne det vere ein viss tvil om det låg føre tilstrekkeleg heimel for registreringsplikta i telereguleringa. Etter en endring i teleloven § 3-4 d, jf. Ot.prp. nr. 87 (2000-2001 og Innst. O. nr. 121 (2000-2001) meiner Samferdselsdepartementet at det nå ikkje ligg føre tvil om registreringsplikta.

5.2 Om stråling ved bruk av mobilkommunikasjon

5.2.1 Innleiing

I det siste har det vorte sett særskilt fokus på den mogelege samanhengen mellom eksponering for elektromagnetisk stråling og helseskadelege påverkinga hjå menneske ved bruk av mobiltelefon og ved stråling frå basestasjonar.

Samferdselsdepartementet og Post- og teletilsynet er som ansvarlege myndigheiter på området for radiokommunikasjon, opptekne av at bruk av mobiltelefon og stråling frå basestasjonar ikkje skal utgjere ein risiko for befolkninga si helse. Sjølv om det formelt sett er Helsedepartementet og Statens strålevern som har myndigheit og kompetanse på området for stråling, meiner Samferdselsdepartementet at andre myndigheiter, operatørar og utstyrsprodusentar også må ha eit ansvar for å ivareta tryggleiken til befolkninga i samband med mobilkommunikasjon og radioverksemd generelt.

5.2.2 Retningslinjer

Mobiltelefonar og basestasjonar er i realiteten radiosendarar som overfører (transmitterer) radiobølgjer. Radiobølgjene inneheld elektromagnetisk energi. Energien kan verte avsett i kroppen ved eksponering og ha til konsekvens at vevet i kroppen vert oppvarma. Om oppvarminga er større enn det kroppen sine eigne mekanismar sjølv kan handtere, kan dette ha ein helseskadeleg effekt. Eit mål på kor mykje energi som vert absorbert i vevet i kroppen er den spesifikke absorpsjonsraten (Specific energy Absorption Rate (SAR)), som vert angitt i watt per kilo.

I samband med mobilkommunikasjon kan det skiljast mellom to ulike eksponeringssituasjonar; eksponering ved bruk av mobiltelefon, og stråling frå basestasjonar.

Det er utvikla internasjonale retningslinjer for å verne befolkninga og eksponerte yrkes grupper mot kjente, akutte effekter som kan oppstå ved tilstrekkeleg grad av eksponering. Retningslinjene fastset grenseverdiar for maksimal energiabsorpsjon i kroppsvevet (SAR). Det er også oppstilt verdiar for elektrisk og magnetisk feltstyrke i det elektromagnetiske feltet frå radiosendaren. Grenseverdiane inkluderer store sikringsmarginar, og er strengare for vanleg befolkning enn for yrkesgrupper som er spesielt eksponerte.

Det finnes per i dag ikkje ei nasjonal forskrift som fastset grenseverdiar for eksponering. Statens strålevern nyttar i staden internasjonale retningslinjer utarbeida av ICNIRP (International Commission on Non-Ionizing Radiation Protection).

Også verdas helseorganisasjon (WHO) har sett eksponering for elektromagnetiske felt og moglege helseskadelege effektar på dagsordenen. WHO har gjennom sitt internasjonale EMF11

-prosjekt gjennomgått vitskapelege arbeid som er utført i samband med mobilkommunikasjon. WHO slår fast at forskingsresultata så langt ikkje tilseier at eksponering frå mobiltelefonar eller basestasjonar kan gje helse skadelege effektar. WHO erkjenner likevel at forskingsmaterialet kan vere utilstrekkeleg, og at vidare arbeid er naudsynt. WHO har sjølv sett i gang ei stor epidemiologisk undersøking for mellom anna å kartleggje eventuelle samanhenger mellom bruk av mobiltelefon og hovud-/nakkekreft. Undersøkinga involverer meir enn 10 land, og er forventa å verte fullført i 2003. WHO reknar med at forskingsresultata vil vere ferdigarbeida og klare for publisering først om 3 til 4 år.

5.2.3 Eksponering ved bruk av mobiltelefon

Eksponeringa som ein vert utsett for ved bruk av mobiltelefon ligg innanfor grenseverdiane som er fastsett internasjonalt, og forskingsresultata så langt indikerer ikkje at det er behov for å vere førevar utover gjeldande grenseverdiar. I motsetnad til basestasjonar i mobilnettet, vert telefonen brukt nært inntil kroppen (hovudet) og eksponeringa vert dermed lokal. Sjølv om utgangseffekten frå mobiltelefonen er låg (0,2-0,6 W), vil feltstyrken i nærleiken av hovudet kunne verte monaleg høgare enn det ein normalt vert utsett for i nærleiken av ein basestasjon (fjernfeltseksponering)22

.

Medan basestasjonar sender kontinuerleg, sender mobiltelefonane i hovudsak berre under samtale. Utgangseffekten frå telefonen vert justert også i høve til signalnivået frå basestasjonen. Generelt god dekning i området inneber dermed at telefonen kan sende med lågare utgangseffekt enn om avstanden til nærmaste basestasjon er stor (dårleg dekning).

Mykje av forskingsmaterialet som ligg til grunn for grenseverdiane gjeld eksponering av heile kroppen ved nivå som er høgare enn dei ein til vanleg finn ved trådlaus kommunikasjon. Det er få studiar som gjeld lokal eksponering av hovudet, slik det er tilfelle ved bruk av mobiltelefon. WHO har gjennom sitt EMF-prosjekt identifisert spesielle studiar som skal undersøke lokal eksponering.

5.2.4 Stråling frå basestasjonar

Basestasjonar i mobilnetta vert gjerne plasserte i nærleiken av, eller innanfor tettbygga strok, og folk er som regel klar over at det er ein eller fleire basestasjonar i nærleiken av bustaden.

Utrekningar utført av Post- og teletilsynet33

. syner at stråling frå basestasjonar vert redusert til et nivå som ligg innanfor det som er tilrådd allereie i nokre få meters avstand frå antenna. I praksis må ein opphelde seg rett framfor antenna for å verte eksponert. Resultata samsvarer med tall frå Statens strålevern44

. Dersom ein tek omsyn til at dei fleste antennene vert monterte i master, på hustak eller fasadar, vil ein person normalt ikkje opphalde seg rett framfor antenna. Unntaka kan vere om huset har takterrasse, eller om ein har balkong tvers over for gata for ei antenne som er montert på fasaden til nabohuset. I det siste tilfellet vil avstanden normalt vere stor nok til at eksponeringa ligg under gjeldande grenseverdiar.

Eksponeringa ein vert utsett for ved å bu i nærleiken av ein basestasjon er normalt sett mykje lågare enn ved bruk av sjølve mobiltelefonen..

5.2.5 Vurdering

Strålingsnivåa frå basestasjonar i mobilnetta ligg hovudsak innafor tilrådde grenseverdiar i områder der befolkninga oppheld seg til vanleg. Det vitskapelege arbeidet som ligg til grunn for fastsetjinga av grenseverdiar gjelder også i stor grad eksperimenter basert på eksponering av heile kroppen. Dette er situasjonen ved opphald i nærleiken av ein basestasjon. Det vert difor lagt til grunn av Post- og teletilsynet at gjeldande normer er godt tilpassa stråling frå basestasjonar og at grenseverdiane gjev godt vern mot helseskadelege effektar dersom dei vert respekterte. Samferdselsdepartementet vil likevel peike på at det bør visast aktsemd ved plassering av basestasjonar i nærleiken av skuler og barnehagar, og at operatørane bør vurdere å merke område der grenseverdiane eventuelt vert overskride.

Den lokale eksponeringa ved bruk av mobiltelefon er vanlegvis langt høgare enn det ein vert utsett for ved stråling frå basestasjonar i omgjevnadene. Eksponeringa ligg likevel innanfor gjeldande grenseverdiar. Det er færre studiar som omtalar lokal eksponering og WHO har identifisert område for vidare forsking. Gjeldande grenseverdiar er heller ikkje spesielt tilpassa langtidseffektar som følgje av lokal eksponering. Om forskingsresultat så langt ikkje viser at det er behov for å vere førevar ved bruk av mobiltelefon, kan personar som ynskjer det likevel lett redusere eksponeringa til dømes ved å avgrense samtaletida, meir bruk av SMS eller ved bruk av «handsfree».

5.2.6 Oppsummering og konklusjon

Sett i høve til gjeldande grenseverdiar er det liten strålefare knytt til opphald i nærleiken av basestasjonar i område der befolkninga til vanleg oppheldt seg. Samferdselsdepartementet understrekar likevel at det må verte utvist varsemd ved plassering av basestasjonar, og det bør eventuelt vurderast å merke områda der grenseverdiane vert overskride.

Forskingsresultat så langt indikerer ikkje at det er behov for å vere førevar ved bruk av mobiltelefon, men WHO har identifisert områder for vidare forsking. Personar som likevel ynskjer å vere førevar kan redusere eksponeringa ved å avgrense samtaletida, bruke meir SMS eller «handsfree».

Samferdselsdepartementet er samd med Post- og teletilsynet i at det bør vurderast å forankre dei internasjonale ICNIRP-normene i ei nasjonal forskrift. Samferdselsdepartementet er positive til at ei slik forankring skjer med heimel i Lov 12. mai 2000 om strålevern og bruk av stråling (Strålevernlova) som høyrer inn under Helsedepartementet og Statens strålevern sitt ansvarsområde.

Fotnotar

1.

EMF-Electromagnetic field

2.

WHO faktaark nr. 193 om mobiltelefoner og basestasjoner

3.

Stråling fra basestasjoner og andre radiosendere -en sammenlikning av beregnet feltstyrke og anbefalte normer for menneskelig eksponering, finnes tilgjengelig på POST- OG TELETILSYNETs hjemmesider; www.nPost- og teletilsynet.no

4.

StrålevernRapport 2000:5. Elektromagnetiske felt fra basestasjoner for mobiltelefoni.

Til forsida