St.meld. nr. 32 (2001-2002)

Om situasjonen i den norske mobilmarknaden

Til innhaldsliste

6 Administrative og økonomiske konsekvensar

Forslaga i meldinga vil ikkje innebere umiddelbare administrative konsekvensar. Samferdselsdepartementet vil endre teleforskrifta § 4-6 i samsvar med vurderingane om å innføre ei plikt til å imøtekomme rimeleg forespurnad om tilgang frå virtuell operatør.

Forslaget om at det bør skje ei utlysing og tildeling av den fjerde konsesjonen for UMTS vil kunne gje inntekter til statskassa.

Forslaget om å gjere det mogeleg for konsesjonshavarane å oppfylle utbyggingspliktene ved nettverksdeling vil kunne ha store økonomiske konsekvensar for innehavarane av konsesjon for UMTS. Reduksjonen i utbyggingskostnadene for den enkelte konsesjonshavar vil vere avhengig av i kva grad og på kva måte nettverksdeling vil bli gjort lovleg.

Til forsida