St.meld. nr. 34 (2007-2008)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2008 og fisket etter avtalane i 2006 og 2007

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Kvoteavtalane for 2008, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2008 har partane bestemt ei totalkvote for norsk-arktisk torsk i 2008 på 430 000 tonn. Kvoten på kysttorsk er satt til 21.000 tonn. Dette betyr at totalkvoten for norsk-arktisk torsk og kysttorsk er satt til 451 000 tonn, ein auke av totalkvoten på 6.000 tonn i forhold til 2007.

Hysebestanden er i god forfatning, og totalkvoten er økt frå 150 000 tonn for 2007 til 155 000 tonn for 2008. Den norske kvoten er på 78.500 tonn etter overføring frå Russland, det vil si 2.450 tonn meir enn i 2007. Forvaltningssamarbeidet på hyse har i år blitt vesentlig styrka ved at kommisjonen har vedtatt ein forvaltningsregel på hyse, som er vurdert av det Internasjonale Havforskningsrådet (ICES) til å være i tråd med føre-var-tilnærminga.

Noreg og Russland vart under den 35. sesjonen samde om å forvalte bestanden av kongekrabbe kvar for seg frå og med 2007. Noreg informerte den russiske part om at den norske totalkvoten ikkje var fastsett på den tida forhandlingane gjekk føre seg. Kvotefastsetjinga blei utsatt til etter Stortinget si handsaming av Stortingsmeldinga om kongekrabbe (sjå kap. 3.2.1). Den russiske part orienterte om at den russiske kvoten av kongekrabbe var fastsett til 3.200.000 individ for 2008.

Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2007 har vore arbeidet for ein styrka kontroll med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet. I samband med forhandlingane om ein kvoteavtale for 2008 vart partane einige om å halde fram arbeidet for å kome overfisket i Barentshavet og Norskehavet til livs, og vidareføre og implementere ei rekkje av dei tiltaka partane tidlegare har vore einige om.

Som for 2007, speglar også kvoteavtalen med EU for 2008 den vanskelege bestandssituasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen. Kvoten på torsk blei noko auka. Dette må likevel sjåast i samanheng med at partane skal samarbeide om ytterlegare tiltak for å utvikle meir selektive fiskeri og såleis redusere det reelle uttaket av torsk. I tråd med forvaltningsplanane er totalkvoten for hyse redusert til 46.444 tonn, medan seikvoten er auka til 135.900 tonn. Kvitingkvoten på 17.850 tonn er ein nedgang frå 2007. Også kvoten for raudspette er noko redusert frå 2007 til 2008.

I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ein trepartsavtale om forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. Partane har inngått tilsvarande avtalar for kvart av åra 2001 til 2008.

Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane.

Dei tre kyststatane vedtok ein såkalla «referanse-TAC», som var utgangspunkt for drøftingane i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2008. På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 43.629 tonn. Island har sett fram formelle reservasjonar mot denne reguleringa.

Noreg har for 2008 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått tosidige kvoteavtalar for 2008 med Færøyane og Grønland. Det er for 2007 også utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholsavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan Noreg i 2007 vidareførte trepartsavtalen med Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.

Det vart også i 2007 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. 12. november 2007 vart det underteikna ein kyststatsavtale for 2008.

Noreg har også vore med i forhandlingane som, etter fleire år, endeleg førte til ein avtale om eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule. Avtalen er vidareført mellom Noreg, Island, Færøyane og EU i 2008, og Russland har i 2008 slutta seg til partane si regulering av kolmule i NEAFC-området.

Partane i NEAFC er einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet i 2008 og fastsette ein totalkvote på 46.000 tonn. Den norske delen av kvoten i 2008 er 1.691 tonn

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som NEAFC forvaltar, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Den norske uerkvoten for 2008 er, som i åra 2001 til 2007, ein totalkvote for begge områda.

Rekefisket ved «Flemish Cap» (NAFO-område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for kor mange fartøy som kan delta i fisket, og kor mange døgn dei kan fiske samla. Norske fartøy kan samanlagt fiske 1.985 fiskedøgn i 2008, og 32 norske fartøy kan ta del i fangsten.

Noreg har også i 2007 vore representert i ulike møte i globale og regionale forvaltnings- og verneorganisasjonar som IWC, NAMMCO, CCAMLR, ICCAT og SEAFO.

Bestandsutrekning, rådgiving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgivinga frå Det internasjonale havforskingsrådet, ICES («International Council for the Exploration of the Sea»). Rådgivinga frå ICES vert utarbeidd av Den rådgivande komitéen for fiskeriforvaltning, ACFM («Advisory Committee on Fisheries Management»). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Sidan 1997 har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane, norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane, og no også for kolmule. Slike planar er ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land.

Kontrollordningar

Noreg har i ei årrekkje hatt på plass kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satellittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa. Desse avtalane vert no fornya.

Frå 1. mai 2007 vart reglane om hamnestatskontroll i NEAFC sette i kraft. Desse reglane inneber at fryst fisk som skal landast i land som er omfatta av NEAFC, må stadfeste at fartøyet har kvote for den fangsten som skal landast.

Fiskeridepartementet vedtok å innføre satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 meter frå juli 2000. Denne sporinga gjeld i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Ved fiske i EU-sona gjeld sporingsplikt fartøy over 15 meter. Tilsvarande har EU-fartøy over 15 meter sporingsplikt i område under norsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vert alle norske fartøy, uavhengig av storleik, spora ved fiske i internasjonalt farvatn. For utanlandske fiskefartøy gjeld krav om satellittsporing i Noregs økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen, i fiskevernesona ved Svalbard og i Svalbards territorialfarvatn og indre farvatn.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i ulovleg, urapportert og uregulert fiske i internasjonalt farvatn kan nektast lisens i Noregs økonomiske sone. Ein kan vidare nekte desse fartøya å føre norsk flagg og under visse vilkår også nekte dei å lande fangst.

Norsk utnytting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62ºN godt i 2006 og 2007.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane av fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 2006 og 2007. Seikvoten vart oppfiska i 2006, medan det sto att ein rest av kvoten i 2007.

Til saman vart det i 2006 fiska 69.000 tonn kolmule i internasjonalt område, medan det i 2007 vart fiska 58.000 tonn. Dette er ein nedgong samanlikna med tidlegare år. Endringa skuldast at Noreg har fiska kolmulekvoten i andre områder. I begge åra vart kolmulekvoten i EU-sona nytta meir eller mindre fullt ut.

Norske linefartøy utnytta omlag 72% av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EUs farvatn i 2006 og om lag 75% i 2007. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska 69% av botnfiskkvoten i 2007, medan utnyttingsgraden var noko lågare i 2006 (45%).

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalane med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane vert stort sett godt utnytta. Dei seinare åra er også torskekvoten godt utnytta.

I sesongen 2006/2007 tok dei norske fartøya heile kvoten på 39.045 tonn lodde i Islands fiskerisone. Også i sesongen 2007/2008 var det norske loddefisket godt med totalt fiska kvantum på 35.760 tonn det vil seie ein utnyttingsgrad på vel 91%.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2006 og 2007.

Rekefisket ved Flemish Cap har vore eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg for grønlandsrekeflåten. Det var eitt fartøy som deltok i rekefisket ved Flemish Cap i 2006, medan to fartøy deltok i 2007.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtalar med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med om lag 14.600 tonn begge åra. I 2006 fiska norske fartøy om lag 5.700 tonn, og i 2007 om lag 4.300 tonn uer i Irmingerhavet.

Utanlandsk utnytting av kvotar

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62°N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell og kolmule. Grunna dårleg bestandssituasjon, har kvotar og fangst av augepål vorte kraftig redusert i 2006 og 2007. I følgje offisiell fangststatistikk, har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har også vore gjennomgåande høg for EU.

I 2006 fiska Færøyane berre 8% av seikvoten sin i NØS i Nordsjøen, medan færøyske fartøy ikkje utnytta seikvoten i det heile tatt i 2007. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild og makrell i NØS i Nordsjøen i 2006 og 2007.

Grønland har sidan kvoteavtalen vart inngått i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. I 2006 var eitt og i 2007 to, grønlandske fartøy i aktivitet.

I hovudsak utnyttar Sverige godt dei bilaterale kvotane sine i norsk del av Nordsjøen. Fisket er i stor grad retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

Til forsida