St.meld. nr. 34 (2007-2008)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2008 og fisket etter avtalane i 2006 og 2007

Til innhaldsliste

6 Fisket etter avtalane i 2006 og 2007

I omtalen av fisket etter avtalane for 2006 og 2007 er hovudvekta lagt på i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane. Først presenterer vi dei norske kvotane i sonene til andre statar og utnyttinga av desse, jf. pkt. 6.1 nedanfor. Deretter, i punkt 6.2, presenterer vi kvotane andre statar har i norske område og utnyttinga av desse. Kommentarane til kvoteutnyttinga omfattar berre åra 2006 og 2007.

I dei neste avsnitta vert omgrepet «felles forvaltning» nytta om ein del sentrale fiskebestandar. Felles forvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtala å forvalte ein bestand saman, fordi bestanden finst i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane vert avtalt ein totalkvote for bestanden, som vert fordelt på dei aktuelle avtalepartane.

6.1 Norsk utnytting av kvotar

I avsnitt 6.1 og 6.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Fangsttala er baserte på Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet eller på det fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i tredjeland, det vil seie styresmaktene i kyststaten. Rapporterte fangsttal frå fartøy på fiskefelta kan avvike frå tala i landings- og sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta. Symbolet (–) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

6.1.1 Noreg – Russland

6.1.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av artane torsk, hyse og lodde. Noreg sine kvotar (etter overføringar til tredjeland) og fangstar av desse bestandane går fram av tabell 6.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 6.2.

Tabell 6.1 Oversikt over norske kvotar (etter over­føring til 3. land) og fangst på fellesbestandane ­i Barentshavet

ArtKvotar1 (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2006200720062007
Torsk212.700192.500216.988212.785
Hyse67.65074.05069.26970.946
Lodde-4.000-4.000

1 Kvotetala her inneheld ikkje forskingsfangst. For åra 2006 & 2007 vart det avsett 7.000 tonn torsk til forskingsfangst. Avtalen med Russland for 2007 opna for å avsette 8.000 tonn torsk til forskings- og forvaltningsføremål, men ein fann det tilstrekkeleg å vidareføre kvoten på 7.000 tonn. Avtalen for 2007 opna vidare for å avsette 2.800 tonn hyse til forskings- og forvaltningsføremål. Noreg avsette 2.000 tonn hyse og 800 tonn gjekk såleis inn i disponibel kvote for norske fartøy. Hysekvoten for 2006 inkluderar 5.000 tonn kysthyse.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 29.03.2008 og inneheld forskingsfangst. Når det gjeld lodde er alt forskingsfangst.

Oversikta ovanfor syner at utnyttinga av torskekvotane nord om 62°N har vore god i begge åra, med ein utnyttingsgrad på vel 98% i 2006 og eit overfiske (106%) i 2007. Utnyttingsgraden for hyse var på om lag 102% i 2006 og 93% i 2007.

Tabell 6.2 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2006200720062007
Torsk140.000140.0004.6944.979
Hyse20.00020.0006.3023.682
Reker3.0003.0002.2401.530
Grønlandssel10.00015.00010.0866.153
Lodde---
Steinbit1.5001.5001.052935
Flyndre1.0001.00021
Bifangstkvote500500227342

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 29.03.2008.

6.1.1.2 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone (RØS) går fram av tabell 6.2. Av dei norske fangstane nord om 62°N i 2006 fiska Noreg 2,2% av torskefangstane og 9,1% av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 2007 var 2,3% for torsk og 5,2% for hyse. Noreg tek altså små fangstar av torsk og hyse i RØS sett i høve til dei totale norske fangstane.

I 2006 deltok 11 reketrålarar i fisket etter reker i RØS, medan 5 deltok i 2007. Noregs haneskjelkvote var ikkje talfesta i 2006 og 2007. Fisket skal vere eit prøvefiske i eit nærare avgrensa område. Vilkåra for dette fisket skal avtalast nærare mellom Noreg og Russland. Slike vilkår vart ikkje fastlagde i 2006 eller 2007, grunna manglande interesse frå næringa.

6.1.2 Noreg – EU

6.1.2.1 Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell i Nordsjøen, sjå tabell 6.3. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen, sjå tabell 6.4.

Tabell 6.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen1

ArtKvotar (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2006200720062007
Torsk3.5603.0112.7483.056
Hyse6.3096.9501.7961.704
Sei61.09061.68561.31645.394
Kviting2.1902.1901711
Raudspette1.6211.1181.4291.223
Makrell116.245131.965122.009131.669
Nordsjøsild140.798106.563142.803105.180

1 Norsk totalkvote og fangst inklusive forskingsfangst.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 25.03.2008. Fangstala for sei og sild er både frå ICES-område IIIa og IV, medan makrelltala er frå ICES-område IIa, IIIa og IV.

Noregs kvotar av torsk, sei, raudspette, makrell og sild vart godt utnytta dei to åra, med unntak av seikvoten i 2007 der utnyttingsgraden låg på om lag 74%. Dei store makrellfangstane i nordsjøområdet må sjåast i samanheng med at Noreg hadde høve til å overføre inntil 100.000 tonn av makrellkvoten nord om 62°N til fiske i Nordsjøen (ICES-område IVa). Likeins kunne makrellkvoten vest av 4°V på 9.000 tonn i 2006 og 10.200 tonn i 2007, fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen. Dette forklarer også den låge utnyttinga av den norske makrellkvoten vest av 4°V (sjå tabell 6.4).

Noreg fiska ikkje norsk vårgytande sild (NVG-sild) i Nordsjøen i 2006 eller 2007.

Makrell- og sildekvotane vert fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norske bifangstar frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art.

6.1.2.2 Norske kvotar i EUs farvatn (EUF) og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk i 2006 og 2007 tildelt kvotar av blåkveite, kveite og uer for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. For desse artane er det ein føresetnad at EU-kvoten skal utnyttast først. Noreg nyttar desse kvotane i såpass stor grad at med denne føresetnaden kan talet for fangst i enkelte tilfelle vere lik kvotetala slik dei er viste i tabell 6.4. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane vert avrekna mot Noregs kvotar tildelte av Grønland (sjå tabell 6.6).

Tabell 6.4 Oversikt over Noregs kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar i EUs farvatn, og ­tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2006200720062007
EUF, Nordsjøen1 :
Torsk23.5603.011767858
Hyse27.0166.950645632
Sei261.09061.68533.07723.470
Kviting22.3802.1905-
Raudspette21.6211.1181.3971.174
Makrell29.90333.8978481.605
Sild250.00050.00042.62739.498
Augepål1.0001.0002856
Tobis-20.000-4.474
Brisling10.00018.8129.80710.443
Reker----
Hestmakrell1.6001.6003.59621
Sjøtunge200100365
Andre artar4.7204.7207832.605
EUF, vest om 4°V3 :
Makrell9.00010.200-8
Kolmule472.631412.161457.598404.126
Blålange20016097143
Lange6.8005.7805.2204.588
Brosme4.0003.4002.5712.235
Pigghå9050--
Håbrann----
Kombinert kvote140140180117
Blåkveite35035079136
Bifangst i fisket etter lange/brosme3.0002.000244579
EUGRL, Vest-Grønland4 :
Blåkveite800800800800
Kveite200200145
Skolest/Isgalt o.a.519260199
EUGRL, Aust-Grønland4:
Reker2.7503.2502.7381.835
Blåkveite800800669352
Kveite200200182131
Uer3.5003.50030930
Lodde--
Skolest/isgalt o.a.5285604513

1 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 25.03.2008. Alle artar er fangst i EU-sona i ICES-område IV bortsett frå: Makrell ICES-område IIa, IIIa & IV, og sei & sild ICES-område IIIa & IV.

2 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, ­eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

3 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 25.03.2008. Fangsttala på artane blåkveite, blålange, lange og brosme inneheld også fangst i EU-sona i ICES-område IV og IIa.

4 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 25.03.2008.

5 For 2007 har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 120 tonn skolest/isgalt.

6.1.2.3 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar i EUs farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn, med tilhøyrande fangstar, går fram av tabell 6.4. I EU-sona i Nordsjøen kunne norske fartøy berre fiske 1.000 tonn augepål i 2006 og 2007 grunna dårleg bestandssituasjon. Fiskeriforvaltningane i EU og Noreg følgde anbefalingar frå ICES og innførde forbod mot direkte fiske av augepål i 2007. EU og Noreg vart i samband med kvoteforhandlingane for 2007 samde om å gjennomføre eit samordna forsøksfiske etter tobis for 2007. Av ein kvote på 20.000 tonn i EU-sona, fiska norske fartøy 4.474 tonn tobis i 2007.

Etter at kyststatane vart samde om forvaltning av kolmule i desember 2005, fekk Noreg auka tilgang i EU-farvatn. Innanfor den samla kolmulekvoten kunne norske fartøy fiske inntil 500 tonn vassild i 2006 og 2007. I tillegg til fiske i EU-sona, fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane, i færøysk sone og i NØS nord om 62°N. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 642.450 tonn i 2006 og 539.585 tonn i 2007 i desse områda.

Det var høve til å overføre 2.000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange i 2006 og 2007. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4°V (ICES område Vb, VI og VII). I dette fiskeriet kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25% til kvar tid. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var avgrensa til 3.000 tonn i 2006 og 2.000 tonn i 2007, og den vart rekna mot den totale kvoten av lange, blålange og brosme, som var på 11.000 tonn i 2006 og 9.340 i 2007.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen. Kombinertkvoten gjaldt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme, isgalt og skolest.

50% av uerkvoten vart overført til og fiska i internasjonalt farvatn. Kvoten «andre artar» i Nordsjøen omfattar fiske på artar det ikkje er fastsett kvotar for til Noreg i EU-sona. Eit unntak er sjøtunge, som norske fartøy berre kunne ha som bifangst.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/Grønland omtalast nærare i punkt 6.1.6.

6.1.3 Noreg – Færøyane

6.1.3.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i færøysk sone går fram av tabell 6.5.

Tabell 6.5 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i færøysk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2006200720062007
Lange/blålange2.4572.4061.1441.829
Brosme1.8001.7591.1281.478
Sei1001003580
Blåkveite----
Håbrann/Pigghå30030--
Breiflabb----
Makrell1.5771.782--
Hestmakrell230230--
Kolmule20.80019.1505.84211.410
Andre artar910891178195

1 Kvotekontrollen på Færøyane per 17.01.2008.

Fisket etter botnfisk kunne drivast med seigarn og bankline, men sei kunne også fiskast med trål. Kvoten av andre artar kunne berre fiskast som bifangst. Samla vart det fiska 2.485 tonn botnfisk i færøysk sone i 2006, tilsvarande tal for 2007 var 3.582 tonn botnfisk. Dette gir ein utnyttingsgrad på om lag 45% i 2006 og 69% i 2007.

Noreg hadde låg utnytting av kvotane i færøysk sone i 2006 samanlikna med tidlegare år. Ei årsak er at store deler av kolmulekvoten vart teken i internasjonalt farvatn før fisken gikk nord til færøysk sone. Årsaka til låg utnytting av botnfiskkvotane er meir usikker. Tilbakemelding frå næringa er at banklinefiske ved Færøyane pleier å starte allereie rett over nyttår, og på grunn av at fiskeriavtalen mellom Færøyane og Noreg for 2006 ikkje vart underskriven før i januar 2006, hadde denne fartøygruppa allereie valt andre alternativ. Dette kan forklare auken i utnytting i 2007, då ein kunne starte fisket frå 1. januar.

Norske ringnotfartøy pleier å fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Norske fartøy fiska 5.842 tonn i 2006 og 11.410 tonn i 2007.

6.1.4 Noreg – Grønland

6.1.4.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2006 og 2007 går fram av tabell 6.6. Fisket etter blåkveite med trål ved Vest-Grønland måtte skje sør om 64°30"" N eller nord om 68N, og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona. Det deltok 5 trålarar i fisket i 2006 og 2007. I fisket etter blåkveite ved Aust-Grønland deltok 3 linefartøy og 5 trålarar i 2006, medan 2 linefartøy og 2 trålarar deltok i 2007.

Tabell 6.6 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2006200720062007
Vest-Grønland:
Blåkveite650650612650
Aust-Grønland:
Blåkveite425425--
Kveite335324--
Uer700542--
Vest- og Aust-Grønland:
Torsk625625737626

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 25.03.2008. Heile kvoten frå Grønland kunne også fiskast i internasjonalt farvatn, sjå punkt 6.1.9.

I begge åra var det 17 fartøy som tilfredsstilte krava til deltaking i rekefisket ved Aust-Grønland (kvoten er tildelt av EU, sjå tabell 6.4). Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. Totalt 9 fartøy deltok i rekefisket i 2006, medan berre 5 fartøy deltok i 2007.

I 2006 vart det fiska 309 tonn uer av ein kvote på til saman 4.200 tonn. I 2007 vart det fiska 30 tonn uer av ein kvote på til saman 4.042 tonn. Heile kvoten frå Grønland kunne fiskast i internasjonalt farvatn, medan halve kvoten frå EU kunne fiskast i internasjonalt farvatn (sjå punkt 6.1.9).

I fisket etter kveite ved Aust-Grønland er det berre høve til å fiske med line. I 2006 deltok 3 fartøy medan 2 fartøy deltok i 2007. I begge åra kunne dei fiske fritt innanfor totalkvoten.

Før 2003 har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland. Både i 2006 og 2007 vart desse kvotene godt utnytta.

6.1.5 Noreg – Island, om fisket etter botnfisk og lodde i islandsk sone

6.1.5.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i islandsk sone går fram av tabell 6.7. I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25% bifangst av andre artar. Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt i både 2006 og 2007.

Tabell 6.7 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i islandsk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2006200720062007
Brosme, lange, blålange500500483490
Kveite--910
Uer--1712
Anna--157127
Lodde39.04539.12539.17435.7602

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 29.03.2008.

2 Norges Sildesalgslag per 29.05.2008.

6.1.6 Noreg-Grønland-Island; lodde ved Jan Mayen, Grønland og Island

I følgje den gjeldande trepartsavtalen (fiskeriavtalen) for lodde varer sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillate for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone.

6.1.6.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2006/2007 og 2007/2008 går fram av tabell 6.8.

Tabell 6.8 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2006/2007 og 2007/2008

  Kvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
Art2006/20072007/20082006/20072007/2008
Lodde58.28539.12539.17435.7602

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 29.03.2008.

2 Norges Sildesalgslag per 31.03.2008.

I sesongen 2006/2007 vart det ikkje opna for loddefiske sommaren 2006 grunna problem med å berekne storleiken på bestanden. I januar 2007 vart det funne lodde, og Island, Grønland og Noreg vart samde om å opne for eit fiske innanfor ein førebels TAC på 180.000 tonn. Det norske fisket opna 17. januar 2007, og frå starten av sesongen hadde Noreg dermed ein førebels kvote på 30.585 tonn. Av denne kvoten kunne Noreg fiske maksimalt 21.225 tonn i Island si sone. TAC vart 1. feb­ruar 2007 auka til 370.000 tonn. I tillegg fekk ­Noreg 12.500 tonn i kompensasjon frå Island for sesongen 2005/2006 som kunne fiskast i Island si sone, og den sørlege grensa vart flytta til 64°N. Noregs totalkvote av lodde for sesongen 2006/2007 utgjorde 58.285 tonn; 8 % av 370.000 tonn + 16.185 tonn (Smottholsavtalen) + 12.500 tonn, og inntil 39.045 tonn kunne fiskast i Island si sone.

ACFM tilrådde for sesongen 2007/2008 ein TAC på 308.000 tonn lodde under føresetnad av at fisket starta i byrjinga av november 2007. Det norske loddefisket vart opna 20. november 2007. Noreg hadde ein førebels kvote på totalt 39.125 tonn og heile kvote kunne fiskast i Island si økonomiske sone (IØS). På grunn av at Island berre fann lite lodde i januar 2008, gjekk norske fartøy til Island først mot slutten av januar. Fiskeri- og landbruksministeriet på Island bestemte at det norske loddefisket kunne forsette fram til og med 15. feb­ruar og at 40 norske fartøy kunne fiske i IØS samtidig.

Noreg si totalkvote for sesongen 2007/2008 var på totalt 39.125 tonn, og var samansett av 24.640 (frå Trepartsavtalen) og 14.485 tonn (frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet). Heile kvotes kunne fiskast i IØS.

Til saman vart det fiska 39.174 tonn lodde i sesongen 2006/2007 av totalt 47 ringnotfartøy. Dei tilsvarande tala for sesongen 2007/2008 var 35.760 tonn fiska av 50 ringnotfartøy.

Til og med 2004 har eit element i den årlege kvoteavtalen mellom Noreg og EU vore ei overføring av lodde i grønlandsk sone til Noreg. EU hadde ikkje nok loddekvote i 2004 til å oppfylle sin avtale overfor Noreg. Noreg har dermed 7.965 tonn lodde til gode frå 2004. Dersom EU igjen får tilgjengeleg loddekvote, skal det leggjast til rette for at norske fartøy kan fiske denne ved første høve.

6.1.7 Noreg – EU (Sverige – Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat.

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

6.1.7.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 6.9. Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fisket utanfor grunnlinja. I 2006 vart det fiska 525 tonn torsk innanfor grunnlinja, medan det tilsvarande talet for 2007 var 494 tonn.

Tabell 6.9 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2006200720062007
Torsk10892101184
Hyse134141112152
Kviting27271014
Raudspette15417032698
Sild210.8839.2514.7013.517
Makrell--1.0591.328
Brisling3.9003.9003021.643
Reker5.2195.4155.1776.046

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 25.03.2008.

2 Inntil 50% (40%) av sildekvoten i Skagerrak kunne fiskast i Nordsjøen i 2006 (2007).

For sild og makrell vart kvotane fastsette i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU. I 2006 og 2007 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3.000 tonn makrell i Skagerrak.

I 2006 vart sildekvoten delt med 3.000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Same fordelinga gjaldt i 2007. Kystbrislingflåten fiska om lag 8% i 2006 og 42% i 2007 av brislingkvoten, og kystreketrålarane tok rekekvoten.

Tabell 6.10 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2006200720062007
Torsk----
Lodde----
Uer----
Reker 3M--4331.982
Reker 3L244245239246

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 29.03.2008.

6.1.8 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

6.1.8.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet går fram av tabell 6.10. Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9.000 tonn. Dei seinaste åra har det også vore forbod mot torskefiske. I 2000 fiska norske fartøy for første gong uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har også høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap utvikla seg på 90-tallet til å verte eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sida av fisket ved Grønland. Rekefisket vart innsatsregulert i 1996. Omfanget av dette fisket har vorte mindre då tal på norske trålarar med reketråling som einaste driftsalternativ i mellomtida har gått sterkt attende. Både i 2006 og 2007 hadde norske fartøy høve til å fiske reker i 1.985 døgn i NAFO-underområde 3M. Dette fisket kunne utøvast med opptil 32 fartøy. Norske fartøy hadde i tillegg høve til å fiske 244 tonn i 2006 og 245 tonn i 2007 i område 3L.

I 2006 fiska ein reketrålarar i 3M til saman 433 tonn. Tilsvarande tal for 2007 var to fartøy som fiska til saman 1.982 tonn. I 2006 fiska eitt norsk fartøy 239 tonn og i 2007 fiska eitt norsk fartøy 474 tonn i 3L.

6.1.9 Norsk fiske i Irmingerhavet

6.1.9.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i Irmingerhavet går fram av tabell 6.11. Talla inkluderer ikkje norsk fiske i Smotthavet (internasjonalt farvatn i ICES-område IIa). Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før i 1996. Ved berekning av fangstuttak på uer i Irmingerhavet gjer ein merksam på at norske fiskarar har nytta norske omrekningsfaktorar som ligg noko høgre enn kva andre land i NEAFC nyttar.

Tabell 6.11 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i Irmingerhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)1
  2006200720062007
Uer4.5813.8375.7244.346

1 Inkluderer også fangster og kvote tildelt av EU og Grønland, jf. tabell 6.4 og 6.6

Det har utvikla seg eit større fiske etter snabeluer i internasjonalt farvatn i ICES statistikkområde II («Smutthavet–), og fartøy frå Noreg har òg delteke i dette fisket. I 2006 rapporterte norske fartøy 2.862 tonn og i 2007 1.813 tonn frå dette området.

På årsmøtet i NEAFC i juni 2007 vart det semje om å opne for eit fiske etter pelagisk uer i det aktuelle området innanfor ein totalkvote på 15.500 tonn i perioden 1. september til 15. november.

6.1.10 Norsk vårgytande sild

Noregs kvote og fangstar av norsk vårgytande sild går fram av tabell 6.12.

Tabell 6.12 Oversikt over kvotar og fangstar1 etter overføringar

NasjonKvote (tonn)Fangst (tonn)
  2006200720062007
EU62.00083.32859.53982.160
Færøyane66.06766.04863.13664.246
Island153.818185.728159.340173.621
Noreg564.200780.800567.757778.866
Russland118.221164.096120.789169.814
Totalt964.3061.280.000970.5611.268.707

1 Fangsttala er førebelse og dels innrapporterte frå deltakande land, Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 31.03.2008 og dels frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 30.03.2008.

Tabell 6.13 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2006

Nasjon/ SonerInt. farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenSvalbardNØSTotalt
EU20.3991.53437.60659.539
Færøyane31.18520.40911.54263.136
Island78.50228.52151.439878159.340
Noreg487567.270567.757
Russland7.1172.6231126.420104.517120.789
Totalt137.69051.55362.9811128.832709.393970.561

1 Fangsttala er dels innrapporterte frå deltakande land og dels frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 30.03.2008.

Tabell 6.14 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2007

Nasjon/ SonerInt. farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenSvalbardNØSTotalt
EU6.24549830053674.58182.160
Færøyane9.77610.7759.1848.64925.86264.246
Island24.3438.014106.7601.50932.995173.621
Noreg597778.269778.866
Russland40.7571.3065.98912.836108.926169.814
Totalt81.71849820.395121.93310.69412.8361.020.6331.268.707

1 Fangsttala er førebelse og dels innrapporterte frå deltakande land, Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 31.03.2008 og dels frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 30.03.2008.

6.1.10.1 Kommentarar til oversikta (tabellane 6.12, 6.13 og 6.14)

Det kom ikkje i stand nokon fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2006.

Noreg inngjekk ein førebels tosidig avtale med Russland i 2006. Noreg hadde også ein avtale med EU for 2006 som innebar at EU kunne fiske 62.000 tonn norsk vårgytande sild nord for 62N i NØS og i fiskerisona rundt Jan Mayen. Noreg opna for eit fiske i Svalbardsona på inntil 85.000 tonn i 2006.

18. januar 2007 vart det underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltning av norsk vårgytande sild for 2007. Noreg hadde ein kvote på 780.800 tonn i 2007. For 2008 er det inngått ein kyststatsavtale som gir ein totalkvote på 1.518.000 tonn.

Noreg har i dei siste åra nytta kvoten sin fullt ut. Utnyttingsgraden låg på 100,6 % i 2006 og 99,7% i 2007. Både i 2006 og 2007 vart kvoten fiska i NØS, bortsett frå små kvantum i internasjonalt farvatn.

Det russiske fisket etter norsk vårgytande sild føregjekk i hovudsak i NØS i 2006. I 2007 fiska russarane eit betydeleg kvantum nvg-sild i internasjonalt farvatn òg. Det russiske fiske i områder under norsk fiskerijurisdiksjon for 2007 vart stoppa 22. november 2007.

Island utnytta kvotane sine godt både i 2006 og i 2007. Islendingane fiska om lag 51.000 tonn i si eiga sone i 2006 og 106.000 tonn i 2007. Norske styresmakter stoppa det islandske fisket i NØS nord om 62°N for 2007 16. november 2007. Island fiska ikkje sild i Svalbardsona i 2007.

Færøyane fiska 96-97% av kvotane i både i 2006 og 2007, medan EU sin utnyttingsgrad låg på 96% i 2006 og 101% i 2007. EU sitt fiske etter nvg-sild i områder under norsk fiskerijurisdiksjon for 2007 vart stoppa 5. desember 2007.

6.2 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske havområde i 2006 og 2007

6.2.1 Russland – Noreg

6.2.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av torsk, hyse og lodde i Barentshavet. Oversikta for 2006 og 2007 viser Russlands kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til tredjeland (sjå tabell 6.15). Russisk forskingsfangst går ikkje fram av tala.

Tabell 6.15 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland

ArtKvotar1 (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2006200720062007
Torsk179.700159.500194.295178.231
Hyse53.65064.25050.02262.358
Lodde----

1 Kvotetala inneheld ikkje murmansktorsk og kvote disponibel for forskings- og forvaltningsformål. For åra 2006 & 2007 vart det avsett ein kvote på 21.000 tonn murmansktorsk.

2 Fangsttala er førebelse og rapportert frå russiske styresmakter til norsk styresmakter og inkluderar fangst av murmansktorsk.

6.2.1.2 Kommentarar til oversikta

Russlands kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.16. Av torskekvoten i NØS i 2006 vart 36% fiska. Tilsvarande tal for 2007 var 31%. Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 45% i 2006 og på 66% i 2007.

Tabell 6.16 Oversikt over Russlands kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2006200720062007
NØS N 62°N:
Torsk140.000140.00050.83343.883
Hyse20.00020.0009.02013.274
Sei10.00020.0008.36411.473
Blåkveite--282338
Steinbit2.0002.0002.1192.016
Uer1.0001.0006441.090
Snabeluer1.0001.0006671.241
Kolmule37.81532.1456.9084.758
Lodde----
Andre artar3.0003.000362612
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Reker----
Sild--111666
Kolmule--525.904

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 31.03.2007.

Snabeluer- og uerkvotane kunne berre nyttast til bifangst i 2006 og 2007, medan steinbitkvoten skulle dekke både direkte fiske og bifangst. I 2006 var det avsett ein kvote til bifangst etter sei på 10.000 tonn, medan det i 2007 vart opna for eit direktefiske etter sei på 5.000 tonn innanfor kvoten på 20.000 tonn. Kolmulekvoten kunne også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen.

Kvoten av andre artar for 2006 og 2007 er ikkje spesifisert.

6.2.2 EU – Noreg

6.2.2.1 Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU felles forvaltning av torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EUs kvotar på konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 6.18. EUs kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til tredjeland i 2006 og 2007, går fram av tabell 6.17.

Tabell 6.17 EUs kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU, og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2006200720062007
Torsk19.26016.56419.06416.598
Hyse44.83546.98334.63828.806
Sei59.16059.16051.45044.912
Kviting21.42021.42015.10216.147
Raudspette55.82049.14353.99047.592
Makrell16.95418.93456.12477.139
Nordsjøsild322.875242.155316.899168.462

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå EU per 31.12.2007, nordsjøsild per 30.09.2007.

Kvoten for sild og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak. Dei fleste kvotane vart godt utnytta i begge åra. Med omsyn til makrell er EU og Noreg samde om ei fleksibel ordning som gjer det mogeleg for EU å fiske 105.000 tonn av makrellkvoteni EU-sona i Nordsjøen i staden for vest av 4V.

6.2.2.2 Kommentarar til oversikta

EUs kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 6.18. Frå og med 1998 har EU ein kvote av torsk nord om 62N som tilsvarer 4,14% av TAC for nordaustarktisk torsk. I åra 2006 og 2007 har EU nytta torske-, sei- og hysekvotane nord om 62°N svært godt.

Tabell 6.18 Oversikt over EUs kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2006200720062007
NØS, N 62°N:
Torsk18.91916.97418.85316.673
Hyse2.7603.0002.7253.243
Sei3.6003.9503.5173.776
Blåkveite75752021
Uer750750153220
Snabeluer750750187294
Kolmule367.0001.000154452
Makrell9.00010.200--
Sild62.00074.99537.95475.227
Andre artar450450150247
NØS, Nordsjøen2 :
Torsk317.12214.7794.2354.299
Hyse334.05735.6558.5619.995
Sei360.04060.04015.46813.857
Kviting314.70214.702526745
Raudspette322.90520.1652.2942.408
Makrell315.36419.17622.66123.089
Nordsjøsild350.96350.84613.5463.777
Augepål5.0005.0005173
Kolmule19.80019.8001.9984.997
Tobis-20.0003019.231
Reker1.0581.064440251
Andre artar11.25011.1507.4107.468
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule1.0001.0001071

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 31.03.2008.

2 EUs kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2006 og 2007 sett saman av to kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg og avtalen mellom Sverige og Noreg. Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert under 6.2.7.

3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

EUs makrellkvote nord om 62°N kunne også fiskast sør om 62°N i ICES-område IVa i 2006 og 2007. Dette forklarer avvika mellom kvote og fangsttal for Nordsjøen. EUs kvote av uer, blåkveite og samlekvoten for andre artar nord om 62°N er bifangstkvotar.

EUs fangstar i NØS sør om 62°N som del av EUs samla fangstar i høve til kvote, utgjer i 2006 og 2007 desse prosentane: for torsk 25% og 29%, for hyse 25% og 28%, for sei 26% og 23%, for kviting 4% og 5% og for raudspette 10% og 12%.

EU utnytta 66% av kvoten på andre artar i Nordsjøen i 2006 og 67% i 2007.

6.2.3 Færøyane – Noreg

6.2.3.1 Kommentarar til oversikta

Færøyanes kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.19. Færøyanes kvotar på torsk, hyse, sei og uer nord om 62°N er samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av Færøyanes kvotar i russisk økonomisk sone (RØS) fiskast i NØS. I 2006 utgjorde kvotane frå Noreg 2.108 tonn torsk, 963 tonn hyse, 1.070 tonn sei og 100 tonn andre artar, medan kvotane frå Noreg i 2007 var på 1.800 tonn torsk, 1.217 tonn hyse, 1.010 tonn sei og 100 tonn andre artar. Differansen mellom kvotane i oversikta i tabell 6.19 og kvotane frå Noreg syner altså det kvantum Færøyane fekk fiske i NØS av kvotane dei hadde i russisk økonomisk sone. Både i 2006 og 2007 har Færøyane fiska kvotane av torsk, hyse og sei i NØS nord om 62°N.

Tabell 6.19 Oversikt over Færøyanes kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar1 (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2006200720062007
NØS, N 62°N:
Torsk4.8884.5804.8804.532
Hyse9631.2178841.197
Sei1.0701.0101.1391.041
Blåkveite--1142
Uer--102161
Kolmule---175
Lodde----
Makrell14.36016.243--
Andre artar300300410
NØS, Nordsjøen:
Sei60060048-
Nordsjøsild1.0007501.362766
Augepål----
Kolmule2.00031.700382-
Tobis----
Brisling500500--
Makrell--11.8509.411
Hestmakrell1.0003.000--
Håbrann/pigghå30030--
Andre artar2802809-
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule---130
Reker50---

1 Kvotar etter overføringar frå RØS til NØS.

2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 31.03.2008.

Makrellkvoten til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES-område IVa). I praksis har kvoten dei siste åra vorte fiska i Nordsjøen.

Færøyanes seikvote sør om 62°N inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. Det stod att nesten alt av seikvoten sør for 62N både i 2006 og 2007.

Kvotane på hestmakrell og håbrann/pigghå kan også fiskast nord om 62°N.

6.2.4 Grønland – Noreg

6.2.4.1 Kommentarar til oversikta

Grønlands kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.20. Grønland har nytta torske-, hyse- og seikvotane godt i 2006 og 2007. Grønland overførte torske- og hysekvotar tildelte frå Russland til NØS tilsvarande 4.320 tonn i 2006 på 3.025 tonn i 2007.

Tabell 6.20 Oversikt over Grønlands kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2006200720062007
NØS, N 62°N:
Torsk5.3004.0204.9213.311
Hyse1.1209251.012834
Sei850850781810
Andre artar15015012994
NØS, Nordsjøen:
Torsk--2340
Sei925925924617
Andre artar1001002415

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 31.03.2008.

I 2006 fiska eitt fartøy og i 2007 fiska to fartøy botnfisk i NØS i Nordsjøen.

6.2.5 Island – Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord om 62N på 4.237 tonn i 2006 og 3.792 tonn i 2007 som eit resultat av «Smottholsavtalen». Sjå tabell 6.21.

Tabell 6.21 Oversikt over Islands kvotar og fangstar i 2006 og 2007

ArtKvotar (tonn)Fangst1 (tonn)
  2006200720062007
Torsk4.2373.7923.9493.679
Hyse2--325327
Sei2--248215
Anna2-1.13843156

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet pr 31.03.2008.

2 Bifangst inntil 30%.

6.2.6 EU (Sverige – Danmark) – Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

6.2.6.1 Kommentarar til oversikta

EUs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 6.22. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar.

Tabell 6.22 syner at EU nyttar dei fleste kvotane i Skagerrak/Kattegat godt. På autonomt grunnlag kvoteregulerer EU også andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse bestandane er tunge, skolest, lysing og sjøkreps.

Tabell 6.22 Oversikt over EUs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2006200720062007
Torsk3.2072.7593.0732.751
Hyse3.0553.2191.4381.544
Kviting1.4731.473143137
Raudspette7.5268.3307.6517.224
Nordsjøsild70.71760.10968.49848.874
Brisling48.10048.10019.73517.243
Reker5.9816.2054.9034.380

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå EU per 31.12.2007, sild per 30.09.2007.

6.2.7 Sverige – Noreg

Kommentarar til oversikta

Sveriges kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.23. Industrifiskkvoten til Sverige omfatta kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell, av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under industrifisk. I 2006 fiska svenske fartøy berre 84 tonn industrifisk, medan dei i 2007 fiska 422 tonn.

Tabell 6.23 Oversikt over Sveriges kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2006200720062007
NØS, Nordsjøen:
Torsk382382299363
Hyse70770786112
Sei880880853731
Kviting1901901340
Industrifisk80080084422
Makrell275242275242
Nordsjøsild963846963608
Reker158164166151
Andre artar--69109

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det Svenske Fiskeriverket.

I samband med at Sverige vart medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EUs kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

6.2.8 Rekefisket ved Svalbard

I 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert ved å setje grenser for innsatsen i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg og Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa også regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tall tilletne fiskedøgn redusert med 30% frå 1. jan­uar 2006.

Tabell 6.24 Oversikt over fangst av reker ved ­Svalbard

  Fangstar1 (tonn)Maksimalt tilletne fiskedøgn
Land2006200720062007
EU1.2461.1301.0801.080
Færøyane9031.055922922
Grønland--450450
Noreg21.72212.7305.7955.795
Island--7070
Russland-803.2563.256
Canada--108108

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 31.03.2008.

Til forsida