St.meld. nr. 34 (2007-2008)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2008 og fisket etter avtalane i 2006 og 2007

Til innhaldsliste

3 Dei ulike fiskeriavtalane for 2008

I tråd med dei etablerte rammeavtalane fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land.

Dei viktigaste tosidige forhandlingane for 2008 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noregs økonomiske sone. Som følgje av det polske EU-medlemskapet frå 1. mai 2004 har Noreg sagt opp den tosidige rammeavtalen med Polen og avtalen opphøyrde frå 1. januar 2007.

Noreg har i 2007 også samarbeidd med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen og med Island om kvotebyte og oppfølging i tråd med Smottholsavtalen.

Det blei også i 2007 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. 12. november 2007 vart det underteikna ein kyststatsavtale for 2008.

Noreg tek vidare del i årlege trepartsforhandlingar om makrell med EU og Færøyane og i forhandlingane om internasjonale makrellreguleringar. Noreg har også vore med i forhandlingane som, etter fleire år, endeleg førte til ein avtale om eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule. Avtalen er vidareført mellom Noreg, Island, Færøyane og EU i 2008, og Russland har i 2008 slutta seg til partane si regulering av kolmule i NEAFC-området.

Noreg er medlem av og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO («Northwest Atlantic Fisheries Organization») og NEAFC («North East Atlantic Fisheries Commission»). Noreg deltek i samarbeidet i IWC («International Whaling Commission») og NAMMCO («North Atlantic Marine Mammal Commission») om forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR («Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources») er Noreg representert på møta til organisasjonen. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT («International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas») og i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen SEAFO («South East Atlantic Fisheries Organization»).

3.1 Det førebuande arbeidet

Noreg er medlem i Det internasjonale råd for havforsking, ICES («International Council for the Exploration of the Sea»). ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gir regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området. ICES hadde ein rådgivande komité for fiskeriforvaltning, ACFM («Advisory Committee on Fisheries Management»). Dette er no endra med etableringa av ACOM (Advisory Comittee). Dette er nærmare omtalt i kapittel 4.1.4. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgivinga frå ICES.

Figur 3.1 viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgiving.

Figur 3.1 ICES – fiskeristatistiske område

Figur 3.1 ICES – fiskeristatistiske område

Det ligg ei balansert vurdering til grunn for Fiskeri- og kystdepartementets utnemning av delegasjonar til dei forskjellige fiskeriforhandlingane som Noreg deltek i. Vurderinga byggjer i hovudsak på at dei partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik, og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane bestått av representantar frå Fiskeri- og kystdepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening og Norges Kystfiskarlag. Dei seinare åra har Kommunanes Sentralforbund og Sametinget vore medlem av delegasjonen for dei bilaterale forhandlingane med Russland. Kven forhandlingane kan seiast å vedkome vil like fullt kunne vurderast på sjølvstendig grunnlag frå år til år.

Før forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeri- og kystdepartementet konsultasjonar med organisasjonane i næringa. På desse møta gjer ein greie for tilrådingane frå ICES, og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa vert drøfta. Her legg ein grunnlaget for kva som skal vere instruksen til forhandlingsdelegasjonen. Den endelege klareringa av instruksen er det fiskeri- og kystministeren som har ansvar for. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører fiskeri- og kystministeren seg med resten av regjeringa.

3.2 Kvoteavtalane for 2008

3.2.1 Noreg – Russland

Avtalar om gjensidige fangstkvotar

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det også mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er norsk arktisk torsk, norsk arktisk hyse og lodde. Partane vart i 2007 einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner frå og med 2007. Partane er også einige om at resultata frå felles forskingsinnsats som gjeld bestandsvurderingar, migrasjon, og innverknaden krabben har på økosystemet framleis skal drøftast på dei årlege sesjonane.

Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland vert kvotane for norsk arktisk torsk og norsk arktisk hyse fordelte med 50 % til kvar av partane. Tredjelandskvoten av norsk arktisk torsk og hyse vert fordelt med 60 % til Noregs økonomiske sone (NØS) og 40 % til Russlands økonomiske sone (RØS). Avtalen opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i sona til den andre parten. Loddebestanden er fordelt med 60 % til Noreg og 40 % til Russland.

Kvoteavtalen for 2008 mellom Noreg og Russland vart underskriven i St. Petersburg 26. oktober 2007.

Partane vart samde om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 430.000 tonn, medrekna 21.000 tonn murmansktorsk. Dette er i tråd med beskatningsstrategien vedteken under den 31. sesjonen i fiskerikommisjonen og vidareutvikla under den 33. sesjonen. Den positive utviklinga med redusert overfiske sidan 2005 gav grunnlag for ein beskjeden auke av kvoten for 2008.

Det er framleis grunn til å uroe seg over situasjonen for norsk kysttorsk. Kvoten for 2008 vart derfor ikkje fastsett høgare enn til 21.000 tonn, som er det same som året før.

Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 57.700 tonn. Av dette kan 16.320 tonn fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 24.070 tonn til NØS og 17.310 tonn til RØS. Med overføring av ein del av den russiske kvota til Noreg, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62N på 202.650 tonn, medrekna norsk arktisk torsk og kysttorsk, og norsk kysttorsk til forskings- og forvaltningsformål.

Avtalen med Russland opnar for å auke kvoten til forskings- og forvaltningsformål frå 7.000 tonn til 11.000 tonn for kvar av partane. Noreg har valt å vidareføre kvantumet til forskingformål på 7.000 tonn. 4.000 tonn av disponibelt forskingskvantum er difor gjort tilgjengeleg for norske fiskarar. Av same grunn er det gitt ekstrakvantum til 3. land med 237 tonn. Dette gir ein disponibel kvote for norske fiskarar på 195.413 tonn. 

For norsk arktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ein totalkvote på 155.000 tonn, inklusive forskningsfangst. Det er sett av ein hysekvote til tredjeland på 7.000 tonn, som er delt med 4.200 tonn til NØS og 2.800 tonn til RØS. Russland har overført 4.500 tonn norsk arktisk hyse til Noreg i 2008. Etter overføring er den norske kvoten på 78.500 tonn og den russiske på 69.500 tonn.

Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noregs økonomiske sone. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen er Noreg og Russland også for 2008 samde om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre. Såleis kan Russland fiske 140.000 tonn torsk og 20.000 tonn hyse av sine kvotar i Noregs økonomiske sone, og Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russlands økonomiske sone.

I perioden 1993-1999 var det ikkje loddefiske i Barentshavet. I 1999 opna ein for eit eksperimentelt fiske av lodde innanfor ein kvote på 80.000 tonn, og i 2000, 2001 og 2002 vart kvoten auka til høvesvis 435.000, 630.000 og 650.000 tonn. For 2003 vart det fastsett ein kvote på 310.000 tonn lodde. Loddebestanden har store naturlege svingingar, og partane er einige om ikkje å fastsetje TAC høgare enn at det er 95% sannsynleg at 200.000 tonn får høve til å gyte. På denne bakgrunnen, og i tråd med beskatningsstrategien, har partane sidan 2004 bestemt at det ikkje skal drivast noko kommersielt loddefiske. Det same gjeld for 2008.

I det russiske fisket på eksklusive norske bestandar i 2008, er Russland heller ikkje i år tildelt kvote for eit direkte fiske på snabeluer (Sebastes mentella) på grunn av den vanskelege situasjonen for bestanden. Partane merkte seg likevel ei viss positiv utvikling i uer-bestanden. Russlands kvote for bifangst av vanleg uer (Sebastes marinus) og snabeluer er vidareført frå i fjor og utgjer 2.000 tonn. Vidare har Russland ein kvote på 15.000 tonn sei som bifangst ved fiske av torsk og hyse. Av dei 10.000 tonn norsk arktisk sei Russland kan ta i russisk økonomisk sone, så kan inntil 5.000 tonn takast i Noregs økonomiske sone i eit direkte fiske i 2008. Russland har også ein kvote på 2.000 tonn steinbit som anten kan takast i eit direkte fiske eller som bifangst.

I tillegg kan Russland fiske 21.755 tonn kolmule i eit nærare avgrensa område i Noregs økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 12 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3.000 tonn andre artar som bifangst.

I lys av bestandssituasjonen for blåkveite vil Russland føre vidare forbodet mot eit direkte fiske etter blåkveite i si eiga sone i 2008. Med unntak av eit avgrensa tradisjonelt kystfiske med konvensjonelle reiskapar, er det også i område under norsk fiskerijurisdiksjon forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 2008. Russland opplyste om at dei ville gjennomføre eit avgrensa forsøksfiske på blåkveite i russisk økonomisk sone i 2008.

I det norske fisket på eksklusive russiske bestandar i 2008, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 3.000 tonn reker, 1.500 tonn steinbit, 1.000 tonn flyndre for både direkte fiske og bifangst og 500 tonn andre artar som bifangst. Den norske kvoten på grønlandssel i Austisen er sett til 10.000 vaksne dyr i 2008.

Noreg og Russland vart under den 35. sesjonen samde om å forvalte bestanden av kongekrabbe kvar for seg frå og med 2007. Noreg informerte den russiske part om at den norske totalkvoten ikkje var fastsett då forhandlingane vart førde. Den norske kvoten ville først verte fastsett etter at Stortinget har handsama stortingsmeldinga om kongekrabbe som vart overlevert Stortinget hausten 2007. Den russiske part orienterte om at den russiske kvoten av kongekrabbe var fastsett til 3.200.000 individ for 2008. Partane vart einige om at resultat frå felles forskingsinnsats på bestandsvurderingar, migrasjon, og innverknaden krabben har på økosystemet framleis skal vere eit tema under dei årlege sesjonane. Stortingsmeldinga blei handsama 3. mars 2008. Den norske kvoten for 2008 ble etter det sett til 1.925 tonn hannkrabbar, 450 tonn skada hannkrabbar og 235 tonn hokrabbar. Det er første gong kvoten er fastsett i tonn. Ein reknar med at dette tilsvarar 679.000 hannkrabbar og 110.000 hokrabbar.

Kontroll

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 vart partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 vart dei samde om å etablere «Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren». Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom kontrollstyresmaktene i dei to landa, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.

Noreg og Russland innførte gjensidig satellittsporing av fiskefartøy frå 1. september 2000. Under forhandlingane i Tromsø i november 2000 underteikna partane eit memorandum om kontrollsamarbeid mellom Fiskeridirektoratet og Kystvakta på norsk side og russiske styresmakter (Murmanrybvod) og Grensetenesta på russisk side. Dette dokumentet formaliserer i stor grad samarbeidet om utveksling av informasjon og inspektørar, og styrkjer kontrollen med fiskeria i begge land. På grunn av omstruktureringar på russisk side vart memorandumet korrigert i tråd med dette under den 34. sesjonen.

Hovudfokus for det permanente utvalet i 2005 var å utarbeide ein analyse om «avtalte tiltak for betring av regulerings- og kontrollsystema i Barentshavet og Norskehavet», der ein skulle sjå på status for regulerings- og kontrolltiltak som eksisterer på fiskeriområdet og setje kriterium for å oppnå eit optimalt regulerings- og kontrollregime. Vidare skulle ein sjå på tiltak for å oppnå eit optimalt nivå på regulering og kontroll med fisket og analysere kva som kan skape vanskar for å få til eit slikt nivå.

Dei viktigaste momenta utvalet kom fram til er: Det må kunne utførast kontrollar som er eigna til å avdekkje dei mest alvorlege brot på reguleringane og det må følgjast opp med sanksjonar. Vidare må ein ha kontrollsamarbeid med tredjeland og utveksle kontrollinformasjon. Ein må og ha datasystem som kan kommunisere informasjon automatisk. Til alt dette trengst det auka ressursar.

Under den blanda fiskerikommisjonens 35. sesjon i Tromsø hausten 2006, stadfesta partane at det var gjort gode framsteg i 2006. Særleg gjeld dette utveksling av satellittsporingsdata og opplysningar om fartøya sine kvotar. Dette er tiltak som i vesentleg grad betrar oversynet over fiskeuttaket i Barentshavet, og gjer det mogleg å følgje opp mistenkjeleg fiske frå enkeltfartøy. I tillegg hadde partane oppnådd ei harmonisering av kontrollmetodikken på sjø og land. Mobile grupper med fiskeriinspektørar frå begge land hadde fleire vellukka inspeksjonar i tredjeland i 2006. Noreg og Russland har og gjennomført felles inspeksjonar i Gråsona.

Under 36.sesjon i St. Petersburg 22-26. oktober 2007, vart partane einige om følgjande for 2008:

«Partene var enige om å iverksette utveksling av full og løpende informasjon om omlasting til havs eller landing i 3. land av arter som utgjør fellesbestander i Barentshavet og Norskehavet (ICES I og II), på fartøynivå, etter at den russiske part har foretatt nødvendige interne prosedyrer.

Partene drøftet resultatene fra pilotprosjektet med utveksling av data fra satellittsporing av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet (ICES I og II) og er enige om at alle oppgaver i pilotprosjektet er fullt ut løst.

Partene konstaterte at arbeidsgruppen som ble etablert ihht beslutning fra 35. sesjon i kommisjonen (pkt 12.6) under hensyntagen til resultatene fra pilotprosjektet har foretatt revurdering av «Agreed Records of Conclusions between Norway and Russia on Issues related to Satellite Based Vessel Monitoring Systems» og at relevante endringer og tillegg er foretatt i denne.

Den russiske part informerte den norske part om at interne prosedyrer for godkjenning av nevnte protokoll er avsluttet og overleverte til den norske part et eksemplar av dette dokument med de russiske endringsforslagene. Den norske part vil innen utgangen av 2007 vurdere den overleverte versjonen av «Agreed Records of Conclusions between Norway and Russia on Issues related to Satellite Based Vessel Monitoring Systems» og dersom man ikke har merknader til denne foreslå et tidspunkt for undertegning av dokumentet.

Inntil slik avtale er trådt i kraft er partene enige om å videreføre pilotprosjektet med løpende utveksling av informasjon om satellittsporing i Barentshavet og Norskehavet (ICES I og II).

Den norske part viste til den internasjonale utviklingen innen elektronisk rapportering og foreslo å nedsette en ekspertgruppe som skal se på mulig samarbeid mellom partene når det gjelder etablering av elektronisk rapportering fra fiskefartøy. Den russiske part meddelte at man på det nåværende tidspunkt ikke har lovgrunnlag for implementering av et elektronisk rapporteringssystem, og at et slikt system nå er under utarbeidelse. Den russiske part mener at gjennomføring av møte i en ekspertgruppe for anvendelse av et elektronisk rapporteringssystem som er utarbeidet i Norge, er mulig etter at relevante utviklingsarbeider er gjennomført og nødvendige lover og regler er vedtatt i Russland.

Partene var enige om å videreføre samarbeidet i NEAFC med sikte på videreutvikling av regimet for havnestatskontroll vedrørende fiskeressursene i NEAFCs konvensjonsområde.

Partene var enige om å samarbeide om gjennomføring av inspeksjoner av fiskefartøyer i Smutthullet og det tilstøtende området i Barentshavet under inspeksjon av fartøyer med egne staters flagg. Her skal partene etter avtale gi inspektører fra en part oppholdsrett på den andre partens fartøyer for å gjennomføre inspeksjoner av fartøyer med egen stats flagg som driver fiske i Smutthullet og det tilstøtende området i Barentshavet.

Partene er enige om å fortsette arbeidet med å etablere kontrollavtaler med relevante tredjeland for å få mer fullstendig informasjon om landinger i disse landene.

Partene understreket nødvendigheten av at det ble ført kontroll med overholdelsen av vedtatte tiltak. Regelbrudd som avdekkes ved kontroll vil medføre tilstrekkelige sanksjoner.

Partene er enige om å slå sammen analysegruppen og arbeidsgruppen for analyse av informasjon om overfiske av torske- og hysekvotene i Barentshavet, for å optimalisere arbeidet. Den nye gruppen skal bestå av representanter fra Fiskeridirektoratet og Kystvakten på norsk side og Den statlige fiskerikomite i Den russiske føderasjon, grenseadministrasjonen ved FSB i Murmansk fylke og Rosselkhoznadzor i Murmansk fylke på russisk side. Eksperter kan engasjeres i gruppens arbeid etter behov. Den sammenslåtte arbeidsgruppen skal i 2008 ha møter minst en gang i kvartalet eller slik som formennene i kommisjonen bestemmer.

Arbeidsgruppen skal:

  • Samarbeide innen sammenstilling av informasjon på fartøynivå for å avdekke mulige brudd på fiskerilovgivningen

  • Utarbeide metode for analyse av satellittsporingsdata og informasjon om transport og landing av fisk i havner

  • Beregne totalt uttak av torsk og hyse i de aktuelle områder, ved å anvende metoder for analyse av satellittsporingsdata og informasjon om transport og landing av fisk i havner.

Ledere av arbeidsgruppen skal oppnevnes innen utgangen av 2007. Arbeidsgruppen rapporterer direkte til formennene i kommisjonen.

Partene er enige om å gjenoppta arbeidet i underutvalget under Det permanente utvalg for utarbeidelse av tiltak for å bedre kontroll og sikre anvendelse av straffetiltak i forbindelse med brudd på fiskeribestemmelsene i Barentshavet og Norskehavet. Partene utvekslet informasjon om de to lands politi- og påtalemyndigheter. Partene er enige om at neste møte i underutvalget skal gjennomføres i løpet av første kvartal 2008. Den russiske part meddeler den norske part før utgangen av 2007 hvem som er leder for underutvalget på russisk side.

Den russiske part vil arbeide videre med å få representanter for de relevante myndigheter til å delta i underutvalgets møter.

Partene er enige om at for å oppnå større grad av harmonisering av kontrolltiltak er det nødvendig å gjennomføre gjensidig utveksling av inspektører som observatører i forbindelse med landingskontroll av fangster fra norske fartøy i norske havner og fra russiske fartøy i russiske havner».

Sjølv om det bilaterale fiskerisamarbeidet med Russland framleis er krevjande og komplisert, er det grunn til å understreke at det er oppnådd reell framgang sidan 2006. Dette har og gitt konkret utslag i redusert overfiske. I følgje berekningar gjort av Fiskeridirektoratet har det russiske overfisket av torsk blitt redusert frå 101 300 tonn i 2005, til 80 000 tonn i 2006 og 40 000 tonn i 2007.

3.2.2 Noreg – EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalane

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg vert også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsetje største tillatne fangstmengder (totalkvotar) for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 også fram til ein avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.

Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet er grovt sett ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hjå partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga.

Etablering av forvaltningsplanar og betring av beskatningsmønsteret

Innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske merknadar i dei årlege kvoteavtalane, til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Noreg og EU inngjekk i 1997 ein avtale om forvaltning og fordeling av nordsjøsild. Avtalen vart revidert og forlenga for tre nye år i 2004. I 1999 vedtok Noreg og EU forvaltningsplanar for sei, torsk og hyse som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Forvaltningsplanane for sei, hyse og sild vart reviderte i avtalen for 2005, medan ein i avtalen for 2006 reviderte forvaltningsplanen for torsk. Forvaltningsplanen for hyse vart ytterlegare styrka i avtalen for 2007, ved at ein har spesifisert kva tiltak som skal setjast i verk dersom bestanden kjem under føre-var-nivå. Forvaltningsplanane for sild og sei skal reviderast i 2008.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det vidare ei hovudutfordring å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen.

I arbeidet med å betre av beskatningsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teken i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg vert det ofte fiska meir enn naudsynt, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken («highgrading»). Resten vert kasta ut, og dette undergrev dei fastsette forvaltningstiltaka. Den utkasta fisken går ikkje inn som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr i denne prosessen. Når fisken ikkje vert teken i land eller registrert som fangst, vert det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedød og faktisk fiskedød. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast er forbode i Noreg for alle kommersielt viktige fiskeslag. Ei løysing på utkastproblemet er ei hovudutfordring for Noreg og EU. Noreg har teke dette opp med EU jamleg og EU vil no prioritere denne problemstillinga. EU-kommisjonen sendte i 2007 ut ei høyring om utkast og har signalisert at dei første reguleringane kan bli føreslegne i 2008.

I samband med den såkalla «torskekrisa» inngjekk Noreg og EU i 2001 eigne avtalar om særskilde tiltak for å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen. Situasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen er etter dette ytterlegare forverra, og særleg gjeld det nordsjøtorsken. Totalkvoten for torsk vart difor i 2003 redusert med 45% frå 2002. Den låge kvoten vart vidareført i åra 2004 og 2005, medan kvoten for 2006 vart ytterlegare redusert. For 2007 vart partane samde om endå ein reduksjon i kvoten. Under forhandlingane hausten 2007 vart partane samde om å halde fram med det felles arbeidet med å byggje opp att torskebestanden og forbetre beskatninga av botnfisk. Kvoten for 2008 blei noko auka, men det må sjåast i samanheng med at partane skal samarbeida om å utvikle meir selektive fiskeri i Nordsjøen.

Makrell

Fram til 1999 fastsette Noreg og EU ein «referanse-TAC» for makrell i Nordaust-Atlanteren, som i tillegg til kvotar til Noreg og EU omfatta ein kvote avsett til Færøyane. Fisket i internasjonalt farvatn, som har vore oppe i relativt store kvanta, vart for første gong regulert i 1999.

Det har vore usemje mellom Noreg og EU om forvaltningsregimet for makrell i mange år. Hovudproblemet er deling av kvoten mellom partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc-arrangement for makrellen. På grunnlag av kjennskap til makrellen sitt utbreiingsmønster, har ein på norsk side meint at Noreg har eit rettkome krav på ein større del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist av EU.

Det vert i dag sett makrellkvotar for tre forvaltningsområde. Ut frå ei vurdering av utbreiinga til bestanden, tilgjenge og beskatningsmønster, har Noreg gjort framlegg overfor EU om å opprette eitt forvaltningsområde for makrell med ein TAC som skal fordelast mellom partane. Noreg har til no ikkje fått gjennomslag for dette. Eit tilleggsproblem er at EU fastset ein særskilt makrellkvote i det sørlegaste utbreiingsområdet til bestanden (Biscaya).

Kontroll

Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket i Nordsjøen er ei viktig oppgåve. Dette skjer til dømes gjennom utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusiv fiskeaktivitet frå tredjeland, ved utveksling av observatørar som kontrollerer og overvakar og ved satellittsporing av fiskefartøy. Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000.

Frå 1. februar 2004 vart det innført like prosedyrar for landing og veging av pelagiske fangstar og eit standard vasstrekk frå slike fangstar på 2 %. Basert på erfaringane frå innføringa av desse nye vegings- og vasstrekkprosedyrane i fleire EU-land, vart Noreg, EU og Færøyane under trepartforhandlingane om forvaltninga av makrell hausten 2007, samde om ei ytterlegare skjerping av kontrollen med sjølve fisket og med landingar av makrell. Ein var også einige om å fokusere meir på kontroll på havet. På bakgrunn av det sterke fokuset på kampen mot UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske) er kontroll no eit svært sentralt tema i samarbeidet mellom Noreg og EU. Under forhandlingane hausten 2007, vart partane einige om at arbeidsgruppa av kontrollekspertar som har arbeidd med kontroll av pelagiske fangstar, skal fortsetje sitt arbeid med ulovleg, urapportert og uregulert fiske. I 2007 har dei mellom anna spesielt arbeidd med å overvake implementering av vedtatte tiltak og havnestatskontrollen. Dei skal også arbeide for å betre kontrollen med landingar av kvitfisk i Nordsjøen.

2008-avtalen

Etter to forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Brussel 26. november 2007, ein kvoteavtale for 2008.

Tabell 3.1 Følgjande kvotar er fastsett for fellesbestandane i Nordsjøen i 2008 (tonn):

FiskeslagTACKvotar til NoregKvotar til EU
Torsk22.1523.76618.386
Hyse46.4448.082138.362
Sei135.90070.66865.232
Kviting17.8501.78516.065
Raudspette49.0001.105147.875
Makrell48.56631.13417.432
Sild201.27758.356142.871

1 Kvote til Noreg etter overføring av 2.600 tonn hyse og 2.352 tonn raudspette til EU.

Kvoten på torsk ble noko auka. Dette må sjåast i sammenheng med at partane skal samarbeide om ytterlegare tiltak for å utvikle meir selektive fiskerier og såleis redusere det reelle uttaket av torsk. I tråd med forvaltningsplanane er totalkvotane for hyse og sei sett til 46.444 og 135.900 tonn i 2008. Kvitingkvoten på 17.850 tonn er ein nedgang frå 2007. Også kvoten for raudspette er noko redusert frå 2007 til 2008.

Totalkvoten for makrell er i 2008 sett til 373.937 tonn mot 409.839 tonn i 2007. Av totalkvoten for 2008 kan 48.566 tonn fiskast i Nordsjøen og Skagerrak, 85.821 tonn i Noreg si økonomiske sone nord om 62ºN og i internasjonalt farvatn, og 239.550 tonn kan fiskast i EU sitt jurisdiksjonsområde. Den norske makrellkvoten er etter avtalen med EU på 116.995 tonn.

Bestanden av nordsjøsild er bekymringsfull fordi det har vore sviktande rekruttering dei seks siste åra. For å sikre næringa stabilitet skal kvoten i følgje forvaltningsplanen, berre variere 15% opp eller ned frå år til år. Den sviktande rekrutteringa gjorde at partane gjekk bort frå dette prinsippet og sette kvoten til 201.277 i 2008, ein reduksjon på 41%%.

Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen.

Tabell 3.2 Etter avtalen kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 2008 (tonn):

FiskeslagKvotar til Noreg i EU-sonaKvotar til EU i norsk sone
Augepål1.0005.000
Kolmule108.0008.000
Tobis20.00020.000
Blålange150
Lange5.638850
Brosme3.350170
Kombinert kvote140
Pigghå50
Reker500
Hestmakrell1.600
Andre artar2.7205.000
Tunge90
Breiflabb1.610
Sjøkreps1.250

Avtalen inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane.

Dei norske banklinekvotane (blålange, lange og brosme) er noko reduserte frå 2007. Kolmulekvoten til Noreg i EU-sona vart redusert frå 140.000 tonn i 2007 til 108.000 i 2008, men er framleis på eit høgt nivå. Breiflabbkvoten til EU i norsk sone er redusert frå 1.650 tonn til 1.610 tonn, og EU sin kvote på sjøkreps blei redusert frå 1.300 tonn til 1.250.

Tabell 3.3 EU er tildelt følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62ºN i 2008 (tonn):

FiskeslagKvote
Norsk arktisk torsk17.057
Norsk arktisk hyse2.500
Sei3.832
Blåkveite (bifangst)50
Anna (bifangst)350

EU sin kvote på torsk nord for 62ºN for 2008 er noko auka frå 2007, medan hysekvoten er redusert med 500 tonn frå i fjor. EU har tidlegare også vore tildelt ein kvote på uer gjennom kvotebytet, men denne kvoten er teken ut av kvotebytet. Samstundes pliktar Noreg å gje EU ein tilleggskvote av uer på permanent basis utanom kvotebytet i tråd med brevveksling av 2. mai 1992. Dette kvantumet er i 2008 på 1.500 tonn. Uerkvoten kan berre takast som bifangst nord om 62ºN.

Tabell 3.4 Noreg er i 2007 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):

FiskeslagKvote
Brisling (EU-sona)10.063
Blåkveite (EU-sona)350
Reker (Grønlands sone)3.250
Blåkveite (Grønlands sone)1.624
Uer (Grønlands sone)3.500
Kveite (Grønlands sone)200
Skolest og isgalt (Grønlands sone)120

I grønlandske farvatn er den norske kvoten på blåkveite noko aua, kvoten på kveite betydeleg redusert medan kvotene på uer og reke er på same nivå som i fjor. Den norske kvoten på brisling i EU-sona vart redusert til 10.063 tonn. Loddekvoten ved Grønland er tatt ut av kvotebytet for 2008 som følgje av den vanskelege bestandssituasjonen.

3.2.3 Noreg – Færøyane

Dei årlege avtalane mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i sonene til partane. I forhandlingane med Færøyane vert det lagt vekt på at det skal vere nokolunde balanse i det gjensidige fisket. Den gjensidige balansen er berre i liten grad redusert i 2008 i forhold til i 2007, sjølv om totalkvotane på sentrale bestandar som kolmule, makrell og nordsjøsild er reduserte for 2008.

Kvoteavtalen mellom Noreg og Færøyane for 2008 vart inngått i Oslo 12. desember 2007. Etter avtalen er Færøyane tildelt kvotar i Noregs økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen og i fiskevernsona ved Svalbard.

I NØS nord om 62ºN har Færøyane i 2008 høve til å fiske 1.854 tonn norsk arktisk torsk, 1.340 tonn hyse, 1.1500 tonn sei og 100 tonn andre artar (uer og blåkveite) som bifangst. Samanlikna med 2006 vart kvoten på torsk redusert, medan hysekvoten auka. Kvoten på hyse er auka med 11% og seikvoten er auka med 45%. Færøyane sin seikvote skal også dekkje bifangst i fisket etter torsk og hyse.

Færøyane har fått ein kvote på 1.134 tonn makrell nord om 62ºN. Dette er ein reduksjon på 9% frå 2007. Avtalen opnar også for at makrellkvoten kan fiskast i Nordsjøen nord om 57º30""N.

Det er ingen loddekvote for 2008.

I dei årlege avtalane mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar på mellom anna nokre av dei artane som er nemnt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei rekkje år gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland i Noregs økonomiske sone. I 2008 kan Færøyane gjennom denne ordninga fiske 2.780 tonn norsk arktisk torsk og 200 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite) i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN. Overføringane frå russisk til norsk sone går inn i balanserekneskapen for kvoteutvekslinga mellom partane. Overføringa av kvotar frå russisk sone til fiske i NØS skjer etter russisk aksept. Kvotane kan ikkje takast i fiskevernsona ved Svalbard.

I kvoteavtalen pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.

Av den samla kvoten av andre artar nord om 62ºN på 100 tonn tildelt av Noreg og 200 tonn tildelt av Russland, kan Færøyane ikkje fiske meir enn 150 tonn uer. Uer og blåkveite kan berre takast som bifangst.

I Noregs økonomiske sone sør om 62ºN er Færøyane tildelt 500 tonn brisling og 100 tonn andre artar. Kvotane omfattar også bifangst av andre artar, utanom sei, sild og augepål. Augepål kan i 2008 berre fiskast som uunngåeleg bifangst. Vidare kan færøyske fartøy fiske 487 tonn sei og 442 tonn sild. Kvotane omfattar også bifangst i andre fiskeri. Kvoten på hestmakrell redusert frå 3.000 til 1.000 tonn. Kvotane kan også fiskast nord om 62ºN. Færøyane ynskja ikkje å vidareføre kvoten på kolmule sør for 62°N og kvoten på håbrann/pigghå er teken ut av i samsvar med bestandsvurderinga.

3.2.4 Noreg – Grønland

Det har vore forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.

Etter protokollen av 4. desember 2007 kan grønlandske fiskarar i 2008 ta desse kvantuma i norske jurisdiksjonsområde:

I NØS nord om 62ºN: 1.625 tonn norsk arktisk torsk, 360 tonn norsk arktisk hyse, 800 tonn norsk arktisk sei og inntil 150 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan også fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag. Kvoten på torsk auka med 5 tonn, medan kvoten på hyse auka med 60 tonn. Kvoten på sei blei redusert med 50 tonn. Som ein del av avtalen kan Grønland fiske delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Også dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag.

I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noregs og Russlands jurisdiksjonsområde.

I NØS sør om 62ºN: 925 tonn sei, som er det same som i 2007. Andre botnfiskartar kan berre fiskast som bifangst, men avgrensa til 110 tonn og innanfor norske føresegner om bifangst.

Noreg kan fiske desse kvantuma i Grønlands sone i 2008:

Ved Vest-Grønland: 650 tonn blåkveite. Denne kvoten er på same nivå som i 2007. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland i 2008 kan trålfiske føregå sør om 64º30""N eller nord om 68ºN med inntil 6 trålarar i sona samstundes. Noreg må melde frå innan utgangen av januar kor stor del av kvoten ein ønskjer å fiske nord om 68N, maksimum er 200 tonn.

Ved Aust-Grønland: 425 tonn blåkveite, 600 tonn uer fiska med pelagisk trål, 100 tonn uer fiska med botntrål og 250 tonn kveite. Kvotane av blåkveite og uer fiska med botntrål er dei same som i 2007. Kvoten av uer fiska med pelagisk trål blei auka med 158 tonn, og kvoten av kveite vart redusert med 74 tonn.

Ved Vest- og Aust-Grønland: 750 tonn torsk. Kvoten er ein auke på 125 tonn.

I tillegg kjem 150 tonn av andre artar som bifangst.

Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005.

Partane er samde om at ein i løpet av 2007 skal vurdere behovet for ein gjennomgang av gjeldande satellittsporingsavtale med tanke på ei oppdatering og evaluering.

3.2.5 Noreg – Island

Gjennom trepartsavtalen av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet («Smottholsavtalen»), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet («Smottholsavtalen» er omtalt i St.meld. nr. 49 (1998 – 1999)). Den tosidige avtalen mellom Noreg og Island, også av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.

Etter den tosidige avtalen kan Island i sesongen 2007/2008 fiske 3.792 tonn norsk arktisk torsk i NØS nord om 62ºN. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 %. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten vert justert i takt med totalkvoten for norsk arktisk torsk. For sesongen 2007/2008 er loddekvoten 14.485 tonn.

3.2.6 Noreg – EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat byggjer på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på det tradisjonelle fiskemønsteret i området. Fordelingsmønsteret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Noreg og EU vart 26. november 2007 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2008.

Tabell 3.5 Desse kvotane gjeld for 2008 (tonn):

FiskeslagTACKvotar til NoregKvotar til EU
Torsk3.1651023.063
Hyse2.8561202.736
Kviting1.050191.031
Raudspette9.3501879.163
Reker11.6205.4156.205
Sild51.6736.89244.781
Brisling52.0003.90048.100

Totalkvotane for torsk og raudspette er noko auka, medan totalkvotane for reke og brisling er dei same som i 2007. Kvotane for hyse, kviting og sild er redusert.

Etter den tosidige fiskeriavtalen mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsett for Nordsjøen også i Skagerrak. Etter den same avtalen kan svenske fiskarar ta eit kvantum på 1.865 tonn makrell i Skagerrak og i Nordsjøen i 2008.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidlegare høge fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskapar i Skagerrak, er dei siste åra vesentleg redusert. Reguleringane av sildefisket i Skagerrak følgjer av reguleringstiltaka for sild i Nordsjøen. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 11.470 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2008. Norske fiskarar kan i 2008 fiske inntil 30% av den norske skagerrakkvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.

3.2.7 Noreg – EU (Sverige)

Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje blitt opna opp for nye fiskeri.

Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2008 vart underskriven av Noreg og EU i Brussel 26. november 2007.

Svenske fiskarar fekk desse kvotane i norske farvatn i 2008:

I NØS sør for 62ºN: 382 tonn torsk, 707 tonn hyse, 880 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 164 tonn reker, 846 tonn sild, 242 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Kvotane er ei vidareføring av nivået i 2007.

3.2.8 Regulering av norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren

Norsk vårgytande sild (NVG-sild) er den største fiskebestanden i Nordatlanteren. Frå 1996 til 2003 inngjekk Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland årlege kyststatsavtalar om forvaltninga av silda. I desse fempartsavtalane hadde Noreg ein eigarandel på 57 %. Med basis i prinsippet om sonetilhøyring, la Noreg fram krav om ein høgare norsk del. Partane kom ikkje fram til nokon fempartsavtale i åra 2003 -2006. Men i denne perioden inngjekk Noreg bilaterale avtalar med Russland, og for 2006 også med EU.

18. januar 2007 vart det på ny underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltning av NVG-silda for 2007. Denne avtalen ga Noreg 61% av NVG-silda. Avtalen inneheldt og ein langsiktig forvaltningstrategi.

Etter semje mellom kyststatane 25. oktober 2007 vart avtalen vidareført for 2008. Etter at avtalen var inngått korrigerte ICES rådgjevinga for 2008 på grunn av ein reknefeil i bestandsberekningane som var gjort av ACFM. Dette førte til ein auke i den tilrådde kvoten, og ein revidert femtepartsavtale vart inngått i London den 12. november 2007.

I avtalen for 2008 er partane samde om ein totalkvote på 1.518.000 tonn. Den norske kvoten er på 925.980 tonn.

Partane vart også samde om å innføre kvotefleksibilitet frå årsskiftet 2008/2009. Dette gir kvar av partane høve til å overføre 10 % av den nasjonale kvoten til påfølgjande år. Det er også høve til å forskotere 10 % av kvoten for påfølgjande år. Alt overfiske (også utover 10 %) må likevel trekkjast frå kvoten for det etterfølgjande året. Det var semje om at denne avgrensinga også gjer det mogeleg å sanksjonere overfiske utover 10 %.

I tilknyting til kyststatsavtalen er det også inngått bilaterale avtalar om sonetilgang:

  1. Fartøy frå Island kan fiske 220.262 tonn sild i fiskerisona rundt Jan Mayen og i NØS nord for 62°N, men ikkje meir enn 40.986 tonn i NØS. Om Island skulle nytte mindre enn 30.360 tonn av dei 40.986, får Island ein tilleggskvote frå Noreg på 1.518 tonn. Norske fartøy kan fiske 106.734 tonn i islandsk økonomisk sone.

  2. Fartøy frå Færøyane kan fiske 46.252 tonn sild i norske jurisdiksjonsområde nord for 62°N, men ikkje meir enn 34.392 tonn i NØS. Norske fartøy kan fiske 35.578 tonn sild i Færøyanes fiskerisone.

  3. Fartøy frå EU og fartøy frå Noreg kan fiske 88.939 tonn i kvarandre sine farvatn nord for 62°N.

  4. Fartøy frå Russland kan fiske heile sin kvote i norske farvatn nord for 62°N.

3.2.9 Regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underskriven 12. juni 1989. Rammeavtalen om reguleringane i loddefisket er forhandla på nytt tre gonger: 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalane omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.

Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtalen med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Avgjerda hadde verknad frå 1. mai 2003. På denne bakgrunnen opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane førde fram til ein ny avtale basert på hovudelementa i den tidlegare avtalen. Den nye avtalen vart underteikna 9. juli 2003. Hovudendringa var at den gjeld for eitt år om gongen, framfor tre år i den gamle avtalen. Vidare vart artikkel 10 om satellittsporing teken ut, fordi punktet var forelda. Ingen av partane sa opp avtalen innan fristen for 2008, og avtalen gjeld dermed til og med 31. mai 2009. Neste frist for å seie opp avtalen er 30. november 2008.

3.2.10 Forhandlingar om eit forvaltningsregime for kolmule

I 1999 starta kyststatane til kolmulebestanden – Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland – saman med Russland som spesielt invitert part – ein forhandlingsprosess for å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden. Grønland vart frå 2003 ikkje inkludert i det vidare arbeidet fordi så lite av bestanden var å finne i deira sone. 16. desember 2005 vart det underteikna ein kyststatsavtale for 2006 mellom dei fire kyststatspartane Noreg, EU, Færøyane, og Island. Avtalen inkluderer ein langsiktig forvaltningsstrategi som inneber ein årleg reduksjon av fisket inntil forvaltningsmåla er nådde. Avtalen blei vidareført for 2007.

I rådgivinga for 2008 peika ICES på at den vedtekne forvaltningsplanen ikkje er berekraftig, og at TAC må reduserast ytterlegare. Den 23. oktober 2007 blei Noreg, Island, Færøyane og EU samde om ein avtale for 2008 som inneber ein reduksjon av den totale kvoten til kyststatane med 32,32 %. Til saman får Noreg 26,245 % av kyststatane sin totale kvote på 1.150.514 tonn for 2008. Dette gir Noreg ein kvote på 301.952 tonn kolmule som kan fiskast i tillegg til det Noreg har byta til seg gjennom bilaterale avtalar.

I NEAFC blei det vedtatt ei regulering for kolmule for 2008 som inneber reduserte kvotar også til Russland og Grønland. Det blei samtidig fastslått at den russiske og grønlandske kvoten skal utgjere desse landas relative andel av NEAFC-kolmulen. For å sikre russisk aksept for dette, blei Russland tildelt eit tilleggskvantum på 16.282 tonn kolmule for 2008. Dette tilleggskvantumet vil bli gradvis redusert og utfasa innan 2012.

I samband med den første kyststatsavtalen om kolmule, inngjekk Noreg bilaterale avtalar med EU og Færøyane om korleis fisket skal gjennomførast. Det framgår av desse bilaterale avtalane at dersom kyststats-TAC"en blir lågare enn 1.250.000 tonn, skal partane konsultere om auka sonetilgang. Det blei derfor ført slike bilaterale konsultasjonar for 2008 som ga Noreg en auka sonetilgang til EU-farvatn frå 61 % til 65 %. For 2008 utgjer dette 196.268 tonn. Dette kvantumet kan fiskast i tillegg til kolmulekvoten på 108.000 tonn som Noreg har fått i EU-farvatn under den bilaterale kvoteavtalen. Til saman gir dette norske fartøy tilgang til å fiske 304.269 tonn kolmule i EU-farvatn i 2008. I færøysk sone har Noreg tilgang til å fiske totalt 61.080 tonn kolmule.

Under forhandlingane om ein kyststatsavtale for 2008 blei partane samde om at det skal setjast ned ei vitskapsgruppe som skal utarbeide forslag til ein berekraftig forvaltningsplan. Forslaget skal leggast fram for ICES, slik at det kan vurderast i samband med utarbeidinga av rådgjevinga hausten 2008.

3.2.11 Regulering av makrell

På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn, fremja Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn, på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.-9. februar 1999. Forslaget vart vedteke mot stemmene til Russland og Island.

Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane er kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei tre partane kunne starte forhandlingar om etablering av eit nytt forvaltningsregime for makrell. Drøftingane vart sluttførte 19. november 1999 då dei tre partane underteikna ein avtale om forvaltninga av makrell i Nordaust-Atlanteren for 2000. Partane har inngått tilsvarande avtalar for åra 2001 til 2008.

Trepartsavtalen inneheld ein sameint langtidsstrategi for forvaltninga av makrell som skal sikre at uttaket av bestanden skjer innanfor forsvarlege biologiske rammer. Dette vil gje grunnlag for eit berekraftig fiske og høgare langtidsutbytte.

Det vert forhandla bilateralt om fordelinga mellom Noreg og EU. Dette er følgt opp i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU for 2008 (sjå punkt 3.2.2). Færøyane har i 2008 ein kvote på 13.295 tonn makrell.

På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 43.629 tonn i 2008. Det vart sett av 23.506 tonn til Russland, 18.814 tonn til kyststatane og 1.309 tonn til Island. Island har reservert seg mot NEAFC-reguleringa.

3.2.12 NAFO

Figur 3.2 NAFO’s konvensjonsområde

Figur 3.2 NAFO’s konvensjonsområde

Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen, NAFO, har i det siste lagt vekt på å modernisere organisasjonen, inkludert naudsynte endringar av sjølve NAFO-konvensjonen og har vedteke ein revidert konvensjonstekst. Den nye konvensjonen tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvaltning, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Endringane av konvensjonen vart vedteke på årsmøtet i 2007. Noreg har kvoterettar i NAFOs reguleringsområde på 9,26 % av torskekvoten i underområde 3M, og 30 % av totalkvoten for lodde i 3NO. Grunna den dårlege bestandssituasjonen for torsk og lodde er det forbod mot eit direkte fiske av desse artane i NAFO-området. Noreg har òg sidan 1993 fiska reker på Flemish Cap.

Rekebestanden ved Flemish Cap er ikkje kvoteregulert, men vert regulert ved at ein avgrensar talet på fartøy og fiskedøgn. Spørsmålet om å innføre kvoteregulering i staden for å regulere talet på deltakande fartøy og fiskedøgn har vore drøfta fleire gonger, utan at partane hittil har klart å kome fram til ei endeleg avklaring. Derfor var spørsmålet om ei kvoteregulering av reker i 3M ikkje tema i organisasjonen for fisket i 2008, men det er venta å kome opp seinare. På årsmøtet hausten 2007 vedtok partane same regulering som tidlegare år, slik at norske fartøy også i 2008 kan fiske i til saman 1.985 fiskedøgn i underområde 3M. 32 norske fartøy kan ta del i fangsten. I underområde 3L er totalkvoten 25.000 tonn, som gir ein norsk kvote på 284 tonn i 2008.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som vert forvalta av NEAFC, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. NAFO-partane er samde om at NEAFC set totalkvoten, basert på rådgiving frå ICES. Det blei ikkje enighet om en kyststatsavtale under årsmøtet, samtidig som det var vilje til å fortsette forhandlingane for å komme fram til ein avtale om forvaltninga av uer i 2008. Det blei derfor vedtatt eit mellombels forbud mot fiske fra 1. januar – 1. april 2008. Partene møttes til forhandlingar våren 2008.

På årsmøtet i 2003 vart partane etter til dels lange og vanskelege forhandlingar einige om at dei over ein fireårsperiode skal trappe ned kvoten på blåkveite frå 20.000 tonn i 2004 til 16.000 tonn. Det var også semje om ein plan for å byggje oppatt blåkveitebestanden. Planen står fast og gir ein kvote på 16.000 tonn for 2008. Det er særleg Canada og EU, og til ein viss grad Russland og Japan, som desse tiltaka får størst følgjer for, i og med at det er desse statane som har dei største delane av blåkveitekvoten. Heile kvoten er no delt mellom dei som har fiska mest på blåkveite i NAFO-området dei siste åra. Noreg er ikkje blant desse landa, og kan ikkje fiske blåkveite før totalkvoten kjem opp på 30.000 tonn. Då vert ein «others»-kvote på 1.300 tonn gjeninnført. Dette kan gjere det mogleg for Noreg å fiske blåkveite, då dei fleste andre «konkurrentane» no har faste kvotar.

NAFO vedtok på årsmøtet i 2006 å stengje fire sensitive område i perioden 2007-2010 for fiske med botnreiskap.

Det er også vedteke eit system for å svarteliste fartøy som har delteke i eit UUU-fiske i NAFO-området og som tilhøyrer statar som ikkje er medlemmer av organisasjonen. På årsmøtet i 2006 vart dei samde om at NAFO også vil svarteliste fartøy som er inkludert i NEAFC’s svarteliste.

Meir informasjon finst på NAFOs heimesider: http://www.nafo.ca

3.2.13 NEAFC

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen NEAFCs myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 nautiske mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part, dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at eit reguleringstiltak blir sett i verk. Blant bestandane i Nordaust-Atlanteren, som har eit utbreiingsområde som også omfattar det opne hav, finst mellom anna kolmule, makrell, uer og norsk vårgytande sild.

Figur 3.3 NEAFCs konvensjonsområde

Figur 3.3 NEAFCs konvensjonsområde

I desember 2005 vart kyststatane for første gong samde om ei regulering av fisket etter kolmule. For 2007 har kyststatane inngått ein avtale som er ei vidareføring frå 2006. Kvoten i NEAFC sitt reguleringsområde var i 2007 268.550 tonn, der Russland var tildelt 137.000 tonn og Grønland 10.000 tonn. Resten er fordelt mellom kyststatane etter fordelinga fastsett i kyststatsavtalen (sjå punkt 3.2.10). For 2008 har kyststatane inngått ei avtale som er ei vidareføring frå 2006 og 2007, men med ein monaleg redusert TAC. Kvoten i NEAFC sitt reguleringsområde er i 2008 181.748 tonn, der Russland er tildelt 92.718 tonn og Grønland 6.768 tonn. Det ligg vidare i NEAFC reguleringa at den relative delen dei ulike partane er tildelt, skal gjelde i framtida. For Russland sin del betyr det at deira kvote for 2008 inneheld eit tillegg på 16.282 tonn, som skal fasast ut innan 2012. Alle partane i NEAFC har slutta seg til reguleringa for 2008.

NEAFC vedtok i 1996 for første gong eit avgrensa uttak på oseanisk uer i Irmingerhavet. Partane i NEAFC vart på årsmøtet i 2006 samde om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet i 2007 og fastsette ein totalkvote på 46.000 tonn, mot 62.416 tonn i 2006. For 2008 vart partane ikkje samde om ei regulering på årsmøtet i november 2007. Det vart difor gjennomført forhandlingar mellom kyststatane i januar og februar 2008 og det vart deretter vedteken ei NEAFC regulering på 46.000 tonn for 2008 ved ei postavstemning mellom NEAFC partane.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som vert forvalta av NEAFC, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Den norske uerkvoten for 2008 er, som i åra 2001 til 2007, ein totalkvote for begge områda.

Noreg foreslo på årsmøtet i november 2006 eit forbod mot å fiske uer i Norskehavet i 2007, men med høve til å ha inntil 15% bifangst. Forslaget fekk ikkje tilslutning, men partane i NEAFC slutta seg til ei regulering som forbyr fiske av uer i ICES statistikkområde I og II i perioden 1. januar til 30. juni 2007. NEAFC behandla saka på eit ekstraordinært årsmøte i juni 2007 og vedtok ein TAC på 15.500 tonn for 2007. For Noreg var det avgjerande at det vart fastsett ei regulering for 2007 slik at ein unngjekk eit uregulert fiske, og Noreg aksepterte difor ein TAC som ikkje er i samsvar med vårt primære ønskje om eit forbod mot fiske av uer i 2007. På årsmøtet i 2007 foreslo Noreg igjen eit forbod mot fiske av uer i 2008, basert på den best tilgjengelege vitskaplege rådgjevinga. Igjen fikk ikkje Noreg gjennomslag for sitt syn og det vart fastsett ein kvote på 14.500 tonn for 2008. Partane vart i tillegg einige om å gjennomføre eit forskingstokt på uer i 2008 for å skaffe meir kunnskap om ueren i Norskehavet. Det er gjennomført eit første møte mellom partane om fordeling av uer våren 2008.

18. januar 2007 vart det inngått ein kyststatsavtale for norsk vårgytande sild. Noreg har på bakgrunn av kyststatsavtalen foreslått ei NEAFC-regulering av denne bestanden. Reguleringa vart vedteke ved postavstemming i mai 2007. NEAFC vedtok på årsmøtet i 2007 ei vidareføring av denne reguleringa i 2008.

På årsmøtet i NEAFC i 2000 vedtok partane for første gong ei regulering av fisket etter makrell i internasjonalt farvatn. Kvoten for dette området er for 2007 fastsett til 47.939 tonn og for 2008 sett til 43.629 tonn. Island har reservert seg mot denne reguleringa (sjå punkt 3.2.11).

NEAFC har hatt ein prosess med sikte på å etablere eit forvaltningsregime for djuphavsressursane utanfor jurisdiksjonsområda til kyststatane. I 2004 vedtok NEAFC å redusere innsatsen i fisket etter djuphavsartar med 30%. På årsmøtet i november 2006 var det semje om ein ytterlegare reduksjon av innsatsen med 5%, til 65% for 2007. Denne vart ført vidare for 2008

På årsmøtet i 2006 tok Noreg opp spørsmål knytt til tapte og etterlatne garn i djuphavsfiske. Som følgje av dette vart det vedteke eit mellombels forbod mot fiske med garn på djupare vatn enn 200 meter inntil NEAFC har utvikla eit teknisk regelverk for garnfiske, mellom anna med reglar om røkting av garn. Dette forbodet er vidareført i 2008.

Partane har slutta seg til endringar i konvensjonsteksten for å gi organisasjonen mandat til å gjennomføre ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av ressursane i konvensjonsområdet. Forslaget inneber at konvensjonsteksten vert oppdatert i høve til den utviklinga som har skjedd på dette området sidan 1982, så som havrettstraktaten, FN-avtalen om fiske på det opne hav mv. Partane har også slutta seg til ei erklæring der dei forpliktar seg til å tolke konvensjonsteksten i tråd med dei vedtekne konvensjonsendringane fram til desse trer i kraft.

NEAFC vedtok i 2004 å stengje fem område for botntråling og fastståande reiskapar, for perioden 1. januar 2005 til 31. desember 2007. Denne stenginga vart på årsmøtet i 2007 forlenga til å gjelde også i 2008. På årsmøtet i 2006 vart det vedteke å stengje ytterlegare fem område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne korallrev, og stenginga gjeld ut 2009. Spørsmålet om stenging av område skal behandlast av eit ekstraordinært årsmøte i NEAFC i juli 2008, der partane skal leggje til rette for ei heilskapleg tilnærming til dette i reguleringsområde til NEAFC.

På årsmøtet i 2006 vedtok partane eit nytt regelverk for kontroll og handheving (Scheme of Control and Enforcement) som blant anna inneheld reglar om hamnestatskontroll. Det nye regelverket vart sett i kraft 1. mai 2007. Reglane om hamnestatskontroll er omtala nærare i kap. 5.3.

På årsmøtet i 2005 oppretta NEAFC for første gong ei såkalla svarteliste. Det vil seie ei liste over fartøy som ikkje har rett til å fiske i NEAFC sitt reguleringsområde eller som har motteke fisk frå slike fartøy. Med det nye regelverket er grunnlaget for å svarteliste fartøy betra. Reglane gjeld for fartøy som ikkje fører flagget til eitt av medlemslanda i NEAFC. Fram til 1. mai 2007 omfatta regelverket berre aktivitet i internasjonalt farvatn, men etter regelendringa gjeld det også aktivitet i medlemslanda sine økonomiske soner. Svartelista fartøy skal ikkje få løyve til å gå i hamn eller ta i mot sørvis eller forsyningar, føreta mannskapsbyte og liknande i hamnene til medlemslanda. På årsmøtet i 2007 vedtok NEAFC at fartøy som står på svartelistene til NAFO, CCAMLR og SEAFO og som ikkje er flagga i nokre av NEAFC-landa, skal inkluderast i svartelista til NEAFC. Det vart også vedteke at NEAFC skal sirkulere si svarteliste til desse organisasjonane.

I 2006 vart organisasjonen evaluert av ei gruppe samansett av både interne og eksterne representantar (NEAFC performance review panel). Gruppaleiar var Michael Arbuckle frå FAO. Rapporten vart lagt fram like før årsmøtet i 2006 og konkluderte med at NEAFC fungerer svært bra på mange område og at konvensjonen gir eit godt grunnlag for den framtidige forvaltninga av ressursane i Nordaust-Atlanteren. Rapporten gir også NEAFC ein del utfordringar, og det vart vedteke at arbeidsgruppa for NEAFC si framtid skulle sjå på tilrådingane som evalueringsgruppa har kome med. Konklusjonane frå arbeidsgruppa vart behandla av det ekstraordinære årsmøtet i juni 2007.

Meir informasjon finst på NEAFCs heimesider: http://www.neafc.org/

3.2.14 IWC og NAMMCO

IWC

Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. IWC vart oppretta for å sikre ei berekraftig forvaltning av kvalressursane, og Noreg deltek på årsmøta og andre møte om forvaltning av kval. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er derfor ikkje bunden av det. Frå 1994 til 2006 arbeidde IWC utan å lukkast med å få på plass eit revidert forvaltningsregime. Det var tanken at eit revidert forvaltningsregime skulle opne for kommersiell kvalfangst.

Hovudsaka i IWC er no diskusjonen om kva som skal vere IWCs oppgåve i framtida. Det er uklart om det kan bli semje om noko som helst. Noreg kan vanskeleg gå med på kompromissar som ikkje opnar for at IWC igjen tar til med å forvalte kvalressursane.

Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for vurdering av dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteberekningsmodellen, som er svært konservativ, er utvikla slik at den kan brukast til å berekne kvotar for alle bardekvalartar. Den norske kvoten vert fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWCs vitskapskomité. Også for 2008 har Noreg autonomt fastsett ein norsk kvote på 1052 dyr.

Under årsmøta i 2006 og 2007 la Noreg fram forslag til ei justering av kvoteberekningsmodellen basert på forsking som er gjennomført i Noreg. Forslaget vart godt motteke. Ein reknar med at dette arbeidet vil bli avslutta i 2008, og at det vil føre til høgare kvotar for norsk fangst i framtida.

Meir informasjon finst på IWCs heimesider: http://www.iwcoffice.org/

NAMMCO

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, vart etablert i 1992. Hovudoppgåva var å arbeide for vern og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar òg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidet i arbeidsgrupper.

NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre jaktmetodar, eit arbeid som har interesse langt utover medlemslanda i NAMMCO. Representantar frå alle dei nordiske landa, Russland, Japan, Canada og USA deltek i dette arbeidet. Resultata gir grunnlag for å forbetre jaktmetodane og setje nye standardar for jakt på sjøpattedyr. Arbeidet er no særleg relevant for dei drøftingane som går føre seg i EU om mogleg innføring av handelsrestriksjonar for produkt av sel.

NAMMCOs vitskapskomité driv forsking på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. I år har NAMMCO koordinert telletokt for kval i heile Nord-Atlanteren. Det har vore samarbeid med EU-land, Canada og USA om desse teljingane.

Arbeidet med å utvikle fleirbestandsmodellar går sakte fordi ein ventar på framdrift i nasjonale forskingsprosjekt. Dette arbeidet er viktig for forvaltninga av dei marine ressursane, og Noreg går inn for at NAMMCO skal prioritere arbeidet med økosystembasert tilnærming til forvaltning av sjøpattedyra i våre havområde.

Meir informasjon finst på NAMMCOs heimesider: http://www.nammco.no/

3.2.15 CCAMLR

Kommisjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis, CCAMLR, vart oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane. «Bevaring» er i konvensjonen definert slik at det omfattar rasjonell utnytting av ressursane. I byrjinga vart CCAMLR omtala som krill-konvensjonen. Utanom fisket etter krill føregår det eit direkte fiske etter antarktisk tannfisk, patagonisk tannfisk og makrell-isfisk i området.

CCAMLR vedtek årleg tilrådingar av totalkvotar for dei ulike artane i konvensjonsområdet, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmane. Det er såleis ope for eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket vert stogga når totalkvotane er tekne. Kvotane er likevel delt på nokre underområde. Føremålet med det er å hente inn informasjon frå nærast heile området gjennom å spreie fangstane.

Noreg fastsette 13. mars 1998 ei føresegn om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Føresegna gjeld for norske statsborgarar og personar busette i Noreg som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta løyve frå norske styresmakter. I fangstsesongen 2003/04 tok for første gong eit norsk fartøy del i fiske i Antarktis, nærare bestemt i eit forsøksfiske etter patagonisk tannfisk i Rosshavet. Det same fartøyet har fiska i dette området i alle år sidan, men deltek ikkje i 2008. Alt fiske med norsk fartøy gjennomførast med vitskaplege observatørar frå andre CCAMLR-partar om bord. På dette vis hjelper fiskefartøya til med innsamling av data som kan nyttast av CCAMLR’s vitskapskomite.

Det er store krillressursar i Sørishavet. I 2000 vart det gjort ei akustisk mengdemåling av førekomstane av krill i store delar av område 48. Resultatet av kartlegginga var ei biomasse rekna ut til 44 millionar tonn, og ein tilrådd fangst på 4 millionar tonn, delt nokolunde likt mellom dei fire underområda av område 48. For å gjennomføre den tilrådde fangsten er det eit vilkår at det vert oppretta område for forvaltninga som har mindre geografisk utstrekning enn dei fire underområda. Arbeid med dette er ikkje ferdig. Den maksimale fangsten for heile område 48 er 620.000 tonn inntil desse mindre områdane er etablerte. Dei siste åra har totalfangsten vore mellom 100.000 og 150.000 tonn. For 2008 har Noreg meldt på fire fartøy for fiske etter krill, men det ventast at ikkje alle kjem til å fiske. Med tida kan fisket etter krill bli særs viktig i CCAMLR-området, og det er fleire norske og utenlandske firma som viser interesse for dette. Noreg og Storbritannia har gjort avtale om vitskapleg observasjon av dette fisket.

Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å overvake internasjonal handel og vise at patagonisk tannfisk som vert importert til eit medlem av organisasjonen, er fanga i samsvar med CCAMLRs regelverk eller teken utanfor CCAMLR-området. Det skjer ei kontinuerleg evaluering for å betre systemet og tette eventuelle smotthol. Noreg sette i verk dette systemet i mars 2000. Elektronisk fangstdokumentasjon ser ut til å vere vanskelegare å forfalske enn tradisjonell dokumentasjon. Ei prøveordning med slik fangstdokumentasjon har vore i drift eit par år.

Noreg deltok på CCAMLR sitt årsmøte i 2007. Det har lenge vore fokusert på det ulovlege fisket (innanfor dei økonomiske sonene) og det uregulerte fisket (på det opne hav innanfor konvensjonsområdet) etter patagonisk tannfisk, såkalla UUU-fiske. Sjølv om estimata for UUU-fiske er usikre, er det teikn som tyder på at omfanget no er monaleg mindre enn for få år sidan. Fisket vert drive både av fartøy som fører flagget til CCAMLR-medlemmer og fartøy under fordelsflagg. CCAMLR har i løpet av dei siste åra innført ei rekkje tiltak for å motverke denne aktiviteten. Nye tiltak vedtekne i 2007 er særskilde tiltak for vern av sårbare marine økosystem. Her må det gjerast ei vitskaplig vurdering av korleis fiske med reiskap som kjem i kontakt med botn, verkar på slike økosystem.

Meir informasjon finst på CCAMLRs heimesider: http://www.ccamlr.org/

3.2.16 ICCAT

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk, ICCAT, vart etablert i 1969. Fiskeriorganisasjonens primære funksjon er å bevare og forvalte tunfisk og tunfiskliknande artar i Middelhavet og Atlanterhavet. ICCATs kompetanseområde omfattar ca. 30 artar, og av desse er makrellstørje av særleg interesse for Noreg.

Den nordaust-atlantiske makrellstørja er ein langtmigrerande bestand som gyt i Middelhavet, og dreg på beitevandring nordover til norskekysten om sommaren og tidleg på hausten. Noreg hadde eit omfattande fiske etter makrellstørje på 1950- og 1960-talet, men fisket tok slutt i 1986. Frå slutten av 1990-talet tyda førekomstar av makrellstørje i norske farvatn på at bestanden kunne komme til å ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster og igjen verte tilgjengelig for fiske i norske farvatn. Som følgje av dette møtte Noreg som observatør i ICCAT frå 1998 til 2003.

1. mars 2004 vart Noreg medlem av ICCAT etter at Stortinget hadde ratifisert konvensjonen 17. desember 2003. ICCAT var lenge dominert av interessene til fjernfiskestatane, og opererte inntil nyleg med kriterium for tildeling av kvotar som var baserte på historisk fiske, og som ikkje tok omsyn til kyststatanes rettar (t.d. sonetilhøyringsprinsippet). Årsmøtet i 2001 vedtok nye kriterium for tildeling av kvotar. Dei nye kriteria vernar no interessene til kyststatane slik Noreg har definert dei.

Noreg deltok som fullt medlem for første gong på årsmøtet i 2004. Då fekk Noreg aksept for å kunne fiske inntil 100 tonn makrellstørje årleg av samlekvoten på 1.000 tonn som var sett av til dei som ikkje var tildelt særskilt kvote for forvaltningsperioden, som gjekk fram til 2007. Det var ikkje makrellstørje som kunne fiskast i våre farvatn i 2005 eller i 2006.

Makrellstørjebestanden er i svært dårleg forfatning på grunn av høgt overfiske over lang tid og dårleg vern av ungfisken i Middelhavet. I ICCAT arbeider Noreg for ei betre forvaltning av bestanden. På årsmøtet i 2005 la Noreg fram eit forslag om betre vern av ungfisk i Middelhavet. Mange land støtta forslaget, men det vart ikkje vedteke. Betre vern av ungfisken i Middelhavet er nødvendig for at bestanden på nytt kan bli så stor at han kjem ut i Atlanteren på beitevandring i større omfang. Då kan makrellstørja beite på dei store pelagiske fiskeartane som er i god forfatning, slik at den enkelte makrellstørja kan utnytte vekstpotensialet sitt.

ICCAT vedtok på årsmøtet i 2006 ein oppbyggjingsplan for makrellstørje. Noreg røysta mot forslaget fordi forvaltningstiltaka i planen etter norsk syn ikkje er tilstrekkelege for å stanse den negative bestandsutviklinga. Dette gjeld i første rekkje nivået på TAC for kvoteperioden 2007 – 2010, som vart satt høgt over forskarane si tilråding på 15.000 tonn. Etter norsk syn gir planen for dårleg vern av gytebestanden i Middelhavet. Oppbyggjingsplanen inneber ein gradvis reduksjon av TAC frå 29.500 tonn i 2007 til 25.500 tonn i 2010.

På eit møte i januar 2007 vart det inngått ein avtale om fordeling av TAC for makrellstørje på medlemslanda i ICCAT for perioden 2007-2010. Noreg fekk for første gong ein kvotedel og vart såleis offisielt godkjent som kyststat til makrellstørjebestanden. Den norske kvoten var på 53,34 tonn i 2007. I tråd med oppbyggjingsplanen er kvoten redusert til 51,53 tonn i 2008. Noreg ønskjer likevel ikkje å fiske makrellstørje før bestandssituasjonen er betre, og har derfor satt forbod mot fiske av makrellstørje og såleis avsett kvoten til bevaring av størja.

Meir informasjon finst på ICCATs heimesider: http://www.iccat.es/

3.2.17 SEAFO

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, SEAFO, vart etablert 20. april 2001 og har hovudsete sitt i Namibia.

Det overordna målet til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.

SEAFO – konvensjonen vart underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegne av St. Helena) og Sør-Afrika, og dessutan EU, Island, Noreg, Sør-Korea og USA. Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. Konvensjonen er elles ratifisert av Angola, Namibia og EU-kommisjonen. SEAFO-konvensjonen tok til å gjelde 13. april 2003.

Dei norske kommersielle interessene i SEAFO-området er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan få i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om felles fiskeriressursar, og at Noreg også deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. Norsk deltaking i SEAFO kan både gi innsyn i statspraksisen i området og høve til å påverke den. Vidare vil Noregs to- og fleirsidige bistandsengasjement i regionen kunne styrkast gjennom deltaking i SEAFO.

Som vi veit vert UUU-fartøy svartelista av regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar, og Noreg har no gjort opptaket til ein prosess som skaper ei global svarteliste ved at dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane godkjenner svartelistene til kvarandre. På årsmøtet i SEAFO i oktober 2007 vart det bestemt at SEAFO skal godkjenne listene frå CCAMLR, NAFO og NEAFC. For tre år sidan etablerte SEAFO ein lettversjon av eit system for hamnestatskontroll som det var semje om. På møtet i 2007 vart dette vesentleg utbygd. Det inkluderer no utpeiking av spesielle hamner, etablering av eit SEAFO-register over slike hamner, krav om notifisering før ein kjem til hamna, forbod mot mottak av UUU-fangstar, inspeksjonsprosedyrar og krav om utfylling av ein harmonisert inspeksjonsrapport.

På møtet i 2006 stengde SEAFO 10 sensitive marine område, som omfattar 15 undervassfjell («seamounts»). Møtet i år skulle ta stilling til småskala forsøksfiske i nærare bestemte delar av områda basert på innspel frå Vitskapskomiteen. Men det vart ikkje lagt fram slike tilrådingar og områda er framleis lukka. Samtidig vart det semje om at fiske ikkje kan takast opp att før sensitive område innanfor dei stengde områda er identifiserte og analyserte med omsyn til påverknad frå eit eventuelt fiske.

Meir informasjon finst på heimesidene til SEAFO: http://www.mfmr.gov.na/seafo/seafo.htm www.seafo.org

Til forsida