St.meld. nr. 38 (2004-2005)

Noregs deltaking i Europarådet i 2003 og 2004

Til innhaldsliste

5 Førebygging av kvardagsvold i Europa: Reaksjonar i eit demokratisk samfunn

5.1 Ad-hoc-konferansen for europeiske ministrar med ansvar for førebygging av vald i kvardagslivet, Oslo 7. - 9. november 2004

5.1.1 Resolusjon om førebygging av kvar­dags­vald i Europa

  • MINISTRANE som deltok på ad-hoc-konferansen av europeiske ministrar med ansvar for førebygging av vald i kvardagslivet (Oslo 7. – 9. november 2004),

  • som minner om at Europarådet har til mål å fremje pluralistisk demokrati, lovstyre og grunnleggjande rettar og fridommar på det europeiske kontinentet,

  • som merkjer seg at vald i kvardagslivet opptek dei fleste innbyggjarane i medlemsstatane i Europarådet og kan føre til ei aukande kjensle av utryggleik,

  • som ser med sorg på dei veldige individuelle og økonomiske konsekvensane av kvardagsvald,

  • som er overtydde om at ein heilskapleg og samordna nasjonal og regional politikk for å redusere valden i kvardagslivet i lengda har dei beste utsiktene til å lukkast,

  • som hevdar at ein slik politikk må respektere og styrkje menneskerettane og lovstyret,

  • som tek omsyn til arbeidet som vert gjort på dette området innanfor det mellomstatlege aktivitetsprogrammet til Europarådet og av parlamentarikarforsamlinga og av kommunalkongressen i Europarådet, og særskilt til dei juridiske dokumenta, erklæringane, retnings­-linjene, rapportane, handbøkene og eksempla på god praksis som er utarbeidde i samsvar med det integrerte prosjektet ”Reaksjonar på vald i kvardagslivet i eit demokratisk samfunn” (2002-2004), som generalsekretæren tok initiativet til,

  • som har diskutert konklusjonane og dei tolv politiske prinsippa for ein samordna reaksjon på vald i kvardagslivet som er skissert i sluttrapporten frå det integrerte prosjektet,

  • som har merkt seg arbeidet som er utført på dette området av andre internasjonale organisasjonar, særleg Verdshelseorganisasjonen og Den europeiske unionen, og det viktige arbeidet som vert gjort av samanslutningar i sivilsamfunnet,

  • som meiner at det bør oppmuntrast til demokratisk debatt om reaksjonar på kvardagsvald og førebyggjande tiltak både generelt og i lys av dei konstitusjonelle rammene og dei konkrete prioriteringane til kvar einskild medlemsstat,

  • SER POSITIVT PÅ resultata av den innsatsen Europarådet har gjort i samband med det integrerte prosjektet ”Reaksjonar på vald i kvardagslivet i eit demokratisk samfunn” for å betre kunnskapen om situasjonen når det gjeld kvardagsvald og førebygging av slik vald i Europa, og for å tilby dei politisk ansvarlege og dei som opererer i felten pragmatiske verktøy og eksempel på god praksis med sikte på å føre ein integrert førebyggingspolitikk,

  • OPPMODAR medlemsstatane i Europarådet om å stimulere til at det vert utvikla og gjennomført politikk på nasjonalt og regionalt plan med sikte på å hindre og redusere valden i kvardagslivet på grunnlag av dei tolv prinsippa som er oppsummerte i vedlegget til denne resolusjonen,

  • OPPMODAR medlemsstatane i Europarådet om å betre kunnskapen om ulike former for vald, om dei grunnleggjande årsakene til desse og om samanhengar og konsekvensar, og å utveksle informasjon om forsking på desse spørsmåla,

  • BER ministerkomiteen i Europarådet sikre breiast mogeleg kjennskap til resultata og konklusjonane frå det integrerte prosjektet, særleg dei juridiske dokumenta, dei strategiske prinsippa, erklæringane, retningslinjene, rapportane, handbøkene og eksempla på god praksis som er utarbeidde av Europarådet i samband med prosjektet,

  • BER ministerkomiteen utarbeide ei tilråding til medlemsstatane i Europarådet om utvikling av nasjonal eller regional politikk til førebygging og reduksjon av vald i kvardagslivet på grunnlag av dei tolv strategiske prinsippa som er oppsummerte i vedlegget til denne resolusjonen,

  • BER ministerkomiteen støtte initiativet frå kommunalkongressen om å etablere ei europeisk observasjonsordning for kvardagsvald i samarbeid med andre mellomstatlege organisasjonar, Den europeiske unionen og sivilsamfunnet,

  • BER ministerkomiteen stimulere til arbeid i saker som gjeld førebygging og reduksjon av vald i kvardagslivet innanfor det mellomstatlege aktivitetsprogrammet (særleg på områda rettssamarbeid, menneskerettar, sosialt samhøyr, helse, støtte til valdsoffer, utdanning, ungdom, idrett og kultur) med endå større vekt på tverrfagleg handling og sektorovergripande samordning,

  • BER om støtte frå ministerkomiteen til at det i samband med det mellomstatlege aktivitetsprogrammet vert gjennomført eit tverrfagleg prosjekt om born og vald, basert på konklusjonane frå det integrerte prosjektet.

5.2 Vedlegg til resolusjonen

5.2.1 Oppsummering av prinsipp for ein integrert politikk for tiltak mot vald i kvardagslivet 1

  1. Samordna tilnærmingsmåte: vald i kvardagen krev eit heilskapleg og samordna system av reaksjonar som må setjast ut i livet gjennom tematisk, horisontal, vertikal og strategisk integrasjon av nasjonale førebyggingsstrategiar og gjennomføring av desse på alle nivå.

  2. Systematisk bruk av partnarskap: eit integrert reaksjonsmønster mot kvardagsvald bør byggje på partnarskap mellom alle menneske og institusjonar som arbeider for å hindre og redusere vald slik at ressursane kan samkøyrast og ansvaret delast, samtidig som rollene til alle involverte vert respekterte.

  3. Demokratisk ansvarleggjering og deltaking frå sivilsamfunnet: reaksjonar på vald bør kunne kontrollerast av dei demokratisk valde representantane for innbyggjarane på alle nivå og involvere sivilsamfunnet gjennom aktiv deltaking.

  4. Førebyggjande tilnærmingsmåte: i første rekkje bør vald førebyggjast, men konsekvensane av vald som vert utøvd bør reduserast til eit minimum. Det bør leggjast særleg vekt på opplæringstiltak.

  5. Offerorientert tilnærmingsmåte: tilstrekkeleg støtte, omsorg og vern for valdsoffer bør vere retningsgjevande for all planlegging, gjennomføring og evaluering av reaksjonar på vald.

  6. Utøvarorientert førebygging: rehabilitering av valdsutøvarar, reintegrering i samfunnet og førebygging av tilbakefall bør takast på alvor som mål for ein samla førebyggingspolitikk.

  7. Utvida bruk av mekling: mekling bør fremjast som eit frivillig og gjenopprettande middel til å hindre og løyse konfliktar, samtidig som bruksområdet, metodane og etikken ved dette bør avklarast.

  8. Prioritering av lokale førebyggingsprogram: lokale partnarskapar til førebygging av vald bør ha tilstrekkeleg prioritet og ressurstilgang.

  9. Planlegging og kontinuerleg evaluering: mottiltak mot vald bør vere nøye planlagde på grunnlag av situasjonsanalysar; dei bør vere tilstrekkeleg dokumenterte og bør evaluerast kontinuerleg etter tilsvarande og faktabaserte kriterium.

  10. Berekraft: førebyggingsprogram bør vere planlagde og finansierte for tilstrekkeleg lang tid til at den tiltenkte effekten kan oppnåast og haldast ved lag.

  11. Opplæring for alle partnarar: dei som arbeider i valdsførebyggjande partnarskapar, bør får opplæring eller retteleiing i pakt med dei kvalifikasjonar oppgåvene krev.

  12. Tverrfagleg forskingspolitikk: tverrfagleg forsking på vald bør støttast for å generere ein tilstrekkeleg kunnskapsbase for strategiutvikling og praksis.

Fotnotar

1.

Ein meir detaljert versjon av desse prinsippa er å finne i sluttrapporten frå det integrerte prosjektet ”Reaksjonar på vald i kvardagslivet i eit demokratisk samfunn”, Til kamp mot kvardagsvalden i Europa: ein integrert tilnærmingsmåte. Europarådet, Strasbourg. 2004.

Til forsida