St.meld. nr. 38 (2004-2005)

Noregs deltaking i Europarådet i 2003 og 2004

Til innhaldsliste

4 Konferansen Styrking av lokalstyre og demokratisk deltaking i ei verd i endring, Oslo 30. september – 1. oktober 2004

4.1 Konklusjonar ved konferanseleiaren, kommunal- og regionalminister Erna Solberg

4.1.1 Innleiing

Det har vore ei glede for meg å vere vert for denne konferansen om ”Styrking av lokalstyre og demokratisk deltaking i ei verd i endring”. Eg vil gjerne takke alle talarane og deltakarane på denne konferansen, som eg trur har vore eit viktig steg i vårt felles europeiske strev for å styrkje lokal- og regionaldemokratiet.

Konferansen har:

  • gjort opp status for situasjonen i dag når det gjeld publikumsdeltaking på lokalt plan

  • sett nærare på korleis deltaking og kapasitetsbygging kan styrkjast

  • diskutert korleis organa i Europarådet kan brukast til å fremje dette arbeidet.

Konferansen vitnar om at Europarådet framleis spelar ei leiarrolle når det gjeld å utvikle, gjennomføre og overvake standardar på området lokal- og regionaldemokrati.

Som leiar for konferansen skal eg prøve å oppsummere nokre av konklusjonane og gje nokre tilrådingar for framtida.

4.1.2 Konklusjonar

Konklusjonane kan grovt sett delast inn i fire typar spørsmål:

  • deltaking generelt

  • representativt demokrati

  • deltakande demokrati

  • kapasitetsbygging.

Deltaking generelt

Ein svært viktig konklusjon er at det er ein sentral samanheng mellom lokalt og regionalt demokrati, deltaking og effektivitet. På den eine sida er deltaking grunnleggjande både for eit sunt demokrati og for eit effektivt styringsverk. På den andre sida er deltaking utenkjeleg utan demokratiske garantiar. Deltakinga kan heller ikkje blomstre dersom lokale og regionale styresmakter ikkje har dei institusjonelle midla og dei økonomiske, organisatoriske og menneskelege ressursane som skal til for å levere den politikken og dei tenestene publikum treng og med rette ventar seg.

Når det gjeld tilhøvet mellom deltakande demokrati og representativt demokrati, har det vore understreka at desse to bør utfylle kvarandre. Representativt demokrati har vore og er den mest likeverdige forma for deltaking. Deltakande demokrati set publikum i stand til å engasjere seg på mange og viktige område, men må ikkje bli ein kanal berre for grupper og individ som frå før har ei sterk stilling i samfunnet.

Trendundersøkingar frå ei rekkje land viser at deltakinga er i ferd med å bli meir individualistisk og forbrukarprega, i motsetnad til meir tradisjonelle aktivistiske og kollektive former. Denne tendensen er ei alvorleg utfordring. Den individualistiske, forbrukarprega innstillinga til demokrati illustrerer på den eine sida at individet står fritt til å velje. På den andre sida kan ei slik innstilling svekkje det demokratiske samfunnet generelt dersom innbyggjarane berre søkjer fordelar for seg sjølve og ikkje er villige til å dele byrdene. Vi må difor gjere meir for å sikre oss at innbyggjarane kan følgje med på den demokratiske diskusjonen i vidare forstand og framleis engasjerer seg i denne diskusjonen.

Eit anna viktig spørsmål gjeld evaluering. Debattane om negative og positive ringverknader, særleg når det gjeld deltakande demokrati, held fram. Vi må vedgå at vi enno ikkje veit så mykje om kva som eigentleg fungerer. Vi har få harde fakta om kva som kjem ut av deltakingsprosessar. Så lenge det er slik, kan mekanismane for publikumsdeltaking lett bli påverka av endringar i den politiske balansen og kortsiktige budsjettomsyn. Det må leggjast mykje større vekt på å evaluere kor godt slike deltakingsmekanismar fungerer, ikkje berre med det same dei er vedtekne og iverksette, men som ein integrert del av politikkutforminga. Slik evaluering krev nært samarbeid frå første stund mellom politiske avgjerdstakarar, praktikarar og forskarar. Vi fekk òg presentert ein ny analysemodell (CLEAR) for faktorar som påverkar deltakinga.

Eit siste generelt punkt gjeld strategiar og kven som gjer kva. Konferansen har diskutert korleis vi skal gå fram i arbeidet med å innføre, utvikle, evaluere og forbetre deltakingsordningar. I samband med dette spørsmålet må vi òg tenkje gjennom rollene til dei ulike aktørane, innbyggjarane, sivilsamfunnet, dei sentrale styresmaktene, lokale og regionale styresmakter og deira samanslutningar, valde representantar og politiske parti.

Representativt demokrati

Når det gjeld det representative demokratiet, ser det ut til at deltakinga i lokalval er i tilbakegang i mange av landa som vi representerer. Dette er unekteleg ei negativ utvikling, ettersom eit demokratisk samfunn ikkje er livskraftig utan ein aktiv veljarmasse. Styringsverk og politikarar må vere opptekne av legitimiteten i vedtaka dei gjer og i det representative systemet generelt. Det må likevel understrekast at valdeltakinga ikkje er fallande i alle land. Dette kan gje grunnlag for ein viss optimisme og tene som ein indikator på faktorar som kan styrkje deltakinga.

Vi har òg merkt oss rapportane om tiltak som er sette i verk av medlemsstatar i Europarådet med sikte på å styrkje deltakinga i lokalval og det representative demokratiet, særleg dei som går fram av tilråding (2001)19. Ei undersøking som Europarådet nyleg har gjort for å finne ut kor mange av dei føreslegne tiltaka som er iverksette, viste at ein god del av dei er vedtekne av eit fleirtal av landa som var med i undersøkinga. Flest land har vedteke dei tiltaka som har til mål å forenkle valavviklinga og introdusere nye stemmemåtar.

Deltakande demokrati

I spørsmålet om deltakande demokrati har vi høyrt om fleire nysatsingar og forsøksordningar, mellom anna innføring av initiativrett, etablering av brukarutval for å få kunnskap om kva innbyggjarane ventar seg og til å ta hand om klager, bruk av internett til direkte kommunikasjon med publikum utan å gå vegen om media, og innføring av borgarjuryar. Fleire land innfører no tiltak på forsøksbasis og gjer bruk av pilotprosjekt.

Når det gjeld tiltak med sikte på å oppmuntre til publikumsdeltaking i lokale avgjerdsprosessar, inneheld europarådstilråding (2001) 19 ein heil katalog over tiltak, og undersøkinga som nyleg er gjennomført viser at mange av desse er tekne i bruk.

Kapasitetsbygging

Som eg sa tidlegare, er deltaking sterkt knytt til effektivitet, og for å bli effektive må lokale og regionale organ ha nødvendig kapasitet i form av lover, institusjonar og ressursar.

Kapasitetsbyggingsprosjekt vert gjennomførte over heile kontinentet, og vi har utveksla erfaringar av mange slag og frå ulike nivå. Denne konferansen har fokusert på lokale styresmakter, samanslutningar i lokalforvaltninga og på innbyggjarane sjølve. Europarådet er aktivt engasjert i prosjekt for å gjere dette arbeidet meir berekraftig og effektivt.

Nært knytt til spørsmålet om kapasitetsbygging er utviklinga av det som gjerne vert kalla ”den lærande kommunen”. Vi har fått presentert ulike strategiar for dette, og har sett at det er mogeleg å oppnå viktige resultat. Vi har sett at samarbeid og kunnskapsutveksling over landegrensene skjer over heile Europa, men dette må stimulerast både av sentrale styresmakter og av Europarådet.

4.1.3 Tilrådingar

Vi må halde fram med innsatsen på dette feltet fordi vi meiner at publikumsdeltaking, både ved val og på andre måtar, er vesentleg for at demokratiet skal fungere. Difor må vi:

  • syte for at lokale styresmakter, i pakt med Europarådets charter om lokalt sjølvstyre, har eller får tilført kapasitet til å regulere og forvalte ein vesentleg del av alle offentlege saker under eige ansvar og til beste for lokalbefolkninga; dette gjeld både lovverk, institusjonsstruktur og økonomiske, organisatoriske og menneskelege ressursar

  • arbeide vidare for å få gjennomført tilråding (2001) 19 ved å skissere og utvikle strategiar på deltakingsområdet, særleg gjennom forsøk og pilotprosjekt, og arbeide vidare med å få underteikna og ratifisert Den europeiske konvensjonen om politisk deltaking på lokalt nivå for utlendingar, og gjennom vedaking av det reviderte europeiske charteret om politisk deltaking for unge på lokalt og regionalt plan

  • fokusere på effektivitetsevaluering, særleg ved å ta evaluering direkte med i politikkutforminga og samtidig forbetre diagnoseverktøya for slik evaluering

  • følgje med på og analysere generelle tendensar og utviklingstrekk når det gjeld deltaking

  • gjere meir for å sikre oss at innbyggjarane kan følgje med på den demokratiske diskusjonen i vidare forstand og framleis engasjerer seg i denne diskusjonen

  • dele informasjon og røynsler og lære av kvarandre på alle punkt som er nemnde ovanfor, både på lokalt, nasjonalt og europeisk nivå, og utvikle vår eigen metodikk til dette

Oppgåva til dei sentrale styremaktene, og regionane i føderalstatar, er å setje lokale og regionale styresmakter i stand til å utføre sine oppgåver ved å syte for at dei nødvendige juridiske og økonomiske rammevilkåra er oppfylte. Vidare må det ytast støtte til nye initiativ.

Initiativet til å utvikle demokratisk deltaking på lokal- og regionalnivå skal liggje hos lokale og regionale styresmakter og valde representantar. Dette inneber at det også bør vere dei som sikrar at systematiske evalueringar vert gjennomførte og inngår i prosjekta frå starten av. Publikum og sivilsamfunnet må stå sentralt i dette utviklingsarbeidet og ha eige ansvar.

Ein rår til at lokale og regionale styresmakter ser nærare på korleis det kan utviklast eit meir effektivt demokratisk lokalstyre, at dei blir meir kreative innanfor dei rammene som er fastlagde.

Organa i Europarådet, mellomstatleg sektor og kommunalkongressen i Europarådet bør også heretter følgje med på gjennomføringa av europarådsstandardar og sjå nærare på om det er behov og rom for ytterlegare standardar innanfor demokratisk deltaking på lokalt og regionalt nivå. Dei bør utvikle ei berekraftig evne til å støtte full gjennomføring av europarådsstandardar i medlemsstatane. Vidare bør dei syte for at forumet og prosessane som krevst for å utveksle informasjon og erfaringar er til stades, og utvikle den metodikken som trengst til dette. Endeleg kan lokale og regionale styresmakter ha stor nytte av å danne nettverk med kvarandre via eigne samanslutningar og sentrale styresmakter med sikte på å komme fram til optimal praksis. Europarådet kan aktivt stimulere opprettinga av transeuropeiske lærenettverk mellom kommunar.

Til forsida