St.prp nr. 1 Tillegg nr. 1 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Om endring av Kulturdepartementets budsjettforslag for 2001

Til innhaldsliste

2 Kap. 321 Kunstnarformål

Forslag om reduksjon i forslaget til løyving i 2001 til vederlagsordningar

I St.prp. nr. 1 (2000-2001) er det fremja forslag om ei løyving til vederlagsordningar på 86,5 mill. kroner under kap. 321, post 75 Vederlagsordningar. Nye utrekningar viser at behovet for midlar til vederlagsordningane i 2001 blir lågare enn den summen som det er fremja forslag om i St.prp. nr. 1 (2000-2001).

Kulturdepartementet foreslår at forslaget til løyving i 2001 under kap. 321, post 75 blir redusert med 2,3 mill. kroner til 84,2 mill. kroner.