St.prp nr. 1 Tillegg nr. 1 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Om endring av Kulturdepartementets budsjettforslag for 2001

Til innhaldsliste

3 Kap. 322 biletkunst, kunsthandverk og offentleg rom

Forslag om ei særskilt fullmakt til å inngå avtale om forsikringsansvar i samband med utstillinga «Visions de la nature» ved Bergen Kunstmuseum

Bergen kunstmuseum har gjennom ei samarbeidsavtale med kunstinstitusjonen Petit Palais i Paris fått lovnad om å vise ei utstilling av viktige landskapsmålarar frå 1800-talet. Blant dei kunstnarane som er representerte i utstillinga er m.a. Corot, Cezanne, Sisley, Pissarro og Monet. Kvaliteten og omfanget på utstillinga vil gjere utstillinga til ei av dei store kunsthendingane i Noreg i 2001. Det bilaterale samarbeidet omfattar også tilbakelån av ei utstilling av ein norsk, klassisk kunstnar. Eit slikt høve er viktig for å fremje norsk kultur i utlandet.

I St.prp. nr. 1 (2000-2001) er det fremja forslag om ei øvre grense for å inngå avtaler om forsikringsansvar i samband med store utanlandske utstillingar i 2001 på 750 mill. kroner. For utstillinga ved Bergen kunstmuseum er det aleine behov for ei forsikringsramme på inntil 800 mill. kroner. Dette inneber at det ikkje vil vere rom for å inngå avtaler om forsikringsansvar for andre store utanlandske utstillingar i store delar av 2001 innanfor den ordinære ramma på 750 mill. kroner. Det er derfor behov for ei særskilt ramme for denne utstillinga.

Kulturdepartementet foreslår at forslag til vedtak III i St.prp. nr. 1 (2000-2001) blir utvida med eit nytt punkt som gir Kongen høve til å inngå særskilt avtale om forsikringsansvar for inntil 800 mill. kroner i samband utstillinga «Visions de la nature» ved Bergen Kunstmuseum, jf. forslag til vedtak III nedanfor.