St.prp nr. 1 Tillegg nr. 14 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 Om fullmakt til å ta opp statslån mv., og om saldering av statsbudsjettet 2003

Til innhaldsliste

5 Statens lån i utlandet

5.1 Statens utanlandsgjeld

Tabell 5.1 Statens utanlandsgjeld per 30. september 2002. Skyldnader i dei ulike valutaene1

Pålydande i mill.Omrekna til mill. kronerAndel i pst.
Amerikanske dollar2051 52227,8
Britiske pund131522,8
Euro3262 38543,5
Japanske yen17 6331 07319,6
Kanadiske dollar743476,3
Totalt5 479100,0

1 Omsyn tatt til valutabytteavtalar.

Tabell 5.1 viser statens utanlandsgjeld fordelt på valutaslag. Rekna etter valutakursane 30. september 2002 utgjer denne porteføljen motverdien av 5 479 mill. norske kroner. Når det gjeld utviklinga i statens utanlandsgjeld, syner ein til figur 3.1.

Staten har ikkje tatt opp lån i utlandet sidan mai 1997, då ein tok opp eit lån i Den europeiske investeringsbanken (EIB) på 60 mrd. italienske lire som utgjer 227 mill. kroner basert på valutakursen 30. september 2002. Etter januar 2003 er det berre dette lånet som framleis vil vere uteståande. Eit lån på 200 mill. amerikanske dollar forfell 7. desember i år og eit anna lån på 750 mill. kanadiske dollar forfell 27. januar 2003.

Som eit ledd i forvaltninga av utanlandsgjelda har staten inngått rente- og valutabytteavtalar. Fleire slike avtaler er knytt til EIB-lånet frå 1997 og vil såleis løpe også etter januar 2003. Det vil kunne vere ein viss risiko for at motparten i slike avtalar ikkje vil vere i stand til å oppfylle sine skyldnader, jf. omtale i avsnitt 3 om styring av risikoen på statsgjelda. Departementet har minimert denne risikoen ved å krevje at motparten i nye avtalar har høg kredittvurdering (AA eller betre) og ved å følgje opp utviklinga i skyldnader og kredittverde til eksisterande motpartar.

5.2 Fullmakt til å ta opp lån utanlands

Finansdepartementet har dei seinare åra ikkje nytta seg av fullmakta til å ta opp nye lån i utlandet. Når departementet likevel har bedt om slike fullmakter, er det fordi ein har meint at staten ville vere tent med å ha høve til å ta opp nye lån i situasjonar der dette kan føre til lågare kostnader eller mindre risiko samla sett for statens gjeldsforvaltning. I tillegg har skyldnader under rente- og valutabytteavtalar blitt avrekna mot desse fullmaktene.

Ettersom statens utanlandsgjeld i løpet av 1. kvartal neste år vil bli redusert til eit svært lite beløp, ser departementet ikkje lenger behov for å ha høve til å ta opp nye lån i forvaltninga av utanlandsporteføljen. Departementet har heller ikkje planer om å ta opp utanlandslån av andre grunnar. Ein vil derfor ikkje be om fullmakt til å ta opp nye lån i utanlandsk valuta i 2003.

Departementet meiner likevel at det er viktig å framleis ha høve til å inngå rente- og valutabytteavtalar i 2003 i fall det skulle vise seg føremålsteneleg i forvaltninga av statens økonomiske interesser. Departementet ber derfor om ei generell fullmakt til å inngå slike derivatavtalar, jf. avsnitt 2.2.1.

5.3 Samordninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar

Kostnadene ved opplåninga i utanlandsk valuta vil ved sida av rentene som blir betalte på låna, vere sterkt avhengig av utviklinga i valutakursane. Det er stor uvisse knytt til kursutviklinga, og lånekostnadene kan derfor variere sterkt.

For å gjere denne uvissa minst mogleg for statsforvaltninga, har Noregs Bank og Finansdepartementet sidan utgangen av 1994 samordna forvaltninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar. Ein del av valutareservane lik storleiken på statens utanlandsgjeld, kalla «immuniseringsporteføljen», er skilt ut og plassert med ei samansetting som om lag svarer til eksponeringa på gjelda. Rente- og valutakursrisikoen ved statens utanlandsgjeld er dermed langt på veg nøytralisert gjennom Noregs Banks plasseringar.

Den rekneskapsmessige samordninga vart gjennomførd 1. januar 1995, jf. St.prp.nr.14 (1995-96) og St.prp.nr.18 (1996-97). Noregs Bank avkastning på immuniseringsporteføljen blir godskriven/belasta11

staten, og sentralbanken har dermed ikkje lenger nokon risiko i eiga rekning knytt til den delen av valutareserven som er sett av til å sikre statens utanlandsgjeld.

Figur 5.1 Immuniserings- og gjeldsporteføljen ved utgangen av 3. kvartal 2002

Figur 5.1 Immuniserings- og gjeldsporteføljen ved utgangen av 3. kvartal 2002

Kjelde: Kjelde: Noregs Bank

Ettersom gjelda etter forfalla i desember og januar vil være redusert til eit svært lite beløp, vurderer departementet i samråd med Noregs Bank å avvikle denne samordninga.

Fotnotar

1.

Pga av kurstap kan denne avkastninga i periodar bli negativ

Til forsida