St.prp nr. 1 Tillegg nr. 14 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 Om fullmakt til å ta opp statslån mv., og om saldering av statsbudsjettet 2003

Til innhaldsliste

7 Saldering av statsbudsjettet 2003

Regjeringa har tidlegare i haust og samtidig med denne proposisjonen fremma i alt 14 tilleggsproposisjonar til St.prp. nr. 1 (2002-2003). Samla sett aukar utgiftene på statsbudsjettet med 435,7 mill. kroner som følgje av forslag i desse proposisjonane, sett bort frå forslag til endra løyving under kapittel 2309 Ymse utgifter. Av dette gjeld 178,5 mill. kroner forslag knytt til etablering av mattilsynet (108,5 mill. kroner) og fiskeriavtalen (70 mill. kroner). Inntektene er foreslått auka med 330,4 mill. kroner. I brev frå finansministeren til Stortingets presidentskap datert 11. oktober 2002 er det gjort merksam på at eit inntektskapittel ikkje er komen med i vedtaksdelen. Dette gjeld kapittel 3859 Ung i Europa, post 01 Tilskot frå Europakommisjonen. Regjeringa gjer framlegg om at denne posten budsjetterast med inntekter på 1,9 mill. kroner i 2003.

Samla sett gir forslaga i tilleggsproposisjonane ei auke i det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet på i alt 105,3 mill. kroner. I tillegg er det fremja forslag om lånetransaksjonar som til saman aukar finansieringsbehovet for statsbudsjettet med om lag 2,3 mrd. kroner.

Regjeringa gjer framlegg om at løyvinga under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter blir redusert, slik at budsjettet blir gjort opp med det same oljekorrigerte budsjettunderskotet som framlegget i Gul bok 2003. Løyvinga foreslås derfor satt ned med 105,3 mill. kroner. Overføringa frå Statens petroleumsfond som skal dekke det oljekorrigerte budsjettunderskotet, på kapittel 5800, blir då som foreslått i Gul bok 2003. Samla løyving under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter blir etter dette 7 906,4 mill. kroner.

Netto auka lånetransaksjonar fører til at finansieringsbehovet for statsbudsjettet aukar med til saman 2 274,5 mill. kroner, i hovudsak som følgje av omorganiseringar under Samferdsledepartementet. Løyvinga over kapittel 5999 Statslånemidlar som står som motpost til finansieringsbehovet, blir auka tilsvarande og foreslås løyvd med 24 878,5 mill. kroner.

Endringar i bustønadsordninga

Under kapittel 580 Bostøtte har Regjeringa i budsjettforslaget for 2003 foreslått ei løyving på 1 932,8 mill. kroner. Som eit ledd i tiltaksplanen mot fattigdom har Regjeringa foreslått avvikling av finansieringskravet for barnefamiliar i bustønadsordninga. Endringa gjeld frå 1. terminutbetaling i 2003. Avvikling av finansieringskravet vil gi ei meirutbetaling av bustønad på om lag 77 mill. kroner i 2003, jf. budsjettforslaget under kapittel 580 Bostøtte i St.prp. nr.1 (2002-2003).

I tillegg har Regjeringa med verknad frå 1. januar 2003 oppretta ei ny låneordning, startlånet. Startlånet skal administrerast av kommunane, og skal erstatte dagens kjøpslån og etableringslån.

Avvikling av finansieringskravet for barnefamiliar i bustønadsordninga og innføring av Startlån krev endringar i stortingsvedtaket av 12. juni 1972 om bustønadsordninga, §2 Bustader, med seinare endringar. Det nødvendige romartalsvedtaket om desse endringane er ikkje kome med i Kommunal- og regionaldepartementets budsjettproposisjon for 2003. Forslag til slikt vedtak er derfor teke med i denne proposisjonen, jf. forslag til romartalsvedtak.

Til forsida