St.prp nr. 1 Tillegg nr. 3 (2001-2002)

FOR BUDSJETTERMINEN 2002 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2002

Til innhaldsliste

2 Utviklinga i fiskerinæringa dei seinare åra og utsiktene for 2002

Budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar for dei seinare åra viser store variasjonar i arbeidsgodtgjersle og lønsevne for ulike fiskeri og fartøystorleikar. Etter ein generell oppgang fram til 1998 har det vore ein nedgang i arbeidsgodtgjersla og lønsevna per årsverk frå 1998 til 1999, jf. tabell 2.1. Tendensen har vore den same for storbåt i torskesektoren også frå 1999 til 2000. Derimot har arbeidsgodtgjersla auka for storbåt i sildesektoren og for småbåt. For småbåt har også lønsevna auka frå 1999 til 2000. Lønsevna har generelt hatt ei større endring enn arbeidsgodtgjersla. Arbeidsgodtgjersla og lønsevna er monaleg høgare innanfor storbåt enn innanfor småbåt. Arbeidsgodtgjersla har blitt redusert med 8,1 pst. innanfor storbåt i torskesektoren og auka med 5,9 pst. for storbåt i sildesektoren, medan lønsevna i dei respektive sektorane har blitt redusert med 19,9 pst. og 3,4 pst. frå 1999 til 2000. For småbåt har det i same periode vore ein oppgang på 5,9 pst. i arbeidsgodtgjersla, medan lønsevna per årsverk er auka med 9,9 pst.

Tabell 2.1 viser utviklinga i arbeidsgodtgjersle og lønsevne per årsverk for den heilårsdrivne flåten, og tal for gjennomsnittleg årsløn for ein industriarbeidar i perioden 1995 til 2000.

Fangstutviklinga dei seinare åra har vore som vist i tabell 2.2

Tabell 2.1 Arbeidsgodtgjersle og lønsevne per årsverk for den heilårsdrivne fiskeflåten og gjennomsnittleg årsløn for industriarbeidarar 1995-2000

1995199619971998199920004)Endring i prosent 1999-2000
1 000 kroner per årsverk
Arbeidsgodtgjersle1)
Storbåt (over 13 m)360356393454431419- 2,8
- torskesektor339310338409396364- 8,1
- sildesektor4375065665825275575,6
Småbåt (8-13 m)1331351372051952075,9
Lønsevne2)
Storbåt (over 13 m)413407484543476413- 13,3
- torskesektor390312366497426341- 19,9
- sildesektor495717851812609588- 3,4
Småbåt (8-13 m)1171171322161912109,9
Industriarbeidarløn3)2012102182302422544,5

1) Arbeidsgodtgjersle per årsverk viser avløninga til fiskarar som står ombord i eit heilårsdrive fartøy heile driftstida til fartøyet det aktuelle året. For enkelte driftsformer kan det stå meir enn ein person bak eit årsverk.

2) Lønsevna per årsverk gir uttrykk for kor mykje verksemda kan betale til innsatsfaktoren arbeidskraft etter at andre kostnader er dekte.

3) Tal frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera.

4) Tala for 2000 byggjer på førebelse tal frå budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar per oktober 2001.

Tabell 2.2 Fangstkvantum og førstehandsverdi 1995-2001

1995199619971998199920001)20012)
1 000 tonn rund vekt
Sildefisk mm.1 6971 7952 0212 1671 9392 0781986
- lodde282061588992375492
- sild687758926831835796570
- makrell202136137158161174177
- hestmakrell9616471347230
- kolmule261356348671535553552
- augepål/tobis382264398371238171151
- anna415973431714
Torskefisk mm.821837836670696613588
- torsk366359401262257219203
- sei219222184194198169168
- hyse809710654534753
- lange/brosme38393045434039
- reker39354360636666
- skjel700000
- anna72857255827259
Totalt2 5182 6322 8572 8372 6352 6912 574
Verdi i mill. kroner
Førstehandsverdi8 1708 5529 16410 5409 9449 71511 550

1) Førebelse tal.

2) Prognosar

Totalt fangstkvantum for 2001 blir litt lågare, medan førstehandsverdien for 2001 blir høgare enn det partane la til grunn under forhandlingane i fjor. Prognosen for førstehandsverdien i 2001 ligg på om lag 11,6 mrd. kroner.

Vurderingane frå forskarane kan gje ein reduksjon i kvoten for norsk-arktisk torsk for 2002 i høve til i år. Det pågår forhandlingar med Russland om norsk-arktisk torsk. Forhandlingane med EU er venta å bli ferdige tidleg i desember. Kvoten for norsk vårgytande sild for 2002 er ikkje ferdigforhandla, og gir derfor også eit usikkerheitsmoment for inntektssida.

Dersom ein held eksporten av oppdrettsfisk utanfor, var eksportverdien av fisk og fiskeprodukt i perioden januar til september 2001 i alt 13,3 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 10 pst. i forhold til same periode i fjor. Sjølv om eksportert kvantum har gått ned med om lag 2 pst., har prisutviklinga gitt ein god verdiauke. Prisane har særleg gått opp for sild og makrell frå 2000 til 2001. Til dømes hadde eksportert sild ein verdiauke på 57 pst. frå 2000 til 2001.

Totalt ser den økonomiske situasjonen i 2001 ut til å bli betre for fiskerinæringa enn det som var utsiktene under forhandlingane i 2000. Sjølv om prognosane for 2002 er usikre, peikar dei mot ei stabil utvikling både for inntekts- og utgiftssida.