St.prp nr. 1 Tillegg nr. 3 (2001-2002)

FOR BUDSJETTERMINEN 2002 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2002

Til innhaldsliste

4 Krav frå Norges Fiskarlag

I medhald av Hovudavtalen for fiskerinæringa av 3. juni 1964 ba Norges Fiskarlag i brev av 31. oktober 2001 om forhandlingar om ei fiskeriavtale for 2002. Fiskarlaget la fram eit krav på 240 mill. kroner. Fjorårets krav var også på 240 mill. kroner. Kravet for 2000 var på 290 mill. kroner, medan krava i 1998 og 1999 var på 200 mill. kroner.

Norges Fiskarlag viser til at Stortinget gjennom dei overordna fiskeripolitiske målsetjingane har gitt fiskerinæringa ei spesiell rolle i nærings- og distriktspolitikken. Fiskarlaget konstaterer at desse måla står fast, og legg derfor til grunn at det framleis er staten sitt ansvar å finansiere verkemiddel som medverkar til å oppfylle målsetjingane. Norges Fiskarlag meiner at forhandlingane må fokusere på verkemiddel for å nå distrikts- og fiskeripolitiske målsetjingar, strukturtiltak, sosiale omsyn og fiskerinæringa sitt behov for påreknelege og stabile rammevilkår.

Norges Fiskarlag viser til at det er knytt uvisse til rammevilkåra for næringa i 2002, både når det gjeld nasjonale og internasjonale forhold. Dagens budsjettrutinar gjer at forhandlingane om ei støtteavtale må vere avslutta før internasjonale kvoteforhandlingar er avslutta, og før regjeringa har lagt fram tilleggsproposisjon om endringar i statsbudsjettet for 2002.

Norges Fiskarlag understrekar at det er viktig at det blir ført ein økonomisk politikk som medverkar til å få kostnads- og rentenivået i Noreg ned på same nivå som hjå våre handelspartnarar. Dei understrekar sterkt at det er viktig med eit samspel mellom finanspolitikken, pengepolitikken og inntektspolitikken, som kan medverke til lågare inflasjon, lågare rentenivå og stabile valutakursar.

Norges Fiskarlag viser til at den tradisjonelle delen av norsk fiskerinæring har vore inne i ei positiv utvikling dei siste åra. Førstehandsverdien har auka, og særleg innan sildesektoren har inntektene auka i 2001, noko som skuldast høgare etterspurnad etter spesielt sild og makrell.

Norges Fiskarlag ber om at det blir sett av midlar til dei same tiltaka som i inneverande år, mellom anna garantilott, føringstilskot, tilskot til drift av lineegnesentralar og reservebeløp. Dei ber vidare om at det blir sett av midlar til langsiktige tiltak, og har i den samanhengen fokusert på strukturtiltak og oppfølging av arbeidet med biprodukt. Norges Fiskarlag ønskjer nær dialog om etableringa av eit strukturfond for kapasitetstilpassing av fiskeflåten.